Ungdomsrådet Innkalling til møte i Ungdomsrådet Møtestad: Dato: Formannskapssalen, Rådhuset, 06.06.2016 Kl.16:00 Dei som er inhabile i ei sak vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemar kan bli innkalla, - jf. 8, 3. ledd i forvaltningslova. Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte. Saksdokumenta ligg frå i dag til gjennomsyn i servicekontoret, biblioteket og på heimesidene til kommunen. Dersom du ikkje kan møte på grunn av lovleg forfall må du snarast melde frå til politisk sekretariat på e-post silje.sylte@vestnes.kommune.no,tlf.: 71 18 40 43 eller til servicekontoret på e-post servicekontoret@vestnes.kommune.no, tlf.: 71 18 40 05. Ev. spørsmål til saksutgreiinga kan rettast til administrasjonssjefen før møtet enten på e-post: tone.roaldsnes@vestnes.kommune.no, eller tlf. 909 84 000. ordførar Side1
Saksliste Saksnr Innhald Lukka PA 13/2016 PA 14/2016 Godkjenning av innkalling Godkjenning av protokoll frå siste møte PA 15/2016 Ungdommens miljøkrav til framtida - Prosjekt 2016 PA 16/2016 Orientering om kommunereformprosessen PA 17/2016 Skulestruktursak - høyringsprosess i 2016 PA 18/2016 Ungdomsstipend frå Vestnes kommune for 2016 PA 19/2016 Førebuing for møtedialog med kommunestyret - Ungdomsrådet 2015-2016 Side2
PA13/2016Godkjenningavinnkalling PA14/2016Godkjenningavprotokollfråsistemøte Side3
Saksframlegg Arkiv: C19 Arkivsaksnr.: 2015/927 Saksbehandlar: Odd Jarle Talberg Dato: 25.05.2016 Ungdommens miljøkrav til framtida. Prosjekt 2016 Utval Møtedato Utvalssak Ungdomsrådet 06.06.2016 15/2016 Administrasjonssjefen si innstilling Vestnes ungdomsråd drøftar og gjer vedtak i saka i møtet og fordeleroppfølgingsoppgåver som kontakt til ungdomspanelet og kontakt med skular og barnehagar om Miljøfyrtårn. SAKSUTGREIING: Bakgrunn: Oppfølgingssak frå førre møte i tråd med brev frå Ungdomspanelet/ fylkeskommunen av 10 mars i år. (Sjå vedlegg) Vurdering: Ungdomspanelet ber ungdomsråda kartlegge minst fem eksisterande miljøtiltak i kommunen. AKTUELLE, POSITIVE SAKER I VESTNES KOMMUNE Trafikktryggingsplan Landstrømtiltak i Tomrefjord EL-ladestasjonar Alle kommunar i Møre og Romsdal har utarbeidd ei eiga klima- og energiplan. Kontaktperson i Vestnes kommune for miljøsaker er Alexander Connor. Kommuneinformasjon blir formidla i møtet Målet sett frå Ungdomspanelet si side er at innan 2020 skal kvar kommune ha gjennomført minst fem konkrete tiltak. Døme på dette kan vere: - tilrettelegging gang- og sykkelstiar - oppretting av miljøfyrtårn i skolar og barnehagar - kommuneinnkjøp av el-sykkel til allmenn bruk Side4
- innføre kjeldesortering - reduksjon av energiforbruk i kommunale bygg - miljøvennlige innkjøp (kommunale biler) - etablere ladestasjonar for el-bil PROSJEKTMÅL OG PROSJEKTFRISTAR Innan 1. september 2016 ønskjer Ungdomspanelet at ungdomsråda skal: - ha oppretta dialog med sin ansvarsperson i ungdomspanelet. - ha kartlagt eksisterande miljøtiltak i sin kommune. - har funne ein relevant kontaktperson for miljøsaker i sin kommune. - ha rapportert tilbake til ungdomspanelet om eksisterande miljøtiltak i sin kommune. Innan 31. desember 2020 ønsker vi at ungdomsråda skal: - ha foreslått/arbeidd for, å sette i gang/vidareutvikle minst fem nye tiltak som betrar miljøet og reduserer klimagassutsleppa i kommunen. På denne sida finn du ein del meir om klimaspørsmål: http://www.klimakommune.enova.no Her er lenke til Vestnes kommune sin miljø og klimaplan: http://www.vestnes.kommune.no/getfile.aspx/document/epcx_id/1425/epdd_id/2207 VIDARE DRØFTING Vestnes ungdomsråd drøftar og gjer vedtak i saka i møtet og fordeleroppfølgingsoppgåver som kontakt til ungdomspanelet og kontakt med skular og barnehagar om Miljøfyrtårn. Særutskrift til: Vedlegg: 1 brev ang ungdommens miljøkrav Side5
