Øystre Slidre kommune Saksbehandlar: Gunnar Kværne Amundsen Saksframlegg Arkivsaksnr: 09/906 Arkiv: R2010-02, L12 Tlf: 61 35 25 00 Behandla av: Møtedato Saksnr: Planutvalet 11.11.2010 066/10 Reguleringsplan for Måfå. Handsaming før offentleg ettersyn. Utskrift til: Areal + v/erik Sollien, Storgata 64 A, 2609 Lillehammer Jan Skogen, Dalsvegen 258, 2940 Heggenes Tone Skogen og André Halnes, 2973 Ryfoss Vedlegg: Situasjonskart Plankart Planprogram, godkjent planprogram blir lagt fram på møtet. Bakgrunn for saka: Areal+ har på vegne av André Skogen og Tone Skogen Halnes fremma ei reguleringsplan for Måfå. Formålet med planen er å legge til rette for bustad og næringsutvikling. Reguleringsplanen vil vere ein detaljregulering. Saksopplysningar: Planområdet er på om lag 63,5 daa. Området som planen omfattar er i dag avsett til landbruk, natur og friluftsliv (LNF) i arealdelen til kommuneplan. Skogen og Halnes søkte i utgangspunktet om dispensasjon for frådeling til bustadtomt i Måfå. Planutvalet sa nei til at det vart gitt dispensasjon, men oppfordra søker til å utarbeide reguleringsplan for området slik at prosjektet fekk ei breiare vurdering enn via søknad om dispensasjon. Då tiltaket er i strid med overordna plandokument er det utarbeidd planprogram for det regulerte planområdet. Planprogrammet blir behandla delegert. Planområdet ligg i Dale, men på den vestre sida av dalen mot Vestre Slidre. Tilkomsten skal vere frå fv. 289 i Vestre Slidre. Tunet i Måfå ligg om lag 2,4 km. frå fv. 289 og om lag 5,5 km. frå krysset i Dale. Frå fv. 289 skal ein nytte ein eksisterande skogsbilveg i tillegg til å bygge ny veg den siste delen, om lag 350 m.
Oppstart av planarbeidet vart varsla i Avisa Valdres den 10.09.2009. Private, offentlege etatar og naboar vart varsla den 07.09.2009. Innkomne merknader i samband med annonsert oppstart av planarbeidet 1. Noregs vassdrags- og energidirektorat, NVE, brev dagsett 29.09.2009. Minner om ansvaret for å kartlegge risiko- og faremoment knytta til vatn, vassdrag og ras gjennom ein god planprosess og behovet for ein påfølgjande beskriving av avbøtande tiltak. Vidare må ein ta omsyn til eventuelle vassdrag innafor planområdet, jf. vassressurslova. 2. Fylkesmannen i Oppland, brev dagsett 28.09.2009. Området er avsett til LNF i eksisterande kommuneplan. Kommunen bør difor revidere kommuneplanen før reguleringsplanen blir behandla. Det er viktig at kommunen ser på og vurderer heilskapleg forhold som lokalisering av bustader, skoleskyss, heimetenester, m.m. Det er ikkje registrert verdifulle naturtyper eller sårbare arter i området. Då arealet er vurdert som utbyggingsområde i arealdelen til kommuneplan må slike utredningar eventuelt skje i ein reguleringsplanprosess. Planarbeidet berører ikkje dyrka mark. Fylkesmannen vil likevel frårå at eit slikt isolert område blir regulert gjennom ein plan utan forankring i overordna plan. Fylkesmannen anbefaler kommunen at tiltaket blir registrert som eit innspel til revidering av kommuneplan for Øystre Slidre kommune. 3. Oppland fylkeskommune, brev dagsett 05.10.2009. Kulturvern: Synfaring vart gjennomført 20.10.2009. Det vart då funne sju lokalitetar med automatisk freda kulturminne, kolgroper. Regional utvikling: Saka manglar eit planprogram då tiltaket er i strid med arealdelen til kommuneplan. Kommunen har då to alternativ: 1. Å avvise planforslaget. 2. Å stille krav til at planprogram blir utarbeidd. Ein vil tilrå at kommunen avviser planforslaget og at saka blir sett på som eit innspel til rullering av arealdelen til kommuneplan. I tillegg til merknadene til oppstart av planarbeid har kulturvern hjå Oppland fylkeskommune kome med uttale i samband med offentleg ettersyn av planprogrammet. Dette har direkte betyding for sjølve planen, ein tek difor med denne merknaden her. Fageininga for kulturvern har nokre merknader til sjølve plankartet med omsyn på kulturminne. Vi går ikkje i detalj på dette her, men seier at desse punkta skal ein ta omsyn til og endre plankartet deretter. Både Fylkesmannen i Oppland og Oppland fylkeskommune peiker på beliggenheiten til planområdet og at området er avsett til LNF i eksisterande kommuneplan. Det var på bakgrunn av dette at søknad om dispensasjon for frådeling av bustadtomt ikkje vart godkjent. Ein meiner at dei momenta som er komne inn er ganske like dei som låg til grunn ved behandling av dispsaken. Ein ynskjer difor at saka blir lagt ut til offentleg ettersyn for å få ein breiast mogleg grunnlag for vidare vurdering av saka. Ein viser til planprogrammet for nærare vurdering av moment i saken.
