Prosjektplan: Landbruksplan for Kvam 1. Mål og rammer 1.1 Bakgrunn Kommunale landbruksplanar tilrettelegging for å styrke lokaldemokratiet på landbruksområdet Stortinget har vedtatt å overføre ansvaret for ein del av oppgåvene innanfor landbruksforvaltninga frå statlege etatar til kommunane. Ein del oppgåver hos Fylkesmannens landbruksavdeling (FMLA) som krev lokalpolitisk skjønn, blir overført til kommunane. Ein ønskjer med dette å sjå landbrukspolitikken i samanheng med andre samfunnsoppgåver og samtidig bidra til betre målretting og effektivisering av statleg verkemiddelbruk. Dette gjelder i hovudsak fylgjande oppgåver: Miljøretta verkemidlar til kulturlandskapstiltak (STILK, m.m.) Midlar til skogbruk, spesielt vegbygging Saker etter konsesjonsloven og jordloven (m.a. delingssaker). Saker etter skogbruksloven. 1.2 Prosjektmål Det skal utarbeidast eit mål- og handlingsretta planverktøy som skal vera eit styringsreiskap for administrasjonen og dei politiske organa i Kvam herad. Hovudfokuset i planarbeidet skal vera næringsutvikling med basis i dei ressursar som landbruket rår over..målsetjinga for planarbeidet vil vera å føreta lokale tolkingar av føringar frå sentrale myndigheiter og både tolka korleis landbruket kan ta del i dei utfordringane som føl av kommuneplanen, og gje innspel til neste rullering av kommuneplanen. Det er viktig at landbruket sine ressursar vert nytta aktivt i arbeidet med å oppnå auka busetjing, sysselsetjing og verdiskaping i Kvam herad. Landbruksplanen for Kvam skal synleggjere mål og strategiar for å kunne møte dei utfordringane som både næringa og forvaltninga står ovanfor. Det samla resultatet skal gje drahjelp i høve til visjonen om at Kvam skal verta den beste bu- og næringskommunen i Hordaland, og at me mellom anna gjennom utnytting av landbruket sine ressursar også kan nå eit folketal på 10 000 innbyggjarar.
1.3 Rammer Tidsrammer Februar 2004 Mars 2004 November 2004 Vedtak om oppstart Tilsetja prosjektleiar Slutthandsaming i heradsstyret Kostnader 4 mnd. Arbeid for ekstern prosjektleiar 110 000,- kroner 2 mnd. Arbeid for tilsette i Kvam herad 60 000,- kroner Reiser/kontorhald/trykking 30 000,- kroner Total kostnad: 200 000,- kroner Løyvd tilskot: 50 000,- kroner Netto kostnad: 150 000,- kroner Av dette er interne kostnader (60 000,-) og andre løyvingar i budsjett 2004 (50 000,-) allereie inndekka. Prosjektet vil ha ein kostnad som er 40 000,- kroner høgare enn dette, noko som må dekkast inn gjennom omfordeling av midlar innan eining for plan, utvikling, næring og kultur. Overordna føringar Budsjettvedtak i Stortinget, overordna føringar frå Landbruksdepartementet Strategisk landbruksplan for Hordaland, Strategiplan for skogbruket i Hordaland, BU-strategi med fleire Lokale føringar Kommuneplan, Strategisk næringsplan 2. Omfang Ein tek sikte på å leiga inn ein ekstern prosjektleiar som skal vere pådrivar for prosessen. Representantar frå administrasjonen i kommunen vil verta tilretteleggjarar og støttespelarar for prosjektleiar. Prosjektleiar vil få ansvar for: - Opplegg for prosess og brukarmedverknad, knytt opp mot kommuneplanens målsetjing - Sekretærfunksjon for styringsgruppa - Fullføra arbeidet med oversiktsplan for skogbruk og hovudplan veg - Utarbeida framlegg til målsetjingar og prioriteringar - Samordne innspel frå arbeidsgrupper -Utvikling av tradisjonelt landbruk (samdrift, rasjonalisering, fagmiljø etc.) - Utvikling av landbrukstilknytte næringar (reiseliv, mat, utmark, tenester etc.) - Korleis sikra drift på marginale areal ("beitebank", utleige av beitedyr) - Utvikling og vern av kulturlandskapsverdiar - Miljøtiltak innan jord- og skogbruk - Knyta lokale innspel opp mot visjon og målsetjing i kommuneplanen - Retningsliner for forvaltning etter jordlov, konsesjonslov, skoglov etc - Generelle tolkingar av lovene - Areal der frådeling og omdisponering ikkje bør skje - Frådeling av bustadtomter, næringsareal og liknande - Konsesjonshandsaming for å nå mål om auka busetjing - Utarbeida scenario for korleis landbruket i Kvam kan utvikla seg fram til 2014 - Utarbeida plandokument med kartgrunnlag - Utarbeida framlegg til forvaltingsmodell og delegasjonsreglement - Utarbeida framlegg til ulike administrative samarbeidsmodellar - Sluttrapport
3. Organisering Funksjon Oppdragsgjevar Prosjektansvarleg Prosjektleiar Referansegruppe Styringsgruppe (7personar) Komitéar/arbeidsgrupper Deltakar Heradsstyret Rådmannen Vert tilsett februar/mars2004 Fylkesmannen, politiske repr, repr frå grendautvala, repr frå frilufts- /miljøorganisasjonar, repr frå bondeorganisasjonane, prosjektleiar 3 pol. repr, 2 frå landbruket, 1 frå reiselivet, 1 frå administrasjonen i Kvam herad Politikarar, evt administrasjon, lokallag/organisasjonar, interessegrupper Det vert etablert grupper/komitear etter behov. Dette kan vera grupper av næringsutøvarar innan ei næringsgrein, grupper innan eit geografisk område, grupper med miljø-/ og friluftsinteresser eller liknande. Komiteane arbeidar fram målsetjingar/utfordringar for landbruket innan sine fag-/interessefelt. 4. Avgjerdstidspunkt og oppfølging 4.1. Statusmøte og rapportering Når Prosjektleiar vert tilsett, skal det haldast møte i styringsgruppa ca. ein gong kvar månad. Det skal skrivast møteinnkalling og møtereferat frå til kvart møte. Det står representantane fritt til å orientera eigen organisasjon. 5. Risikoanalyse Prosjektet er avhengig at kommuneadministrasjonen klarar å følgje opp oppgåvene som prosjektleiar sett i gong. Det er viktig at representantar for landbruksnæringa og andre deler av innbyggjarane i Kvam er engasjerte i planarbeidet. Tidsnaud kan føra til at kvaliteten på prosjektet vert skadelidande. Det er difor viktig at styringsgruppa får greie på eventuelle problem på et tidlig tidspunkt, slik at ein kan gjera naudsynte prioriteringar. 6. Organisering og kvalitetssikring Det er viktig å følgja prosjektplanen med tilhøyrande tidsfristar og krav til dokumentasjon av framdrifta. Prosjektleiar er ansvarleg for framdrifta i høve prosjektplan. Avvik frå prosjektplanen med omsyn på framdrift skal rapporterast til styringsgruppa.
7. Gjennomføring 7.1. Hovudaktivitet Aktivitet Delplan/ansvar Tidsplan Oppretting av komitéar/arbeidsgrupper, Prosjektansvarleg, evt heradsstyret Innan 1. mars 2004 styringsgruppe og referansegruppe Sikra at arbeidsgruppene kjem i gong, Oppstartsmøte Mars 2004 og leverer sine innspel til fastsett tid Midtvegsoppfylgjing April 2004 Innlevering av innspel Innan utgangen av mai Oversiktsplan skogbruk Finna fram til og oppdatera arbeids som allereie er gjennomført Høyring/godkjenning i arbeidsgruppe, prosjektleiar/administrasjon Produsere endeleg kart, prosjektleiar Januar 2004 Februar 2004 Innan utgangen av mars 2004 Framlegg til målsetjingar, tiltak og prioriteringar Styringsgruppe Mai 2004 Lokal uttale, arbeidsgrupper September 2004 Offentleg ettersyn/høyring Samordning, prosjektleiar Oktober 2004 Utarbeide plandokument, evt. med Prosjektleiar Innan 1. oktober 2004 kartgrunnlag Administrativt samarbeid Dialog med ulike kommunar / kompetansemiljø Sluttrapport Prosjektleiar Oktober 2004 7.2 Kostnader Innan utgangen av september 2004 I samband med overføring av oppgåver har Fylkesmannen si landbruksavdeling (FMLA) satt av ein del midlar for å stimulere kommunane til å lage korte og målretta næringsstrategiar innanfor temaet landbruk/bygdeutvikling. Midlane skal gå til å dekke kostnader med møter og liknande for å få i gang prosessen. Budsjett Løn prosjektleiar 110 000,- Lønskostnader, kommunalt tilsette 60 000,- Trykking 10 000,- Div utgifter, kontorhald 20 000,- Total 200 000,- Finansiering Tilskot frå fylkesmannen 50 000,- Kommunale midlar/ressursar 150 000,- Total 200 000,- 8. Endeleg plandokument
* Skriftleg del med målsetjingar, tiltak og prioriteringar * 3 ulike scenario for utviklinga fram til 2014 * Plan for evt administrativt samarbeid * Retningsliner for handsaming av lovsaker/forvaltning etter forskrifter * Tiltaksliste (vert rullert kvart år) * Oversiktsplan skogbruk/hovudplan veg med eige kart