BARNEBLAD. Ut og klappe elgar NORSK. QUIZ om kroppen. motorsyklar. Barn på. Ørkenrotter i eventyrland. OG MYkjE, MYkjE MEiR!



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

mmm...med SMAK på timeplanen

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Jon Fosse. For seint. Libretto

Minnebok. Minnebok NYNORSK

OK, seier Hilde og låser.

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Kva er økologisk matproduksjon?

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Joakim Hunnes. Bøen. noveller


Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kom skal vi klippe sauen

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Informasjon til elevane

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min


3 Set inn adjektiv eller adverb. Carmen er ei fin dame. Ho har alltid på seg fine klede og eit fint sjal. Ho syng fint også.

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

«Ny Giv» med gjetarhund

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

6. trinn. Veke 24 Navn:

Refleksjon og skriving

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Tyra Teodora Tronstad og Bjørn Sortland. Det blir pinlig uansett

ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Med tre spesialitetar i kofferten

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Info til barn og unge

Jon Fosse. Lilla. Skodespel

Plassebakken Barnehage

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Vekeplan for 5.klasse Veke 48

1. Fritid og bibliotek Hos legen Høgtider Mattradisjonar Sunnheit og kosthald Arbeidsliv...

Månadsbrev for Rosa september 2014

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Brannsår, rus eller friheit?

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Klepp kommune Tu skule

PREPOSISJONAR... 2 Stad... 2 Tid... 6 Eigeforhold eller tilknyting... 9 Preposisjonar i faste uttrykk... 10

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Alfabetisk ordliste 55 Kort grammatikk 60

FANTASTISK FORTELJING

6-åringar på skuleveg

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Brødsbrytelsen - Nattverden

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling Spørjesetningar Imperativsetningar Det-setningar...


Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Om å høyre meir enn dei fleste

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

Transkript:

NORSK BARNEBLAD Nr. 9 september 2012 grunnlagt 1887 Ut og klappe elgar QUIZ om kroppen Ørkenrotter i eventyrland Barn på motorsyklar OG MYkjE, MYkjE MEiR!

Skulderveske eller ransel? Kva er viktigast? Å vere stilig eller å ta vare på kroppen? Dei fleste vil vel svare at det er viktig å ta vare på kroppen, om dei tenkjer seg om. Men no er det faktisk slik at veldig mange helst bruker skulderveske framfor ransel til og frå skolen. Ei skulderveske som ikkje er fullstappa, og som veg mindre enn 10 % av kroppsvekta til ho eller han som ber ho, er ikkje skadeleg. Men ofte er jo ei slik skulderveske proppa av bøker, og då blir det tungt. Meir enn halvparten av alle her i landet har vore plaga med vond rygg ein eller fleire gonger i livet. Å bruke ryggen feil er ofte årsaka til vond rygg. Å bere tunge bører i ei skulderveske er typisk feil for ryggen. Men om du absolutt må bruke skulderveske, så bed legar og kiropraktorar deg om å passe på at veska ikkje er for tung, legg skulderreima over hovudet og ned på den andre skuldra. Og hugs, er du i god fysisk form, så toler kroppen meir enn om du er ein sofapotet. Ein ransel som sit godt inntil ryggen din kan vere tyngre, ja så mykje som 15 % av kroppsvekta di. Kort oppsummert blir det altså slik: Er du 40 kilo tung kan skolesekken din vege 6 kilo, medan skulderveska di må vere godt under 4 kilo. Ikkje gløym at ryggen din skal vare livet ut, og skoletida er»kort». Til slutt må du hugse at om du ber ranselen i ei reim over skuldra så er det faktisk verre enn om du hadde skulderveske på skrå over overkroppen Skal det vere vits i ransel må han berast på ryggen. Innhald: Leiar...2 Skulderveske eller ransel?...2 Skulen av Jorunn Haugse...3 Ordskifte...4 Annika, teikna og fortalt av Håkon Aasnes.. 6 Quiz om kroppen... Anne Viken...12 Haustbilete av Anna Fiske...14 Myteknusaren av Gard Espeland...15 Ørkenrotter i eventyrland av Steinar Sund...16 Gratulere av Erna Osland...18 Ut og klappe elgar av Anne Vikens...20 Bokomtale: Elise og mysteriet med dei døde hestane.22 Hanna, teikna og fortalt av Håkon Aaasnes...23 Barn på motorsyklar av Steinar Sund... 24 Karamelliserte epler av Svanaug Steinnes 26 Indisk dessert av Svanaug Steinnes...27 Artistportrett Jack White av Anna Kleiva...28 Moro og i neste nummer...30 Kryssord...31 Smørbukk, teikna og fortalt av Håkon Aasnes...32 Leiar Det er jo herleg med ferie, men jammen er det ikkje så verst med kvardagen heller. No er vel dei fleste godt i gang med det vanlege livet sitt. I alle fall er min vesle familie godt i gang med vårt kvardagslege liv. Kvar dag står vi opp og tuslar av garde til jobb og skule. Og du tuslar vel til skulen din. Eg håper du trivst og finn meining i kvardagen din. For som du sjølvsagt veit, så er største delen av livet vårt nettopp kvardagen. Det er fint å ha feriar og fridagar å sjå fram til, men det er viktig å hugse på at livet er akkurat no. Vi kan jo ikkje berre sjå framover og gløyme dagen i dag heller. Så det er min bodskap til deg, nyt dagen i dag Ingen veit korleis morgondagen blir. Dagen i dag er din! Og så over til noko heilt anna som de ofte spør om i ordskifteinnlegga dykkar. På tide å minne dykk om at vi gjerne tek imot teikningar, forteljingar, dikt, teikneseriar og anna de gjerne vil dele med andre. Send det inn til meg, nana@norsk-barneblad.no Kan hende vil du sende inn ei gratulasjonshelsing til Norsk Barneblad også? Vi er 125 år i år og det er ikkje dårleg for eit barneblad. Elles vil eg takke alle som sender inn innlegg til ordskifte. Det er viktig og bladet hadde ikkje vore det same utan dykk, så takk igjen! God appetitt og god skulestart frå Nana 2 226

