Flora kommune Foto: Dieter Schneider Utsikt ved Flora omsorgsenter OMSORGSPLAN 2010-2015 1



Like dokumenter
Utviklingsprosjekt ved Nordfjord sjukehus

HØRINGSNOTAT OM FORSLAG TIL FORSKRIFT OM RETT TIL FAST OPPHALD I SJUKEHEIM KRITERIAR OG VENTELISTE, FJALER KOMMUNE

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

Lovendring om rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

BRUKARSTYRT PERSONLEG ASSISTENT

1. Mål med samhandlingsreforma

St.meld. nr. 47 ( ) Samhandlingsreforma. Rett behandling på rett sted til rett tid

Kva rører seg Velferdsteknologiprosjektet vert vidareført

Faktaopplysningar Helse og omsorg per

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

Forslag til forskrift

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

FORSKRIFT OM TILDELING AV LANGTIDSOPPHALD I SJUKEHEIM, ELLER TILSVARANDE BUSTAD SÆRSKILD TILRETTELAGD FOR HEILDØGNS TENESTER, KRITERIUM OG

Forslag til forskrift om rett til opphald i sjukeheim - kriterie og venteliste

Saksprotokoll. Tittel: Saksprotokoll - Tenestetilbod pleie og omsorg Arkivsak: 16/500

TILDELING AV HELSE-OG OMSORGSTENESTER.

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Fastsatt av kommunalsjefen for helse, sosial og omsorg Retningslinje for tildeling av omsorgsbustad og omsorgsbustad pluss

Vinje kommune. Forskrift om. tildeling av langtidsopphald ved Vinje sjukeheim. eller. tilsvarande bustad særskilt tilrettelagd for heildøgns tenestar,

Lokal forskrift for tildeling av langtidsopphold i sjukeheim eller tilsvarande bustad, i Fitjar kommune.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte Det er med bakgrunn i

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

STYRINGSDOKUMENT FOR FRAMTIDAS OMSORGSTENESTER ÅR Utval Saksnr Møtedato Saksbehandlar Utval for helse-, oppvekst- og 045/

Øyriket i vest Samhandlingsreforma i praksis Presentasjon for Eldrerådskonferansen i Hordaland

Saksnr. Utval Møtedato 010/14 Kommuneplannemnda

SØKNAD OM HJELPETILTAK FOR BORN OG UNGE 0-18 ÅR.

FORSKRIFT OM TILDELING AV LANGTIDSOPPHALD I SJUKEHEIM ELLER TILSVARANDE BUSTAD SÆRLEG TILRETTELAGT FOR HEILDØGNSTENESTER

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Handlingsprogram 2015

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Saksprotokoll. Kommunestyret Sak: 28 / 16. Ge ir Paulsen gjekk frå som ugild, då har er gift med leiar i sjukeheimstenesta kommunen.

TENESTESTANDARD LANGTIDSOPPHALD I SJUKEHEIM

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

BREMAN GER KOMMUNE Sakspapir

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester kriterier og ventelister

TENESTESTANDARD KORTTIDSOPPHALD I SJUKEHEIM

MØTEINNKALLING. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1.

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 015/17 Levekårsutvalet PS

Føretak for framtida. Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde

Saksnr. utval Utval Møtedato 011/17 Rådet for eldre og funksjonshemma /17 Helse- og sosialutvalet

Framtidige behov for hjelpemiddel

Å sende pasienten ut til heimen (frå sjukehus) Kan det verkeleg gå bra?? Jan Helge Dale Kommuneoverlege Flora kommune

Felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne

Saksnr Utval Møtedato

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 037/15 Bystyret PS /15 Plan- og Miljøutvalet PS

Tenesteavtale 5. mellom. Kvinnherad kommune. Helse Fonna HF

Søknad om tenester frå pleie- og omsorgsavdelingane i Eid kommune

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 11/2019 Levekårsutvalet PS /2019 Kommunestyret PS

Status og erfaringar i arbeidet med samhandlingsreforma

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

SAKSPROTOKOLL. Sakshandsamar: OMR Arkivsaknr: 2012/5 Arkiv: 143

Helse Førde. Kompetanse og rekruttering. Næringsreise

NORDFJORDRÅDET HOVUDUTSKRIFT

Mestring og deltaking heile livet

Tenesteavtale5. Mellom Tysvær kommune og Helse Fonna HF. Ansvars- og oppgåvefordeling ved opphald i, og utskriving av

2 av 10 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/ /612 Faste saker 002/ /436 Uttale frå eldrerådet p

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

Prosess: Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: Org.nr.

Fleire eldre- langsiktig planlegging

Ikkje offentleg Jf.off.lova 13, fvl 13 SØKNADSSKJEMA OM PLEIE OG OMSORGSTENESTER 1. Søknad om. Personleg assistent

FLORA KOMMUNE KJØP AV FLORØ SJUKEHUS

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

Lønnsundersøkinga for 2014

Statistikk for helse og omsorg i Sunnfjord kommune

Samhandlingsreformen

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Pasientens helseteneste

HORDALANDD. Utarbeidd av

INFORMASJON OM HEIMETENESTER I FUSA KOMMUNE

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE OG OMSORG PLANPROGRAM SIST REVIDERT VARSEL OM OPPSTART

Høyring - Verksemdsmessig utviklingsplan for Helse Førde

bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen)

Fastsatt av kommunalsjef helse og omsorg Retningslinje for tildeling av dagplass

Molde og omegn lokallag av LOP Referat fra medlemsmøte onsdag 16.mars 2016

Visjonsdokument for eit forsterka omsorgstun i Granvin

BEHANDLING I KOMMUNALT RÅD FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE

Torsdag 23. Januar, Flora Samfunnshus

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Samhandlingsreforma bakgrunn, målsetting og tiltak. Foredrag på Fagpolitisk konferanse for ergoterapeutar Molde, 11. november 2009

Notat/ status til prosjekteigar frå administrativ arbeidsgruppe

Rådet for funksjonshemma Leikanger Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

Utviklingsprosjekt: Nasjonalt topplederprogram, kull 10. Mona Ryste. Kompetanseløftet på rehabilitering av hjerneslag på Søre Sunnmøre

Prosjektrådmann Nye Kinn kommune

Transkript:

Flora kommune Foto: Dieter Schneider Utsikt ved Flora omsorgsenter OMSORGSPLAN 2010-2015 1

Innhald: 1 Mandat og tilråding... 4 1.1 Mandat... 4 1.2 Tilråding... 5 2 Statlege føringar for omsorgstenestene... 6 2.1 Lovkrav... 6 2.2 Stortingsmeldingar... 6 2.2.1 Framtidas omsorgsutfordringar... 6 2.2.2 Samhandlingsreform... 7 3 Faktagrunnlag for vurdering av behov for omsorgs- tenester... 9 3.1 Utvikling i folketal og alder som grunnlag for omsorgsbehov... 9 3.2 Endring i sjukdomsbilete som grunnlag for omsorgsbehov... 11 3.2.1 Endring i tal personar med demens... 11 3.2.2 Endring i tal personar med psykisk utviklingshemming... 12 3.3 Endring som følgje av ny arbeidsfordeling mellom tenestenivå... 12 3.4 Brukaroversikt og brukarane si vurdering av tenestene.... 12 3.4.1 Brukaroversikt... 12 3.4.2 Brukar- og pårørandeundersøking... 14 4 Vurdering av omsorgstenestene i Flora... 15 4.1 Omsorgstrappa som grunnlag for vurdering av tenester... 15 4.2 Langtidsplassar og korttidsplassar i institusjon... 17 4.3 Bustader. Bu- og aktivitetssentra... 19 4.4 Rehabilitering... 22 4.5 Heimetenester... 23 4.5.1 Heimesjukepleie... 24 4.5.2 Praktisk bistand.... 25 4.5.3 Dagtilbod... 29 4.5.4 Avlastningstilbod, støttekontakt og omsorgsløn... 30 4.5.5 Andre heimetenester... 33 4.7 Bemanning, kompetanse og rekruttering... 36 4.7.1 Bemanning.... 36 4.7.2 Rekruttering... 41 4.7.3 Kompetanseutvikling... 44 4.8 Organisering, styring og ressursfordeling.... 45 Kapittel 5 Handlingsprogram 2010-2015... 52 5.1 Mål og prinsipp for tenesteutvikling i perioden... 52 5.1.1 Overordna mål... 52 5.1.2 Prinsipp for tenesteutvikling... 52 5.2 Institusjonsplassar... 53 5.3 Bustader. Bu - og aktivitetsentra... 53 5.4 Helsehus, førebygging og rehabilitering... 54 5.4.1 Helsehus... 54 5.4.2 Førebygging... 54 5.4.3 Rehabilitering... 54 5.4.4 Medisinsk fagleg kompetanse... 55 5.5 Heimetenester... 55 5.5.1 Heimesjukepleie/praktisk bistand/praktisk bistand-opplæring... 55 5.5.2 Dagtilbod... 55 5.5.3 Avlastningstilbod og støttekontakt... 56 2

