PLANPROGRAM RULLERING AV KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETTSANLEGG OG ANLEGG FOR FRILUFTSLIV MED HANDLINGSPROGRAM Datert

Like dokumenter
RULLERING AV KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETTSANLEGG OG ANLEGG FOR FRILUFTSLIV. Handlingsprogram Revidert Saksnr.

Skodje kommune Teknisk avdeling

Kommunedelplan. for fysisk aktivitet Planprogram - Høyringsutgåve

KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETTSANLEGG OG ANLEGG FOR FRILUFTSLIV

Revisjon av kommunedelplan for Idrett, friluftsliv og nærmiljø Framlegg til planprogram

AKTIVITET OG FRILUFTSLIV I SUNNFJORD KOMMUNE

Forslag til planprogram Kommunedelplan for anlegg hus og område for idrett, fysisk aktivitet og kultur

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Planprogram. Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Balestrand «Saman er vi sterke og får til det vi vil»

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

KOMMUNEDELPLAN FOR HERØY - Hamneplan

Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

Planprogram for revisjon av Kommuneplan

Planprogram. Skulebruksplan Lærdal kommune

Planprogram for samfunnsdelen til kommuneplanen

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND

Forslag til planprogram for «Plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv » Søndre Land kommune

Sauda kommune. Planprogram Kommunedelplan for helse og omsorg i Sauda

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

Arkiv FE-140. Kommuneplan Planprogram arealdel - Offentleg ettersyn

Radøy kommune Saksframlegg

Saksbehandler: Øyvind Flatebø Arkiv: 143 C20 Arkivsaksnr.: 16/556 PLANPROGRAM KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETT OG FYSISK AKTIVITET

KOMMUNEDELPLAN FOR OPPVEKST FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM 25. AUGUST 2015

Gjeldende kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet går ut ved utgangen av 2016, og skal revideres i tråd med plan- og bygningsloven.

PLANPROGRAM KOMMUNEDELPLAN FOR FYSISK AKTIVITET OG NATUROPPLEVELSE. Planperioden Fotograf: Christine Berger

Skodje kommune Teknisk avdeling

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

BAKGRUNN OG FORMÅL MED EIT PLANPROGRAM...

Kommunedelplan for sti og løyper Utkast til planprogram

Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og naturopplevelse Planprogram høringsforslag

Hareid kommune Kommunedelplan for vatn og avløp Forslag til planprogram

Midsund kommune. Møteinnkalling. Utval: Planutvalet Møtestad: Kantina, Kommunehuset Dato: Tid: 12:00

Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

ØYGARDEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Framlegg til planprogram

Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv: Rullert handlingsprogram

VARSEL OM OPPSTART AV PLANARBEID - DETALJREGULERING

Målselv mulighetslandet. Kommunal planstrategi

Rullering av kommunedelplan for trafikksikring Framlegg til planprogram

FORSLAG TIL PLANPROGRAM

PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETT, FYSISK AKTIVITET OG FRISKLIV Storfjord kommune

PLANPROGRAM FOR DETALJPLAN FOR RÆSTADHAGEN HYTTEFELT Detaljregulering av ein teig av gnr. 27, bnr. 4 på Ræstad i Midsund kommune.

Kommunedelplan for oppvekst

FORSLAG TIL PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETT, FYSISK AKTIVITET OG FRISKLIV Storfjord kommune

Arbeidsprosess Kommuneplanen sin samfunnsdel

REGIONAL KYSTSONEPLAN FOR SUNNHORDLAND OG YTRE HARDANGER. VEDTAK AV PLANPROGRAM

Plan for utvikling av barnehage og skule i Balestrand kommune Planprogram

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Planprogram. Kommunedelplan for fysisk aktivitet og friluftsliv

Planprogram. Kommunedelplan for fysisk aktivitet og naturopplevelser

Kommunedelplan for kultur og idrettsanlegg, fysisk aktivitet og friluftsliv

Saksnr. utval Utval Møtedato 002/16 Planutvalet /16 Bystyret Fastsetjing av planprogram for områderegulering Indre Øyrane