Skulen av Jorunn Hanto-Haugse 227 3

Les eller skriv meir ordskifte på www.barneblad.no Hest er best! Eg er ei jente i frå Hordaland som berre elskar hestar! Skulle ønskjer at Norsk Barneblad kunne skrive litt meir om hestar og ridesport. Eg har eigen hest, Silke, og rir kvar dag. Det er det beste eg veit og sjølv om det er mykje ansvar og jobb, ja så er det verdt kvart minutt. Helsing frå Pia og Silke Kjære Pia og Silke I dette nummeret kan du lese om Anne som har skrive bok om ei hestejente. Elise og mysteriet med dei døde hestane er ei skikkeleg spennande hestebok som du sikkert vil like. Så får vi sjå om vi ikkje kan få Anne til å skrive noko meir om hestar for Norsk Barneblad. Nana Send di meining til ordskifte, nana@norsk-barneblad.no eller SMS til 952 44 561 Æsj til skole Jeg er en jente på 13 år som skal begynne i åttende klasse. Jeg gruer meg kjempemasse. Å være barn er greit nok, selv om det heller ikke er så lett. Men nå er jeg tenåring og jeg liker det ikke. Jeg er sent utviklet og liten. De fleste tipper jeg er 11 år liksom. De andre jentene i klassen min er et halvt hode høyere og bruker masse sminke og ser ut som de er 16 minst. Skulle ikke tro vi hørte til i samme klasse. Hva skal jeg gjøre? Er det noen her som har noen smarte råd til meg? Og ikke sånn som foreldrene mine sier bare vent til du blir større det går seg til og sånt tull. Hva skal jeg liksom gjøre mens jeg venter da? Gå i hundene? Nå er det bare et par uker til vi begynner og jeg blir helt svett og kvalm bare jeg tenker på det. Men jeg blir altså ikke mobbet eller noe sånt. Jeg er med i venninnegjengen og de sier ingenting. Det er nok mest meg selv som føler meg så liten og dum. Så pliis kom med gode råd! MiniTeen Den sommar, den sommar Sommaren i Noreg er slik han som oftast er, kald, våt og vindfull. Meir er det ikkje å sei om den saka. Til Ukulelen: ABB vil bli rekna som tilrekneleg fordi da blir han ein martyr for kameratane sine. Det vi må håpe på er at han blir dømt som utilrekneleg, for då skjønar kameratane at han er gal. Og slik blir den fæle handlinga han gjorde berre gal manns verk og ikkje noko ein kan beundre. Ikkje noko langt innlegg denne gongen. Helsing KTM-crossguten PS. Eg er tidlegare kjent som crossguten 4 228

Ikkje berre regn Eg har hatt ein fin sommar og heldige med veret har vi også vore. Det har ikkje vore berre regn heile tida. Ein dag innimellom har det jo vore, men det går fint. Skal jo ha tid til å gå i butikkar og på kafear også. Nei, eg vil melde om ein fin sommar for min del. No vil eg skrive noko om krisa i Hellas. Det er synd på alle vanlege folk i Hellas. Sjølv om dei har stemt på desse politikarane som har lånt for mykje pengar til landet, så er det ikkje sikkert at dei har forstått konsekvensane på lang sikt. Og det er ikkje slik at grekarane ikkje arbeider, men berre latar seg. Nei, mange har både ein og to jobbar og arbeider lange dagar for å få endane til å møtest. Men det er synd at landet ikkje har noko skikkeleg system for å hente inn skattar frå folk. Og at alle rikfolka aldri betalar eit øre gjer ikkje betalingsviljen til dei som har mindre, særleg stor. Kvifor skal du betale skatt om du aldri får noko att for dei pengane og likevel må betale under bordet for skikkeleg behandling på sjukehusa og for medisin og slikt? Nei, då held du på pengane dine for å ha dei sjølv slik du har råd til å bli sjuk. Det er nok ikkje så enkelt at Hellas er i krise fordi folk er late og ikkje gidd å arbeide. Det er noko mykje meir innvikla enn som så. 229 Skriv til meg AnaBanana Hei jeg er en jente på 12 år som søker b rev ve n n! På fritiden min liker jeg å ri og være sammen med venner! Jeg søker en brevvenn i alderen 10-14 år. Gjerne en jente! Adressen min er: Eli Signe Kvaale,, Sætre terrasse 25, 1389 Heggedal Norway Cup Eg var på Norway Cup i år. Det var kjempegøy. Men litt surt også for dommaren såg ikkje at ein motspelar sparka ballen ut av hendene mine og rett i mål og då tapte vi. Eg er keeper. Det skjedde faktisk to gonger. Lagleiaren klaga på det og det kosta 500 kroner. Men vi fekk ikkje medhald. Då hadde vi fått tilbake dei 500 kronene så for Norway Cup løner det seg ikkje å gje medhald. Ja, ja, slik vart no det. Men elles var det kjempekult. Masse fine gutar og mykje skøy. Vi skal jammen vere med neste år også. Første dagen regna det sinnsjukt, men det blei ikkje så verst utover i veka. Eg traff masse nye folk som eg har kontakt med på Facebook. Slikt er artig. Fotballfrøken Hei jenter! Eg er ein gut som aldri har skrive inn til bladet før no. Eg har lese Norsk Barneblad i fem år og det er ok. No lurte eg på om eg kunne få råd frå jentene her i ordskifte. Eg bruker briller, men lurer på om det er betre å bruke kontaktlinser. Er det slik at jenter syns at briller er teit? Grunnen til at eg spør er at eg er snart 14 år og har vore forelska fleire gongar, men aldri hatt fast følgje. Dei fleste kameratane mine har hatt fast følgje mange gongar. No lurer eg på om det kan vere at eg er ein brillejesus? Eg er ikkje mobba om du lurte. Berre kompisane mine som seier det på tull. Men storesøster mi seier at eg burde kvitte meg med brillene og kanskje fikse litt på håret. Så no spør eg deg som er jente og som les ordskifte, kva trur du? Skriv til meg Hei Eg er ein gut på snart 10 år. Brillejesus Eg er lei av tom postkasse og ønskjer derfor at DU skal skrive til meg! Eg driv med landevegsykling og sparkar fotball. Likar godt å spela ps3, DS og lesa bøker. Sølve Horpestad Sollia 33 4352 Kleppe Helsing Sølve 5

