Betre helse og auke lønsemd gjennom samarbeid og innovasjon



Like dokumenter
Prosjektgruppa hadde sitt siste møte Det er med bakgrunn i

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Strategiplan for Apoteka Vest HF

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Utviklingsprosjekt ved Nordfjord sjukehus

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

Grunnlagsdokument for samarbeid mellom Helse Bergen, Haraldsplass og dei 22 kommunane i lokalsjukehusområdet. Oppfølging av Samhandlingsreforma 2012

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

Frivilligpolitisk plattform

Føretak for framtida. Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde

Hjertetrim,- Trening for livet. Samhandlingsprosjekt i Helsetorgmodellen

Utviklingsprosjekt: Nasjonalt topplederprogram, kull 10. Mona Ryste. Kompetanseløftet på rehabilitering av hjerneslag på Søre Sunnmøre

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Delavtale om drift av nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling mellom. Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

1. Mål med samhandlingsreforma

Med god informasjon i bagasjen

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

KF BedreStyring. KF brukarkonferanse. Oslo 22. mars Pål Sandal

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Pasientens helseteneste. Utviklingsarbeid for å lage framtidas spesialisthelsetenester i Helse Førde

Telemedisin i Sogn og Fjordane. Hovudprosjekt

Resept for eit sunnare FørdeF

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Samhandlingsreforma -Kva skal på plass?

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad. Kommunal medfinanisering av samhandlingsprosjekt og felles ordningar

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

30. APRIL 2019 PROSJEKTPLAN FELLES PROFIL OG MERKEVARE FOR SOGN. SOGN REGIONRÅD NÆRINGSNETTVERKET Sogndal

Kunst, idear, dugnad og pengar eller litt om kulturbasert næring i Eid og andre stader. Magni Hjertenes Flyum, VAKN Bremanger 4.

Samhandlingsreforma kva gjer vi i 2011? Førde, 26. september 2011 Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Strategiplan for Apoteka Vest HF

EnergiKompe- tansesenteret

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Stryn kommune 1

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Helse- og omsorgstenester i framtida - Solstrand

Ny strategiplan for Høgskulen

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

SAK 04/18 LIVSKVALITET HALLINGDAL

Tenesteavtale7. Mellom Stord kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Offentleg helsearbeid i kommunehelsetenesta Leikanger, Synne Aafedt Liljedahl, helserådgjevar.

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Pasientens helseteneste

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.

Innovasjonsmetoden vår

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: G21 Arkivsaksnr.: 14/745-7

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

S T R A T E G I D O K U M E N T

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

Endringsoppgåve: Vidareutvikling av samarbeid mellom seksjonane i Psykisk helsevern for barn og unge i Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

Samarbeid om IKT-løysingar lokalt

F E L L E S I K T - S T R A T E G I K O M M U N A N E F Y R E S D A L, K V I T E S E I D, FOR

Samhandlingsreforma i Sogn og Fjordane eit fellesprosjekt til hjelp for kommunar/kommunesamarbeid og helseforetak Vidar Roseth, leiar

INTERNASJONAL STRATEGI

DATO: SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/Tom Guldhav SAKA GJELD: Plan for prehospitale tenester - arbeid med mandat for fase 2

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Velkomne til fellessamling for prosjektet. "Samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane

Pasientens helseteneste Helse Førde Utviklingsarbeid for framtidas spesialisthelsetenester i Sogn og Fjordane

Avtale om partnarskap

Muligheter for samarbeidsforskning i vårt helseområde

Kommunal medfinanisering av samhandlingsprosjekt og felles ordningar

Søknad - Energiregion Sogn og Fjordane

Eit nytt helsekart strategiske, organisatoriske og faglege valg

Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester

Transkript:

Helse i Nordfjord rapport forprosjekt Helse i Nordfjord rapport forprosjekt Fotograf: Inger Elin Nes Hjelle Betre helse og auke lønsemd gjennom samarbeid og innovasjon 1

«Det overordna målet med prosjektet er å gje befolkninga i Nordfjord betre og meir varierte helsetilbod, utvikle kompetansearbeidsplassar innan helsesektoren og leggje til rette for kostnadseffektivt og innovativt samarbeid mellom offentleg og privat sektor med tenestar som gjeld helsesektoren.» 2

Helse i Nordfjord rapport forprosjekt Betre helse og auke lønsemd gjennom samarbeid og innovasjon Foto: Harald Berge Vedtak Nordfjord Vekst AS 11.09.12: Rapporten frå forprosjektet «Helse i Nordfjord» blir tatt til etterretning. Ein støtter tilrådinga om fire kommersielle partnarskapsprosjekt og utviklingspiloten «Helse i Nordfjord», jfr. rapporten, pkt. 5 og 6. Administrasjonen sette i verk naudsynte tiltak for å forankre prosjektet politisk i kommunane Eid, Vågsøy og Selje. Styret ber om å få presentert ei skisse til hovudprosjekt med kommersielle pilotar så snart som råd, seinast innan utgangen av oktober 2012 jfr. pkt. 5 og 6 i rapporten. 3

Helse i Nordfjord Betre helse og auke lønsemd gjennom samarbeid og innovasjon Forprosjektet «Helse i Nordfjord» handlar om næringsrelatert helsesatsing i samspel mellom offentlege og private aktørar. Prosjektplan (sist revidert 28. mars 2012) har danna utgangspunkt for arbeidet. Sjå vedlegg 1. Prosjektet har teke utgangspunkt i Regjeringa sine verkemiddel i samhandlingsreforma (økonomi, frisklivssentralar, folkehelsearbeid, habilitering og rehabilitering, omsorgsplaner, it og helse) og spørsmålet «Kan forpliktande partnarskap mellom offentlege og private aktørar auke effekten av denne reforma?» 1. Mål og resultat Det overordna målet med prosjektet er å gje befolkninga i Nordfjord betre og meir varierte helsetilbod, utvikle kompetansearbeidsplassar innan helsesektoren og leggje til rette for kostnadseffektivt og innovativt samarbeid mellom offentleg og privat sektor med tenestar som gjeld helsesektoren. Figur 1 Helse i Nordfjord heilskapleg helseteneste med individet i sentrum Kartlegging og analyse av den private helsemarknaden i Nordfjord, utveksling av erfaring og fagleg dialog mellom aktørane har skapt grunnlag for ein framtidig utviklingsarena mellom dei offentlege og private aktørane. Forprosjektet har identifisert eigna kommersielle pilotprosjekt og kjem med forslag til ein mogleg offentleg/privat partnarskapspilot i Nordfjord på helseområdet. Det er ynskjeleg at piloten skal teste ut nye samarbeidsformer, nye arbeidsformer, nye behandlingsformer knytt til førebygging og rehabilitering og nye/meir fleksible refusjonsprinsipp. Prosjektet «Helse i Nordfjord» går parallelt med store utviklingsprosjekt i offentleg regi, jfr. figur 1. Det er viktig at arbeidet i alle prosjekt blir godt integrert. 4