5.5.4 Brukerstyrt personleg assistent og omsorgsløn... 56 5.6 Kompetanse, bemanning og rekruttering... 56 5.6.1 Kompetanse... 56 5.6.2 Rekruttering... 56 5.6.3 Bemanning... 57 5.7 Organisering, styring og ressursfordeling... 57 5.8 Økonomiske konsekvensar av handlingsprogram... 58 5.8.1 Driftskonsekvensar... 58 5.8.2 Investeringskonsekvensar... 58 Vedlegg: 1. Utgreiing om ulike eigarformer for omsorgsbustader 2. Samandrag av eksternt utarbeidde rapportar om omsorgstenestene 3. Beskrivelse av tenesteeiningane i omsorgstenesta 3

1 Mandat og tilråding 1.1 Mandat Flora bystyre vedtok i sak 10/07 slikt mandat til plangruppa for utarbeiding av Plan for omsorgstenester: Plangruppa skal greie ut og tilrå lokalisering og fysiske løysingar for behovsdekking til ulike grupper med trong for differansierte omsorgstenester med grunnlag i oppdatert behovskartlegging og folketalsframskriving. Plangruppa får fullmakt til å engasjere naudsynt arkitekthjelp i arbeidet knytt til fysisk kapasitetsutviding. Planen skal synleggjere ulike eigarformer, driftsmessige og økonomiske konsekvensar. Planen skal ta omsyn til nasjonale føringar i Stortingsmelding nr 25 (2005-2006), bustadsosial handlingsplan for Flora kommune og andre relevante plandokument og vedtak i bystyret. Planarbeidet vart starta opp i 2007 og statusrapport lagt fram. Det vart då beslutta å utsette planarbeidet og gjennomføre prosjekt på utvalte delar av tematikken Omsorgsprosjektet. I november 2008 vedtok bystyret i sak 147/08 å sluttføre arbeidet med omsorgsplan og justerte plangruppa. Denne har vore samansett slik: Mona Ødegård Standal, Helse og sosialutvalet. Stein Kvalsund, Helse og sosialutvalet. Gunnar Frøland, Kommunalsjef. Eli Østerbø, Fagforbundet. Målfrid Angell Jackobsen, Eldrerådet. Anita Norstrand, Tenesteleiar fysio/ergo avdelinga. Randi Solheim, Tenesteleiar Flora omsorgssenter. Vidar Vårdal. KF Bustad og Eigedom I tillegg har følgjande møtt som observatørar med talerett: Anette Barlund/Nina Helgheim, Sjukepleieforbundet Evy Bjørnseth, Tenesteleiar Furuhaugane bu- og servicesenter Jostein Midtbø, Eldrerådet I desember 2008 vedtok bystyret i sak 198/08 følgjande: Det vert starta opp planarbeid for bygningsmessig kapasitetsauke i omsorgssektoren. Det vert sett av kr. 300 000 av investeringsmidlane til dette. Bystyret ber om at det vert fokusert på kompetanseutvikling innan omsorgstenestene og at det i arbeidet med kompetanseutviklingsplan vert tatt høgde for dette. Det må satsast særskilt på psykriatri/demens, kreft/lindrande behandling og pleie og omsorg for akutt/kritisk sjuke eldre. Flora bystyre bed Rådmannen legge fram ei oversikt over trongen for stillingsauke i 4

omsorgssektoren, i høve den noverande, og framtidige situasjonen i eldreomsorga. Ein bed også om ei oversikt over tal tilsette som ynskjer å auke stillingsprosenten sin, og kva dette samla sett vil utgjere i lønskostnader og årsverk. Bystyret bed om at dette vert lagt fram for Helse og Sosialutvalet innan 1. mai 2009. Plangruppa har i arbeidet med omsorgsplan teke omsyn til dei ulike vedtaka som er gjort i 2007 og 2008 og prøvt å gje eit samla svar på problemstillingane i dette planarbeidet. 1.2 Tilråding Plannemnda for omsorgstenester tilrår at framlegget til Omsorgsplan 2010-2015 vert gjeldande som kommunedelplan for Omsorg. Planen sitt handlingsprogram vert retningsgjevande for økonomiplan og budsjett og handlingsprogram for planperioden. Vedtak: BYST-152/09 VEDTAK: 1. Flora bystyre vedtek pkt. 5.1 Mål og prinsipp for tenesteutvikling i planperioden 2. Flora bystyre vedtek pkt. 5.6 Kompetanse, bemanning og rekruttering. Økonomiske konsekvensar vert å kome tilbake til i årsbudsjetta for kvart år i planperioden. 3. Flora bystyre vedtek organisasjonsmodellen som fleirtalet tilrår i planframlegget jmf. Pkt. 5.7 Organisering, styring og ressursfordeling. Rådmannen avgjer tal avdelingar, oppgåver for avdelingane og leiarressurs. Når resten av omsorgsplanen skal godkjennast føreset ein at plannemnda gjev bystyret råd. BYST-042/10 VEDTAK: 1. Flora bystyre vedtek pkt. 5.2 Institusjonsplassar, med dei endringar som er foreslått av plannemnd. 2. Flora bystyre vedtek pkt. 5.3 Bustader,bu - og aktivitetsentra, med dei endringar som er foreslått av plannemnd. Gjennomføringstidspunkt vert justert i samsvar med vedteken økonomiplan. 3. Flora bystyre vedtek pkt. 5.4 Helsehus, førebygging og rehabilitering, med dei endringar som er foreslått av plannemnd. 4. Flora bystyre vedtek pkt. 5.5 Heimetenester, med dei endringar som er foreslått av plannemnd. 5. Dei økonomiske konsekvensane av tiltaka som er foreslått er til viss grad utgreidd i planarbeidet. Før tiltaka vert iverksett må dei økonomiske konsekvensane kvalitetssikrast og vedtakast som del av årleg budsjetthandsaming 6. Formannskapet får fullmakt til å ta stilling til saka om avlastning. 5

2 Statlege føringar for omsorgstenestene 2.1 Lovkrav Kommunen sine lovmessige forpliktingar til å yte omsorgstenester er i hovudsak nedfelt i sosialtenestelova og i kommunehelsetenestelova med tilhøyrande føresegner. Kommunen må også oppfylle krava i ei eiga kvalitetsføresegn som er heimla i begge desse lovene. Tildeling av omsorgstilbod er enkeltvedtak etter reglane i forvaltningslova med tilhøyrande formkrav til sakshandsaming og klagehandsaming. 2.2 Stortingsmeldingar Stortingsmeldingane Framtidas omsorgsutfordringar frå 2005-06 og Samhandlingsreforma frå 2009 gjev viktige føringar for utvikling av omsorgstenestene framover. Hovudpunkt frå desse meldingane vert her omtala. 2.2.1 Framtidas omsorgsutfordringar Denne stortingsmeldinga inneheld 3 delplanar: Omsorgsplan 2015, Kompetanseløftet 2015 og Demensplan 2015. Omsorgsplan 2015 Nye brukargrupper: Sterk vekst i yngre brukarar med nedsett funksjonsevne og eit større spekter av helsemessige og sosiale problem, krev anna fagleg kompetanse og eit heilskapleg livsløpsperspektiv på omsorgstilbodet. Aldring: Behovsvekst som følgje av eit aukande tal eldre, krev etter kvart utbygging av kapasitet og auka kompetanse på aldring, med spesielt fokus på demens og samansette lidingar. Omfanget av denne utfordringa må likevel sjåast i lys av at den nye eldregenerasjonen har betre helse og meir ressursar i form av høgare utdanning og betre økonomi å møte alderdommen med. Knappheit på omsorgsytarar: Som følgje av endringar i alderssamansetnaden i befolkninga skjer det inga vesentleg auke i tilgangen på arbeidskraft og potensielle frivillige omsorgsytarar. Ein stabil familieomsorg inneberer at det offentlege må ta heile den forventa behovsveksten, der den lokalt forankra omsorgstenesta har eit tettare sampel med familie, frivillige og lokalsamfunn. Medisinsk oppfølging: Det er behov for ei betre medisinsk og tverrfagleg oppfølging av mottakarar av heimetenester, bebuarar i omsorgsbustad og i sjukeheim. Dette gjeld særskilt menneske med kroniske og samansette lidingar, demens, psykiske problem og andre med trong for koordinerte tenestetilbod frå både spesialisthelsetenesta og den kommunale helse- og sosialstenesta. Aktiv omsorg: Dei fleste undersøkingar peikar på hjelp i daglegliv; måltid, aktivitetar, sosiale og kulturelle forhold som svake punkt i dagens omsorgstilbod. Dette krev større fagleg bredde med plass til fleire yrkesgrupper slik at omsorgstilbodet dekkjer psykososiale behov og kan gjevast ein meir aktiv profil. 6

Kompetanseløftet 2015 Med bakgrunn i den kommunale helse- og omsorgstenestas personellutfordringar er det utarbeida ein ny kompetanse- og rekrutteringsplan, Kompetanseløftet. Planen er ein del av Omsorgsplan 2015. Formålet med Kompetanseløftet er knytt til stortingsmeldingas strategi om kapasitetsvekst og kompetanseheving. Demensplan 2015 Demensplan 2015 løfter fram 3 hovudsaker; Betre tilrettelagde butilbod, utbygging av dagaktivitetstilbod og auka kunnskap og kompetanse. Helse og omsorgsdirektoratet forventar at kommunane startar utbygging av dagtilbod for menneske med demens i 2009, som det er lagt økonomisk til rette for gjennom den føreslåtte veksten i kommunanes frie inntekter. (jf. St. prp. Nr. 1. (2008-2009) 2.2.2 Samhandlingsreform I denne stortingsmeldinga som vart lagt fram i juni 2009 vert det skissert følgjande hovudutfordingar og grep for å takle desse: Hovudutfordringar: 1. Pasientane sitt behov for koordinerte tenester vert ikkje svart på godt nok fragmenterte tenester. 2. Tenestene vert prega av for liten innsats for å avgrense og førebygge sjukdom 3. Demografisk utvikling og endring i sjukdomsbildet gir utfordringar som vil kunne true samfunnet si økonomiske bæreevne. Hovedgrep for å takle utfordringane: 1. Klårare pasientrolle: Pasientmedverknad, heilskaplege pasientforløp, 1 person som kontaktpunkt ved koordinerte tenester. 2. Ny framtidig kommunerolle: Auke innsats/ansvar på førebygging og innsats i sjukdomsutviklinga sine tidlige fasar og kroniske sjukdommar. Vekst i behov for helsetenester skal i størst mogeleg grad løysast i kommunane Heilskapleg tenking - førebygging, tidleg intervensjon, tidleg diagnostikk, behandling og oppfølging innafor beste effektive omsorgs nivå (BEON). Forhindre sjukdomsutvikling og auke den enkelte si meistringsevne. Aktuelle oppgåver som kan bli lagt til kommunane (etter stortinget si behandling av meldinga): Tilbod før, i staden for og etter sjukehusopphald som: Døgnplasser for observasjon, Etterbehandling, Lindrande behandling, Rehabilitering, Habilitering Tverrfaglege team, ambulante team (veiledning spes.helseten) for; Diabetes, Kols, Rehabilitering, Habilitering, Demens, Lindrande behandling, Psykisk helse, Rus Lærings- og meistringstilbod og eigenbehandling Administrasjons- og systemarbeid; Helseovervaking, Folkehelsearbeid med vekt på samfunnsmedisinske oppgåver, Arbeid med avtalar 7

3. Etablering av økonomiske insentiv: Kommunane skal stimulerast til å vurdere om det kan oppnåast betre helseeffektar gjennom anna bruk av ressursane som rettare bruk av sjukehusa. 1. Kommunal medfinansiering av spesialisthelsetenesta 2. Kommunalt økonomisk ansvar for utskrivingsklare pasientar Spesialisthelsetenesta skal utviklast slik at den i større grad kan bruke sin spesialiserte kompetanse: 1. Riktigare oppgåvefordeling mellom kommunehelsetenesten og spesialisthelsetenesten slik at spesialisthelsetenesten kan konsentrere seg om oppgåver der dei har sitt fortrinn- dei spesialiserte helsetenestene. 2. Sterkare søkelys på heilhetlige pasientløp gjer det lettare for pasientane å finne fram til den aktuelle kompetansen. Nasjonal helseplan skal legge tilrette for tydelegare og meir heilskapleg prioritering innafor dei samla helse- og omsorgstenester. Dersom stortingsmeldinga vert vedteken vil endringane gjelde frå og med 2012. 8

3 Faktagrunnlag for vurdering av behov for omsorgstenester 3.1 Utvikling i folketal og alder som grunnlag for omsorgsbehov Folketalsframskrivingar og demografi er faktorar som påverkar etterspørselen av omsorgstenester. Figur 1: Framskriving folketal for aldersgruppa 67+ (Kjelde:SSB) 20 % av innbyggjar som er over 67 år 18 16 Flora Sogn og fjordane 14 Landet 12 10 2006 2010 2015 2020 2025 Tala viser at den eldre del av befolkninga vil stige kraftig fram mot 2030 for heile landet, fylket og i Flora kommune. Befolkninga i kommunen er likevel relativt ung i høve fylkesgjennomsnitt og yngre enn landsgjennomsnittet fram til 2025. Figur 2: Framskriving aldersgrupper 67-79 og 80+ i Flora Kommune fram til 2030 Framskriding to grupper i Flora kommune 3000 2500 2000 1500 Alle 67-79 Alle 80+ 1000 500 0 2009 2010 2015 2020 2025 2030 9

Figur 2 syner at det samla sett vert ein stor auke i tal eldre over 67 år i perioden 2009-2030. Tabell 1: Framskriving eldre aldersgrupper i 5- årsklassar i Flora Kommune fram til 2030 Begge kjønn 2008 2010 2015 2020 2025 2030 65-69 år 407 464 596 672 744 744 70-74 år 340 339 430 557 633 705 75-79 år 290 314 304 386 502 577 80-84 år 241 217 248 248 317 419 85-89 år 158 159 143 165 171 225 90+ 75 83 97 96 106 120 Sum 65-79 1037 1117 1330 1615 1879 2026 Sum 80+ 474 459 488 509 594 764 Sum 65+ 1511 1576 1818 2124 2473 2790 Tabellen syner at auken i tal eldre fram mot 2015 vil vere moderat. For planperioden fram til 2015 viser tala ein auke med 307 personar over 65 år. Det er likevel verdt å merke seg at veksten i gruppa over 80 år, som er dei med størst forbruk av omsorgstenester, berre endrar seg med 14 personar frå 2008 til 2015. Gruppa 65-79 aukar i same periode med 293 personar. Veksten i gruppa eldre i denne perioden er såleis i hovudsak knytta til gruppa yngre eldre. Vidare utover ser ein at utviklinga i perioden 2015-20 framleis vil vere moderat. Aldersgruppa 65+ vil auke med 306 personar, og av desse vil 21 vere over 80 år. Total auke for 80+ vil i perioden 2008-2020 vere 35 personar. Framskrivinga for perioden 2020-2030 syner ein stor auke i tal eldre over 80 år. For heile perioden er talet 255 mot 35 i perioden 2008-2020. Denne framskrivinga syner at den store utfordringa i høve omsorgsbehov relatert til alder først kjem frå 2020 i Flora kommune. Dette kan illustrerast med at det i Omsorgsmelding 2015 vert brukt ein dekningsgrad for institusjonsplassar på 18,5% av eldre over 80 år. Med ein auke på 35 personar i perioden 2008-2020 vert behovet for auke i institusjonsplassar 6, medan det for perioden 2020-2030 vert behov for ein auke på 47 plassar. Utgangspunkt for 18,5% er landsgjennomsnitt i 2007. Framskriving av tal frå Omsorgsmelding 2015 i høve ulike typar tiltak i prosent av befolkning over 80 år gjev følgjande resultat: Tabell 2: Dekningsgrad sjukeheim: 18,5% Omsorgsbustad/aldersheim: 14% Kategori 2008 2010 2015 2020 2025 2030 Total 80+ i Flora 474 459 488 509 594 764 Institusjonsplassar 88 85 90 94 110 141 Omsorgsbustader 66 64 68 71 83 107 Status for omsorgstenesta i Flora kommune i 2009 er at ein har 85 sjukeheimsplassar i faktisk drift ( planlagt 66), og 67 omsorgsbustader. Den faktiske dekningsgraden i dag er såleis svært nær landsgjennomsnittet for både institusjonsplassar og omsorgsbustader. 10

