Statens vegvesen. Vurdering framtidig ferjebehov dersom det ikkje vert realisert ferjefritt samband over Bjørnafjorden.

Like dokumenter
Endra konkurransesituasjon, løns- og drivstoffkostnader og at reiarlaga prisar risiko høgare, er dei viktigaste årsakene til at prisane går opp.

Vedlegg: AU-sak 6/13 Ferjedrift som flaskehals på kyststamvegen E39

Notat Til: Frå: Trafikkutviklinga i Indre Hardanger Bakgrunn Ferjetrafikk SUM: ,5 % Jondalstunnelen

Som figuren over viser, er Møre og Romsdal det største ferjefylket både målt i talet på passasjerar og kjøretøy.

RAPPORT SPØRJEUNDERSØKING FERJESAMBANDET KVINNHERAD STORD. Undersøkinga er gjennomført i juni-august

Ferjedrift Åfarnes-Sølsnes i perioda

Saksnr Utval Møtedato SA 61/14 Samferdselsutvalet

Oppdragsgiver: Lærdal kommune Rammeavtale Lærdal Reguleringsplan for Håbakken Næringspark Dato:

Statens vegvesen. Sakshandsamar/lnnvalsnr Per Sttffen Mybrcn

Økonomiske konsekvensar av ferjeanbod Hareid - Sulesund og Sykkylven - Magerholm

INNANRIKS FERJETRAFIKK MILJØREKNESKAP

FRAMTIDIG FERJELEIE PÅ VARALDSØY I KVINNHERAD KOMMUNE

Vår ref.: Dykkar ref.: Saksbehandlar: Dato:

Skuleskyss båt/buss Atløy - Dale

Vurdering av framtidig ferjeleie på Varaldsøy

Konseptvalutgreiing E39 Digernes - Vik Vedlegg 3. Transportanalyse. Region midt

Oppfølging av Skyss sin miljøstrategi. Klimarådet Hordaland 7. november

Tilpassing av ferjetilbodet i Hardanger som følgje av endring i trafikkgrunnlaget

Sivilingeniør Helge Hopen AS. Lyseparken, Os. Trafikkanalyse, del 1: Kapasitet tilførselsvegnett

Bompengefinansiering av fellesprosjektet E136 Tresfjordbrua og E136 Vågetunnelen - uttale frå Vestnes kommune

Sterk trafikkvekst og mye dårlig fergemateriell hva skjer? mars Arild Fuglseth, samferdselssjef

Kjelde: alle figurar PANDA/SSB

1. Opsjonen på ferjesambandet bør ikkje nyttast. Ny kontraktsperiode bør vere frå januar 2017.

Kor mange blir vi i Hordaland? Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen

Oppsummering fylkesrådmann

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

2014/

Dialogkonferanse Skyss

Behandling i Kommunestyret den NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ ORDFØRAR: Kvinnherad kommunestyre meiner det framlagde planframlegget

Tabell E-fk viser kriteriedata som ligg til grunn for berekninga av indeksverdiane som er vist i tabell D-fk.

Søknad om delvis bompengefinansiering av Bompengepakken Stord vestside

Behandling i Samferdselsutvalet Det legges fram vedtak med 3 nye pkt. ang. etterslep, ferje og rassikring.

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

E39 Stord Os Kommunedelplan med konsekvensutgreiing

Ferjesambandet Hareid-Sulesund, avvik 2015 og kapasitet 2016

Bømlopakken - Gang- og sykkelveg langs Fv 542 Stokkabekken/Siggjarvåg - ny løysing treng godkjenning

Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning

Standard på fylkesvegane i Sogn og Fjordane

Regionale møte 2013 Handlingsprogram , Riksveg Synnøve Sørflaten, Vegavdeling Møre og Romsdal

Vinterdrift utfordringar på fylkesvegnettet. v/samferdselssjef Anne Iren Fagerbakke

