Høyring - Forslag til forskrift om tildeling av løyve til havbruk med laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn 2009

Like dokumenter
Arkivsak Arkivnr. 313 Saksh. Døskeland, Inge. Fylkesutvalet

St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 4

Høyring forslag til forskrift om tildeling av løyve til havbruk med laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn 2009

Oppdrettskonsesjonar på Vestlandet

HØYRING - FORSLAG TIL FORSKRIFT OM SÆRSKILDE KRAV TIL AKVAKULTURRELATERT VERKSEMD I HARDANGERFJORDEN

Regjeringa har lagt ut eit høyringsnotat, der dei ber om innspel til innretning på eit havbrusfond. Høyringsfrist er sett til 18. februar.

Lofoten Sjøprodukter AS Saksbehandler: Erik Staurset Andresen Veronika Nøstvold Mortsundveien 379 Telefon:

Høyring - forslag til innretning av havbruksfondet. Uttale frå Gulen kommune. Saksnummer Utval Møtedato 002/16 Formannskapet

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Dykkar ref Vår ref Dato /MAB 23. januar 2009

Kapittel I. Generelle føresegner

Saksnr. Arkivkode Saksh. Dykkar ref. Dato 16/309-3 / U43/ Aina Tjosås ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO

Klage over tildeling av drosjeløyve i Årdal kommune

Arkivsak Arkivnr. 313 Saksh. Døskeland, Inge. Hanson, Siri. Ragnhildstveit, Jomar. Ihler, Gurid. S.

Klage over tildeling av drosjeløyve i Naustdal kommune

Merknader til forskrift om tildeling av løyve til havbruk med laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn i 2009.

Saksframlegg. Fylkesdirektøren for næring rår hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

Politiske rammevilkår for havbruksnæringa

Fylkesdirektøren rår hovudutval for næring og kultur til å gjere slikt vedtak:

Høyringsnotat. 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet. 2 Gjeldande rett og bakgrunnen for framlegget OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

Utkast til merknader til forskrift om tildeling av løyve til havbruk med laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn i 2009.

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

HØYRING NYE BESTEMMELSER OM TORSKEOPPDRETT

FRÅSEGN TIL HØYRING OM FORSLAG TIL ENDRINGER I PLAN- OG BYGNINGSLOVA

Saksbehandlar: Elisabeth Aune, Næringsavdelinga Sak nr.: 15 /

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Birgit Aarønæs Lisbeth Nervik

2 6 JAN 2009 Arte 3/3-^> y Saksh "

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutvalet for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

Slakteriet AS (SF-F-30) - Tilsagn om utviding av løyve til slaktemerd lokalitet Hesteneset i Flora kommune, Sogn og Fjordane.

1 Fylkestinget går inn for å styrke kapitalbasen i Fjord Invest A/S med 15 mill kr.

Fjell kommune Arkiv: 320 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Monica Pedersen Dato: SAKSDOKUMENT

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

AHA! Arbeidsprogram Heilskapleg akvakulturforvaltning. Oppstartskonferanse AHA! Leikanger 6. april 2011

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden i Avslag i perioden i Laks og aure i sjø 22

Tilskot frå Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond i 2016

Saksnr. utval Utval Møtedato 004/17 FORMANNSKAP Uttale oppdrett matfisk på lokalitet Klungerholmen/Guleskjeret - Sulefisk AS

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 94/2015 Utval for drift og utvikling PS

Kvam herad. Arkiv: N-634 Objekt: Uttale frå Kvam herad i samband med søknad om ny lokalitet for oppdrett av matfisk av laks og aure ved Tveitnes

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Nærings-, plan- og bygningsutvalet

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Forskrift om auke av maksimalt tillaten biomasse for løyve til akvakultur med laks, aure og regnbogeaure i 2015

SAKSFRAMLEGG. Høyringsuttale - utkast til forskrift om særskilte krav til akvakulturrelatert verksemd i Hardangerfjorden

