HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEBOK Opplærings- og helseutvalet Dato: 6. april 2011 Kl.: 09.00 11.45 Stad: 6. april: Fylkeshuset, Fylkesutvalsalen rom 367 Hordaland Saknr.: 16/11-21/11 MØTELEIAR Stenseide, Roald (FRP) DESSE MØTTE Robberstad, Hans Otto (A) Stenseide, Roald (FRP) Fosse, Rosalind (FRP) Aakvaag, Bjørn Arne (FRP) Schjelderup, Cathrine E (H) (06.04.11) Femoen, Dan Stian (H) Nilssen, Jan Arthur (H) (06.04.11) Sørland, Even Oleson (R) Sylta, Lene Fløysand (SP) Oen, Aud Karin (SV) Lien, Åshild Eikefet (A) (06.04.11) Nilssen, Arvid (KRF) (06.04.11) FORFALL Haraldsen, Guro Fosse (A) Johnson, Jan (A) Hellesøy, Aslaug (KRF) DESSUTAN MØTTE Opplæringsdirektør Inger Øvsthus Tønder Fagopplæringssjef Inge Alver Leiar for administrasjonsseksjonen Berit Roksvåg Utvalssekretær Øydis Rydland Ziem MERKNADER TIL INNKALLINGA Innkallinga vart godkjend med følgjande merknad: Utvalsleiar Roald Stenseide viser til mange forfall under synfaringa 5. april og presiserte at det også her er møteplikt. GODKJENNING AV SAKLISTA Saklista vart godkjend utan merknader 1
GODKJENNING AV MØTEBOKA 08.02.11 Møteboka vart godkjend utan merknader Synfaring 5. april: OPHE besøkte Arna vidaregåande skule, Tertnes videregående skole, Fyllingsdalen videregående skole og Langhaugen videregående skole YMSE Dokument utdelt i møtet Årsrapport 2010 Fagopplæringskontoret Info om møte vedk. NY GIV Avisartikkel frå Etne vidaregåande skule vedk. fråfall Seniorrådgjvar Ole G. Fredheim ved Fagopplæringskontoret orienterte om samarbeid med næringslivet vedk. sluttopplæring i skole. Inntaksleiar Nils Skavhellen orienterte vedk. førebels søkjartal for skuleåret 2011/12. Rådgjevar Petter Borthen informerte om ei endring i opplæringstilbodet til minoritetsspråklege som opnar for at privatistar kan ta munnleg eksamen i tillegg til skriftleg som i dag, men som vil avgrensa tilbodet i høve til tal framandspråk. Endringa skal skje frå 2012. Vedtak: a) Opplæringsdirektøren v/petter Borthen utarbeider eit brev til UDIR/KD vedk. ovannemnde sak b) Det vert lagt fram eit notat til OPHE vedk. antal minoritetspråklege som vil verta berørt av nemnde endring OPEN TIME Cathrine E. Schjelderup sette fram følgjande førespurnad: Deloitte-rapport om skulehelsetenesta vert lagt fram for OPHE til grundig drøfting Dan Femoen sette fram følgjande oversendingsforslag: I november 2010 ble det satt nasjonale mål for gjennomføringen i videregående opplæring. For å kunne følge opp målene har staten og fylkeskommunene blitt enige om prinsipper for et felles indikatorsett, slik at gjennomføring og frafall telles på samme måter i alle fylker. Alle fylkene er utfordret til å sette egne måltall for gjennomføringen i sitt fylke. OPHE ønsker en samlet oversikt over måltallene til alle fylkeskommunene Aud Karin Oen sette fram følgjande spørsmål: Hordaland fylkeskommune står framfor store utfordringar med omsyn til framandspråklege elevar som har kort butid i Norge, samt mangelfull utdanning frå heimlandet. Kva kan me gjera for å gje eit godt tilbod til desse? Det vil og ha innverknad på fråfallsstatistikken. 2
MELDINGAR Periode: 08. februar 2011-05. april 2011 Nr. Arkivsak Referatsakstittel 19/11 200812092-14 Forsøk - søknad om forlengelse av studiespesialiserende utdanningsprogram som toårig tilbud - Hordaland fylkeskommune 20/11 201010092-11 Svar på spørsmål om presisering og avklaring av rammer for forsøk 21/11 201013010-2 Instruktøropplæringa 2008-2010 - Kurs for instruktørar og faglege leiarar i lærebedrifter og opplæringskontor og for yrkesfaglærarar 22/11 201103047-1 Sommarskolen - utvida tilbod i 2011 23/11 201003951-7 Godkjenning etter privatskoleloven - St. Paul skole 24/11 201001140-16 Orientering om sjåføropplæringstilbod 