offentleg informasjon Hareidlandet Kommunereforma 2016 intensjonsavtale

Like dokumenter
HAREIDLANDET EI ØYKOMMUNE UTANOM DET VANLEGE INTENSJONSAVTALE MELLOM ULSTEIN OG HAREID

HAREIDLANDET EI ØYKOMMUNE UTANOM DET VANLEGE INTENSJONSAVTALE MELLOM ULSTEIN OG HAREID

Vers /EMS/rev INTENSJONSAVTALE. Samanslåing av kommunane Vågsøy, Selje og Vanylven

RUNDE kommune. Intensjonsavtale Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven UTKAST Innhald:

Intensjonsavtale Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven RUNDE kommune -ei båtlengde føre

RUNDE KOMMUNE. Runde kommune skal vere - ein global spydspiss for havbasert verdiskaping - den mest attraktive kommunen å busette seg i på Sunnmøre

KOMMUNEREFORM 2016 INFORMASJON TIL INNBYGGARANE. Kvar står Hareid kommune om 20 år?

Vedlegg til Intensjonsavtale for Runde kommune Økonominotat

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

Informasjon til innbyggarane i Ørskog kommune om kommunereforma

? Foto: Simen Soltvedt?

Intensjonsavtale Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven RUNDE kommune -eit hav av mulegheiter

Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Modalen, Radøy og Solund

Medlemmer som er ugilde i ei sak vert bedne om å gi melding, slik at varamedlemmer kan verte kalla inn. Jf. 8, 3. ledd i forvaltningslova.

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

Ny kommune? Informasjon om kommunereforma i Nordhordland

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56

Nye kommunar i Møre og Romsdal

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Modalen og Solund

Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Masfjorden og Gulen kommunar

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

VANYLVEN KOMMUNE SAKSFRAMLEGG. Midtvegsrapport for kommunereforma Vanylven kommune sitt arbeid med. Tilråding:

Saksnr. utval Utval Møtedato 011/16 Kommunestyret

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV EIDFJORD KOMMUNE, GRANVIN HERAD OG ULVIK HERAD

Økonominotat. vedlegg til intensjonsavtalen om felles kommune Volda- Ørsta 29. FEBRUAR 2016 ØRSTA OG VOLDA FORHANDLINGSUTVALA ØRSTA OG VOLDA

Ny kommune i Sogn Sogn kommune. Balestrand, Leikanger, Vik og Sogndal

Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak:

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

KOMMUNEREFORM VELKOMEN TIL FOLKEMØTE

-Fantastiske muligheter for næringsutvikling. -Har god vekst. -God omstillingsevne, kommune har god vekst. -Har eigne ressursar vi kan byggje på.

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV EIDFJORD KOMMUNE, GRANVIN HERAD OG ULVIK HERAD

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Slik kan det også seiast kva er ambisjonen til våre naboar i Sunnfjord? Betyr det noko for oss?

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

ARBEIDSUTKAST "INTENSJONSAVTALE OM SAMANSLÅING KOMMUNANE FLORA OG VÅGSØY TIL KINN KOMMUNE"

Saksbehandlar: Vigdis Rotlid Vestad. Ref.: 2017/2464/FMMRVIVE Til: Felles kommunestyremøte

Kommunereform og fylkesmansstruktur

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Svein Arne Orvik Arkivsak: 2010/453 Løpenr.: 10025/2016

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Ny regionkommune HØNSSHUSSGÅSS

Kommunereforma - prosessvedtak med tidsplan for Vestnes kommune. Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Kommunikasjonsplan. Fase 2: Førebuande fellesnemnd. - desember 2016 juni 2017

Utkast Ny intensjonsavtale om kommunesamanslåing mellom Sykkylven og Stranda kommunar Storfjorden kommune

Prosjektplan. Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune

Kommunikasjonsplan. Sunnfjord kommune

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret KOMMUNEREFORMEN - OPPNEMNING AV FORHANDLINGSNEMND

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Prosjektplan Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune. Utkast for drøfting

Finnøy framleis aleine?

