2. Tydeleggjering av at undervegsvurdering er ein del av den samla vurderinga når standpunktkarakteren vert fastsett.

Like dokumenter
OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saksnr. Møtedato Opplærings- og helseutvalet

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Sluttvurdering. Fagdag for lærere og ledere Fredfoss, 7. februar Hva er sluttvurdering?

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringsloven gjøres følgende endringer:

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

EKSAMEN 2018 KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Forslag til forskriftsendringer med merknader

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Oppsummeringen fra 2013 ble publisert denne uka på vår nettside. Vi hadde i 2013 noen flere saker enn året år, og noen av sakene var tidkrevende.

Velkommen til fagdag om standpunktvurdering VGS. Molde 2. februar 2017

Rapport frå Fylkesutdanningssjefen

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Standpunktkarakterar 2016

Velkommen til fagdag om standpunktvurdering. Molde 1. februar 2017

Inneholder kompetansemål ved utgangen av 10. trinn Ikke metoder eller emner i K06. Overlatt til hver enkelt skole. Forslag til tema og arbeidsmåter.

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

EKSAMEN 2018 KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT

Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til eleven, lærlingen og lærekandidaten ved avslutninga av opplæringa i faget...

Forslag til endringer i forskrift til opplæringsloven med merknader

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

I dette rundskrivet finn du informasjon om innføring av valfag på ungdomstrinnet.

Rapport om klage på standpunktkarakter

VELKOMMEN TIL WANG. Vi hjelper deg til å lykkes og vi inspirerer deg på veien! Vilhelm Lae Rektor, WANG Oslo

Høringsuttalelse. Forslag til endringer i bestemmelser om vurdering og innføring av fraværsgrenser

STANDPUNKTKARAKTER 2015

Rogaland fylkeskommune. Opplæringsavdelingen

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

EKSAMEN 2019 KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT

Høring om plikt til tidlig innsats i skolen (saksnr. 17/2988)

Høring om vurdering og fraværsgrenser

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

HAUGESUND TOPPIDRETTSGYMNAS

Høring - forslag til endringer i bestemmelser om vurdering og innføring av fraværsgrenser

Avklaring av omgrep i kapittel 3 i forskrift til opplæringslova om samtalar med elevar og føresette

Melding om administrative endringar i lokal forskrift om inntak og formidling

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Endringer i forskrift til opplæringsloven kapittel 3: Individuell vurdering i grunnskoler og videregående opplæring

Foreldremøte hausten Fråvær. Vurdering. Varsel. Eksamen. Dokumentasjon. Klagerett.

STANDPUNKTKARAKTER 2011

Fra forskrift til klasserom Fagsamling om standpunktvurdering og lokalt læreplanarbeid Lillehammer hotell, 20. og 21. oktober

Sentrale paragrafar i Forskrift til opplæringslova: Kapittel 5. Klage på vurdering

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Skuleåret 2017/2018.

En ærverdig og sprek skole

Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

STANDPUNKTKARAKTER 2015

Fravær fra pliktig grunnskoleopplæring - rutiner for registrering og dokumentering

STANDPUNKTKARAKTER 2016

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:

Fylkesmannen i Hordaland

Vestfoldstandard vurdering

VELKOMMEN TIL WANG. Vi hjelper deg til å lykkes og vi inspirerer deg på veien! Vilhelm Lae Rektor, WANG Oslo

Fylkesmannen i Rogaland Utdanningsavdelinga. Standpunktkarakterar. Statistikk og klagehandsaming 2015

Endringer i forskrift til friskoleloven kapittel 3: Individuell vurdering i grunnskoler og videregående opplæring

Vedlegg 5: Bestemmelser i opplæringsloven og forskrift til opplæringslov

Forskrift til opplæringslova

STANDPUNKTKARAKTER 2015

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

Vurdering i praktisk- estetiske fag

STANDPUNKTKARAKTER Rettleiing ved handsaming av klage i grunnskulen

RETNINGSLINJER FOR VURDERING

Høringsuttalelse til forslag til endringer i bestemmelser om vurdering og innføring av fraværsgrenser i skolen

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Fylkesmannen i Hordaland

Individuell vurdering

Ein tydeleg medspelar. Standpunktkarakterar. Rettleiing i behandling av klage på standpunktkarakterar i vidaregåande opplæring

