Fylkesmannen i Møre og Romsdal atab Vår dato 28.10.2014 2012/2878/FMMRMATO/471 Saksbehandlar, innvalstelefon Dykkar dato Dykkar ref. overingeniør Magnus Tornes Vår ref. Stranda Kommune Øyna 13 6200 STRANDA Inspeksjonsrapport 2014.132.1 Inspeksjon hjå Stranda kommune på Kjølen avfallsplass (deponi i etterdrift). Dato for inspeksjonen: 29.09.2014 Til stades under inspeksjonen Frå verksemda: Eli Brunstad Høydal Olger Teigen Frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal: Anne Melbø Magnus Tornes Resultat frå inspeksjonen Denne rapporten omhandlar resultat frå inspeksjon 29.09.2014 ved Stranda kommune som eigar av Kjølen avfallsdeponi. Rapporten har status som foreløpig. Dersom vi ikkje får nokon tilbakemelding om faktiske feil eller mistydingar i rapporten innan to veker etter at rapporten er motteke, er rapporten å rekne som endeleg. Fylkesmannen i Møre og Romsdal avdekka 1 avvik og 1 merknader under inspeksjonen. Avviket omhandlar: - Internkontroll for etterdrift av deponiet er mangelfull Det er gitt ein merknad på at kommunen har ikkje kontroll totalt utslepp av miljøgifter gjennom sigevatnet. Funna er nærmare omtala frå side 5 og utover i rapporten. For at Fylkesmannen i Møre og Romsdal skal kunne avslutte saken, må verksemda sende dokumentasjon på at avviket er retta innan 05.01.2015. Oppfølging etter tilsynet er nærmare omtalt på side 3. Vi vil til slutt takke for god mottaking og godt samarbeid under tilsynet. Med helsing Anne Melbø fagansvarleg (e.f.) Magnus Tornes Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur. Kopi: Inger Kjølen 6200 STRANDA Postadresse: Fylkeshuset 6404 Molde Telefon: 71 25 84 43 Telefax: 71 25 85 10 E-post: postmottak@fmmr.no Web: www.fylkesmannen.no
side 2 av 6 Informasjon om verksemda Ansvarleg verksemd Namn: Stranda Kommune Organisasjonsnr (undereining): 964980098 Eigas av: Stranda Kommune Besøksadresse: Øynasenteret Telefon: 70 26 80 00 Bransjenr. (NACE-kode): E-post: post@stranda.kommune.no Kontrollert anlegg Namn: Kjølen avfallsdeponi Anleggsnr.: 1525.0010.01 Kommune: Stranda Anleggsaktivitet: Etterdrift Kontroll nr.: 2014.132.I.FMMR Kontrollklasse: 3 Løyve gitt: 20.08.1997 Løyve avslutta: 01.04.2006 Bakgrunn for inspeksjonen Rapporten er utarbeida etter eit tilsyn den 29.09.2014 ved Kjølen avfallsdeponi i Stranda Kommune. Tilsynet er ein del av ein landsdekkande aksjon retta mot deponi, kor Fylkesmannen i Møre og Romsdal gjennomfører ein aksjon retta mot nedlagte deponi i fylket. Tilsynet er også ein sluttinspeksjon for deponiet i tråd med avfallsforskrifta 9-15. Informasjon om kontrollen Inspeksjonstema: Avslutning av deponiet Etterdrift Måleprogram for deponiet Prøvetaking Vi vil gjere merksam på at ikkje alle sider av verksemda som kan ha noko seie for ytre miljø, vart granska ved kontrollen. Verksemda må sjølv aktivt utøve internkontroll, avdekkje feil og manglar og setje i verk nødvendige tiltak. Denne rapporten omhandlar avvik som vart funne under inspeksjonen og gir inga fullstendig tilstandsvurdering av verksemda sitt miljøarbeid eller miljøstatus. Definisjonar Avvik: Overtrede av krav fastsatt i medhold av helse-, miljø- og sikkerhetslovgivningen (til dømes krav i forureiningslova, forskrift heimla i forureiningslova, IK-forskrifta eller krav og vilkår fastsatt i utsleppsløyve eller dispensasjonar, samt verksemda sine eigne rutinar for å oppfylle styresmaktene sine krav) Merknad: Eit forhold som ikkje blir omfatta av definisjonen på avvik, men som tilsynsetatane meiner det er rett å peike på då det har eller kan ha noko å seie for å ta vare på det ytre miljø. Andre forhold: Saker som framkom under inspeksjonen og som det kan være nyttig å kjenne til for verksemda og saksbehandlarar. Her kan det også inngå kommentarar til tema som ble tatt opp under inspeksjonen, men der det ikkje ble gitt avvik eller merknad.
