Einskapsfylket og evaluering av satsingar



Like dokumenter
Einskapsfylket i Møre og Romsdal

Plansatsinga i Møre og Romsdal fylke Frå forvaltning til utvikling?

Arbeidsnotat til bymøtet 7. mai 2007, tiltaket Tilflytting 2017 Av Heidi-Iren Wedlog Olsen og Severin Aarsnes

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Gjeldsbøra i kommunane Møre og Romsdal

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Einskapsfylket Møre og Romsdal sett frå kommunane

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

INTERNASJONAL STRATEGI

TILRÅDING. Kommunereforma i Møre og Romsdal. Oslo 8. des Prosjektleiar Vigdis Rotlid Vestad

ARBEIDSINNVANDRING EIN RESSURS FOR VESTLANDET KVA KJENNETEIKNAR KOMMUNANE I MØRE OG ROMSDAL?

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet Utgreiing: Møreforsking og Ideas2Evidence Oppdragsgjevar:

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Plannettverksamling. Vanylven 25. mars

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

KF BedreStyring. KF brukarkonferanse. Oslo 22. mars Pål Sandal

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Kommunedelplan for oppvekst

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

I landet er det heilt ledige. Dette er 2,9 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 10,9 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Til Medlemmene i Skolelederforbundet, Møre og Romsdal. Lokale forhandlingar hausten 2012

Stigande utdanningsnivå i Møre og Romsdal

Fordeling av kommunale næringsfond og hoppid.no-midlar 2016

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Kommunereforma i Møre og Romsdal 10. feb Oppstartsmøte Nye Norddal og Stordal kommune

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Hareid kommune Kommunedelplan for vatn og avløp Forslag til planprogram

LUK frå stunt til varig arbeidsform

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

FRÅSEGN TIL HØYRING OM FORSLAG TIL ENDRINGER I PLAN- OG BYGNINGSLOVA

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Eit lærande utdanningssystem?

Informasjonsmøte om NAV etablering i Sandøy kommune, 22.mai 08, Kommunestyresalen

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Faktatal Pr 1. oktober 2015 hadde vi slike tal drosjeløyve i drift i Møre og Romsdal:

KOMMUNEREFORMA Ordførarsamling 11. nov v/fylkesmann Lodve Solholm

BARN OG UNGE I PLANSAKER

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Møteinnkalling. Utval: Ungdomspanelet Møtestad: Rica Seilet i Molde Dato: Tid: Kl.12.00

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Program Oppsummering etter diskusjon med prioritering av utviklingsområder

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

STATUS FOR DEMENSOMSORGA I MØRE OG ROMSDAL Demenskonferansen 2017 Ålesund, den mars Eli Mette Finnøy, rådgivar Omsorg 2020

SLUTTRAPPORT PROSJEKT K1. Synliggjering av gjennomgåande perspektiv i Fylkesplan Pilotfylke Møre og Romsdal

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Godt samspel. Vidare prosess etter at arbeidsgruppa har fullført sitt arbeid:

Distriktsfylke Møre og Romsdal? Kjelde: SSB/PANDA

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Kommunikasjonsplan Fylkesplan , regional plan for Møre og Romsdal

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

«Opptakt» v/ass.fylkesmann Rigmor Brøste

Trondheim. Møre og Romsdal. Bergen. Oslo

Svar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Høyring av NOU 2012:1 Til barns beste

Totalt Møre og Romsdal 2014: ,8 Totalt Møre og Romsdal 2015: ,3 Totalt Møre og Romsdal 2016: ,1

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Marit Hovde Syltebø Rådgivar Møre og Romsdal fylke Om kompetanseutvikling i lys av St.meld.nr. 25

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Øving Fårikål 2016 Oppsummering

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

Kontaktpersonsamling 30. sept KOMMUNEREFORMA Frå utgreiing til vedtak

RAMMEPLAN FOR. FORDJUPINGSEINING I ORGANISASJON OG LEIING (10 vekttal) FØRSKOLELÆRARUTDANNINGA

Samfunnstryggleik og beredskap

Strategi Forord

FORSLAG TIL INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSEFØRETAK

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Regional planstrategi Kva, kvifor og korleis?

Transkript:

Arbeidsrapport nr. 194 Geir Tangen og Jørgen Amdam Einskapsfylket og evaluering av satsingar VOLDA 2006

Prosjekttittel Oppdragsgivar Prosjektansvarleg Prosjektleiar Forfattarar Ansvarleg utgivar ISBN ISSN Sats Distribusjon Einskapsfylket og evaluering av satsingar Møre og Romsdal fylke Møreforsking Volda Jørgen Amdam, Høgskulen i Volda Geir Tangen, Møreforsking Volda og Jørgen Amdam Møreforsking Volda 82-7692-256-2 (nettutgåve) 0805-6609 Geir Tangen http://www.moreforsk.no/volda.htm http://www.hivolda.no/fou Arbeidsrapportserien er for faglege og vitskaplege arbeid som ikkje fullt ut stettar krava til forskingsrapportar. Det kan vere delrapportar innanfor større prosjekt, eller læremateriell knytt til undervisningsføremål. Arbeidsrapportane skal vere godkjende av anten dekanus, gruppeleiar, prosjektleiar (for IAAI: instituttleiar) eller ein annan fagperson dei har utpeika. Kvalitetssikringa skal utførast av ein annan enn forfattar.

Forord I denne kvalitatative undervegsevalueringa er det fokusert på læring for forbetring knytt til tre utvalde satsingar i regi av einskapsfylket Møre og Romsdal. Satsingane er ikkje tilfeldig utvalde, dei er valde av ei tverrfagleg evalueringsgruppe i einskapsfylket. Kriteriet for utvelging var at det skulle vere prosjekt der einskapsfylket gjennom ein breiare organisasjon har potensial til å gje prosjekta eit anna innhald og eit anna fokus enn det som ville vere mogleg med to separate organisasjonar på regionalt nivå. I tillegg til dokumentgranskingar har vi gjennomført telefonintervju med totalt 30 informantar og halde evalueringsseminar i mars 2006 for kvar av satsingane med mellom 15 og 25 deltakarar på kvart av seminara og med om lag halvdelen brukarar og halvdelen knytt til satsingane direkte. I denne prosessen har vi forsøkt å få fram kva som fungerer bra og mindre bra, kva moglegheiter og utfordringar ein ser i det heile kva som kan gjerast betre. Dette heng også saman med at einskapsfylket som forsøk relativt nyleg har starta opp, i realiteten berre fungert litt over eitt år etter etableringsfasen og satsingane er også av same grunn i ein tidleg gjennomføringsfase. Ingunn Bekken Sjåholm har vore kontaktperson i Møre og Romsdal fylke i høve denne undervegsevalueringa, og har vore viktig i gjennomføringa av dei ulike seminara knytt til evalueringa. Vidare har Eivind Hasle, Idar Mølsæter, Ivar-Ole Mittet, Svein Neerland og Anita Steinbru i Møre og Romsdal fylke gitt oss nyttig grunnlagsinformasjon og har vore viktige i gjennomføringa av evalueringsseminara. Ein stor takk alle for eit godt og konstruktivt samarbeid. Ein stor takk også til alle informantane våre på kommunalt nivå og til alle deltakarane på dei ulike evalueringsseminara i Molde i høve undervegsevalueringa. Volda, 15.05.2006 Jørgen Amdam (prosjektleiar) Geir Tangen

