BYGDEUTVIKLING I VALDRES 2011 Årsmelding Landbruksdagen, vel gjenomført under stødig leiing.
Årsmelding 2011 Bu ordninga i Valdres Valdres Natur- og Kulturpark er samarbeidsorgan for alle seks kommunane i Valdres, og omfattar Vang kommune, Vestre Slidre kommune, Øystre Slidre kommune, Nord- Aurdal kommune, Etnedal kommune og Sør- Aurdal kommune. Regionrådet for Valdres har vore samarbeidsorganet for dei seks valdreskommunane gjennom fleire tiår. I 2007 utvikla vi samarbeidet vidare, og stifta Valdres Natur- og Kulturpark. Valdres Natur- og Kulturpark er ein bygdeutviklingsregion som gjennom langsiktig merkevarebygging knytt til natur- og kulturverdiar og lokal styring skal gje auka verdiskaping og livskraft i lokalsamfunna. Gjennom dette vil Valdres ta vare på og utvikle viktige verdiar av lokal, nasjonal og internasjonal karakter, for framtidige generasjonar. 1. Bøndene i Valdres investerer for framtida Vi registrerer stor iver etter å gjennomføre investeringar i og i tilknyting til landbruksnæringa i alle valdreskommunane. Regionkonsulenten, i eit samarbeid med landbrukskontora, har rettleia svært mange omkring investeringar og tiltak elles knytt opp mot Bu ordninga. Dette har resultert i 29 søknadar. Av desse er det løyvd tilskot til 28 og avslege ein søknad. I arbeidet med sakene for 2011 fekk vi opp ei oversikt over 63 moglege saker med ei samla investeringsramme på over 70 mill. kroner. Vi frykta også dette året ei tid å måtte handsame mange saker med avslag, men i eit samarbeid med landbrukskontora fekk vi ei grei avklaring/- sortering av dei mest byggeklare og dei som like gjerne kunne starte byggearbeidet noko seinare. Ut frå den aktuelle situasjonen vil vi kunne forvente mange søknadar og i 2012. Bygdeutviklingsstyret har gjennom bygdeutviklingsprogrammet lagt ein Valdresprofil på politikken. Denne fokuserer på å støtte opp om dagens produksjon utan i for stor grad å verke strukturdrivande, sterk satsing på tilleggsnæringar og foredling, stor fokus på stølsbruk og utnytting av utmarka og vidare eit utstrekt samarbeid og satsing innafor reiselivsnæringa. Det er gledeleg å sjå at mange søkjarar vel å satse innafor desse prioriteringar og vel å synleggjera, gjennom planer for framtida, at dei er tente med å ta inn både større grad av foredling og elles nye næringar som ein viktig del av driftsopplegget.
Gjennom dei tre siste åra har søknadane styrt fokus svært mykje over på tradisjonelt landbruk. Svært mykje av tilgjengelege midlar er nytta til fornying av bygningar for husdyr. Bygdeutviklingsstyret er samde om at dette har vore ei god prioritering, fordi vi har særlege utfordringar knytt til å oppretthalde aktiviteten i husdyrhaldet i distriktet. Litt lengre fram i tid vil det vera nødvendig, på nytt å setja meir fokus på oppbygging av tilleggsnæringar, slik at vi kan utnytte tilgjengelege ressusar optimalt. Samla kostnadsramme for tiltak som er prioriterte for tilskot er kr. 31.462.300,-. Forvalta midlar er nytta slik: Inv.Tilskot Utgr. Tilrettel. Rentestøtte Tildelte midlar 2011 5.390.000 840.000 14.400.000 Omfordelte midlar tilleggstild. 