25/11 201007306-82 Teljedato / elevar som skiftar skole Aud Karin Oen sette fram følgjande oversendingsforslag: OPHE ber om at ein og innfører ein teljedato i april (vår) ved dei vidaregående skulane i Hordaland 26/11 201103028-1 Rapportering og tiltaksprosedyrer ved mobbing 27/11 201005094-5 Vedkommande målform i dei vidaregåande skolane i Hordaland i høve til profilering mot omgjevnadene Dan Femoen sette fram følgjande oversendingsforslag: OPHE ber om en sak der man vurderer å gjøre administrasjonsspråket i Hordaland Fylkeskommune språknøytralt 28/11 201102962-1 Kostnader reklame og annan marknadsføring- opplæringstenester 29/11 201100848-5 Elevar ved den tidlegare dagskulen; har desse eit tilbod i dag? 30/11 200900055-176 Politiske møter - tilgjengeleg for alle Uttale frå Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 31/11 200903490-3 Hordaland fylkeskommune sitt internasjonale engasjement i 2010 32/11 201103359-1 Korleis auka talet på lærlingar i offentleg sektor? Roald Stenseide sette fram følgjande forslag: Handsaming av melding 32/11 vert utsett til neste møte 9. mai. Utvalet slutta seg samrøystes til forslaget frå Stenseide. 3
SAKNR. 16/11 FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR Arvid Nilsen sette fram følgjande oversendingsforslag: Opplærings- og helseutvalet ber Fylkesutvalet vurdere leie (leasing) av kjøretøy som et alternativ til kjøp og bruk av investeringsmidler. Fylkesrådmannen sitt forslag til vedtak vart samrøystes vedteke. Nilsen sitt oversendingsforslag vart samrøystes oversend fylkesrådmannen. VEDTAK Investeringsmidlar for 2011 vert fordelt som sett opp under; Utstyrsmidlar til TiP 16 000 000 kroner IT- midlar 12 000 000 kroner Innkjøp kjøretøy 2 000 000 kroner Innkjøp møblar, utstyr og inventar 5 000 000 kroner 17/11 TYDELEG KLASSELEIING - TILTAK VED DEI VIDAREGÅANDE SKULANE Dan Femoen sette fram følgjande forslag til nytt pkt. 2: For å holde på tydelig klasseledelse over en lengre periode ønsker fylkesutvalget at det foretas en undervisningsvurdering som en del av unvervisningsevalueringen, der blant annet eleven gir tilbakemelding fra hvert felles- og programfag om hvordan de opplever læringssituasjonen i klassen. Arbeidsro, selvrealisering, motivasjon og elevmedvirkning etc. er tema som kan inngå i vurderingen. Fylkesrådmannen sitt forslag til pkt. 1 vart samrøsytes vedteke. Femoen sitt forslag til nytt pkt. 2 vart vedteke mot 3 røyster (SV,R,SP). 1 Fylkesutvalet føreset at dei vidaregåande skulane i Hordaland har særskilt merksemd på tydeleg klasseleiing. 2 For å halda på tydeleg klasseleiing over ein lengre periode ønskjer fylkesutvalet at det vert føreteke ei undervisningsvurdering som ein del av undervisningsevalueringa, der mellom anna eleven gir tilbakemelding frå kvart felles- og programfag om korleis dei opplever læringssituasjonen i klassen. Arbeidsro, sjølvrealisering, motivasjon og elevmedverknad etc. er tema som kan inngå i vurderinga. 18/11 VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE 4
Det var 12 representantar til stades Fylkesrådmannen sitt forslag vart samrøystes vedteke. Fylkesutvalet tek saka til orientering 19/11 PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING 2009-2012. TILTAK 2011 Fylkesrådmannen sitt forslag vart samrøystes vedteke. Fylkestinget sluttar seg til forslaget til Plan for kompetanseutvikling 2009 2012. Tiltak 2011 20/11 HØYRINGSBREV - FORSLAG OM FELEMAKARFAGET SOM NYTT LÆREFAG Rosalind Fosse sette fram følgjande forslag til innstilling: Fylkesutvalet tilrår at felemakerfaget kan bli nytt lærefag, under forutsetning av at det finnes tilstrekkelig med lærebedrifter og læreplasser over tid, samt at prøvenemndsmedlemmer er å få fatt i. Aud Karin Oen sette fram følgjande