NTP - hovudutfordringar

3.3 Oversikt over ulike hovudalternativ

Konkurranseutsetting - ferjedrifta

Fjord1 AS møte med fylkestinget. 15. juni 2016 Orientering frå selskapet v/pål W. Lorentzen og André Høyset

VOSSAPAKKO UTVIDING AV BOMPENGESØKNAD RV 13 JOBERGTUNNELEN

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet

Kostnader for bussar i kø i Bergensområdet

Presentasjon av grunnlagsdokumentet ved Regionvegsjef Helge Eidsnes

Før vi sender svar til fylkeskommunen ser vi det som nødvendig å avklare spørsmål med Vegdirektoratet.

Høyring - Ferjerute Vangsnes - Hella - Dragsvik og Mannheller - Fodnes ved neste kontraktsperiode

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Mogleg kapasitetsauke på sambanda Hareid - Sulesund, Sølsnes - Åfarnes og Eidsdal - Linge

Kollektivstrategi for Hordaland - Årsrapport 2016

Jondalstunnelen AS- Takstreduksjon

KOSTNADSUTVIKLINGA I FERJEDRIFTA I MØRE OG ROMSDAL. HILDE JOHANNE SVENDSEN Gardermoen

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet

Redusert eigendel elev-pc

Statens vegvesen. Siv. Ing. Svein Holmen - Arealplanlegging Postboks VOLDA. Viser til dykkar oversending av

, t fl DES I Arkivnr. /// Saksh. I Eksp. i U-off. statens vegvesen. E39 Nordre innfartsåre i Bergen - forsøk med sambruksfelt - høyring

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Eksamen MAT1015 Matematikk 2P Hausten 2014

Risiko- og sårbarheitsvurderingar

Kostnadsvurderingar mm fjerna av Sogn og Fjordane fylkeskommune for å ikkje øydeleggje for føreståande konkurranse

RAPPORT. Vurdering av vegtrafikkstøy, detaljregulering, Grøvlesvingen, Bergen kommune KÅRE VASSENDEN OPPDRAGSNUMMER RIAKU

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 041/2019 Formannskapet PS Kommunestyret

Bompengepakken Stord vestside - søknad om forlenga innkrevingsperiode

TINE Råvare. Landsprognose for leveranse av kumjølk. 105,0 Jan Febr Mars Apr Mai Jun Jul Aug Sept Okt Nov Des. Leveranse og prognose per år

Statens vegvesen. Bømlopakken - spørsmål om bygging av gang- og sykkelveg langs fv. 542 Stokkabekken - Siggjarvåg - vedtak

Elevtalsframskriving

Samferdselsutfordringar for fylkeskommunane. Håkon Rasmussen, fylkesdirektør samferdsel, Hordaland fylkeskommune

Eksamen MAT 1011 Matematikk 1P, Hausten 2012

Geoteknisk notat - befaring Joar Tistel Harald Systad Joar Tistel REV. DATO BESKRIVELSE UTARBEIDET AV KONTROLLERT AV GODKJENT AV

KVU E39 Aksdal - Bergen

TINE Råvare. Landsprognose for leveranse av kumjølk. mill. ltr. Prognose mars ,0 140,0 135,0 130,0 125,0 120,0 115,0 110,0

TINE Råvare. Landsprognose for leveranse av kumjølk. 105,0 Jan Febr Mars Apr Mai Jun Jul Aug Sept Okt Nov Des

Dispensasjon frå reguleringsplan Nordøyvegen-delområde 1 Skjeltene-Lepsøy-Austnes, Skjelten Dispensasjon frå regulert rundkøyring for å bygge T-kryss

TINE Råvare. Landsprognose for leveranse av kumjølk Jan Febr Mars Apr Mai Jun Jul Aug Sept Okt Nov Des. Leveranse og prognose per år

Trafikkstatistikk for bomringen i Bergen - per september 2013.

KVU E39 Aksdal - Bergen

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet

Alf Kristian Nyborg Arealplanlegger AKN. Erik Prøsch Sen. Siv. ing. EP

BOMPENGESØKNAD. Rv 13 Jobergtunnelen. Voss og omland bompengeselskap AS 24. mai 2013

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Produksjon og ringverknader i reiselivsnæringane

Forsinkelsesmåling. E134 Håvik Ørpetveit

Finansforvaltninga i 2017

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

REGULERINGSPLAN Øvre Neslia. Gnr. 81, bnr. 3, 6 og 105 NESLIA KVINNHERAD KOMMUNE STØYBEREKNINGER

Kommunedelplan fjordkryssing Ytre Nordfjord Vågsøy kommune og Bremanger kommune

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Prop. 149 S. ( ) Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak) Finansiering av fv 545 i Fitjar og Stord kommunar i Hordaland

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Omklassifisering av vegnettet som følgje av Bremangersambandet II

Krav til null- og lavutslipp ved kjøp av ferjetjenester. Edvard Sandvik, seniorrådgiver Statens vegvesen, Vegdirektoratet

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Transkript:

Statens vegvesen Sakshandsamar/telefon: Inge Alsaker/55516375 Vår dato: Velg dato. Vår referanse: Notat Til: Frå: Signe Eikenes Inge Alsaker Vurdering framtidig ferjebehov dersom det ikkje vert realisert ferjefritt samband over Bjørnafjorden. 1. Halhjem Sandvikvåg 1.1 Bakgrunn Eg har hatt eit møte med Anders Sæternes og Trygve Haram der vi har gått gjennom historisk trafikk på Halhjem Sandvikvåg og ei vurdering av framtidig sannsynleg behov dersom det ikkje vert etablert fast samband over Bjørnafjorden. Vidare vart framtidig drivstoff for ferjer diskutert. Som ei oppsummering er nedanfor presentert: - Historisk trafikk og trafikkvekst for sambandet - Prognoser for trafikk berekna ut frå framskriving av historisk trafikk - Prognoser for trafikk berekna med RTM/NTM (Rambøll + SVV Region vest) - Vurdering av behov for ferjer i prognoseperioden - Vurdering av drivstoff for framtidige ferjer. 1.2. Historisk trafikk og trafikkvekst for sambandet. 3000 2500 2000 Halhjem - Sandvikvåg: Fergetakst + bompengar liten /stor bil (gj.sn. rabatt 25%): kr. 168/738 1500 1000 500 Halhjem - Sandvikvåg Trafikkindeks Hordaland 0 1990 91 92 93 94 95 96 97 98 99 2000 01 02 03 04 05 06 07 08 09 2010 11 12 13 14 Fig. 1. Trafikkutvikling 1990-2015 Halhjem - Sandvikvåg

2 Trafikkutviklinga 1990 2015 er synt i figuren. Totalt har det vore ein gjennomsnittleg vekst i perioden på 4,1% pr. år, medan trafikkindeksen for Hordaland i same perioden ligg på ca. halvparten: 2,2% pr. år. Hovedgrunnen til skilnaden på utviklinga i ferjetrafikken i høve til utviklinga elles i fylket, ligg truleg i ei kontinuerleg forbetring av tilbodet i perioden gjennom hyppigare avgangar, kortare reisetid og større og betre ferjer. Det ligg truleg eit uforløyst trafikkpotensiale i botnen som medfører ekstra auke i trafikken så snart tilbodet vert forbetra. I parentes kan bemerkast at trafikken ikkje har auka i 2015. Det er grunn til å tru at dette skuldast svikten i arbeidsmarknaden. Vi har hatt tilsvarande stillstand i 1994 95 og i 1998 2000. Slike konjukturavhengige svingningar må ein rekne med, og i prognosesamanheng må ein sjå på utviklinga over lenger periodar. 1.3. Prognosar berekna ut frå historisk trafikkutvikling 12000 10000 8000 6000 4000 2000 0 Halhjem - Sandvikvåg 2011 2013 2015 2017 2019 2021 2023 2025 2027 2029 2031 2033 2035 2037 2039 2041 2043 2045 2047 2049 Høg Middels Lågt SSB-prognose Figur 2: Prognostisert trafikk Halhjem Sandvikvåg basert på historisk utvikling Figuren viser muleg utvikling på ferjesambandet basert på historisk utvikling. Utviklinga bygger på følgande føresetnader: - Høg: Historisk utvikling (4,0% pr. år) + 1% fram til 2023, deretter 4,0% pr. år til 2033, deretter 3,0% pr. år til 2050. - Middels: Historisk utvikling (4,0% pr. år) fram til 2023, deretter 3,0% pr. år til 2033, deretter 2,0% pr. år til 2050. - Låg: Historisk utvikling (4,0% pr. år) - 1% fram til 2023, deretter 2,0% pr. år til 2033, deretter 1,0% pr. år til 2050. 1.4. Prognosar berekna med RTM/NTM. I samband med prosjektet «Ferjefri E39» har Rambøll køyrt berekningar på ulike løysingar av ferje/ferjefrie samband. «Basis 2020» er ei berekning av prognostisert personbiltrafikk i 2020 dersom det ikkje vert gjort nokon endringar på vegnettet fram til 2020 ut over det som ligg inne i NTP 2014-17. «Basis 2060» er tilsvarande prognose for 2060.

3 For strekninga Halhjem Sandvikvåg er berekna: Personbiltrafikk Anteken Tungbilandel ÅDT ÅDT korrigert til 2050 Basis 2020 3200 18% 3900 Basis 2060 6500 15% 8100 6600 Tabell 1: Berekna trafikk Halhjem - Sandvikvåg - Rambøll 2012 3.900 i ÅDT i 2020 ligg om lag likt med «høg» prognose i figuren ovanfor, medan 6.600 i 2050 ligg i underkant av «middels». Berekningane i Basis 2020/2060 til Rambøll tek ikkje høgde for at Rogfast er etablert. Det er difor sannsynleg at 2020/2050-tala er for låge. Totalt sett samsvarar Rambøll sine berekningar brukbart med «Middels» utvikling i trendframskrivinga i fig. 2. I samband med NTP-arbeidet har SVV Region vest køyrt transportmodellberekningar for Halhjem Sandvikvåg. Manglar data frå Erik her. 1.5. Vurdering av behov for ferjer i prognoseperioden. I 2015 er det tre 212-bilarsferjer (personbileiningar) i sambandet. Det kan tenkast at ein kan auke ferjestorleiken opp mot 240 PBE (d.v.s. ca. 13% auke i kapasiteten pr. ferje), men større enn det er ikkje aktuelt på innanriks samband. I den nye kontrakta som skal lysast ut, tek ein sikte på at det skal vere 4 ferjer i sambandet (frå 2020). Det vert vurdert om det kan vere aktuelt å kombinere ulike ferjestorleikar i anbodet, men i det følgande har vi berre teke utgangspunkt i ferjer med kapasitet 2012 2040 pbe. Auka fart krev veldig mykje energi. Dagens ferjer har overfartstid på 40 minutt og 5 minutt terminaltid. Framtidige ferjer vil ikkje få kortare overfartstid. Det vert vurdert å auke den med 5 minutt (til 45 minutt) for å spare drivstoff. Samfunnsøkonomisk tap for trafikantane må vegast opp mot redusert drivstofforbruk. Trafikken fordelar seg over døgeret i toppar, som på figuren nedanfor: Figur 3: Døgnvariasjon Halhjem - Sandvikvåg

4 Ein kan ikkje dimensjonere sambandet ut frå at ein konsekvent skal få gjenståande bilar i dei mest belasta timane på døgeret. Følgeleg må altså sambandet dimensjonerast ut frå trafikktoppen som er ettermiddag frå ca. 15.00 18.00. Grovt rekna vil rundt 30% av PBE måtte transporterast i desse 3 timane og kvar ferje kan gjennomføre 4 turar. Reknar vi med gjennomsnittleg belegg på 200 PBE pr. tur over året (vi må m.a. ta høgde for at juni/juli-trafikken er ca. 15% høgare enn gjennomsnittet), vil ei ferje teoretisk kunne transportere ca. 800 PBE i løpet av desse tre timane. For Halhjem Sandvikvåg er forholdet mellom ÅDT og PBE på ferjene: ÅDT x 1,95 = PBE Med den trafikkfordelinga ein har på dette sambandet, kan ein då grovt sette opp følgande samanheng mellom trafikk og talet på ferjer: ÅDT-grenseverdi Ca. år nådd 6 ferjer grensverdi 5 ferjer ÅDT 6700 2046 4 ferjer ÅDT 5300 2034 3 ferjer ÅDT 4000 2023 Dagens samband Figur 4: Ferjebehov Halhjem - Sandvikvåg Ved 6 ferjer går det ei kapasitetsgrense for sambandet. På grunn av trange seglingsløp både på Halhjem og i Sandvikvåg, vil det ikkje vere forsvarleg å trafikkere sambandet med fleire samtidige ferjer. Det vil i praksis seie at dersom ein kjem over ca. 8.000 i ÅDT, vil ein anten måtte bygge nye ferjeleie ein annan stad, eller akseptere gjenståande bilar i ettermiddagstid (alle dagar). I følge prognosene vil dette då skje ca. 2060. Dette vil seie at vi ser for oss følgande behov for utvikling av ferjeflåten i sambandet: - 2015 2023: 3 ferjer - 2023 2034: 4 ferjer - 2034 2046: 5 ferjer - 2046 2060: 6 ferjer Ca. 2060 har vi altså nådd ein kapasitetsgrense for sambandet som fordrar nye ferjeleier, dersom ein skal unngå systematisk gjenståande bilar på ettermiddagstid. Dersom trafikken utviklar seg med same gjennomsnittlege vekst i framtida som den har hatt i perioden 1990 til 2015 (4,1% pr. år), vil ein nå grensa for dagens ferjesamband (6 ferjer) ca. 2040.

5 1.6. Vurdering av drivstoff for ferjer i prognoseperioden. Både for ferjedrift og anna transportverksemd er vi inne i ei usikker tid i høve til drivstofftype og forbruk. Fram til for få år sidan har utviklinga gått i retning av å effektivisere eksisterande teknologi slik at forbruket er blitt gradvis redusert. No er vi imidlertid inne i eit paradigmeskifte der ein rekke ulike energibærarar er tekne i bruk/under uttesting/på planstadiet. Det er meir enn vanskeleg å seie kva teknologi som vert førande på lang sikt. Alternative drivstoff: Drivstoff Bruksområde Merknad Diesel Dagens ferjeflåte Er på veg ut. Sannsynlegvis ute av ferjedrifta i løpet av 10 15 år. Ikkje aktuelt på Halhjem - Sandvikvåg Biodiesel Dagens ferjeflåte. Berre mindre ombygging av dagens dieselmotorar Ikkje aktuelt på Halhjem - Sandvikvåg LNG Dagens ferjeflåte på lange strekningar Dei lengste sambanda på E39 (Molde-, Bokn- og Bjørnafjorden er LNG i dag). Dagens driftsmiddel på Halhjem - Sandvikvåg Biogass Dagens ferjeflåte på lange strekningar Kan nytte om lag same ferjeflåte som dagens LNG-ferjer. Produksjon av biogass foreløpig berre småskala. Elektrisitet Korte til middels lange samband Det trengs ein del vidareutvikling av teknologien. Utfordrande med tilstrekkeleg landstraum ein del stadar. Neppe aktuelt for Bjørnafjorden Hydrogen Uprøvd teknologi Den første ferja muleg drift i 2017 (Osterfjorden) 2. Halhjem Våge Ved etablering av ferjefritt samband over Bjørnafjorden, vert også ferja på fv. 49 frå Halhjem til Våge lagt ned. Vurdering av framtidig ferjebehov på denne strekninga må difor òg inngå i ei vurdering av behov for framtidig ferjeflåte dersom ferjefritt samband ikkje vert etablert. Sambandet er 12,1 km langt og vert trafikkert i dag av ei 120-bilarsferje (MF Selbjørnsfjord). Frå ca. klokka 7.00 til 20.00 har ho avgang kvart åttiande minutt, noke som er tilpassa ei overfartstid på ca. 35 minutt. Skal ein auke frekvensen, må ein altså sette inn ei ferje til, eller auke farten. 2.1. Trafikkprognosar Trafikkutviklinga på denne strekninga er vist i figur nedanfor: Trafikk Halhjem - Våge (PBE/døgn) 700 600 500 400 300 200 100 0 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 Trafikk (PBE) Figur 5: Trafikkutvikling Halhjem - Våge