Annika Tekst og teikning: Håkon Aasnes 6 230

Annika 231 7

Annika 8 232

Annika 233 Framhald i neste nummer 9

QUIZom kroppe 1 Kven blunkar oftast? A. Menn blunkar dobbelt så ofte som kvinner B. Barn blunkar dobbelt så ofte som vaksne C. Kvinner blunkar dobbelt så ofte som menn 2 Kva heiter den lengste knokkelen i kroppen din? A. Hoftebeinet B. Halebeinet C. Lårbeinet 3 Fingerneglene veks raskare enn tåneglene, men kor mykje raskare? A. Dobbelt så fort B. Fire gonger så fort C. Berre ein halv gong så fort 4 Kor mange meldingar per sekund kan ei nervecelle motta? A. Om lag tusen meldingar B. Om lag ti tusen meldingar C. Om lag hundre tusen meldingar 5 Kor lang tid trur du ein raud blodlekam brukar på ein rundtur i kroppen din? A. Under eitt minutt B. Rundt ein time C. Om lag eit døger 10 234 106

9 Kven trur du treng mest oksygen? n din 6 6. Kor mange hårstrå trur du veks, i gjennomsnitt, på eit vanleg hovud? A. Ein million hårstrå B. Hundre tusen hårstrå C. Ti tusen hårstrå 7 Kor mykje av kroppen din trur du er vatn? A. 33 prosent B. 55 prosent C. 66 prosent 8 Kor langt trur du skjegget til ein mann kan bli om han aldri klipper det? A. Ti meter langt B. Fem meter langt C. Ein meter langt A. Menn treng mest oksygen B. Over 80 år gamle menneske treng mest oksygen C. Barn og unge treng dobbelt så mykje oksygen som 80-åringar 11 10 Kva heiter dei einaste cellene i kroppen vår som ikkje fornyar seg? A. Hjerneceller B. Nerveceller C. Blodceller Når vi er seks år gamle, er det ein del av oss som er ferdig utvaksen kva del? A. Øyra B. Hjernen C. Kneskålene 12 Kor mange musklar trur du finst i kroppen din? A. Litt meir enn 420 musklar B. Litt meir enn 630 musklar C. Litt meir enn 780 musklar Svar: 1 C 2 A 3 B 4 C 5 A 6 B 7 C 8 A 9 C 10 A 11 B 12 B 107 235 11

Bjørn, ulv og s Bjørn, ulv og svarte hestar inspirerer Anne Viken, som har skrive spenningsboka Elise og mysteriet med dei døde hestane. Hestekult Anne er utdanna veterinær, så det ho skriv om, er også noko ho veit mykje om. Elise og mysteriet med dei døde hestane handlar om livet i ein ekte veterinærpraksis i ei bygd full av mytar, legender og mystiske hestar. Ingen veit kvar dei kvite ivanhestane kjem frå, og ingen veit kvar dei store, svarte tordenhestane blei av den gongen for to hundre år sidan. Alt ein veit, er at ein mystisk hestekult har halde til i Tordenbygda ein gong for lenge sidan. Dei ofra hestar på bålet. Stabbur med skrømt Anne hadde sommarjobb som dyrlege i ei lita bygd i Sverige. Her budde ho i eit gammalt stabbur frå syttenhundretalet som det spøkte i. Kvar kveld når Anne la seg til å sove, kjente ho nokon stryke seg over armen. Men ho blei ikkje redd. Denne vesle bygda i Sverige er full av gamle gravhaugar og har ei gammal kyrkje med mange nifse og spennande historier knytte til seg. Redd, men tøff Jenta i boka, Elise, er 13 år gammal og litt vaksen og litt barn. Ho er ofte redd, men har likevel mykje mot og set i gang hendingar ho ikkje ser omfanget av. Elise er ikkje ei som sit og ventar på at andre skal ordne opp. Nei, Elise ordnar opp sjølv og viklar seg inn i saker som fort ballar på seg. Livet som veterinær er mykje farlegare enn Elise hadde førestilt seg. Hakket for farleg. Ikkje berre snille kattar Alle hestepasientane i boka er verkelege og har vore pasientar hos Anne. Dyreeigarane er også verkelege. Det finst alle slags dyreeigarar. Nokre er heilt galne, andre flinke, og nokre trur dei kan mykje meir enn dyrlegen. Det er ikkje alltid like lett å vere veterinær, og boka gir eit realistisk bilete av arbeidet. Det er ikkje berre søte kattar og snille hestar. Det kan vere farlege hestar, sinte kyr og klinkande galne hesteeigarar. Då er det bra for Elises onkel Kalle at ho er med han på jobb. Elise kan hjelpe til med alt, og av og til legg ho seg oppi ting ho ikkje har noko med. Då kan ho brått ha rota seg inn i ein situasjon som er langt farlegare enn ho nokosinne kunne ha førestilt seg. Ordskifte i Norsk Barneblad Anne er opptatt av dyrevelferd, og det har ho vore heile livet. Som jente var ho ivrig lesar av Norsk Barneblad. Ja, ho starta karrieren sin som samfunnsdebattant og skribent i Ordskifte i Norsk Barneblad. Det gjekk helst i lesarbrev om rovdyr. Nei til ulv og ja til sau. Diskusjonen var ofte knallhard, og Anne skjelte ut alle byfolka som verkeleg meinte at ulven var meir verd enn sauen. Samfunnsengasjementet er på plass i boka om Elise også. Dyrevelferd Men Anne er ikkje så udelt hard mot rovdyra no som før. Det er også andre farar i utmarka for ein liten sau. Ho fortel om giftige plantar som enkelte stader tek livet av opp til førti prosent av alle lamma på beite. Dette veit bøndene, men likevel let dei sauene beite i utmarka. Å sende dyra på beite når ein veit at fire av ti små lam truleg kjem til å døy av forgifting, er heller ikkje god dyrevelferd. Slike ting er Anne oppteken av. Eller korleis har kyllingar det eigentleg i det korte livet sitt, før dei hamnar på matbordet vårt? Inspirerande bøker Og bakom synger skogene av Trygve Gulbrandsen og Gösta Berlings saga av Selma Lagerlöf er to bøker som er veldig viktige for Anne. Ho trur ikkje ho hadde skrive denne boka utan å ha lese dei. Så dei er Annes boktips til alle 12 236

varte hestar! som les Norsk Barneblad. Du finn dei garantert på biblioteket. Som ein villmann i skogen Før Anne blei veterinær, trente ho travhestar og rei som ein villmann i skogen. Etter at ho blei dyrlege, begynte ho i praksis langt ute på bygda. Der møtte ho mange hestar og hestefolk, og desse hestane og hestefolka har ho teke med seg inn i boka. No skal Anne reise tilbake til denne gamle mystiske bygda i Sverige for å arbeide som dyrlege. Er vi heldige, let ho seg inspirere til å skrive fleire bøker om Elise. Faksimile: Ordskifteinnlegg frå Norsk Barneblad nummer 19/1993 Nei til ulv Les også bokomtalen om Elise og mysteriet med dei døde hestane på side 22 i dette nummeret. 237 13

