Møteprotokoll Utval: Kontrollutvalet Møtestad: Møterom 100, Fylkeshuset, Molde Dato: 03.10.2012 Tid: 10:30 Protokoll nr: 6/12 Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Knut Anders Oskarson Leiar H Ann Kristin Sørvik Nestleiar SP Trond Hansen Riise Medlem V Per Helge Nordstrand Medlem SL/TVP Rolf Bergmann Medlem FRP Frå administrasjonen møtte: Namn Magne Vinje (sak Ko-34/12) Stig Helle-Tautra (sak Ko- 34/12) Tone Brunvoll (sak Ko-34/12) Erik Viken (sakene Ko-37 og 38/12) Finn Åge Ødegård Tonje Skarvøy Stene Sekretariat: Namn Hans Blø Stilling Ass. samferdselssjef Rådgivar, samferdselsavdelinga Seniorrådgivar, Statens Vegvesen Nestleiar, byggje- og vedlikehaldsseksjonen Fylkesrevisjonssjef Rådgivar, fylkesrevisjonen Stilling Kontrollsjef Leiaren sette møtet. Det var ikkje merknader til innkalling og sakliste, som vart godkjende. Fylkesrevisjonssjefen bad om å få drøfte ei sak med kontrollutvalet, og kontrollsjefen bad om dersom det vart tid, at deltakarane på konferansen for kontrollutval i Surnadal 4. 6. sept. og studieturen til Brussel 22. 26. sept. gav ei evaluering av arrangementa. Medlemene hadde ikkje merknader til at desse ønska vart tatt opp på slutten av møtet. Det var ikkje kome merknader til protokollen frå møtet den 4. sept. 2012, og den vart godkjend. Følgjande saker vart behandla: Saksnr Innhald Uoff KO-34/12 Forvaltningsrevisjonsrapport nr 3/2012: Mindreforbruket av budsjetterte midlar innan vegformål.
KO-35/12 Kontrollutvalet - val av prosjekt for forvaltningsrevisjon i 2013 KO-36/12 Melding om gjennomsyn av fylkesutvalet og klagenemnda sine møtebøker for 1. halvår 2012. KO-37/12 K901 Kristiansund vgs, bygg 03 - byggerekneskap, revisors fråsegn KO-38/12 K101 Gjermundnes vgs - opprusting fase 2 - byggerekneskap, revisors fråsegn KO-39/12 Ny prosjektskisse, forvaltningsrevisjonsprosjektet "Spesialundervisning innan vidaregåande opplæring" KO-40/12 Økonomirapport pr 31.08.12 for Sentrale kontrollorgan RS-2/12 Finansrapport pr 31.08.12 2 KO 34-12 Forvaltningsrevisjonsrapport nr 3/2012: Mindreforbruket av budsjetterte midlar innan vegformål. Ass. samferdselssjef Magne Vinje og rådgivar Stig Helle-Tautra, samferdselsavdelinga, samt seniorrådgivar Tone Brunvoll, Statens Vegvesen, kom til møtet. Rådgivar Tonje Skarvøy Stene gjorde merksam på at funna i rapporten stort sett relaterte seg til året 2011. Representantane frå samferdselsavdelinga og Statens Vegvesen svara på spørsmål frå medlemene. Medlemene vart samde om å fremje følgjande fellesframlegg i tillegg til tilrådinga: Fylkestinget ber administrasjonen vurdere å knytte til seg flere eksterne planmiljø for å øke plankapasiteten på vegområdet. Tilrådinga og fellesframlegget vart samrøystes tilrådd. Fylkestinget tar rapporten Mindreforbruket av budsjetterte midlar innan vegformål til vitande, og ber om at anbefalingane i rapporten blir følgde opp. Fylkestinget ber administrasjonen vurdere å knytte til seg fleire eksterne planmiljø for å auke plankapasiteten på vegområdet. KO 37-12 K901 Kristiansund vgs bygg 03 - byggerekneskap, revisors fråsegn Nestleiar Erik Viken, byggje- og vedlikehaldsseksjonen, kom til møtet. Han orienterte om prosjektet og svara på spørsmål frå medlemene. Tilrådinga vart samrøystes tilrådd.
