Norsk etnologisk gransking Desember 1953 R E I P O G T A U. R e i p



Like dokumenter
REIP OG TAU. 2. Kva kalla ein slike tau, og nytta ein dette namnet same kva slag tre ein hadde tatt bast frå?

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Norsk etnologisk gransking. April Emne nr. 15. G J E R D E

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Norsk etnologisk gransking Bygdøy i september 1959 TURKEINNRETNINGAR FOR KORN OG MALT

G A M A L E N G K U L T U R

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR

Denne spørjelista har til føremål å greia ut om våre folkelege musikkinstrument. Den er skift i 4 bolkar:

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Jon Fosse. For seint. Libretto

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Til deg som bur i fosterheim år

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Norsk etnologisk gransking November Emne nr. 124 MARKNADEN

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Kom skal vi klippe sauen

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Nr GAMLE IDRETTSLEIKAR FOR VAKSNE OG UNGDOMAR. I.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Brødsbrytelsen - Nattverden

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Månadsbrev for Rosa september 2014

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Lærarrettleiing 1. Kornartane

Eksamen MAT1017 Matematikk 2T. Nynorsk/Bokmål

mmm...med SMAK på timeplanen

Eksamen MAT1008 Matematikk 2T. Nynorsk/Bokmål

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Norsk etnologisk gransking Bygdøy, august 1963 HEIMANFYLGJE OG BRYLLAUPSGÅVER


Med god informasjon i bagasjen

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

FOLKEMEDISIN. 1. Kan De seie at innstillinga til sjukdom og synet på det å vere hardfør har skiftet i manns minne?

Lov om ansvar for skade som motorvogner gjer (bilansvarslova).

Vi lærer om respekt og likestilling

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

KJØTMAT. Norsk etnologisk gransking. Emne nr. 34 Mars 1952

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Teknikk og konsentrasjon viktigast

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Brukarrettleiing E-post lesar

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Flaggreglement. for. Fjell kommune

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

FANTASTISK FORTELJING

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Nr. 37. Høgtidsmat ved dei gamle årsfestane

Tevling i Bygdekjennskap. Heftet er revidert av Norges Bygdeungdomslag.

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Informasjonshefte Tuv barnehage

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Det er mange måtar ein kan starte eit strikkeinga. Det er om å gjere å finne den beste måten å lage maskar på, til kvart enkelt strikkeprosjekt.

Norsk etnologisk gransking Bygdøy i mars 1962 KRISTELEG MØTEVERKSEMD OG MØTEFORM

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Kva er økologisk matproduksjon?

Norsk etnologisk gransking Bygdøy i november 1961

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Samansette tekster og Sjanger og stil

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Eidegrend klyngjetun

Brannsår, rus eller friheit?

Transkript:

Norsk etnologisk gransking Desember 1953 Emne nr. 41. R E I P O G T A U R e i p Med spørjelistene nr 41 og 42 vil vi freista få eit oversyn over dei ymse slag tau og reip som har vore nytta på bygdene i eldre tid, og måten desse vart laga på. Vi vil òg gjerne få vita kva verd reipslåinga hadde for det økonomiske og sosiale livet i bygda og korleis den viser seg i rettsregler og -sedvanar. Av praktiske grunnar har vi delt spørsmåla på to lister. Om delingsmåten sjå side 2. Sakleg grensar emnet på eine sida mot vidjer, spenningar og liknande former for feste og bende, på andre sida mot dei ymse former for tråd til veving, strikking og saum. Vi går ut frå materialet og tar funksjonen (bruken) med i den mon det fell naturleg. Det vil seinare koma ei liste som går ut frå funksjonen og tar med dei feste og bende som vi ikkje kan få med her (t. d. fiskesnøre). Med denne lista vil vi likevel gjerne få greie på om det er materialet eller funksjonen som er grunnlaget for dei ulike namn og nemningar på dette området. Difor tar vi til med: A. Definisjonar 1. Kva kjønn har orda tau og reip i Dykkar bygd og korleis vert dei uttala? 2. Mange stader er nemninga slik at ordet tau vert nytta om det som er laga av plantefibrar eller anna materiale frå planter, medan ordet reip vert nytta om det som er laga av huder, skinn eller anna materiale frå dyr. Vi har nytta denne nemningsbruken i denne lista. Høver dette for Dykkar bygd? Dersom ikkje, kva er då skilnaden på tau og reip? 1