14

MYTEKNUSAREN Av Gard Espeland Folk trudde ikkje at jorda var flat Ofte blir det sagt at folk i gamle dagar trudde at jorda var flat. Det er ikkje rett. Alt dei gamle grekarane visste at jorda var rund. Dei var gode sjøfolk, og dei la merke til at det var mastetoppen ein såg fyrst når eit skip dukka opp i horisonten, noko som måtte bety at jorda var rund. Lenge trudde historikarane at dette var kunnskap som hadde gått tapt i mellomalderen, men no trur vitskapsfolka at i alle fall dei lærde visste at jorda var rund. For eksempel skreiv den britiske munken Beda omkring år 700 at jorda var rund, og i ei lærebok frå slutten av 1100-talet står det også at jorda er rund. Men kor mange vanlege folk som trudde at jorda var flat, er det sjølvsagt uråd å vite. På Columbus si tid diskuterte dei ikkje om jorda var flat eller rund, men kor stor jorda var. Og sjøfolka var neppe redde for å segle utfor kanten, for nettopp sjøfolk visste best at jorda var rund. 239 15

Ørkenrotter i Ørkenrottene kan ha mange ulike fargar. Desse to ser òg ut til å ha ulik personlegdom. Den beige er litt meir varsam og tør ikkje heilt å gå ut av huset sitt. Eit lite hovud stikk opp av det vesle huset til Karlie i Eventyrland. Kjenner du ikkje det eventyret? Ikkje eg heller, men ørkenrotta Karlie er i alle høve eit både nysgjerrig og livleg lite kjæledyr. Steinar Sund Det varer ikkje så lenge, så kjem det eit hovud til ut av det vesle huset. Ørkenrotter er svært sosiale dyr og likar seg ikkje aleine. Snart stikk det opp endå eit lite hovud frå det vesle huset. Kameraten er ikkje like modig og held seg inne i huset sitt medan den andre tek seg ein runde for å sjekke kva for ein kar det kan vere som studerer dei frå utsida av buret deira. Livlege og morosame Ørkenrotter kan vere svært morosame kjæledyr, sjølv om dei nok ikkje er blant dei aller mest populære av kjæledyra våre. Dei er svært aktive og livlege dyr som har ein travel kvardag og sjeldan sit stille på same staden særleg lenge. Ørkenrottene har trong både til å sjå seg ikring og til å gnage litt her og grave litt der. Dei små dyra har alltid noko føre, og det er aldri noko keisamt ved livet til ei ørkenrotte, stadig er dei på oppdagingsferd, høgt og lågt og overalt. Ørkenrottene har vorte meir populære som kjæledyr dei siste åra. Trass i namnet er ørkenrottene slett ikkje rotter. Dei er ikkje eingong i slekt, sjølv om dei òg er gnagarar. Ørkenrottene er faktisk nære slektningar til hamsteren. Dei er mindre enn rotter og større enn hamster og mus. Dei store øyra og den lange halen kan kanskje vekkje assosiasjonar til rotter. Halen fungerer som ei slags balansestong når ørkenrotta hoppar omkring, og som ei støtte når ho står på bakbeina og kikkar rundt seg. Det finst mange artar ørkenrotter i Afrika og austover til det nordlege Kina. Den arten som vi stort sett held som kjæledyr her i Noreg, er den mongolske ørkenrotta, som òg vert kalla gerbil. Det finst likevel ganske mange andre rasar som òg vert nytta som kjæledyr. På dei mongolske steppene lever ørkenrottene i tørre og ørkenliknande område der det gjerne kan vere svært varmt om dagen og temmeleg kaldt om nettene. Store temperaturskilnader er vanleg. I desse områda kjem det sjeldan regn, så ørkenrottene får det meste av det dei treng av vatn, gjennom maten dei et. Lever i flokk Det var først i 1964 folk begynte å halde desse gnagardyra som kjæledyr her i Europa. Da vart dei første eksemplara importerte til England, og allereie på 70-talet var det mange som hadde dei 16 240

eventyrland Ørkenrottene er både svært nysgjerrige og livlege og likar å ha god plass, så dei kan utfalde seg litt. som kjæledyr. Sidan har dei òg kome hit til landet, og i dag er det mange som nyttar dei som kjæledyr her. Om du tenkjer på å skaffe deg ei ørkenrotte, må du hugse på ein viktig ting. Ørkenrottene lever i flokk og er svært sosiale dyr. Dei likar seg rett og slett ikkje utan ein kamerat av same art, då kjenner dei seg fort aleine og vert triste og deprimerte. Sjølv om du kanskje kosar mykje med dyret ditt, kan du aldri erstatte ein artsfrende. Det er likevel ikkje så lurt å ha to ørkenrotter av motsett kjønn. Dei kan nemleg få svært mange barn, det kjem gjerne frå fire til sju ungar om gongen, og dei kan få barn ganske ofte. Det går fint å halde to ørkenrotter av same kjønn i same bur, men dei bør helst venjast til kvarandre frå dei er små og vere om lag like gamle. Nøysame og enkle Ørkenrottene er ganske nøysame dyr. Dei er slett ikkje dyre i kosten, og dei er ganske lette å stelle. Det dei treng, er omtrent ei toppa matskei med frøblanding om dagen. Du kan fore dei med smågnagar-blanding, brød, knekkebrød, cornflakes og frukt. Appelsinar er noko av det beste dei veit. Dei er òg glade i løvetannblad og anna grønt. Dei bør få noko tilskot av protein. Om du er flink til å gje dei frukt og grønt, kan dei klare seg lenge utan å drikke, men du må likevel passe på at dei alltid har tilgang til friskt vatn, slik at dei kan drikke om dei treng det. Om du passar godt på dei og steller pent med dei, kan ørkenrottene leve i to til fire år. Ute i naturen vert dei ofte ikkje meir enn eitt eller to år gamle, og der endar dei gjerne som mat for andre dyr. Sjølv om ørkenrottene er ganske små, er det likevel viktig for dei med god plass, ettersom dei er livlege og nysgjerrige dyr som likar å utforske omgjevnadene sine ganske mykje. Dei er òg flinke til å hoppe og kan hoppe heile 50 centimeter. Det kan difor vere lurt å velje eit så stort bur som mogleg for dei, slik at dei har plass til å utfalde seg. Ørkenrottene er gnagarar, og det tyder at tennene deira veks heile tida. Difor er det viktig for dei å ha noko å gnage på, slik at dei kan slipe ned tennene sine. 241 17

