Forskingsutvalet UTKAST: Protokoll: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 1/2016 Tid: Tysdag 26. januar kl 12.15-14.00 Møterom: BK 220 (VIP-romet). Medlemmer: Eining Møtt Johann Roppen (leiar) Rektor X Odd Ragnar Hunnes ASH (dekan) X Inger Marie Okkenhaug ASH X Anne Øie (vara for Arne Myklebust) AHL (prodekan) X Anders Aschim (vara for Peder AHL X Haug) Aud Folkestad (nestleiar) AKF (dekan) X Pål Aam AMF (dekan) X Kjetil L. Høydal (vara for Karen AKF X Brænne) Observatørar: Jacob Kjøde jr Direktør X Henriette Hafsaas-Tsakos Bibliotekleiar X Geir Tangen FoU-rådgivar X Asbjørn Kårstein Forskar, Møreforsking Volda AS X Protokollførar: FoU-rådgivar Geir Tangen. FU sak 01-2016 Godkjenning av møteinnkalling og sakliste Møteinnkalling og sakliste vart godkjend. FU sak 02-2016 Godkjenning av protokoll frå FU-møte 7/2015 Framlegg til offentleg protokoll vart godkjend.
2 FU sak 03-2016 Delegering av professor- og dosenttilsettingar frå styret Bakgrunn: I styremøte 24. september 2015 kom Høgskulestyret med eit ønskje om ei utgreiing i forhold til konsekvensane, dersom styret vedtek at det skal delegere tilsetjingsmynde for professor/dosent-stillingar og myndet til å vedta opprykk til dosent og professor til eit anna organ, og i så fall kva organ som kan vere aktuelle. Personalkontoret har utarbeidd eit notat om saka. Det er ønskjeleg at Forskingsutvalet uttalar seg om saka før ho kjem opp i høgskulestyret. 1. Forskingsutvalet sluttar seg til punkt 2 i det utarbeidde notatet frå personalkontoret vedkomande tilsetjing av professor/dosent-stillingar ved Høgskulen i Volda: Nytte same ordning som i andre undervisnings- og forskarstillingar; Tilsetjingsutvalet for undervisnings- og forskarstillingar tilset professorar og dosentar, samt tildeler opprykk til desse stillingane. Innstillingsorgan vert næraste foresatte myndigheit. Dette mellom anna for å sikre større framdrift i dei faglege tilsetjingsprosessane. 2. Forskingsutvalet sluttar seg til vurderinga og tilrådinga frå personalkontoret om å godta sakkunnig vurdering frå andre høgskular og universitet ved tilsetjing av professor/dosent-stillingar ved Høgskulen i Volda. FU sak 04-2016 Utkast til FoU-melding for Høgskulen i Volda 2015 Bakgrunn: Styret ved Høgskulen i Volda ønskjer å få årlege forskingsmeldingar for å kunne vurdere status og utvikling i høgskulens FoU-arbeid. Meldinga presenterer hovudtrekk ved forskings- og formidlingsaktiviteten ved høgskulen og diskuterer sentrale utfordringar og målsettingar. Den første FoU-meldinga vart lagt fram i 2010. FoU-meldinga for Høgskulen i Volda 2015 blir teken til orientering. Innkomne merknader på utvalsmøtet blir innarbeidd i meldinga.
3 FU sak 05-2016 Vurdering av utkast til ny handlingsplan for likestilling og mangfald Vedlegg 1: Handlingsplan for likestilling og mangfald 2016-2020. Bakgrunn: Det er behov for revidering av planverk knytt til likestilling og mangfald. Styringsgruppe vart oppretta 24.mars 2015, og består av: leiar i likestillingsutvalet (Tanja Sundal) dekanar, HMS-rådgivar (Solbjørg Leite), rådgivar i tilsetjingssaker (Elin Ø. Halkjelsvik) og leiar i tilsetjingsutval/råd (rektor og personaldirektør). Styringsgruppa slo fast at revisjon av planverket skal forankrast i organisasjonen gjennom medverknad i utarbeiding av planen. Det vart oppnemnt ei prosjektgruppe som fekk ansvar for å drive prosjektet vidare (Sundal, Hunnes og Garshol). Prosjektgruppa arrangerte ein verkstad 17.september der det vart presentert status for likestilling og mangfald ved HVO og det vart arbeidd fram målsetjingar og tiltak til ny handlingsplan. Likestillingsutvalet gjekk igjennom forslaga og det vart utarbeida eit utkast til handlingsplan. Deretter vart utkastet sendt til Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) for vurdering. Det vart halde eit telefonmøte 6.november der likestillingsutvalet og representant for LDO var tilstade. Innspel frå dette møtet vart innarbeida i møte i styringsgruppa 6.januar 2016. Utkastet til handlingsplan vert sendt til Forskingsutvalet og Likestillingsutvalet for uttale og innspel forut for handsaming i Høgskulestyret 28.januar 2016. Forskingsutvalet tek til orientering og støttar utkast til Handlingsplan for likestilling og mangfald (2016-2020). FU sak 06-2016 Godkjenning av retningslinjer for sakkunnig vurdering Bakgrunn: Når Høgskulen i Volda nyttar sakkunnig utval til å vurdere søkjarar sender personalkontoret ut ei liste med moment som Høgskulen ønskjer skal vere med i vurderinga. Lista er ikkje datert, så det er usikkert når den er vedtatt.