Utbyggar legg fram dette forslaget til føresegn: Avgrensing av området er vist på plankartet med reguleringsgrense datert 10.08.2010. Innafor området er arealet regulert til disse formåla, jfr. plan- og bygningslova 12-5 og 12-6: PBL 12-5.1 Bebyggelse og anlegg Boligbebyggelse/anneks Næring/bustad PBL 12-5.2 Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur Køyreveg (privat veg) PBL 12-5.5 Landbruks-, natur- og friluftsområde Skogbruk PBL 12-6 Område med hensynssoner i reguleringsplanen Høgspenningsanlegg Bevaring av kulturmiljø RETNINGSLINE Dersom det ved tiltak i marka vert funne automatisk freda kulturminne, skal arbeidet straks stansast i den grad det rører ved kulturminna eller sikringssona kring dei på 5 meter, jfr. Lov om kulturminne 8. Melding skal snarast sendast til kulturminnestyresmaktene i Oppland fylkeskommune, slik at vernestyresmaktene kan komme på synfaring og ta stilling til om tiltaket kan halde fram og eventuelt vilkåra for dette. PBL 12-5.1 BYGG OG ANLEGG Boligbebyggelse/anneks Innafor området kan det førast opp anneks med grunnflate på inntil 50 m 2 BYA. Største tillate møne- og gesimshøgde er henholdsvis 5,0 og 3,0 m over gjennomsnittleg planert terreng. Bygg og tomt kan ikkje delast frå som sjølvstendig eining. Føresegnene under kombinert formål Næring og bustad pkt 4 14 gjeld og for området boligbebyggelse/anneks. Kombinert formål Næring og bustad Innan området skal det førast opp bygg for kombinert formål næringsverksemd og bustad. Hovudhuset kan førast opp med næringsverksemd (stall) i underetasjen og bustad over. Bebygd areal (% BYA) skal ikkje overstige 500 m 2 BYA. gjennomsnittleg planert terreng. Maksimal gesimshøgde kan vera 6,0 meter over maksimalt vera 5,0 meter over gjennomsnittleg planert terreng. Maksimal gesimshøgde kan vera 2,5 meter over gjennomsnittleg planert terreng. Bygg skal ha saltak med takvinkel mellom 20 o og 35 o. Mindre tak over inngangsparti/takoverbygg eller liknande kan ha annan takvinkel. Bygg skal ha utforming, materialbruk, dimensjonar og fargebruk som passar inn i terrenget og det lokale bygningsmiljøet.
