FISKAREN OG FLØYFISKEN



Like dokumenter
EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Jon Fosse. For seint. Libretto

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Minnebok. Minnebok NYNORSK

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Brannsår, rus eller friheit?

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012


Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.


SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Til deg som bur i fosterheim år

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Med tre spesialitetar i kofferten

«Ny Giv» med gjetarhund

mmm...med SMAK på timeplanen

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

OK, seier Hilde og låser.

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman

Violet Otieno Catherine Groenewald Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Informasjon til elevane

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

Jon Fosse. Andvake. Forteljing

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas

6. trinn. Veke 24 Navn:

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Brødsbrytelsen - Nattverden

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

Plassebakken Barnehage

Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

FANTASTISK FORTELJING

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad


Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Bestefars klokke. Bestefars klokke tikkar i rommet snart vil ho slå ein time er omme

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 1. Nynorsk

Valdres vidaregåande skule

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Det var spådd frå gammal tid at Øyvære skulde gå under. Uti have låg det, og have skulde ta det. Det hadde

BIBELEN SITT TIDSPERSPEKTIV.

Plassebakken Barnehage

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Transkript:

FISKAREN OG FLØYFISKEN Eventyret om fiskarjenta Birte som budde ved Sogne orden. Fri e er eit kinesisk eventyr ved Bjørn Skanke Sande Illustrert av elevar ved Kringsjå leirskule hausten 2002.

FISKAREN OG FLØYFISKEN

FØREORD Kringsjå leirskule har snart vore i drift i 25 år. Til Balestrand har 6. og 7. klassingar kome langvegs for å studere livet i havet. Den løyndomsfulle og framande verda under ordoverflata er framleis ei rik kjelde for kunnskapstørste born og vaksne. Gjennom åra har leirskulen bygd opp eit innhaldsrikt undervisningssenter som vi har kalla Sogne ord Akvarium. Her finn ein 24 ulike akvarium, filmsal, galleri og utstillingar. Utandørs er der kontaktbasseng, kaiar og flytebrygger. Vi har valt fløyfisken som logo og maskot for akvariet. Denne vesle fisken er heilt spesiell. Om våren får hannfisken ein særs vakker gytedrakt med blågrøne, metalliske fargar. Ryggfinnen skyt den opp som eit segl for å imponere hoa. I mudderbotnen utafor akvariet er den ganske tallrik. På jakt e er mat ligg den nedgreven i leirbotnen og ventar på at eit by e skal kome forbi. Soga om Fritjof den Frøkne (djerve) som vart omdikta av den svenske diktaren Esaias Tegnér, gjorde Sogn og Balestrand kjend over heiile verda i byrjinga av 1800-talet. Ein kan sjå statua av Kong Bele på toppen av ein gravhaug li utanfor sentrum. Over orden, på Vangsnes, ragar den enorme bronsestatua av Fritjof den Frøkne. På Hammarsnes var der ein liten husmannsplass. Om vinteren var vegen mange gonger ikkje farbar. Is og skredfare gjorde det heller risikabelt å kome ned til orden. Men på sjøen og fisket må e ein skulle folk og fe berge livet gjennom ein lang vinter og vår.

Ved Sogne orden budde det ei ung jente som hei e Birte. Den vesle åkerflekken rundt husmannsplassen i Ese kunne ikkje brødfø henne. Kvar dag drog ho difor ut for å fiske. Ein stille vårmorgon låg Birte ved ilen ute på orden. Regndropane laga små boblar på vassflata og skodda hang nedover Raudmelen. Men fisken ville ikkje bite. Sjølv om ho mata med knuste blåskjel, fekk ho ikkje så mykje som ein knurr på snøret. Ho dreiv på heilt til kvelden kom,men ikkje ein einaste fisk fekk ho. Då med ei kjende ho eit vart drag i handa. Snøret var le, og Birte trudde kroken hadde vore i botnen. Då ho trekte opp, kom ein liten fløyfisk over båtripa. De e var lite å stille svolten med, tenkte ho og kasta den bak i robåten. Men straks fløyfisken da ned på tilja tok den til å tala, og den skapte seg om til ein vakker ung gut med strålande blå auge. Han var kledd i ein stasleg bunad og hadde ein svart ha med ei lang ør som nådde heilt ned til Vassflata. Kjære, slepp meg uti a, sa han og gret og bad. Eg har to brør og dei leitar e er meg.