Kommunane i Møre og Romsdal v/ ungdomsråd/ungdommens kommunestyre Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 15858/2016/ Ingeborg Forseth, 71 25 87 21 10.03.2016 - Ungdommens miljøkrav til kommunane i Møre og Romsdal På Ungdommens fylkesting 2014 vart det samrøystes vedteke at innan 2020 skal det bli gjennomført minst fem konkrete forslag for å betre miljøet i kvar kommune, og dette vedtaket er blitt kalla ungdommens miljøkrav. Ungdommens miljøkrav vart seinare teke med i klima- og energiplanen for Møre og Romsdal fylkeskommune for 2015-2020. Ungdomspanelet har fått eit særskilt ansvar for å vere pådrivarar ovanfor kommunane, få oversikt over gjennomførte tiltak, og sak om status for ungdommens miljøkrav, vil bli satt opp på Ungdommens fylkesting 2016. Ungdomspanelet ber derfor ungdomsrådene i kvar enkelt kommune om å kartlegge fem eller fleire allereie eksisterande miljøtiltak i kommunen. Alle kommunar i Møre og Romsdal har utarbeidd ei eiga klima- og energiplan med tiltak for eigen kommune. Det kan vere lurt å finne ut kven som er kontaktpersonen i kommunen for miljø, da vedkommande sitt på mykje kunnskap om emnet, og skal ha god innsikt i plana. Målet er at innan 2020 skal kvar kommune ha gjennomført minst fem konkrete tiltak. Døme på dette kan vere: - tilrettelegging gang- og sykkelsti - oppretting av miljøfyrtårn i skolar og barnehagar - ønske om at kommunen kjøper ein el-sykkel til allmenn bruk - innføre kjeldesortering - reduksjon av energiforbruk i kommunale bygg - miljøvennlige innkjøp t.d. kommunale el-biler/ hybridbilar - etablere ladestasjonar for el-bil Postadresse: Postboks 2500, 6404 Molde Besøksadresse: Julsundvegen 9 Telefon: 71 25 80 00 Telefaks: 71 24 50 01 e-post: post@mrfylke.no www.mrfylke.no Side6
Side 2 Innan 1. september 2016 ønsker vi at ungdomsråda skal: - ha oppretta dialog med sin ansvarsperson i ungdomspanelet. - ha kartlagt eksisterande miljøtiltak i sin kommune. - har funne ein relevant kontaktperson for miljøsaker i sin kommune. - ha rapportert tilbake til ungdomspanelet om eksisterande miljøtiltak i sin kommune. Innan 31. desember 2020 ønsker vi at ungdomsråda skal: - ha foreslått og arbeidd for å sette i gang fem nye tiltak som betrar miljøet og reduserer klimagassutsleppa i sin kommune. Her finn du klimaplana i di kommune: http://www.klimakommune.enova.no Med helsing Marthe Emilie Hansen leiar ungdomspanelet Ingeborg Forseth UNG-koordinator Side7
Saksframlegg Arkiv: C19 Arkivsaksnr.: 2015/927 Saksbehandlar: Odd Jarle Talberg Dato: 25.05.2016 Orientering om kommunereformprosessen Utval Møtedato Utvalssak Ungdomsrådet 06.06.2016 16/2016 Administrasjonssjefen si innstilling Ungdomsrådet tek saka og saksopplysningane til orientering SAKSUTGREIING: Bakgrunn: Kommunereformprosessen er i ein avsluttande fase der Vestnes kommunestyre skal gjere vedtak og i første omgang oversende vedtaket til fylkesmannen i Møre og Romsdal. Vurdering: Saksutgreiing og saksunderlag blir sendt frå administrasjonssjefen til formannskap og kommunestyre like i forkant av møtet i ungdomsrådet. Lenke til saka vil difor bli sendt ut til medlemmane i ungdomsrådet til orientering. Det vil også bli orientert om saka i møtet og ungdomsrådet har sjølvsagt høve til å drøfte ein eventuell uttale i saka. Særutskrift til: Side8
