SAKSFRAMLEGG - Saksbehandlar: Anne-Grethe Skjærseth Arkivsaksnr.: 12/178-36 Arkiv: 430, A00 OPPVEKST - SKULEEIGARRAPPORTEN OM TILSTANDEN I SULASKULEN 2013-14. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst 26.08.2014 038/14 Formannskapet 09.09.2014 100/14 Kommunestyret 18.09.2014 066/14 Fagutvalet for oppvekst 30.09.2014 048/14
Rådmannen si innstilling: Kommunestyret godkjenner Skuleeigarrapporten 2014 som er lagt fram, med følgjande kommentarar: Behandling i Fagutvalet for oppvekst 26.08.2014 Kommunalsjefen innleia med klipp frå foredraget «Vilkår for læring» som Peder Haug hadde til alle tilsette i skule og PPT før skulestart og sette dette i samanheng med hovudtrekk i Skuleeigarraporten om tilstanden i Sulaskulen. Rapporten vart diskutert og rektorane svara på spørsmål frå representantane. Det kom fram at lærarane har eigarskap til det utviklingsarbeidet som no går over fleire år, og er knytt til mellom anna klasseleiing, vurdering for læring og tidleg og rett innsats når eit born strevar. Utfordringar i arbeidet med å halde kvaliteten oppe er knytt til eit aukande elevtal, fleire klasser på trinna og ein høg del av elevar med rett til ressurkrevjande innsats utan at rammene som oppgåvene skal løysast innanfor, er auka. Leiarrolla er og svært forandra dei siste åra, skuleleiarane er no pålagt eit tydelegare ansvar for kva elevane lærer, men har lite tid til å utøve pedagogisk leiing og vere ute i klasseromma for å følgje opp, slik dei er forventa å vere. Leiar Jan Magnar Sandvik, hadde følgjande framlegg til vedtak: lærarårsverk for å vere på gjennomsnittet i fylket. Kommunestyret ber rådmannen belyse dette i framlegg til budsjett for 2015. Kommunestyret meiner at Skuleeigarrapporten 2014 belyser stoda i Sula-skulen slik den er pr d.d. 6 voterande Framlegget frå Jan Magnar Sandvik vart samrøystes vedteke. OP-038/14 Vedtak: lærarårsverk for å vere på gjennomsnittet i fylket. Oppvekstutvalet ber rådmannen belyse dette i framlegg til budsjett for 2015. Oppvekstutvalet meiner at Skuleeigarrapporten 2014 belyser stoda i Sula-skulen slik den er pr d.d.
Behandling i Formannskapet 09.09.2014 Kommunalsjef Anne Grethe Skjærseth orienterte nærare om innhaldet i rapporten, med klipp frå foredraget «Vilkår for læring» som Peder Haug hadde til alle tilsette i skule og PPT før skulestart. Formannskapet var særs positiv til rapporten, som gir eit godt innsyn i stoda i sulaskulen. Jan Magnar Sandvik (SUL) sette fram tilrådinga frå fagutvalet for oppvekst som forslag til vedtak: «lærarårsverk for å vere på gjennomsnittet i fylket. Kommunestyret ber rådmannen belyse dette i framlegg til budsjett for 2015. Kommunestyret meiner at Skuleeigarrapporten 2014 belyser stoda i Sula-skulen slik den er pr d.d.» Ronny H. Blomvik (Frp) sette fram slikt forslag til tilråding: «Kommunestyret viser til at ein manglar 11, 4 lærarårsverk for å vere på gjennomsnittet i fylket. Kommunestyret ber rådmannen belyse dette i framlegg til budsjett for 2015. Kommunestyret meiner at Skuleeigarrapporten 2014 belyser stoda i Sula-skulen slik den er pr d.d.» Ved votering vart forslaget frå Jan Magnar Sandvik (SUL) vedtatt med 4 mot 3 stemmer. F-100/14 Vedtak: lærarårsverk for å vere på gjennomsnittet i fylket. Kommunestyret ber rådmannen belyse dette i framlegg til budsjett for 2015. Kommunestyret meiner at Skuleeigarrapporten 2014 belyser stoda i Sula-skulen slik den er pr d.d. Behandling i Kommunestyret 18.09.2014 Kommunalsjef Anne- Grethe Skjærseth orienterte innleiingsvis nærare om innhaldet i rapporten. Vibeke Bjørkavåg (H) sette fram slikt forslag til utsettingsvedtak: «Skuleeigarrapporten sendast tilbake til oppvekstutvalet der dei kommer med forslag til vedtak på alle dei fire punkta som rapporten kallar Tema for drøfting. Forslaga frå oppvekst vil igjen bli lagt fram for kommunestyret.» June Skodje Skaar (V) sette fram slikt forslag til tillegg i utsettingsforslaget:
«Sula kommunestyre ber om at det blir sett av minst 1 time på neste kommunestyremøte til uformell diskusjon og oppsummering kring dei fire temaa. Vi ber om at rektorar og gjerne andre tilsette ved skulane deltek i diskusjonen.» Forslaget frå Vibeke Bjørkavåg (H) vart samrøystes vedtatt. Forslaget frå June Skodje Skaar (V) fekk 6 stemmer og falt. K-066/14 Vedtak: Skuleeigarrapporten sendast tilbake til oppvekstutvalet der dei kommer med forslag til vedtak på alle dei fire punkta som rapporten kallar Tema for drøfting. Forslaga frå oppvekst vil igjen bli lagt fram for kommunestyret. Behandling i Fagutvalet for oppvekst 30.09.2014 Leiar orienterte om K-vedtak 066/14. Fagutvalet diskuterte ulike tema i OP-sak sak 038/14 (jf sakaframlegget, blått felt) og problemstillingar i samband med Skuleeigarrapporten. Det kom fram ulike idear og synspunkt frå representantane til alle fire tema. Det vart røysta over to ulike framlegg til vedtak på Tema 1, på andre tema samla fagutvalet seg om ein uttale: Tema 1. Det kom fram ulike idear og synspunkt i diskusjonen. Vibeke Bjørkavåg sette fram følgjande framlegg til vedtak: Sula Høgre foreslår av vi revurderer målsetningen om å ligge på fylkesnivå med lærertetthet. I stedet gjennomgås fordelingsnøkkelen for å utjevne forskjellen i lærertettheten lokalt i Sula kommune. Jan Magnar Sandvik sette fram følgjande framlegg til vedtak: lærarårsverk for å vere på gjennomsnittet i fylket. Kommunestyret ber rådmannen belyse dette i framlegg til budsjett for 2015. Kommunestyret meiner at Skuleeigarrapporten 2014 belyser stoda i Sula-skulen slik den er pr d.d.» Dei to framlegga vart diskutert og i voteringa vart dei sett opp i mot kvarandre. Votering: 6 voterande Framlegget frå Vibeke Bjørkavåg falt med 1 stemme. Framlegget frå Jan Magnar Sandvik vart vedteke med 5 stemmer, ein stemte i mot. Tema 2 For å støtte skulane i arbeide i skulane med undervisningskvalitet og for å styrke læringsmiljøet, bør vi folkevalgte vere medvitne på omdømmebygging ved positiv omtale og varsemd i korleis vi opptrer i t.d. sosiale media gi kred for arbeidet i skulane og utrykke tillit til at våre tilsette gjer ein god jobb.
anerkjenne at skulane får til gode resultat med stramme rammer. Oppvekstutvalet meiner ein er på rett veg, og støtter opp under lærararbeidet gjennom satsingsområda. Oppvekstutvalet ynskjer at administrasjonen ser på avtalen om bindingstid med dei som tek vidareutdanning - og samstundes stimulerer til auka vidareutdanning. Tema 3 og 4 Diskusjonen vart oppsummert i følgjande uttale: Politikarane i fagutvalet for oppvekst ynskjer å gi følgjande tilbakemelding til skulane: Det er svært positivt at det er stort fokus på fag og undervisning. Etablering av eining for barn og unge vil lette arbeidet for skulane. Oppvekstutvalet er obs på stramme rammer og ser at skulane like fullt gjer ein god jobb. Skuleeigar har klare forventningar til at skulane fortsatt arbeider godt med dei rammene dei får. Uttalen vart samrøystes vedteken. OP-048/14 Vedtak: lærarårsverk for å vere på gjennomsnittet i fylket. Kommunestyret ber rådmannen belyse dette i framlegg til budsjett for 2015. Kommunestyret meiner at Skuleeigarrapporten 2014 belyser stoda i Sula-skulen slik den er pr d.d.» For å støtte skulane i arbeide i skulane med undervisningskvalitet og for å styrke læringsmiljøet, bør vi folkevalgte vere medvitne på omdømmebygging ved positiv omtale og varsemd i korleis vi opptrer i t.d. sosiale media gi kred for arbeidet i skulane og utrykke tillit til at våre tilsette gjer ein god jobb. anerkjenne at skulane får til gode resultat med stramme rammer. Oppvekstutvalet meiner ein er på rett veg, og støtter opp under lærararbeidet gjennom satsingsområda. Oppvekstutvalet ynskjer at administrasjonen ser på avtalen om bindingstid med dei som tek vidareutdanning - og samstundes stimulerer til vidareutdanning. Politikarane i fagutvalet for oppvekst ynskjer å gi følgjande tilbakemelding til skulane: Det er svært positivt at det er stort fokus på fag og undervisning. Etablering av eining for barn og unge vil lette arbeidet for skulane. Oppvekstutvalet er obs på stramme rammer og ser at skulane like fullt gjer ein god jobb. Skuleeigar har klare forventningar til at skulane fortsatt arbeider godt med dei rammene dei får.