Dersom eg ikkje kjem heim vert dei så redde for meg. Birte tykte alt de e var meir enn merkeleg, men som den forstandige fiskaren ho var, tok ho hendinga med fatning. Ho fann fram ei brødskive frå nistepakken sin og bydde fløyfiskguten å ete. Ikkje ver redd, du. sa Birte. Ta no og et, og så kan du fortelje meg li om deg sjølv. Det var tydeleg at guten var svolten og e erkvart som han åt, roa han seg. Eg heiter Vetle og er den yngste av tre brør, sa han, Brørne mine heiter Glimt og Stråle, og vi bur alle saman nede i orden under Hammarsnes. Du treng ikkje frykte meg, eg skal ro deg heim til brørne dine, sa Birte og la seg på årene. Sjølv om ho ikkje hadde fiskelukka med seg denne dagen, vart ho i godt humør av den underlege skapningen. Sognabåten glei le gjennom vatnet, og på kort tid dukka dei svarte, gla e svaberga ved H a m m a r s - nes opp. Birte la den vakre fløyfisken med den lange ryggfinnen forsiktig i vatnet, snudde båten og rodde heimover.

Re e er at ho hadde runda Veganeset vart ho var noko som steig opp i kjølvatnet e er båten. Forundra såg ho at guten ho hadde fiska kom opp i overflata, og bak han symde to andre fløyfiskgutar. Dei var alle kledde i staslege bunader i blå og grønt. Vakre gullsnorer hang ned frå skuldrane, og frå dei lange ha e ørene blinka eit blå lys. Birte venta, og gutane omringa båten og smilte venleg til ho. Sjå her, brør, sa Vetle, her har de fiskaren som sparde livet mi. Den største av dei vakre gutane symde helt bort til båten. Han bukka og svinga med ha en slik at Birte vart omkransa av den blinkande ha e øra. Den tunge, grå regnversdagen vart med ei borte. Det var som om Birte vart førd av stad på ei sky. Ho kjende ein sval vind over andletet, lyset funkla i dei mest fantastiske fargar og ho kjende ei duft av vill-jordbær. Langt borte høyrde ho ei stemme som tala: Vi vil berre takke deg, unge jente, for at du har teke deg av Vetle som hadde stukke av. sa den venleg. Han er så nyfiken at han ofte rotar seg bort. Du er eit godt menneske som ikkje berre spara livet hans, men også gav han mat og rodde han heilt heim. Vi vil gjerne løne

deg for det. Her på botnen av Sogne orden, 1000 meter under oss, ligg det skip fulle med gull og edelsteinar. Sei oss kva det største ønskje di er, så skal vi oppfylle det. Kva skal eg med skip fullasta med gull og edelsteinar, sa Birte og lo. Eg trivst med livet, og det eg ønskjer er berre fridom til å dra ut på orden for å fiske, eller gå ein tur i ellet for å sanke urter og ville bær. Då vil vi finne på noko høveleg for deg, sa Stråle, den eldste av brørne. Glimt, den mellomste av fløyfiskgutane, nappa ut ei av gullsnorene i bunaden sin og hekta på ei lita glaskule fylt med ei gyllen væske. Men Birte vegra seg og ville ikkje ta imot den vakre gåva. Slikt noko høver ikkje for meg. Det er berre rikfolk som pyntar seg på denne måten, ikkje vi husmannsfolk. De e er noko meir enn eit smykke, sa Stråle. Vi har få denne oljefylte glaskula av venen vår havmusa. Eitkvart menneske som har sår som ikkje vil gro, vert straks bra dersom du smør ein oljedrope på såret. Då Birte høyrde de e, gjekk tankane hennar til søstra som låg heime utan å kunne røre seg. Ho hadde akkurat eit slikt sår, som berre vart verre for kvar dag som gjekk.ho tok med takk imot gåva og vinka farvel til fløyfiskane. Med nye krefter greip ho godt tak i årene, tok spenntak for føtene i båten og fossrodde heimover. Ho var så ivrig e er å prøve lækjekrafta på såret til søstra.

