OPPFØLGING AV BEDRIFTER OG OPPLÆRINGSKONTOR - TAP AV GODKJENNING SOM OPPLÆRINGSBEDRIFT

Like dokumenter
HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

HØYRINGSUTTALE - RAPPORT FRÅ ARBEIDSGRUPPE MED FRAMLEGG OM ENDRINGAR I OPPLÆRINGSLOVA NÅR DET GJELD FAG- OG YRKESOPPLÆRINGA

Ny høring, «Fagbrev på jobb»

NORSK LOVTIDEND Avd. I Lover og sentrale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Strategiplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland

TILSYNSRAPPORT. Fylkeskommunens ansvar for godkjenning, oppfølging og rettleiing av lærebedrifter. Hordaland fylkeskommune

Opplæring av faglege leiarar og instruktørar i lærebedrifter

ENDRINGAR I DELEGASJONSREGLEMENTET FOR HORDALAND FYLKESKOMMUNE

Fylkesutvalet Tom-Christer sette fram slikt forslag:

Informasjon om Lærekandidatordninga. Bedrift. Elev. Skule

Tiltaksplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland 2016

TILTAK FOR Å BETRE KVALITETEN I OPPLÆRING I BEDRIFT

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

Hordaland fylkeskommune - Forvaltningsrevisjon av fagopplæring Prosjektplan/engagement letter

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

EIGENKONTROLL OPPFØLGING

Informasjonshefte for medlemsbedrifter av OK AMB

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Lovvedtak 93. ( ) (Første gangs behandling av lovvedtak) Innst. 336 L ( ), jf. Prop. 72 L ( )

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Yrkesopplæringsnemnda

Høring - rapport fra arbeidsgruppe med forslag om endringer i opplæringslovens bestemmelser om fag- og yrkesopplæringen.

Utdrag fra FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA SÆRSKILTE REGLER FOR FAGOPPLÆRINGA FAG- OG SVENNEPRØVE

Vurderingssamtale. Planlegging og gjennomføring av samtale om personleg og fagleg utvikling i læreforhold (lærlingar og opplæringskandidatar)

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

1. Fagleg støtte. 2. Medverknad. 0.1 Eg jobbar til dagleg i eit opplæringskontor 0.2 Eg jobbar til dagleg i ei bedrift/verksemd med lærling

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Forskrift til opplæringslova Særskilte regler for fag- og svenneprøver

RETNINGSLINE FOR RESERVERTE KONTRAKTAR

Vurderingssamtale. Planlegging og gjennomføring av samtale om fagleg og personleg utvikling i læreforhold (lærlingar og lærekandidatar)

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Lærekandidatordningen i Buskerud fylkeskommune

Elev- og lærlingombod i HFK

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

SKODJE KOMMUNE. Reglement for kontrollutvalet jf. Kommunelova kap. 12 med tilhøyrande forskrift og rettleiar

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

FRÅSEGN TIL HØYRING OM FORSLAG TIL ENDRINGER I PLAN- OG BYGNINGSLOVA

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

ARBEIDSREGLEMENT FOR BJØRNAFJORDEN KYRKJELEGE FELLESRÅD

Yrkesopplæringsnemnda

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Bømlo kommune

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

Godkjenning av to prosjektrekneskap

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

NY ORGANISERING AV OPPLÆRINGSSEKTOREN - HOVUDPROSJEKT

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Forvaltningsrevisjonsrapport FR "Kvalitet i lærebedrifter og oppfølging av lærlingar"

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

Endringar i "Reglement om godtgjersle til folkevalde i Hordaland fylkeskommune"

TILBUDSSTRUKTUR FOR FAGSKOLANE I HORDALAND - TEKNISK FAGSKOLE 2013/14

Seljord kommune. Retningsliner for arbeid med lærlingar i Seljord kommune

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINER FOR INTERN VARSLING AV KRITIKKVERDIGE TILHØVE

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 003/14 14/122 Faste saker 004/14 13/849 Oppfølging rapport barnevern