3.2 Endring i sjukdomsbilete som grunnlag for omsorgsbehov 3.2.1 Endring i tal personar med demens I Demensplan 2015 vert det vist til at nasjonal forsking syner at 0,9% i aldersgruppa 65-69 år har demens og at dette aukar til 17,6% ved 80-84 år og til 40,7% ved 90 +. Dersom ein koplar dette med folketalsframskriving for dei aktuelle aldersgrupper får ein følgjande tal for personar med demens framover: Tabell 3: Framskriving av demensførekomst menn, kvinner og samla i Flora kommune Menn Demensførekomst 2008 2010 2015 2020 2025 2030 65-69 år 0,8 2 2 3 3 3 3 70-74 år 2 3 3 5 6 6 7 75-79 år 6 8 9 8 12 15 16 80-84 år 13,7 13 12 15 13 21 28 85-89 år 28,4 17 17 14 19 17 28 90+ 41,2 7 9 12 11 15 14 Sum menn 50 51 56 64 77 96 Kvinner Demensførekomst 2008 2010 2015 2020 2025 2030 65-69 år 1 2 2 3 3 4 3 70-74 år 2,1 4 4 4 6 7 8 75-79 år 6,2 10 10 11 12 15 19 80-84 år 19,3 28 25 26 29 32 42 85-89 år 32,7 32 32 30 32 36 42 90+ 40,6 23 25 28 28 28 35 Sum kvinner 99 99 102 110 122 148 Sum samla 149 150 158 174 199 244 Tala syner at det i perioden 2010 2015 vert ein relativt liten auke på 8 personar med demens, medan det i dei neste 5 årsperiodane aukar med + 16, + 25 og + 45. Samla 2010-20: 24 personar og 2020-2030: 69 personar. Flora kommune har pr januar 2009 registrert 14 heimebuande personar med demens og 30 personar med demens på institusjon. Talet speglar berre demente som har omsorgsteneste. Dersom ein samanliknar dette med tal frå SSB (Statistisk Sentralbyrå) på framskriving av folkemengde og demensforekomst på 149 i 2008, så ser ein at av det totale tal personar med demens er det om lag 30% som har tenesteyting frå kommunen, 20% har institusjonsplass og 10 % har andre omsorgstenester. Med utgangspunkt i tenestetilbodet i dag, og at ein held fram med at 20% av demente får institusjonsplass, så er det behov for 5 nye plassar i perioden 2010-20 og ytterlegare 14 plassar i perioden 2020-2030. Behovet for institusjonsplassar vil og vere avhengig av graden av heimetenester som vert ytt, og situasjon i høve pårørande. 11

3.2.2 Endring i tal personar med psykisk utviklingshemming Flora Kommune har i dag ein høgre del psykisk utviklingshemma enn gjennomsnittskommunen som følgje av at kommunen var vertskommune med tidlegare institusjon. Dette betyr at kommunen på sikt vil nærme seg gjennomsnittsnivå som følgje av statistisk normal tilkomst av nye brukarar. Det inneber at ein på sikt bør kunne omdisponere ressursar som er retta mot psykisk utviklingshemma over til å dekke det auka ressursbehov som til dømes fleire eldre vil gje. 3.3 Endring som følgje av ny arbeidsfordeling mellom tenestenivå Meir enn kvar 4 mottakar av pleie- og omsorgstenester på landsbasis er under 67 år. Dei største gruppene er personar med somatiske lidingar (39%), psykiske lidingar ( 37%), psykisk utviklingshemming (13%) og rusproblem (9%). Dei siste 20 åra har fleire store helsereformer ført til ei overføring av ansvar for tenesteyting frå stat og fylke til kommunane. Framover må ein og rekne med ein auke i behov frå nye brukargrupper som følgje av endra arbeidsfordeling mellom kommunenivå og statleg nivå. Samhandlingsreforma som truleg vert gjennomført frå 2012 vil kunne føre til store endringar i brukarbehov i planperioden. 3.4 Brukaroversikt og brukarane si vurdering av tenestene. 3.4.1 Brukaroversikt I juli 2009 (17.07.09) var det registrert 580 brukarar av omsorgstenestene i Flora kommune. Av desse 580 var det 435 brukarar som hadde fast hjelp frå omsorgspersonell og 145 brukarar som hadde andre tenester. Tabellen under syner ei samla oversikt over alle brukarar og tenesteområde i Flora kommune. Tabell 4: Brukarar etter tenesteområd, bistandsbehov og tenesteyting. Data pr 17.07.09. Tal brukarar Tal utan timar * Tal med timar Snitt pleietyngd for brukarar med timar ** Sum timeverk pr. veke Snitt timar pr. veke til brukarar med timar 0 Flora kommune 580 145 435 2,02 7910,28 18,18 55 Furuhaugane 297 62 235 1,97 1949,66 8,30 55HN Havreneset ht. 89 17 72 1,85 221,59 3,07 55KR Krokane ht. 70 14 56 1,9 135,57 2,42 55DO Docen 21 0 21 2,09 197,92 9,42 55IL Inst. Langtidsavd 21 3,01.. 55IK Inst. Korttidsavd. 21. 2,96.. 59 Eikefjord 80 8 72 2,00 599,1 8,32 67 Omsorgsenteret 43. 3,65.. 68 Tenesta for PU 65 1 64 2,59 3765 58,82 50 Tenesta for Psyk 61 5 56 1,45 356,42 6,36 12

* Utan timar er tenester utan bemanning som t.d. alarmtelefon, bustad, matombringing ** Pleietyngd gjev ikkje fullstendige opplysningar om behov for t.d. tilsyn og opplæring Når det gjeld aldersfordeling for brukarane av omsorgstenester så utgjer for Flora aldersgruppa over 80 år i 2009 52%. Til samanlikning er dette i 2008 for Bremanger 48%. Figur 1: Aldersfordeling brukarar i Flora kommune Flora Kommune 2009 I Flora Kommune utgjorde kvinnene 62% av brukarane i 2009. 80-89 38 % Over 90 år 14 % 0-49 år 20 % 50-79 år 28 % Samanlikning i aldersfordelinga på alle brukarar som mottek pleie og omsorgstenester i Flora kommune og til dømes Tromsø kommune syner at aldersfordelinga er svært lik. Figur 2: Brukargruppe etter bistandsbehov 2008 - SSB Del av brukarar etter bistandsbehov Landet 21,6 29,8 48,6 Sogn og Fjordane Kommunegruppe 11 1401 Flora 23,7 31,8 44,5 23 30,2 46,8 24,3 25,7 50 0 5 10 15 20 25 30 35 40 45 50 55 Omfattende bistandsbehov Middels bistandsbehov Lite bistandsbehov Figur 2 syner at Flora kommune har ein høgre del brukarar med lite bistandsbehov enn gjennomsnittet. Kommunen har såleis ein lågare terskel for å gje kommunal hjelp enn det som er vanleg. Samtidig har ein høgare prosent del med brukarar i gruppa med omfattande bistandsbehov. 13

