HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201209344-1 SAKNR 33/12 Arkivnr. 520 Dato: 12. november 2012 Saksh. Vennesland, Eystein Delegasjonsmyndighet Fylkesrådmannen Delegasjonsreglementet pkt. 2.9 NY ORGANISERING AV OPPLÆRINGSSEKTOREN - HOVUDPROSJEKT SAMANDRAG Ny organisering av opplæringssektoren er gjennomført i to etappar. Med vedtak 31.10.2011, arkivsak 201103480-14, vart konklusjonen på eit forprosjekt at linjeleiinga mellom opplæringsdirektøren og skulane ved rektor skulle styrkjast. Gjennom hovudprosjektet er det nye leddet i styringslinja definert gjennom rolla regionleiar. Det er lyst ut og tilsett i tre stillingar som regionleiar for opplæringsdirektøren. Dei tre leiarane tek til 1. januar 2013. I hovudprosjektet er det også arbeidd vidare med intern organisering ved Opplæringsavdelinga. Opplæringsdirektøren tek dessutan sikte på å innføre ny inndeling i regionar tidleg i 2013. Arbeidet med organisering i seksjonar i avdelinga starta i mars 2012, og leiarar, tilsette, ein rektor, tillitsvalde og ekstern konsulent har vore involvert i prosessen. Forslag til vedtak er at det vert fire seksjonar: Skule, Fellestenester, Fagopplæring og OT/PPT. Grovt sett vil Fagopplæring og OT / PPT ha dei same oppgåvene som tidlegare. OT/PPT går frå å vere ei ytre eining til å bli ein intern seksjon. Skule får hovudansvaret for den skulefaglege oppfølginga i avdelinga, mellom anna organisering og leiarskap på skulane, drift og utvikling av fagskulane, verksemdbasert vurdering, etter- og vidareutdanning, arbeid i fagutval (FAU), inntak til alle utdanningar, eksamenskontor og arbeid med lokalgitt eksamen, spesialundervisning, SYR og samarbeid skule/arbeidsliv, elevretta arbeid, internasjonalisering, pedagogisk bruk av IKT og vaksenopplæring. Fellestenester får hovudansvaret for den administrative oppfølginga i avdelinga, mellom anna generelt økonomiarbeid internt og eksternt, kompetanseutvikling, informasjonsarbeid, juridiske saker, oppfølging av politiske saker, handlingsplan for avdelinga, kvalitetssystem, personalforvaltning, HMT-arbeid, beredskapsarbeid, IT, dokumentasjonssenter, ekspedisjon, post og telefon. I tillegg vil det bli lagt meir vekt på å arbeide på tvers gjennom prosjekt- og programstyring.
Ansvar og oppgåver i dei to nye seksjonane er meir omfattande og av ein annan karakter enn i dagens struktur. Opplæringsdirektøren tek difor sikte på eksterne utlysingar. Fagopplæringssjefen er konstituert, og difor vert også denne stillinga utlyst. Leiarstillinga for OT/PPT vert vidareført som no. Vedtak 1. Det vert fire seksjonar i staben til opplæringsdirektøren a. Fellestenester (ny seksjon) b. Skule (ny seksjon) c. Fagopplæring d. OT / PPT 2. Ledige leiarstillingar for Fellestenester, Skule og Fagopplæring vert lyst ut eksternt. 3. Intern organisering av seksjonane vert gjort i samarbeid mellom opplæringsdirektøren og leiargruppa i avdelinga. Paul M. Nilsen fylkesrådmann Svein Heggheim opplæringsdirektør 2
Fylkesrådmannen 12.11.2012 Ny organisering av opplæringssektoren er gjennomført i to etappar. Med vedtak 31.10.2011, arkivsak 201103480-14, vart konklusjonen på eit forprosjekt at linjeleiinga mellom opplæringsdirektøren og skulane ved rektor skulle styrkjast. Gjennom hovudprosjektet er det nye leddet i styringslinja definert gjennom rolla regionleiar. Det er lyst ut og tilsett i tre stillingar som regionleiar for opplæringsdirektøren. Dei tre leiarane tek til 1. januar 2013. I hovudprosjektet er det også arbeidd vidare med intern organisering ved Opplæringsavdelinga. Opplæringsdirektøren tek dessutan sikte på å innføre ny inndeling i regionar tidleg i 2013. Arbeidet med intern organisering av avdelinga starta i mars 2012. Det har vore lagt vekt på involvering av leiarar, tilsette og tillitsvalde gjennom presentasjon og drøfting i tre avdelingsmøte, personalsamling 20. september og i Informasjons- og drøftingsmøte 7. november. Intern organisering Opplæringsdirektøren ønskjer å tilpasse den interne organisasjonen på avdelinga til ny leiarstruktur for opplæringssektoren. Det vert lagt opp til fire seksjonar i stab: 1. Skule Denne seksjonen skal bestå av arbeidsområde som er direkte knytt til det som skjer ute på skulane, eller som har innverknad på skulane. a. Organisering og leiing av skulane: Seksjonen «Skule» skal mellom anna ha ansvar for felles leiarstruktur og organiseringa av denne og sjå til at det ikkje vert for mange lokale variantar av felles leiarstruktur. Til dømes vert avdelingsleiarfunksjonen praktisert ulikt på skulane. Ei viktig oppgåve å arbeide vidare med er opplæring av avdelingsleiarane for å oppnå meir likskap i praktiseringa av leiarrolla mellom skulane. Eins praksis kan omfatte kva det vil seie å ha personalansvar, økonomiansvar og liknande. b. Fagskulane c. Verksemdbasert vurdering d. Etter- og vidareutdanning e. Arbeid i fagutval (FAU) f. Inntak til alle utdanningar g. Eksamenskontor og arbeid med lokalgitt eksamen h. Spesialundervisning i. SYR og samarbeid skole arbeidsliv j. Elevretta arbeid (samfunnsdeltaking, motivering) k. Internasjonalisering l. Pedagogisk bruk av IKT m. Vaksenopplæring 3