N OU 2016: 14 Høyring - Meir å hente. Betre læring for elevar med stort læringspotensial

STANDPUNKTKARAKTER 2018

NORSK LOVTIDEND Avd. I Lover og sentrale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

STANDPUNKTKARAKTER Rettleiing ved handsaming av klage i grunnskulen

Saksprotokoll. Arkivsak: 11/794 HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN

Minoritetsspråklege søkarar/ elevar

Forskrift til opplæringslova

Møte i Bergen kommune 10. mai Tema Regelverk for standpunktkaraktersetjing, inkl. klage

VURDERING FOR LÆRING HASVIK KOMMUNE. Plan for underveisvurdering i

VELKOMMEN TIL MØTE OM EKSAMEN OG VURDERING

Høyring - endringar i forskrift til friskulelova m.m.

Lov- og avtalesystemet

Informasjon om fritak fra vurdering med karakter

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Retningslinjer for vurdering

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune. Gjeld frå

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

INDIVIDUELL VURDERING I GRUNNSKOLEN

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel

I kapittel 2 skal hjemmelshenvisningen endres til friskolelova 7-2 tredje ledd.

Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd)

Velkommen. til fagdag om. Standpunktvurdering. 2. mars 2017 Jarlsberg Konferansesenter AS

STANDPUNKTKARAKTER 2017

Foreldremøte Stortangen skole 11.mai 2016 Foreldre i neste skoleårs 8.årstrinn

Inntak ORIENTERINGSMØTET 14.01

Standpunktvurdering i Møre og Romsdal

OPPLÆRINGSAVDELINGA Fellestenester - OPPL AVD

Saksnr Utval Møtedato Ud-6/12 Utdanningsutvalet

Høyring Ny forskrift om ansvar for utgifter til spesialpedagogisk hjelp for barn under opplæringspliktig alder

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

Høyringsframlegget til lokal inntaksforskrift er drøfta med rådgivarar og leiargruppa.

Transkript:

Side 1 av 7 Saksframlegg Saksbehandlar: Kenth Rune T. Måren, Opplæringsavdelinga Sak nr.: 15/3275-2 Høyringsfråsegn - framlegg til endringar i avgjersle om vurdering og innføring av fråværsgrenser. Fylkesdirektøren rår hovudutvalet for opplæring til å gjere slikt vedtak: 1. Høyringsfråsegna om endringar i avgjersle om vurdering og innføring av fråværsgrenser vert vedteken slik det går fram av konklusjonar/tilrådingar i saksframstillinga, del 1, 2 og 3. Vedlegg: SAKSFRAMSTILLING Utdanningsdirektoratet sendte 25.02.2015 ut på høyring ei rekke framlegg til endringar i opplæringslova med tilhøyrande forskrift. Høyringa har bakgrunn i oppdragsbrev 18-14 frå Kunnskapsdepartementet. Høyringsfristen er sett til måndag 27. april 2015. Komplett oversikt over høyringsnotatet med tilhøyrande underlag kan hentast her: https://hoering.udir.no/hoering/24 Høyringa er sendt både til skulane og til skuleeigarar. Fylkesdirektøren har invitert Ungdomspolitisk utval og Elevorganisasjonen til å kome med innspel til fråsegna. Ingen har meldt synspunkt attende. Høyringa er tredelt: 1. Innføring av fråværsgrense knytt til timefråvær i fag Framlegget inneheld tre ulike alternativ for ei sentral fastsett fråværsgrense. To av desse gjeld alt fråvær, med ei grense på anten 10 eller 15 prosent, med nokre unnatak. Ein modell gjeld 5 prosent ikkje dokumentert fråvær. I tillegg ber utdanningsdirektoratet også om ei uttale på om eventuell fråværsgrense heller bør fastsettast lokalt, og om det i tillegg til, eller i staden for ei fråværsgrense bør innførast eit oppfølgingssystem for fråvær. 2. Tydeleggjering av at undervegsvurdering er ein del av den samla vurderinga når standpunktkarakteren vert fastsett.

Side 2 av 7 Utdanningsdirektoratet ber om uttale på framlegget som skal tydeleggjere at undervegsvurderinga er ein del av den samla vurderinga læraren gjer når standpunktkarakteren vert sett. Utdanningsdirektoratet spør også om det bør forskriftsfestast at siste halvårskarakter skal utgjere ein bestemt prosentdel av standpunktkarakteren. Desse reglane vil gjelde både i ungdomsskulen og i vidaregåande skule. 3. Å gjere regelverket om vurdering meir oversiktleg og tydeleg Utdanningsdirektoratet kjem med framlegg til endringar som skal gjere regelverket om vurdering meir oversiktleg og tydeleg. Direktoratet ber også om framlegg til endringar som vil kunne frigjere tid for lærarane og/eller skuleleiinga. Denne delen av høyringa er todelt, ein del med framlegg om realitetsendringar i regelverket, og ein del med framlegg til språklege og tekniske endringar. Endringane som er sendt på høyring, skal etter planen innførast frå og med 1. august 2015. Høyringa har om lag 60 små og store spørsmål knytte til ulike sider ved fråvær, vurdering og dokumentasjon. Fylkesdirektør for opplæring har særleg sett på punkt 1 og 2 i denne saka. Del 1: Innføring av fråværsgrense knytt til timefråvær i fag Høyringsnotatet omtalar to hovudmodellar for fastsetjing av fråværsgrense. 1.1. Den eine av hovudmodellane viser tre ulike alternativ for ei sentralt fastsett fråværsgrense. To av desse gjelder alt fråvær med ei grense på anten 10 eller 15 prosent, men med nokre unntak. Ein modell gjeld 5 prosent ikkje dokumentert fråvær. 1.2. Den andre hovudmodellen legg opp til ei lokalt fastsett fråværsgrense, eller å innføre eit oppfølgingssystem for fråvær. Framlegget om fråværsgrenser rettar seg berre mot elevar i vidaregåande skule, ikkje elevar i grunnskulen. Fråværsgrensa vil heller ikkje gjelde for lærlingar eller lærekandidatar. Desse er omfatta av arbeidsmiljølova, og må halde seg til inngått avtale og bedrifta sine reglar for fråvær. Høyringa vurderer heller ikkje å innføre fråværsgrense i kap. 4 som omhandlar individuell vurdering av vaksne. Hovudmodell 1 Det vert foreslått eit nytt fjerde ledd til forskrift i opplæringslova 3-3. «I vidaregåande skole skal læraren normalt ikkje gi eleven halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter ved fråvær i meir enn [x] prosent av timane i faget. Eleven skal likevel få vurdering med karakter i faget dersom den største delen av fråværet på [x] prosent kjem av dokumenterte helsegrunnar, og læraren har tilstrekkeleg grunnlag til å vurdere elevens kompetanse. «Samtidig er det framlegg om å ta vekk kravet om at læraren må legge til rette for å få tilstrekkelig vurderingsgrunnlag, medan elevane si plikt til å møte fram til timane og delta aktivt i opplæringa framleis skal stå i forskrifta.