Figur 2 Tredelingsmodellen» - som grunnlag for utvikling av partnarskap Svaret er JA. Forpliktande partnarskap mellom offentlege og private aktørar kan auke effekten av samhandlingsreforma. Ein «tredelingsmodell» som skissert i figur 2, kan vere utgangspunkt for vidare arbeid. «Helse i Nordfjord» meiner det er grunnlag for å jobbe vidare med alle tema som har vore i fokus i forprosjektet Førebygging Rehabilitering Hest og Helse It og helse Både referansegruppa og helseverkstadene i samband med sluttkonferansen har konkludert med ei positiv anbefaling om å jobbe vidare med desse tema. Her kjem først ei kort beskriving av kvart tema. 5

Førebygging I følgje Statistisk sentralbyrå er berre ca. 3,3 % av dagens helseutgifter relatert til førebygging. Ny folkehelselov styrkjer kommunane sitt ansvar for førebygging og helsefremmende arbeid i alle sektorar. Samhandlingsreforma har fokus på førebygging framfor reparasjon. I verktøykasse til reforma har Regjeringa økonomiske virkemiddel som skal fremje førebygging, ein paraply kalla «folkehelse» og i eit meir spissa tiltak kalla «Frisklivssentral». Det vil ligge til dels store gevinstar både for folkehelse og for kommuneøkonomien om ein satsar og lykkast i førebygging. Tilsvararande ligg det store moglegheiter for betre utnytting av kompetanse og ressursar innan den privat helsesektoren og det å skape nye og lønsame arbeidsplasser knytt til førebygging. Nordfjord har i den samanheng strategiske fortrinn knytt til kultur- og naturbasert næring, reiseliv og utvikling av helseførebuande tenester. Nordfjord har strategiske fortrinn knytt til kultur- og naturbasert næring, reiseliv og utvikling av tenester knytt til førebygging. Det eksisterer mange gode, etablerte tilbod både i friviljug, offentleg og privat regi. Desse fortrinna er opparbeidd gjennom langvarig og målretta satsing. Med det ei vidare oppbygging av både formell kompetanse og realkompetanse innan desse felta, betre samordning og synleggjering vil slike tenester kunne gje ei vesentleg styrking av førebyggande helsearbeid. Tenester knytt til førebygging vil langt på veg også kunne nyttast i rehabiliteringssamanheng. Føremål og organisering vil variere. Aktuelle partnarar i ein førebyggingspilot er innbyggjarane, kommunane, kommunehelseteneste, frivilligsentral, private, offentleg godkjente helsearbeidarar, alternative/ komplementære helsetilbod, friviljuge organisasjonar, treningssenter, opplevingsaktørar, hotell og bedriftshelseteneste. Habilitering og rehabilitering I følgje Statistisk sentralbyrå sin oversikt over totale helseutgifter er om lag 1,8 % av utgifter relatert til habilitering og rehabilitering. Habilitering og rehabilitering er av dei områda som Regjeringa legg auka vekt på i samhandlingsreforma. Det er ei klar målsetting at kommunane skal ha eit tydelegare og eit større ansvar. Rehabilitering tek sikte på å trene opp eller få tilbake tidlegare funksjonar i så stor grad som mogleg etter skade eller sjukdom. Habilitering handlar om å vinne eller halde ved like funksjonar, og å hjelpe personar med medfødd funksjonshemming til det funksjonsnivå som er mogleg. Foto: Olaf Barmen I føreskrift om habilitering og rehabilitering(2001) 2 heiter det: tidsavgrensa, planlagte prosesser med klare mål og virkemiddel, hvor flere aktører samarbeider om å gi nødvendig bistand til brukerens egen innsats for å oppnå best mulig funksjons- og mestringsevne, selvstendighet og deltakelse sosialt og i samfunnet. Definisjonen legg vekt på at habilitering og rehabilitering er ein prosess med brukaren/pasienten i sentrum. Det vil ligge til dels store gevinstar for både for brukar/ pasient og for kommuneøkonomien om ein lykkast i ei reell satsing på habilitering/rehabilitering. Tilsvararande ligg det store moglegheiter for betre utnytting av kompetanse og ressursar innan privat helsesektor og i å skape lønsame arbeidsplasser knytt til habilitering/rehabilitering. 6

Foto: Harald Berge Nordfjord har strategiske fortrinn knytt til kultur- og naturbasert næring, reiseliv og utvikling av tenester knytt til førebygging. Det eksisterer mange gode, etablerte tilbod både i friviljug, offentleg og privat regi. Desse fortrinna er opparbeidd gjennom langvarig og målretta satsing. Med det ei vidare oppbygging av både formell kompetanse og realkompetanse innan desse felta, betre samordning og synleggjering vil slike tenester kunne gje ei vesentleg styrking av tilbod knytt til habilitering og rehabilitering. Tenester knytt til habilitering og rehabilitering vil langt på veg også kunne nyttast i førebyggande samanheng. Føremål og organisering vil variere. Aktuelle partnarar i ein rehabiliteringspilot er pasienten, sjukehus, intermediær avdeling, kommunane, NAV, hotell, kommunehelseteneste, frivilligsentral, private, offentleg godkjente helsearbeidarar, alternative/komplementære helsetilbod friviljuge organisasjonar, treningssenter, opplevingsaktørar og bedriftshelseteneste. Hest og helse Hesteassistert terapi inngår som ei grein av det som vert kalla dyreassistert terapi (DAT) innan helsevesenet. DAT ein målretta intervensjon der ein bevisst bruker eit dyr som ein del av eit integrert behandlingsopplegg, der ein dokumenterer og evaluerer prosessen, og der det er ein behandlar med i opplegget. I Sverige deler ein opp ulike helserelaterte aktivitetar knytt til hest slik: Handikappriding som er rein fritidssyssel, ein hobby utan nokon terapeutisk føremål. Hippoterapi - ei behandlingsform der pasienten er mykje saman med hesten utan att riding nødvendigvis skjer. Pasienten kan mellom anna børste, leie og mate hesten. Rideterapi - riding frå eit rent terapeutisk perspektiv. Rideterapi skal skje med hjelp av ein fysioterapeut, psykolog, eller liknande som har relevant kompetanse ofte i tett samarbeid med ein hestekyndig person. Medlemsorganisasjonen Hest og helse har sidan 1971 jobba aktivt for å fremje bruk av hest i helsesamanheng og for å bidra til optimal kvalitet i bruk av hest i arbeidet med å betre fysisk, psykisk og sosial helse. Med forankring i Hest og Helse si strategiplan for perioden 2011-2015, og hovudsatsingsområdet Hesten som venn, terapeut og helsearbeider har foreininga i samarbeid med relevante fagmiljø som mål å oppnå offentleg godkjenning frå Rikstrygdeverket 7