side 3 av 6 Oppfølging etter inspeksjonen Verksemda pliktar snarast å rette opp dei avvik som vart funne. For at Fylkesmannen i Møre og Romsdal skal kunne avslutte saken, må verksemda sende oss dokumentasjon på at avvika er retta innan 05.01.2015. Vi ber dykk om å stile svarbrevet eller e post (fmmrpostmottak@fylkesmannen.no) til Fylkesmannen i Møre og Romsdal merka med saksnummer. Pålegg om skriftleg tilbakemelding er gitt i heimel i forureiningslova 49. Dykk kan klage på vedtaket, jf. forvaltningslova 14, og klagefristen er da 3 dagar. Ein eventuell klage grunngis og sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Informasjon om tvangsmulkt Om verksemda ikkje innan rimeleg tid kan dokumentere at tiltak i forhold til dei omtala avvika er satt i verk, kan Fylkesmannen vurdere å fatte vedtak om tvangsmulkt. Ei eventuell tvangsmulkt vil bli vedteke med heimel i forureiningslova 73, men vil bli varsla nærare før vedtaket. Gebyr for inspeksjonen Verksemda skal betale gebyr for kontrollen, jf. forskrift om begrensning av forurensning (forureiningsforskrifta) 39-7 om gebyr for kontroll i verksemder utan løyve. Gebyret skal dekke kostnadar i samband med førebuing, gjennomføring og oppfølging av kontrollen. Forskrifta er tilgjengeleg på www.lovdata.no eller han fåast ved å kontakte Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Verksemda vart varsla om gebyr på tilsynet og i e-post datert 15.09.2014. Tilsynet ved Kjølen avfallsdeponi er plassert i gebyrsats 3. Dette følgjer at Stranda kommune skal betala 11 600,- kr i gebyr. Vedtaket om gebyrsats kan påklagast innan tre veker etter at de har motteke rapporten jf. forureiningsforskrifta 41-5 og forvaltningslova 28. Ein eventuell klage bør stiles til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Klaga blir ikkje gjeve oppsettande verking og det fastsette gebyret må difor betales i samsvar med det som er nemnt over. Dersom Miljødirektoratet aksepterer klaga vil for mykje innbetalt bli refundert. Faktura med innbetalingsblankett vil bli sendt frå Miljødirektoratet. Offentlegheit i forvaltninga Denne rapporten vil vere open for offentligheita via postjournalen til Fylkesmannen til Møre og Romsdal (jf. offentleglova). I tillegg vil rapporten vere tilgjengeleg på www.norskeutslipp.no Kopi av rapporten sendas også til: Grunneigar for deler av deponiet, Inger Kjølen.
side 4 av 6 Regelverk Dei viktigaste HMS - krava for bransjen finn de på www.regelhjelp.no. Meir informasjon finn de også på Miljødirektoratet si heimeside www.miljødirektoratet.no og www.lovdata.no. Heimlane for avvik i denne kontrollen er i følgjande regelverk: Lov om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven) av 13. mars 1981 Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskriften) av 1. juni 2004 Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskriften) av 6. desember 1996 Tilsynet har elles tatt utgangspunkt i: Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen i Møre og Romsdal Verksemda sin eigen dokumentasjon knyta til den daglege drifta og til forhold av betydning for helse/miljø/sikkerhet. Asplan Viak sine rapportar for verksemda.