Side 3 av 7 «I vidaregåande skole skal læraren ikkje gi eleven halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter ved fråvær i meir enn [x] prosent av timane i faget. Rektor kan gjere unntak frå dette om årsaka til fråværet gjer det klart urimeleg ikkje å gi eleven vurdering med karakter» «Elevar i vidaregåande skole som har meir enn 5 prosent fråvær som ikkje kan dokumenterast frå timane i eit fag, skal normalt ikkje få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i faget. Fråværet er dokumentert viss eleven legg fram dokumentasjon på at fråværet skyldast ein eller fleire av grunnane i 3-47 femte ledd.» Framlegget frå utdanningsdirektoratet har og fleire modellar for fråtrekk for sjukdom og anna fråvær. av hovudmodell 1: Fag- og timefordelinga i vidaregåande opplæring viser tal timar som elevane skal ha i dei ulike faga. Tabellen under viser når fråværsgrensa i fag ved ulikt timetal er nådd. I læreplanen og i høyringsframlegget nyttar ein 60 min. einingar. Tabellen nedanfor viser 45-minutters einingar, då dei fleste skulane framleis nyttar slik timeinndeling for elevane. Tabellen er meint å gje eit bilete av kva fråværsprosenten utgjer i praksis, dvs. i tal timar per fag. Dersom elevar har stort fråvær i enkeltfag, vil læraren kunne ha eit manglande vurderingsgrunnlag for å vurdere eleven sin kompetanse i faget. Fag med lågt årstimetal vil ved innføring av ei prosentgrense for fråvær vere svært utsette i høve vurderingsgrunnlag. Årstimar 60 min. Læreplan Års timar 45 min einin g Snitt veketi mar 45 min eining Totalt timar i 1.term in 45 min eining Fråværsgrense for 1.termin er nådd etter tal 45 min eining: Årstimar i faget 45 min eining Fråværsgrense for standpunktkarakter er nådd etter tal 45 min eining: «x timars fag» 5% 10% 15% 5% 10% 15% 56 75 2 37 2 4 6 75 4 8 11 84 112 3 56 3 6 8 112 6 11 17 113 151 4 75 4 8 11 151 8 15 23 140 187 5 93 5 9 14 187 9 19 28 168 224 6 112 6 11 17 224 11 22 34 197 263 7 131 7 13 20 263 13 26 39 253 337 9 169 8 17 25 337 17 34 51 337 449 12 225 11 22 34 449 22 45 67 Tabellen viser at til dømes 3 og 4 timars-fag vil akseptere lite fråvær for at læraren skal ha tilstrekkeleg vurderingsgrunnlag.

Side 4 av 7 Utfordringa med elevfråvær er ikkje av ny dato. Det er forska lite på fråvær i vidaregåande opplæring. Den forskinga som er gjort er som regel knytt opp mot fråfallsproblematikk. Forskinga viser at årsakene til at elevar har høgt fråvær, er svært samansette. Fleire av dei vidaregåande skulane organiserer timeplanen med doble økter, og/eller heile fagdagar. Tanken bak ei slik organisering er at elevane kan jobbe uavbrote med større prosjekt eller tema. Denne organiseringa vert òg nytta for å avvikle større prøvar i faga. Med ei slik organisering vil fråværet kunne få store konsekvensar for elevane sitt vurderingsgrunnlag sidan fag kan ha mange timar på einskilddagar. Ei prosentgrense vil derfor kunne få uheldige utfall i nokre tilfelle. Fylkesdirektøren ser positivt på at det vert sett fokus på fråvær og på tiltak som kan få elevane til å møte til undervisninga. Fylkesdirektøren er i tvil om at innføring av fråværsgrense er rette tiltaket i arbeidet med å få fleire til å gjennomføre vidaregåande opplæring. Fylkesdirektøren rår hovudutval for opplæring til å ikkje støtte framlegget om å innføre ei prosentgrense knytt til timefråvær i fag, slik framlegget i høyringa seier. Hovudmodell 2 I modellen ber utdanningsdirektoratet om vurderingar på innføring av ei lokalt fastsett fråværsgrense eller om det bør innførast eit system for oppfølging av fråvær. I vidaregåande skole kan fylkeskommunen fastsette forskrifter om ei øvre grense for kor mykje fråvær elevar kan ha om dei skal få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i fag. Grensa kan ikkje setjast til under [x] prosent av timane i faget. I eit nytt fjerde ledd er føreslege å ta inn ein moglegheit for fylkeskommunen som skuleeigar å sette ei lokal fråværsgrense. Fylkesdirektøren meiner at ved å innføre ei lokalt fastsett fråværsgrense vi det bli stor ulikskap mellom dei ulike fylka. Eleven, lærlingen og lærekandidaten skal møte fram og delta aktivt i opplæringa slik at læraren og instruktøren får grunnlag til å vurdere eleven, lærekandidaten sin kompetanse i faget. Stort fråvær eller andre særlege grunnar kan føre til at læraren ikkje har tilstrekkeleg grunnlag for å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter. Skolen skal følgje opp fråværet til elevane, jf. 22-2. Framlegget samsvarer ei vidareføring av dagens tekst, med unntak av siste punktum. Fylkesdirektøren meiner at ved å innføre ei lokalt fastsett fråværsgrense vi det kunne bli stor ulikskap mellom dei ulike fylka i korleis fråvær vert handsama.