OSTERØY KOMMUNE. Kommunereform kva vert verknadane for Osterøy kommune

INTENSJONSAVTALE FOR NYE ØYGARDEN KOMMUNE. Fjell - Sund - Øygarden

Møteinnkalling for Partsamansett Utval

Kommunikasjonsplan. Nye Øygarden kommune

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Utkast til intensjonsavtale

Regionreform status. Trond Nerdal fylkesrådmann. Fellesmøte 28. september

Å FORME DEN NYE KOMMUNEN DIN?

lntensjonsavtale...3 Kommunenamn og kommunevåpen...3 Kommunenamn... 3 Kommunevåpen... 3 Administrasjonsstad... 3 Målform...4

ORGANISERING AV SEKTOR FOR SAMFUNNSUTVIKLING

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

Ko K mmuner o e mmuner f e orm f på Jær e Jær n e «nabopraten»

MØTEPROTOKOLL. Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne SAKLISTE:

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

"INTENSJONSAVTALE OM SAMANSLÅING KOMMUNANE FLORA OG VÅGSØY TIL KINN KOMMUNE" Flora og Vågsøy vil slå seg saman til ein kommune frå

Kommunedelplan for oppvekst

SAKSDOKUMENT. Kommunestyret vedtek å legge intensjonsavtalen datert fi-am for rådgjevande folkerøysting 27. februar 2017.

Kommunereforma - Skremmande trugsel eller spennande moglegheit?

INTENSJONSAVTALE OM SAMANSLÅING AV KOMMUNANE FLORA OG VÅGSØY TIL KINN KOMMUNE

Omstillingsavtale for tilsette i Eid og Selje kommune

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Intensjonsavtale. Ny kommune Balestrand og Høyanger. Dato: Balestrand og Høyanger kommune - Intensjonsavtale, dato

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 026/15 Bystyret PS

Kommunereforma - eit val mellom to alternativ

Ytre Søre i same båt?

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

VOLDA-ØRSTA KOMMUNE. Utkast til Intensjonsavtale 29. FEBRUAR FORHANDLINGSUTVALA Ørsta og Volda

Innkallinga og saklista har vore kunngjord med oppslag i rådhuset.

Fellesnemnda mndr 14 dagar til 1. januar 2020

Frivilligpolitisk plattform

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

Lovgrunnlag Lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova), 26 Fellesnemnd:

Dykkar ref.: Vår ref.: 11/ Dato: GISKE KOMMUNE SI VURDERING AV FRAMTIDIG KOMMUNESTRUKTUR - VEDTAK I GISKE KOMMUNESTYRE

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Innovasjonsmetoden vår

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen

ORGANISASJON OG DIGITALISERING

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Jan Einar Helseth Ottar Kaldhol. Varamedlemer som møtte: Namn Møtte for Representerer

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Kommunereform samanslåing av kommunane Vågsøy, Selje og Vanylven. Kommunestyra i Vågsøy, Selje og Vanylven. Kommunestyra i dei deltakande kommunar


S aksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkiv: 030 &23 Arkivsaksnr.: 16 /

Transkript:

offentleg informasjon Hareidlandet EIn ØYkommune UTANOM DET VANLEGE Kommunereforma 2016 intensjonsavtale

Saman igjen etter 100 år? Avtalen du held i handa er resultatet av forhandlingane mellom Hareid og Ulstein. Ein avtale som vi sjølve meiner er god for begge partar. Avtalen sikrar god balanse mellom dei to kommunane og er heilt i tråd med intensjonen om at kommunane skal opplevast som likeverdige. Vi har difor stor tru på at Hareidlandet vil verte ein god kommune å bu i. Hareid og Ulstein har eit godt utgangspunkt ved at begge er vekstkommunar med ei gunstig aldersfordeling i befolkninga. Ulstein har høg lånegjeld, men har samstundes langt høgare inntekter enn Hareid, som på si side no er på god veg ut av ROBEK. Ein felles kommune vil kunne gi ein del fordelar som vil kome innbyggarane til gode. I forhold til økonomiske konsekvensar vil dette kunne gi oss innsparing/meirinntekt på ca. 15-19 millionar kroner pr. år dei neste 20 åra, framfor å halde fram som kvar sine kommunar. Når vi vert ein kommune vil nokre funksjonar/oppgåver naturleg kunne samordnast, noko som vil gjere at vi brukar meir til tenester og mindre til administrasjon. Ein del fagmiljø vert større, noko som vil gi auka kvalitet og tryggleik. Andre avdelingar vil naturleg kunne samordnast og gi innsparingar, men vi vil presisere at dette skal skje over tid ved hjelp av naturleg avgang. Innbyggarane skal ikkje merke negative konsekvensar sidan tenestetilboda vi har i dag skal oppretthaldast på dei stadane dei er i dag. Folkerøysting i hareid Praktisk info om innbyggarundersøkinga og folkerøystinga inkl. førehandsrøysting/brevrøysting finn du på nettsidene til Hareid kommune: www.hareid.kommune.no / Tlf.: 70 09 50 00 innbyggarundersøking i Ulstein Praktisk info om innbyggarundersøkinga finn du på nettsidene til Ulstein kommune: www.ulstein.kommune.no / Tlf.: 70 01 75 00 Det ser ut som at Hareidlandet vert den 4. største kommunen i fylket (etter dei tre byane). Dette vil gi oss auka påverknadskraft overfor stat og fylke, og sidan kommunen vil vere tett befolka og ha god arbeidsplassdekning, vil Hareidlandet truleg verte ein av dei mest attraktive kommunane å busette seg i på Sunnmøre. Ei samanslåing av Hareid og Ulstein oppfyller ikkje alle intensjonane i kommunereforma, men er eit godt steg i rett retning. I tillegg viser innbyggarundersøkingane frå 2014 og 2015 at det er dette alternativet folket vil ha dersom det skal bli endringar. Anders Riise Ordførar i Hareid ordforar@hareid.kommune.no / Mob.: 995 09 355 Knut Erik Engh Ordførar i Ulstein knut.erik.engh@ulstein.kommune.no / Mob.: 957 66 692 Forhandlingsutvalet samla til signering av intensjonsavtalen - med statsminister Erna Solberg som vitne. Framme f. v.: Erna Solberg, Anders Riise, Knut Erik Engh. I midten f. v.: Berte Holstad Engen, Knut Kleiven, Annika Brandal, Steinar Torvik. Bak f. v.: Einar Vik Arset, Verner Larsen, Kai-Rune Bjørke. Kristian Fuglseth var ikkje til stades då bildet vart teke. 2

Intensjonsavtale KAP. 1 / INNLEIING Stortinget har vedteke å gjennomføre ei nasjonal kommunereform der alle kommunar skal utgreie alternativ til dagens struktur. Ulstein og Hareid har som intensjon å danne ein ny felles kommune frå 1. januar 2020. Det er kommunestyra som rår til om kommunane skal slå seg saman eller ikkje, etter dialog og medverknad frå innbyggarane. Ei endeleg avgjerd vert teken av Stortinget i juni 2017. Måla for reforma er gode og likeverdige tenester til innbyggarane, ei heilskapleg og samordna samfunnsutvikling, kommunar som er berekraftige og økonomisk robuste samt eit styrka lokaldemokrati. Ulstein og Hareid er ein del av ein kvardagsregion med felles bu- og arbeidsmarknad, høg pendlingsfrekvens mellom kommunane, korte avstandar og eit sterkt næringsliv. Begge kommunane har god folkevekst, samla sett over landssnittet. Kommunane er relativt tett befolka, med korte avstandar mellom kommunesentra og krinsane, og ei god demografisk fordeling av befolkninga. Kommunane har allereie i dag eit omfattande interkommunalt samarbeid, dei fleste i lag med dei andre kommunane på Søre Sunnmøre. Dei fleste av desse samarbeida må ein rekne med må halde fram. Ei samanslåing kan likevel gi ei rekkje moglegheiter og gevinstar: betre politisk samordning og overordna prioritering betre strategisk og administrativ styring større samla innovasjonskraft betre utnytting av personale og arealressursar større kraft som samfunnsutviklar kommunen får fleire oppgåver og større sjølvråderett større fagmiljø som kan gi meir berekraftige og fleksible tenester kostnadseffektiv drift Avtalen og det vidare samarbeidet skal legge til grunn at kommunane er å sjå på som likeverdige. Intensjonsavtalen skal danne grunnlag for utforming av, og innarbeidast i, samfunnsplanane og andre planar i dei noverande kommunane. KAP. 2 / VISJON OG MÅL Hareidlandet skal vere den mest attraktive kommunen å busette seg i på Sunnmøre grunna attraktive og definerte tettstadar og bustadområde, ein interessant og mangfaldig arbeidsmarknad, og eit framifrå kultur- og idrettsmiljø. HOVUDMÅL Å bygge ein sterk kommune som sikrar innbyggarane tenester av god kvalitet og fremjar vekst og utvikling i heile kommunen. Å vere eit førebilde for andre kommunar innan innovasjon og samfunnsutvikling. Å vere ein god nabo og konstruktiv samarbeidspartnar for dei andre kommunane på Sunnmøre. Ein fast og tydeleg lagspelar for næringsliv og frivillig sektor. Ein ambisiøs kultur- og idrettskommune på linje med dei større byane. Hareidlandet kommune skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar. Ei øy utanom det vanlege. KAP. 3 / SAMFUNNSUTVIKLING Attraktive tettstadar vert rekna som viktig for å sikre vekst og utvikling både i tettstaden sjølv, men også i tilgrensande krinsar. Ulstein og Hareid har begge kvar sine tydeleg definerte kommunesenter som skal utviklast vidare med tanke på å legge til rette for bulyst og attraktivitet. Fortetting og forskjønning i sentrum vert rekna som viktige verkemiddel for å oppnå dette. Det skal leggast til rette for eit breitt handels- og servicetilbod i tettstadane. Krinsane i kommunen skal framleis riggast for vekst og bulyst, og er avgjerande for utviklinga i tettstadane. Ein vesentleg del av veksten i kommunen skal difor skje her. Den nye kommunen skal difor sørge for at det til ei kvar tid er byggeklare tomter i alle krinsane. Eit sterkt Sunnmøre er ein føresetnad for at regionen skal kunne konkurrere med dei store byregionane. Det er difor viktig at Ålesund og kommunane rundt står saman om å bygge ein sterk region. Den nye kommunen ønskjer å vere ein aktiv pådrivar for dette. Ikkje minst vil realiseringa av HAFAST ha mykje å seie for regionen. 3