Dok. dato Tittel Dok.ID 13.08.2014 Skuleeigarrapporten 2014 220169 01.08.2014 Alle born har rett til å lære. Slik arbeider vi med 219683 LÆRING i Sulaskulen - Samledokument 2014-17 01.08.2014 Bygging av organisasjonskapasitet i Sulaskulen 219674 01.08.2014 Samledokument rektor har ordet 2013-14 219675 08.07.2014 Langevåg skule - Styringsdialog 2014 218774 08.07.2014 Solevåg skule - Styringsdialog 2014 218775 08.07.2014 Sula ungdomsskule - Styringsdialog 2014 218776 08.07.2014 Måseide skule - Styringsdialog 2014 218777 08.07.2014 Fiskarstrand skule - Styringsdialog 2014 218783 31.07.2014 Vedlegg styringsdialog Fiskarstrand skule 2014 218785 Bakgrunn for saka: Kvar kommune skal legge fram ein årleg rapport om tilstanden i grunnskulen til politisk handsaming. Rapporten skal gjere greie for mellom anna rammer, læringsutbytte og læringsmiljø i skulen i eit gitt år. I Sula har denne rapporten fått namnet Skuleeigarrapporten. Saksopplysningar Vedlagt finn ein Skuleeigarrapporten 2013-14 med utdjupande vedlegg. Siste skuleår var aktivt og prega av både utfordringar og små og store gleder. Skuleeigarrapporten som no vert lagt fram, har ambisjonar om å avspegle dette og omhandlar både rammer, læringsaktivitetar, læringsmiljø og læringsresultat i Sulaskulen i skuleåret 2013-14. Å få til ein god ballanse mellom tal og forteljingar som gir eit årleg innblikk i hendingar i skulekvardagen og alt det flotte arbeidet som skjer dagleg, er altså eit mål i seg sjølv. Rapporten peikar og på nokre av utfordringane ein er opptekne av. Denne rapporten er såleis meint å vere eit «vindu inn» til skulestova. Korleis går det vidare med elevane frå Sula? Det er i barnehage og grunnskule grunnlaget for vidare læring vert lagt. Kor stor del av elevane som går ut av grunnskulen i Sula og deretter gjennomfører vidaregåande skule, er difor eit (av fleire) kriterium for å måle kvaliteten i arbeidet, dette vert difor omtala. Oppdaterte tal kjem først 26.8. og vert lagt fram i møtet. Gjennom programmet «Den gode skuleeigar» som mellom anna ordførar, utvalsleiar og administrasjonen har engasjert seg i, og som Sula kommune har deltatt i med to puljer, er det sett stort fokus på korleis skuleeigar kan og bør påverke og underbygge kvalitetsarbeidet i skulen. Dialogen er løfta fram som eit verkemiddel. I Skuleigarrapporten kjem skuleleiarane
til orde, både med vurdering av eige resultat, aktuelle tiltak og ynskje til politisk nivå mm. Med dette vonar rådmannen at rapporten stimulerer til dialog mellom politisk nivå og profesjonsnivået om sentrale tema som påverkar læringsutbyttet til elevane i Sulaskulen. I tillegg til diskusjonane knytt til sjølve Skuleeigarrapporten, vert det kvar haust lagt opp til drøftingar basert på data frå Skuleeigaranalysen. Skuleeigaranalysen er ei undersøking utarbeidd av Utdanningsdirektoratet som vert gjennomført i august/september i år, i regi av fagutvalet for oppvekst. Til desse drøftingane vert minimum fagutvalet, ordførar, rektorane, kommunalsjef og rådmann invitert. I nokre kommunar har ein og valt å gjennomføre slike diskusjonane i Kommunestyret. Dette gir høve til ei årleg oppsummering mellom sentrale aktørar; alle dei som arbeider med å gjere møtestaden mellom eleven og læraren optimal, anten ein er profesjonsleiar eller politiakar. I 2013 gjorde fagutvalet følgjande vedtak, som eit resultat av undersøkinga og påfølgande diskusjon (punkta refererer til spørjeskjemaet): OP-033/13 Vedtak: I 2013-14 skal skuleigar ha særleg fokus på å vidareutvikle følgjande område: 6. Utvikle ein kultur for systematisk kunnskaps- og erfaringsdeling mellom skular lokalt og regionalt. 