Foto: Øystein Torheim for hestestøtta psykoterapeutisk behandling som svarar til dagens ordning for fysikalsk terapiriding. I samarbeid med relevante utdanningsinstitusjonar, skal foreininga ha definert og kvalitetssikra den spesialpedagogiske/sosialpedagogiske behandlinga/ aktiviteten med hest. I samarbeid med relevante offentlige instansar skal foreininga også ha definert og kvalitetssikra den generelle omgangen/aktiviteten med hest ut frå perspektivet førebygging og folkehelse. Det vil ligge til dels store gevinstar for både brukar/pasient og for helsevesenet om ein lykkast i ei reell satsing på hesteassistert terapi og bruk av hest i behandling og for å skape betre tilbod innan førebygging og folkehelse. Tilsvararande ligg det store moglegheiter for betre utnytting av kompetanse og ressursar innan hestemiljøet og i å skape nye lønsame arbeidsplasser knytt til hest og helse. Nordfjord har strategiske fortrinn knytt til fjordhesten og utvikling av tenester knytt til hest og helse. Desse fortrinna er opparbeidd gjennom langvarig og målretta satsing på desse næringane, og med det ei oppbygging av både formell kompetanse og realkompetanse innan felta. Fjordhesten er godt eigna til bruk i hesteassistert terapi. Nordfjord har mange sterke fjordhestmiljø og stor hestefaglig kompetanse. Fleire helse-institusjonar nyttar allereie ulike former for hesteassistert terapi. Aktuelle partnarar i ein hest og helse-pilot vil vere hesteeigarar, Norsk fjordhestsenter, Nordfjord folkehøgskule, Fjordane folkehøgskule, kommunehelsetenesta, Nordfjord psykiatrisenter, Nordfjord lokalsjukehus, NAV. 8

Illustrasjon: Seevia AS It og helse Eit viktig mål for samhandlingsreforma er tilbod om likeverdige helsetenester til alle. Telemedisin kan vere eit viktig virkemiddel i arbeidet med å utjamne forskjellar som oppstår, t.d. pga geografisk plassering. Nasjonalt senter for samhandling og telemedisin definerer telemedisin slik: «Undersøkelse, overvåkning, behandling og administrasjon av pasient, og opplæring av pasienter og personale via systemer som gir umiddelbar tilgang til ekspertise og pasientinformasjon, uavhengig av hvor pasienten eller relevant informasjon er geografisk lokalisert.» Telemedisin kan bidra til å gje likeverdige helsetenester ut til folket, uavhengig av geografi. Geografi og infrastruktur er ei utfordring i Nordfjord. Det er ei målsetting at det skal bli lettare å få helsehjelp lokalt. Samtidig ser vi ei sentralisering av spesialisthelsetenesta. Dette er faktorar som dreg i kvar si retning. Då må ein finne innovative løysingar på dette dilemmaet. Samhandlingsreforma føreset at kommunar og helseføretak skal samhandlar betre. Telemedisin vert eit viktig teknologiske verktøy for å realisere dette og for at ein skal lukkast i den naudsynte omstillingsprosessen. Eitt viktig resultat som kan nåast gjennom telemedisin er at faglege nettverk knytt til helsearbeidet vil bli styrka om ulike personellkategoriar kan utvikle nettbaserte, faglege lærings- og konsultasjonsarenaer seg i mellom og mellom pasient og spesialist. Frivilligsentralane peiker på eit viktig poeng; å gjere brukarane i stand til å bruke datateknologien som vert utvikla. Dette er ein stor terskel å kome over for mange. I 2011/12 er det etablert Seniornettklubbar/grupper knytt til alle frivilligsentralar i Nordfjord. Seniornettgruppene har ingen nedre aldersgrense, så mange kan ha god nytte av denne «ufarlege» arenaen der ein kan lære seg å bruke datateknologi. Seniornettklubbane og frivilligsentralane kan difor vere ein nyttig samarbeidspartnar i høve det viktige brukarperspektivet. Nordfjord har strategiske fortrinn knytt til IT og helse og utvikling av telemedisinsk infrastruktur og telemedisinske tenester. Desse fortrinna er opparbeidd gjennom langvarig og målretta satsing på desse næringane, og med det ei oppbygging av både formell kompetanse og realkompetanse innan felta. Teknologimiljøa i Måløy representerer ei verdifull kompetanseklynge. Aktuelle partnarar i ein IT og helse-pilot er Helse Vest/Helse Førde, Nordfjord lokalsjukehus, offentleg og privat spesialisthelseteneste, kommunehelseteneste, frivilligsentralen, bedriftshelseteneste, teknologibedrifter. 9

2. Faglege rammer for forprosjektet Med utgangspunkt i prosjektplan og ressursramme har prosjektleiinga definert helseomgrepet og fastsett kriterier for avgrensing og kartlegging av marknaden. Det er også gjort ei førebels utgreiing knytt til fagleg nettverk. Til saman utgjer dette dei faglige rammene i dette forprosjektet. Korleis definere «helse»? Helse kan definerast og oppfattast på ulike måtar ut i frå fagleg ståstad, kulturforskjellar, individforskjellar og ulike andre faktorar. Prosjektleiinga har landa på ein tredelt definisjon av helseomgrepet. Helse handlar om: Individuell oppfatning av eiga helse kombinert med medisinsk diagnose og grad av meistring. Sjå vedlegg 2 for nærare utgreiing av helseomgrepet. Kriterier for avgrensing og kartlegging Sjølve hypotesen kring positive synergiar i helsepartnarskap tar utgangspunkt i nytenking og innovasjon i koplinga mellom kultur-, opplevings-, trenings- og helsenæring. Dette, saman med ein vid og open helsedefinisjon, har resultert i ei brei tilnærming til helsemarknaden. Kriterier er omtala i vedlegg 3. Fagleg nettverk Forprosjektet har konsentrert fagleg nettverksbygging rundt referansegruppa. Til saman har personane i referansegruppe ein brei og allsidig utdannings- og yrkesbakgrunn. Eit meir omfattande fagleg nettverk vil kunne spele ei viktig rolle i fortsettinga. Det er viktig å identifisere viktige interessentroller innan helsesektoren; premissleverandørar, pådrivararar, forvaltarar og utviklarar. Dei ulike fagmiljøa må aktivt takast med i utviklingsarbeidet. Kontakt i forprosjektfasen har vært avgrensa pga prosjektets rammer og føremål. Nokre enkeltpersonar/fagmiljø er kopla inn i referansegruppa, andre har vore involvert i samband med sluttkonferansen. Etter kvart som dei førebels resultata blir vidare analysert og eventuelle partnarskapsprosjekt blir tydeleggjort vil dei einskilde kommersielle prosjekta og partnarskapspiloten kunne knytte til seg meir spesifikke ressursar knytt til det/dei aktuelle fagområda og testområda. I samarbeid med referansegruppa har prosjektleiinga utarbeidd ei liste over institusjonar som bør inngå i eit fagleg nettverk. Sjå vedlegg 4. 3. Resultat av kartleggingsog analysearbeidet Kvalitative funn Referansegruppa har delt sine erfaringar knytt til samarbeid mellom offentlege og private. Dei har hatt samtaler om dette i samband med møta og kome med skriftlege innspel. I tillegg har prosjektleiinga gjennomført djupintervju med 5 medlemmar av referansegruppa som representerer ulike bransjar, alder og kjønn. Her er essensen av kva referansegruppa meiner om partnarskap og samhandling: Erfaringar frå samarbeid Dei private aktørane har svært ulik erfaring når det gjeld samarbeid med offentlege aktørar. Det pregar nok deira innstilling til mogleg positiv synergi av partnarskap. Mange har tatt fleire initiativ over mange år. Nokre er møtt med stivbeint byråkrati og det dei opplever som ei lunken haldning. Andre opplever positive haldningar hos fagfolk men lita vilje til å finne praktiske løysingar og finansieringsmodeller som understøttar tiltaket. Andre har fått til gode partnarskap i høve enkeltaktivitetar, men opplever at det er vanskeleg å bygge vidare på samarbeidet når den konkrete aktiviteten er avslutta. Nokre har og positiv erfaring med at offentlege aktørar har tatt kontakt. Dei private aktørane har mange og kreative innspel om moglege partnarskap og samarbeidsaktivitetar. Dei er stolte av verksemda si, vil gjerne vekse og skape interessante og trygge arbeidsplassar for seg sjølv og nye arbeidstakarar. Frivillig sektor har også stort potensial og ser klart at dei har ei rolle i eit helsepartnarskap. Dei har erfaring frå mange ulike samarbeidsprosjekt med offentlege partnarar. Dei siste åra kanskje meir på dialognivå gjennom representasjon i offentlege råd og utval. Frivillig-sentralane sit inne med ein god del kunnskap om samarbeid mellom frivillig sektor og einskildpersonar/ offentlege og private aktørar og kan hjelpe til med kartlegging av kva tilbod som er tilgjengelege i frivillig sektor. Synleggjering Det offentlege helsevesenet har lite kunnskap om kva som eksisterer av relevante tilbod. Dei veit også for lite om kva dei ulike tilboda inneheld og kva kompetanse som ligg til grunn. «Det du ikkje veit nok om kan du ikkje anbefale.» Dei private aktørane har og for liten kunnskap om kvarandre. Dette gjeld både friviljug sektor og kommersielle aktørar. Det er også vanskeleg for folk flest å få oversikt over kva tilbod som er tilgjengeleg og om og korleis ein kan kople ulike tenester saman. 10