Kommunedelplan for naturmangfald. Etnedal kommune. Planprogram

Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

EIKEN KOMMUNEDELPLAN PLANPROGRAM

Planprogram for trafikksikkerhetsplan Tysvær kommune

Revidering av Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet Planprogram - høringsforslag

Kvam herad. Arkiv: N-245 Objekt:

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Roppen Arkivsak: 2015/83 Løpenr.: 9123/2017. Utvalsaksnr. Utval Møtedato 17/67 Ulstein formannskap

REGIONAL PLANSTRATEGI

MØTEBOK. Fylkeshuset - møterom Sygna. Møtedato Kl

Fjell kommune Arkiv: 310 Saksmappe: 2011/ /2011 Sakshandsamar: Cecilie Krohn Dato: SAKSDOKUMENT

Strategiplan for idrett og friluftsliv

KOMMUNEDELPLAN TINGVATN - SNARTEMO PLANPROGRAM

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

Plan for utvikling av barnehage og skule i Balestrand kommune Planprogram

Skulebruksplan

PLANPROGRAM KOMMUNEDELPLAN IDRETT OG FYSISK AKTIVITET HØRINGSFORSLAG VEDTATT SENDT PÅ HØRING AV FORMANNSKAPET

Regional transportplan Sogn og Fjordane

PLANPROGRAM. Tysnes kommune, rullering av samfunnsdel

Kvinesdal kommune Vakker Vennlig Vågal. Forslag til planprogram. Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet

Søkje om spelemidlar. Spelemiddelkurs Florø, Dale, Skei, Stryn og Lærdal

KOMMUNEDELPLAN FOR TUR- OG SKILØYPER, BYKLE KOMMUNE PLANPROGRAM Forslag pr Vår ref. 2016/13 Foto: Grete Breivik

Hovedrullering av Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet Planprogram

Planprogram for Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet for Ullensaker kommune

FRÅSEGN TIL HØYRING OM FORSLAG TIL ENDRINGER I PLAN- OG BYGNINGSLOVA

Kulturminne og kulturmiljø

KOMMUNEDELPLAN TRAFIKKTRYGGING HERØY KOMMUNE

Skodje kommune Teknisk avdeling

PLANPROGRAM - HOVUDPLAN FOR VATN OG AVLØP

Utv.saksnr.: Utval: Møtedato: 35/17 Formannskapet

Kommunedelplan for fysisk aktivitet og folkehelse Planprogram. Vedteke av kommuneplannemnda sak 06/

Kommunedelplan for skule Framlegg til planprogram

Skodje kommune Teknisk avdeling

Planprogram for Kommunedelplan for vassforsyning

SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Formannskapet /11 Kommunestyret /11. Arkiv FE-143, FA-C22

Vinje kommune. Økonomi, plan og utvikling. Kommuneplanens samfunnsdel - til høyring og offentleg ettersyn

Sak XX/XX PLANPROGRAM. Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

Ing. Egil Ulvund A/S, 5627 Jondal

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør Arkitektbedriftene Rådgivande ingeniørers foreining RIF

PLANPROGRAM ENDRING AV FØRESEGNENE TIL KOMMUNEPLANEN SIN AREALDEL

SAKSFRAMLEGG. Revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel for Fitjar kommune. Oppstart av Planprogram.

Planprogram Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet

Planprogram for kommunedelplan for kulturminne Framlegg til offentleg ettersyn

Transkript:

PLANPROGRAM RULLERING AV KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETTSANLEGG OG ANLEGG FOR FRILUFTSLIV MED HANDLINGSPROGRAM 2010-2014. Datert 19.08.09. 1

