ADRESSEPROSJEKT - SOGNDAL KOMMUNE Høyring av 15 endringsframlegg og 7 nye vegmnamn Innhald: 1. Kunngjering og bakgrunn for høyringa. 2. 15 endringsframlegg frå høyringsrunde i 2014 3. 3 nye framlegg til vegnamn Kaupanger 4. 3 nye framlegg til vegnamn Kjørnes 5. 1 nytt framlegg til vegnamn Nedrehagen
KUNNGJERING Vegadresseprosjekt Sogndal Endringar og nye vegnamn til uttale. Namnenemnda sine framlegg til 73 nye vegnamn i Sogndal var utlagt til gjennomsyn/uttale i perioden 22.11. 20.12.2014. Etter høyringsrunden har namnenemnda gjort endringar i sine framlegg for 15 av dei opprinnelege namneframlegga. Dette gjeld Flatane, Hausavegen, Langavedlene, Storebøen, Våteviksvegen, Fruhidlaren, Fjordvegen, Vestreim, Gjerdebakken, Vindhaug, Indre Slinde, Loftesnes, Baringavegen, Noravegen og Breisetevegen. Namnenemnda sine framlegg til nye vegnamn for desse parsellane vert no utlagde på ny til gjennomsyn. Adressemyndigheita har også vedteke namnsetjing av i alt 7 nye vegar i byggjefelta Bråtane på Kaupanger, Kjørnes (nedanfor riksvegen) og Nedrehagen i sentrum. Desse vert også utlagde for gjennomsyn. Namnenemnda sine framlegg til endringar og nye vegnamn vert utlagde til gjennomsyn med uttalefrist 24.07.2015. Person som har tilknyting til ein adresseparsell har høve til å uttale seg om namnenemnda sitt namneframlegg på parsellen. Uttalen må vere grunngjeven og underskriven og ha opplysning om personen si tilknyting til parsellen. Om nokon kjenner til andre Ikkje fastbuande med tilknyting til ein adresseparsell, oppmodar ein om at vedkomande vert informert om denne kunngjeringa og får høve til å uttale seg. Dokumenta i saka er utlagde i Tenestetorget på kommunehuset, Sogndal bibliotek, Coop Prix Kaupanger og Joker butikken i Fjærland. Informasjon er også tilgjengeleg på Sogndal kommune si nettside www.sogndal.kommune.no under sjølvbetening offentleg
Sogndal kommune Namnenemnda Plan og næring Sakshandsamar: Eirik Røysi Tlf: 57 62 96 51 Vår ref. 14/822-9 Arkiv L32 Dykkar ref. Dato 02.06.2015 Namnenemnda - Referat frå møter den 07.05.2015 Møtenummer: 3/15 Deltakarar: Kjell Magne Hillestad Aage Engesæter Eirik Røysi Anders J. Bøyum (var innkalla men korkje han eller vara Endre Distad kunne møte) Jon Erlend Hougsrud Møtedato: Ref. sendt til: Møtedeltakarane Varamedlemene Rådmannen 1. Gjennomgang av referat frå møta den 12.3. og 17.03.15. Medlemane hadde gjennomgått det omfattande møtereferatet frå dei to føregåande møta og hadde ein del mindre tilføyingar/korreksjonar som vart registrert. E. Røysi oppdatere referatet og sender den korrigerte versjonen ut til mottakarane på ny. 2. Endra vegnamn som må utleggast på ny høyringsrunde. Som fylgje av høyringsrunden og ei oppsummering av referatet i punkt 1, har namnenemnda endra sitt opprinnelege framlegg til vegnamn for i alt 15 parsellar. Desse er: 13650 FLATANE til 13650 FLATAVEGEN 13620 HAUSAVEGEN til 13620 EGGJAGRENDI 13490 LANGAVEDLENE til 13490 LANGAVELLENE 13330 STOREBØEN til 13330 STOREBØVEGEN 13040 VÅTEVIKSVEGEN til 13040 VÅTVIKSVEGEN 13080 FRUHIDLAREN til 13080 FRUHILLEREN 13070 FJORDVEGEN til 13070 FJÆRLANDSFJORDVEGEN 15200 VESTREIM til 15200 VESTREIMSVEGEN 16070 GJERDEBAKKEN til 16070 STØLSVEGEN 16060 VINDHAUG til 16060 SKÅRSVEGEN 16040 INDRE SLINDE til 16040 SLINDE 15060 LOFTESNES Utgår 15010 BARINGAVEGEN til 15010 