2.000.000 Restmidlar frå 2010 385.000 65.000 3.831.812 Inndraging 2011 51.000 44.000 114.000 Overført mellom formål 540.000-540.000 Sum tilgjengeleg ramme 2011 6.366.000 409.000 20.345.812 Løyvd midlar 2011 6.366.000 401.000 14.534.000 Rest til overføring til 2012 0 8.000 5.811.812 Av tabellen går det fram at vi overfører ledige midlar til 2012. Vi har dette året for valta ut alle tilskotsmidlar og har ein rest renetestøttemidlar som er tilnærma samsvarande med summen av overførte midlar frå året før og ei ekstraordinær tildeling ved omfordeling av midlar for 2011. For 2011 har vi vald å måle ut rentestøttemidlar med 60 % av brutto kostnad i byggeprosjektet, og situasjonen tilseier at vi kan halde fram på same måte også i året som kjem. Det vil elles aldri vera lett å finne balansen mellom tilskotsmidlar og rentestøttemidlar, men vi kunne dette året ha delt ut meir rentestøttemidlar om vi hadde hatt tilgjengeleg ein større pott tilskotsmidlar. Fleire aktuelle søkjarar fekk tilbod om å bygge berre med tildeling av rentestøttemidlar, men ingen let seg friste til å setje i gang på dette grunnlaget. Det er framleis eit stort behov for fornying av bygningsmassen i mjølk/storfe produksjonen i distriktet. Dette er synleggjort gjennom dei prioriteringar av midlar som er utført også i 2011. Det er løyvd midlar til i alt 12 tiltak innafor denne sektoren. I småfenæringa har vi løyvd midlar til seks satsingar dette året, og det er vidare løyvd midlar til tiltak som skal stimulere fagmiljøet innan småfehaldet. Tilleggsnæringar har hatt for lite fokus også i 2011, men vi har løyvd tilskot til gode tiltak innan kjøttforedling, hest i turistnæring og marknadssamarbeid for bønder med lokal foredling. 2011 gav høve til eit særleg fokus på kurv ved at vi fekk geografisk nemning for Kurv frå Valdres. Bygdeutviklingsstyret har vektlagt å bruke midlar som kan styrke produksjonsmiljøa og medverke til rekruttering til næringa. Prosjektet Unge bønder er midt i treårs perioden og har stor tilslutning. Engasjementet her lovar bra for rekruteringa i framtida. Prosjektet er finansiert fram til 2012.
Årsmelding 2011, HOVEDTYPE Type tiltak Beløp innvilga UTGREIING MM. Tal saker innvilga Tal saker ungdom Tal saker kvinner Tal saker avslått % andel Sum 401 000 5-2 1 6 % PRAKTIKANT Sum 0 0 0 Sum ikkje bedr.rett 401 000 TILLEGGSNÆRING Andre tiltak Etablererstipend Bedriftsutvikling 290 000 2-1 -1 Generasjonsskifte Investeringstilskot 751 000 3-1 -1 Sum 1 041 000 5-2 -2 15 % TRADISJONELT JORDBRUK Andre tiltak 0 Generasjonsskifte Investeringstilskot 5 325 000 18-7 -3 Sum 5 325 000 18-7 -3 79 % SAMLA TILSKOT Bedriftsretta 6 366 000 Alle tilskot 6 767 000 28-9 -7 1 100 % RENTESTØTTE Tilleggsnæring * 2 595 000 1-1 18 % Tradisjonelt * 11 939 000 10 82 % Sum * 14 534 000 11-1 100 % * = sum lånebeløp som grunnlag for utmåling av rentestøtte framover