INNHALD Einskapsfylket og evaluering av satsingar... 6 Refleksjonar... 8 Proaktiv utviklingsaktør... 8 Frå forvaltning til utvikling eller begge deler?... 8 Frå government til governance?... 9 Partnerskapsorganisering... 10 Litteratur... 12 Programevaluering Plannettverket/Plansamordning... 13 Programevaluering Plannettverket/Plansamordning... 14 Mandat og metode... 14 Forarbeid... 14 Situasjonsrapport... 16 Plannettverket... 16 Bakgrunnen for Plannettverket... 16 Organisering... 16 Regional inndeling... 17 Målgruppe - målsetting... 17 Tilstand - kva som fungerer... 18 Tilstand - kva som fungerer mindre... 18 Plansamordning... 18 Kommunane sitt syn på Plannettverket/Plansamordninga... 20 Tiltak for å gjere Plansamordninga endå betre... 25 Oppsummering og tilråding... 27 Plannettverket... 27 Plansamordninga... 28 Vedlegg (1-3)... 31 Bakgrunn for programmet... 31 Organisering... 31 Regional inndeling... 32 Målgruppe... 32 Kva vi vil oppnå... 32 Økonomi... 33 Status januar 2006... 33 Tilstand - kva som fungerer... 33 Kva som fungerer mindre?... 33 Tidlegare ordning... 34 Vedlegg 3... 36 Situasjon... 36 Utfordringar... 36 Forbetringspotensial... 37 Situasjon... 37 Utfordringar... 38 Diskusjon... 38 Programevaluering Kunnskapsløftet... 39 Programevaluering Kunnskapsløftet... 40 Mandat og metode... 40 Strategi for kompetanseutvikling i grunnopplæring 2005 2008... 41 Forventningar... 43 Situasjonsrapport... 43 4

Innleiing... 43 Organisering... 44 Lokalt/kommunalt nivå sitt syn på Kunnskapsløftet... 46 Positive vurderingar av fylkesnivået... 47 Tiltak for å gjere Kunnskapsløftet endå betre... 49 Forventningar til det vidare arbeidet med Kunnskapsløftet... 50 Oppsummering og tilråding... 50 Vedlegg (1-2)... 53 Innleiing... 53 Situasjonsrapport fylkesnivået... 53 Situasjon/Utfordringar... 57 Forventningar til fylkesnivået... 58 Programevaluering God Helse... 59 Programevaluering God Helse... 60 Mandat og metode... 60 Situasjonsrapport God Helse... 63 Kommunane sitt syn på God Helse... 65 Tiltak for å gjere God Helse endå betre... 67 Forventningar til det vidare arbeidet med God Helse... 68 Oppsummering og tilråding... 69 Vedlegg (1-2)... 73 Gjennombrot for God Helse programmet i Møre og Romsdal... 73 Samarbeid om fordeling av tilskot... 77 Situasjon/Utfordringar... 85 Forventningar til fylkesnivået (Korleis gjere Einskapsfylket endå betre i høve til God Helse)... 86 5

Einskapsfylket og evaluering av satsingar Dette er ikkje ei evaluering av einskapsfylket, men ein dokumentasjonsrapport knytt til tre utvalde satsingar i regi av einskapsfylket Møre og Romsdal. Satsingane er ikkje tilfeldig utvalde, dei er valde ei tverrfagleg evalueringsgruppe i einskapsfylket. Kriteriet for utvelging var at det skulle vere prosjekt der einskapsfylket gjennom ein breiare organisasjon har potensial til å gi prosjekta eit anna innhald og eit anna fokus enn det som ville vere mogleg med to separate organisasjonar på regionalt nivå. Dette er heller ikkje ei sluttevaluering, men ei kvalitativ undervegsevaluering fokusert på læring for forbetring. Evalueringa er heller ikkje spesielt djuptgåande. I tillegg til dokumentgranskingar har vi gjennomført telefonintervju med totalt 30 informantar og halde evalueringsseminar for kvar av satsingane med mellom15 til 25 deltakarar på kvart av møta og med om lag halvdelen brukarar og halvdelen knytt til satsingane direkte. I denne prosessen har vi forsøkt å få fram kva som fungerer bra og mindre bra, kva moglegheiter og utfordringar ein ser i det heile kva som kan gjerast betre. Dette heng også saman med at einskapsfylket som forsøk er ungt, i realiteten berre fungert litt over eitt år etter etableringsfasen og satsingane er også unge av same grunn i ein tidleg gjennomføringsfase. Ordinær resultatevaluering er derfor lite hensiktsmessig. Når dette er sagt så er brukarane sine meiningar om og erfaringar med satsingane generelt sett meget positive det er tydeleg at einskapsfylket innan desse felta har teke fornuftige og praktiske grep som er nyttige og meiningsfulle for brukarane. Dette vil vi fortelje nærare om seinare i denne rapporten, først vil vi kort presentere einskapsfylket som modell og satsingane for deretter å skissere nokre utfordringar. I dei neste kapitla vil vi så gjere nærare greie for kvar av satsingane, erfaringane som er gjort og våre vurderingar. Einskapsfylket er primært eit administrativt forsøk og eit svar på spørsmål knytt til fragmentert offentleg verksemd som også var sterkt framme under frikommuneforsøka kring 1990. Enn om vi samordnar fylkeskommunen og regional stat sine ressursar og sakshandsaming på ein betre måte slik at brukarar berre treng å vende seg til ei luke, at den best kvalifiserte gjer sakshandsaming, at ein greier å rive ned veggar m.m. i det heile la fornuft få fortrinn fram for hierarki og kommandolinjer (Amdam 1996). Grepet til einskapsfylket er kort fortalt, enn om vi slår saman fylkeskommunen og fylkesmannen sin administrasjon og lagar til ein sams organisasjon under ei sams leiing. Det må presiserast at dette ikkje er ei politisk reform, fylkespolitikarane har same ansvarsområde som før forsøket. Det er heller ikkje ei irreversibel reform, når forsøket er over skal dei gamle organisasjonane kunne gjenoppstå, noko som set klare grenser for integrasjonen. Av same grunn har ein også mange systemutfordringar m.m. Det er også mange prinsipielle utfordringar som t.d. at utvikling og forvaltning/kontroll er i same organisasjon. Sjølv om forsøket formelt starta 1.1.2004 kan det neppe seiast å vere effektivt organisatorisk på plass før eitt år seinare (http://www.mrfylke.no/fmt_fagomrade_enkel.asp?g22663=x&gid=23113&tgid=22662 ). Måla er oversiktleg skissert slik på heimesida: Møre og Romsdal fylke skal framstå som ein tydeleg medspelar ved å: sørgje for god samhandling med kommunane, næringslivet, organisasjonane og staten. oppretthalde og utvikle et sterkt kompetansemiljø til nytte for brukarane. 6

