Austrheim kommune PLANPROGRAM for Kommunedelplan for klima og energi.
INNHALDSLISTE. 1.0 BAKGRUNN...3 planprogram...3 2.0 RAMMER FOR PLANARBEIDET....3 Lovgrunnlag og overordna føringar....3 3.0 PLANOMFANG...4 Spesielle tema i planarbeidet...5 4.0 ORGANISERING AV ARBEIDET...5 5.0 MEDVERKNAD...6 6.0 FRAMDRIFT...6
1.0 BAKGRUNN Føremålet med energi og klimaplanen er å få ein reiskap som tek heilskapsomsyn i saker som vedkjem energi, klima og miljø i kommunen og samstundes er forankra i overordna nasjonale og fylkeskommunale målsetjingar. Planarbeidet skal munne ut i handlingsplan med konkrete tiltak for kommunen sitt arbeid på energi og klimasektoren framover. Planarbeidet er forankra i formannskapet sitt vedtak i sak 07/4.. Kommunen har fått tilsegn om kr 0. 000. frå ENOVA til planen. Planarbeidet vert utført av SFE rådgjeving Sandane. (Jf vedtak i sak DR 019/) PLANPROGRAM Energi og klimaplanen skal ha status som kommunedeleplan. For denne er det eit lovkrav at det skal leggjast fram planprogram som ledd i oppstart av planarbeidet. Planprogrammet skal mellom anna: Avklare rammer og gjere greie for premissar og førmål i planarbeidet, vise behov for eventuelle utgreiingar og syne opplegg for medverknad i planarbeidet. 2.0 RAMMER FOR PLANARBEIDET. LOVGRUNNLAG OG OVERORDNA FØRINGAR. Nasjonal politikk, lover og regionale planar gjev viktige føringar for planarbeidet. Sentrale statlege føringar. St meld 34 (2006 2007) Norsk klimapolitikk St meld 26 (20062007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand. Stortinget sitt klimaforliket (2008) Forskrift nr 1607 (16.12.2003) om energiutgreiing. Regionale føringar: Klimaplan for Hordaland (høyringsutkast) Visjon: o Klima og energifylket Hordaløand går føre i felles dugnad for ei bærekrafitg framtid Målsetjingar om: o redusert klimagassutslepp o redusert energibruk og endring av energibruk til meir bruk av fornybare energikjelder. o klimatilpassing.
Sentrale lover og forskrifter. Fleire lover og forskriftersom vert nytta av kommunal forvaltning har som krav at det ved gjennomføring av vedtak skal leggjast vekt på bærekraftig utvikling og at det skal takast omsyn til naturmiljøet. I denne samanhengen er følgjande lover med forskrifter sentrale: : Plan og bygningslova. Naturmangfaldlova Jordlova. Forureiningslova Vegtrafikklova 3.0 PLANOMFANG. Kommunen si rolle. Kommunnane har ei viktig rolle når det gjeld å påverke den utviklinga som må til for å oppnå måla om bærekraftig utvikling og redusert klimautslepp og redusert energiforbruk. Klima og energispørsmål vedkjem svært mange av kommunen sine saksområde. Gjennom forvaltning av lover, føresegner og retningsliner kan det stillast krav til klimavennlege løysingar og reduserte uslepp i samband med lokalisering av nye byggjeområde og i samband med utbygging, ombygging og rehabilitering. Gjennom kommunale tenester og kan kommunen som eigedomsforvaltar leggje vekt på sjølv å nytte klimavenlege løysingar. Gjennom rollen som safunnsutviklar kan kommunen arbeide for at innbyggjarar, organisasjonar og næringslivet i fellesskap kan velje løysingar med låge utslepp. Arbeidsoppgåver og viktige spørsmål. For å oppnå ønska resultat av planarbeidet trengs det fokus på måten vi produserar, brukar og overfører energi på i dag, samt målretta arbeid for å finne og gjennomføre tiltak som sikrar at ein når måla som vert sette i planen. Planarbeidet vert konsentrert om følgjande hovudområde: Energibruk. Klima og miljø Lokal energiproduksjon Haldningar. Tema i planarbeidet. Utgreiing om no situasjonen Med status og utviklingstrendar for. for energibruk og klimagassutslepp. lokale energiressursar. over omfang og energibruk for viktige sektorar næringsliv. Kommunale bygg og energibruk Mål og tiltaksliste.
Visjonar For kvart fokusområde Strategiske vurderingar Handlingsplanar. SPESIELLE TEMA I PLANARBEIDET. Haldningar Finne fram til klimavennlege og energisparande løysingar ved planlegging og utforming av utbyggingsområde og transportløysingar.i kommunen Energibruk/energiproduksjon., Redusere energibruk i kommunale bygg. Gjennom planlegging og sakshandsaming av private tiltak, medverke til å redusere stasjonær energibruk i heile kommunen. Vurdere alternativ energiproduksjon. biobrensel, vind, sol, tidevassstraumar Klima, miljø. Etablere fjernvarme i Mongstadområdet. Mongstadområdet er eit nasjonalt viktig industrområde der det tett opp til området er lagt ut areal for ny uvikling. Det er viktig at dei haldningane og tankane som ligg bak staten si storsatsing på tiltak med bakgrunn i klima og miljø, og vert vidareført når det gjeld utvikling og utbygging i områda rundt Mongstad Etablere samanhengande sentralt gang og sykkelvegnett for å redusere behov for biltransport til skule, barnehagar og arbeidsplassar. Austrheim er ein småkupert kommune der avstandar mellom arbeidsplassar, skule, barnehagar og bustadområda for det mest ligg i områda 0 km og ingen stader er over 20 km. Eit godt utbygt gang og sykkelvegnet kan redusere behovet for bilbruk, betre trafikktryggleiken og gje betre helse. Etablere fjernvarme i kommunesenteret.. Tilrettelegging for meir bruk av offentleg transport. 4.0 ORGANISERING AV ARBEIDET. Oppdragsgjevar: Styringsgruppe: Prosjektgruppe: Kommunestyret Formannskapet Arne Aven Olav Mongstad Liv Kjeilen Hardy Pedersen Konsulent plansjef leiar. driftssjef politikar politikar SFE Rådgjeving Sandane
5.0 MEDVERKNAD Planprosessen følgje reglane til medverning i plan og bygningslova for medverknad. Utkast til kommunedelplan for energi og klima skal leggjast ut til offentleg høyring. 6.0 FRAMDRIFT Aktivitet Ansv. 11 09 Etablere prosjektorganisasjon SG Engasjere konsulentar. Utarbeide framlegg til AG planprogram og framdriftsplan 09 Høyring av planprogram FS Vedtak planprogram, FS 11 Planlegging PG 12 Høyring FS Formannskap FS Kommunestyret vedtak av plan KS Kunngjering av plan 01 02 03 04