forslag til nytt pkt. 2: OPHE ber om at ein ser på moglegheiten for å opprette dette tilbodet som ei landslinje. Fosse sitt forslag til pkt. 1 vart samrøystes vedteke. Oen sitt forslag til nytt pkt. 2 vart samrøystes vedteke. Fylkesrådmannen sitt forslag fekk ingen røyster og fall. 1 Fylkesutvalet tilrår at felemakerfaget kan bli nytt lærefag, under føresetnad av at det fins tilstrekkeleg med lærebedrifter og læreplassar over tid, samt at prøvenemndsmedlemer er å få tak i 2 OPHE ber om at ein ser på moglegheiten for å opprette dette tilbodet som ei landsline 21/11 HØYRING - NASJONALT KVALIFIKASJONSRAMMEVERK FOR LIVSLANG LÆRING (NKR) Rosalind Fosse sette fram følgjande forslag: Fylkesutvalet sluttar seg til innhaldet i høyringsdokumenta med følgjande kommentarar: 5
Punkt 3: Grunnkompetanse Det ei relativt stor gruppe som ender opp med dette nivået, og det er soleis ein viktig kategori å ha med i NKR. Det er ein del utfordringar når det gjeld læringsutbytteomtala, fordi det er ei svært differensiert gruppe som vil falle inn under dette nivået. Hordaland fylkeskommune meiner at ein bør jobba meir med innhaldet eller eventuelt nytta delkvalifikasjoner for å få fram kva (del)nivå det er mogleg å ha innan dette nivået. Punkt 6: Fagskulenivået Det er viktig at toårig fagskuleutdanning vert sett i samanheng med eit vidare løp til nivå 5. Innan dei tekniske fagskuleutdanningane eksisterar det to pluss to løp for fagskulestudentar som ynskjer å byggje vidare til ein bachelorgrad. Det er viktig at denne moglegheita vert meir utbreidd, og at det er enklare for studentar på fagskule 2 å få godskriving for noko av utdanninga i høve til vidare utdanning på bachelornivå. I høve til maritim og petroleumsteknisk utdanning er det ei aktuell problemstilling at utløysing av dei høgste maritime sertifikata D1/M1, eller høgste stilling innan petroleum (Boresjef/subsea) ikkje vert verdisett. For å oppnå D1/M1 eller høgste stilling innan petroleum må ein arbeide i to år etter fagskuleutdanninga. Det vil vere ein føremon om utløysing av sertifikata/høgste stilling gjev innpass i nivå 5. Fosse sitt forslag vedk. pkt. 3 vart samrøystes vedteke. Fosse sitt forslag vedk. pkt. 6 vart vedteke mot 1 røyst (R). 1. Fylkesutvalet sluttar seg til innhaldet i høyringsdokumenta med følgjande kommentarar: Punkt 3: Grunnkompetanse Det ei relativt stor gruppe som ender opp med dette nivået, og det er soleis ein viktig kategori å ha med i NKR. Det er ein del utfordringar når det gjeld læringsutbytteomtala, fordi det er ei svært differensiert gruppe som vil falle inn under dette nivået. Hordaland fylkeskommune meiner at ein bør jobba meir med innhaldet eller eventuelt nytta delkvalifikasjoner for å få fram kva (del)nivå det er mogleg å ha innan dette nivået. Punkt 6: Fagskulenivået Det er viktig at toårig fagskuleutdanning vert sett i samanheng med eit vidare løp til nivå 5. Innan dei tekniske fagskuleutdanningane eksisterar det to pluss to løp for fagskulestudentar som ynskjer å byggje vidare til ein bachelorgrad. Det er viktig at denne moglegheita vert meir utbreidd, og at det er enklare for studentar på fagskule 2 å få godskriving for noko av utdanninga i høve til vidare utdanning på bachelornivå. I høve til maritim og petroleumsteknisk utdanning er det ei aktuell problemstilling at utløysing av dei høgste maritime sertifikata D1/M1, eller høgste stilling innan petroleum (Boresjef/subsea) ikkje vert verdisett. For å oppnå D1/M1 eller høgste stilling innan petroleum må ein arbeide i to år etter fagskuleutdanninga. Det vil vere ein føremon om utløysing av sertifikata/høgste stilling gjev innpass i nivå 5. Inger Øvsthus Tønder Roald Stenseide Øydis Rydland Ziem opplæringsdirektør utvalsleiar utvalssekretær 6
7