Materialet skal i all hovudsak vera tre og stein. Veggflater skal ha dempa farge innan jordspekteret. Skarpe fargar må ikkje nyttast på breie vindskier og på brei omramming rundt vindauge. Bygg skal vera tilpassa terrenget. Høgde på fylling og skjæring kan maksimalt avvike 2,0 meter frå eksisterande terreng. Til taktekking skal materiale ha matt overflate og farge. Det er ikkje tillate med valma tak og/eller karnapp. Vindauge skal tilpassast bygningen. Det er ikkje tillate med vindauge i taket, verken i takflata eller nedsenka. Synlege parabolantenner skal vera festa til husveggen og ha same farge som fargen på huset. Det er ikkje tillate med andre store antenner, bortsett frå vanlege TV-antenne. Bygg på tomta skal plasserast innanfor byggegrensene vist på plankartet. Vedlagt søknad om løyve om tiltak skal det leggjast fram detaljert situasjonskart som syner plassering av kombinert hus for næring/bustad og garasje, veg på tomta, parkering, m.m. Avfall skal bringast til godkjend oppsamlingsstad. PBL 12-5.2 SAMFERDSELSANLEGG OG TEKNISK INFRASTRUKTUR Privat veg og parkering Planen viser ny privat adkomstveg fra eksisterande veg/snuplass. Vegen er regulert med minimum 8 meter breidde på vegformålet. Regulert kjørebane skal vera 4,0 meter. Vegstigninga skal ikkje overstige 1:8. Opparbeidinga i tilslutning til stølsvegen skal utførast i samsvar med gjeldande retningsliner. Det skal sikrast tilstrekkelege grøfter for overflatevatn og eksisterande bekker langs vegen. Vegskråning skal ikkje ha større stigning enn 1:1,5, utan at denne er sikra med steinplastring eller anna tiltak. Evt. støttemur skal utførast som stablesteinmur. Skråningar skal tilsåast med naturblanding. PBL 12-5.5 LANDBRUKS-, NATUR- OG FRILUFTSOMRÅDE Skogbruk Innan areala regulert til jord- og skogbruk gjeld jordlova og konsesjonslova med forskrifter. PBL 12-6 OMRÅDE MED HENSYNSSONER I REGULERINGSPLANEN Faresone høgspentanlegg, høgspentline Område regulert til fareområde høgspentanlegg er sikringssone langs høgspentline i luft. Det er ikkje tillate å føre opp bygg eller andre faste innretningar nærare høgspentline enn 6 meter målt i horisontalplanet. Bevaring av kulturminne Hensynssona sikrar bevaring av automatisk freda kulturminne. Desse er automatisk freda, jfr. Lov om kulturminne 4c, 6 og 8. Alle tiltak innafor hensynssona bevaring av kulturminne skal leggjast fram for kulturminnestyresmaktene i Oppland fylkeskommune for godkjenning. Planprogrammet for Måfå med endringar vart godkjent i Del 296/10. Vurdering:
Næring/bustad, punkt 3. Ein meiner det ikkje er naudsynt å ha med makshøgde for gesimshøgde då dette blir bestemt godt nok gjennom mønehøgde og takvinkel. Ein meiner difor at disse linene kan gå ut. I punkt 1 innafor boligbebyggelse/anneks er ikkje takvinkel med i føresegna. Her bør difor gesimshøgda bli ståande. Det vart inngått nokre avtaler mellom utbyggar og andre aktørar i samband med søknaden om dispensasjon. Ein tenkjer då på avkøyringsløyvet frå Vegvesenet og avtale om bruk av veg og grunn til å lage veg fram til Måfå. I etterkant har det blitt ein reguleringsplan der formålet er utvida til å gjelde næring. Det er viktig å forsikre seg om at avtalene framleis er gjeldande når konseptet er utvida. Rådmannen legg saka fram med slikt forslag til vedtak: Punkt 3 i Kombinert formål Næring og bustad skal endrast til følgjande: maksimalt vera 5,0 meter over gjennomsnittleg planert terreng. Planutvalet legg, i medhald av plan- og bygningslova 12-11, reguleringsplanen, revidert i samsvar med dette vedtaket, ut til offentleg ettersyn. 11.11.2010 Planutvalet Behandling: Samrøystes PL-066/10 Vedtak: Punkt 3 i Kombinert formål Næring og bustad skal endrast til følgjande: maksimalt vera 5,0 meter over gjennomsnittleg planert terreng. Planutvalet legg, i medhald av plan- og bygningslova 12-11, reguleringsplanen, revidert i samsvar med dette vedtaket, ut til offentleg ettersyn. Rett møtebok: