Startlån ei gunstig låneordning frå kommunen
Startlån Her finn du informasjon om kommunen sitt startlån. Du finn òg kortfatta informasjon om andre ordningar som kan vere aktuelle i samband med bustadsituasjonen din. Nokre av ordningane er opne for alle, medan dei fleste er behovsprøva. På www.husbanken.no kan du få meir informasjon, råd og rettleiing. Her kan du òg sjå om du kan sende elektronisk søknad til den aktuelle kommunen. Kontakt kommunen for meir informasjon eller for å få tilsendt søknadsblankettar. Startlån lån frå kommunen Startlån skal gå til personar som har problem med å etablere seg i eigen bustad eller som har behov for bistand for å kunne bli buande i bustaden. Retningsliner og praksis vil kunne variere noko frå kommune til kommune. Kommunen kan velje å bruke startlånet til å fullfinansiere bustaden, eller som topplån der andre gjev grunnfinansiering. Kven kan få startlån? Startlån er ei behovsprøva låneordning som skal medverke til at husstandar med svak økonomi, som unge i etableringsfasen, barnefamiliar, einslege forsørgjarar, funksjonshemma, flyktningar og andre som har problem med å etablere seg i bustad, skal kunne skaffe seg ein nøktern og eigna bustad.
Føresetnadane er at: du har behov for bustadetablering eller skifte av bustad no, det vil seie at bustadsituasjonen i dag ikkje er tilfredstillande. bustaden du kjøper er nøktern i høve til kor mange som skal bu i bustaden, og er rimeleg i høve til prisnivået på staden der du bur. bustaden ikkje er dyrare enn at du over tid greier å betene buutgiftene og framleis ha naudsynte midlar til livsopphald. du har problem med å få lån i den private kredittmarknaden, eller er avhengig av rimelegare lånevilkår enn du elles kan oppnå. Heilskapssituasjonen til husstanden din vil vere avgjerande. Talet på medlemmar i husstanden og høge faste utgifter (til dømes studielån, bidrag, barnepass) er moment som kan ha mykje å seie. Kva kan du få lån til? Kjøpe bustad Startlån kan bli gjeve til topp- eller fullfinansiering ved kjøp av bustad. Bli buande i bustad Startlån kan bli gjeve til utbetring av noverande bustad. Startlån kan nyttast til refinansiering slik at husstanden kan bli buande i noverande bustad. Byggje bustad Startlån kan bli gjeve som toppfinansiering ved bygging av bustad. Kor mykje lån kan du få? Det er opp til den enkelte kommune å vurdere om du får lån, og eventuelt kor stort lånet blir. Kommunane kan ha eigne retningsliner for ordninga. Samarbeid mellom dei private bankane og kommunane er viktig for å sy saman ei finansieringspakke. Som eit utgangspunkt tek dei private bankane grunnfinansieringa med vanleg lån, og kommunen tek toppfinansieringa med startlån. Ta kontakt med din kommune for å orientere deg om korleis dei praktiserer ordninga.
Slik søkjer du Førehandsgodkjenning Dersom du enno ikkje har funne fram til bustaden du ønskjer å kjøpe, men ønskjer ei vurdering av kva for økonomiske rammer du har å halde deg til ved eit eventuelt kjøp, kan du søkje om førehandsgodkjenning. Ei førehandsgodkjenning vil vere ei øvre grense for kva du kan betale. Konkret bustad Dersom du har funne bustaden du ønskjer å kjøpe, bør ein takst av nyare dato følgje med søknaden. For leilegheit i burettslag knytt til bustadbyggarlag kan i tilfelle salsoppgåve akspeterast. Dette blir vurdert av kommunen. Hugs å sende naudsynte opplysningar og vedlegg saman med søknaden, slik at sakshandsaminga ikkje blir forseinka. Gode råd : Dersom du kjøper bustaden gjennom ein meklar, bør vedkommande ha den faglege kompetansen som er naudsynt for å ivareta dine interesser. Likevel: undersøk bustaden grundig før du inngår ein avtale, og ha eventuelt med ein bygningskyndig person. Selgar har streng opplysingsplikt, medan du har streng undersøkingsplikt. Ver særskild merksam på at du har plikt til å setje deg inn i og gå grundig gjennom dei dokumenta (salsoppgåve, takst / tilstandsrapport / bustadsalsrapport) som selgaren og eigedomsmeklaren legg fram om eigedomen.
Andre ordnin Bustadtilskot Bustadtilskot til etablering, utbetring og tilpasning. Bustadtilskot til oppføring, kjøp, utbetring og tilpasning kan bli gjeve saman med lån. Tilskotet blir gjeve etter økonomisk behovsprøving. Det vektleggast at husstanden sin situasjon er av varig karakter. Ved tilskot til tilpasning skal det spesielt leggast vekt på at nokon i husstanden har behov for spesialtilpasning for å kunne fungere i bustaden. Søknad om tilskot skal sendast til kommunen saman med søknad om lån. Bustadtilskot til refinansiering Dersom du har vanskeleg for å behalde bustaden på grunn av betalingsproblem, kan kommunen gje deg økonomisk rettleiing. I heilt spesielle tilfelle kan ei løysing vere å gje startlån og tilskot til refinansiering. For meir informasjon, sjå Husbanken eller kommunen sine nettsider. Tilskot til utgreiing og prosjektering Dersom du har behov for spesiell tilpasning av bustaden, for eksempel grunnet nedsatt funksjonsevne, kan Husbanken gje tilskot. Tilskotet kan dekkje utgifter til fagleg bistand med inntil 12 000 kroner per sak. Det kan også bli gjeve tilskot til utgreiing i framkant av prosjekteringa på inntil 12 000 kroner per sak. Tilskotet kan bli gjeve både i samband med kjøp av bustad, utbedring av bustaden du har no eller ved bygging av ny. Søknaden sendast til Husbanken sine regionkontor etter påtegning frå kommunen.
ngar Kjøp av nyoppført bustad med grunnlån Mange utbyggarar får førehandsløfte om husbankfinansiering med atterhald om at kjøparane kan godkjennast som låntakarar. Ta kontakt med utbyggaren for å få kjennskap til kor stort lån du kan få, og kva for føresetnadar Husbanken i tilfelle har stilt. Så snart du har underskrive kontrakten, kan du søkje Husbanken om å bli godkjend som låntakar. Søknaden skal sendast utbyggar, som vidaresender den til Husbanken. Bustønad Bustønad er ei statleg økonomisk støtteordning som er administrert av Husbanken og kommunane. Føremålet med ordninga er å hjelpe husstandar med låge inntekter og høge buutgifter til å etablere seg og bli buande i ein god bustad. Bustønaden er behovsprøva, og det vert stilt bestemte krav til både husstanden og bustaden. For meir informasjon om bustønad, ta kontakt med kommunen din eller les meir om dette i Husbanken si brosjyre HB 9.E.1 Bustønad. Det står òg om bustønad på www.husbanken.no.
www.husbanken.no HB 7.E.28 (N) Utgjeve av Husbanken, september 2007 Grafisk produksjon: RenessanseMedia AS Opplag: 5000