Nytt fra fagopplæringen og status SRY-rapporten om y-nemndas rolle

VALORDNING FOR STUDENT- OG TILSETTREPRESENTANT I HORDALAND FAGSKULESTYRE

Forvaltningsrevisjon Hordaland fylkeskommune Fagopplæring

Tenk framtid Bli lærebedrift

HØYRING AV FORSLAG OM ENDRINGAR I FORSKRIFT OM TILDELING AV UTDANNINGSSTØTTE FOR

Arbeidsbok (mal for eigenprodusert HMS-dokumentasjon)

Svar på partsbrev - Handlingsplan- Forvaltningsrevisjonen av NDLA 1

Endringar i «Reglement om godtgjersle til folkevalde i Hordaland fylkeskommune"

Oppretting av nye klassar hausten 2015 ved Hordaland helsefagskole

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINER FOR INTERN VARSLING AV KRITIKKVERDIGE TILHØVE

HORDALAND FYLKESKOMMUNE

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Krav til sakshandsaming. Samnanger kommune

SAMARBEID HEIM OG SKULE

RETNINGSLINER FOR BRUK AV PRØVETID

Endringene står i kursiv. Endringer i overskriftene til bestemmelsene står understreket.

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND

Etiske retningslinjer. for. folkevalde og tilsette. i Voss kommune

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

Vedlegg: saksframlegg høring læremiddel.doc; vedak ophe.doc

HØYRING - FORSLAG TIL FORSKRIFT OM KVALIFIKASJONSKRAV FOR PERSONALE I FOLKEBIBLIOTEK

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Fitjar kommune

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Prosedyrar og rettleiar for NSSU

Godkjenning av tre prosjektrekneskap

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

- Retningslinjer for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

TILSYNSRAPPORT. Opplæringsloven. Fylkeskommunens ansvar for godkjenning, oppfølging og veiledning av lærebedrifter

Naustdal kommune Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 19/12 26/12

YRKESOPPLÆRINGSNEMNDA I HEDMARK FOR PERIODEN

Transkript:

HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201100051-5 Arkivnr. 545 Saksh. Fredheim, Ole G. Saksgang Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 29.03.2011 OPPFØLGING AV BEDRIFTER OG OPPLÆRINGSKONTOR - TAP AV GODKJENNING SOM OPPLÆRINGSBEDRIFT SAMANDRAG Under handsaming av melding 1 og 2 i møte i Y-nemnda 2. februar 2011 ble følgjande vedteke: Yrkesopplæringsnemnda ber om at fagopplæringskontoret utarbeider sak om hvilke kriterier som skal legges til grunn for å frata en lærebedrift godkjenningen som opplæringsbedrift Å ta frå bedrifter/opplæringskontor godkjenninga som opplæringsbedrift er svært vanskjelege og kompliserte saker som involverer både bedrift og lærling. Svært mange bedrifter har gode system, eit godt opplæringsmiljø og driv ein god opplæring. Likevel er det unnatak frå dette. Når fagopplæringskontoret går ut på bedriftsbesøk for å sjå til at det vert drive opplæring og at system er på plass, finn vi ofte at så ikkje er tilfelle. Det skjer også at lærlingar tek kontakt med fagopplæringskontoret og klagar på både opplæringsmiljøet og på opplæringa. Det hender at forholda fører til sjukemelding for lærlingen. På bakgrunn av dette og det vedtaket som Yrkesopplæringsnemnda gjorde i møte den 2. februar har fagopplæringskontoret utarbeid kriterier (retningsliner) for korleis vi skal gå fram ved besøk i bedrifter og opplæringskontor. Hovudvekt ved slike besøk er lagt på den innleiande fasen kor vi har god dialog med bedrift/opplæringskontor og at dei retter opp dei avvika som vert peikt på. Dei fleste bedriftene forstår dette og ønskjer å følgje opp lov/forskrifter. Bedrifter som ikkje rettar opp forholda er fagopplæringskontoret forplikta til å følgja opp på ein aktiv måte. Om bedriftene ikkje rettar opp dei avvik som er påtala må fagopplæringskontoret følgje retningslinene heilt ut og fremme sak om tap av godkjenning til Y-nemnda. Sak som vert fremma for yrkesopplæringsnemnda vil då være basert på ein konkret vurdering. Det vil for fagopplæringskontoret være 1

ein god støtte å ha slike retningsliner i sakshandsamingen. For Yrkesopplæringsnemnda vil det og være ein styrke å vite kva fagopplæringskontoret har gjort og kva vurderingar som ligg til grunn når dei skal handsame og gje råd i slike saker. FORSLAG TIL INNSTILLING Yrkesopplæringsnemnda godkjennar utarbeida retningsliner for Oppfølging av bedrifter og opplæringskontor tap av godkjenning som opplæringsbedrift Paul M.Nilsen Inger Øvsthus Tønder Vedlegg: 2