Søstra var ikkje særleg blid da ho såg at Birte kom heim uten fangst, men ho vart stum av undring då ho fekk sjå den vakre halspynten. Du må ikkje tru eg har tenkt å ny e de e smykket til å pynte meg med sa Birte og lo. Det hende meg noko undarleg i dag, og smykket har eg få fordi eg sparde livet til ein fløyfiskgut. De e halskjedet har trolldomskraft, det lækjer folk som har sår som ikkje vil gro, slik som det du har. Kom, så prøver vi med det same. Eg gleda meg heile vegen heim til å fortelje deg om de e. Den eldste såg mistruisk på den yngre søstra. Men straks oljedropen kom på såret, kjende ho krafta. Det var som om rommet vart fylt av lys, og gode dufter strøymde mot ho. Som ved et under merka ho at såret i foten grodde og snart kunne ein ikkje sjå meir til det. Søstra hoppa ut or senga, greip tak i Birte og dei dansa rundt på golvet i glede. Ut på kvelden fall den eldste søstra i tankar. Tenk på det, Birte, at dersom vi tek to gullpengar for kvar vi lækjer for verkande sår, så kan vi verte rike på kort tid. Grådigskapen lyste ut or augo på ho medan ho tenkte på alt ho kunne ny e pengane til. Det kjem ikkje på tale å ta betaling for å gjere folk friske, sa Birte bestemt.birte var ei viljesterk jente som ikkje let seg presse, difor hjelpte det ikkje kor mykje søstra masa. Det vart som ho hadde sagt. Snart vart det kjend over heile landet at det budde ei ung fiskarjente ved Sogne orden som kunne lækje sår som ikkje ville gro.

Folk kom langvegs ifrå for å oppsøkje den vesle husmannsplassen ved orden. Dei fleste som kom var fattige og vart ekstra takksame då dei slapp å betale. Folk kom i båt og folk kom til fots. Heile dagen var det kø framfor huset og Birte lækte folk frå tidleg om morgonen til seint på e ermiddagen. Ho livberga seg som før av fiske, og sjølv om ho no må e ta kvelden og na a i bruk, fekk ho meir fisk enn før.dei store fangstane gjorde at ho tok til å undre seg over kva som var grunnen. Ein dag ho fekk ei stor kveite på over 50 kg på kroken, se e ho seg føre å finne ut av mysteriet.

Av ei uthola trestamme laga ho seg ein god sjøkikert. Birte rodde ut til ilen og slengde snøret uti. Ho stakk sjøkikerten nedi vatnet og såg kroken med agnet sakte søkkje mot botnen. Først skjedde ingen ting, men om li dukka nokre svære torskar og ein steinbit opp og tok til å snuse på agnet. Au då se e Birte i, då den største av torskane beit på og tok til å nappe og dra i snøret. Ho må e slenge sjøkikerten opp i båten slik at ho fekk hale inn den største torsken ho nokon gong hadde se. Denne skal tørkast på hjellen og verte til lutefisk i julehelga, tenkte ho glad. Ho stakk sjøkikkerten ned i sjøen a og såg ein stor stim av svære fiskar hadde samla seg under båten. Der var hyse, kviting, lusuer, berggylt, skrubbe, ein stor piggvar, mange glinsande seiar og ei sky brosme. Sjøen funkla i blå og grønt på ein merkeleg måte.