6 Sett over ein periode på 10 år, har det vore ein gjennomsnittleg vekst på ca. 3.1% årleg over tiårsperioden. Med same vurderingane som er gjort for Halhjem Sandvikvåg, vil 30% av trafikken gå i dei tre mest belasta timane. Dette utgjer i dag ca. 240 PBE i dei mest belasta sommarmånadane (julitrafikken 2015 er 36% høgare enn gjennomsnittstrafikken) d.v.s. ca. to turar med maksimalt belegg av dagens ferjestorleik. Pr. i dag har ferja ca. 4 turar i denne maks.-timeperioden, d.v.s. relativt god kapasitet til å halde unna kø. Statistikken viser likevel at det er ein del gjenståande bilar, særleg i juli månad. Med tilsvarande vekst i tida som kjem, vil det i 2062 vere ca. 1000 PBE på dei maksimale tre timane. Dersom ein reknar at kvar ferje tek unna 480 PBE i desse tre timane, vil ein måtte sette inn ferje nr. to i dette sambandet ca. 2045 og ferje nr. tre ca. 2060. Veksten er nok litt høgt rekna, - det sannsynlege er at veksten vil avta noke, men på den andre sida er det rekna med maks. kapasitetsutnytting. I praksis vil eit slikt rutemønster føre til ein god del gjenståande bilar i dei mest belasta periodane. Det er muleg å sette inn større ferjer (t.d. 200 PBE-ferjer) for å utsette innføring av fleire ferjer i sambandet. Ein slik trafikkauke vil imidlertid også føre til eit press om hyppigare avgangar, noke som begrensar nytten av større ferjer. Utviklinga av ferjeflåten vil etter dette sjå slik ut: PBE-grenseverdi Ca. år nådd 3 ferjer grenseverdi 2 ferjer PBE/døgn 960 2060 1 ferje PBE/døgn 480 2045 Dagens samband Figur 6: Ferjebehov Halhjem - Våge 2.2. Vurdering av drivstoff for ferjer i prognoseperioden. Alternative drivstoff: Drivstoff Bruksområde Merknad Diesel Dagens ferjeflåte Er på veg ut. Sannsynlegvis ute av ferjedrifta i løpet av 10 15 år. Dagens driftsmiddel på Halhjem - Våge Biodiesel Dagens ferjeflåte. Berre mindre ombygging av dagens dieselmotorar Kan vere aktuelt på Halhjem - Våge LNG Dagens ferjeflåte på lange strekningar Dei lengste sambanda på E39 (Molde-, Bokn- og Bjørnafjorden er LNG i dag). Kan vere aktuelt på Halhjem - Våge Biogass Dagens ferjeflåte på lange strekningar Kan nytte om lag same ferjeflåte som dagens LNG-ferjer. Produksjon av biogass foreløpig berre småskala. Elektrisitet Korte til middels lange samband Det trengs ein del vidareutvikling av teknologien. Utfordrande med tilstrekkeleg landstraum ein del stadar. Neppe aktuelt for Halhjem Våge på grunn av lengde på sambandet Hydrogen Uprøvd teknologi Den første ferja muleg drift i 2017 (Osterfjorden)