FYLKESRÅDMANNEN, 15.03.2011: Under handsaming av melding 1 og 2 i møte i Y-nemnda 2. februar 2011 ble følgjande vedteke: Yrkesopplæringsnemnda ber om at fagopplæringskontoret utarbeider sak om hvilke kriterier som skal legges til grunn for å frata en lærebedrift godkjenningen som opplæringsbedrift Godkjenning av lærebedrift Når det gjeld godkjenning av lærebedrift er dette regulert i Opplæringslovens 4-8. andre ledd: Fylkeskommunen skal leggje fram for yrkesopplæringsnemnda saker som har betydning for fagog yrkesopplæringa, før fylkeskommunen gjer vedtak i saka. Saker om godkjenning av lærebedrifter, tap av godkjenningar og kvalitetssystemet for fag- og yrkesopplæringa skal alltid leggjast fram for nemnda. Fylkeskommunen skal leggje vekt på det yrkesopplæringsnemnda har vedteke eller uttalt når han avgjer saker som gjeld fag- og yrkesopplæringa. I samband med godkjenning av lærebedrift eller vedtak om tap av godkjenning skal fylkeskommunen leggje avgjerande vekt på den faglege vurderinga frå yrkesopplæringsnemnda, jf. 4-3 Den faglege vurderinga og godkjenning av bedrifter som er tillagt Yrkesopplæringsnemnda etter forskriftene til opplæringslovens 12-4 siste ledd, er delegert til fagopplæringssjefen: Yrkesopplæringsnemnda kan gi fylkeskommunen fullmakt til å gjere den faglege vurderinga av bedrifter eller til å utføre andre oppgåver som etter lov eller forskrift er lagde til yrkesopplæringsnemnda Delegasjonen er gjort på bakgrunn av at bedrifter raskt kan få sin godkjenning. Er fagopplæringskontoret i tvil om at godkjenning kan gjevast kan ein gjere bruk av yrkesutvala (prøvenemnda) sin ekspertise, og/eller be om at det utarbeidast ein plan for intern opplæring i h. h. til kompetansemåla i læreplanen. Liste over godkjende bedrifter vert lagd fram for Yrkesopplæringsnemnda. Oppfølging av bedrifter og opplæringskontor - Tap av godkjenning som opplæringsbedrift Tap av godkjenning som opplæringsbedrift er nedfelt i forskriftene til opplæringslova 11-5 kor det står: Fylkeskommunen kan dra godkjenninga som lærebedrift attende dersom lærebedrifta ikkje lenger oppfyller krava i opplæringslova eller denne forskrifta. Lærebedrifta må ha ny godkjenning dersom det er gått meir enn to år frå siste avslutta lærekontrakt eller opplæringskontrakt Når det gjeld tap av godkjenning som lærebedrift er dette vanskjelege saker å handsame. Både bedrift og lærling kan bli skadelidande alt etter kva tiltak fagopplæringskontoret sett i verk. Det er difor viktig at ein følgjer vedtekne prosedyrar som gjer at fagopplæringskontoret også er ein servicebedrift og kor vi yter naudsynt hjelp til bedrifter/opplæringskontor. Mange bedrifter har liten kunnskap om læreforholda og kva formelle ting som må være på plass gjennom læretida. For dei blir dette ein jobb som skal gjerast til liks med mykje anna som skjer i bedrifta. Tilsette på fagopplæringskontoret har brei kunnskap om lover og forskrifter som regulerar læreforholda og kan difor hjelpe bedriftene på ein positiv måte. Eit slikt oppfølgingsarbeid ligg nedfelt i opplæringslova, og er særs viktig for at kvaliteten i opplæringa skal bli betre. Via eit slikt oppfølgingsarbeid kjem ein nokon gonger over bedrifter som ikkje har gode nok system, eller ikkje har system for opplæringa i det heile. Vi avdekker også særs dårlege opplæringsmiljø, enten ved at vi 3