3.4.2 Brukar- og pårørandeundersøking I 2008 vart det gjennomført ei brukar- og pårørandeundersøking. Målet med undersøkinga var å få ei oversikt over kor nøgde brukarar og pårørande er med omsorgstenestene dei mottek, og å få innspel til kva endringar som kan gjerast for å få til ei forbetring av omsorgstenesta. Figur 3: Svar frå brukarar (blå = einig, raud = ueinig) Alle Eigen heim Eg får den hjelpa eg treng frå kommunen I 2008 som i 2007, synte undersøkinga i høve brukarane svært positive tal når det gjeld tryggleik og trivsel (88-96%). Dei tilsette veit kva hjelp brukarane skal ha (83%) og dei vert behandla høfleg og med respekt ( 94%!),. 0 % 20 % 40 % 60 % 80 % 100 % I høve det at dei tilsette kjem til avtala tid, og at brukarane får beskjed ved endring, så har tala gått noko tilbake frå i 2007 til 2008 (frå 86% til 78% og 74% til 66%). 88% sa at dei har høve til samvær og sosial kontakt i 2007. Dette talet er endra til 65% i 2008. Talet for variert og tilpassa aktivitet var i 2007 80% og er i 2008 gått ned til 52%. I høve pårørande så ser ein at dei er noko meir positive i 2008 enn i 2007. Samanlikna med brukarane sine svar, så ligg pårørande sine svar i 2008 berre 5-10 % under brukarane i positivitet mot 10-30-% i fjor. Det vil sei at pårørande og brukarar er meir samstemde i undersøking i 2008 enn i 2007. Totalt så ser ein eit rimeleg positivt bilete av mange av svara ein har fått i frå pårørande. Alle Eigen heim Figur 4: Svar frå brukarar Eg har høve til samvær og sosial kontakt fordeling i prosent 0 % 20 % 40 % 60 % 80 % 100 % Inntrykket ein sit igjen med er at det stort sett er fornøgde brukarar av omsorgstenesta i Flora kommune, men at det og er forbetringar gjere. Figur :5 Svar frå pårørande Eg synest det er enkelt å orientere meg i høve regelverk, søknadsskjema og søkeprosessar i Omsorgstenesta Eigen heim Omsorgsbust ad Inst it usjon Alle f ordeling i prosent Høve til samvær og sosial kontakt og variert og tilpassa aktivitet ute og inne ser ein størst misnøye med både hos brukarar og pårørande. I tillegg meiner dei pårørande at det er behov for betre informasjon og rettleiing, og at det er vanskeleg å orientere seg i regelverk og søknadsprosedyrar 0 % 2 0 % 4 0 % 6 0 % 8 0 % 10 0 % 14

4 Vurdering av omsorgstenestene i Flora 4.1 Omsorgstrappa som grunnlag for vurdering av tenester Omsorgstrappa inneheld 7 ulike nivå for å dekke befolkninga sine omsorgsbehov. Nivå 7 er det mest omfattande og kostnadskrevjande tilbodet, medan nivå 1 er førebygging/hjelp til sjølhjelp og det minst kostnadskrevjande nivå. Aktivitetar som rehabilitering vil kome inn på alle nivå. For å yte ei god omsorgsteneste til innbyggjarane må kommunen tilby tenester på alle 7 nivåa. Kor mykje tenester ein skal tilby på dei ulike nivåa kan variere mykje i ulike kommunar. Nokre kommunar har satsa på mange institusjonsplassar og mindre omsorgsbustader/heimetenester ( institusjonsorientering), medan andre har mange omsorgsbustader/mykje heimetenester og mindre institusjonsplassar ( heimetenesteorientering). Brukarundersøkingar syner ingen store forskjellar i kor fornøgd ein er med tenesta ut frå om det er ein institusjonsorientert eller heimetenesteorientert modell i kommunen. Med grunnlag i dette er det rimeleg å tru at det er dimensjonering av tenestene på dei ulike nivåa og forholda mellom desse som er det avgjerande for brukarane si oppleving av tenesteytinga i høve behovsdekking. Ynskjer ein mindre langtidsplassar i institusjon (Nivå 7) så må ein samtidig auke tenestene på tilgrensande nivå som omsorgsbustader med heildøgns bemanning ( Nivå 6) og korttidsplassar i institusjon (Nivå 5). Det er såleis viktig å få til ein god balanse mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa. Figur 6: Omsorgstrappa Nivå 1 * Info om tilbod * Hjelp til tilrettelegging i eigen heim * Hjelpemiddelformidling * Førebygging * Aktivitetstilbod/ aktivitetsenter Nivå 2 * Trygghetsalarm * Matombringing * Opplæring i bruk av hjelpemiddel Nivå 3 * Omsorgsløn * Støttekontakt/- treningskontakt * Dagtilbod/- transport Nivå 4 * Praktisk bistand i heimen * Brukarstyrt personleg assistent * Heimesjukepleie * Avlastning utanfor institusjon * Omsorgsbustader utan heildøgns omsorg Nivå 5 * Korttidsopphald i institusjon * Avlastning i institusjon Nivå 6 * Heildøgnsbemanna omsorgsbustad Nivå 7 * Langtidsplass institusjon Når det gjeld modellorientering for omsorgstenestene i Flora så talar følgjande forhold for at ein bør velje ein heimetenesteorientert modell: 15

Eit stort fleirtal av brukarar innanfor omsorgstenestene svarar i undersøkingar at dei ynskjer å bu i eigen bustad så lenge som mogeleg og få tenestetilbod der For kommunen sin ressursbruk vil det vere viktig å kunne yte tenesta på det lågaste effektive omsorgsnivå (LEON-prinsippet) Statlege føringar om at kommunane framover må satse meir på førebygging, læring, meistring og rehabilitering. Det er likevel slik i dag at kommunen ikkje har tilbod om tenester på nivå 6 heildøgnsbemanna omsorgsbustader - for eldre, og at det derfor er naudsynt å ha ein dekningsgrad for institusjonsplassar som landsgjennomsnittet ein periode inntil tenester på nivå 6 er utbygd over landsgjennomsnittet. Ein indikator på korleis omsorgstenestene vert innvilga er innslagpunktet (IPLOS skår) ved tildeling av omsorgsteneste. Grafen nedafor syner utviklinga ved tildeling av tenester frå 2007-2009 og den syner at samla sett er bistandsbehovet gått opp ved start av tenester, noko som samsvarar med målsettinga i omsorgsprosjektet i 2007. For Furuhaugane heimeteneste er innslagpunktet gått litt ned. Det kan tyde på at det framleis er låg terskel for å motta heimeteneste. For institusjonstenesta (IL= langtidsplass) er det merkbart høgare bistandsbehov for dei som får institusjonsplass, og tyder på at det er blitt ein høgare terskel for å motta institusjons langtidsplass. Figur7: Inngang til tenester 2007-2009 3,5 3,32 3,35 3 2,7 2,77 2,5 2,25 2 1,86 1,83 1,66 1,75 1,5 1,35 1 0,5 0 Omsorgstenesta Eikefjord Furuhaugane heimeteneste Tenesta for Rus og psykiatri Flora Omsorgsenter (IL) Furuhaugane Institusjon (IL) 2007 2009 16

4.2 Langtidsplassar og korttidsplassar i institusjon Ulike typar institusjonsplassar Langtidsopphald (Nivå 7 i Omsorgstrappa) Denne typen plassar vert tildelt brukarar som har alvorleg somatisk helsesvikt og /eller diagnosen demens, og som har behov for omfattande medisinsk behandling og pleie. Brukarar av denne tenestetypen får heildøgns pleie og omsorg, tilsynslege og tannhelseteneste/ fysio - ergoterapiteneste etter vurdert behov. Ulike aktivitetstilbod og fot - og hårpleie. Kortidsopphald (Nivå 5 i Omsorgstrappa) Dette er tidsavgrensa opphald for utredning/behandling, habilitering/rehabilitering eller avlastning. Tverrfagleg tilnærming etter kva tidsavgrensa opphald brukar har behov for. Det er vanleg med 14 dagars opphald med moglegheit for forlenging. Korttidsopphald kan og gjevast som dagopphald eller nattopphald. Dekningsgrad i Flora kommune i 2009 Ved inngangen til 2009 var det budsjettert med eit totalt tal institusjonsplassar i kommunen på 66. Det tilsvarte institusjonsplass til 14% av eldre over 80 år. I revidert budsjett i juni 2009 vart det tilført midlar til å drifte 14 fleire institusjonsplassar. Totalt er det såleis budsjettert med 80 institusjonsplassar i drift i 2009. Det tilsvarer ein dekningsgrad på om lag 17,5 % av eldre over 80 år, dvs. om lag 1 % under landsgjennomsnitt i 2007. Pr. september 2009 har Flora omsorgsenter 43 langtidsplassar i drift (inkl. 2 dobble), og Furuhaugane bu- og servicesenter 30 langtidsplassar og 10 korttidsplassar. Totalt 83 plassar. Korttidsplassane har variert mellom 6-12 i løpet av 2009. Flora omsorgsenter har 41 einsengsrom og Furuhaugane bu- og servicesenter har i dag 40 einsengsrom. Totalt 81 einsengsrom. Furuhaugane har imidlertid 8 fleire einsengsrom om ein tilbakefører kontor for heimetenester til pasientrom. Total kapasitet einsengsrom er såleis 89 plassar i eksisterande institusjonsbygg. Vurdering av institusjonstenesta. Flora kommune har i 2009 budsjettert med drift av om lag 80 institusjonsplassar, dvs. ei dekning på 17,5 % av eldre over 80 år. Dette er litt under landsgjennomsnittet som i 2007 var 18,5 %. For å kome opp i 18,5 % dekning må ein ha driftsmidlar til 85 plassar i 2010. I 2008 var det i snitt tildelt 85 plassar, og status hausten 2009 er 83 plassar i drift. Dette kan tyde på at behovet for institusjonsplassar ligg rundt 18,5 % dekning med dei føresetnader ein elles har i kommunen. Det vil seie at med den drift ein i dag har i heimetenestene inklusive omsorgsbustader med delvis bemanning, så ligg behovet for institusjonsplassar på dette nivået. 17