GRATULERE! Av Erna Osland Det er sommar. Det er sol. Og passeleg vind frå fjorden. Da får Eli ein god idé! Ho går til mor. Mor skal få høyre om den gode ideen. I dag blir det fødselsdagsfest, seier Eli. For kven? spør mor. For meg! svarer Eli. Mor ser forundra på henne. Eg kan vel ha fødselsdag om sommaren for ein gongs skuld? seier Eli. Kjedar du deg? spør mor. Det blir kaker og musikk, svarer Eli. Da ler mor. Må du vere så umogeleg? spør Eli. Ho begynner å skrive innbydingar. Ho skriv til Mari, Sverre og Erna. Du skriv vel ikkje at du har fødselsdag? spør mor. Eli svarer ikkje. For det er lureri, seier mor. Eli svarer framleis ikkje. Du fekk jo fødselsdagspresangar i januar. Visse mødrer er alltid irriterande, tenkjer Eli. Ho riv sund alle innbydingane. Skriv at vi skal ha sommarfest, du, seier mor. Eli skriv innbydingane på nytt. Så går ho for å levere dei. Først ringjer ho på hos Mari. Ingen opnar døra. Så går ho til Erna. Men ho er heller ikkje heime. Ho er ute og seglar, seier søstera. Til slutt går Eli til Sverre. Det er bror hans som kjem ut. Han seier at Sverre er på ferie i Oslo. Har han ikkje fortalt det? spør broren. Jo, sukkar Eli. Ho spring heim med alle innbydingane. Ho slengjer dei opp i søppelspannet. Mor ser det. Ho finn fram munnspelet sitt. Og eit halvt brød. Kom, Eli, seier mor. Dei går ned til fjorden. Dei set seg på berga. Mor hiv brødbitar uti sjøen. Og dei får straks gjester. Fjorten måsar kjem flaksande. Mens mor byr Eli på ein Kvikk Lunsj. Måsane vil ha meir. Dei set seg ute på bølgjene og ventar. Men det er slutt på brødet, mor har berre munnspelet igjen. Ho spelar. Og straks fyk måsane sin veg. Der fór gjestene våre, seier Eli. Mor sluttar å spele. Men måsane kjem ikkje igjen. Og likevel er det ein song i vinden. Høyr! seier mor. Ein song? spør Eli. Dei sit stille. Songen blir høgre. Og tydelegare. Er det fødselsdagssongen? spør mor. Eli er einig. Det er nemleg den same tonen. Men det er heilt andre ord. Denne songen er om sol og bølgjer og bitar av brød. Berre på slutten er han nett som før: Og si meg så hva vil du mere? Gratulere! 18 242

243 19

Ut og klappe elgar I Jämtland i Nord-Sverige finst ein gard med tamme elgar som kan klappast. Av Anne Viken Ein flokk med turistar står tett i tett på tunet hos Sune Häggmark. Sune bur på ein gard i Orrviken sør for Östersund i svenske Jämtland. Garden heiter Moose Garden. Moose betyr elg på engelsk, og Garden betyr hage. På norsk heiter garden «Elghagen». Her produserer dei papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolinolje av feittet i elgpelsen. Moose Garden har vore ein gard med tamme elgar sidan dei fekk adoptere to morlause elgkalvar for femten år sidan. Mødrene deira var påkøyrde av bilar, og dei to kalvane trong ein heim. Er det nokon som vil smake elgmjølk? roper Sune. Han held opp eit stort glas med mjølk og eit glas med teskeier. Elgmjølk inneheld fire gongar så mykje feitt som kumjølk, og smakar søtt. Er det nokon som vil mate elgkalvar? Sune har to store plastflasker med mjølk i hendene. Det er same type flaske som ein bruker til å mate vanlege kukalvar, og akkurat som kalvane til kua blir dei tamme elgkalvane tatt frå mor si når dei er veldig små. Frå dei er ti dagar gamle, får elgkalvane mjølk frå flaske og må bu i ei eiga inngjerding saman med andre elgkalvar. Mora bur i ei anna inngjerding i lag med dei vaksne elgane. Sune fortel at han tek kalvane frå mora fordi dei skal bli tamme og vane med folk. Dessutan jagar elgkyr kalvane frå seg når dei er eitt år gamle. Dette kan gå ganske hardt for seg, og to gonger har Sune opplevd at elgkua har drepe kalven sin når ho skal jage han. Ute i naturen er ikkje dette eit problem. Der kan kalven springe så langt han vil for å kome unna mora, men inne i inngjerdinga kjem han seg ikkje unna mora. Han kjem seg berre Sune spør om det er nokon her som vil mate elgkalvar, og mange hender vert strekt i lufta. Alle turistane vil smake på elgmjølka som inneheld 16 prosent feitt. bort til gjerdet. Ute i naturen er elg eit flokkdyr, og det er ikkje naturleg for elg å leve inne i ei inngjerding i lag med andre elgar. Likevel seier Sune at elgane hans har det bra. Av og til om hausten når elgane har paringstid, bryt ville elgoksar frå skogen seg gjennom gjerdet og slåst om dei tamme elgkyrne. Om den ville oksen vinn, følgjer kyrne etter han ut i skogen og parar seg. Etterpå kjem dei tilbake til inngjerdinga. Det er fordi dei veit at her får dei mat. Det kan vere ganske tøft å vere vill elg om vinteren om snøen ligg djup, men inne i inngjerdinga får dei mat heile året. Av og til søv Sune i lag med kalvane med mjølk på termos. Då syg dei på øyret hans heile natta. Slik blir dei tamme nok til å takle turistane som kjem på besøk for å klappe dei. Ville elgar er farlege, seier Sune. Difor vil han at alle elgane i elghagen skal vere så tamme som mogeleg. Kvar dag mjølkar han elgkyrne, to liter om morgonen og to liter om kvelden. Mjølkeøkta sluttar når elgkua er lei og går sin veg. Turistane som er på besøk, vil gjerne klappe elgkalvane. Elgpels er kjempemjuk, og små elgkalvar på seks veker er veldig tolmodige med turistar. Dei har lange, tynne bein, lange nasar og et lauv. Difor liker dei at turistane knekker av greiner frå trea og gir dei. Sune har ein elgokse som heiter Bosse. Bosse er så tam at ein kan kysse han på nasen, men før ein får kysse Bosse, må ein lære seg å snakke elgspråket. AAAAAAAAAAAAA, seier Sune. Det er det elgane seier når dei pratar med kvarandre. Når dei har paringstid, seier dei OOHHG, OOHHGG. Elgflokken i inngjerdinga kjem og helsar på turistane med ein gong. Dei får potetrestar og neper, og let seg 20 244