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /08 JONE

INTERNASJONAL STRATEGI

Fjell kommune Arkiv: 810 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Unni Rygg Dato: SAKSDOKUMENT

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

REKRUTTERING TIL MARIN SEKTOR

Styresak. Synnøve Serigstad Retningslinjer for brukarmedverknad i Helse Vest. Arkivsak 2012/105 Styresak 043/14 Styremøte

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre

REGIONAL KYSTSONEPLAN FOR SUNNHORDLAND OG YTRE HARDANGER - Avgrensa høyring

Kvam herad. Forslag til forskrift om særskilde krav til akvakultrrelatert verksemd i Hardangerfjorden-høyringsuttale frå Kvam herad

Strategien peikar på fire særlege utfordringar for reiselivet på Vestlandet:

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

Stord kommune - klage på vedtak om dispensasjon for etablering av Biltema på Heiane Vest

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /84 Kommunestyret. Buplikt for nær slekt - endring av forskrift for Vinje kommune

Vedtaksbrev. Dykkar ref. Vår ref. Stad/Dato: 16/457-2/FA - U43, HistSak -

STRATEGI FOR NYE OPPDRETTSARTAR PÅ VESTLANDET Innspel til Stortingsmelding nr. 19: Marin næringsutvikling

EID KOMMUNE. Møtebok. Detaljreguleringsplan for Lund masseuttak - vedtak

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Vågsøy kommune Rådmann


Saksnr. Utval Møtedato 014/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Torunn Liltved Arkiv: Arkivsaksnr.

Hovudutval for opplæring Saksbehandlar: Ole I. Gjerald/Erna Romøren Arkiv: A40 Arkivsaksnr.: 03/03774

Høyring av forslag til endring i motorferdsellova med forskrift - opning for catskiing. Merknad frå villreinnemnda for Setesdalsområdet

Skodje kommune Teknisk avdeling

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 92/2019 Utval for drift og utvikling PS

I møte gjorde Fylkeslandbruksstyret slik vedtak med 5 mot 2 røyster i sak nr. 08/4004:

HØYRING VEDK FORSLAG TIL STATLEGE PLANRETNINGSLINJER FOR DIFFERENSIERT FORVALTNING AV STRANDSONA LANGS SJØEN

Ot.prp. nr. 77 ( ) Om lov om endringer i akvakulturloven

Saksprotokoll. Tittel : Knutepunktoppdrag - høyringsuttale. Organ : Hovudutval for kultur Møtedato : Sak: 39/07.

Høyring Ny forskrift om ansvar for utgifter til spesialpedagogisk hjelp for barn under opplæringspliktig alder

Forslag til forvaltningsplan for verneområda i Setesdal vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane. Uttale frå villreinnemnda

Vurdering av eit tilbod innan blått naturbruk på Nordmøre

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref Stina Nordbak 15/

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Høyring - endringar i forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn som følgje av pensjonsreforma

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Høring - forslag til forskrift om tildeling av tillatelser til havbruk med laks, ørret og regnbueørret i sjøvann Grønne tillatelser

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Statsbudsjettet Kap. 551 post 64 Utviklingsmidlar til Oppland fylkeskommune - Tilskotsbrev - Overføringar - Rapportering

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

SAKSF RAM L E G G. Sakshandsamar: Haakon Stauri Begby Arkiv: MTR 141/49 Arkivsaksnr.: 18 / 3073

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: Telefonmøte Møtedato: Tid: 12.30

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Austevoll Melaks AS - Løyve til å etablere anlegg for oppdrett av matfisk av laks og aure på lokalitet Brandaskuta i Kvinnherad kommune

Transkript:

