MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE Justert som følgje av vedtak i fylkestinget i sak T-88/02 og T-8/03. INNLEIING Etter vedtak i fylkestinget i sak T-38/90 har fylkeskommunen desse hovudutvala: Helse- og sosialutvalet Kulturutvalet Nærings- og miljøutvalet Samferdselsutvalet Utdanningsutvalet Etter vedtak i fylkestinget i sak T-13/02 blir helse- og sosialutvalet lagt ned med verknad frå valperioden 2003-2007. Nærings- og miljøutvalet heitte tidlegare miljø- og utviklingsutvalet. Namneendring vart vedteke i sak T-38/92. Reglementa for hovudutvala vart revidert på bakgrunn av ny Lov om kommuner og fylkeskommuner av 25. september 1992 (kommunelova), i kraft frå 1. januar 1993, og endringar i særlovgjevinga med verknad frå 1. januar 1994. Dei reviderte reglementa fekk verknad frå og med valperioden 1995-99. Reglementa er gjennomgått på nytt på bakgrunn av fylkestinget sitt vedtak i sak T-88/02 om å leggje til rette for at større viktige prinsipielle saker kan gå direkte frå hovudutval til fylkesting utan å gå vegen om fylkesutvalet. Reglementa har som tidlegare lik oppbygging med slik kapittelinndeling: Kap. I Val og samansetjing Kap. II Arbeidsområde Kap. III Delegering til hovudutvalet Kap. IV Delegering til administrasjonen Kap. V Møte og sekretariat
- 2 - GENERELT OM REGLEMENTA Kap. I Val og samansetjing Tidlegare hadde hovudutvala normalt to typar oppgåver - dels oppgåver som etter fylkeskommunelova i utgangspunktet var lagt til fylkestinget - dels oppgåver etter særlovgjevinga. Etter lovendringa som med verknad frå 1. januar 1994 tilpassa særlovene til prinsippa i kommunelova, er det no svært få særlovreglar som legg oppgåver til særskilte organ. Oppnemningsgrunnlaget for alle hovudutvala er kommunelova (koml) 10, som gjev fylkestinget høve til å opprette faste utval for fylkeskommunale føremål eller for delar av den fylkeskommunale verksemda. Utvala kan óg vere tillagt oppgåver etter særlov. Utvala skal etter lova ha minst tre medlemer. Fylkestinget har i sak T-38/90 fastsett medlemstalet i alle dei fem hovudutvala til 11. Fylkestinget har i sak T-13/02 vedteke at det framleis skal vere 11 medlemer. Fylkestinget har i sak T-13/02 fastsett som prinsipp for gjennomgåande representasjon at alle fylkestingsrepresentantane som ein hovudregel skal vere med i eit hovudutval eller i kontrollutvalet. Alle leiarane i hovudutvala bør vere medlem i fylkesutvalet. Kommunelova sine reglar om t.d. representasjon av begge kjønn, jfr. koml 36-38, går i tilfelle motstrid foran fylkestinget sitt prinsippvedtak. Kap. II Arbeidsområde Etter koml 10 nr 2 skal fylkestinget fastsetje området for utvala si verksemd. Hovudutvalsmodellen tilseier at hovudutvala har kvar sine sektorar av den fylkeskommunale forvaltninga som sine arbeidsområde. Kap. III Delegering til hovudutvalet Prinsipp for delegering: Før vi gjer greie for delegeringsreglane i reglementa, vil vi seie noko om på kva måte delegering skjer, og om instruksjonsmynde og kontroll med delegert mynde. Utgangspunktet er at eit organ kan delegere oppgåver til underordna organ. Delegering inneber ikkje at det organ som delegerer gjev frå seg mynde - det let eit anna organ på sine vegner utøve myndet. Dette inneber at delegeringsorganet (overordna organ) for det første har sitt mynde i behald - samstundes som organet anten generelt eller konkret i bestemt sak eller bestemte saker kan instruere det underordna organet om på kva måte myndet skal utøvast. Det er viktig å ha dette klart for seg i det instruksjonsadgangen óg inneber at overordna organ med dei avgrensingar lovgjevinga set, jfr. m.a. forvaltningslova 35, kan omgjere underordna organ sine vedtak og gjennom dette føre ein "etterpåkontroll".
- 3 - Det er såleis viktig å ha klart for seg kva organ som er overordna kven. Etter kommunelovtilpassinga av særlovene er fylkeskommunale oppgåver etter særlovene no lagt til fylkeskommunen som sådan og ikkje lenger til eit bestemt organ som t.d. fylkesskolestyret. Avgjerdsmyndet ligg da i utgangspunktet til fylkestinget, som er fylkeskommunens øvste organ, overordna både fylkesutvalet, kontrollutvalet og hovudutvala. Fylkesutvalet er etter koml 8 eit lovbestemt organ og etter lova tillagt viktige oppgåver som innstillingsmynde i saker om økonomiplan, årsbudsjett og skattevedtak. Fylkestinget har dessutan gjennom den måten delegeringa er lagt opp på i dei reglementa for fylkesutvalet og for hovudutvala som vart vedteke i sak T-25/91, fastsett at fylkesutvalet er å sjå som overordna organ i høve til hovudutvala. Fylkestinget vedtok i sak T-88/02 at reglementet om kompetansefordelinga mellom fylkesting, fylkesutval og hovudutval skal gjennomgåast og endrast slik at større viktige prisipielle saker kan gå direkte frå hovudutval til fylkesting utan å gå om fylkesutvalet. I sak T-8/03 vedtok fylkestinget endringar i reglementet for fylkestinget 3 som opnar for at hovudutvala kan leggje saker direkte fram for fylkestinget når visse vilkår er oppfylt. I slike saker vil hovudutvalet ikkje vere underordna fylkesutvalet. Vilkåra er at Saka er innanfor vedkomande hovudutval sitt arbeids- og ansvarsområde Saka ikkje har konsekvensar for budsjett og økonomiplan Saka ikkje er i strid med vedtekne planar eller legg føringar for fylkesutvalet sitt arbeid som plannemnd Når eit hovudutval skal leggje fram ei sak direkte for fylkestinget, kan hovudutvalet peike ut ein saksordførar. Saksordføraren skal: Ha høve til å setje seg grundig inn i saka i løpet av saksførebuingsperioden. Kome med framlegg som hovudutvalet tek stilling til. Gjere greie for saka i fylkestinget. I tillegg er det i 2 i reglementet for fylkesutvalet opna for at høyringssaker som skal til fylkestinget, kan gå direkte frå hovudutvalet. Hovudutvalet skal behandle slike saker så tidleg at dei kan leggjast fram for gruppene i gruppemøte to veker før tingsamlinga, og sendast til fylkestinget saman med tilrådingane frå fylkesutvalet og kontrollutvalet.
