Reguleringsføresegner for: Gnr. 43, bnr. 4, 68, 125 m.fl., Rostøy 1. GENERELT Desse føresegnene er utarbeidd med heimel i plan- og bygningslova 26, og gjeld for det regulerte området som er vist med reguleringsgrense på kart i målestokk 1:1000, datert 17.01.2008, revidert 09.06.09. Plankartet er utarbeidd etter 25 i plan- og bygningslova. Areala i planområdet skal nyttast til følgjande føremål: Byggjeområde (PBL 25, 1.ledd nr. 1) Fritidsbustader Herberge og bevertning Frittliggjande småhus Landbruksområde (PBL 25, 1.ledd nr. 2) Landbruksområde generelt Offentlege trafikkområde (PBL 25, 1.ledd nr. 3) Køyreveg Spesialområde (PBL 25, 1.ledd nr. 6) Privat veg Friluftsområde Ridesenter Friluftsområde i sjø og vassdrag Frisiktsone Fellesområde (PBL 25, 1.ledd nr. 7) Felles leikeplass Anna fellesareal 17.01.2008. Side 1 av 7.
2. FELLESFØRESEGNER FOR PLANOMRÅDET. 2.1 Søknad om løyve til tiltak skal: - innehalde ein situasjonsplan for eigedommen som viser bygningar, avkøyrsle, parkeringsplassar, uteareal og murar. Eksisterande nabobygningar skal takast med i den grad det vil ha noko å seie for soltilhøve og utsyn. - Innehalde fasadeoppriss på nye bygningar og gjere greie for utvendige fargar og materialar til fasadar, tak og andre faste installasjonar. 2.2 Inngrep Inngrep skal skje med størst mogleg varsemd. Eksisterande terreng og vegetasjon skal bevarast i størst mogleg grad. Trasear for vatn, avlaup og kablar som ikkje kan leggast langs vegar, skal tilplantast med stadeigen vegetasjon. 2.3 Nye bygningar og anlegg skal: Nye bygningar og anlegg skal gjevast ei god arkitektonisk utforming når det gjeld volum, stiluttrykk, materialbruk og fargar, og ta utgangspunkt i god, lokal byggjeskikk. Bygningar og anlegg skal plasserast med best mogeleg tilpassing til terrenget, og slik at verdfull vegetasjon og terreng vert teken vare på. Særlege kulturhistoriske og/eller arkitektoniske kvalitetar skal takast omsyn til. 2.4 Teknisk infrastruktur Naudsynte transformatorkioskar, kablar og anlegg for transport av vatn og avlaup kan førast opp innanfor planområdet. 2.5 Anna Ved sida av desse føresegnene gjeld plan og bygningslova, kommunen sine føresegner til denne lova og departementet sine føresegner. Det er ikkje høve til å inngå privatrettslege avtalar som er i strid med planen og føresegnene til planen når denne er stadfesta. Dersom det blir funne eldre kulturminne skal arbeidet straks stoppas i den grad det berører kulturminna eller sikringsona på 5 m, jfr. Lov om kulturminne 8. Melding skal snarast sendas til kulturavdelinga i Hordaland fylkeskommune. 2.6 Universell utforming Universell utforming skal nyttast i alle ledd av utbygginga frå bustader til næringslokaler via vegar, tilkomster og parkeringsplassar. 17.01.2008. Side 2 av 7.
3. BYGGJEOMRÅDE 3.1 BYGGJEOMRÅDE FOR BUSTAD B1-B2 Områda skal nyttast til bustad med tilhøyrande anlegg som garasje og ev. uthus. På kvar tomt kan det førast opp ein einebustad. Utnytting er sett til BYA=20%. På kvar tomt skal det vera garasje og / eller biloppstellingsplass for minst 2 bilar. Det må alltid vera minst 5 m frå garasjeport til vegkant i lengderetninga for garasjen. Når naboen samtykkjer kan garasje og uthus førast opp inntil nabogrense, men med minst 3 m avstand frå veg. 3.2 BYGGEOMRÅDE FOR FRITIDSBUSTADAR / HYTTER H1-H7 Området skal nyttast til fritidsbustadar med tilhøyrande anlegg som terrasse, anneks, og liknande. Fritidsbustadane skal vere på ein etasje, med unntak for dei brattaste tomtene der to etasjar vil gje ei betre terrengtilpassing. Byggesøknaden skal innehalde snitt som syner tomtetilpassinga. Maks mønehøgd er sett i kart. Fritidsbustadane skal ha pulttak med ein vinkel mellom 10 og 20 grader og taktekkinga skal vere i eit materiale som gir ein mørk og matt fargevirkning. Hyttene skal ha panel som anten er ubehandla, olja eller måla i mørke naturfargar. Hytte og anneks/uthus bør brytast opp i mindre volum, grupperast og knytast saman med t.d. pergola og leveggar for å gje skjerma uteområde. Uthus og anneks skal plasseras i nær tilknyting til hytta. Terrassar skal anten vere som uteplass på terrenget eller som treplattingar mellom bygningskroppane. Rekkverk og leveggar skal ha sams utforming i heile hytteområdet. Ein kan og nytta naturstein i fasadar og terrassar. Terrasser skal anleggast maks 1 m over terreng. Terrengbehandlinga skal sikra landskapet sitt utmarkspreg og rekreasjonsverdi ved at hyttene skal tilpassast terrenget og ruve minst mogeleg. Bygningskroppane skal i regelen ligge langs koteretninga. Hyttene skal plasserast utan unødige fyllingar eller utsprengingar og med minst mogeleg inngrep i naturen. Tomta skal behalde karakteren av naturtomt og ikkje gjerdast inn. Det skal opparbeidast minst 1 biloppstellingsplass på kvar tomt. Gjesteparkering skal opparbeidast innanfor AF, med min. 2 plassar for kvart byggjeområde. 17.01.2008. Side 3 av 7.
Største tillete bruksareal på fritidsbustadane er 100 m2, og største tillete bruksareal på eventuelle anneks eller uthus er på til saman 50 m2. Terrasser skal ikkje vere større enn 50m2. 3.3 BYGGJEOMRÅDE FOR HERBERGE OG BEVERTNINGSSTADER - HB Område kan nyttast til hotell eller annan overnattingsverksemd, kurs, konferanse, leirskule og liknande verksemd. BYA er sett til 15 % Maks mønehøgd er sett til kote 46 moh. Det skal godkjennast bebyggelsesplan før byggeløyve vert gjeve. Med bebyggelsesplanen skal det leverast illustrasjonsplanar som syner plassering av veg, tilkomst til eksisterande tomter gnr. 43, bnr. 660 og gnr. 43, bnr. 661, bygg, inngrep i terreng m.m. Innanfor føremålet skal det opparbeidast naudsynt parkering for HB i høve til verksemda sitt behov og kommunale krav. 4. OFFENTLEG TRAFIKKOMRÅDE 4.1 OFFENTLEG TRAFIKKOMRÅDE OK1-OK2 Formålet skal nyttast til offentleg veg. Offentleg køyreveg skal ha ein minste breidde på 4 m inklusive skulder. Område som ikkje nyttast til veg kan liggja urørd eller nyttast til anna vegføremål. 5. SPESIALOMRÅDE 5.1 FAREOMRÅDE Formålet skal sikra eksisterande kraftline. Området kan nyttast i samsvar med underliggjande reguleringsføremål når det ikkje kjem i konflikt med dei reglar som gjeld for kraftliner. Om kraftlinja vert lagt i jordkabel kan området nyttast fritt i samsvar med underliggjande føremål. 17.01.2008. Side 4 av 7.
5.2 FRISIKTSONE VED VEG Formålet skal sikra fri sikt i vegkryss og ved avkjørsler. I frisiktsona skal det vere fri sikt i ei høgd av 0,5 m over tilstøytande vegar si høgd. 5.3 PRIVAT VEG PV1-PV4 Føremålet er avsett til privat veg. PV1 skal sikre tilkomst til bustadtomter på gnr. 43, bnr. 660 og gnr. 43, bnr. 661, utanfor planområdet, vest for HB, i tillegg til å sikre tilkomst til HB. PV2 skal opparbeidast i ein breidde av 3 m fram til FL 2, og vidare i ei breidde av 2,5 m. PV3 og PV4 skal opparbeidast i ein breidde av 2,5 m. 5.4 FRILUFTSOMRÅDE - F Formålet skal sikra ålmenn tilgjenge til naturområde. Innanfor formålet kan det opparbeidast stiar og liknande tiltak som lettar bruken av området som friluftsområde. Stiar får ikkje vere breiare enn 2 meter. Naudsynte inngrep for framføring av vatn og avløp, transformatorkiosk, pumpestasjon o.l. er tillate. Inngrep skal skje så skånsamt som mogleg, og tilplantast med stadeigen vegetasjon. 5.5 BYGGJEOMRÅDE FOR RIDESENTER Området skal nyttast til ridesenter. Innanfor føremålet kan det førast opp ridehall, stall, ev. klubbhus og kontor. Det kan anleggas ridebaner og andre bygg eller anlegg som naturlig hører til drifta av eit ridesenter. Bygningane kan oppføres separat eller som kombinerte bygg. BYA er sett til 15% eksklusiv parkering. Maks mønehøgd er sett i kart. Det skal avsetjast naudsynt areal til parkering og trygg manøvrering av bil med henger. Område som ikkje er utbygd kan liggja urørd eller gjerdes inn og nyttes som luftegard (paddock) for hest. Langs ridehall skal det etablerast eit vegetasjonsbelte av omsyn til fjernverknad. 17.01.2008. Side 5 av 7.
6. FELLESOMRÅDE 6.1 FELLES LEIK - FL FL1 kan nyttast til ballplass eller leik, og opparbeidast i samsvar med slik bruk, eller som naturleikeplass. Området er felles for B2 og B3. FL2 skal nyttast til leikeplass, og opparbeidast i samsvar med slik bruk. Område er felles for hytteeigedomane innanfor H1-H7. 6.2 ANNA FELLESAREAL - AF AF skal nyttast til parkering, plass for avfallsdunkar og postkassestativ og andre fellesfunksjonar. Innanfor formålet kan det og oppførast felleshus/ grendehus. BYA er set til 10% eksklusiv parkering. Maks mønehøgd er sett i kart. Område som ikkje vert nytta til anna formål kan nyttast til ballplass eller leik, og opparbeidast i samsvar med slik bruk, eller liggja urørt. AF er felles for H1-H7. 7. REKKJEFØLGJEKRAV 7.1 VEG OK1 fram til avkøyrsle til OK2, OK2 og PV2 skal opparbeidas saman med FL2 før ein startar utbygging av H2, H3, H4 og tilgrensande tomter i H5 og H6. PV3 skal opparbeidast før ein startar utbygging av tilgrensande tomter i H1, H5, H6 og H7. PV4 skal opparbeidast før ein startar utbygging av tilgrensande tomter i H6 og H7. 7.2 TILKOMSTVEG FRAM TIL PLANOMRÅDET Det skal opparbeidast 3 møteplassar på den kommunale vegen fram til planområdet som synt i skisse datert 26.05.2008. I samband med anleggsperioden skal møteplass 2 vere opparbeidd. Møteplass 3 skal vere opparbeidd før hyttene i felt H1-H7 får byggeløyve. Møteplass 1 skal vere opparbeidd før tiltak i område HB og område for ridesenter får byggeløyve. 17.01.2008. Side 6 av 7.
7.3 PARKERING Det skal opparbeidast 2 gjesteparkeringsplassar innanfor AF for kvart byggeområde for fritidsbustader (H1-H7) samstundes som ein startar utbygging innanfor felta. 7.4 VA-RAMMEPLAN Innanfor planområdet kan tiltak som nemnt i Pbl 93 ikkje tillatas før det føreligg ein godkjend rammeplan for vatnforsynings-/overvatn- og spillvatnsystem, samt uttak for brannslokkevatn. Revidert 26.05.2008 Revidert 21.12.2008 Revidert 06.02.2009 Revidert 09.06.2009 17.01.2008. Side 7 av 7.