gjennomføre regional politikk og iverksette statleg politikk og andre oppgåver for staten og gjennom dette vere ein aktiv pådrivar i samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal. forenkle og effektivisere den offentlige organiseringa på regionalt nivå. Dette er bakteppet for dei tre satsingane vi skal fortelje om og vurdere her, som sagt utvalde av einskapsfylket sjølv. Dei blir meir utførleg skildra i seinare kapittel, her tek vi berre med oversiktlege orienteringar for å kunne setje dei inn i ein meir prinsipiell og metodisk samanheng. Plansamordninga er initiert og utvikla gjennom einskapsfylket. I planlegging etter plan- og bygningslova har både fylkeskommunen og fylkesmannen både rettleiings- og forvaltningsoppgåver. Ein vanleg kritikk frå kommunane er at dei i plansaker får mange og sprikande kommentarar frå fylkesnivået. På same måte blir det hevda at rettleiing og oppsøkande arbeid er tilfeldig og sprikande. Einskapsfylket har gjort det mogleg å take denne kritikken på alvor og i grove trekk er det gjort tre aktive grep: 1. Eitt brev. Einskapsfylket gir ein samordna kommentar til alle planar m.m. med grunnlag i intern fagretta sakshandsaming og samordning. Brukarane får berre eitt skriftleg svar som er einskapsfylket sitt samordna syn. 2. Ei luke. I planavdelinga er kommunane fordelt mellom sakshandsamarar dvs. at kommunane har ei primærkontakt som skal utvikle kunnskap om kommunen, ha god kontakt med sakshandsamarar m.m. 3. Plannettverk. Fylket er delt inn i fire regionar og der einskapsfylket har initiert nettverk og samlingar mellom planleggar med sikte på kunnskapsløft og erfaringsutveksling. Einskapsfylket har teke eit proaktivt ansvar for initiering og drift av desse nettverka i samarbeid med kommunane. Metodisk er dette lett å evaluere fordi brukarane har klare erfaringar om både før- og ettersituasjonen. Ikkje uventa er brukarane svært positive til tiltaka, til effektane og vil gjennomgåande ha meir av alt, spesielt oppsøkande arbeid og arbeid i nettverka og fylkessamlingar mellom nettverka. God Helse-satsinga har kome i stand utifrå at både fylkeskommunane og fylkesmannen har ansvar for førebyggjande helsearbeid og er såleis eit område med samordningspotensial. Nasjonalt er fylka gjeve midlar til å drive førebyggande helsearbeid. Det einskapsfylket har gjort er i tillegg å satse eigne midlar slik at innsatsen i deltakande kommunar kan bli større minst ½ stilling som prosjektleiar og også store ressursar på fylkesnivå til å drive opplæring, rettleiing, motivering, nettverksbygging m.m. Organisatorisk er satsinga knytt til kulturavdelinga, mellom anna ut frå ei grunngiving om at ein der har lange erfaringar med proaktivt arbeid, partnarskap med frivillige organisasjonar og kommunar m.m. I form er denne satsinga eit utviklingsprogram med eigne midlar og ikkje som plansamordninga ei kombinert forvaltnings- og utviklingsreform. Metodisk er det vanskelegare å evaluere denne satsinga enn plansamordninga. Slik satsing føregår i alle fylka og berre ei samanlikning med andre kan fortelje om ein gjer det betre eller like godt, og det er ikkje vårt mandat her. Informasjon vi har fått tyder likevel på at einskapsfylket har kome lenger i arbeidet enn dei fleste andre fylka. I staden må vi byggje på brukarane sine erfaringar og som vesentleg vil vere knytt til satsinga samanlikna med tilhøva før den kom. Brukarane er gjennomgåande overstrøymande positive til satsinga og til effektane dei kan sjå. Svært lite tyder på at ein kunne oppnå like mykje utan einskapsfylket. Tvert i mot kan den einskaplege organiseringa i einskapsfylket ha ført til at dette førebyggande og tverretatlege arbeidet har fått ekstra tyngde og gjennomføringskraft. 7

Kunnskapsløftet som satsing er klart ei nasjonal reform og det vi eigentleg evaluerer er korleis einskapsfylket har takla dette reformarbeidet etter brukarane sitt syn. For å evaluere om det er nokon særeffekt burde einskapsfylket samanliknast med andre fylke som ikkje har gjennomført denne organisatoriske endringa, noko vi ikkje har hatt høve til. Det vi kan få fram er brukarane sitt syn på og erfaringar med einskapsfylket sitt reformarbeid så langt. Det spesielle i einskapsfylket er sterkt fokus på samordning av skuleløp mellom grunnskule og vidaregåande skule, fokus på tett samarbeid med næringslivet m.m. Ikkje berre har ein fokus på fylkesmannens tilsyns- og rettleiingsoppgåve, denne er i einskapsfylket nært knytt til fylkeskommunens rolle som skuleeigar. Prosessane og rollene er kompliserte her og det vi kan formidle i denne omgang er brukarane sitt syn og i konfrontasjon med dei som har gjennomføringsansvar i einskapsfylket sentralt, kva ein kan gjere av forbetringar. Også her er vurderingane av einskapsfylket som aktør positive, men også med påpeiking av mange forbetringstiltak. Det framstår som eit behov at fylket burde vere meir proaktive, vere sentrale nettverksbyggarar m.m. dvs. aktiv hjelpar for kommunane. Dette er eigentleg eit ansvar som er delegert til kommunane sjølv, det forhindrar likevel ikkje at det synes å vere store behov for sams læringsarenaer m.m. Refleksjonar Proaktiv utviklingsaktør Eit gjennomgåande trekk i brukarsvara for alle tre satsingane er forventningar til einskapsfylket som ein proaktiv kontaktskapar og nettverksaktør ein aktør som sjølv tek initiativ og er pådrivar i utviklingsarbeid og relasjonsbygging. Alle initiativ einskapsfylket har satt i verk som skaper lærande nettverk mellom aktørar blir tatt i mot med opne armar. Til dømes kommunane har ofte markert mistru til fylkeskommunen som overkommune, men det som eigentleg blir forventa med grunnlag i dei kvalitative vurderingane her er einskapsfylket som ein aktiv aktør for å utvikle samarbeid, visjonar, strategiar, tiltak m.m. på tvers av kommunar, nivå, næringsliv og offentlege organ m.m. Dette synes å gjelde samfunnsutvikling og endring som innan gode helse og utdanning, samarbeid innan fysisk og samordna planlegging m.m. og organisasjonsutvikling som formelle samarbeid mellom skule, næringsliv og sivilt samfunn. Frå forvaltning til utvikling eller begge deler? Einskapsfylket kan ha innebygd store spenningar mellom forvaltning og utvikling to klart ulike roller med omsyn til arbeidsmåtar og ansvar, sjå figur 1 (frå Amdam og Bukve 2004): Fig. 1: Ein idealtypisk modell for endringar i det regionalpolitiske regimet (Bukve og Amdam 2004). Dominerande normer Fordelingsregimet Fordeling Modernisering Utviklingsregimet Utvikling Konkurransekraft Relasjonar mellom stat og region Hierarkisk Dialog/konkurranse Regelbasert tildeling Forhandlingsbasert tildeling Relasjonar mellom styresmakter og Klientrelasjon Partnerskap 8

næringsliv Hierarkisk Gjensidig avhengige Organisasjonsformer Fragmenterte Verkemiddelforvaltande Integrerte Strategiske Avgjerdsprosedyrar Autoritetsbaserte Government Politikknettverk Governance Planleggingsprosess Instrumentell Kommanderande Kommunikativ Legitimerande Så langt vi kan sjå er desse spenningane takla på ein god måte i dei tre satsingane. God Helse er eit klart utviklingsprogram og med arbeidsmåtar som samsvarar med utviklingsregimet på figur 1 og med gode resultat. Plansatsinga er klart todelt med nettverksbygginga mest eintydig som utviklingsarbeid, medan samordninga av sakshandsaming (eitt brev, ei luke) i større grad er knytt til meir effektiv forvaltning (og rettleiing). Satsinga har faktisk som grunnlag å råde bot på det som lett kan oppfattast som negative sider ved forvaltningsregimet; fragmentering, hierarki, kommando og stivbeint regelbruk utan basis i lokale tilhøve og utfordringar. Organisatorisk ser ein at det er ulike personar som har ansvar for dei regionale utviklingsretta samarbeida og forvaltningsprega primærkontakt. Begge felta får god vurdering av brukarane. Kunnskapsløftet framstår primært som eit utviklingsprogram, men einskapsfylket har også betydelege rettleiings-, tilsyns- og kontrolloppgåver og som høyrer meir heime i eit forvaltningsregime. Organisatorisk framstår dette skillet som uklart i einskapsfylket, vesentleg truleg på grunn av at fylket har svært avgrensa roller gitt frå staten i reforma, men høge forventningar frå kommunane om utviklingsretta innsats. Feltet blir også komplisert ved at einskapsfylket er skuleeigar for vidaregåande skule og at fylkesmannen har ansvaret for tilsynet med vidaregåande skule. Det kan i høve til dette leggjast til at det er ikkje tilsette i einskapsfylket som gjer tilsynet. Til denne oppgåva vert det leigd inn pedagogisk kompetanse frå Sør-Trøndelag fylkeskommune. I vår vurdering her er vi avgrensa til einskapsfylket si rolle i samband med den konkrete reforma, men vi ser at informantane våre kan ha problem med å fokusere på denne avgrensa rolla. Vår vurdering er at einskapsfylket sitt arbeid i det vesentlege er prega av eit forvaltningsregime, men at brukarane og i stor grad aktørane i fylket har forventningar til at einskapsfylket i tillegg skal ha ei klarare proaktiv rolle som nettverks- og dagsordenaktør innan feltet. Totalt sett, sjølvsagt avgrensa til desse tre utvalde satsingane, er vår vurdering at einskapsfylket har god kontroll over dei ulike rollene knytt til forvaltning og utvikling. Sidan satsingane primært har karakter av utviklingsarbeid vil vi fokusere på denne rolla vidare. Frå government til governance? Utviklingsarbeid krev at ein arbeider på heilt andre måtar enn i kommanderande allokeringsplanlegging slik til dømes arealplanlegging og toppstyrt forvaltning tradisjonelt har fungert. Forskjellane er illustrert på tabell 1 nedanfor, det store skiljet er krav om stor fleksibilitet i samarbeidsprosessar der einskapsfylket og andre samarbeidspartar må tilpasse arbeidsmåtane til kvarandre. Eit anna viktig skilje er at ein må akseptere at avtalar som vert 9

inngått i ein region mellom ulike aktørar er minst like viktig som sentrale styringssignal. Dette betyr at offentlege aktørar som inngår avtalar som kan bryte med slike sentrale kommandoar, må skaffe seg fullmakt til avtaleinngåing. Mangel på slike fullmakter vil lett føre til at andre aktørar misser tillit og tiltru til vedkomande. Tabell 1. Samanlikning av Government og Governance (sjå m.a. Healey 2003, Healey et.al. 1999). Government Styring frå Governance Sams leiing toppen fleiraktør og fleirnivå Kommando og kontroll Byråkratisk rutine forutseibar praksis og sakshandsaming Norm-dreven rutineprega logikk Styrt av profesjonelle politikarar og teknokratar Vertikal legitimitet og accountability (ansvar og rapportering) Fleksibel avgjerdsfatting å få konsensus mellom mange partar Eit mangfald av praksis finne vegen som aktørar kan akseptere og praktisere Dialog dreven av regulerande praksis tradisjon, tillit, samtale Styrt av interkulturell dialog og praksis mange aktørar har makt Horisontal legitimitet og accountability (ansvar og rapportering) Etter vår vurdering er dei utviklingsretta delane av alle dei tre satsingane prega av governance. Einskapsfylket sine representantar har tilsynelatande vide fullmakter til å arbeide proaktivt og til konsensutbygging. Leiarane støttar opp om initiativ, arbeidsmåtar, partnarskap m.m. noko som gir dei utøvande utviklingsarbeidarane stor legitimitet til å finne praktiske løysingar og bygge tillit til samarbeidspartar. Til dømes i Plannettverket kunne det vere lett for fylket å lage standardprogram for kunnskapsformidling til kommunane og køyre det. I staden foregår ein aktiv kommunikasjon i nettverka der dei kommunale planleggarane får fram sine konkrete behov, der nye sentrale krav m.m. blir formidla og på det grunnlaget blir program og innsats organisert i fellesskap. Ein konsekvens av dette er at nettverka har ulikt innhald i dei fire regionane og også eit behov for å lære av kvarandre og samarbeide på tvers. Partnerskapsorganisering Partnarskapsorganisering er ei vidareføring av governance som arbeidsform og er ein måte å organisere dei viktige aktørane knytt til ei bestemt sak, saksfelt eller område i eit fellesskap som gjer det mulig å styre i samsvar med prinsipp som partane sjølv utviklar. Av dette følgjer at partnarskap kan vere alt frå laust kopla aktørar som har utvikla intensjonsavtalar som grunnlag for vidare samtalar og forhandlingar til konkrete og detaljerte avtalar mellom aktørar som regulerer både rettar og plikter og straff om avtalebrot. På mange måtar kan ein seie at i staden for å bruke lovheimel og forskrifter som offentleg aktørar vanlegvis brukar for å regulere aktørar i samfunnet ut frå ein overordna maktposisjon, inneber partnarskapsorganisering at ein brukar privatrettslege avtaleformer til gjensidig binding og forplikting slik ein finn dei i det sivile samfunnet og i næringslivet. I denne samanhengen 10

betyr tidlegare erfaring med aktørar, kva tillit ein har til dei m.m., svært mykje for kva samarbeid ein vil vere med på, avtaleformer m.m. Samarbeidet med kommunane innan alle tre satsingane, spesielt innan God Helse og Plannettverket, har klar karakter av partnarskapssamarbeid og det er tydeleg at også innan utdanningsfeltet gjennom Kunnskapsløftet har det oppstått og blir stimulert til liknande samarbeid til dømes mellom næringsliv og vidaregåande skule, mellom grunnskule og vidaregåande skule m.m. Utfordringane kan illustrerast som på figur 2. I velfungerande samfunn er det rimeleg tette relasjonar mellom aktørar i næringslivet, i det sivile samfunnet og i offentleg verksemd som gjer at ein utviklar saks kunnskap om situasjon og utfordringar, utviklar sams visjonar og strategiar og dermed også rimeleg samstemte handlingar. I andre samfunn ser ein at slike nettverk ikkje fungerer. Samfunnsaktørane er skilde frå kvarandre og samarbeider ikkje og handlar i ulike retningar. Den sams sosiale kapitalen er lav. Forskarar som Putnam (1993, 2000) har vist at slike område under elles like vilkår vil ha ei dårlegare langsiktig samfunnsutvikling enn område med høg sams sosial kapital, evnen eller kapabiliteten til eigenutvikling er lav. Figur 2. Regional evne til utvikling. Utfordringar Offentleg verksemd Regional evne Privat næringsliv Det sivile samfunnet Om ein legg modellen på figur 2 til grunn så har alle desse tre utvalde satsingane strategiar og tiltak som vil vere med på å auke kapabiliteten til fylket og truleg også vere med på å gje einskapsfylket høgre legitimitet som utviklingsaktør. 11

Litteratur Amdam J. 1996: Frå samordning til samhandling. Sluttevaluering av frifylkeforsøka i Aust-Agder og Nordland. Forskingsrapport nr. 20. Møreforsking og Høgskulen i Volda. Volda. Amdam, R. og O. Bukve (red) 2004: Det regionalpolitiske regimeskiftet tilfellet Noreg. Tapir Akademisk Forlag. Trondheim. Healey, P., A. Madanapour and C. Magalhaes 1999: Institutional Capasity-building, Urban Planning and Urban Regeneration Projects. In M. Sotarauta (ed.) Urban Futures: A Loss of Shadows in the Flowing Spaces? Futura vol. 18. No. 3/1999. p. 117-137. Healey, P. 2003: Creativity and Governance. Paper for Nordic Symposium: Local Planning and Change, Lillehammer, Norway, 14-16 August 2003. Putnam, R.D. 1993: Making democracy work: civic traditions in modern Italy. Princeton, N.J.: Princeton University Press. Putnam, R.P. 2000: Bowling alone. The collapse and revival of American community. New York : Simon & Schuster. 12