INNHALD. 1 PLANPROGRAM FOR RULLERING AV KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETTSANLEGG OG ANLEGG FOR FRILUFTSLIV... 3 1.1 PLANPROGRAM.... 3 2 KOMMUNEPLANARBEIDET... 3 2.1 FØRINGAR FOR ARBEIDET.... 3 2.2 ORGANISERING AV PLANARBEIDET... 3 2.2.1 Medverknad og mobilisering... 4 2.2.2 Planprogram for kommunedelplanen... 4 2.2.3 Innspel til planprogrammet... 4 3 GJELDANDE PLAN.... 4 3.1 STATUS FOR GJELDANDE KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETTSANLEGG OG ANLEGG FOR FRILUFTSLIV.... 4 4 FØREMÅLET MED RULLERING AV HANDLINGSPROGRAM 2010-2014... 5 4.1 MÅLSETJINGAR FOR ARBEIDET MED RULLERING AV HANDLINGSPROGRAMMET... 5 5 UTGREIINGSBEHOV... 5 5.1 HOVUDSPØRSMÅL... 5 5.1.1 Område for idrett, kultur og friluftsliv.... 5 5.1.2 Bygg og anlegg... 5 5.1.3 Friluftslivsinteressene.... 5 5.1.4 Prosjekt i regi av lag og organisasjonar... 5 6 OFFENTLEG HØYRING... 6 6.1 HØYRING AV PLANPROGRAM OG OPPSTART AV RULLERING AV PLANEN.... 6 7 FRAMDRIFT.... 6 7.1 MÅLSETTING... 6 8 PLANDOKUMENT... 7 8.1 KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETTSANLEGG OG ANLEGG FOR FRILUFTSLIV 2009-2021... 7 8.2 PRIORITERT HANDLINGSPROGRAM FOR 2009-2013... 7 2

1 PLANPROGRAM FOR RULLERING AV KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETTSANLEGG OG ANLEGG FOR FRILUFTSLIV 1.1 Planprogram. Stortinget vedtok 27. juni 2008, ny plandel til plan- og bygningslova. Ny plandel til plan-og bygningslova set eit krav om planprogram, som grunnlag for oppstart av alt kommuneplanarbeid. Plan-og bygningslova 11-13, 11-14 og 11-15 set krav til prosess og høyring av planprogram og forslag til kommunedelplan. I samsvar med ny planlov, skal planprogram leggast ut til offentleg ettersyn i 6 veker før det vert fastsett gjennom eige vedtak. Offentleg ettersyn av planprogram kan samkjørast med oppstart av planarbeid. Planprogrammet fortel kva planlegginga skal handle om, og korleis den skal gjennomførast. Planprogrammet skal vere tilpassa omfanget av, og nivået på planarbeidet og dei problemstillingar planarbeidet er meint å omfatte. Planprogrammet skal gjere det tydelegare for alle partar kva som skal planleggjast, korleis planlegginga skal skje og kva som må utgreiast nærare. Dokumentet er med på å skape forutsigbarheit og vil beskrive korleis ulike interesser kan delta i planlegginga. Kommunedelplan for idrettsanlegg og anlegg for friluftsliv med handlingsprogram for perioden 2010-2014, skal følgje ny plan-og bygningslov sine prosesskrav fram til endeleg vedtak. Det er i denne omgang berre handlingsprogrammet til kommunedelplanen som skal rullerast. Ein ser føre seg ei hovudrullering av heile plandokumentet i 2012. 2 KOMMUNEPLANARBEIDET 2.1 Føringar for arbeidet. Statlege styresmakter har sidan 12.10.1998, sett krav til kommunale langtidsplanar for utbygging av idrettsanlegg. Kommunedelplan for idrettsanlegg og anlegg for friluftsliv består av ein langsiktig styringsdel og eit handlingsprogram. Langsiktig del skal m.a. klargjere kommunen sine målsetjingar og behov for framtida i eit 12 årsperspektiv. Handlingsprogrammet er den kortsiktige delen av kommuneplanen, og inneheld m.a. oversikt over prioriterte og uprioriterte tiltak dei neste 4 åra. Det er ein føresetnad for å søke spelemidlar, at tiltak er prioritert i handlingsprogrammet som vert rullert kvart år. 2.2 Organisering av planarbeidet Arbeidet med rullering av handlingsprogrammet til kommunedelplan for idrettsanlegg og anlegg for friluftsliv skal organiserast slik: Styringsgruppe - Det faste planutvalet Administrativ gruppe Arbeidsgruppe 3