Når det gjeld vurdering av behov for institusjonsplassar framover så syner tabell 2 (side 10 ) at ein vil ha behov for 6 nye plassar i perioden fram til 2020 og ytterlegare ein auke på 47 i perioden fram til 2030. Dette med utgangspunkt i institusjonsdekning for 18,5 % av eldre over 80 år. Dei viktigaste faktorane som kan endre behovsvurderinga vil vere utbygging av omsorgsbustader med bemanning som vil kunne gje mindre behov for institusjonsplassar, og endring av oppgåvefordeling mellom helseføretaka og kommunen - som i første omgang vil kunne auke behovet for institusjonsplassar. For perioden 2010-20 synes behovet for auke i institusjonsplassar å vere så lite at ein bør kunne takle behovet ved å drifte dei 81 plassar som ein no har i kombinasjon med utbygging av omsorgsbustader med heildøgns omsorg i perioden. Det vil og vere rom for å auke opp talet plassar på Furuhaugane med inntil 8 einsengrom innanfor eksisterande bygningsmasse. For perioden 2020-30 er det framskrive behovet for institusjonsplassar så stort at det for denne perioden bør planleggjast ei utbygging av institusjonskapasiteten i tillegg til vidare utbygging av omsorgsbustader med heildøgns omsorg. Planlegging bør starte i 2016-17. Behovet for langtidsplassar til demente vil auke framover. I dag er spesialeiningar for demente lagt til Flora omsorgsenter. Ved å samle brukarane med same behov på ein institusjon vil ein kunne samle kompetansemiljøet og betre tenesta til brukarane. Difor vil ein tilrå at Flora omsorgsenter vert utvikla vidare med langtidsplassar for demente i tillegg til drift av pleieavdelingar. Korttidsplassane er i dag lagt til Furuhaugane bu - og servicesenter. I tillegg til 30 langtidsplassar for pleie er det 10 korttidsplassar i drift hausten 2009. Fordelinga av korttidsplassar og langtidsplassar har vore flytande og variert mellom 6-12 gjennom året. Formålet med korttidsopphald er ulikt langtidsopphald, og plassar for korttidsopphald bør derfor skiljast ut som ei eiga eining/gruppe. Dette kan gjerast på Furuhaugane ved å bruke den fløyen som er kopla til treningsrom og treningskjøken i tilbygg. Denne fløyen har 13 einsengsrom. Denne eininga kan då og innehalde funksjonar som kan vere starten på eit helsehus ved å auke opp fagkompetansen til dei tilsette i arbeidsgruppa innanfor rehabilitering, behandling m.m., samtidig som ein aukar opp ressursen for habilitering/rehabilitering og medisin. Oppstart kan skje på Furuhaugane bu- og servicesenter, men med mål å flytte til anna bygg i kommunen med grunnlag i interkommunalt samarbeid om slik drift på sikt. Helsehuset skal fullt utbygd ha følgjande funksjonar/ oppgåver: Korttidsplassar rehabilitering Korttidsplassar utgreiing Korttidsplassar før/etter sjukehus Korttidsplassar istadenfor sjukehusopphald Helsehuset skal og ha fokus på førebygging, opplæring, meistring. Med grunnlag i omlegging til rein institusjonsdrift på Furuhaugane bu og servicesenter vil ein tilrå endring i namn til Furuhaugane omsorgsenter. 18

Konklusjon: For perioden 2010-2020 vil ein ha tilstrekkeleg institusjonsplassar ved å utnytte fullt ut dei plassane som er på institusjonane Flora omsorgsenter og Furuhaugane bu og servicesenter. Flora Omsorgsenter bør spesialisere seg på demens/alderpsykiatri. Furuhaugane bu og servicesenter bør spesialisere seg på somatikk, og i tillegg til langtidsplassar for pleie og ha korttidsplassar. Namnet på Furuhaugane bu og servicesenter bør endrast til Furuhaugane omsorgssenter. Helsehusfunksjon vert starta opp som del av korttidseininga på Furuhaugane. Fleire plassar vert frigjort på Furuhaugane bu- og servicesenter i 2010 ved å flytte kontor for heimetenester ut av institusjonen. Ved å auke opp talet bustader med heildøgns omsorg vil dette vere tilstrekkelig i perioden. For perioden 2020-2030 må det vurderast å auke institusjonskapasiteten. Planarbeid for slik kapasitetsauke bør starte i 2016-17. 4.3 Bustader. Bu- og aktivitetssentra Butilbod og omsorg for personar med trong for helse- og omsorgstenester har vore i stor endring dei siste 15 åra. Tilrettelagde bustader med heimetenester har i mange tilfelle erstatta behovet for institusjonsplass. Bustadtilbodet i Flora kommune omfattar fleire typar tenester: Ulike typer bustader Kommunale bustader til omsorgsføremål Bustad som kommunen disponerer til omsorgsformål som ikkje er omsorgsbustad. Tilbodet er meint for brukarar som på grunn av helseproblem treng ei lettstelt bueining og/eller treng å flytte nærare sentrum og det hjelpetilbodet som er der. Heimetenester vert tildelt etter behov på individuell basis som for andre heimebuande. Omsorgsbustad Bygd med oppstarttilskot frå Husbanken jf. Handlingsplanen for eldreomsorga og Opptrappingsplanen for psykisk helse. Omsorgsbustad er ein bustad som er tilpassa orienterings- og rørslehemma, og er fysisk tilrettelagt. Bustadane skal kunne vere arena for omfattande og samansett tenesteyting med dei i tilpassingane som er naudsynt både for brukar og personale. Brukar kan, etter behov, ta imot heildøgns omsorg. Heimetenester vert tildelt etter behov på individuell basis som for andre heimebuande. Bilde: Docen burettslag. 19

Bustad med heildøgns omsorg. (HDO): Bustader med Heildøgns Omsorg (HDO) er omsorgsbustader med tilbod om tryggleik for teneste heile døgnet. For at bustaden skal reknast som heildøgnsbemanna må det vere tilknytt fast personale heile døgnet, det er ikkje tilstrekkeleg at til dømes heimetenestene fører tilsyn med bustaden. HDO er som oftast bygd som bufellesskap eller andre kollektive løysingar med fellesareal. Ressursmengd og type kompetanse er basert på summen av dei individuelle behova hos dei som bur i bustader med heildøgns omsorg, og bistand er basert på tenestebeskrivande enkeltvedtak. Arbeidsformene til heimetenestene er lagt til grunn for den daglege tenesta, og i samhandlinga med den einskilde brukar og eventuelle pårørande. Bustadane får eit personleg preg ved at brukarane har eigne møblar og utsmykking. Bustaden kan være utforma som ein sjølvstendig bueining med eigen kjøkenkrok, eige bad/toalett. Storleiken kan variere, men alt frå 25 til 70 kvm er vanleg. Reglar for eigenbetaling som for øvrige heimetenester i kommunen. Oversikt over omsorgsbustader Eikefjord Omsorgsbustad 20 bustader Docen Omsorgsbustad med 21 bustader bemanning dag og kveld Havrenesvegen Omsorgsbustad 14 bustader Kleiva Omsorgsbustader for 8 bustader rus/psykiatri Michael Sars gata Omsorgsbustader for tenesta for pu 4 bustader Vurdering av bustadtilbodet Flora kommune har i dag eit godt tilbod i tal ordinære omsorgsbustader. Omsorgsbustadane i Docen vart hausten 2008 bemanna med personale dag og kveld og er såleis eit tilbod mellom ordinære omsorgsbustader utan tilknytta personell og omsorgsbustader med heildøgns bemanning. Erfaringar frå organiseringa i Eikefjord syner og at brukarane kan bu heime lengre i tilrettelagde og samlokaliserte omsorgsbustader. Erfaringar når det gjeld tildeling av omsorgsbustader tilseier at omsorgsbustader i for stor grad har vore tildelt brukarar med lette funksjonstap. Det vert samstundes vurdert at ein manglar omsorgsbustader med heildøgns omsorg som gir eit høgare omsorgstilbod enn vanlig omsorgsbustad, men eit lågare bistandstilbod enn institusjonsplass. Eit slikt tilbod kan redusere trongen for institusjonsplassar, og gje eit meir heilskapleg tilbod i omsorgstenestene i kommunen. ( PartasK si tidlegare analyse støtter og dette ved at det med HDO som ein del av omsorgstilbodet vert eit meir differansiert tilbod som kan treffe brukargruppa betre enn ved dagens omsorgsteneste.) 20