2. Bygdeutviklingsprogrammet Regionrådet for Valdres vedtok Bygdeutviklingsprogram Valdres 2005 2011, 19. januar 2005. Programmet kom i stand etter ein omfattande prosess i 2004. Her har svært mange i lokalmiljøet vore med i utforminga, både i politiske og faglege miljø. Programmet gjev eit samla oversyn over utviklinga i Valdreslandbruket, den lokale politikken, prioriteringar og vidare kriterium for tildeling av midlar over Bu ordninga. Elles er den sentrale Bu forskrifta referert fullt ut i programmet. Programmet er det sentrale verktyet for alle som arbeider med Bu ordninga, og ein god vegleiar for søkjarar. Vi ser elles at ulike søkjarar raskt tek opp signal frå programmet, og tilpassar forventingar i større grad i høve til dei moglegheiter vi har. Bra samsvar mellom forventingar og høve til å fylgje opp, er viktig for å kunne få fornøgde søkjarar. Fleire søkjarar kunne nok tenkt seg større tilskot til aktuelle prosjekt, men Bu ordninga har få klagesaker å vise til. Ei klagesak frå 2011 er ikkje endeleg avgjord så langt. Programmet bygger på den sentrale strategien som bar namnet Landbruk meir enn landbruk. Departementet har revidert dei nasjonale strategiane for landbruksrelatert næringsutvikling. Strategien heiter Ta landet i bruk. Her er klar fokus på ein variert bruksstruktur framfor tidlegare vektlegging av effektivisering gjennom større einingar. Vidare er det fokus på å ta i bruk ein større del av ressursgrunnlaget, og ei klar prioritering av økologisk landbruk. Mål og strategiar i Bygdeutviklingsprogram for Valdres er oppdatert, og ligg klart innanfor strategien Ta landet i bruk. Vi har gjennomført ein revisjon i 2008 med høyringsrunde / prosess i fagorganisasjonane i landbruket og i kommunane. Revidert bygdeutviklingsprogram vart teke i bruk etter vedtak i Bygdeutviklingsstyret / Valdresrådet i mars 2008. Vidare er programmet gjennomgått og mindre justeringar er gjennomført etter vedtak i Bygdeutviklingsstyret januar 2009, mars 2010 og januar 2011. Bygdeuviklingsstyret har vedteke at vil skal dra i gang prosessar omkring ein revisjon av programmet i 2012. Bygdeutviklingsprogrammet for Valdres er i dag ein sentral lekk i ei heilskapleg utvikling i Valdres som er organisert i Valdres Natur- og Kulturpark, der felles merkevarebygging for ulike næringar i området står sentralt. Det har gjennom fleire år vore arbeida bra med å få til eit minimum av lokal foredling av kjøtt og ost. Vi har særlege utfordringar med å få stabilitet i ein lokal produksjon av noko omfang. Siste hausten melder Tine om ei nedlegging av meierianlegget vårt på Fosheim. Slakteriet på Helle gav opp eit år tilbake i tid. Vi må no setja lit til at produksjonsmiljøa er så sterke at dei tek tak for å organisere på nytt. Så langt kan det sjå ut som både ValdresKvalitet BA og Valdres Matforum BA har livskraft til eit fruktbart samarbeide. Svært mange er engasjerte i kva vi kan få til av ny aktivitet ved Fosheim, etter at Tine avsluttar den tradisjonelle produksjonen i 2013.