KAP. 4 / GODE OG LIKEVERDIGE TENESTER Samhandling med næringslivet og frivillig sektor er ein vinnvinn situasjon som alle partar tener på. Den nye kommunen vil arbeide for å legge til rette for eit fruktbart 2- eller 3-parts samarbeid til beste for alle innanfor flest moglege område. Ein variert arbeidsmarknad i og utanfor eigen kommune er avgjerande for rekruttering av nye innbyggarar. Den nye kommunen skal difor jobbe målbevisst med å legge til rette for fleire og meir varierte arbeidsplassar i heile kommunen. Trivsel i kvardagen handlar om gode kulturopplevingar og fritidstilbod. Eit breitt og godt samansett tilbod av organiserte og uorganiserte fritidssyslar må difor prioriterast. Likeeins må vi legge til rette for aktiv bruk av naturen. Heilskapleg samfunnsplanlegging og arealutnytting er trekt fram som eit av hovudmåla med reforma. Ein større kommune gjer det mogleg å planlegge og utnytte ressursane og moglegheitene som ligg i vårt område. Utarbeide tettstadsplanar for Hareid og Ulsteinvik og prioritere tettstadsutvikling i begge dei eksisterande kommunesentra. Kommunen skal sikre at det vert regulert og bygt ut tomteområde i alle krinsar. Gjennom konkrete og samordna planar finne gode løysingar for utvikling av Hareid sentrum, der helsehus, ungdomsskule og kultursal inngår. Plan- og utviklingsavdelinga skal leggast til Hareid for å tydeleggjere satsinga på sentrumsutvikling i Hareid. 10 millionar av reformstønaden skal øyremerkast sentrumsutvikling i Hareid. 5 millionar av reformstønaden skal øyremerkast sentrumsutvikling i Ulstein. Utvikling av viktige rekreasjonsområde og kulturminne i den nye kommunen skal prioriterast, til dømes Overåsanden, Kvitneset og Osnessanden. Det er semje om at basistenestene som folk brukar i det daglege i hovudsak skal ligge som dei gjer i dag. Slike tenester er: Skule SFO Barnehagar Legesenter Helsestasjonar Sjukeheimar Dagsenter Servicetorg Bibliotek Kulturskule Ungdomsklubb Idrettshallar Symjebasseng Ein ny og større kommune gir større fagmiljø innanfor administrasjon og spesialiserte tenester som vi med fordel kan samle for å auke trivsel, kompetanse og utviklingskraft. Sidan det berre er om lag 10 km mellom dagens to kommunesenter, er det naturleg å fordele oppgåvene mellom dei. Det ligg såleis godt til rette for ei god funksjonsfordeling. Innbyggarane i kommunen skal oppleve kvalitativt gode tenester der dei bur. Utvikle nye, eller ta over tenester som ein tidlegare ikkje har klart i eigen regi. Utvikle og/eller ta i bruk nye metodar og velferdsteknologi. Gi likeverdige tenester lett tilgjengeleg for brukarane. Bygge solide fagmiljø som fremjar trivsel, god rekruttering og god kompetanse. Samarbeide med frivillig sektor og næringslivet for å utnytte ressursane best mogleg. Nytte verktøy (til dømes Kommunekompasset) systematisk og kontinuerleg for å utvikle kvaliteten på tenestene. Ei trygg eldreomsorg med trivsel for den enkelte. Vedteke helsehus på Hareid skal innehalde følgjande fellesfunksjonar i kommunen: - Tannhelseteneste - Kommunepsykolog - NAV - Rus og psykiatri (administrasjon/leiing, adm.funksjon) For å styrke fagmiljøet og utvikle helsehuset, vert dei neste fire nye legeheimlane lagt til helsehuset på Hareid. Kveldslegevakt vert organisert som i dag. 4

KAP. 5 / FORDELING AV Oppgåver Administrative oppgåver og spesielle tenester skal fordelast slik: Strategisk leiing Koordinerande stabsfunksjonar Strategiske stabsfunksjonar Teknisk Oppvekst HeLse og omsorg Eigedomsforvaltning Funksjon hareid ulsteinvik Strategisk leiing * Strategiske stabsfunksjonar ** Plan og utviklingsavdeling Koordinerande stabsfunksjonar Teknisk Oppvekst Helse og omsorg Kultur (ikkje eigen etat/sektor med kommunalsjef) NAV Eigedomsforvaltning (organisert som KF etter modell frå UEKF) * Strategisk leiing omfattar: ordførar, rådmann, assisterande rådmann, kommunalsjefar, økonomisjef og personalsjef (8 pers). ** Strategisk stab omfattar: jurist, 1-2 rådgjevarar pr. kommunalsjef, kommunikasjonsavdeling og felles sekretariat (10-12 pers). SCAN QR-KODENE FOR KART OVER TENESTEFUNKSJONAR Hareid Ulstein 5