Konkurranse Det private aktørane meiner dei er altfor fokusert på konkurransesituasjonen. I staden for å sjå samarbeid som ein moglegheit for eigen vekst blir samarbeid ein trussel på grunn av konkurranseelementet. Slike haldningar verkar negativt på moglege fellesprosjekt og felles aktivitetar. Tillit og gjensidig aksept Alle legg vekt på tillit og gjensidig aksept som grunnlag for samarbeid og partnarskap. Her får referansegruppa god støtte i forsking og empiri. Fleire legg vekt på at tillit føreset at ein har høve til å bli kjend. Typisk for møta i referansegruppa var at mange møttest før første gong. Andre etterlyser større grad av audmjukheit overfor kvarandre si kompetanse og rolle, og meir interesse frå «den andre sida» i høve eigen kompetanse. Felles læringsarena og møteplasser Mange av aktørane er små og læringsmiljøet blir lett avgrensa og lite. Referansegruppa er opptatt av å skape tverrfaglege læringsarenaer og møteplasser. Erfaringane frå dei to møta i referansegruppa er positive i høve til vidare samhandling. Fleksible løysingar Skal ein lykkast i å skape tilbod og etablere partnarskap må det fokuserast på å finne fleksible løysingar som er til det beste for alle partar. Ofte oppfattar ein tilbod om samarbeid innan helsesektoren som rigide. Det skal vere på det offentlege sine premissar om det skal vere. Gode partnarskap handlar om å finne produkt og løysingar som er positive for alle partnarar og som ikkje minst set kunde/brukar i sentrum. Innovasjon og nyskaping Det nyttar ikkje å fortsette i gamle spor. Det er viktig at eit partnarskap er prega av vilje og evne til å tenke nytt - av alle aktørar. Ein framtidig pilot må også ta høgde for og legge til rette for nettopp det. Kompetanse Det er brei semje om at samarbeid og partnarskap føreset solid og relevant kompetanse hos alle dei involverte. Systematisk og strategisk kompetansebygging må vektleggast i ein helsemarkand som er svært dynamisk, med skiftande behov og prioritringar. Tverrfaglege team vil meir effektivt kunne løyse samansette helseproblem. Auka lønsemd Ein viktig motivasjonsfaktor for dei private verksemdene er moglegheit for auka lønsemd. Det bør ikkje vere nokon konflikt i at tenester vert kommersialisert så lenge samfunnet, kommunen og det enkelte individ også tener på det. Kvantitative funn Med utgangspunkt i ein vid definisjon av helse og ei brei og open tilnærming til kartlegging av den potensielle helsemarknaden, har prosjektleiinga vald ut aktuelle næringskoder basert på Statistisk sentralbyrå sin standard for næringskoder for å om mogleg kartlegge den eksisterande private helsemarknaden. I tillegg er det gjort ein rekkje datasøk regionalt for å fange opp verksemder som ikkje er fanga opp av den offentlege statistikken. Samla sett for heile Nordfjord har prosjektleiinga identifisert over 1000 relevante frivillige helseaktørar og kommersielle næringsaktørar med tenester knytt til helse. Dei har relevante tilbod per i dag og/eller har potensiale for å tilby tenester knytt til heile helsekjeda frå førebygging via behandling til rehabilitering. Kor mange av aktørane som faktisk vil ha evne, vilje og interesse av å delta i partnarskap og felles helseprosjekt er ikkje undersøkt. Men det er ei stor gruppe i utgangspunktet og om berre 5-10 % av desse aktørane er motivert for samarbeid utgjer dei ein betydeleg og viktig ressurs for å skape eit betre helsetilbod for befolkninga i Nordfjord. Med utgangspunkt i referansegruppa har vi allereie 20 motiverte helseaktørar som har meldt si interesse. Forbruk av helsetenester Forbruk av helsetenester er kartlagt ved bruk av data frå Statistisk sentralbyrå (SSB) og Universitetet i Oslo institutt for Helse og samfunn («Hva bruker vi på helse 2011»). Tala frå SSB er brote ned på Nordfjordnivå. Både det offentlige og privathusstandane brukar meir ressursar på helse enn nokon gong. I følgje Statistisk sentralbyrå er totale helseutgifter i Norge for 2011 er berekna til ca. 250 milliardar kroner. Eigenandelar og eigenbetaling er medrekna. Driftsutgifter utgjer heile 241 milliardar. Dette svarar til over 50.000 kroner til helse per innbyggjar i Norge. For Nordfjordkommunane utgjer kostnadene over 1,6 milliardar kroner i tillegg til innbyggjarane sine eigne investeringar. 11