Programevaluering Plannettverket/Plansamordning 13

Programevaluering Plannettverket/Plansamordning Mandat og metode Denne programevalueringa er ei undervegsevaluering kvar står vi kvar går vi, og har hatt tre fasar: a. Forarbeid før evalueringsseminar b. Evalueringsseminar c. Etterarbeid Møreforsking Volda har hatt ansvar for delar av forarbeidet, opplegg for og prosessleiing på evalueringsseminaret og etterarbeid. Forarbeid Situasjonsrapport fylkesnivå Møre og Romsdal fylke har sjølve stått for ein situasjonsrapport/eigenevaluering (sjå vedlegg 1 og 2) ut frå sin ståstad med innhald: - Kva slags endringar/omlegging har skjedd - Tilstand no kva fungerer bra mindre bra - Behov for endring prosess og substans - Andre forhold Situasjonsrapport kommunenivå Med grunnlag i telefonintervju med 10 informantar frå kommunalt nivå, laga Møreforsking Volda ein førebels situasjonsrapport om m.a. samarbeid mellom kommune og fylke og kva som er faktiske behov og forventningar i kommunane sett i forhold til samhandling, informasjon, opplæring m.m. Denne vart lagt fram på evalueringsseminaret i Molde den 2. mars 2006. Nokre stikkord for den førebelse situasjonsrapporten var: - Kva fungerer bra - Kva fungerer mindre bra - Førebels vurderingar - Tiltak for å gjere Plannettverket/Plansamordninga endå betre - Forventningar til det vidare arbeidet Evalueringsseminar 02.03.06 Tysdag 2. mars 2006 vart det halde eit evalueringsseminar i høve til programevalueringa der fleire administrativt tilsette i kommunar i Møre og Romsdal var inviterte. I tillegg deltok representantar frå Møre og Romsdal fylke og Møreforsking Volda, til saman 17 personar. For ei oppsummering frå seminaret sjå vedlegg 3. Programmet for evalueringsseminaret i Molde såg slik ut: 14

Situasjonsrapport om tilstand og utfordringar sett frå: - Fylkesnivå - Kommunenivå (Møreforsking Volda) Idédugnad svake og sterke sider Idédugnad - tiltak/endring Diskusjon oppsummering/konklusjon Etterarbeid Denne rapporten er utarbeidd på grunnlag av det som kom fram i dei to første fasane i prosjektet. Den er meint både som grunnlag for vidare diskusjonar i fylket og mellom fylket, og kommunane, og grunnlag for handling for å gjere verknadane m.a. av organiseringa av Plansamordninga og arbeidet med Plannettverket best mogleg. Basis for framstillinga er denne: Situasjonsrapport Vurdering av tilstand sterke og svake sider Endringsforslag og vurdering av desse Konklusjon og tilråding Kort om Plannettverket Møre og Romsdal fylke har gjennom arbeidet med Plannettverket m.a. tatt initiativ til å opprette 4 regionale planfora for kommunane i fylket. Desse planfora skal vere ein møteplass der deltakarane kan utveksle planfaglege synspunkt, auke kompetansen gjennom erfaringsutveksling, og bistå kvarandre gjennom nettverksbygging. Deltakinga vil vere basert på frivilligheit og kommunane styrer sjølv kva for region dei vil tilhøyre. Kort om Plansamordninga Som ledd i einskapsfylkeforsøket skjer behandling av kommunale planar (kommuneplanar, reguleringsplanar, dispensasjonssaker og konsekvensutgreiingar) og konsesjonssaker - som tidlegare låg til fylkesmannen og fylkeskommunen - no samla i regi av Møre og Romsdal fylke. Det er såleis nok å sende plansakene til ei adresse. I ny organisasjon blir plansakene i første rekkje behandla i kulturavdelinga, areal- og miljøvernavdelinga, landbruksavdelinga og kommunal- og beredskapsavdelinga. I staden for svarbrev frå fleire avdelingar, får kommunar, private og sentrale mynde no innspel og fråsegner frå Møre og Romsdal fylke samla i eitt brev. Nokre hovedsaksbehandlarar har ansvaret for å koordinere tilbakemeldingane frå Møre og Romsdal fylke. Hovedsaksbehandlarane har delt kommunane i fylket mellom seg. Overordna samordning av planbehandling/arealforvaltning er ein stabsfunksjon underlagt fylkesdirektøren direkte. 15

Situasjonsrapport Plannettverket Faktagrunnlaget er henta frå Møre og Romsdal fylke (sjå vedlegg 1) og teksten under er i stor grad basert på denne situasjonsrapporten. Bakgrunnen for Plannettverket Møre og Romsdal fylke har eit ansvar etter plan- og bygningslova. I 20-2 i plan og bygnings-lova står det at fylkeskommunen så langt det er mogleg skal gi kommunane planfagleg hjelp og rettleiing. Dette blir i Møre og Romsdal tatt vare på gjennom einskapsfylket. Utgangspunktet for at ein no har starta plannettverket er at ein over tid har sett at fleire kommunar i fylket slit med å oppretthalde nok fagfolk som kan behandle plansaker, drive overordna planlegging og regulere etter plan- og bygningslova. Fleire kommunar i fylket har saksbehandlarar i kombinasjonsstillingar der ein også må ta hand om andre saksfelt som og er krevande. Anna arbeid kan til dømes vere det som naturleg høyrer til landbrukskontoret, teknisk, byggesak og natur- og miljøforvaltning. Nye krav, lovendringar og nye forskrifter sett krav til kommunal saksbehandling som det ikkje alltid er lett å følgje med på. Mellom anna vart det stilt nye krav til kommunal planlegging i den nye KU-forskrifta som vart gjeldane i april 2005. Ny Plan- og bygningslov vil truleg komme. For at kommunane ut frå sine ressursar skal bli betre i stand til å drive god planlegging, og gi god saksbehandling til sine kundar fann ein at ein ville oppnå betre fagleg standard i kommunane ved å skape 4 regionale planfora for planleggarane og plansaksbehandlarane. Etter at fylkeskommunen og fylkesmannen vart samla til ein organisatorisk eining (einskapsfylke) med samordna plansaksbehandling har ein fått frigjort personale som kan drive nettverket. Organisering Sidan Fylkeskommunen etter plan- og bygningsloven har rettleiingsansvaret og skal hjelpe kommunane i å utarbeide gode planar har fylket eksternt marknadsført plannettverket som eit program. Føresetnaden er at kommunane føler at ein har utbytte av å delta. Internt har ein valt å organisere arbeidet som prosjekt. Dette på grunn av økonomistyring, plassering av ansvar og for å sikre økonomiske rammer til det ein ønskjer å gjennomføre. Intern organisering i fylket Fylkesdirektøren si leiargruppe (fylkesdirektøren, avdelingsdirektørane og plansamordnar) er styringsgruppe. Under den har ein laga ei prosjektgruppa som består av plansamordnar Idar Mølsæter, avd. dir. for areal- og miljøvernavdelinga Per Fredrik Brun og areal- og samfunnsplanleggjar Ivar-Ole Mittet (prosjektleiar). I tillegg har ein oppretta ein programkomite med representantar frå alle relevante avdelingar i fylket. Programkomiteen har vore lite brukt, men vil bli meir brukt framover. Deira oppgåve blir å foreslå fagtema som kan takast opp. Plannettverket er plassert som eit prosjekt i samhandlingsarenaen i fylket. 16