Side 5 av 7 Gjennom «NY GIV» prosjektet og «Prosjekt for auka gjennomføring» har fylkesdirektøren hatt stort fokus på årsaker til at elevar ikkje gjennomfører vidaregåande opplæring. Ei av hovudårsakene til at elevar ikkje gjennomfører er manglande vurderingsgrunnlag i fag grunna fråvær. Ei rekke førebyggande og tilbakeførande tiltak har hatt god effekt og fleire elevar gjennomfører. Mindre elevfråvær i den vidaregåande skulen Fylkesdirektøren er positiv til at systemet for tettare oppfølging av elevar med høgt fråvær vert forskriftfesta Fylkesdirektøren rår hovudutval for opplæring til å ikkje støtte framlegget om å innføre ei lokalt fastsett fråværsgrense. Fylkesdirektøren rår hovudutval for opplæring til å støtte framlegget om å innføre eit system for oppfølging av fråvær ved dei vidaregåande skulane. Del 2 Tydeleggjering av at undervegsvurdering er ein del av den samla vurderinga når standpunktkarakteren vert fastsett. I denne delen av høyringa kjem utdanningsdirektoratet med framlegg om å gjere forskriftsendringar for å tydeleggjere at undervegsvurderinga har følgje for standpunktkarakteren. Utdanningsdirektoratet kjem med framlegg der det går klart fram at kompetanse som eleven viser undervegs i opplæringa, er ein del av den samla vurderinga læraren gjer når standpunktkarakteren vert fastsett. Gjeldande forskrift slår fast at standpunktkarakter er karakter som blir gitt ved avslutning av opplæringa i fag, jf. læreplanverket, og som skal førast på vitnemålet. Standpunktkarakteren må baserast på eit breitt vurderingsgrunnlag som samla viser kompetansen eleven har i faget, jf. 3-3 I forskrifta står det at undervegsvurdering skal brukast som reiskap i læreprosessen, som grunnlag for tilpassa opplæring og bidra til at eleven aukar kompetansen sin i fag, jf. 3-2. Undervegsvurderinga skal innehalde grunngitt informasjon om kompetansen til eleven og skal givast som meldingar med sikte på fagleg utvikling. Utdanningsdirektoratet gjer framlegg om at noverande 3-16 får nytt innhald. Framlegg til ny paragraf er: 3-16 Samanhengen mellom undervegsvurderinga og standpunktkarakteren i fag Undervegsvurderinga skal fremme læring og gi eleven høve til å forbetre kompetansen sin gjennom opplæringstida i faget. Den kompetansen eleven har vist undervegs i opplæringa er ein del av grunnlaget for vurderinga når standpunktkarakteren i fag skal fastsetjast, jf. 3-3 og 3-18. Utdanningsdirektoratet grunngir denne endringa med at det skal gå klart fram at den informasjonen læraren får om kompetansen til eleven i løpet av opplæringa, er ein del av grunnlaget for vurderinga når standpunktkarakteren i fag skal fastsetjast.

Side 6 av 7 Fylkesdirektør for opplæring vurderer denne endringa som positiv fordi den kan motivere elevane til å vere meir delaktive i læringsprosessen. Endringa kan og motivere til mindre fråvær fordi auka innsats og frammøte vil gje følgjer for sluttvurderinga. Den nye paragrafen kan og føre til at elevar som møter og er aktive i undervisninga, får eit breiare grunnlag for eigenvurdering og til å få kompetansen sin vurdert av lærar. Fylkesdirektøren rår hovudutval for opplæring til å støtte framlegget om å ta vekk gjeldande 3-16 og erstatte med ny 3-16 Samanhengen mellom undervegsvurderinga og standpunktkarakteren i fag Del 3: Gjere regelverket om vurdering meir oversiktlig og tydeleg Denne delen av høyringa omfattar 26 punkt. Punkt 2 til 10 er endringar av vesentleg art og vil kunne påverke skulekvardagen. Punkt 12 til 25 er endringar av meir teknisk art og meint å forenkle regelverket. Fylkesdirektøren har i denne saka valt å ha særleg merksemd på punkta 2, 4 og 6. Punkt 2: 3-16. Kravet til dokumentering av undervegsvurderinga Frå 8. årstrinnet skal alle elevar kvart halvår få halvårsvurdering med karakter i fag og i orden og i åtferd dokumentert skriftleg. Fråvær skal også dokumenterast kvart halvår. Det skal kunne dokumenterast at undervegsvurdering er gitt, jf. 3-11 til 3-15. Denne paragrafen er føreslegen oppheva i forskrifta(sjå del 2 ovanfor), noko som m.a. inneber at det ikkje lenger skal dokumenterast at undervegsvurdering er gitt. Endringa er grunngjeven i mellom anna argumentasjon om å frigjere tid for lærarane. Fylkesdirektøren meiner at kravet om å dokumentere undervegsvurdering vert ivareteke i 13-10 og i formuleringa i den nye forskrifta, 3-16. Fylkesdirektøren rår hovudutval for opplæring til å støtte framlegget. Punkt 4: Tydeleggjere at sluttvurdering vert ført på vitnemålet og forskriftsfeste at elevar ved forsering og omval kan velje å vere elev på nytt. Gjeldande reglar etter opplæringslova seier at når ein elev har fullført og bestått opplæringa i eit fag, skal sluttvurderinga følje eleven heilt fram til kompetansebevis og vitnemål. Ønskjer eleven ny sluttvurdering, eller forbetre ein bestått karakter, må eleven ta faget på nytt som privatist. Dette gjeld også elever som gjer omval etter opplæringsloven 3-1, fjerde ledd.