Her er framleis grunn til å knyte store forventingar til ei felles satsing for framtida, knytt til visjonen, å bygge merkevara VALDRES, på eit felles verdigrunnlag og ein felles identitet. Det blir lagt avgjerande vekt på å skape samarbeid gjennom heile verdikjeda, og slik i fellesskap fokusere verdiar overfor marknaden som kan utløyse ei større betalingsvilje for lokal mat, lokale produkt og opplevingar. 3. Regional næringsstrategi Strategiar for landbruksrelatert næringsutvikling Oppland 2009 Strategien er utforma av FMLA og har fire sentrale delmål. Auke Oppland sin relative andel av primærproduksjonen i landbruket Auke foredlingsgraden lokalt for råvarer frå landbruket Oppretthalde antal arbeidsplassar i landbruket knytt til utvikling av ny næring Styrke arbeidet med rekruttering til landbruksnæringane. Vi vurderer det slik at vi gjennom revisjonar i bygdeutviklingsprogrammet for Valdres, ligg innanfor dei rammer og prioriteringar som er trekte opp i den sentrale strategien for Oppland. 4. Arrangement Vi har prioritert ein del tid til informasjonsarbeid også siste året. Vi har gjennomført fleire informasjonsmøte med tilsette på landbrukskontor, og elles delteke som forelesar på fleire ulike møte. 5. Organisering og styret St. melding nr. 19 (2001 2002) opnar for nye oppgåver for lokaldemokratiet. Her er opning for å sette i verk forsøk med kommunal oppgåvedifferensiering. Frå 1. januar 2004 sette Landbruks- og matdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet i gang forsøk med forvalting av bygdeutviklingsmidlar i regi av to regionråd. Eitt av desse var Regionrådet for Valdres. (i 2007 omdanna til Valdres Natur- og Kulturpark) Målet med forsøket var å legge til rette for ei forenkling og effektivisering i forvaltinga av Bu midlane. Auka brukarorientering og lokaldemokrati, og meir forpliktande interkommunalt samarbeide. Valdres Natur- og Kulturpark som har Valdresrådet som øverste organ er ansvarleg for den interkommunale Bu ordninga i Valdres, og har delegert gjennomføring til eit bygdeutviklingsstyre. Bygdeutviklingsstyret er samansett av seks ordførarar og tre næringsrepresentantar frå landbruksnæringa.
Medlemer i Bygdeutviklingsstyret i 2011: Ordførar Jan Arild Berg, leiar Ordførar Kåre Helland Ordførar Helge Halvorsen Ordførar Gro Lundby Ordførar Eivind Brenna Ordførar Knut Haalien Bondelaget, Oddleiv Juvkam avløyst av Tommy Bjørke Småbrukarlaget, Ottar Martinsen Skogeigarlaget, Olav Wangensten VNK s administrasjon omfattar dagleg leiar, kontorpersonell, to regionkonsulentar og elles prosjektstillingar. Bygdeutviklingsstyret har hatt seks styremøte i 2011 og behandla 28 styresaker og 4 søknadar. Vidare har styret fått referert 25 saker der vedtak er fatta i samsvar med delegasjonsvedtak. Arbeidsutvalet har ikkje hatt møter i 2011. 6. Evaluering I eit samarbeid med Nord Gudbrandsdal engasjerte vi våren 2007 Landbrukets Utredningskontor AS til eit oppdrag med evaluering av ordninga med lokal forvaltning av bygdeutviklingsmidlar. Evalueringa vart lagt opp med dokumentanalyse, spørjeundersøking til alle søkjarar til ordninga og vidare intervju med ei rekkje personar lokalt, på fylkesplanet og i departementet. Evalueringsrapport er gjeve i oktober 2007, og konkluderer svært positivt, med ei klar tilråding om å vidareføre ordninga. Agenda Utredning og Utvikling AS avslutta og si evaluering med sluttrapport i oktober 2007. Dei har på oppdrag frå KRD fylgd prosjektet gjennom alle åra. Rapporten konkluderer positivt og peikar m.a. på at det regionale ansvaret har fungert mobiliserande og motiverande for det lokale næringsutviklingsarbeidet og medverka til å fylle kommunens utviklingsrolle med konkret innhald. Ordninga med bygdeutviklingsmidlar er evaluert på landsplan i 2009, utan at forsøksregionane er fokuserte spesielt. 7. Tilhøvet til statlege organ Forsøket har hatt ei framdrift om lag som forventa, og vi har gjennomført seks år av ei avtala seksårig forsøksperiode. Vi har etablert eit samarbeid med Fylkesmannen sin landbruksavdeling omkring fysisk utbetaling av midlar til kundane. Vidare har vi fram til 2010 hatt eit samarbeid med teknisk avdeling hjå fylkesmannen omkring utføring og vurdering av teikningar, kostnadsoverslag og sluttgodkjenning av større byggeprosjekt. Frå 2010 har vi lagt nye rutinar på dette området, vesentleg ved hjelp av lokale ressursar, men og i eit samarbeid med Norsk Landbruksrådgjeving.