Framtidig utbygging av bustader med heildøgns omsorg bør konsentrerast til sentrumsområde og der det frå før er bustader og personale. Dette for å kunne utnytte personellressursane best mogeleg, og samtidig gjere det lettare for pårørande å besøke og aktivisere brukarane. Det inneber at framtidig utbygging bør skje i Eikefjord sentrum i tilknyting til eksisterande omsorgstun, og i Florø sentrum i tilknyting til dei bemanna omsorgsbustadane i Docen. Desse busentra bør og vere hovedbase for aktiviseringstiltak, og i tillegg til bustader innehalde dagtilbod og aktivitetstiltak. I Eikefjord er dagtilbod og aktivitetstiltak lokalisert i nærleiken av bustadane. I Florø bør det vurderast å flytte aktivitetane knytta opp til Flora Aldersenter til Florø bu- og aktivitetsenter, og gje rom for større spenn i brukargrupper. Når det gjeld Eikefjord så har plangruppa ved hjelp av arkitekt vurdert ulike alternativ for bygging av omsorgsbustader (HDO) i Eikefjiord. Ein har lagt tre faktorar til grunn: Kostnader og tidsperspektiv knytt til evt. tomtekjøp,grunnarbeid m.m. Trong for nærleik til eksisterande base for heimeteneste Trong for optimal ressursutnytting Einaste moglegheit for bygging på eigande grunn, er riving av sørenden av Allhuset med påbygging av ny fløy. Trongen for denne typen bustader, samt vurderingane knytt til dei tre faktorane ovanfor, gjer at plangruppa vil tilrå denne løysinga. Det er samstundes viktig for plangruppa å gjere merksam på at dette vil ein merkbar reduksjon av kvaliteten på funksjonane som i dag er knytt til Allhuset. Erstatning av desse funksjonane bør vurderast i samband med prosjekt knytt til Eikefjord skule. Når det gjeld eigarform så er det viktig at bustader med tilknytta bemanning har ei eigarform som ikkje ekskluderer nokre av brukarane som har størst trong for dette tilbodet på grunn av økonomi. Konklusjon: Docen i Florø og Omsorgsenteret i Eikefjord vert videreutvikla som bu- og aktivitetsenter ( Florø bu- og aktivitetsenter/eikefjord bu- og aktivitetsenter). I begge sentra skal det vere bustader med heildøgns omsorg, dagtilbod og aktivitetstilbod. Det vert bygd inntil 20 nye omsorgsbustader/bukollektiv i tilknytning til Florø bu- og aktivitetsenter. Evt. overskot i høve behov vert mellombels leigd ut. I tillegg skal senteret innehalde lokaler for dag- og aktivitetstilbod. Oppstart planprosess 2010. Ferdigstilling 2012/13. Det vert bygd inntil 10 plassar i nytt bukollektiv i tilknytning til Eikefjord bu- og aktivitetsenter. Utbyggingsalternativ kopla på Allhuset vert vurdert som den beste løysinga. Oppstart planprosess 2010. Ferdigstilling 2012/13. Ved behov for fleire omsorgsbustader seinare i perioden vert områder i tilknytning til eller nærme - bu- og aktivitetsentra prioritert. Aktivitetstiltak vert prioritert lagt til Florø bu- og aktivitetsenter og Eikefjord bu og aktivitetsenter. Alle bustader skal byggjast som smarthus for å gjere brukarane mest mogeleg sjølhjelpne. 21

4.4 Rehabilitering Rehabilitering er eit tenestetiltak for brukarar med samansette bistandsbehov. Fleire tenester og tiltak vert sett i system, og ein samarbeidar med brukar for gje koordinert bistand slik at brukaren skal kunne nå målsettinga med helsehjelpa. Rehabilitering skal bidra til å betre og bevare funksjonsnivå, hjelpe til å endre helseskadeleg livsstil, bidra til at brukar kan klare seg lengst mogleg sjølv og til å kunne vere aktiv deltakar i daglegliv, arbeidsliv og samfunn. Vedtak om teneste vert fatta i til lov om helsetenestene i kommunane 2-1. Per august 2009 er det 11 brukarar i kommunen som mottar tilbod om rehabilitering utanfor institusjon/bustad. Rehabiliteringsopphald i institusjon er tildelt 2 brukarar pr august 2009 totalt 76 liggedøgn. For 2008 var det 11 personar som hadde rehabiliteringsopphald på institusjon, med til saman 342 liggedøgn. For 2008 var det om lag 1 person på rehabiliteringsopphald til ein kvar tid gjennom året dersom vi ser på tal liggedøgn. Det ser ut til å bli ein nedgang for 2009. Det er gitt avslag på 7 søknader om rehabiliteringsopphald i 2009. Vurdering/utvikling Rehabilitering er eitt av satsingsområda i både Omsorgsplan 2015 og Samhandlingsreforma. Dette fordi satsing på rehabilitering både gjev betre helse og livskvalitet for brukarane og mindre behov for anna bistand frå kommunen. Endring i brukargrupper og kortare liggetid på sjukehus fører og til eit aukande press på kommunale rehabiliteringstenester. Rehabiliteringstilbodet bør difor aukast i planperioden både i høve plassar i institusjon og i arbeidet i heimetenestene. Det må både leggjast inn nye fagressursar og kompetanseutviklingstiltak for tilsette i institusjon og heimetenester. I samband med frigjering av plassar på Furuhaugane bu- og aktivitetsenter bør det setjast av plassar til rehabilitering i korttidsavdeling/helsehusdel. Det bør og etablerast eit tverrfagleg rehabiliteringsteam som skal vere eit ressursgruppe for utvikling av dette tiltaksområdet. Teamet bør blant anna ha ei viktig rolle i kompetanseutviklingsarbeidet. Konklusjon: Rehabiliteringsarbeidet skal styrkast i planperioden både innanfor institusjon /helsehus og i heimetenestene. Det skal etablerast fysio/ergoterapi-kompetanse knytta opp mot helsehusetableringa på Furuhaugane i 2010, og det skal setjast i verk kompetanseutviklingstiltak for tilsette innanfor fagområdet. Det skal etablerast eit tverrfagleg rehabiliteringsteam. Rehabiliteringskompetanse skal vere ein viktig premissleverandør i høve utforming av nye bustadeiningar/ smarthus. Arbeidet med utprøving, opplæring og formidling av tekniske hjelpemidler skal ha høg prioritet. 22

4.5 Heimetenester Heimetenester er tenester som vert ytt til personar som bur i sine eigne ordinære bustader eller i omsorgsbustad. Heimetenester er ein samlebetegnelse som omfattar mange ulike tenestetypar. Alle tenestetypane vert individuelt tildelt/avslått etter handsaming av søknad i kommunen si tildelingsnemnd for omsorgstenester. Flora kommune har ein dekningsgrad på 63% av innbyggjarane over 80 år som mottar bistand av heimetenestene i ei eller anna form. Tabellen under syner tal og alder på mottakarar av heimetenester i 2008. Det var då 398 brukarar av heimetenestene. Til samanlikning fekk 386 personar desse tenestetypane i 2007. Det har såleis vore ein auke i tal brukarar på 12 personar frå 2007 til 2008. Kvinner Menn Alle 0-17 år 1 0 1 18-49 år 28 36 64 50-66 år 35 33 68 67-74 år 19 19 38 75-79 år 27 6 33 80-84 år 50 25 75 85-89 år 49 27 76 90 og over 33 11 44 I alt 241 157 398 Tabell 5: Mottakarar av heimesjukepleie og/eller praktisk bistand etter alder og kjønn Eit anna forhold som er viktig å merke seg er at av desse 398 brukarane så var 133 under 67 år, dvs. at 33% av brukarane var i yngre aldersgrupper. Dette er og omtala i Omsorgsplan 2015, der auken i kommunale omsorgstenester til yngre brukarar vert sett på som ei viktig utfordring framover. Figur 8: Fordeling av timetenester i heimetenestene Timetenester 5 % 3 % 6 % 21 % 5 % Praktisk bistand: daglige gjeremål Praktisk bistand - opplæring: daglege gjeremål Praktisk bistand: Brukarstyrt personleg assistent Heimesjukepleie/ psykriatisk sjukepleie i heimen Støttekontakt 60 % Omsorgslønn 23