Hovudutval for plan og næring Side 1 av 7 Høyring - Forslag til forskrift om tildeling av løyve til havbruk med laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn 2009 Fylkesdirektøren rår Hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak: 1 Sogn og Fjordane Fylkeskommune ser mykje positivt i framlegget slik det ligg føre. Det er viktig at tildelingsprosessen vektlegg omsyn til miljø, kamp mot sjukdom (PD) og at den har intensjon om å ta vare på fylket sin eksisterande næringsstruktur med stort innslag av små og mellomstore aktørar. 2 Sogn og Fjordane Fylkeskommune er nøgde med at fylket vert tildelt fem løyve i 2009, og i tillegg har høve til å søke om dei fem nasjonale løyva på økologisk produksjon. Det er positivt at regjeringa ynskjer å fremme økologisk produksjon av laks og aure gjennom å øyremerke konsesjonar til dette føremålet utanom dei kvotane som er tildelt fylka. 3 Fylkeskommunen meiner tildelingsforskrifta ikkje bør setta eit tak på kor mange løyve ein søkjar kan tildelast. Aktørane bør sjølve vurdere dette ut frå sin eigen situasjon, kor mange løyve dei finn det økonomisk og bedriftsmessig er fornuftig å søke om. 4 Fylkeskommunen har tidlegare peika på (sak i Hovudutval for plan og næring 26.02.05) at ein er uroa for at inngangsbilletten for nye næringsaktørar kan bli for høg. Vi ber om at storleiken på vederlaget vert vurdert i lys av dette. 5 Det er positivt at deler av vederlaget aktørane betaler for løyvet skal tilbakeførast til fylkeskommunane, men ser gjerne at større del av overføringane fell på fylkeskommunen. Fylkeskommunen har m.a. gjennom høyringa i utkastet til ny akvakulturlov teke til orde for at vederlaget også må komme den kommunen som har kostnadane med tilrettelegging av produksjonsarealet, til gode. Tilbakeføring av vederlaget til fylkeskommunen kan gje oss ein reiskap til å følgje opp denne intensjonen. 6 Det bør gjerast ei avklaring av problemstillinga knytt til koplinga mellom kva fylka som mottek søknad om løyve og kor dei klarerte lokalitetane ligg, før ein gjennomfører ei utlysing av løyva i 2009. Dette med bakgrunn i at tilbakeføring av deler av betalinga for løyvet skal tilfalle fylket der løyvet vert gjeve, og ikkje nødvendigvis der lokalitetane skal vere. 7 Det er positivt at mindre aktørar, slik det vert definert i høyringsnotatet, skal prioriterast ved tildelinga. Når det gjeld å prioritere aktørar som vil legge til rette for auka bearbeiding er dette kriteriet positivt, men vil truleg vere vanskeleg å etterprøve. 8 Fylkeskommunen ser positivt på at den er tiltenkt ei rolle i denne tildelingsrunden. Fylkeskommunen er likevel i tvil om fylkesplanen i prosessen i 2009 vil vere det mest effektive reiskap for å dokumentera vurderingar av plassering av oppdrettsanlegg og for næringspolitiske vurderingar. Fylkeskommunen finn det meir rett å legge vekt på resultata som kjem fram gjennom næringa sitt store

Hovudutval for plan og næring Side 2 av 7 prosjekt i arbeidet med å bekjempe sjukdomen Pancreas disease (PD), som er eit stort problem i vårt fylke. 9 Fylkeskommunen meiner at formuleringa i høyringsutkastet om at Vurderingane til fylkeskommunen skal dokumenterast bør strykast. Ei uttale frå fylkeskommunane skal stå på eige grunnlag. Avveginga av fylkeskommunen sitt syn skal sjølvsagt vektleggast etter ei totalvurdering av den som skal tildele løyva, på line med andre kriterium for tildeling. Prenta vedlegg: 1 Utkast til forskrift om tildeling av løyve til havbruk med matfisk av laks, aure, og regnbogeaure i sjøvatn i 2009. Uprenta vedlegg: 1 Høyringsbrev: Høyring forslag til forskrift om tildeling av løyve til havbruk med laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn 2009. Datert 30. desember 2008. 2 Framlegg til svar frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune på høyring om utkast til ny lov om akvakultur (handsama i HPN 26.02.05)