Nei, skulle du ha se på maken! ropte Birte høgt då ho fekk auge på dei tre fløyfiskgutane. Dei for rundt i ring og samla fisken. Med eit skarpt glimt svinga dei ryggfinnane som ein pisk.birte tok av seg det funklande halssmykket og ny a det til å sende teikn ned til fløyfiskane. Med Vetle i spissen kom fløyfiskgutane straks til overflata. For nokre snille og gode hjelparar de er som samlar fisken på denne måten sa Birte. Det er så moro å hjelpe deg lo Vetle. Glimt la til Sidan du ny ar heile dagen til å lækje folk med verkande sår, og a på gjer det gratis, må vi passe på så du ikkje svelt. No ser eg ei svær lange! ropte Stråle og pilte avgarde med ryggfinnen viftande rundt seg. Fangsten denne dagen gjorde Birte ekstra glad. Ikkje berre fekk ho torsk som skulle verte til lutefisk, ho hadde også drege opp feite, fine pigghå og berggylt. God i hugen rodde ho heimover medan ho tenkte ut oppskrifta på fiskesuppa ho skulle lage til. Slik gjekk dagane. Birte lækte sjuke folk om dagane, og når kvelden kom, for ho på sjøen for å fiske. Ho sende venlege tankar til dei tre fløyfiskgutane, Vetle, Stråle og Glimt, når ho drog opp den eine storfangsten e er den andre.

Men ein dag søstra hadde vore til Balestrand for å selje fisk på torget, kom ho farande inn døra og ropte opphissa: No har vi sjansen til å verte rike! I dag såg eg Fritjov, svigerson til kong Bele, kome heim frå tokt i vesterveg. Tre store skip fylte med alle slags kostesame ska ar, la inn til bryggja framfor kongsgarden. Men Fritjov må e berast på land. Eit sverdslag hadde gi han eit stygt, verkande sår i foten. Eg har høyrt, sa søstra stadig ivrigare at Kong Bele har lyst ut at den som kan gjere Fritjov frisk skal få vekta si i gull, og i tillegg bli sjølveigande bonde på den største garden langs orden. Kva bryr vel eg meg om det, sa Birte, å kunne hjelpe stakkars fa ige husmenn som slit og strevar for kongar og stormenn, gir meg nok ære og heider. Og kva skal eg med meir gull, når eg kvar dag får fisk nok, både til å selje og til å ete Nei, Fritjov tykkjer eg ikkje synd i, han får stille seg i kø ved hageporten i lag med andre som treng hjelp. De e svaret likte ikkje søstra, og alt neste kveld då Birte reiste på fiske, stal ho halssmykket og la i veg til kongsgarden. Om kvelden for Birte på sjøen som vanleg, og då ho kom heim, la ho seg straks til å sove utan å få mistanke om kva som hadde hendt. Om morgonen venta pasientane som før, men enn kor Birte leita, så fann ho ikkje halssmykket. Då ho oppdaga at søstra også var borte, var det ikkje vanskeleg å gisse samanhengen. Birte hoppa i robåten og la i veg til kongsgarden. Då ho nærma seg bryggja til kongsgarden, mø e ho eit skip på veg ut. Det var høg stemning og la er ombord. Eg skal bli storbonde på Vangsnes med skip og mannskap