BARSNESVEGEN 16000 NORAVEGEN til 16000 NORAFJORDVEGEN 15160 BREISETEVEGEN til 15160 ØVSTE SKOGEN NB! For gatekode 15060 LOFTESNES har adressemyndigheita på grunnlag av innkomne opplysningar revurdert utstrekninga av parsellen. Det har medført at adresseparsellen blir for kort og får for få adresseiningar til å utgjere ein eigen adresseparsell. NB! For gatekode 16040 INDRE SLINDE føreslegen endra til 16040 SLINDE har adressemyndigheita på grunnlag av innkomne opplysningar revurdert parsellutstrekninga. Det medførte at ein registert sideveg vart trekt ut av adresseparsellen. 3. Nye vegnamn Bråtane bustadfelt, Kjørnes bustadfelt og Bustadfeltet i Nedrehagen Postboks 153 Tlf.: 57 62 96 00 Bankgiro: 3705.15.54222 6851 Sogndal Fax: 57 62 96 01 Bankgiro for skatt: 6345.06.14205 E-post: postmottak@sogndal.kommune.no Org.nr.: 936 401 651
2 Adressemyndigheita har gjort ei vurdering av dei nemnde bustadfelta og funne behov for at det vert oppretta 3 nye adresseparsellar i Bråtane bustadfelt på Kaupanger, 3 nye adresseparsellar på Kjørnes bustadfelt nedanfor riksvegen og 1 adresseparsell i Nedrehagen bustadfelt. Namnenemnda har fått i oppdrag å framskaffe framlegg til namn på dei 7 nye parsellane, slik at desse kan leggast ut på høyring samstundes med dei 15 namnendringane i punkt 2 ovanfor. Bråtane bustadfelt: Utanom namnet Bråtane er det er lite registrerte stadnamn i området. Grunneigar har vor kontakta, men heller ikkje han kjenner til spesielle lokale namn i området. Bråtavegen er i bruk i det eksisterande bustadfeltet. Arkeologiske undersøkingar i området har funne spor etter at det har gått før seg trekolbrenning i området, og namnenemnda legg i sitt framlegg vegnamn til grunn det eine stadnamnet ein har i området og tidlegare aktivitet som har gått føre seg her. Framlegga til vegnamn er: 6910 BRÅTANE 6920 TREKOLVEGEN 6930 KOLMILEVEGEN Kjørnes Bustadfelt (nedanfor riksvegen): Her har kommunen bygd ut nytt vegnett og selt ein del tomter i det siste byggetrinnet for Kjørnes bustadfelt nedanfor riksvegen. I denne delen av byggjefeltet er det to adresseparsellar som ikkje er namnsette. Området har her vorte kalla Kleivane og det var fleire kleiver i området der folk har teke seg fram med hest og slede og tømmertransport m.m. Ei av kleivene var ekstra vanskeleg på passere og fekk namnet Meistrekleiv. Namnenemnda finn å leggje dette temaet til grunn namnsetjinga og gjer framlegg om fylgjande vegnamn på dei to vegane i området: 10920 MEISTREKLEIV 10930 KLEIVANE Vidare manglar det vegnamn på hovudvegen gjennom det førre byggetrinnet av Kjørnes bustafelt som vart utbygt av Vikane A/S. Det vil her bli 9 bueiningar som har direkte tilknyting til denne vegen som er om lag 550 m lang. Manglande vegnamn her gjer at adressering vert uoversikteleg og vanskeleg å orientere seg etter. Det er difor bestemt at også her skal opprettast eigen adresseparsell. Vegen kryssar over det som tidlegare var gbnr 1/7 «Vedlegjerdet» og gbnr 1/11 «Vedlegjerd1». Namnenemnda sitt framlegg til namn på denne parselle er difor: 10910 VEDLEGJERDSVEGEN. Nedrehagen Bustadfelt: Det er her ein adresseparsell som oppfyller adresseforskrifta sine krav til å utgjere eigen adresseparsell. Namnenemnda finn det naturleg å nytte gardsnamnet som namn på vegen og har fylgjande namneforslag: 13610 NEDREHAGEN.