4 1. Forskingsutvalet tek retningslinjer for sakkunnig vurdering til vitande. 2. Forskingsutvalet tilrår at personalkontoret sender retningslinjer for sakkunnig vurdering på høyring til avdelingane for uttale. Orienteringssaker: 1) Diskusjonsgrunnlag for FoU-strategi. Munnleg orientering ved rektor. 2) Språksamlingane og Norsk ordbok. Samarbeid med Universitetet i Bergen. Munnleg orientering ved rektor. 3) Språksamlingane og Norsk ordbok (brukarrettleiing). Munnleg orientering ved rektor.
5 Vedlegg 1 (FU sak 05-2016) Handlingsplan for likestilling og mangfald 2016-2020 1. Bakgrunn og visjon Høgskulen i Volda skal gjennom eigen personalpolitikk medverke til eit godt arbeidsmiljø prega av inkludering, mangfald og likestilling (Strategiplan 2014-2018). I høgskulen sin tilpassingsavtale til Hovudavtalen er det bestemt at HVO skal ha eit likestillingsutval med eit spesielt ansvar som initiativtakande og rådgjevande organ og saksoppgåver innanfor dei rammene som Hovudavtalen, tilpassingsavtalen og personalreglementet set. Høgskulen i Volda sin visjon for arbeidet med likestilling og mangfald er: Tilsette og studentar ved HVO skal spegle mangfaldet i det norske samfunnet, og arbeidsmiljøet skal vere prega av likestilling og inkluderande haldningar. Handlingsplanen sine mål og tiltak er utarbeidde for å nå denne visjonen. Planen er utarbeidd i samarbeid med tillitsvalde, leiarar og tilsette med roller i høve tilsetjings- og kompetansehevingsprosessar. Handlingsplanen skal vere ein integrert del av høgskulen sitt strategiske planverk. 2. Lovverk og definisjonar Oppfylling av krav om likestilling og mangfald er ein del av offisiell norsk politikk. Grunnlaget for likestillingsarbeidet ved universitet og høgskular finn ein i lov og avtaleverket. Det er lovfesta forbod mot diskriminering i norsk arbeidsliv på grunnlag av kjønn, etnisitet, nasjonalt opphav, avstamming, hudfarge, språk, religion, livssyn, politisk syn, medlemskap i arbeidstakarorganisasjon, seksuell orientering, nedsett funksjonsevne og alder. Vern mot diskriminering i arbeidslivet er sikra gjennom fire lover: Likestillingslova forbyr diskriminering på grunn av kjønn, graviditet og foreldrepermisjon. Diskrimineringslova forbyr diskriminering på grunn av etnisitet, nasjonalt opphav, avstamming, hudfarge, språk, religion og livssyn. Diskriminerings- og tilgjengelegheitslova forbyr diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne. Lova stiller også krav om individuell tilrettelegging på arbeidsplassen. Arbeidsmiljølova forbyr diskriminering på grunn av politisk syn, medlemskap i fagforeining, seksuell orientering og alder.
6 Lovene har til felles at dei forbyr direkte og indirekte diskriminering og trakassering. Direkte diskriminering er ei handling, unnlating eller ytring der formålet eller verknaden er at nokon på grunnlag av kjønn, etnisitet, nedsett funksjonsevne, alder, religiøs tilknyting og livssyn eller seksuell orientering vert behandla dårlegare enn andre ville blitt behandla i ein tilsvarande situasjon. Indirekte diskriminering er ei kvar tilsynelatande nøytral handling eller ytringar som faktisk verkar slik at ein person, på grunn av kjønn, etnisitet, nedsett funksjonsevne, alder, religiøs tilknyting og livssyn eller seksuell orientering vert dårlegare stilt enn andre. Trakassering vert definert som handlingar, unnlatingar eller ytringar som verkar eller har til mål å verke krenkande, skremmande, fiendtleg, nedverdigande eller audmjukande. Diskriminerings- og trakasseringsforbodet gjeld alle sider ved eit tilsetjingstilhøve som utlysing av stilling, tilsetjing, omplassering, forfremjing, opplæring og anna kompetanseutvikling, løns- og arbeidsvilkår, oppseiing og avskjed. Det vert og vist til Lov om universiteter og høyskoler 6 2 og 6 3. punkt 3, Hovudavtalen i staten 21, tilpassingsavtalen, personalreglement, personal og lønspolitiske dokument. I høgskulen sin tilpassingsavtale til Hovudavtalen er det bestemt at HVO skal ha eit likestillingsutval med eit spesielt ansvar som initiativtakande og rådgjevande organ og saksoppgåver innanfor dei rammene som Hovudavtalen, tilpassingsavtalen og personalreglementet set. Mål for likestillingsarbeidet ved Høgskulen i Volda er omtala i tilpassingsavtalen 8.3 av 12. februar 2008: Gjennom personalpolitikken skal Høgskulen i Volda fremje likestilling mellom kjønna, med full likestilling som mål. Leiarar og medlemar av tilsetjingsråda har sitt særlege ansvar for at intensjonane i likestillingsarbeidet vert følgt opp. Likestillingsarbeidet skal arbeidast inn i alle planar og strategidokument. Reglar om likestilling skal omfatte alle stillingsgrupper innan verksemda og kjønnsfordeling i gruppa skal vurderast innanfor verksemdsnivået. 3. Aktivitets- og utgreiingsplikt Aktivitetsplikta inneber at HVO har ei plikt til å arbeide målretta, planretta og aktivt for å fremje likestilling og hindre diskriminering. Dette inneber å utarbeide og følgje ein strategi med klart definerte mål med tilhøyrande konkrete tiltak. Utgreiingsplikta inneber at HVO må gjere greie for den faktiske tilstanden i verksemda knytt til planlagde og gjennomførte tiltak som fremjar likestilling i forhold til kjønn, etnisitet og nedsett funksjonsevne. Høgskulen i Volda gjer greie for desse forholda gjennom årsrapporten.