KAP. 6 / EIT LEVANDE LOKALDEMOKRATI Engasjement, deltaking og ei kjensle av å ha påverknad er avgjerande for eit levande lokaldemokrati. Dei folkevalde i den nye felleskommunen må tenkje heilskap og langsiktig utvikling til beste for fellesskapet. Ein større kommune kan verke trugande for nærdemokratiet, men ved hjelp av stort engasjement og teknologiske løysingar er det mogleg å styrke dialogen og medverknaden for alle, også mellom vala, og ikkje berre dei som målber dei sterkaste meiningane. Uansett er det relativt små forhold og korte avstandar, noko som burde gi eit godt grunnlag for eit levande demokrati. Den nye kommunen skal vere organisert etter formannskapsmodellen (som dagens kommunar). I første periode skal kommunestyret ha 31 medlemer. Formannskapet skal ha 9 medlemer. I tillegg til lovpålagde organ, skal kommunen ha eit ungdomsråd. Fellesnemnda utformar den politiske organiseringa elles. Kommunen skal gjennomføre ein meir aktiv dialog med innbyggarane gjennom nye digitale plattformer, fleire folkemøte, innbyggarundersøkingar og liknande. Kommunen er avhengig av og skal støtte frivillig innsats. Ansvaret til politisk sekretariat skal utvidast til også å ivareta/engasjere frivillig sektor. KAP. 7 / KOMMUNESENTER Det nye kommunesenteret vert Ulsteinvik. Partane er einige om at både Hareid og Ulsteinvik skal prioriterast med omsyn til tettstadsutvikling. KAP. 8 / KOMMUNENAmN OG KOMMUNEVÅPEN Den nye kommunen skal heite Hareidlandet. Hareid sitt kommunevåpen og ordførarkjede skal nyttast vidare. KAP. 9 / MÅLFORM Den nye kommunen skal ha nynorsk som målform, og ha ein medviten språkbruk og eigen språkbruksplan. KAP. 10 / INNBYGGARMEDVERKNAD Kommunane vil ha ein tett innbyggarmedverknad og koordinere tidspunkt for dette. Hareid skal gjennomføre folkerøysting og opinionsundersøking, Ulstein skal gjennomføre opinionsundersøking før det vert teke endeleg stilling til samanslåing. Kommunane skal aktivt informere grundig og balansert. KAP. 11 / EIN SUNN KOMMUNEØKONOMI Den nye kommunen skal ha ein sunn økonomi, drive effektivt og levere gode tenester. I perioden fram mot samanslåing pliktar kommunane å utøve ei forsvarleg drift. Kommunane skal ta kollektivt ansvar for gode prosessar og føreseielege handlingar, og må i fellesskap ta stilling til større investeringsprosjekt som belastar drifta etter samanslåing. Etter 2020 vil eit nytt felles kommunestyre ha ansvar for økonomiske prioriteringar basert på felles og heilskapleg utvikling. Kommunane skal i perioden fram til samanslåing vedta budsjett og økonomiplanar med positive driftsresultat. Det skal i tillegg arbeidast kontinuerleg med nødvendige omstillings- og effektiviseringsprosessar slik at den nye kommunen er mest mogleg veldriven frå dag ein. Brukarbetalingar og kommunale avgifter blir gradvis harmoniserte frå 2020 til 2030. Kommunane skal rapportere viktige økonomital til kvarandre gjennom tertialrapportar, og ha tett dialog omkring vesentlege endringar i driftsnivå og om investeringar som har netto kostnad inn i perioden for ny kommune. Det er ei målsetting at den nye kommunen ikkje skal ha eigedomsskatt. Dersom dagens Tussa-aksjar vert selde av den nye kommunen, skal avkastninga fordelast til nye investeringar i dei gamle kommunane basert på eigardel. Investeringsliste i prioritert rekkjefølgje: - Hareid ungdomsskule - Ulsteinvik barneskule - Aktivitetshus med tilhøyrande kultursal (Hareid) - Arbeidskyrkje (Ulstein)* * Dersom soknet får på plass ein stor del private bidragsytarar kan dette punktet realiserast tidlegare og løftast ut av prioriteringslista. 6