9. Utvikle ein systematisk tilbakemeldingskultur mellom dei ulike nivåa i kommunen (politiske organ, adm leiing, skulane, elevane og føresette) 13. Avsette tilstrekkelege ressursar slik at skulane kan oppfylle krava i Opplæringslova. 24. Ha ein plan for kontinuerleg kompetanseutvikling av leiarane og tilsette i skulen. Evaluering av kva som er oppnådd på fokusområda frå inneverande år, vil vere ein naturleg del av diskusjonen når data frå den nye skuleeigaranalysen vert lagt fram i løpet av hausten. Vurdering: Skuleeigarrapporten om tilstanden i Sulaskulen gir eit omfattande bilete av fokusområde, læringsmiljø og læringsutbytte i skulane våre i 2013-14 og bør såleis gje eit godt grunnlag for diskusjonar om tilstanden i Sulaskulen i politiske fora. Følgjande problemstillingar knytt til lokale mål og ulike sider ved tilstanden, er foreslått i rapporten: TEMA til drøfting for skuleeigar: For å nå målet om å vere minimum på linje med snitt i fylket treng Sulaskulen anslagsvis 11,4 fleire lærarårsverk enn i dag. ( 7,4 lærarårsverk i barneskulen og 4 lærarårsverk i ungdomsskulen., anslaget er gjort på bakgrunn av elevtal for 2013-14, elevtalet aukar). TEMA til drøfting for skuleeigar: Korleis kan skuleeigar støtte skulane i arbeidet deira med undervisningskvaliteten? TEMA til drøfting for skuleeigar: Korleis kan og ynskjer skuleeigar å styrke læringsmiljøet i skulane våre? Korleis kan Sula framstå som ein tydelegare MOT-kommune?
TEMA til drøfting for skuleeigar: Kva melding ynskjer politikarane å gje skulane for året som gjekk og året som kjem? Anne-Grethe Skjærseth Kommunalsjef kultur og oppvekst Nye opplysningar i saka Saksutgreiing: Vurdering: ADMINISTRASJONSSJEFEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK:. 038/14: OPPVEKST - SKULEEIGARRAPPORTEN OM TILSTANDEN I SULASKULEN 2013-14. Rådmannen si innstilling: Kommunestyret godkjenner Skuleeigarrapporten 2014 som er lagt fram med følgjande kommentar: Behandling i Fagutvalet for oppvekst 26.08.2014 Kommunalsjefen innleia med klipp frå foredraget «Vilkår for læring» som Peder Haug hadde til alle tilsette i skule og PPT før skulestart og sette dette i samanheng med hovudtrekk i Skuleeigarraporten om tilstanden i Sulaskulen. Rapporten vart diskutert og rektorane svara på spørsmål frå representantane. Det kom fram at lærarane har eigarskap til det utviklingsarbeidet som no går over fleire år, og er knytt til mellom anna klasseleiing, vurdering for læring og tidleg og rett innsats når eit born strevar. Utfordringar i arbeidet med å halde kvaliteten oppe er knytt til eit aukande elevtal, fleire klasser på trinna og ein høg del av elevar med rett til ressurkrevjande innsats utan at rammene som oppgåvene skal løysast innanfor, er auka. Leiarrolla er og svært forandra dei siste åra, skuleleiarane er no pålagt eit
tydelegare ansvar for kva elevane lærer, men har lite tid til å utøve pedagogisk leiing og vere ute i klasseromma for å følgje opp, slik dei er forventa å vere. Leiar Jan Magnar Sandvik, hadde følgjande framlegg til vedtak: lærarårsverk for å vere på gjennomsnittet i fylket. Oppvekstutvalet ber rådmannen belyse dette i framlegg til budsjett for 2015. Oppvekstutvalet meiner at Skuleeigarrapporten 2014 belyser stoda i Sula-skulen slik den er pr d.d. 6 voterande Framlegget frå Jan Magnar Sandvik vart samrøystes vedteke. OP-038/14 Vedtak: lærarårsverk for å vere på gjennomsnittet i fylket. Oppvekstutvalet ber rådmannen belyse dette i framlegg til budsjett for 2015. Oppvekstutvalet meiner at Skuleeigarrapporten 2014 belyser stoda i Sula-skulen slik den er pr d.d.