høyrde ho ei stemme som sang. Ho hamla båten for ikkje å kome i vegen for skipet, då ho forskrekka drog kjensel på stemma. Det var hennar eiga søster som alt hadde få belønninga hjå kong Bele. Gje meg straks tilbake halssmykket! ropte Birte. Eg har mange folk heime som ventar på å bli friske. Sodå, ikkje ta den tonen, høyrde ho søstra svara. Det var tydeleg at ho alt kjende seg som ein storbonde som ikkje let seg kommandere av ei fa ig husmannsjente, sjølv om det var si eiga søster. Fritjov er alt vorten frisk, men han ville ta vare på smykket i fall såret skulle kome fram a. Dersom du absolu vil ha det a får du gå og be om det sjølv, lo ho idet vinden fylte seglet og førde båten avstad over Sogne orden mot Vangsnes på andre sida. Ho var sikker på at Birte var altfor redd til å gjere krav på smykket. Men der tok ho feil. Birte la til kai og gjekk strake vegen opp til hovuddøra. Ho vart førd fram til kongssalen der kong Bele og Fritjov sat benka rundt eit langbord. Så du er denne strie jenta som ikkje ville lækje svigerson min sa kong Bele. Han gav beskjed til vakta om å hente to gullpengar. Søstra di har få gull, ære og storgarden på Vangsnes i løn for lækjargjerninga. Men sidan vi alle er glade for at Fritjov er vorten frisk, skal du også få god pris for smykket før du fer heim sa kong Bele og slo ut med handa. Røvargullet kan du behalde, eg skal ha halssmykket, slik at eg kan reise heim og gjere folk som ventar på meg friske sa Birte bestemt.sjølv om kong Bele sle ikkje ville gje frå seg det verdfulle smykket, tykte han at de e var ein god dag til å ha li moro med den vesle fa igjenta. Dersom du kan løyse to oppgåver, skal du få det som du

vil smilte kong Bele lurt. Det er greit sa Birte og forstod at ho ikkje hadde noko val. Fritjov er svolten e er ei lang reise. Innan tre timar skal du lage ei fiskesuppe til han som er betre enn noko han før har smakt sa kong Bele og fortalde ingenting om at Fritjov ne opp hadde lovprisa alle dei himmelske rettane han hadde smakt i vesterveg. Birte hadde fiskesnøret i båten og rodde ut til den vanlege fiskeplassen sin. Her drog ho opp den eine rare fisken e er den andre: Ein fæl breiflabb, mange små tungevar, to knurr, ei feit, grådig ulke, glinsande vassild, ein slapp hågjel og fleire ulike leppefiskar. Felles for dei alle var at dei ikkje var vanleg å ny e til menneskemat. På vegen opp frå sjøen plukka ho friske urter og sopp. Før dei tre timane var omme, se e ho ein rykande suppebolle på bordet framfor kong Bele og Fritjov. Dufta spreidde seg i rommet og den første smaken gjorde Fritjov heilt stum. E er å ha se til livs alt, må e han berre innrømme at så frisk suppe med så mange spennanede nye smakar, hadde han aldri smakt. De e gjorde kong Bele tankefull.

Han gav ordre om at kongsskipet skulle gjerast klart, og så førde han Birte ombord saman med alle stormennene sine.då dei var komne 300 meter frå land tok kongen fram ein liten sølvkniv han hadde i beltet. Kong Bele visste at orden var svært djup, men sidan han ikkje var fiskar kunne han ikkje vite at re under dei var ein god fiskegrunne. Denne kniven ber namnet mi, finn du den, får du a smykket sa kong Bele og kasta kniven ut i bølgjene.utan å tenkje seg om, stupte Birte e er kniven. Det kalde ordvatnet skjerpa sansane hennar, men botnen var full av sprekker og steinar som gjorde leitinga vanskeleg. Her voks også tang og tare og ho såg mange sjøstjerner, syputer, sjøroser og anemoner. Ein trollhummar rømde baklengs vekk frå ho, og ein taskekrabbe sprang sidelengs forbi. Kniven var for liten til at ho fekk auge på den mellom alt det rare på botnen. Akkurat då ho hadde gi opp og finne kniven, dukka dei tre fløyfiskane: Vetle, Stråle og Glimt opp. Kva gjer du her spurde dei forundra. Birte fortalde om søstra, halssmykket og kong Bele. Vetle, som hadde lang erfaring med å leite e er merkelege ting på botnen, fann kniven på eit blunk.