Fylkestinget godkjenner byggerekneskapen for K901 Kristiansund vgs bygg 03 med eit mindreforbruk på kr 93.239,75, jf. elles fylkesrevisjonens fråsegn av 14. sept. 2012. 3 KO 38-12 K101 Gjermundnes vgs - opprusting fase 2 - byggerekneskap, revisors fråsegn Nestleiar Erik Viken, byggje- og vedlikehaldsseksjonen, var til stades ved behandlinga av saka og orienterte om prosjektet. Tilrådinga vart samrøystes tilrådd. Fylkestinget godkjenner byggerekneskapen for K101 Gjermundnes vgs opprusting fase 2 (Bygg A adm./teoribygget) med eit meirforbruk på kr 4.126,00, jf. elles fylkesrevisjonens fråsegn av 14. sept. 2012. KO 39-12 Ny prosjektskisse, forvaltningsrevisjonsprosjektet "Spesialundervisning innan vidaregåande opplæring" Frå KPMG møtte manager Kari Hesjedal og manager Øyvind Støle. Hesjedal presenterte prosjektskissa. Medlemmene kommenterte forslaget og kom med innspel. Tidsfristen for levering av rapporten vart det semje om skal vere seinast om morgonen den 19. nov, noko kontrollsjefen foreslo vart presisert i vedtaket. Kontrollutvalet sluttar seg til prosjektskissa for prosjektet Spesialundervisning innan vidaregåande opplæring i samsvar med KPMG sitt forslag, men med frist for levering av rapporten seinast om morgonen den 19. nov. KO 35-12 Kontrollutvalet - val av prosjekt for forvaltningsrevisjon i 2013 Fylkestinget sluttar seg til kontrollutvalets forslag til prosjekt innan forvaltningsrevisjon i 2013, med desse prosjekta: Tilskottsforvaltninga innan kulturområdet og næringsområdet. Administrativ organisering og styring, leiing og kompetanse i sentraladministrasjonen, og intern kontroll. Gjennomføringsgraden innan vidaregåande opplæring, handtering av fråfallsproblematikk samt oppfølgingstenestas medverknad. Reiselivsnæringa utfordringar og fylkeskommunens medverknad, resultat og effekt.
4 Reserveprosjekt: Klima- og miljøsatsinga, kva gjer fylkeskommunen, kva blir oppnådd og ev. kva kan gjerast betre? Tannhelsetenesta dekningsgraden for prioriterte grupper. Kontrollutvalet får fullmakt til å prioritere rekkefølgja mellom prosjekta, og ta nærare avgjerd om utforming og gjennomføring, ev. iverksetting av reserveprosjekt. KO 36-12 Melding om gjennomsyn av fylkesutvalet og klagenemnda sine møtebøker for 1. halvår 2012. 1. Kontrollutvalet tar meldinga om gjennomsynet av fylkesutvalet si møtebok for 1. halvår 2012 til vitande. 2. Kontrollutvalet tar meldinga om gjennomsynet av klagenemnda si møtebok for 1. halvår 2012 til vitande. KO 40-12 Økonomirapport pr 31.08.12 for Sentrale kontrollorgan Økonomirapporten pr 31. august d.å. for Sentrale kontrollorgan blir tatt til orientering. RS 2-12 Finansrapport pr 31.08.12 Fylkesrevisjonssjefen orienterte om innskots- og gjeldsporteføljen, og presenterte nokre nøkkeltal i gjeldsutviklinga. Finansrapporten pr 31.08.12 vart tatt til orientering. Orienteringssaker Fylkesrevisjonssjefen orienterte om at han har fått førespurnad frå Høgskolen i Molde om å førelese i faget offentleg rekneskap, om lag 30 timar pr år, og spurde om kontrollutvalet hadde merknader til at han tok på seg oppdraget. Medlemene hadde ikkje merknader til dette. På oppmoding frå kontrollsjefen gav medlemene som var deltakarar på konferansen for kontrollutval i Surnadal den 4. 6. sept. og på studieturen til Brussel den 22. 26. sept., tilbakemelding om sine inntrykk av arrangementa. Møtet slutt kl. 14.45.
5