kjem på besøk eller at lærlingar tek kontakt med fagopplæringskontoret. Slike bedrifter treng god hjelp for at dei skal kome på offensiven og få retta opp avvika dei har. Men det skjer diverre at bedrifter verken kan eller vil lytte til den kunnskap vi vil gje dei om korleis opplæringsforholda/systema skal/må være. Dei ønskjer ikkje å rette opp avvika eller rette seg etter dei pålegg vi gjer dei. Slike bedrifter er ikkje gode opplæringsbedrifter, noko som går ut over opplæringa til den einskilde lærling. Slike bedrifter kan vi ikkje ha som godkjende opplæringsbedrifter Yrkesopplæringsnemnda har difor vedteke at fagopplæringskontoret utarbeider kriterier (retningsliner) for korleis administrasjonen skal gå fram om ein må gå til det skritt å frata ein bedrift godkjenninga som lærebedrift. I retningslinene har vi vektlagt den jobben fagopplæringskontoret må gjere som servicebedrift slik at avvika i den einskilde bedrift kan rettast opp. Det er dette innleiande arbeidet som er viktig for at vi kan få med oss bedriftene på ein positiv måte. Det er i samspelet mellom fagopplæringskontoret som forvaltar og bedriftene/opplæringskontora som har det daglege ansvaret med opplæringa i bedrift, at vi kan få til dei gode opplæringsbedriftene. Med betre oppføljing og kunnskapsoverføring til bedriftene er det og god von om at ein på sikt kan få til god kvalitetsheving innan fag- / og yrkesopplæringa også på dette feltet. I merknadene frå Utdanningsdirektoratet, rundskriv Udir 3/08 til 11-5 har Udir kommentert tap av godkjenning slik: Ikke et hvert brudd på opplæringsloven eller forskriftene til opplæringsloven skal føre til tap av godkjenning. Det må bero på en konkret vurdering, herunder uttalelsen fra Yrkesopplæringsnemnda, om godkjenninga skal trekkes tilbake Dette er med på å stadfeste den vektinga fagopplæringskontoret legg på å yte service til bedriftene i slike saker. Må ein likevel gå til det skritt at ein må følgje retningslinene heilt til endes, ( for bedrifter som verken kan eller vil innordne seg lov/avtaleverk) kan vi med slike retningsliner klart dokumentere kva jobb fagopplæringskontoret har gjort. Sak som då vert fremma for yrkesopplæringsnemnda vil være basert på ein konkret vurdering. Det vil for fagopplæringskontoret difor være ein god støtte å ha slike retningsliner i sakshandsamingen. For Yrkesopplæringsnemnda vil det og være ein styrke å vite kva fagopplæringskontoret har gjort og kva vurderingar som ligg til grunn når dei skal handsame og gje råd i slike saker. Forslag til kriterier (retningsliner) er som følgjer: 4