Hovudutval for plan og næring Side 3 av 7 Saksframstilling 1. BAKGRUNN Sogn og Fjordane fylkeskommune har motteke eit utkast til høyringsforslag frå Fiskeri- og kystdepartementet (FKD) om forskrift for tildeling av løyve til havbruk med laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn 2009. Dei ber om innspel og merknader til høyringsforslaget innan 16. februar 2009. Høyringsbrevet omhandlar kort fortalt: Tildelinga av løyve skal skje mot fast vederlag Fylkesvis fordeling av løyva Søknadsprosessen medrekna konsultasjon med fylkeskommunane Kriteria for tildeling Saka var opp i hovudutval for plan og næring 21.01.09 (4/09) og vart då utsett med ynskje om at nokre tilleggsvurderingar skulle følgjast opp i saksutgreiinga. 2. VURDERING OG KONSEKVENSAR I høyringsbrevet ber Fiskeri- og Kystdepartementet om innspel på nokre konkrete problemstillingar som vert reist i utkastet til forskrift. I denne utgreiinga vil det derfor bli fokusert på desse områda. I utgangspunktet er ikkje høyringsforslaget spesielt kontroversielt, og i det store og heile ser fylkesdirektøren positivt på framlegget slik det ligg føre. Med tildeling av løyve i 2009 ynskjer regjeringa å bidra til å halde opp mangfaldet av aktørar i havbruksnæringa, då dei ser det som ei styrke at næringa har ein differensiert struktur med både små og mellomstore aktørar. Difor skal også mindre aktørar i næringa prioriterast ved tildelingar i denne runden. Fylkesdirektøren ser det som positivt at mangfaldet i næringsstrukturen vert halde fram som noko ein ynskjer, då særleg vårt fylke er kjenneteikna ved at vi nettopp har mange små og mellomstore aktørar. Nyare økonomiske analyser syner også at mellomstore aktørar i næringa kjem godt ut når det gjeld produktivitet og økonomi. Vidare ynskjer regjeringa at det vert lagt vekt på miljø og berekraft. Dette gjenspeglar seg m.a. i at tre av vestlandsfylka er tiltenkt 5 løyve kvar i denne tildelingsrunden. Desse løyva skal også nyttast til å følgje opp det pågåande arbeidet næringa sjølve har sett i gang for å kjempe mot sjukdomen PD (Pancreas disease) som har ramma næringa særleg i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og søre delar av Møre og Romsdal. Dersom anlegg har trong for å flytte for å betre smittetilhøva, skal slike argument prioriterast ved tildelinga av nye konsesjonar. Dette er eit arbeide fylkeskommunen ser det som særleg viktig å følgje opp. Tal løyve pr. aktør Høyringsinstansane blir bedne om å vurdere om det bør vere eit øvre tak for kor mange løyve ein søkjar kan tildelast. Dei meiner at omsynet til fordeling av løyve på fleire aktørar kan tilseie at det bør innførast eit slikt tak. I dei seinare åra har innteninga til næringa variert, mykje avhengige av tilhøve dei ikkje sjølve kan kontrollera (t.d. valutaendringar,