fotografere frå alle vinklar. Elgoksen Bosse ligg heilt stille på graset, og let seg kysse og klappe. Folk tek han på horna, på øyra, undersøker pelsen hans nøye og blir imponert over kor mykje oljeaktig feitt det er i elgpels. Dei tek han på klauvene og på nasen, men Bosse ligg roleg under heile seansen. Han er utruleg snill. Elghorn har bast på seg om sommaren medan horna veks. Då er dei veldig gode å ta på. Bast er ei tynn hud med mjuke hår som sit utanpå horna. Inne i denne mjuke huda er det blodårer som forsyner det veksande hornet med næring. Når horna er ferdige med å vekse, gnir elgen dei mot eit tre så basten dett av. Om hausten er horna til elgen utan mjuk hud. Han luktar sau, utbryt ein turist, og det stemmer ganske bra. Elg luktar litt som ein sau. Lanolin og papir frå elg Av feittet i elgpelsen lagar Sune lanolinolje. For å få oljen ut av elgpelsen dreg Sune ei plastskrape over pelsen. Etterpå skraper han oljen frå skrapa ned i ei bøtte. Lanolinoljen er bra for tørre hender. Sune lagar også papir av elgskit. Det er det ingen andre som gjer. Papir er laga av cellulose som kjem frå tre, og fordi elgen et bork om vinteren, er elgmøkka full av cellulose. Eg eksperimenterte på kjøkkenet med stavmiksar, elgmøkk, vatn og hemmelege vekstar. Etter kvart vart det papir ut av miksen, seier Sune. No sel han papir frå elgmøkk som er hundre prosent gjenvinnbart. Han har også laga drivstoff til bil av elgmøkk og kongler. På fire sekkar av denne miksen kan han køyre frå Östersund til Trondheim. Om ein vil, kan ein også kjøpe ein elg frå Sune. Det kostar 35 000 svenske kroner for ein tam elg, og halv pris for ein halvtam elg. Eg trur eg var elg i det førre livet mitt, seier Sune. Det er det ikkje så vanskeleg å tru på. Papir frå elgskit blir solgt i suvenirbutikken hos Moosegarden for femti kroner stykket. Sune matar elgane med poteter. Jennifer Rådeborn Jennifer Rådeborn smetter inn eit elgkyss medan elgen feiar horna frå side til side Elgane ligg på bakken så folk kan klappe dei. 245 21

Bokomtale Anne Viken: Elise og mysteriet med dei døde hestane Det Norske Samlaget Er du klar for ei heseblesande hestebok? Som ikkje berre er hestekos, men som også handlar om korleis det er å vere veterinær, om å hjelpe sjuke hestar, og kva ein dyrlege kan gjere for å hjelpe? Dersom svaret er ja, er dette boka for deg. Elise er ei jente på 13 år. Ho har sommarjobb hos onkelen sin, som er nyutdanna dyrlege. Onkelen har praksis i Tordenbygda, ei lita bygd med mykje gammal historie. Her er det mystiske hendingar som ser ut til å henge saman med gamle hestekultar og mytiske forteljingar. Men kan verkeleg fortida påverke notida så sterkt? Elise veit ikkje kva ho skal tru, og blir vikla inn i eit farleg spel. Ikkje alle folk er like glade i hestar som ho er. Elise er ei jente som er tøff sjølv når ho er redd. Ho ventar ikkje på at andre skal ordne opp for seg, men gjer det meste sjølv. I tillegg til å vere utruleg spennande er boka også lærerik. Om du er glad i dyr og kanskje går med ein liten veterinær i magen, så er dette den perfekte boka. Likar du spenning og ei fartsfylt forteljing, så kan du også hive deg over denne, og sjølvsagt om du er glad i hest Les også intervju med Anne Viken på side 12 i dette nummeret. 22 246