side 5 av 6 Funn Fylkesmannen avdekka følgjande avvik under inspeksjonen: Avvik 1 Internkontroll for etterdrift av deponiet er mangelfull Avvik frå: Forskrift om systematisk helse, miljø og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta) 5, 2. ledd pkt. 5 Kommentar: Kommunen har ikkje etablert tilstrekkeleg internkontroll for etterdrift av deponiet. Asplan Viak utarbeida forslag til vidare overvakingsprogram i rapporten «Miljøkontroll ved Kjølen avfallsplass» av 11.04.2012. Dette programmet er ikkje følgt opp. Det er nyleg etablert feltmålingar av tempratur og elektrisk leidningsevne, men kriterier for når målingane er så dårlege at tiltak må settast inn manglar. Ein må finne grenseverdiar for når tiltak skal settast inn, og kva tiltak som skal settast inn om grenseverdiane overskridast. I Asplan Viaks rapport «Miljøkontroll ved Kjølen avfallsplass» er det foreslått at måleresultata sedast fortløpande til Asplan Vika for vurdering. Ved indikasjon på auka forureining vil prøvetaking med breiare analyse av vatnet bli vurdert. Dette kan vere ei god løysning, så lenge ein gjennom internkontrollen kan vise til avtale med Asplan Viak (eventuelt anna firma med kompetanse på området) og rutinar og dokumentasjon på at dette gjerast. Vedlikehald av toppdekket må inn i internkontrollen. Både rutinar for å oppdage og dekke til søppel oppe i dagen, og rutinar for å hindre at det veks opp skog som kan øydeleggje toppdekket. I tillegg må det etablerast kontroll med sigevass-systemet og naudsynt vedlikehald (eks. spyling). Vi fann følgjande merknader under inspeksjonen: Merknad 1 Kommunen har ikkje kontroll totalt utslepp av miljøgifter gjennom sigevatnet. I Asplan Viaks forslag til overvaking av 11.04.2012 er det lagt opp til overvaking av leidningsevne fire gonger i året, samt supplerande prøvetaking i 2013 (ikkje utført). Det er ikkje lagt opp til berekningar av kor mykje miljøgifter som til saman går ut i sigevatnet.
side 6 av 6 Andre forhold Fylkesmannen fikk tilsendt plan for avslutning 19.06.2006. Fylkesmannen hadde den gong ikkje spesielle merknader til planen og den fysiske avslutninga av deponiet er gjennomført etter planen. Et deponi kan etter avfallsforskrifta 9-15 berre reknast som endeleg avslutta dersom forureiningsmyndigheita har gjennomført ein sluttinspeksjon på staden. Vi reknar denne inspeksjonen som ein sluttinspeksjon, og deponiet kan no reknast som endeleg avslutta. Fylkesmannen er i gong med et arbeid for å vedta krav til etterdrift for alle deponi i fylket som er avslutta etter 2002. Dette vil vi også gjere for Kjølen avfallsdeponi. Ein standard mal for korleis krav som stillast vart gitt til kommunen under tilsynet. Kommunen må rekne med at vedtak om krav til etterdrift blir gitt i løpet av 2015. Deponiet er registrert med forureina grunn i databasen Grunnforurensning (http://grunn.klif.no/). Metanlukt i sigevasskummar Det vart under inspeksjonen notert metanlukt i sigevasskummane Sp03 og Sp07. Dei som føretek målingar bør ta nødvendige omsyn. Informasjon til verksemda Brosjyrer/informasjonsark utdelt: Informasjonsskriv om avfallsmasser Mal for krav til avslutning og etterdrift av avfallsdeponi