3. Når De i Dykkar bygd skil mellom taum (gjev opp kjønn og uttaleform) og tau/reip, er det då skilnaden i materialet eller i funksjonen som er grunnen til dette? Sume stader går denne skilnaden på framstellingsmåten slik at reipet/tauet er lagt eller fletta medan taumen er enkel (t. d. i Trysil der dei talar om ōlrēp i motsetnad til ōltømm av ku- eller elghud). Korleis er dette i Dykkar bygd? 4. Er det på same måten med snor og snøre innbyrdes og i høve til reip, tau og taum. Kan t. d. snor eller snøre vera laga av hud eller skinn, bast, hår, tagl eller bust? 5. Gjeld dette også for line eller re(i)v? 6. Og for band (til å binda med)? I mange bygder nyttar dei ord som sekkjaband, trantaband og kuband, desse kan vera laga av heilt ulikt materiale og på heilt ulik måte. Høver dette for Dykkar bygd? 7. Dersom dei i Dykkar bygd finnst andre ord for feste og bende enn dei som er nemnde ovanfor, var det gildt om De ville skriva dei opp, helst med utførleg deefinisjon. B. Framstellinga Vi går som nemnt ut frå materialet. Dette kan delast inn i 2 grupper: den eine kjem frå dyr og den andre frå planter. Som nemnt under sp. 2 fører dette mange stader til eit skilje i nemningsbruken: reip er laga av vyrke frå dyr, tau av vyrke frå planter. Av praktiske grunnar fylgjer vi dette skiljet og har difor delt spørsmåla på to lister slik at den eine (nr 41) berre gjeld for vyrke frå dyr og har overskrifta reip, medan den andre (nr 42) berre gjeld vyrke frå planter og har overskrifta tau. I svaret nyttar De sjølvsagt dei orda som er vanlege i Dykkar bygd. 8. Har det vore vanleg i Dykkar bygd å laga reip av huder? 9. Kva slag huder nytta ein serleg til dette (ku, okse, elg, rein, hest, kvalross e. a.)? 2

10. Skulle eller ville ein helst nytta huda av eit ungt dyr (kvige) og kvifor? 11. Var det andre krav ein sette til huda? 12. Korleis bar ein seg åt med å få av håra? 13. Vart heile huda preparert før ein nytta henne, kva kalla ein det og korleis gjekk det for seg? 14. Skar ein huda rein (rund) og kva kalla ein det? 15. Kva reiskap nytta ein til å skjera (klippa) opp huda med? 16. Kor breid var reima eller strimmelen som huda vart skoren opp i, og kor lang vart den? 17. Var det noko omsyn å ta når ein skar opp huda, t. d. at reima skulle vera breiare der huda var tynn? 18. Kor heldt ein til med dette arbeidet? 19. Kva kalla ein det å skjera (klippa) opp huda og hadde ein eit sers namn på reima? 20. Skulle (burde) reima turka straks ho var skoren (kor lenge og kvifor)? 21. Skulle (burde) reima leggjast i saltlake (kvifor) og kor låg ho i tilfelle i laken? 22. Vart reima preparert på nokon annan måte før tvinninga og korleis gjekk det for seg? 23. Korleis gjorde ein når ein skulle tvinna reima? Det tykkjest då å ha vore heller vanleg å leggja ei høveleg lengd av reima over t. d. to bukkar. Enden av reima vart fest til bakre bukken med ein spikar e. l. Framfor fremre bukken, der reima hang laust ned, batt ein t. d. ei bøtte med stein i eller noko anna høveleg tungt. Ein tvinna så reimlengda ved å snurra dette draget rundt. Når reimlengda var tvinna ferdig, feste ein henne til fremre bukken, løyste bøtta og la ei utvinna reimlengd over bakre bukken. Så tvinna ein henne på same måten og dreiv på til heile reima 3

var tvinna ferdig. Ein kunne óg nytta laftendane til å tvinna på. Då gjekk ein rundt huset og tvann på same måten som ovanfor. 24. Var det vanleg å strama reima etter tvinninga og korleis vart det gjort? 25. Vart den tvinna reima preparert på nokon måte, og korleis gjekk dette for seg? Dette har sume stader vorte gjort slik: Reima vart lagd som ein hespel der eine enden var fest i ein bjelke eller anna i taket i stova eller eit høveleg uthus. I andre enden av hesplene hengde dei noko tungt, t.d. ein kubbe, eit kjerrehjul e.a.; dette hang fritt. Gjennom omfara på hespelen stakk dei ei eller to stenger; dersom det var to, stod desse vinkelrett på kvarandre. Når dei så tvinna hespelen ved å snu på kubben eller hjulet, vart stonga (stengene) drivne oppover mot taket. Ved å pressa den nedover dreiv ein snuren i hespelen snøgt ut, og kubben (hjulet) sveiv rundt med stor fart. Den verka som eit svinghjul slik at hespelen vart tvinna opp andre vegen når snuren var gått heilt ut. Stonga (stengene) måtte då lyftast opp for ikkje å meinka tvinninga og pressast ned att når snuren var komen til topps. På denne måten kunne ein halda tvinninga i gang, alt medan ein sette reima inn med feitt til ho ikkje tok mot meir. Er denne prepareringsmåten kjend og nytta i Dykkar bygd? 26. Kor heldt ein då vanlegvis til med arbeidet? 27. Var hespelen festa med ein spikar gjennom kvart omfar eller var berre enden av reima festa slik medan kvart omfar elles var lagt over stokken? 28. Kva nytta ein som drag og stabilisator ( svinghjul )? 29. Nytta ein ei eller to stenger å tvinna med? 30. Dersom ein nytta berre ei stong, stod det då ein mann i kvar ende og drog stonga eller var eine enden av stonga fest i veggen med ein led slik at ein mann åleine kunne driva tvinninga? 4