Kriterier og prosedyrer i samband med tap av godkjenning som lærebedrift/opplæringskontor 1. Fagopplæringskontoret har ikkje tilsyn med lærebedrift, men skal sjå til at bedrifter/ opplæringskontor driv med opplæring i samsvar med opplæringslova og forskriftene. Oppl. 4-2, 4-3, 4-4, 4-5 og 4-7. - FOR. 3-4, 3-11 og 3-14. 2. Særleg viktig er det at bedrifter/opplæringskontor har system som er i samsvar med opplæringslova. Oppl. 4-4, 4-5, 4-6 og 4-7. FOR 3-11, 3-14 og 3-16. 3. Det må m.a. gjerast greie for kvifor det er viktig at bedrifter/opplæringskontor har utarbeid ein intern plan for opplæringa, at halvårssamtalar vert gjennomførde og kven det er som skal gjennomføra desse. Kompetansemåla i læreplanen er her sentrale. Oppl. 4-2 og 4-4. FOR 3-1, 3-14 og 3-16. Det er også viktig at me får samtala med lærlingane. På opplæringskontora tek vi stikkprøvar då me ikkje har høve til å snakka med alle lærlingane. (Sjå elles pkt. 11). 4. Ved avvik må me rettleia om korleis opplæringa praktisk kan gjennomførast og om korleis system skal virka. I denne samtalen må vi også opplysa om at me aktivt vil følgja opp undervegs (ta kontakt med lærebedrift/opplæringskontor) og stilla oss til disposisjon, slik at dei kan få hjelp til å retta opp avvika. Det er svært viktig at Fagopplæringskontoret har ein god og konstruktiv dialog med lærebedrift/opplæringskontor i denne fasen, t.d. ved besøk eller kontakt på telefonen. 5. Rapport om besøket (også avviksrapport) skal registrerast i VIGO-fag under veiledning. Rapport skal også sendast til vedkomande bedrift/opplæringskontor. 6. Avviksrapport skal følgjast opp med skriv til bedrift/opplæringskontor med frist til å retta opp avvika innan 6 veker. 7. PURRESKRIV 1. Blir avviket ikkje retta opp innan fristen (svar frå bedrift/opplæringskontor uteblir), skal dette følgjast opp med nytt skriv der ein purrar på oppretting av avvika. Ny frist vert fastsett til: 3 veker. I dette skrivet må Fagopplæringskontoret på nytt stilla seg til disposisjon for bedrift/opplæringskontor om desse har trong for hjelp. (NB! Me kan ikkje gjera jobben for bedrift/opplæringskontor, men bruka våre ressursar slik at bedrift/opplæringskontor kan få naudsynt hjelp). 8. PURRESKRIV 2. Viss heller ikkje denne fristen vert overhalden, følgjer Fagopplæringskontoret opp med nytt skriv med varsel om at tap av godkjenning som opplæringsbedrift blir vurdert. Skriv frå fylkesmannen om bortfall av rettar som opplæringsbedrift/opplæringskontor må leggjast ved. Det må her også gå fram at Fagopplæringskontoret vil stoppa inntak av nye lærlingar. Ny kort frist for tilbakemelding vert fastsett til: 2 veker. 9. SKRIV VEDKOMANDE OPNING AV SAK. Hjelper ikkje dette, må Fagopplæringskontoret senda ut nytt skriv der det går fram at sak vedkomande vurdering om å frata bedrift/opplæringskontor godkjenning er opna, og vil bli fremja for Yrkesopplæringsnemnda i møte på ein fastsett dato. FOR. 11-5. Bedrift/opplæringskontor må her bli oppfordra til å koma med sine synspunkt/innspel i saka innan 3 veker 5

10. Saka vert fremja for Y-nemnda. Viss bedrifta har kome med skriftlege synspunkt innan ovannemnde frist, må også desse vurderast/leggjast inn i saka. 11. Y-nemnda handsamar sak om tap av godkjenning som opplæringsbedrift. ----------------------------------------------------------------------------------------------------------- 12. Årsrapport. Forskrifta 11-3 skal svarast på innan oppgitte fristar. Avvik skal følgjast opp med skriv kor uttale frå Fylkesmannen ligg vedlagt. Også oppfølging via telefon. Svarar ikkje bedrift/opplæringskontor på årsrapport og dette skjer fleire gonger, må det være mogeleg å følgja opp saka med tiltak etter punkt 9. og eventuelt punkt 10. -------------------------------------------------------------------------------------------------------------- 13. Opplæringsmiljø. Får fagopplæringskontoret opplysningar om negative opplæringsmiljø i bedrift/opplæringskontor, må fagopplæringskontoret ta kontakt og avtala besøk. Personalet på fagopplæringskontoret må her opptre med konduite ikkje ta stilling til noko før alle partar har uttalt seg. Fagopplæringskontoret har lita røynsle/bakgrunn med slike arbeidsmiljømessige forhold. I mange tilfelle må det difor være mogeleg å kunne tilby hjelp frå OT/PPT om bedrift/opplæringskontor og lærling/lærekandidat ønskjer dette. Fagopplæringskontoret sin involvering i slike saker må være å yte hjelp for å berge forholdet mellom bedrift/lærling før forholda vert så negative at ein ikkje lenger maktar å rette dette opp ( tidleg på bana ). Er saka alvorleg og skuldast bedrift/opplæringskontor, må det være mogeleg å følgja opp med tiltak etter punkt 9. og eventuelt punkt 10. --------------------------------------------------------------------------------------------------------- 14. Innspel frå prøvenemndene. Fagopplæringskontoret får stundom attendemelding frå prøvenemndene vedkomande manglar i opplæringa. Det kan være manglar av materiell og utstyr slik at lærlingen ikkje har nådd kompetansemåla i læreplanen, og det kan være generelt dårleg opplæring i bedrifta. Slike saker går sterkt ut over den einskilde lærling. Får vi slike meldingar må prøveadministrasjonen gripe fatt i dette, gjerne i eit samarbeid med bedriftsgruppa, slik at fagopplæringskontoret kan følgje opp slike bedrifter. Med det som gjeld materiell, utstyr, maskiner og liknande vil det være nyttig om yrkesutvalet kjapt kan følgje opp å gje innspel til fagopplæring. Her må ein kunne følgje opp saka etter punkt 9. og eventuelt punkt 10. om ein ikkje får til forbetringar i bedrifta. 6