Hovudutval for plan og næring Side 4 av 7 marknadspreferansar, sjukdom hjå aktørar i konkurrerande land t.d. Chile). Vi ser føre oss at slike hendingar også vil spele inn i tida som kjem. Det er såleis vanskeleg å sjå føre seg kor attraktivt det til ei kvar tid vil vere for aktørar å søkje om fleire konsesjonar ved same tildelingsrunde. Fylkesdirektøren meiner difor at det ikkje bør settast eit slikt tak i tildelingsforskrifta, då aktørane sjølve bør vurdere ut frå sin eigen situasjon om kor mange løyve dei ynskjer å søke om. Så får det heller vere opp til dei som gjev konsesjonen korleis den endelege fordelinga vert. Tal løyve Sogn og Fjordane Fylkeskommune er nøgde med at fylket vert tildelt fem løyve i 2009, og i tillegg har høve til å søke om dei fem nasjonale løyva på økologisk produksjon. I tråd med regjeringa sin intensjon om at nokre av desse lokalitetane skal kunne nyttast som erstatning hjå aktørar som i dag har mindre eigna lokalitetar grunna smittefare for PD, er det ikkje sikkert at det totale tal konsesjonar i fylket veks med 5 eller fleire. Vederlag og kopling mellom fylke og lokalitetar Sidan løyve til oppdrett i dagens marknad vert omsett mellom næringsaktørar mot betaling, er det foreslått eit vederlag for konsesjonane også i 2009. Fylkesdirektøren finn det rimeleg at ved å ta betalt for løyvet, sikrar ein at verdien av løyva går til fellesskapet og ikkje til den som vert tildelt den særretten eit løyve er (og som fritt kan selje det vidare). Sogn og Fjordane fylkeskommune har tidlegare peika på (sak i Hovudutval for plan og næring 26.02.05) at vi er uroa for at inngangsbilletten for nye næringsaktørar kan bli for høg. Eit vederlag på kr. åtte millionar synest høg utifrå dei finansielle tilhøva vi har i dag. Fylkesdirektøren ser det som positivt at i alle fall deler av vederlaget aktørane betaler for løyvet skal bli tilbakeført til fylkeskommunane, men ser gjerne at større del av overføringane tilfell fylkeskommunen. Fylkeskommunen har m.a. gjennom høyringa i utkastet til ny akvakulturlov spela inn at vederlaget også må kome den kommunen som har kostnadane med tilrettelegging av produksjonsarealet til gode. Tilbakeføring av deler av vederlaget til fylkeskommunen gjev oss eit reiskap til å følgje opp denne intensjonen. Fylkesdirektøren merker seg at medan fylka sør for Finnmark får tilbakeført under 40 % av vederlaget som vert betalt for løyvet, vil Finnmark fylkeskommune få tilbakeført 100 % av summen som vert betalt for løyva i deira fylke. Eit løyve består av ein rett til produksjon av ein bestemt art i eit bestemt omfang på ein gitt lokalitet. Dette inneber at eit tilsegn om løyve ikkje gjev rett til drift før det er knytt ein lokalitet til løyvet. I søknaden om løyve må søkjaren vise til kvar han/ho ynskjer å ha lokaliteten. Denne må ligge innanfor den regionen til Fiskeridirektoratet der søkjaren søker løyve. Fylka Sogn og Fjordane og Hordaland utgjer ein slik region, og det vil i praksis bety at søkjarar i Hordaland kan knyte seg til lokalitetar i Sogn og Fjordane og vice versa. I dag finnst det, i følje Fiskeridirektoratet region Vest, døme på at løyveeigarar i Hordaland berre har lokalitetar i vårt fylke. I høyringsnotatet er det ikkje drøfta om kva fylke som skal ta imot tilbakeføring for betaling av løyvet i høve til kor lokalitetane ligg. Ein aktør opererer ofte i meir enn eitt fylke, og kva fylke er det då som skal få tilbakeført vederlaget for konsesjonen? Vi kan t.d. tenke oss at aktørar i Hordaland ynskjer å flytte lokalitetar nordover for å unngå mykje av