7 3. Jektevik Hodnaneset Ved etablering av ferjefritt samband over Bjørnafjorden, vert også ferja frå Jektevik til Hodnaneset lagt ned. Sambandet frå Hodnaneset til Nordhuglo må imidlertid oppretthaldast. Desse strekningane vert i dag trafikkerte som eit trekantsamband med dei same ferjene. Vurdering av framtidig ferjebehov på denne strekninga må difor òg inngå i ei vurdering av behov for framtidig ferjeflåte dersom ferjefritt samband ikkje vert etablert. Sambandet er 2,4 km langt og vert trafikkert av ei 76-bilarsferje (MF Folgefonn). 5 turar pr. dag er innom Nordhuglo Strekninga vidare til Nordhuglo er på 2,6 km og frå Nordhuglo til Jektevik 3.1 km. Avgangstidene er tilpassa slik at ein kan trafikkere trekantsambandet med same ferja som går på strekninga Jektevik Hodnaneset. 3.1. Trafikkprognosar Trafikkutviklinga på sambandet er vist i figur nedanfor: 800 600 400 200 Trafikk Jektevik - Hodnaneset - Nordhuglo (PBE/døgn) 0 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 Trafikk Figur 7: Trafikkutvikling Jektevik Hodnaneset - Nordhuglo Sett over ein periode på 10 år, har det vore ein gjennomsnittleg vekst på ca. 3.5 årleg over tiårsperioden. Med same vurderingane som er gjort for Halhjem Sandvikvåg, vil 30% av trafikken gå i dei tre mest belasta timane. Dette utgjer i dag berre ca. 240 PBE, d.v.s. ca. tre turar med maksimalt belegg av dagens ferjestorleik (det kan òg settast inn større ferjer). Med tilsvarande vekst i tida som kjem, vil det i 2062 vere ca. 1200 PBE på dei maksimale tre timane. Dette er høgt rekna, - det sannsynlege er at veksten vil avta noke. Sjølv med ein slik vekst, vil ei 120 bilars ferje greie å ta unna trafikken i denne maks.-perioden. I praksis vil dette seie at det i berekningstida fram til 2062 vil vere tilstrekkeleg med ei ferje i dette sambandet, men at ein truleg vil måtte auke storleiken noke fram mot slutten av perioden.

8 3.2. Vurdering av drivstoff for ferjer i prognoseperioden. Alternative drivstoff: Drivstoff Bruksområde Merknad Diesel Dagens ferjeflåte Er på veg ut. Sannsynlegvis ute av ferjedrifta i løpet av 10 15 år. Dagens driftsmiddel på Jektevik Hodnaneset - Nordhuglo Biodiesel Dagens ferjeflåte. Berre mindre ombygging av dagens dieselmotorar Kan vere aktuelt på Jektevik Hodnaneset - Nordhuglo LNG Dagens ferjeflåte på lange strekningar Dei lengste sambanda på E39 (Molde-, Bokn- og Bjørnafjorden er LNG i dag). Neppe aktuelt på Jektevik Hodnaneset - Nordhuglo Biogass Dagens ferjeflåte på lange strekningar Kan nytte om lag same ferjeflåte som dagens LNG-ferjer. Produksjon av biogass foreløpig berre småskala. Elektrisitet Korte til middels lange samband Det trengs ein del vidareutvikling av teknologien. Utfordrande med tilstrekkeleg landstraum ein del stadar. Kan vere aktuelt på Jektevik Hodnaneset Nordhuglo, men truleg utfordrande å skaffe tilstrekkeleg landstraum. Hydrogen Uprøvd teknologi Den første ferja muleg drift i 2017 (Osterfjorden)