Saksframlegg Arkiv: C19 Arkivsaksnr.: 2015/927 Saksbehandlar: Odd Jarle Talberg Dato: 25.05.2016 Skulestruktursak - høyringsprosess i 2016 Utval Møtedato Utvalssak Ungdomsrådet 06.06.2016 17/2016 Administrasjonssjefen si innstilling Vestnes ungdomsråd tek saka og saksopplysningane til orientering. SAKSUTGREIING: Bakgrunn: Ungdomsrådet behandla skulestruktursak på førre møte. Høyringsresultatet i skulestruktursaka kjem no attende til formannskap og kommunestyre. Vurdering: Saksutgreiing og saksunderlag blir sendt frå administrasjonssjefen til formannskap og kommunestyre like i forkant av møtet i ungdomsrådet. Lenke til saka vil difor bli sendt ut til medlemmane i ungdomsrådet til orientering. Det vil også bli orientert om saka i møtet og ungdomsrådet har sjølvsagt høve til å drøfte ein eventuell uttale i saka. Særutskrift til: Side9
Saksframlegg Arkiv: C19 Arkivsaksnr.: 2015/927 Saksbehandlar: Odd Jarle Talberg Dato: 25.05.2016 Ungdomsstipend frå Vestnes kommune for 2016 Utval Møtedato Utvalssak Ungdomsrådet 06.06.2016 18/2016 Administrasjonssjefen si innstilling Vestnes ungdomsråd lyser ut tre ungdomsstipend á kr 2 500 som etter forslag/søknad kan tildelast ungdom som har utmerka seg i kategoriane song/musikk, idrett og anna kulturkategori. SAKSUTGREIING: Bakgrunn: Vestnes ungdomsråd kan no lyse ut tre ungdomsstipend á kr 2 500 som etter forslag/søknad kan tildelast ungdom som har utmerka seg i kategoriane song/musikk, idrett og anna kulturkategori. Kunngjeringa har vore i to lokalaviser og på kommunen sin nettstad. I tillegg er det nødvendig at ungdomsrådsmedlemmane spreier bodskapen til aktuelle miljø/søkjarar. Forslag og søknader kan då grunngjevast og sendast til postmottak@vestnes.kommune.no Vestnes kommune, rådhuset, 6390 Vestnes. Søknadsfrist kan vere torsdag 16.juni 2016. Vurdering: Endeleg vedtak om tildeling av ungdomsstipenda blir gjort av ungdomsrådet i eit eige tildelingsmøte. Alle innkomne forslag (innan fristen) blir då lagt fram, men blir behandla som unntatt offentlegheit. Berre namna og grunngjevingane for dei som skal motta stipend blir offentleggjort og kontakta same kveld. Stipendmottakarane blir då orientert om at stipendtildelinga, etter avtale med ordførar blir planlagt onsdag 22. juni - ca. kl.??. Særutskrift til: Side10
Saksframlegg Arkiv: C19 Arkivsaksnr.: 2015/927 Saksbehandlar: Odd Jarle Talberg Dato: 25.05.2016 Førebuing for møtedialog med kommunestyret. Ungdomsrådet 2015-2016 Utval Møtedato Utvalssak Ungdomsrådet 06.06.2016 19/2016 Administrasjonssjefen si innstilling Ungdomsrådet gjennomfører sin årlege dialog med kommunestyret onsdag 22. juni 2016. SAKSUTGREIING: Bakgrunn: Vestnes ungdomsråd har kvart år gjennomført dialog og framført ei munnleg årsmelding for kommunestyret. Vurdering: Dialogen kan gjennomførast i kommunestyret sitt siste møte onsdag 22. juni. Alternativt kan dialogen gjennomførast i kommunestyret sitt første møte til hausten (dato ikkje fastsett.) I ei anna sak lyser Vestnes ungdomsråd ut Ungdomsstipenda for 2016. Mottakarane kunne då også få sine stipend i det same møtet saman med kommunestyret. Ungdomsrådet drøftar saka og gjer vedtak i møtet. Særutskrift til: Ordføraren Side11