Hovudutval for plan og næring Side 5 av 7 smittepresset i høve ulike sjukdomsutbrot. Fylkesdirektøren meiner at denne problemstillinga burde vore avklart i høyringsdokumentet. Kriterium Det ligg som føring at mindre aktørar i næringa skal prioriterast ved tildelinga i 2009. Fiskeri- og Kystdepartementet legg til grunn at ein mindre aktør skal tolkast som det som blir kalla små og mellomstore selskap i Økonomiske analyser akvakultur 2007 utgitt av Fiskeridirektoratet. Dette omfattar aktørar med inntil 19 løyver til oppdrett av matfisk av laks, aure og regnbogeaure. I vårt fylke vil dette seie alle aktørar med unnatak av Marine Harvest. Også dei som ikkje har løyve frå før, fell inn under denne tolking. Sogn og Fjordane Fylkeskommune har ikkje motførestillingar mot denne tolkinga. Søkjarar som vil legge til rette for auka bearbeiding Regjeringa ynskjer å medverke til auka verdiskaping og sysselsetting i kystdistrikta, og vil difor i denne tildelingsrunden prioritere aktørar som vil leggje til rette for auka bearbeiding med sikte på økonomisk integrasjon i kystdistrikta i Noreg. Med kystdistrikt meiner ein her kommunar innanfor verkemiddelområdet for differensiert arbeidsgjevaravgift, og såleis alle aktuelle kystkommunar i vårt fylke (kommunar som ligg innafor nasjonale laksefjordar er ikkje aktuelle ved tildeling av nye løyve). Bearbeiding skal forståast vidt, og omfattar både slakting, vidareforedling og anna bearbeiding. Det står i høyringsutkastet at bearbeiding omfattar både eksistrerande og planlagd bearbeiding, både i og utanfor fylket eller regionen til løyvet det er søkt om. Dess større grad av bearbeiding som finn stad, dess meir skal det trekke i favør av aktøren. Det er ikkje naudsynt at søkjar sjølv eig verksemda som skal bearbeide produkta. Fylkesdirektøren ser kriteriet som prisverdig, men at det kan bli svært vanskeleg å prioritere etter dette. Skal det halde med god intensjon frå søkjar, eller skal det krevjast ei bindande kontrakt på levering av matfisk? Økologisk løyve Sogn og Fjordane Fylkeskommune ser positivt på at ein fremmer økologisk produksjon av laks og aure gjennom å øyremerke konsesjonar til dette føremålet og at desse kjem utanom ordinær kvote som er tildelt fylka. Søknadsprosessen Fylkeskommunane skal i denne tildelingsrunden uttale seg om næringspolitiske vurderingar i lys av fylkesplanen, medrekna kvar i fylket det er ønskjeleg med meir oppdrettsverksemd jf. forslagets 6,2. ledd. Vurderingane til fylkeskommunen skal dokumenterast. Fylkesdirektøren ser positivt på at fylkeskommunen er tiltenkt ei rolle i denne tildelingsrunden, også med tanke på at konsesjonstildelinga frå 2010 skal vere fylkeskommunen sitt ansvarsområde. Fylkesdirektøren er likevel i tvil om fylkesplanen i denne samanheng er det mest effektive reiskap for dokumentasjon om vurderingar av plassering av oppdrettsanlegg og for næringspolitiske vurderingar. Fylkesplanen er meint å vere meir eit overordna plandokument som skal gje føringar for langsiktige strategiar og vil nok vere varierande både i innhald og kvalitet når det gjeld å ivareta dette temaet fylka imellom. For Sogn og Fjordane sin del, er Fylkesplanen 2005-2008 vedteke forlenga ut 2010 for å ta høgde for dei nye oppgåvene som tilfell fylkeskommunen gjennom forvaltningsreforma. Den er såleis mindre oppdatert enn ynskjeleg for å danne bakgrunn for