Vi har elles jamleg kontakt med LMD, der vi får høve til å orientere omkring framdrift i prosjektet, og dei utfordringar vi står framom. I 2011 har vi hatt fleire møte med adm. og pol. leiing ved departementet. I 2007 søkte vi KRD og LMD om ei forlenging av prosjektet for to nye år. Dette vart innvilga ved at departementet samtidig synte til forvaltingsreforma frå 2010. Reforma overfører ansvar for utvikling og revidering av regional næringsstrategi og bygdeutviklingsmidlar til tilretteleggingstiltak til dei nye regionane. Departementet meinte at forsøket kunne gje verdfulle innspel til korleis dei nye regionane ville løyse det ansvaret dei vart til del etter forvaltningsreforma. Det har frå mange hald vore arbeidd for å få lokal forvalting av bygdeutviklingsmidlar opp på den politiske dagsorden. Ordninga vart omtala både i Ot. prp 10 (2008-2009) og i St. melding nr. 25 (2008-2009). LMD konkluderte med at Fylkesmannen med bakgrunn i BU forskrifta fekk fullmakt til å delegere myndigheit til Valdres og Nord-Gudbrandsdalen tilsvarande den myndigheit regionane hadde fram til 2009, med omsyn til lokal forvalting av Bu midlar for 2010 og LMD forlenga ordninga ut 2011 ved å syne til vurderingar knytt til arbeidet med ny landbruksmelding til stortinget i 2011. I pressemelding 17.august 2011 melder LMD at kommunane i Nord Gudbrandsdal og Valdres får, på permanent basis, overta ansvaret for forvaltninga av bygdeutviklingsmidlar over jordbruksavtalen. Vi må seie oss svært nøgde med dette utfallet og ser at dette opnar for eit utvida engasjement i og for bygdenæringane i Valdres. Fagernes 30.november 2011 Med helsing Bygdeutviklingsstyret i Valdres Jan Arild Berg,ordfører styreleiar Aslag Hamre, Regionkonsulent
Liv- dagane i juni. Kurven i fokus 2011
Årets beste kurv i Valdres. 2011 Beskytta geografisk nemning, kurv frå Valdres. 2011
Årsmelding 2011, 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 HOVEDTYPE Type tiltak % % % % % % % % andel andel andel andel andel andel andel andel UTGREIING MM. Sum 6 % 14 % 8 % 4 % 17 % 8 % 13 % 18 % PRAKTIKANT Sum 1 % 2 % 1 % Sum ikkje bedr.rett TILLEGGSNÆRING Andre tiltak Etablererstipend Bedriftsutvikling Generasjonsskifte Investeringstilskot Sum 15 % 5 % 11 % 30 % 38 % 36 % 29 % 37 % TRADISJONELT JORDBRUK Andre tiltak Generasjonsskifte Investeringstilskot Sum 79 % 81 % 81 % 66 % 44 % 54 % 57 % 45 % SAMLA TILSKOT Bedriftsretta Alle tilskot 100 % 100 % 100 % 100 % 100 % 100 % 100 % 100 % RENTESTØTTE Tilleggsnæring * 18 % 0 % 10 % 27 % 38 % 21 % 14 % 20 % Tradisjonelt * 82 % 100 % 90 % 73 % 62 % 79 % 86 % 80 % Sum * 100 % 100 % 100 % 100 % 100 % 100 % 100 % 100 % * Låneramme
Liv- dagane juni. 2011 Liv- dagane juni. 2011 Landbruksprisen 2011, Ingrid og Harald
Liv- dagane juni. 2011 Liv- dagane juni. 2011 Line Holar Onstad byr på smakfulle produkt frå naturen. Foto: Jan Askildsen