styring og offentleg kontroll. Det er med andre ord kommunane som må bestemme rammer og invitere til samarbeid. Kommunane er også den partnaren som, saman med fylke og stat, kan sikre at samarbeidet blir langsiktig og føreseieleg. 2011-tal representerer ein auke på 35 % i høve til dei siste 5 år og ein auke på 84 % i høve til dei siste 10 år. 85 % av helseutgiftene blir finansiert av det offentlege. Over 78 % av helsekronene går med til medisinsk behandling og langtidsbehandling. Det er drift av sjukehus, sjukeheimar og heimesjukepleie som utgjer dei store kostnadane. I tillegg til kostnadane som Statistisk sentralbyrå har dokumentert kjem eit aukande forbruk av alternative behandlingsformer, diettar og helsekostprodukt. Folk brukar også mykje ressursar på fritidsaktivitetar (som og er helseaktivitetar) som trening, ferieturar, kultur og naturtilbod, hobbyar mm. Trenden er at befolkninga, i tillegg til eigenandel og eigenbetaling i samband med offentlege helsetenestar investerer stadig meir i eigen helse. Også kjøp av helseforsikringar frå bedrifter og investering i helse for tilsette i bedrifter aukar. Folks haldning til helse Det er vanskelig å finne gode haldningsdata knytt til helse. Haldningar til helse heng saman med inntekt, alder, bustad, utdanning og verdisyn. Sjå omtale under definisjon av helseomgrepet. På grunn av avgrensa ressursar, tid og pengar i forprosjektet har vi heller ikkje hatt høve til å designe ei haldningsundersøking. Dersom det vert bestemt å gå vidare med prosjekt/pilotar knytt til helse som næring bør ein vurdere å designe spesifikke befolkningsundersøkingar knytt til dei einskilde satsingsområda. 4. Premissar for gode partnarskap På grunnlag av kartlegging, faglege innspel og dialog mellom ulike helseaktørar har forprosjektet identifisert ti premisser som sannsynleggjer positiv synergieffekt for framtidig forpliktande helsepartnarskap i regionen: Evaluering og følgjeforsking vil sikre betre effekt av pilotforsøk. Det er viktig at ein nøytral og kompetent partnar både designar og gjennomfører dette. Alle aktørar i eit partnarskap må levere tenester med høg kompetanse og kvalitet som tilfredsteller brukarane sine behov og ynskjer. Helsesektoren er dynamisk. Innovasjon og nytenking gjev stadig nye og betre tenestar. Vedlikehald av kompetanse må vektleggast av alle aktørar. Tett samspel og samarbeid med FoU-miljø og utdanningsinstitusjonar vil sikre effektivt vedlikehald og utvikling av ny kunnskap. Innbyggjarane speler sjølve ei viktig rolle. I eit helsepartnarskap må den einskilde innbyggjar vere aktiv medspelar for å sikre eigen helse. Dette gjeld i alle fasar av livet og i heile helsekjeda frå førebygging via behandling og til rehabilitering. Folk må ikkje vere passive mottakarar av helsetenestar. Vi har alle eit sjølvstendig ansvar for eigen helse. Offentleg godkjent helsepersonell må vere positivt innstilt til partnarskap. Leger, sjukepleiarar, fysioterapeutar og andre aktørar med offentleg godkjenning må vere opne for samarbeid med private aktørar som ofte vil ha meir differensiert bakgrunn, utdanning og kompetanse. Integrert medisin, det vil si alternative og komplementære behandlingsformer må vere ein naturleg del av tenestetilbodet i eit partnarskap. Dette vil også speile befolkninga sitt forbruk av helsetenester. Aktørane i partnarskapet må i fellesskap definere og avgrense kva slags metodar og behandlingsformer som skal inkluderast i tenestetilbodet. Kommunelegane, som speler ein nøkkelrolle i primærhelsetenesta, må ha «bestillerkompetanse» i høve eit utvida tilbod. Dette inneber at kommunehelsetenesta må ha god oversikt og innsikt i kva som finst på helsemenyen og kva slags effekt ein kan forvante av dei ulike tilboda. Alle aktørar i eit partnarskap må oppleve at dei har nytte og fordel av samarbeidet. Oppleving av gjensidig avhengighet og tillit legg grunnlaget for eit godt partnarskap. Partnarskap innan helsesektoren må være underlagt politisk 12