Tekst og teikning: Håkon Aasnes 247 23

Jørgen Berge Svarstad trener på sykkelen tre gongar i veka. Jonas Skretteberg let seg inspirere både av pappa og av Thomas Tandberg, som er instruktøren hans. BARN PÅ MOTORSYKLAR Trial er den einaste forma for motorsport der det ikkje er om å gjere å køyre fort og kome først i mål. Her er det balanse og kontroll over sykkelen som er viktig, og sporten passar godt for barn. Steinar Sund Nettopp det at du ikkje skal køyre fort, gjer at trial er ein sport som er godt eigna for jamvel ganske små barn, og det er mogleg å starte opp i femårsalderen. Jørgen Berge Svarstad frå Modum Trialklubb er åtte og eit halvt og har allereie drive på ei stund. Eg starta i fjor og køyrde ein del da. No trener eg tre gonger i veka på sykkelen, seier han medan han tar ein liten pause på sykkelen. Han øver seg på å køyre opp ein bratt bakke utan å setje ned beina. Det er litt vanskeleg, vedkjenner han. Han fortel at han starta med trialkøyring av di han syntest det såg morosamt og litt tøft ut. Han køyrer slett ikkje fort, det går ganske langsamt, og da er det ikkje så lett å halde god balanse på sykkelen. Jørgen fortel at det er dette han trener mykje på, å halde balansen på sykkelen når det går ganske sakte. Viktig å starte tidleg Ungane har Thomas Tandberg frå Geithus som instruktør og førebilete. I fleire år var Tandberg ein av dei beste utøvarane i Noreg. Han er to gongar noregsmeister i trial i 125cc-klassen og har òg fått gode plasseringar i ein del internasjonale konkurransar. No har han lagt opp og er i staden trenar og instruktør i Modum trialklubb. Tandberg meiner det er utruleg viktig å kome tidleg i gang om ein skal bli god i denne sporten. Sjølv meiner han at han starta altfor seint. Eg var 15 år da eg starta opp, men eg dreiv med skihopping på den tida. Det går mykje ut på det same, fortel han og forklarer kvifor det likevel gjekk bra med han. Han meiner det beste er å starte i femårsalderen. Men det går sjølvsagt bra om du ventar til du er åtte òg, seier han. Skal 24 248

Jonas Skretteberg er 11 og starta med trial først og fremst av di han har ein motorinteressert pappa. Kim Olav Haraldsen er 20 år og køyrer noregscup kvart år. Jørgen Berge Svarstad er åtte og eit halvt, men har allereie drive på med trial ei god stund. ein bli god i denne sporten, så må ein køyre mest mogleg med sykkelen og trene på balanse, spenst og koordinering. Det er eigentleg ein svært allsidig sport, legg han til. Angrar ikkje Jonas Olsen Skretteberg er 11 år og synest det er heilt topp å ha Thomas Tandberg som trenar og instruktør. 11-åringen er no inne i sin andre sesong som trialkøyrar. Men det var pappa som eigentleg fekk meg interessert og fekk meg til å prøve dette. Eg angrar ikkje på det i dag, smiler han medan han tar seg ein pause i køyringa. Utfordringa i trial er ifølgje Jonas det å kome seg opp på hindera på riktig måte. Du må ha god balanse og vere veldig bestemt når du skal ta hindera, seier Jonas. Han gler seg til han kan bli god nok og gamal nok til å stille opp i konkurransar. Allereie sjølve trialsykkelen skil seg frå det som ein elles nyttar i motorsykkelsport. Trialsykkelen har ikkje noko sete, ettersom utøvaren står på sykkelen under heile løpet. Sykkelen er laga slik at det går svært sakte når du køyrer i første gir, men da har du òg mykje kraft, slik at du lett kan få sykkelen opp svært bratte bakkar og kneiker. Sykkelen er ikkje laga for å køyre fort, men for å vere lett å handtere. I denne sporten blir ikkje utøvarane vurderte etter kor fort dei køyrer, men det er om å gjere å ha minst prikkar. Ein prikk får du om du set ned beina under løpet. Utøvarane køyrer seksjonar som gjerne går i litt vanskeleg terreng, og dei skal passere hinder undervegs. Dommarane vurderer køyringa etter om dei klarer alle hindera, held seg i løypa, ikkje veltar eller stoppar og ikkje set ned føtene. 249 25

Karamelliserte eple Av og til har du lyst på noko godt, eller vil servere noko til nokon som kjem på besøk. Då kan karamelliserte eple vere tingen. Skrell eit par eple, ta ut kjernehuset og skjer det i båtar. Set ein liten kasserolle på full varme på komfyren, ha i ei stor skei sukker og ei teskei smør. Pass på det, rør i det medan det karamelliserer seg. Når det ligg ei flytande, brun karamellvæske i botnen, legg du i eplebitane og rører dei rundt så alle får litt av karamellmassen. Om du vil, kan du strø på litt kanel eller raspa sitronskal, ei teskei honning er også godt. Så skrur du av varmen heilt og legg eit lok på kasserollen. Når epla er kalde, legg du dei opp i dessertglas og legg på ein rømmeklatt eller litt piska krem. 26 250

Indiskdessert Ta ein liten kasserolle, set oppi så mange pærer at dei står støtt. Så skreller du dei, men let stilken stå att. Deretter set du dei opp i kasserollen att og har oppi så mykje utblanda solbær- eller blåbærsaft at det står eit stykke opp på pærene. Legg så i nokre bitar heil kanel, rasp litt sitronskal i og legg litt honning på kvar pære. Så kan desserten koke opp og putre på låg temperatur til pærene er mjuke. Legg dei i kvar si dessertskål og ha gjerne ein kremtopp på. 251 27