- 4 - Omfanget av delegering til hovudutvala: Reglane om delegering av avgjerdsmyndet frå fylkestinget til andre folkevalde organ vart vesentleg forenkla og oppmjuka ved kommunelova av 1992. Hovudutvala kan etter koml 10 nr 2 tildelast avgjerdsmynde i alle saker der ikkje anna følgjer av lov. I det ligg at fylkestinget etter eige skjøn kan delegere til hovudutvala oppgåver og mynde som ikkje i lov er lagt til andre organ. Unnateke er såleis vedtak som kommunelova fastset at fylkestinget sjølv må gjere, og gjeremål som lova legg til dei lovbestemte organa fylkesutvalet og kontrollutvalet. Den nye kommunelova har ikkje som tidlegare ei opplisting av sakstyper som ikkje kan delegerast. Lova nyttar i staden uttrykket "fylkestinget selv" om vedtak som fylkestinget sjølv må gjere (jfr. t.d. koml 10 nr 1). Reglementa som vart vedtekne i sak T-25/91 la til grunn det prinsipp at hovudutvala i utgangspunktet får delegert maksimal avgjerdsmynde innan sitt arbeids- og ansvarsområde. Det er ikkje gjort endringar i dette ved denne revisjonen. På visse område vil det vere trong for samordning mellom fleire sektorar. I slike høve er det mest tenleg at fylkesutvalet tek avgjerd. Delegering til hovudutvala står i reglementa 4 første avsnitt, som har slik ordlyd: "Hovudutvalet tek, innafor sitt arbeids- og ansvarsområde, jfr. 3, avgjerd etter dei rammer og retningslinjer som er fastsett i eller i medhald av lov og forskrift, med mindre vedtak av fylkestinget eller fylkesutvalet avgrensar avgjerdsmyndet." Hovudutvala si avgjerdsmynde er såleis avgrensa av lovreglar som legg myndet til fylkesting, fylkesutval eller kontrollutval, og av vedtak i overordna organ. Tilhøvet mellom fylkesutvalet og hovudutvala med omsyn til delegeringsomfanget vart behandla av fylkesutvalet i sak U-76/92. Oppgåver som ligg til fylkesutvalet er t.d. å innstille i saker til fylkestinget, ta avgjerd i "hastesaker", ta avgjerd i saker som blir oppfatta som særleg politisk viktige, å vere fylkeskommunen sitt planutval, å inngå visse typer avtalar på fylkeskommunen sine vegner, å gje fråsegn på vegner av fylkeskommunen m.v. Etter vedtaket i fylkestinget i sak T-8/03 som er omtala ovanfor, får hovudutvala høve til å legge visse saker direkte fram for fylkestinget. Dette får ikkje konsekvensar for avgrensinga av hovudutvalet si mynde til å ta endeleg avgjerd. I høve til hovudutvala vil fylkestinget og fylkesutvalet vere overordna organ med instruksjons-, kontroll- og omgjeringsmynde når det gjeld delegert mynde etter kommunelova. Kontrollutvalet skal dessutan etter koml 60 føre løpande tilsyn på vegner av fylkestinget.
- 5 - Kap. IV Delegering til administrasjonen I reglementa 6 er det gjeve høve for hovudutvala til å vidaredelegere sine mynde. Koml 23 nr 4 gjev høve til å gje fylkesrådmannen mynde til å treffe vedtak i enkeltsaker eller typer av saker som ikkje er av prinsipiell betydning, om fylkestinget ikkje har fastsett noko anna. Tilsvarande mynde kan no delegerast til utvalsleiaren, jfr. koml 10 nr 4. Delegering til administrasjonen kan berre skje til fylkesrådmannen. Dette går direkte fram av koml 23 nr 4, og indirekte av 23 nr 1 om at fylkesrådmannen er øvste leiar for den samla fylkeskommunale administrasjon. Dette inneber ikkje at det er berre fylkesrådmannen personleg som kan utøve det delegerte myndet. Han kan la myndet utøvast av andre, t.d. etatsjefen. Fylkesrådmannen vil imidlertid i kraft av myndet og det ansvar han har etter koml 23 ha instruksjonsmynde i høve sine etatsjefar i alle saker. Ein konsekvens av dette, og av koml 23 nr 2, er at i den grad etatsjefane gjev innstilling til hovudutvala, skjer dette på vegner av fylkesrådmannen. Ein annan konsekvens er at fylkesrådmannen har kontroll og omgjeringsmynde i høve vedtak gjort av underordna personell, med mindre lov er til hinder for det. Kap. V Møte og sekretariat Saksbehandlingsreglane for hovudutvala er revidert i samsvar med endringane i kommunelovgjevinga.