Det er truleg mest effektivt å etablere partnarskap knytt til førebyggings- og etterbehandlingstenester i helsekjeda. På disse områda vil grunnlaget for samarbeid mellom ulike faggrupper sannsynlegvis vere enklare å opparbeide. Det er også innanfor desse sektorane at helsegevinsten ved suksess vil vere størst. Ei satsing knytt til helse som næring bør nyttast aktivt i rekruttering av unge arbeidstakarar og etablering av nye kompetansearbeidsplassar i Nordfjord. Det er viktig å spele på dei rekrutteringsnettverk som allereie er etablert. Det er også viktig at unge arbeidstakarar blir direkte involvert i utviklingsprosjekta. 5. Forslag til fire kommersielle partnarskapspilotar 1. Nordfjord rehabilitering Rehabilitering og reiseliv var tema for ein av verkstadene under sluttkonferansen 26. juni. Deltakarane peikte på ei rekke fortrinn og variert og solid kompetansegrunnlag i Nordfjord. Gruppa kom med framlegg om eit felles rehabiliteringssenter for Nordfjord som kan tilby støre og samla pakkar innanfor helserelaterte tenester til mange ulike pasientgrupper og enkeltpersoner. Samarbeid skal bidra til auka vekst for alle. Anbefaling frå prosjektleiinga Det bør vere grunnlag for næringsretta satsing i Nordfjord knytt til rehabilitering. Både folk som bur i regionen og tilreisande (inklusive helseturistar) er aktuelle brukarar av tenestane. Det er aktuelt å inkludere både rehabiliteringstilbod som kommunen har hovudansvar for og spesialiserte rehabiliteringstilbod i regi av helseføretak/spesialisthelsetenesta. Prosjektleiinga meiner at vidare utvikling bør skje i eit «Nordfjord-perspektiv». Interessentar frå heile regionen bør inviterast med i ein felles helsepilot kring rehabilitering. Samtidig er det viktig å sikre eigarskap og framdrift. Piloten bør derfor ha hovudforankring i Selje kommune. 2. Nordfjord folkehelsehus/folkehelsenettverk/ folkehelseportal Folkehelse og Frisklivssentral var tema for ein av verkstadene under sluttkonferansen 26. juni. Gruppa tok utgangspunkt i prosjektet Frisklivssentral i Vågsøy. Deltakarene la stor vekt på auka samarbeid og erfaringsutveksling på tvers av kommunegrensene. Ambullerande, tverrfaglege team, felles aktivitetskalender, kurs og rådgjeving blei føreslått. Nettverk og god kommunikasjon mellom aktørane og ut mot befolkninga må kome på plass. Holdningsskapande arbeid i tidlege livsfasar og engasjerte lag og organisasjonar var andre virkemiddel som blei drøfta. Anbefaling frå prosjektleiinga Det bør vere grunnlag for næringsretta satsing i Nordfjord knytt til folkehelse generelt og til det spesifikke tiltaket «Frisklivssentral». Prosjektleiinga vil oppmode kommunane til å tenke utradisjonelt og nytt i høve bruk av private aktørar og frivillige lag og organisasjonar inn mot «lågterskel»-aktivitetar lokalt. Prosjektleiinga meiner at «Frisklivssentral» som er under etablering i Vågsøy kan høve godt som partnarskapspilot innan folkehelse. Interessentar frå heile Nordfjord bør inviterast med. Prosjektleiinga vil og oppmode alle aktørar til å synleggjere tilbod betre og helst i samanheng slik at folk lettare kan orientere seg i aktivitetstilboda. 3. Hest og helse Hest og helse var tema for ein av verkstadene under sluttkonferansen 26. juni. Helse og hest-møter starta i regi av VAKN i slutten av mars 2012 med aktiv mobilisering sidan mai 2011. To workshopar og to nettverkssamlingar har hatt fokus på næring med hest. Deltakarene peiker på eksisterande tilbod når det gjeld hesteassistert terapi som kan og bør utviklast vidare og utvidast. Den kanskje viktigaste suksessfaktoren for at det fins behandling i Nordfjord som tek i bruk hestar, er Fjordane folkehøgskule med sitt tilfang av elevar og lærarar som brukast inn mot behandlinga. Norsk Fjordhestsenter med sine fasilitetar for riding er og ei nødvendigheit for at t.d. ein fysioterapeut frå Vågsøy kan få til terapitimar med hest i samarbeid med folkehøgskulen. Ei rekkje tiltak for vidare arbeid blei identifisert. Anbefaling frå prosjektleiinga Det bør vere grunnlag for næringsretta satsing i Nordfjord knytt til hest og helse. VAKN bør fortsatt vere pådrivar og følgje opp framdrift saman med dei andre aktørane. Det er viktig at både hesteaktørar, helseinstitusjonar og helsepersonell er aktivt med i det vidare utviklingsarbeidet. Det kan og vere grunnlag for ei meir omfattande satsing på dyreassistert terapi i Nordfjord, til dømes knyt hund og helse. Nordfjord har sterke og profesjonelle hundemiljø som kan vere interessante partnarar i eit slikt samarbeid. 4. It og helse IT og helse var tema for ein av verkstadene under sluttkonferansen 26. juni. Deltakarane drøfta moglegheiter og utfordringar. På grunnlag av ei enkel situasjonsanalyse trakk gruppa fram moglege gevinstar ved bruk av telemedisin. Redusert reisetid, betre tilgang på spesialisthelsetenestar, betre kompetanseutnytting, nye arbeidsplassar i distriktet var nokre av det som kom fram i diskusjonen. 13

Deltakarene meinte at det ligg godt til rette for et offentleg privat samarbeid knytt til IT og helse. I første fase bør ein kartlegge kva slags målgrupper som bør prioriterast, bidra til senke brukarterskelen og sikre god samordning mellom eksisterande og nye IT-prosjekt knytt til helsesektoren. Anbefaling frå prosjektleiinga Det bør vere grunnlag for næringsretta satsing i Nordfjord knytt til telemedisin. Utviklingarbeid bør sjåast i samanheng med planer for telemedisin i Helse Vest/Helse Førde og i den einskilde kommune. Signal frå verkstad og dialog med kompetansemiljøa bør danne grunnlag for framtidig satsing. Det er viktig å trekke inn kompetanse knytt til brukarperspektivet, til dømes erfaringar frå seniornettklubbane i regi av frivilligsentralane i Nordfjord. 6. Partnarskap for betre helse oppsummering og konklusjon frå prosjektleiing Forprosjektet har vist at det er grunnlag både behov og vilje til å etablere partnarskap for betre helse i Nordfjord. Nordfjord Vekst og kommunane bør stimulere igangsetting av dei fire skisserte pilotane. Dei bør få eigne prosjektorganisasjonar og koplast saman under utviklingspiloten «Helse i Nordfjord». Den overordna pilotorganisasjonen skal sikre at ein reelt får testa ut nye samarbeidsformer, nye arbeidsformer, nye behandlingsformer knytt til førebygging og rehabilitering og nye/meir fleksible refusjonsprinsipp. I forprosjektet har Møreforsking AS delt sin kunnskap om partnarskap innan helsesektoren. Dei har kome med kloke råd som blir sitert her; perspektiv på korleis kunnskap og handling kan koplast. Før den nye kunnskapen kan takast i bruk, må den oppfattast, aksepterast og implementerast. For å kunne svare på om ein lukkast med dette, vil det vere viktig å samle kunnskap med utgangspunkt i ulike perspektiv. Den enkelte brukar av tilboda/ innbyggarane vil i så måte vere den viktigaste gruppa. Brukaropplevinga vil truleg vere avhengig av korleis partnarskapen klarar å opptre som ein partnarskap (koordinert og ikkje fragmentert), korleis den enkelte leverandør av tenestene klarar å oppfylle krav og forventningar som måtte eksistere og korleis prosjektet syr det heile saman og lagar dei rammene som må til for å nå målet med prosjektet. Dette inneber at ein må ha fokus på brukarane, partnarskapen, den enkelte leverandør (dei kommersielle partnarskapspilotane) og piloten samstundes. Det må vere tilstrekkeleg dynamikk og eit system for å fange opp og justere kurs om nødvendig under vegs i prosjektet. I eit slikt utviklingsarbeid vil ein bevege seg gjennom ulike fasar, både prosjektet som prosjekt, men også delaktivtetane som prosjektet er bygt opp rundt. Frå ein initierings/ mobiliseringsfase, til å organisere aktiviteten, gjennomføre og oppsummere/evaluere som gjev læring og utvikling. Dette er variablar som må takast omsyn til dersom ein ynskjer slike dynamiske utviklingsprosessar. Desse fire variablane verkar gjensidig inn på kvar andre og kan summere «Hovudmålet med eit hovudprosjekt er å teste ut nye former for samarbeid, nye måtar å jobbe på og nye behandlingsformer som i sum skal gje ein gevinst både for brukarane av helsetenestene, samfunnet generelt og leverandørane av dei ulike helsetenestene (pilotane). Visjonen er å skape meir dynamiske innovative helsetilbod i Nordfjordregionen. Utfordringa er å etablere nye partnarskap, å samarbeide med nye aktørar som tradisjonelt (helserelatert) ikkje har vore sett på som relevante samarbeidspartar tidlegare. Nye aktørar har gjerne også med seg annan kunnskap og andre Figur 4. Illustrasjon på helsenettverk og partnarskap, basert på R. Amdam. seg til både positive og negative sjølvforsterkande prosessar. I tillegg vil kontekstvariabelen kunne påverke resulta- 14