Regional inndeling Plannettverket i Møre og Romsdal blir organisert i 4 planfora som kan fungere som eigne nettverk. Region I Hareid, Herøy, Ulstein, Sande, Vanylven, Volda, Ørsta. Region II Giske, Haram, Norddal, Sandøy, Skodje, Stordal, Stranda, Sula, Sykkylven, Ørskog, Ålesund. Region III Aukra, Averøy, Eide, Fræna, Gjemnes, Misund, Molde, Nesset, Vestnes, Rauma. Region IV Aure, Frei, Halsa, Kristiansund, Rindal, Smøla, Sunndal, Surnadal, Tingvoll, Tustna (no slått saman med Aure) Kommunane kan etter ønskje bli med i andre regionar enn det som framgår av opplegget. Det viktigaste er at nettverka fungerer. Dei kommunane som ikkje gir tilbakemelding vil få invitasjon til samlingar ut frå den oppdelinga som er satt opp. Dersom ein gjennom felles samlingar for fleire regionar kan skape personlege relasjonar som gir grunnlag for fagleg utveksling mellom kommunar som geografisk ligg langt unna kvarandre er dette positivt. I kvar region har fylket saman med kommunane peika ut to kommunale ressurspersonar. Dei skal vere samarbeidspersonar og bistå fylket ved behov når ein skal avklare innhald på samlingane. Teknisk arrangør vil alltid vere kommunen. Ein har satsa på lavkostnadsarrangement der ein held samlingane på rådhus og kommunehus utan leie av eksterne lokaler. Målgruppe - målsetting Målgruppa for Plannettverket er planleggjarar og plansaksbehandlarar som arbeider med kommuneplanlegging og regulering etter Plan- og bygningslova i kommunane. Møre og Romsdal fylke vil i eit samarbeid med kommunane leggje til rette for utvikling og forbetring av plan- og styringssystemet. Fylket si rolle vil særleg vere å leggje til rette for og støtte læringsnettverk og utviklingsarbeid i kommunane innafor saksfeltet som blir dekt av plan- og bygningslova. Fylket si rolle som kompetansesenter skal bli betre, og ein skal yte betre service til kommunane. Fylket ønskjer samtidig å etablere ein (sosial) møteplass der deltakarane kan bli betre kjent, utveksle faglege synspunkt, og få betre kompetanse gjennom erfaringsutveksling og nettverksbygging. Etter at plannettverka har fungert i ein periode bør ein ha som mål at dei tilsette i kommunane kan bistå kvarandre på ein betre måte enn det dei gjer i dag. Ein vil då utnytte den gode kompetansen som finns i nokre av dei større kommunane. Plannettverket skal ikkje fungere som ein arena der deltakarane skal etterutdanne seg. Fylket skal derfor ikkje vere ein etterutdanningsinstitusjon. Men dersom dei kommunalt ansatte deltakarane blir motiverte til å tileigne seg meir kunnskap ved å etterutdanne ved høgskular og universitet vil det vere positivt. 17

Innhald og status for dei regionale samlingane Ein skal gjennom Plannettverket arrangere regionale samlingar med aktuelle tema som er nyttige. Fylket kan i samråd med dei kommunale deltakarane trekke inn andre ressurspersonar som arbeider til dømes innafor oppmåling/digitalisering, tettstadsutvikling, samferdsel, landbruksforvaltning, næringsutvikling, barn og unge, kulturminneforvaltning og miljøvern. I enkelte samlingar kan det og vere nyttig å invitere konsulentar. Det er dei problemstillingane som forumet ønskjer å ta opp som avgjer samansettinga på samlingane. Det vil i enkelte høve vere aktuelt å samle alle kommunane (og konsulentar) i ein felles samling. Dette dersom ein skal informere om større lovendringar, nye forskrifter. Fylket har arrangert oppstartssamlingar i alle regionane. For region I og IV i mars/april 2005 og for region II og III i september 2005. Andre gongs samlingar vart arrangert for region I i november 2005 og for region IV i januar 2006. Tema for dei to siste samlingane har vore å hjelpe kommunane med å utarbeide planprogram etter den nye KU-forskrifta. For region II og III vart det arrangert samling i midten av mars 2006. Tilstand - kva som fungerer Det er god oppslutning på samlingane. Det har og komme innspel frå private konsulentar om å få delta på samlingane for å få betre fagleg påfyll. Dette har ein ikkje opna for fordi fylke no vil etablere ein arena for kommunalt ansatte der desse kan gå gjennom relevante problemstillingar der fokus er retta mot kommunal forvaltning og ansvar som planmyndigheit. Ved seinare høve vil fylket arrangere samlingar der ein opnar for private konsulentar. Tilstand - kva som fungerer mindre Ein er litt usikre på om dei kommunale planleggarane/plansaksbehandlarane er flinke nok til å ta direkte kontakt med kvarandre dersom dei har behov for å drøfte utveksle synspunkt til problemstillingar. Men ein ser at dei blir betre kjent med kvarandre, og at dei derfor ved å etablere personlege relasjonar på sikt kan bistå kvarandre til å gjere ein endå betre jobb for kommunane. Plansamordning Faktagrunnlaget er henta frå Møre og Romsdal fylke (sjå vedlegg 2) og teksten under er i stor grad basert på denne situasjonsrapporten. Organisering Nye behandlingsrutinar for kommunale arealplanar og dispensasjonssøknader m.v. vart sett i verk frå 01.01.04. Ettersom arealplan, miljø og ressursforvalting no er ein del av einskapsfylket sine ansvarsområde, skjer den planbehandlinga som tidlegare låg til fylkesmannen og fylkeskommunen no samla i regi av Møre og Romsdal fylke under leiing av fylkesdirektøren. Dette omfattar i første rekkje oppgåver i kulturavdelinga, tidlegare næringsog miljøavdelinga, landbruksavdelinga, tidlegare miljøvernavdelinga, samt kommunal- og beredskapsavdelinga. Fylkesmannen har fortsatt ansvaret for m.a. beredskapsområdet, men når det gjeld behandling av plansaker blir beredskap/samfunnstryggleik - etter avtale med fylkesmannen - samordna med dei øvrige fagområda i ei felles fråsegn frå Møre og Romsdal fylke. 18