Oppe på skipet gjekk kong Bele a og fram medan han fryda seg meir og meir. No må nok husmannsjenta vere drukna, tenkte han. Men då med eit plask dukka Birte opp frå vatnet. Ho klatra ombord, rekte kniven til kong Bele og sa: Her har du kniven, herre konge, gje meg halssmykket mi og lat meg få kome heim Men kong Bele ville ikkje gje frå seg smykket. Arg ropte han: Vakt, denne stakkarslege jenta har stole smykket mi, grip ho, fest ankeret til føtene hennar og sleng ho over bord Vakta gjorde som dei fekk ordre om, og Birte sokk nedover i sjøen utan å kunne røre seg. Då fløyfiskgutane fekk sjå de e vart dei rasande. Med dei lange ryggfinnane sine piska dei opp sjøen slik at bølgjene slo innover kongsskipet og det sokk til botn. Kong Bele og heile følgjet hans hamna i vatnet og klarde med naud og neppe å berge seg til lands. Fl ø y f i s k g u t a n e gjorde Birte fri frå ankeret, og så førde dei ho varleg a ende til husmannsplassen i Esebotn. Bakerst kom Vetle viftande med halssmykket som han fann like ved det søkte kongsskipet. Kong Bele og Fritjov fekk ein tankevekkar av denne hendinga. E erpå vart alltid husmennene handsama med respekt, og dei gjorde ikkje fleire forsøk på å røve til seg gods og gull.

Birte levde lukkeleg alle sine dagar i det vesle huset ved orden. Ho var oppteken med å lækje fa igfolk om dagen, og når kvelden kom reiste ho på sjøen for å fiske. Fiskelukka varte ved, og ho kom heim med den eine storfangsten e er den andre. Men fløyfiskgutane såg ingen noko meir til.

Takk til alle som har sendt teikningar. Vi har mo eke 314 teikningar frå elevar som var på leirskule hausten 2002. Tusen takk!! Vi har valt ut dei teikningane vi tykte passa best som illustrasjonar til eventyret. Men valet var ikkje le, og mange flo e teikningar vart ikkje ny a fordi det var fleire med det same motivet. Vinnaren av konkurransen og Kr 1000 vart : Laurits B. Bertelsen, 7a, Bønes skole. Ei flo teikning av Birte som ror og dei tre fløyfiskgutane med lange hatte ører i kjølvatnet. Flo!! Eventyret kan lastast ned frå interne : www.kringsja.no ( sjå side 9 under leirskule ) Desse fekk t-skjorte og caps med logo: side 1 Therese Karlsen, 7b Stange skole, 2335 Stange side 4 Marte Akselberg, 7b Skulestad skule, Strandav. 334, 5710 Skulestadmo side 5 Borghild Marie Jorde, Rukkedalen skule, 3540 Nesbyen side 6 Laurits B. Bertelsen, 7a, Bønes skole, Bønesberget 1, 5152 Bønes side 7 Torbjørn Olset, 7b, Halbrend skule, boks 7, 6801 Førde side 8 Michelle Vu, St.Paul skole, Christiesgt. 16, 5015 Bergen side 9 Ida Merete Ørbekk, Fredheim skole, Kronprinsm Olavsvei 31, 2819 Gjøvik side 10 Kristine Hornnes, 7b Halbrend skule, Boks 7, 6801 Førde side 11 Odd Geir Brateng, Etnedal sentralskule, 2890 Etnedal side 12 Johan Skare Moe, Slå en skule, 6800 Førde side 13 Irene Andesen, Ågotnes skule, 5363 Ågotnes side 14 Fillip-Andre Baarøy, 7c, Skjold skole Fanaveien 59, 5239 Rådal side 15 Anna Solheim, Fredheim skole, Kronprinsm Olavsvei 31, 2819 Gjøvik side 16 Preben Falch Jakoben, Bønes skole, Bønesberget 1, 5152 Bønes side 17 Katrine Nødtvedt, 7a, Bønes skole, Bønesberget 1, 5152 Bønes