tet. Til dømes vil sterke strukturerande (makro) krefter kunne overstyre dei indre utviklingsvariablane som då vil vere å sjå som mikrokrefter. Samspelet mellom dei strukturerande ytre kreftene og dei indre lokale prosessane er difor avgjerande for eit vellukka resultat.» Helse i Nordfjord bygger på føresetnad og erfaring frå fire kommersielle partnarskapspilotar og skal også sikre at pilotane før tilført forskingsbasert kunnskap om partnarskap og innovasjon innan helsesektoren. Partnarskap er komplekse og krevjande. Prosjektleiinga vil anbefale at vidare utviklingsarbeid blir kunnskapsmessig godt forankra og at følgjeforsking vert vektlagt for å sikre dokumenterbare effektar for ettertida. Ja, men det er mange skjær i helsesjøen. I arbeidet framover bør fokus fortsatt vere på nytenking og innovasjon i koplinga mellom kultur-, opplevings-, trenings- og helsenæring. Ein må merke seg og ta omsyn til premissane som sannsynleggjer ein positiv effekt. Det er mykje å hente på betre samarbeid og effektiv samordning av helsetilbod. Forprosjektet «Helse i Nordfjord» har sannsynleggjort at privat sektor, både næringsdrivande og friviljuge organisasjonar har relevant kompetanse og kapasitet. Offentleg sektor har behov og verktøykasse som opnar for nytenking. I det vidare arbeidet med utvikling av partnarskap mellom offentleg og privat sektor bør kommunane syte for betre integrasjon med dei store samhandlingsprosjekta i offentleg regi. Kommunane står i fare for å miste positive synergiar om ein ikkje får til betre samordning og samhandling mellom dei ulike prosjekta framover. 7. Prosessen og gjennomføring av forprosjektet Prosjektet blei starta opp rundt 1. mars og avslutta med ein konferanse med helseverkstader 26. juni. Prosjektleiinga har knytt til seg ei referansegruppe med ca. 20 personar frå privat, frivillig og offentleg sektor. Referansegruppa har hatt to møter med til dels omfattande program. Referansegruppa har vore ein svært verdifull sparringpartnar og kunnskapskjelde for prosjektleiinga. Roar Amdam, Høgskulen i Volda og Geirmund Dvergsdal, Møreforsking har deltatt på kvart sitt møta i referansegruppa. Randi Bergem og Geirmund Dvergsdal, Møreforsking har kome med nyttige innspel til sluttrapporten. Alle utspel knytt til helsedefinisjon, kriterier for kartlegging av helsemarknad og moglegheiter, faglege nettverk og opplegg for konferanse har vore drøfta med referansegruppa. Prosjektleiinga har hatt møte og dialog med ulike fag og forskingsmiljø i regionen undervegs i forprosjektet. Sluttkonferansen vart gjennomført med mange aktive bidrag frå referansegruppa og regionale fag- og forskingsmiljø. Prosjektleiinga har sendt ut pressestoff i samband med oppstart og i samband med sluttkonferansen. Det har vore god respons i lokale media. Sluttkonferansen er godt dokumentert på Nordfjord Vekst sine nettsider. Status er rapportert for styringsgruppa i mars og mai. Det har vore god dialog med og profesjonell oppfølging frå administrasjonen i Nordfjord Vekst. Sluttord Kan partnarskap innan helsesektoren kan vere motor i samfunns- og næringsutvikling? 15

VEDLEGG 1 16

VEDLEGG 1 Prosjektplan for Helse i Nordfjord - forprosjekt 28. mars 2012 Versjon nr:2hre Innhald 1. Mål og rammer... 19 2. Omfang...21 3. Prosjektorganisering...21 4. Vedtakspunkt...22 5. Risikoanalyse og kvalitetssikring...23 6. Gjennomføring...24 17

VEDLEGG 1 1 Mål og rammer 1.1 Bakgrunn Helse i Nordfjord handlar om næringsrelatert helsesatsing i samspel mellom offentlege og private aktørar. Prosjektet har utgangspunkt i eit initiativ Selje kommune tok hausten 2011, og der ein vende seg både til Nordfjordrådet og til Måløy Vekst/Nordfjord Vekst for å få fleire kommunar med på ei slik satsing. Sogn og Fjordane fylkeskommune hadde og teke kontakt med Nordfjord Vekst under stifting for å få vekstselskapet til å sjå nærare på satsingar knytt til helse som næring. På dette grunnlaget vedtok styret i Måløy Vekst å ta helse som næring med i handlingsplanen for det planlagde vekstselskapet Nordfjord Vekst. Denne prosjektsøknaden er difor forankra i utkast til handlingsplan for Nordfjord Vekst, jfr. B7 og C1. Kommunane Gloppen, Stryn, Hornindal, Eid, Vågsøy og Selje har gått saman om to interkommunale samhandlingsprosjekt (intermediære funksjonar og samfunnsmedisin) som starta opp hausten 2011. Desse prosjekta skal kartlegge helsestatus, ressursar, leggje til rette for interkommunalt samarbeid og utvikle nye tenestetilbod. I Eid er og utviklingsprosjektet Framtidas lokalsjukehus no sett i gang. Ein grunnidé i dette prosjektet er at det skal ta høgde for å kunne handtere dei store folkesjukdommane. Samstundes skal ein sikre god samhandling og legge til rette for eit best mogleg spesialisthelsetilbod for innbyggjarane i heile Nordfjord. Dette var og tanken bak prosjektet Helse og trivselssenter som vart utforma av Næringshagen i Eid i 2009. I Selje har ein sidan hausten 2010 jobba aktivt med utviklingsprosjektet Helse Selje. Helse Selje handlar om partnarskap mellom offentleg og private helseaktørar, nye helsesatsingar knytt til rehabilitering/helseturisme, individuell kapasitetsbygging og omsorg, kultur og natur. Våren 2011 blei det gjennomført to mindre kommersielle helsepilotar innanfor rammene av prosjektet. I Vågsøy har VideoNor initiert fleire pilotprosjekt knytt til virtuelle tenestar innan helsesektoren. Det er prosjekt i gang i samarbeid med NAV, og selskapet har over lengre tid samarbeida med Sunnaas kring utvikling av videoassisterte rehabiliteringstenester. VideoNor er og i dialog med Helse Førde om utvikling av tenester innan telemedisin. Det er tankar, målsettingar og erfaringar i frå alle desse prosjekta som ligg til grunn for denne prosjektplanen. 1.2 Overordna mål for prosjektet Helse i Nordfjord skal - utvikle modellar for samhandling mellom det offentlege helsevesenet, lag og organisasjonar og private næringslivet. - utvikle ein nasjonal/regional pilot kalla «Helse i Nordfjord resept for framtida» basert på 2-4 ulike kommersielle partnarskapsprosjekt i dei deltakande kommunane kor modellane blir utprøvd og evaluert. Helse i Nordfjord er ei humanistisk, teknologisk, natur- og kulturbasert tilnærming til utfordringane knytt til folkehelsa. Helse i Nordfjord skal ha fokus på offentlig/privat partnarskap innan helsesektoren og helse som næring. Helse i Nordfjord skal ha fokus på individet med målretta, skreddarsydde løysingar som gjev kostnadseffektive helsetenester. Føremålet er å sette innbyggjarane i Nordfjord og tilreisande betre i stand til å ta vare på eiga helse. Dette skal gjerast gjennom å skape ei unik helse- og omsorgsteneste samt skape næringsutvikling innan helse og omsorgstenester i Nordfjord. Satsinga skal forankrast i offentlege helseplaner basert på forpliktande samspel mellom offentlege, friviljuge og private aktørar. Stikkord er nytenking, innovasjon og nyskaping. Ved å forsterke og utvide det offentlege helsetilbodet med private tilbod gjennom forpliktande partnarskapsavtalar, vil innbyggarane i Nordfjord kunne få eit meir differensiert helsetilbod og betre og meir tilpassa rehabiliteringstenester nær eigen bustad. Ein vil og kunne byggje sterke faglege einingar som det offentlege elles ikkje ville kunne makte å etablere. Ved å skape meir robuste og tverrfaglege kunnskapsmiljø, vert helserelaterte arbeidsplassar i Nordfjord meir attraktive og tryg- 18