Side 7 av 7 Ein elev som har bestått eit fag og fått sluttvurdering, vil ikkje kunne ha elevstatus i det same faget. Det inneber at ein elev ikkje kan ta faget igjen som elev. Det vert føreslege å forskriftsfeste at omvalselevar har rett til å velje å behalde karakteren, eller vere elev i faget på nytt gjennom å fastsetje i forskrifta til opplæringslova to nye avgjerder 3-17a og 4-11a. Eleven kan ikkje velje kva karakter som skal stå på vitnemålet. Endringane vil tydeleggjere tilhøvet mellom sluttvurdering i eit fag og elevstatus/deltakarstaus i faget. Forslaget inneber at omvalselevar får rett til opplæring i faget på nytt, sjølv om fellesfaget tidlegare er bestått i eit anna utdanningsprogram. Ei slik ordning kan auke elevane sin motivasjon til å fullføre og greie vidaregåande opplæring. Det vert også vist til at fellesfaga i vidaregåande opplæring skal vere tilpassa det aktuelle utdanningsprogrammet, både i høve yrkesretting og relevans, jf. forskrift til opplæringsloven 1-3 siste ledd. Fylkesdirektøren meiner det er naudsynt med ei avklaring og tydeleggjering av denne problematikken. Fylkesdirektøren har ved fleire høve vore i kontakt med Kunnskapsdepartementet for å avklare korleis gjeldande forskrift skal praktiserast. Fylkesdirektøren rår hovudutval for opplæring til å støtte framlegget. Punkt 6 Utdanningsdirektoratet foreslår at standpunktkarakterar i fag med lokalt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før skulen gjennomfører den første lokalt gitte eksamenen i faget på det aktuelle trinnet i utdanningsprogrammet. Det vert gjort framlegg om å endre tidspunktet for når standpunktkarakterar i fag med lokalt gitt eksamen skal vere sett. I forskrifta til opplæringslova 3-18 står at standpunktkarakterar i fag med lokalt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før skulen gjennomfører den første lokalt gitte eksamenen på det aktuelle trinnet i utdanningsprogrammet. Utdanningsdirektoratet foreslår at standpunktkarakterar i fag med lokalt gitt eksamen skal fastsettast seinast dagen før skulen gjennomfører den første lokalt gitte eksamenen i faget på det aktuelle trinnet i utdanningsprogrammet. Ei slik endring vil gjere at standpunktkarakterar ikkje treng å setjast like tidleg i fag der ingen elevar på trinnet i utdanningsprogrammet vert trekte ut til lokalt gitt eksamen i faget. Dette vil gje større lokal handlefridom, og ei slik endring vil også kunne gjere det lettare å halde på elevane sin motivasjon fag lenger. Fylkesdirektøren meiner at denne endringa vil vere med på å halde læringstrykket oppe i dei faga som ikkje vert trekte ut til lokalgitt eksamen. Fylkesdirektøren rår hovudutval for opplæring til å støtte framlegget.