7 4. Mål for handlingsplanen Kultur Delmål 1: ha høg bevisstheit om likestilling og mangfald i alle ledd i organisasjonen Delmål 2: arbeide for kjønnsbalanse i alle sentrale råd og utval Kompetanseheving Delmål 3: auke delen av kvinner i faglege toppstillingar til 20 % innan 2020 Delmål 4: oppnå rimeleg kjønnsbalanse innanfor alle stillingskategoriar Tilrettelegging Delmål 5: vere ein heterogen høgskule der alle er likeverdige og har like mulegheiter Delmål 6: få til universell utforming av alle undervisningsrom innan 2020 Tilsetjing Delmål 7: framstå som ein interessant høgskule for søkjarar og tilsette med ulike bakgrunnar Delmål 8: gjere grundige vurderingar knytt til likestilling og mangfalds-perspektiva ved tilsetjingar Delmål Tiltak Ansvarleg -ha høg bevisstheit om likestilling og mangfald i alle ledd i organisasjonen -oppmode kvinner om å søkje kompetansehevingsmidlar Leiarar -tematisere likestilling og mangfald i aktuelle fora Leiinga/personalkontoret -arbeide for kjønnsbalanse i alle sentrale råd og utval -auke delen av kvinner i faglege toppstillingar til 20 % innan 2020 -arrangere opplæringsmodular om temaet -praktisere moderat kjønnskvotering ved utnemning til råd og utval -utpeike nominasjonsnemnd som førebur neste rektorval. -gi opplæring til nominasjonsnemd om innhaldet i likestillingslova -pålegge å finne både kvinnelege og mannlege kandidatar -vurdere mentor- eller rettleiingsordningar særskilt retta mot kvinner Personalkontoret/leiinga Leiinga og tenestemannsorganisasjonane Høgskulestyret Leiinga/personalkontoret Høgskulestyret Forskingsutvalet og avdelingane
8 -oppnå rimeleg kjønnsbalanse innanfor alle stillingskategoriar -vere ein heterogen høgskule der alle er likeverdige og har like mulegheiter -få til universell utforming av alle undervisningsrom innan 2020 -stå fram som ein interessant høgskule for søkjarar og tilsette med ulike bakgrunnar -gjere grundige vurderingar knytt til likestilling og mangfalds-perspektiva ved tilsetjingar -arrangere seminar med fokus på kompetanseheving -initiere tiltak og søknadar i samarbeid med andre institusjonar -vurdere kalling på fag-område der det er særleg svak representasjon frå det eine kjønn -bevisstgjering gjennom fokus på kjønnsbalanse i innstillingar -oppretthalde og forsterke opplæringstiltak som fremjar likestilling og mangfald -utarbeide IA-handlingsplan med konkrete målsetjingar -i samarbeid med Statsbygg prioritere arbeidet med universell utforming -betre engelske nettsider -utvikle fleire emne på engelsk -formulere tydeleg i utlysingstekstar at vi ønskjer mangfald og likestilling -opplæring om krav i ulike fasar i tilsetjingsprosess til leiarar og medlemar i tilsetjingsråd/utval -innføre mal for innstillingar -praktisere moderat kjønnskvotering Likestillingsutvalet Forskingsutvalet Dekanar Innstillande organ og tilsetjingsråd/utval Personalkontoret Leiinga/HMS-rådgjevar Leiinga Kontor for samfunnskontakt Avdelingane Personalkontoret/leiinga Personalkontoret ev. i samarbeid med representant frå likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) Personalkontoret Innstillande organ og tilsetjingsråd/utval