Vedlegg 1 Eksempel på kva fagopplæringskontoret må vurdere når lærebedrifter ikkje følgjer opp. Eit eller fleire av desse punkta kan føre til tap av godkjenning som lærebedrift. Då etter ei samla vurdering og oppfølging etter kriteriene (retningslinene) Innehar bedrifta godkjenning i høve sertifisering/ autorisasjonskrav og har den produksjon og utstyr som trengst i hen hald til fagets læreplan? Har bedrifta ein fagleg kvalifisert person som skal være faglig leiar? - Har fagleg leiar oversikt over lærlingen sitt arbeid (Arbeidsoppgåvene til faglig leder). Sikring av opplæring ved etablering av intern kvalitetssikring for å sikre at opplæringa skjer i samsvar med lov og forskrifter. Lærlingen skal dokumentere opplæringa. At bedrifta kvar halvår skal ha samtaler med lærlingen/lærekandidaten og gje ein skriftleg vurdering om korleis lærlingen/lærekandidaten ligg an i høve til opplæringa og opplæringsplanen. Lærebedrifta har utarbeida og bruker intern opplæringsplan som viser plan for opplæringa Årlig rapportering til fylkeskommunen. Arbeidsavtale for lærlingen/lærekandidaten som arbeidstakar i bedrifta. At lærebedrifta skal skape eit godt arbeids- og læremiljø. (Opplæringsmiljø) Innhaldet i fagets læreplan. Bedrifta sitt ansvar overfor lærling/lærekandidat og fylkeskommune. Følgjer bedrifta arbeidsmiljøloven (Regler for lønn, ferie, arbeidstid, arbeidskontrakt, hms o.s.v.) At det vert satt av tid til opplæring og øving Historikk: Mengde produserte fagbrev vs. lærlingar som har vore i bedrifta/ hevingar/stryk Bekymringsmelding frå lærling sjølv, opplæringskontor, prøvenemnda, fagforeining, foreldre (ev. andre) Lærlingen er sjukemeldt grunna arbeidssituasjonen (her under også opplæringsmiljøet) Læretid som er utgått og kor lærling ikkje er oppmeld til fagprøve Læretid som er utgått og kor lærling ikkje har avlagd fagprøve 7

Skjematisk oversikt over: Oppfølging av bedrifter og opplæringskontor Tap av godkjenning som opplæringsbedrift Vedlegg 2 B R E V Ev. tap av godkjenning B Handsaming i R Y- nemda E Internt: V Informasjon på B kontormøte R Varsel om mogeleg tap av E godkjenning samt stopp i V inntak av nye lærlingar. Registrerast i VIGO Purring B Oppfølging R Veiledning E Oppfølging V Service/ Hjelp Veiledning Rapport B Avviksrapport R Registrerast i VIGO (veiledning) E Dialog V Veiledning Service Brev om besøk