Hovudutval for plan og næring Side 6 av 7 fylkeskommunen sine vurderingar ved denne tildelingsrunden. I tillegg har det sidan 2005 dukka opp nye utfordringar for havbruksnæringa som eksisterande plan ikkje tek høgde for. Fylkesdirektøren vil difor sjå det som meir rett å legge vekt på resultata og strategiane som kjem fram gjennom det arbeidet som næringa sjølve nå gjer, særleg med omsyn til det tidlegare omtala PD arbeidet på Vestlandet. Fylkesdirektøren stiller seg undrande til at formuleringa i høyringsutkastet om at Vurderingane til fylkeskommunen skal dokumenterast. Korleis dokumenterer ein politiske meiningar og føringar, og korleis skal ein tolke tilrådingar som er gjeve i fylkesplanen som vert skriven før 2005 i lys av dagens situasjon for næringa? Fylkesdirektøren meiner at uttale frå fylkeskommunane skal stå sterkt i seg sjølv, og at det ikkje skal vere etterprøving av denne. Avveginga av fylkeskommunen sitt syn skal sjølvsagt vektleggast etter ei totalvurdering av den som skal tildele løyva, på line med andre kriterium for tildeling. 4. KONKLUSJON/TILRÅDING Sogn og Fjordane Fylkeskommune ser mykje positivt i framlegget slik det ligg føre. Det er viktig at tildelingsprosessen vektlegg omsyn til miljø, kamp mot av sjukdom (PD) og at den har intensjon om å ta vare på fylket sin eksisterande næringsstruktur med stort innslag av små og mellomstore aktørar. Sogn og Fjordane Fylkeskommune er nøgde med at fylket vert tildelt fem løyve i 2009, og i tillegg har høve til å søke om dei fem nasjonale løyva på økologisk produksjon. Det er positivt at regjeringa ynskjer å fremme økologisk produksjon av laks og aure gjennom å øyremerke konsesjonar til dette føremålet utanom den kvoten som er tildelt fylka. Fylkesdirektøren meiner at det i tildelingsforskrifta ikkje bør settast eit tak på kor mange løyve ein søkjar kan tildelast, då aktørane sjølve bør vurdere ut frå sin eigen situasjon om kor mange løyve dei finn det økonomisk og bedriftsmessig fornuftig å søke om. Fylkeskommunen har tidlegare peika på (sak i Hovudutval for plan og næring 26.02.05) at ein er uroa for at inngangsbilletten for nye næringsaktørar kan bli for høg. Eit vederlag på kr. åtte millionar synast høgt utifrå dei finansielle tilhøva vi finn i dag. Vi ber om at storleiken på vederlaget vert vurdert i lys av dette. Fylkesdirektøren ser positivt på at i alle fall deler av vederlaget aktørane betaler for løyvet, skal bli tilbakeført til fylkeskommunane, men ser gjerne at større del av overføringane fell på fylkeskommunen. Fylkeskommunen har m.a. gjennom høyringa i utkastet til ny akvakulturlov spela inn at vederlaget også må kome den kommunen som har kostnadane med tilrettelegging av produksjonsarealet til gode. Tilbakeføring av vederlaget til fylkeskommunen kan gje oss eit reiskap til å følgje opp denne intensjonen. Fylkesdirektøren meiner at problemstillinga knytt til koplinga mellom dei einskilde fylka og regionen der ein søker om løyvet og kor dei klarerte lokalitetane ligg skulle vore klargjort i Høyingsdokumentet. Dette er ei reell problemstilling i og med at Fiskeridirektoratet sine regionar ikkje er dei same som fylkeskommunane sine administrative grenser.

Hovudutval for plan og næring Side 7 av 7 Det er positivt at mindre aktørar, slik det vert definert i høyringsnotatet, skal prioriterast ved tildelinga. Når det gjeld å prioritere aktørar som vil legge til rett for auka bearbeiding er dette kriteriet positivt, men vil truleg vere vanskeleg å etterprøve. Fylkesdirektøren ser positivt på at fylkeskommunen er tiltenkt ei rolle i denne tildelingsrunden. Fylkesdirektøren er i tvil om fylkesplanen i denne samanheng er det mest effektive reiskap for dokumentasjon om vurderingar av plassering av oppdrettsanlegg og for næringspolitiske vurderingar. Fylkeskommunen vil difor sjå det som rettare å legge vekt på resultata og strategiane som kjem fram gjennom det arbeidet som næringa sjølve nå gjer, særleg med omsyn til det tidlegare omtala PD arbeidet på Vestlandet. Fylkesdirektøren meiner at formuleringa i høyringsutkastet om at Vurderingane til fylkeskommunen skal dokumenterast bør strykast. Ei uttale frå fylkeskommunane skal stå på eige grunnlag. Avveginga av fylkeskommunen sitt syn skal sjølvsagt vektleggast etter ei totalvurdering av den som skal tildele løyva, på line med andre kriterium for tildeling.