Figur 8 syner at det innafor heimetenestene er ein tenestetype som dominerer og utgjer heile 60 % av all timetildeling. Det er praktisk bistand opplæring i daglege gjeremål. I hovudsak vert dette tilbodet gjeve til innbyggjarar med psykisk utviklingshemming. Heimesjukepleie/psykiatrisk sjukepleie utgjer 21% av timetildelinga, altså om lag 1/3 del av det som vert gjeve til praktisk bistand - opplæring. Det vert ytt omtrent like mange timar til praktisk bistand ( 6% ) som til praktisk bistand brukarstyrt personleg assistent (5%) og støttekontakt (5%). 4.5.1 Heimesjukepleie Heimesjukepleie er eit tilbod til akutt eller kronisk sjuke som treng helsehjelp i heimen. Ordninga er behovsprøvd og kan tildelast personar med særskilte behov utan omsyn til alder og økonomi. Omfanget av tenestetilbodet vert vurdert ut i frå situasjon og bistandsbehov. Ved endring av bistandsbehov vert tenesta revurdert og tilpassa nytt behov. Søkjar må ha sviktande eigenomsorgevne som krev meir omfattande bistand og tilrettelegging for å ivareta behovet for personleg hygiene, ernæring og aktivitet. Det vert henta inn uttale frå lege. Tenestetypen kan vere sårbehandling, hjelp til administrering av medikament, blodprøvetaking eller injeksjonar der helsetilstand er til hinder for at brukar kjem seg til legen, spesiell oppfølging av smertebehandling, observasjon og oppfølging i heimen etter utskriving frå sjukehus, førebyggande og rehabiliterande tiltak og terminalpleie for personar som ynskjer å døy heime. Vedtak om heimesjukepleie vert fatta etter lov om helseteneste i kommunane 2-1. Tenesta er gratis. Figur 9: Gjennomsnitt omfang timar heimesjukepleie Gjennomsnittlig antall timer pr uke som brukere av hjemmesykepleie får i 2008 - SSB Heimesjukepleie vert i dag ytt av 4 ulike tenesteeiningar. 4,2 4,1 4 3,9 3,8 3,7 3,6 3,5 3,4 3,3 3,2 3,5 1401 Flora 3,7 Kommunegruppe 11 4,1 Sogn og Fjordane 3,8 Landet Per august 2009 har Flora kommune tildelt 987 timar heimesjukepleie og psykiatrisk sjukepleie i heimen i veka fordelt på 253 brukarar. Gjennomsnittleg utgjer dette 3,9 timar pr. veke til kvar brukar i 2009. Figur 8 viser at Flora var lågare enn samanlikningstala i 2008, med gjennomsnittleg tildelt 3,5 timar pr. veke til kvar brukar. Vurdering/utvikling: Kommunen yter eit heimesjukepleietilbod i 2009 som ligg over både landsgjennomsnitt og samanlikningsgruppe, medan ein i 2008 låg under. Årsaka til dette kan vere at brukargruppa sitt behov for helsehjelp har auka, men det kan og vere at behovet for praktisk bistand har auka og at denne bistanden til ein viss grad vert utført av heimesjukepleiarar. 24

Det vert difor vurdert som nyttig med ei klårare differensiering av kva for brukarar som treng praktisk bistand, og kva for brukarar som treng helsehjelp. Ei klårgjering av dette vil både kunne gje betre bruk av fagkompetansen i organisasjonen i høve brukarane sine behov, og gje eit betre økonomisk grunnlag for utvikling av omsorgstenesta ved at det for praktisk bistand kan krevjast eigenbetaling. I ein del tilfeller vil det og vere slik at ein brukar får både helsehjelp og praktisk bistand frå same tenesteytar. Denne kan totalt sette vere fornuftig ressursbruk og bra for brukaren, men ein bør då og krevje eigenbetaling for den praktiske bistanden. Planen legg opp til at ein skal satse på ei heimebasert omsorgsteneste. Det inneber at ein i planperioden satsar på utbygging av omsorgsbustader med bemanning i staden for auke i institusjonstilbodet. Ei auke i brukarar vil då gje ei auke i etterspørsel etter heimesjukepleietenester. Det vil gjelde ved bygging av nye omsorgsbustader med bemanning, men og for brukarar som bur i andre bustader. Heimesjukepleie må difor tilførast nye ressursar i planperioden. Konklusjon: Grensene mellom helsehjelp og praktisk bistand må klårgjerast betre både for å bruke rett kompetanse til rett formål, og for å skilje mellom betalingstenester og gratis tenester. Det må og vurderast om terskelen for tildeling av heimesjukepleie skal setjast høgare enn i dag. Heimesjukepleie må i planperioden tilførast nye stillingsressursar både generelt og til spesiell oppbemanning i nye omsorgsbustader. 4.5.2 Praktisk bistand. Praktisk bistand vert ytt etter lov om sosiale tenester og det kan krevjast eigenbetaling for tenesteytinga. Praktisk bistand er delt inn i 3 kategoriar: o Praktisk bistand (heimehjelp) o Praktisk bistand opplæring o Praktisk bistand brukarstyrt assistent (BPA) 25

Figur 10: Gjennomsnitt omfang timar praktisk bistand. 8 7,5 7 6,5 6 5,5 5 4,5 4 3,5 3 Gjennomsnittlig antall timer pr uke som brukere av praktisk bistand får i 2008 -SSB 7,4 1401 Flora 7,2 Kommunegruppe 11 5,2 Sogn og Fjordane 5,8 Landet Figur 9 syner at Flora kommune i 2008 gav eit høgre timetal pr veke til brukarane enn gjennomsnittet i samanlikningsgruppene. Relativt likt med kommunegruppe 11, men mykje høgre enn landsgjennomsnitt og fylkesgjennomsnitt. Forklaringa på dette er truleg at desse tala både inneheld praktisk bistand, praktisk bistand opplæring og praktisk bistand brukarstyrt assistent (BPA). Sidan Flora kommune har eit høgare tal brukarar med psykisk utviklingshemming enn gjennomsnittskommunen, så har ein og høgare timetildeling til praktisk bistand opplæring (jmf. Figur 8). For 2009 ser dette talet ut til å auke i Flora kommune med om lag 500 fleire tildelte timar praktisk bistand (3 typar) fordelt på same tal brukarar. Praktisk bistand - Heimehjelp: Praktisk bistand er tilrettelegging og rettleiing til dagliglivets praktiske gjeremål, eigenomsorg og personleg stell. Individuelt tilpassa etter brukar sine ressursar og funksjonssvikt. Bistanden skal bidra til at den einskilde kan bu heime lengst mogeleg og førebygge trong for andre tenester. Praktisk bistand vert ikkje gjeve når brukar er borte frå heimen. Minstestandard for tildeling av praktisk bistand er sett til 2 timar per månad. Brukar betalar eigenandel for tenesta.vedtak vert fatta etter lov om sosiale tenester 4-3, jf 4-2 bokstav a, og vedtaket beskrive innhaldet i tenesteytinga. Per august 2009 har Flora kommune tildelt 309 timar praktisk bistand i veka fordelt på 200 brukarar. Dette utgjer ca. 1,5 time pr. veke tildelt kvar brukar. Vurdering/utvikling: Praktisk bistand vert vurdert som tilstrekkeleg i høve behovet for slik teneste i 2009. Ei klargjering av grensene mellom helsehjelp og praktisk bistand er viktig å utføre slik at fagressursane vert brukt rett. Dette kan resultere i ei anna ressursfordeling enn den som er i dag. Det er og viktig å vurdere om terskelen for å få praktisk bistand er for låg i kommunen i dag. Innslagspunkt for tildeling av heimetenester i Figur 7 (side ) kan type på at dette er tilfelle. Praksisen bør då endrast. 26