3 Eirik Røysi avdelingsingeniør Vedlegg: Kopi til:
NYE VEGNAMN SOGNDAL KOMMUNE NAMNENEMNDA SINE ENDRINGAR I FRAML ETTER HØYRINGSRUNDE HAUSTEN 2014 Opprinneleg framlegg Framlegg endra til: 13650 FLATANE 13650 FLATAVEGEN 13620 HAUSAVEGEN 13620 EGGJAGRENDI 13490 LANGAVEDLENE 13490 LANGAVELLENE 13330 STOREBØEN 13330 STOREBØVEGEN 13040 VÅTEVIKSVEGEN 13040 VÅTVIKSVEGEN 13080 FRUHIDLAREN 13080 FRUHILLEREN 13070 FJORDVEGEN 13070 FJÆRLANDSFJORDEN 15200 VESTREIM 15200 VESTREIMSVEGEN 16070 GJERDEBAKKEN 16070 STØLSVEGEN 16060 VINDHAUG 16060 SKÅRSVEGEN 16040 INDRE SLINDE 16040 SLINDE (NB! Endra parsell) 15060 LOFTESNES UTGÅR 15010 BARINGAVEGEN 15010 BARSNESVEGEN 16000 NORAVEGEN 16000 NORAFJORDVEGEN 15160 BREISETEVEGEN 15160 ØVSTE SKOGEN NB! For gatekode 15060 LOFTESNES har adressemyndigheita på grunnalg av innkomne opplysninga revurdert parselldelinga. Det medførte at adresseparsellen vart blir for kort og får for få adresseeiningar for å utgjere ein eigen adresseparsell. NB! For gatekode 16040 INDRE SLINDE har adressemyndigheita på grunnalg av innkomne opplysninga revurdert parselldelinga. Det medførte at ein del av adresseparsellen vart teke ut av parsellen.
Målestokk 1:3000 Stedsnavn og andre tekster Abc Foreslått gatenamn Adressekode med namneforslag : 13650 Flatavegen
Adressekode med namneforslag : 13620 EGGJAGRENDI Målestokk 1:6000
Adressekode med namneforslag : 13490 LANGAVELLENE Målestokk 1:2000
Adressekode med namneforslag : 13330 STOREBØVEGEN Målestokk 1:4000
Adressekode med namneforslag : 13040 VÅTVIKSVEGEN Målestokk 1:8000
Målestokk 1:1500 Adressekode med namneforslag : 13080 FRUHILLEREN
Adressekode med namneforslag : 13070 - FJÆRLANDSFJORDEN Målestokk 1:50000
Adressekode med namneforslag : 15200 - VESTREIMSVEGEN Målestokk 1:2000
Adressekode med namneforslag : 16070 - STØLSVEGEN Målestokk 1:2000
Målestokk 1:1500 Adressekode med namneforslag : 16060 SKÅRSVEGEN
Målestokk 1:2500 Adressekode med namneforslag : 16040 SLINDE
Adressekode med namneforslag : 15010 BARSNESVEGEN Målestokk 1:16000
Målestokk 1:50000 Adressekode med namneforslag : 16000 NORAFJORDVEGEN
Adressekode med namneforslag : 15160 ØVSTE SKOGEN Målestokk 1:25000
Adressekode med namneforslag : 6930 KOLMILEVEGEN Målestokk 1:1500
Adressekode med namneforslag : 6920 TREKOLVEGEN Målestokk 1:1500
Adressekode med namneforslag : 6910 BRÅTANE Målestokk 1:2000
Målestokk 1:1500 Adressekode med namneforslag : 10920 MEISTREKLEIV
Målestokk 1:1500 Adressekode med namneforslag : 10930 KLEIVANE
Målestokk 1:2000 Ny adresseparsell Adressekode med namneforslag : 10910 VEDLEGJERDSVEGEN
Målestokk 1:1500 Ny adresseparsell Adressekode med namneforslag : 13610 NEDREHAGEN