Situasjonsrapporten frå Møre og Romsdal fylke om planbehandlinga/plansamordninga peikar på at ein i den nye ordninga har lagt seg på ei linje med "ei dør inn" og "eitt brev ut" i plansaker : Alle plansaker (kommuneplanar, reguleringsplanar og høyring av dispensasjonssøknader) som tidlegare vart sendt til både fylkesmannen, fylkeskommunens nærings- og miljøavdeling og kulturavdeling blir no sendt i ein ekspedisjon til Møre og Romsdal fylke. I staden for svarbrev frå fleire avdelingar, får kommunane og andre no innspel og fråsegner frå fylket samla i eitt brev. Nokre (hoved)saksbehandlarar plassert i noverande Areal- og miljøvernavdeling koordinerer tilbakemeldingane frå Møre og Romsdal fylke til kommunane. Overordna ansvar for arealplanbehandlinga er tillagt plansamordnar i stabsfunksjon underlagt fylkesdirektøren direkte. Klagebehandlinga når det gjeld plansaker er uendra og skjer i regi av fylkesmannen. Tanken med omlegginga er å gjere det enklare for både fylket og kommunane, og at fylket skal kunne frigjere ressursar til å gi spesielt kommunane betre rådgiving og service. Fylket har ønska å gjere kontakten og samspelet med kommunane ennå betre, og framstå som ein tydelegare medspelar for god areal- og ressursforvaltning i fylket. Einskapsfylket har dessutan så mangslungne ansvarsområde at det i utgangspunktet var heilt nødvendig med samordning. Erfaring kva fungerer Erfaringane er generelt positive, både internt og slik ein opplever det i forhold til kommunane. Ordninga opplever ein som effektiv i den forstand at utadretta verksemd er noko auka, samstundes som fleire saker vert behandla med færre ressursar. Frigjevne ressursar har gjort det mogleg fylket å satse sterkare på kunnskapsformidling og etablering av fagnettverk - m.a. gjennom plannettverket. Det som fantes av overlappande arbeidsoppgåver blir ivaretatt ein stad i organisasjonen. Meir målretta satsing i forhold til barn-unge og barnerepresentantane. Det at mange fagprofesjonar/sektorar utformar samle fråsegner i felles brev er ein løpande informasjonsflyt på tvers i organisasjonen som truleg gir betre tverrsektoriell forståing og kunnskap alle veit om kva dei andre meiner i ei sak og må forholde seg meir bevisst til kvarandre sine fagfelt, t.d. miljø-kultur. Samfunnstryggleik (fylkesmannen) blir nok betre ivaretatt med overføring av fylkegeologen til beredskapsseksjonen dvs. samling av fagkunnskap og myndigheit. Etter Plansamordnar si vurdering har ikkje einskapsfylkeordninga ført til noko regimeskifte, ettersom fylkesdirektøren har ivareteke fylkesmanns-oppgåvene innan areal-miljø i den statlege styringslina, jf. føresetnadene for forsøket om uendra oppgåvefordeling. Erfaring - kva bør ein gripe fatt i vidare Styrka samordning internt i einskapsfylket har kanskje ført til dårlegare koordinering i forhold til dei øvrige regionale statsetatane som er særleg aktuelle for arealplanlegginga. Ei skjerping 19

i kontakt og samhandling med øvrige etatar vil kanskje gjere det enklare også for kommunane. Innafor fylket sine område bør det skje forvaltningsforsøk/forenkling innafor kulturminnevernet gjennom delegasjon frå Riksantikvaren innafor kulturminnelova (frigivingssaker). I einskapsfylket kan dette skje i statleg styringsline. Arealforvaltninga har i vesentleg grad blitt lagt på den statlege styringslina. Noko anna ville blitt vanskeleg, også ut frå stramme tidsfristar. Styrka regionpolitisk forankring bør likevel vurderast m.a. innafor ulike arealprosjekt, fylkesdelplanar og eventuelt i konfliktsaker ved oversending til departementet. Ny oppgåvefordeling i tilknyting til oppretting av regionane vil særleg kunne aktualisere dette. Kommunane sitt syn på Plannettverket/Plansamordninga Samla sett kjem informantar i utvalet frå kommunalt nivå med positive tilbakemeldingar og vurderingar i høve til både Plannnettverket og Plansamordninga. I det vidare vert vurderingane frå kommunalt nivå i høve til Plannettverket og Plansamordninga presentert. Plannettverket Positive sider ved Plannettverket Informantar på kommunalt nivå påpeikar m.a. følgjande når det gjeld dei positive sidene ved Plannettverket: - Positivt initiativ frå fylket. Ein får på kommunalt nivå høve til utveksling av faglege spørsmål og problemstillingar. Positivt at fylket koordinerer nettverket slik at ein får god struktur på det faglege innhaldet. Viktig at fylket har eit overordna ansvar for nettverket. - Effektivt og relativt rimeleg tiltak knytt til kompetanseutvikling på plansida i kommunane. - Plannettverket fungerer godt i høve til faglege innspel og generell informasjon om plansaker/planprosessar. Denne kunnskapen vert innarbeidd i det daglege planarbeidet på kommunalt nivå. - Gjennom Plannettverket får ein høve til erfaringsutveksling og ein får døme frå andre kommunar med liknande planutfordringar. Dette gjeld særleg i høve til konsekvensutgreiingar (KU) og planprogram. - Plannettverket fungerer godt som eit kollegialt fora og som ein uformell møteplass/arena for både kommunerepresentantar og fylket. Viktig å kunne møte representantar frå dei ulike avdelingane regionalt. 20

- Fylket har planfagleg og juridisk kompetanse og gjev god og viktig rettleiing overfor kommunane. - Plannettverket bidrar til å utvikle ein felles planforståing på kommunalt nivå dette vil gje endå meir korrekt sakshandsaming på lengre sikt. - Plannettverket er viktig fordi kommunane ofte har felles problemstillingar i høve til planarbeidet generelt, samstundes som ein har avgrensa (lokale) ressursar til kompetanseheving og fagleg oppdatering. Behova for kompetanseutvikling på kommunalt nivå vert stadig aukande fordi ein har komplekse utfordringar lokalt og pga. tolkningar av/endringar i regelverk (PBL). Viktige positive faktorar For å freiste å utdjupe nærare dei positive sidene ved Plannettverket peika informantar i utvalet på m.a. følgjande faktorar: - Planfagmiljøa på kommunalt nivå er svært spreidt og Plannettverket verkar difor samlande både fagleg og sosialt. - På kommunalt nivå ser ein nytteverdien av deltaking i eit større nettverk. Positivt at kommunane kan kome med innspel til faglege temaområde. Godt samspel mellom kommunalt nivå og fylket. - Plannettverket som eit kollegialt fora fører til at terskelen vert mindre for å ta kontakt både med andre kommunar i same funksjon og med fylket. Forbetringspotensial Informantar uttrykkjer at forbetringspotensialet i tida framover i høve til det vidare arbeidet med Plannettverket er knytt til m.a. følgjande moment: - Informasjonsutveksling mellom dei fire geografiske inndelingane (planfora) i fylket. Dette fordi det vil vere behov for informasjon om kva som vert drøfta i andre kommunar og regionar i høve til planarbeidet. -Behov for endå fleire faglege innspel og bidrag frå fylket utover temamøta og samlingane i dei ulike planfora. -Fylket kan vere endå meir offensive i høve til informasjon og oppdateringar om endringar i regelverk m.v. Totalvurdering Representantar frå kommunalt nivå vurderer arbeidet med Plannettverket samla sett som positivt. Dette vert forklart utifrå følgjande: - Plannettverket dekkjer eit behov for fagleg diskusjon og erfaringsutveksling i høve til planutfordringane framover. 21

- Arbeidet med Plannettverket har verka kompetanseutviklande, motiverande, fagleg inspirerande og nettverksbyggande. - Plannettverket medverkar til å tydleggjere rolla og synet til fylkesnivået i høve til konkrete plansaker. Tiltak for å gjere Plannettverket endå betre Desse moglege tiltaka og aktivitetane vart fremma av informantar på kommunalt nivå i høve til å gjere Plannettverket endå betre i tida framover: - Fleire faglege samlingar i nettverket knytt til temaområde der ein har felles kommunale utfordringar (t.d. innan arealforvaltning, miljø- og ressursforvaltning, kart/oppmåling, planprogram) og informasjon om nasjonale føringar i høve til planarbeidet kommunalt. - Eigen internettside der ein kan samordne tilgjengeleg informasjon og med linkar til kommunane sine planarbeid/-prosessar. - E-post utsending av nyheitsbrev i etterkant av planfora. Internettside med diskusjonsforum (ClassFronter) for ulike faglege temaområde. - Vidareformidling av gode plandøme ( best practice ) frå andre kommunar med liknande utfordringar. - Ein bør utarbeide ein halvårleg møteplan (agenda) for aktivitetane i dei regionale planfora. - Nettverksarbeid er tosidig; kommunane må også i noko sterkare grad kome med faglege innspel m.v. til fylkesnivået. Dette fordi dei faglege innspela gjennom nettverket er viktige og har stor overføringsverdi for det praktiske planarbeidet lokalt. Kva behov for rettleiing og informasjon har ein på kommunalt nivå framover? Informantar i utvalet påpeikar at det er behov for noko meir rettleiing og informasjon framover på kommunalt nivå. Behova er knytt til m.a. følgjande: - Behov for rettleiing i forhold til ulike samarbeidsprosjekt som er etablert gjennom nettverket. - Behov for rettleiing i forhold til planprogram, KU, kravspesifikasjonar i høve til reguleringsplanar, rullering av kommuneplanar m.v. - Behov for å få presentert mønsterkommunar i fylket og pilotkommunar i høve til nasjonale og regionale satsingar. Dette gjerne som ein tematisk inndeling. - Behov for kontinuerleg informasjon og rettleiing om oppdateringar og endringar i regelverket (PBL). Faglege avklaringar og tolkingar i høve til planjuridiske problemstillingar. 22