artistportrettet Av Anna Kleiva Ei svart stripe, eit blått bluss Møblar og rock i Detroit John Anthony Gillis er fødd 9. juli 1975, som den yngste av ti sysken. Han er oppvaksen i byen Detroit, Michigan, i ein katolsk familie med røter i Polen, Skottland og Canada. Som barn var han altergut i kyrkja men han begynte også å spele trommer allereie som seksåring. Seinare lærte han seg å spele gitar, og var gjennom tenåra svært oppteken av gamal blues og 60-talsrock. Påverknaden frå denne musikken kan ein høyre i alt han seinare har laga. Då han var 15, begynte John (kalla Jack) som lærling i eit firma for møbelstopping i Detroit. Han jobba som møbelstoppar utover 90-talet, samtidig som han spelte musikk, starta bandet The Upholsterers («møbelstopparane») saman med kollega Brian Muldoon, og spelte trommer for Goober & the Peas. The Upholsterers laga blant anna ein singel i 100 eksemplar, som dei gøymde i møblar dei reparerte! Omtrent då han var 20, møtte Jack Meg White på Memphis Smoke, der ho jobba som bartender. Dei gifta seg hausten 1996 og Jack tok hennar etternamn. Foto: Hege Abrahamsen The White Stripes Jack og Meg øvde saman ein gong i 1997 ho spelte trommer, han song og spelte gitar. Det kjendest frigjerande og forfriskande, har Jack sagt. Sidan var dei ein duo, The White Stripes, oppattkalla etter Meg sine favorittdrops, polkagrisar. Den første live-framføringa hadde bandet allereie i 1997. Året etter skreiv dei kontrakt med det vesle plateselskapet Sympathy for the Record Industry, og gav ut nokre singlar. Debutalbumet The White Stripes (1999) sette standarden for korleis bandet skulle framstå i den litt over ti år lange karrieren sin: coveret er raudt, svart og kvitt det same er kleda til Meg og Jack. Lydbildet er nedstrippa: rufsete trommer, gitar og Jack si stemme. Jack og Meg vart skilde i 2000, men det påverka ikkje samarbeidet deira. Dei hadde uansett allereie spreidd forvirrande rykte om at dei eigentleg ikkje var gifte derimot eit syskenpar. Desse to motstridande påstandane florerte då The White Stripes fekk det store gjennombrotet med songen Fell in love with a girl frå tredjealbumet White Blood Cells (2001). Produsent, skodespelar osv. The White Stripes gjekk kvar til sitt i 2011. (Då hadde dei begge gifta seg på nytt: Meg sitt bryllaup vart halde i Jack sin hage, og ho var forlovar i hans bryllaup på elva Amazonas.) Jack hadde lenge hatt fleire andre prosjekt på gang. I 2003 spelte han i filmen Cold Mountain, medan han i 2004 produserte albumet til den gamle countrysongarinna Loretta Lynn, som han er stor fan av. Samarbeidet med Alicia Keys på James Bond-låta Another Way To Die kom i 2008. Men White er også involvert i andre band. The Raconteurs vart starta i 2005, og har så langt gitt ut to album medan The Dead Weather, der White deler mikrofonen med The Kills-vokalist Alison Mosshart, debuterte i 2009. Så var endeleg turen kommen til Jack White solo. Singelen Love Interruption, ein duett med Nashville-artisten Ruby Amanfu, kom like over jul, og albumet Blunderbluss i april. Det segla rett til topps på Billboard-lista etter første veka noko Jack White aldri har opplevd med banda sine. 28 252

Musikktips for august The War On Drugs Best Night Machine Birds If I Hanne Kolstø Don t want to be happy in the moment I want it to last Santigold Disparate Youth Chris Holm When I Die 253 Helsingar frå Anna 29

vitsar På kyrkjegarden Kvifor stal du den sykkelen som sto på kyrkjegarden? Eg trudde eigaren var død. Klokskapen Vesle Marie til bror sin: Jenter er klokare enn gutar! Det visste eg ikkje! Der kan du sjå! Frisyren Frisør til tynnhåra mann: Skal det vere ein satellittklypp? Kva er det? Ein omgang rundt månen. Praten To myggar sat på Robinson Crusoe og prata. Då sa den eine: Nei, nå stikk eg! Greitt! Vi sjåast på Fredag. Forsein Nils kom på skolen halv ti. Då sa læraren: Bravo! Så tidleg har du aldri kome for seint før. På fotballkamp Den gamle dama er saman med nevøen sin på fotballkamp. Kven er det som spelar? Molde Rosenborg Og mot kven? I neste nummer.....kan du lese om ein hest som går igjen på grava til eigaren sin og græt for han. Skikkeleg spennande grøssar som skal vere sann. Vinteren nærmar seg med kulde og is og du får tips om å kle mobilen din varmt. Du kan lese om å blåse dine eigne glas og mykje anna og sjølvsagt kan du teste kunnskapane dine i ein lærerik quiz om kroppen din. Medan du ventar kan du lese meir nytt på www.barneblad.no. 30 254

Norsk Barneblad Norsk Barneblad nummer 9 september 2012 Grunnlagt 1887 ISSN 0801 4558 Norsk Barneblad med Juletre kjem ut ein gong i månaden med unnatak av skuleferien. Bladet kostar 449 kroner året. Adresse: Pilestredet 8, 0180 Oslo Vassrett???????????? Loddrett Snøen fell så seint i kveld Månen er stor eg vil heim til mor 1. Fast spalte i Norsk Barneblad 1. Del av Noreg 6. Smilte 2. Land i Nord-Europa 8. Erik Sande 3. Gut og. 9. Hovdyr 4. Hovudplagg (fleirtal) 10. Ormen 5. To like 13. Spørjeord 6. Gir frå seg 14. Slektningar 7. Gutenamn 15. Gutenamn 11. Arne Nesland 16. Lise Nesse 12. By i Sveits 17. Erling Nedrebø 15. Aud Nordgulen 18. Trappelyd 18. Som 13 vassrett 20. Jentenamn 19. Stolt 22. Vassdrag 21. Naboar i alfabetet 24. Hanndyr 23. Fjellsida 25. Ape 26. Fuglen 27. Omdømme 29. Flyte med straum og vind 28. Like bokstavar 32. Land i Asia 30. Kvinne i Bibelen 34. Avvisande svar 31. Gutenamn 35. Jentenamn 33. Hovudstaden i Albania 36. Vidar Aksvik 37. Som 17 vassrett 38. Drivstoff til bil Telefon: 21 50 47 14 Sikrast mellom 9 og 15 Heimeside: www.barneblad.no E-post: nana@norsk-barneblad.no wenche@norsk-barneblad.no Postgiro: 7874 06 72753 Bankgiro: 2440 05 05795 Tilsette: Nana Rise-Lynum redaktør Wenche Brusevold abonnement og rekneskap Språkkonsulent: Aud Søyland Kryssord: Einar Søreide Strekteikningar: Trond Rømo Usignerte artiklar er som regel skrivne av redaktøren. Norsk Barneblad blir gjeve ut av Samyrkelaget Norsk Barneblad, som er ei sjølveigande stifting skipa av Bonde ungdomslaget i Oslo, Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag og Norsk Måldyrkingslag. Norsk Barneblad får stønad frå Norsk Kulturråd. Send inn løysinga og bli med i premie-trekninga Namn... Adresse... Postnummer og stad...alder... Alle med rett løysing blir med i konkurransen om premiar. Layout og trykk: GRØSET Framsidefoto: Blablabla Bla, Graceful Pics VIKTIG MELDING: Vi omset og rettar innlegget ditt til nynorsk om du vil! 255 31

Returadresse: Norsk Barneblad Pilestredet 8 0180 Oslo