VEDLEGG 1 gare. I eit innovativt og framtidsretta helsefagleg miljø vil knoppskyting skje og nye helserelaterte føretak kunne utviklast. Dette vil gje ein meir interessant arbeidsmarknad innan helse- og omsorgsfag, gje auka skatteinntekter og betre grunnlag for fortsatt trivsel og vekst i Nordfjord. 1.2.1 Konkrete mål for forprosjektet I forprosjektet skal ein - Kartlegge og analysere den private helsemarknaden i Nordfjord. Kva ressursar kan og må supplere det offentlege tilbodet i framtida? Kva slags kompetanse og fagmiljø er relevant for ei framtidsretta helsesatsing i regionen? - Samle og systematisere befolkningsdata om haldningar, kunnskap og åtferd knytt til eiga helse, tilfredsheit med dagens helsetenester og kva behov og forventningar innbyggjarane har til helsetenestar i framtida. - Identifisere manglande datagrunnlag og ta initiativ til å rette opp dette. - Opprette dialog og skape ein utviklingsarena mellom offentlege og private helseaktørar. - Forankre modellutvikling og pilot politisk på alle nivå i deltakande kommunar, på fylkesplanet og statleg nivå. - Identifisere eigna kommersielle prosjekt og designe innhald i piloten «Helse i Nordfjord resepten for framtida» - Legge til rette for etablering av partnarskapsprosjekt som får pilotstatus og koordinere desse. - Utvikle parameter for måling og evaluering av resultat undervegs i prosjektet. 1.3 Rammer Total ramme for forprosjekt er ca. kr. 250.000,-, ekskl. tidsforbruk i administrasjonen og eventuelle bidrag frå partnarskapsprosjekta. Grunnlag for budsjettering: (1 vekeverk = 38.000 + mva) 1 vekeverk på ferdigstilling av prosjektplan, politisk forankring, 2,5 vekeverk på kartlegging av marknad/utvikling av ressurs- og kompetanseoversikt, 1 vekeverk på samling og systematisering av befolkningsdata, 1 vekeverk på utvikling av samhandlingsarena, 1 vekeverk for tilrettelegging og koordinering av partnarskapsprosjekt, utvikling av evalueringsverktøy. Forprosjektet skal finansierast med midlar frå Nordfjord Vekst samt bidrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dei konkrete offentleg/private helseprosjekta som til samen skal utgjere piloten «Helse i Nordfjord resepten for framtida» skal ha eigne prosjektplaner, men modellutvikling og pilotstatus for alle skal forankrast i Helse i Nordfjord. Dette medfører at dei aktuelle partnarskapsprosjekta forpliktar seg til å delta i Helse i Nordfjord. Framdrifta i Helse i Nordfjord skal avstemmast med prosjekta Framtidas lokalsjukehus og dei to interkommunale samhandlingsprosjekta så langt dette let seg gjere. Det er grunn til å tru at ein heilskapleg og framtidsretta helsemodell vil innehalde element frå alle desse tre prosjekta. Tidsramme: 3. mars 2012 30. juni 2012 2 Omfang 2.1 Oppgåveomfang Forprosjektet skal syte for tilstrekkelig dokumentasjon som grunnlag for ein helsepilot og avklare finansiering av piloten. 19

VEDLEGG 1 Forprosjektet skal fastsette kor mange private/offentlege helseprosjekt som skal inngå i piloten Helse Nordfjord resepten for framtida. Forprosjektet skal også legge til rette for god dialog mellom private og offentlege aktørar. Eit godt kommunikasjonsklima er ein viktig føresetnad for forpliktande samarbeid og god samhandling. Forprosjektet skal gje grunnlag for å vurdere neste utviklingstrinn og fastsette formelle rammer for vidare satsing. 2.1.1 Avgrensingar Forprosjektet skal ikkje gjennomføre eigne helseaktiviteter. Dette skal dei konkrete private/offentlege partnarskapsprosjekta ta seg av. 3 Prosjektorganisering 3.1 Prosjektleiing Nordfjord Vekst er prosjekteigar og fungerer som styre for forprosjektet. Det opprettast ei referansegruppe med representasjon frå dei deltakande kommunane, fag-/forvaltningsmiljø FoU, brukargruppene og næringslivet. Prosjektleiar koordinerer referansegruppa sitt arbeid. Prosjektleier rapporterer til Nordfjord Vekst. Nettverk skal etablerast mellom dei aktuelle partnarskapsprosjekta. Desse prosjekta bør legge vekt på å engasjere unge vaksne (under utdanning eller i arbeid andre stader) med ambisjonar om å arbeide innan helsesektoren i regionen i framtida. Det kan også vere fornuftig å skipe eit faglege rådgjevingsnettverk som kan konsulterast innan ulike fagområde. Nettverket skal vere støtte for prosjektorganisasjonen og bør spegle helse- forvaltningskompetanse, modellutviklingskompetanse, næringsutviklingskompetanse, reiselivskompetanse, telemedisinkompetanse og medisinsk kompetanse (både skulemedisin og komplementær og alternativ medisin). 3.2 Roller og bemanning Rolle Eierskap Organisasjon/Person Hovedansvarsomr. Prosjekteigar A Nordfjord Vekst v/styreleiar Vedta plan, syte for finansiering Oppdragsgjevar A Nordfjord Vekst v/administrasjonen Iverksette plan Prosjektleier og eksterne ressursar B Helga Odden Reksnes Arild Hjelmeland Gjennomføre prosjekt, ekstern og intern informasjon Referansegruppe B Under etablering Forankring, faglege råd, ambassadørar for prosjektet Styringsgruppe A Nordfjord Vekst Støtte, oppfølging ved milepælar. Vedtak. Fagleg nettverk B Under etablering Støtte, gje råd Tabell 1: Rolle, eigarskap, organisasjon og ansvarsområder 20