Forventningar til det vidare arbeidet med Plannettverket Representantar frå kommunalt nivå har samla sett store forventningar til det vidare faglege arbeidet gjennnom Plannettverket. Forventningane på kommunalt nivå er m.a. knytt til følgjande: - Forventningar om at deltakande kommunar i endå sterkare grad uttrykkjer faglege behov i høve til nettverksarbeidet. Positivt at nettverket er fleksibelt i høve til ulike temaområde. Dette gjev høve til kompetanseutvikling på kommunalt nivå. - Forventningar om auka økonomiske ressursar frå fylket til å følgje opp og vidareutvikle Plannettverket. - Forventningar om at fylket held fram som koordinerande instans for nettverket. - Forventningar om at den gode og tette kontakten mellom kommunane, og mellom kommunane og fylket, held fram. - Forventningar om endå meir strukturert samarbeid framover slik at ein kan trekkje vekslar på kompetanse og erfaringar frå andre kommunar. - Forventningar om utviding av dei faglege temaområda. - Forventningar om at fylket i endå sterkare grad kjem med faglege innspel i forhold til kommunane. - Forventningar om å kunne møtast gjennom faglege samlingar minst to-tre gonger i året. Behov for å etablere ein eigen arbeidsgruppe for å få innspel til aktuelle temaområde som dekkjer dei faglege behova lokalt. Plansamordninga Positive sider ved Plansamordninga Informantar på kommunalt nivå påpeikar m.a. følgjande når det gjeld dei positive sidene ved Plansamordninga: - Plansamordninga i Møre og Romsdal er ein viktig praktisk forenkling knytt til at ein mottek ei samla tilbakemelding og totalvurdering frå fylket der kommentarar frå fleire avdelingar er samordna. - Meir effektivt i høve til tidlegare då ein på kommunalt nivå måtte forholde seg til fleire avdelingar samstundes på regionalt nivå. - Nedgang i sakshandsamingstida på regionalt nivå. - Samordninga mellom kommune og fylke fungerer veldig bra. Meir ryddige og oversiktlege forhold no gjennom einskapsfylket enn slik det var tidlegare i plansaker. 23

- Tidsfristane i høve til sakshandsaminga regionalt vert haldne. Ein kan på kommunalt nivå såleis forholde seg til fristane. - Den interne koordineringa av Plansamordninga på fylket vert opplevd som å fungerere veldig bra. - Fylket tar no eit heilskapsperspektiv i høve til plansakene og det er positivt. Ein treng i mindre grad enn tidlegare omfattande høyringsrundar i høve til fleire avdelingar regionalt. - Plansamordninga medverkar til at sakshandsaminga vert meir eintydig, forutsigbar, effektiv og av betre kvalitet. Dette fordi ein får konkrete faglege innspel samla, og det vert gjeve eintydige føringar for vidare saksgang. - Positivt med eigen kontaktperson for kvar kommune. Dette fordi det medverkar til ein lågare terskel for å ta kontakt med fylket. I tillegg har kontaktpersonen kjennskap til situasjon og utfordringar i kommunen. - Einskapsfylket gjennom Plansamordninga har medverka til at planarbeidet ikkje lenger er så sektorielt - ein har fått eit tydelegare regionalt nivå. - Kulturminnevernet og fylkesarkeologen kjem no meir inn på ein aktiv, positiv og løysingsorientert måte overfor kommune og grunneigarar. - Plansamordninga er ein praktisk forenkling, og også i noko grad ein fagleg forenkling. Viktig med fagleg samordning regionalt slik at kvaliteten på planvedtaka vert styrka. - Enklare å få med avdelingane regionalt i høve til ulike planprosessar. Viktige positive faktorar For å freiste å utdjupe nærare dei positive sidene ved Plansamordninga peika informantar i utvalet på m.a. følgjande faktorar: - Praktisk forenkling gjev redusert ressursbruk i høve til saksgangen med det regionale nivået. - Fagleg forenkling medverkar til at fylket framstår meir tydeleg og som ein samla eining enn tidlegare ved at ein i plansaker får samordna totalvurderingar. - Heilskapsperspektiv på plansakene. - Tidsfristane vert i stor grad haldne. - Koordineringsfunksjonen internt i fylket har verka positivt. - Eigne kontaktpersonar regionalt er viktig. Forbetringspotensial 24

Informantar uttrykkjer at forbetringspotensialet i tida framover i høve til det vidare arbeidet med Plansamordninga er knytt til m.a. følgjande moment: - Forenkling er positivt, men det kan vere at faglege tilnærmingar kan bli noko nedtona gjennom samordninga regionalt. Tidlegare fekk ein noko meir utfyllande faglege utgreiingar frå det regionale nivået og ein kunne på kommunalt nivå nytte desse meir aktivt i planarbeidet. - Integrering av politiske kontrolloppgåver. Kontrolloppgåvene bør skiljast frå politisk styring. - Klageprosessar kan ta lang tid og er kompliserte fordi fylket kan vere klagar. - I noko grad sektortenking regionalt. Fylket må i endå sterkare grad skjære gjennom for å sikre heilskapelege konklusjonar. Den meir overordna vurderinga manglar av og til. - Kontroll- og tilsynsfunksjonen regionalt har til no i noko grad vore gjeldande. Rettleiingsog støttefunksjonen har vore meir passiv. - Viktig at kulturminneperspektiv og andre verneperspektiv kjem tidleg inn i planprosessforløpet slik at ein har høve til å kunne presentere aktuelle planforslag lokalt så tidleg som mogleg. - Fylket kan invitere kommunane til samtale og dialog noko tidlegare i planprosessane knytt til moglege merknader m.v. Viktig at fylket har ein aktiv rolle og utvida kontakt før utsending av endelege merknader til kommunane, særleg i høve til moglege konfliktsaker. Dette for å sikre heilskapsvurderingar i konkrete plansaker. Fylket kan vere endå meir utviklingsorientert overfor kommunane gjennom t.d. årlege plandrøftingar med kvar kommune, aktive pådrivarar i høve til planprosessar og rulleringar m.v. Totalvurdering Representantar frå kommunalt nivå vurderer arbeidet med Plansamordninga samla sett som positivt. Dette vert forklart utifrå følgjande: - Plansamordninga har i stor grad verka ryddig og effektivt i høve til arbeidet på kommunalt nivå. Ressursbruken og tidsbruken på kommunalt nivå har blitt redusert. - Planarbeidet har blitt meir oversiktleg knytt til tematisk inndeling. - Klare og tydelege uttalar i plansaker. Plansamordninga har verka problemløysande og fagleg styrkande fordi ein på kommunalt nivå får meir samla heilskapsvurderingar. - Ordninga med eigen kontaktperson regionalt fungerer som eit bindeledd og vert positivt vurdert på kommunalt nivå. Tiltak for å gjere Plansamordninga endå betre 25