2. Fellestenester Ein av funksjonane til seksjonen «Fellestenester» er å samle arbeidet med økonomi i høve til både interne og eksterne budsjett. Det vert sett fokus på å styrkje økonomiarbeidet som i dag vert gjort ved Drifts- og utviklingsseksjonen: a. Økonomiarbeid interne og eksterne budsjett. b. Intern opplæring kompetanseutvikling c. Informasjonsarbeid internt og mot skulane d. Juridiske problemstillingar regelverk, avtalar e. Arbeid med politiske saker oppfølging f. Handlingsplan for avdelinga g. Dokumentasjonssenter h. Ekspedisjon, sentralbord, post i. Kvalitetssystem j. Personalforvaltning k. HMT-arbeid l. Beredskapsarbeid m. IT-støttetenester og utvikling av fagsystem 3. OT / PPT Denne seksjonen er i dag ei ytre eining, men vil i ny modell inngå som ein del av stabstenestene til opplæringsdirektøren. Dette blir endra for å styrkje samhandlinga kring tenestene og leggje forholda betre til rette for dialog med leiarane i den nye leiarstrukturen. Det vert ikkje lagt opp til vesentlege endringar i denne seksjonen isolert sett: a. Arbeid retta mot elevar og lærlingar i. Sakkunnig instans ii. Rettleiing av skulane iii. Individuell rettleiing og oppfølging av elevar og lærlingar med særlege behov iv. Kurs og fagsamlingar b. Ressursteam på alle offentlege og private vidaregåande skular c. Ungdom utanfor opplæring d. Praksisopplæring for psykologi- og spesialpedagogikkstudentar e. Saksbehandlingssystem (PPI, OTTO) 4. Fagopplæringa Seksjonen vert vidareført som ei teneste knytt direkte til opplæringsdirektøren og vil i all hovudsak ha dei same tenestene som tidlegare: a. Formidling av lærlingar og lærekandidatar b. Forvaltning av opplæringsordningar c. Kvalitetssikringsarbeid d. Arbeid med prøvenemnder 4
e. Arbeid med vitnemål og fagbrev f. Informasjon om fag- og yrkesutdanning g. Førebu og leggje fram saker for Y-nemnda h. Kompetansebygging Den nye leiargruppa til opplæringsdirektøren vert med dette sett saman av åtte leiarar: Arbeid på tvers - prosjekt I tillegg til organisering av arbeidet gjennom fire seksjonar ønskjer opplæringsdirektøren å leggje vekt på arbeid på tvers, gjerne i form av prosjekt. Dette vil mellom anna gjelde: a. Planarbeid (VBV, IKT, Spesialpedagogikk, Strategiplan for fag- og yrkesopplæring, vaksenopplæring, andre planar). b. Gjennomføring i skule og fagopplæring a. Ny GIV b. Grunnkompetanse c. Vidare utvikling av kvalitetssystemet, internkontroll d. Informasjonstryggleik Rekrutteringsprosessen Opplæringsdirektøren tek sikte på å lyse ut tre stillingar eksternt i samband med omorganiseringa. Einingane «Skule» og «Fellestenester» vil ha meir ansvar og fleire oppgåver enn dagens einingar og vert difor lyst ut eksternt. På Fagopplæringa er det for tida ein konstituert fagopplæringssjef, og denne stillinga blir no lyst ut som fast stilling. Det er få endringar i OT/PPT, og det er difor ikkje naturleg å lyse ut denne leiarstillinga. Ein tek sikte på å lyse ut stillingane i november 2012, men ein vil ikkje gjere tilsetjingar før regionleiarane er på plass. Målsetjinga er difor at leiarane vert tilsett innan 1. februar. Med oppseiingstid kan det tenkjast at dei siste leiarane ikkje er på plass før i mai 2013. Fysisk plassering Det skal etablerast ei ny leiargruppe for opplæringssektoren, og det er då viktig at ein får eit godt og samkøyrt team. Særleg i ein startfase er det viktig at leiarane sit i nærleiken av kvarandre for å lette kommunikasjonen i det daglege. Det er difor ei målsetjing å samle regionleiarane og leiarane for «Skule» og «Fellestenester» i same etasje. 5
Evaluering Opplæringsdirektøren tek sikte på å evaluere modellen i januar 2014. Store utviklingsoppgåver for Opplæringsavdelinga framover Arbeidet med ny leiarstruktur må sjåast i samanheng med dei store utviklingsoppgåvene Opplæringsavdelinga står overfor. Fylkestinget vil i desember handtere forslag til skulebruksplan, og ein skal starte opp med Amalie Skram videregående skole. I tillegg tek ein sikte på gjennomgang og vurdering av organisasjonsmodellen for skulane. Saman med arbeidet med ny intern organisering er dette store utviklingsoppgåver som vil krevje store ressursar framover. Det er viktig at dette arbeidet vert sett i samanheng og i ein heilskap. Opplæringsdirektøren tek difor sikte på å etablere eit utviklingsprogram som skal sjå til at ein har ein heilskapleg plan for dette utviklingsarbeidet. Opplæringsdirektøren kjem tilbake med eiga sak om dette. Ein gjennomgang av fullmaktstrukturen i opplæringssektoren og tilhøvet mellom opplæringsdirektøren, organisasjonsdirektøren og fylkesrådmann vil bli gjennomført i 2013. 6