KAP. 12 / FELLESNEMND Fellesnemnda har etter Inndelingslova 26 ansvar for å styre og følgje opp samanslåingsprosessen i perioden frå det er gjort vedtak og fram til samanslåinga vert sett i verk 1. januar 2020. Fellesnemnda skal bestå av seks medlemer frå kvar av kommunane. Fellesnemnda skal veljast av og blant kommunestyra i kvar kommune. I perioden frå vedtak i kommunestyra om samanslåing og fram til dette er formelt godkjent i stortinget kan kommunane peike ut ei mellombels fellesnemnd som kan starte arbeidet med å førebu den nye kommunen. Det operative arbeidet skal utførast av ein prosjektorganisasjon utifrå ein prosjektplan. Dei tilsette skal sikrast medverknad gjennom eit nytt partssamansett utval for den nye kommunen. Fellesnemnda får disponere 10 millionar av reformstønaden. KAP. 13 / ARBEIDSGJEVARPOLITIKK Ei kommunesamanslåing er ei verksemdoverdraging, jf. Arbeidsmiljølova 16. Arbeidsgjevarpolitikken skal spele på lag med fagforeiningane og følgje lov- og avtaleverk på ein god måte. Målet er å bygge ein kompetent og attraktiv kommuneorganisasjon, og sikre gode fagmiljø som kan stimulere til god rekruttering og godt omdøme. Den nye kommunen skal etablere ein arbeidsgjevarpolitikk som bidreg til å samle og utvikle arbeidstakarane, og som skaper eit løysingsorientert miljø med gode relasjonar mellom arbeidsgjevar og arbeidstakarar. Den nye kommunen skal ha ein tydeleg og inkluderande arbeidsgjevarpolitikk der det vert lagt til rette for dialog også med dei folkevalde, og der det vert lagt vekt på mangfald og fagleg utvikling blant tilsette. Høg grad av medverknad frå arbeidstakarorganisasjonane både under og etter etablering av den nye kommunen. Den administrative omorganiseringa skal gjennomførast med ein god prosess i nært samarbeid med arbeidstakarane og deira tillitsvalde. KAP. 14 / VERDIAR I DET VIDARE ARBEIDET Arbeidet med ein ny felles kommune skal vere prega av tillit, respekt, rausheit og likeverd. Vi vil arbeide for ein best mogleg ny kommune der vi skal tenke moglegheiter og løysingar for vekst og velstand i heile kommunen. Avtaleteksta gir ei overordna strategisk skisse for bygging av den nye kommunen, og er eit produkt av semje mellom partane. Partane rår til at avtalen vert send på høyring til innbyggarane og kommunestyra for vidare politisk handsaming. 7

Økonomi Resultatgrad Netto driftsresultat i prosent av brutto driftsinntekter, konsern Kommune 2011 2012 2013 2014 2015 Snitt Vanylven 0,9 2,8 7,5 2,1 3,2 3,3 Sande 3,4 3,4 0,6-0,5-3,3 0,7 Herøy 5,1 2,9-5,1-6,2-0,3-0,7 Ulstein -0,6 2,4 8,5 1,8 2,7 3,0 Hareid 0,1 1,3 2,0 1,8 2,0 1,4 lånegjeld Tekst hareid ulstein Total lånegjeld 328 381 441 1 417 040 964 Lån til vidareformidling (startlån) -19 056 392-50 701 069 Sjølvkostinvesteringar (VA) -82 124 457-141 320 437 Lån med dekning i eigne inntekter -49 421 365-381 038 814 Rest lånegjeld som vert dekt av skatt/rammetilskot 177 779 227 843 980 644 Sum driftsinntekt mill kr 355,6 607,5 Innbyggarar 5 192 8 430 Total gjeld pr. innbyggar 63 248 168 095 Lånegjeld som vert dekt av skatt/rammetilskot 34 241 100 116 Lånegjeld i % av brutto driftsinntekter 211,5 331,1 www.tegneren.no FOTO: Arnstein Aurvåg, Vikebladet v/ylva Overå Hide, Per Eide BALANSE Tekst hareid ulstein E eigedelar Eigenkapital og gjeld Eigedelar Eigenkapital og gjeld Anleggsmidlar eks pensjon 454 255 1 565 355 Omløpsmidlar 88 319 366 367 Fond 16 241 91 504 Ikkje dekt underskot -5 574 0 Langsiktig gjeld/drift 177 779 843 981 Formidlingslån 19 056 50 701 Vatn/avløp 82 124 141 320 Lån med eigne inntekter 49 421 381 039