Administrasjonen har utarbeidd forslag til planprogram. Det faste planutvalet vil, etter den offentlege høyringa fastsette programmet. 2.2.1 Medverknad og mobilisering. I planarbeidet ønskjer kommunen å legge opp til stor grad av medverknad frå idrettsrådet i Skodje, lag -og organisasjonar. Kommunen skal, i samarbeid med idrettsrådet, friluftsrådet og barnerepresentanten utarbeide eiga oversikt over opplegg for medverknad. I planprosessen vil ein rette seg særskilt mot idrettslag, foreiningar, brukarlag og interesseorganisasjonar. Slik vil ein prøve å nå ut til både dei som driv med særidrettar, og til dei som legg til rette for allment friluftsliv og fysisk aktivitet. Partane i.h.t. eiga høyringsliste, vil får plandokumenta tilsendt. Andre vil kommunen nå, gjennom annonsering i aviser og på Skodje kommune sine heimesider. Ein ønskjer brei medverknad frå alle med særskilt engasjement for dette interesseområdet. Ein vil gjennom direkte kontakt med lag og organisasjonar, oppfordre til satsing på tiltak for barn-og unge. 2.2.2 Planprogram for kommunedelplanen. Føremålet med planprogrammet er hovudsakleg å avklare kva spørsmål som det skal arbeidast med i planarbeidet, og å avklare korleis arbeidet med rullering av denne kommunedelplanen skal gjennomførast. 2.2.3 Innspel til planprogrammet Gjennom den offentlege høyringa av planprogrammet, kan kvar og ein kome med innspel. Det er i denne runden opna for innspel knytt til det konkrete planprogrammet. Innspel til planprogrammet, kan m.a. omfatte forslag til andre og/-eller forslag til nye spørsmål som bør utgreiast i det foreståande planarbeidet. Innspel kan også omfatte synspunkt som går på planprosessen, -og ålmenta eller visse interesseorganisasjonar sitt høve til medverknad. Innspel frå idrettsrådet, lag og organisasjonar om konkrete tiltak og utbyggingsprosjekt i kommunen, vil bli handsama som innspel til det oppstarta planarbeidet. 3 GJELDANDE PLAN. 3.1 Status for gjeldande kommunedelplan for idrettsanlegg og anlegg for friluftsliv. Kommunestyret i Skodje vedtok 16.12.08, sak 63/08, Kommunedelplan for idrettsanlegg og anlegg for friluftsliv 2009-2021, med handlingsprogram for perioden 2009-2013. Handlingsprogrammet utgjer ei oversikt over aktuelle tiltak i kommunen. Tiltaka er delt slik at anlegg med realistisk finansieringsplan, ligg inne i prioritert handlingsprogram for perioden 2009-2014, medan resten er plassert under uprioriterte tiltak for 2009-2021. Dei ulike anlegga er definert innanfor følgjande kategoriar, som det kan søkast om spelemidlar for: Nærmiljøanlegg Ordinære anlegg Rehabilitering av anlegg 4