31. Kor lang tid tok prepareringa og burde den gjerast ferdig i eitt tak eller kunne ein gjera ein stogg i arbeidet slik at hespelen hang uferdig frå eine dagen til neste? 32. Kva merke hadde ein på at prepareringa var ferdig? 33. I tilfelle to eller fire mann måtte til for å drive tvinninga, var det då vanleg at grannane kom til hjelp med dette? 34. Dersom grannane kom til hjelp, vart det då skipa til som ein fest under eller etter arbeidet, slik vi kjenner det t.d. frå Sverige. Der vart prepareringa gjort til ein stor grannefest som tok til i kveldinga og vara til arbeidet var ferdig ut på morgonkvisten. Det var god mat og mykje drikke for dei som kvilde frå det strevsame arbeidet med å driva tvinninga. Kvart lag (4 mann) dreiv på i 5 minutter i kvart skift, medan lengda på kvilestunda vart i høve til mannemakta dei hadde. Det var elles ikkje så mykje dei sers tilstellingane som skapte festen, men meir stemninga ved arbeidet og samværet. Frå Noreg har vi vitnemål om at borna tykte det var stor stas å få sjå på dette arbeidet. 35. Kva smurde ein reima med? 36. I prenta kjelder har vi opplysningar som tyder på at denne prepareringa har gått for seg etter at reipet var lagt eller fletta. Har dette vore tilfelle i Dykkar bygd? 37. Vart reipet nytta slik det nå var, eller brukte ein å leggja eller fletta det? 38. Dersom reipet vart nytta utan å vera lagt eller fletta, kva kalla ein det då? 39. Kva vart eit slikt reip serleg nytta til? 40. Dersom reipet vart nytta lagt eller fletta, kva kalla ein då dei delene som ein la eller fletta? (Det vanlege både ved reip og tau er tått (ein), og vi nyttar det ordet her i spørjelista. I svaret nyttar De sjølvsagt det ordet som er vanleg i Dykkar bygd.) 5

41. La ein reipet med hand eller nytta ein reiskap til det? 42. Korleis bar ein seg åt om ein la reipet med hand? 43. Dersom ein nytta reiskap til leggjinga, kva heitte då denne reiskapen, korleis såg han ut (teikna) og korleis vart han nytta? 44. Dersom ein fletta repet, var det då nokon sers framgangsmåte? 45. Kor mange tåttar nytta ein? Dersom talet på tåttar i fletta reip kunne skifta, kva var då grunnen til dette (ulik bruk e.a.)? 46. Kva kalla ein reip som var lagt eller fletta? 47. Hadde slike reip serlege føremonar og kva vart dei helst nytta til? 48. Har det i Dykkar bygd vorte laga reip av andre slag skinn, t.d. åleskinn, og korleis var då framgangsmåten? 49. Har det i Dykkar bygd vorte laga reip av hår, ragg, bust eller hår frå hale og man på ku og hest, og kva kallar ein slike reip? 50. Kva slag hår var det ein i tilfelle nytta? 51. Kva kallar ein hår frå hale og man på ku og hest (tagl, sveip, svøp, kutagl)? 52. Vart materiala preparert før ein nytta dei, og kvifor og korleis vart dette gjort? 53. Spann eller tvinna ein håra (busta, taglet) med hand, tein eller ein annan reiskap og kva heitte i tilfelle denne reiskapen, korleis såg han ut (teikna) og korleis vart han nytta? 54. Kva kalla ein den snora som ein fekk ved tvinninga og vart den nytta til noko slik som ho var? 55. Kva kalla ein denne snora når ein skulle leggja eller fletta reip av henne (tått)? 56. Vart reipet lagt eller fletta og kva kalla ein dette arbeidet? 6

57. La ein i tilfelle reipet med hand og korleis gjorde ein dette, eller vart det nytta ein reiskap til det? Kva heitte i tilfelle reiskapen, korleis såg han ut (teikna) og korleis vart han nytta? 58. Hadde reip av hår, bust og tagl serlege føremoner og kva vart dei helst nytta til? 59. Er ordet sime i Dykkar bygd nytta åleine eller i samansetjing om noko slag feste eller bende? Kva var det i tilfelle laga av, korleis vart det laga og korleis vart det nytta? 60. Var (er) det einskilmenn eller bygdelag som meir enn andre dreiv (driv) med å laga slike reip som vi har spurt etter ovanfor? 61. Kor og korleis selde dei då reipa sine? 62. Kva var prisen på reipa? (Prisoppgåver bør vera tidfeste på tiåret eller så): 63. Dersom slike reip har vore kjente og nytta i bygda, men ikkje vorte laga der, kor og korleis fekk ein då tak i dei? 7