4 FØREMÅLET MED RULLERING AV HANDLINGSPROGRAM 2010-2014. 4.1 Målsetjingar for arbeidet med rullering av handlingsprogrammet. Årleg revisjon av handlingsprogram. Få oversikt over nye prosjekt og aktivitet i regi av lag og organisasjonar. Klargjere status og resultat sidan siste rullering. Styrke satsinga på tiltak for friluftslivsaktivitet. Vurdere behovet for eit eige handlingsprogram for friluftslivet. 5 UTGREIINGSBEHOV 5.1 Hovudspørsmål. I samband med utarbeiding av handlingsprogram for perioden 2010-2014, vil følgjande tema bli drøfta særskilt. 5.1.1 Område for idrett, kultur og friluftsliv. Kommunen har ei målsetting om å legge til rette for opparbeiding av gode anlegg for varierte aktivitetar. Kommunen skal gjennom eigen innsats, og gjennom samarbeid med lag og organisasjonar arbeide for å auke mangfaldet. 5.1.2 Bygg og anlegg. I planprosessen skal ein vurdere behovet for sikring av områder til bygg og anlegg for idrett og kultur. Ein skal vurdere eksisterande områder, og vurdere behovet for evt. utviding eller tilrettelegging av desse. I dette ligg også satsing og utbetring av områder for parkering. 5.1.3 Friluftslivsinteressene. Gjennom planprosessen vil ein vurdere behovet for eit eige handlingsprogram for friluftslivet. Målsettinga i kommuneplanen om å vidareutvikle eksisterande rekreasjonsområder og grøntstruktur, med fokus på tiltak som kan nå ei brei gruppe av befolkninga, vil bli lagt til grunn. Kommunen vil søke særskilt samarbeid med friluftsrådet på dette området. Buområda i kommunen er omkransa av skogar med tilgjengelege skogsvegar og flott turterreng. Variasjonen i naturen, og høve til å gå frå fjøre til fjell er særeigen, og ein viktig kvalitet som kommunen ønskjer å ta vare på. Eit viktig prinsipp for slik tilrettelegging i desse områda er tilgjengelighet for alle, slik ny plan-og bygningslov definerer dette. Det er behov for sikring av areal til etablering av nye parkeringsplassar, eller utviding av eksisterande parkeringsareal også i tilknyting til utfartsområda og attraktivt turterreng. 5.1.4 Prosjekt i regi av lag og organisasjonar. I samband med rulleringsarbeidet, skal kommunen gjennom kontakt med idrettsråd, lag og organisasjonar og friluftsrådet, få oversikt over nye anlegg og tiltak som det er realistisk å gjennomføre i programperioden. Ein vil vidare få ein oversikt over status på igangsette og avslutta tiltak. 5

6 OFFENTLEG HØYRING. 6.1 Høyring av planprogram og oppstart av rullering av planen. Forslag til planprogram vert sendt til høyring til berørte partar og myndigheiter. Det vert parallelt høve til å kome med innspel til oppstart av planarbeid. Oppstart vart også kunngjort 16.05.09. Registrerte lag, organisasjonar og friluftsrådet i kommunen vil få saksdokumenta tilsendt. I følgje vedlagt framdriftsplan, vil forslag til handlingsprogram bli utlagt til offentleg ettersyn i løpet av oktober/november 2009. Prioritert handlingsprogram for perioden 2010 2014, vil bli utarbeidd i samråd med Skodje idrettsråd. 7 FRAMDRIFT. 7.1 Målsetting. Fasar i planarbeidet Samarbeid og medverknad Pol/adm handsaming Framdrift Oppstart av planarbeid Varsel om oppstart jmf. annonse 16.05.09. Administrasjonen Forslag til planprogram Offentleg ettersyn planprogram Kunngjering i aviser og i.h.t. eiga liste. Innspel frå lag og organisasjonar, idrettsråd og barnerepresentanten Administrasjonen 07.07.09. Frist 18.08.09. Fastsett planprogram Det faste planutvalet 27.08.09. Utarbeiding av forslag til handlingsprogram 2010-2014 1. gongs handsaming av handlingsprogram Offentleg ettersyn handlingsprogram Administrasjonen Evt. Arbeidsgruppe (frist 14.09.09) Innspel frå lag og organisasjonar, idrettsråd og barnerepr. Del av september Det faste planutvalet 30.09.09. Okt/nov.(6 veker) Handsaming av merknader/revisjon Eigengodkjenning av kommunedelplan Administrasjonen Det faste planutvalet Kommunestyret November 09.12.09. 15.12.09. 6

8 PLANDOKUMENT. 8.1 Kommunedelplan for idrettsanlegg og anlegg for friluftsliv 2009-2021. Kommunedelplan for idrettsanlegg og anlegg for friluftsliv består av ein tekstdel og ein handlingsdel. Tekstdelen legg føringar på aktiviteten innanfor dette delplanområdet for dei neste 12 åra. Kommunedelplanen sin generelle tekstdel for perioden 2009-2021, vil ikkje vere del av denne rulleringa. Det skal gjennomførast ei hovudrullering i 2012. 8.2 Prioritert handlingsprogram for 2009-2013 Dokumentet skal rullerast, slik at nye prosjekt som styrker idrettslivet og friluftslivet kan bli vurdert til på prioritert plass. 7