INVITASJON Til alle medarbeidarar i Jølster Kommune Kva meinar de er viktig? De er inviterte til å utforme kommunen sin nye kommunikasjonsstrategi Kommunikasjonsstrategi Jølster kommune 2015-2018
KVIFOR KOMMUNIKASJONSSTRATEGI? Planar Verdiar Vi er ein kommune med definerte mål i overordna planar vedtatt av Jølster kommunestyre. Dette er mål tilsette i kommunen på ulike nivå jobbar mot kvar dag. Visjon og verdigrunnlaget til kommunen ligg til grunn for måten vi vel å løyse oppgåvene våre. Kvar einaste dag kommuniserer tilsette i Kommunikasjon Jølster kommune med ei mengde personar både i og utanfor kommunen. Kommunen er tilgjengelig både fysisk og i digitale medie, og dagsorden blir sett av eit mangfald av personar. God dialog er ein føresetnad for eit godt forhold mellom kommunen, innbyggjarane og samarbeidspartnarar. Kommunen sin legitimitet og omdøme er avhengig av at det er samsvar mellom dei forventningane innbyggjarane har til oss og kvalitet og omfang på dei tenestene vi leverer. Kommunikasjon er alle sitt ansvar og er ein del av dei verktøya vi har for å løyse den viktige jobben vi forvaltar. Utan god kommunikasjon kan sjølv den beste plan feile. Med godt planlagt kommunikasjon kan vi greie å gjennomføre sjølv dei vanskelegaste oppgåvene. Jølster kommune ønskjer å utarbeide ein strategi for kommunikasjonsarbeidet i kommunen. Ein slik strategi er ein prosess. Ein prosess som alle tilsette i kommunen må ha eigarskap til. Måten vi vel å kommunisere på ligg «under huda», ikkje i ei skuff. Ditt ansvar Alle sitt ansvar
STRATEGI MÅ FORANKRAST Visjonar, verdiar og overordna planar må ligge til grunn for korleis vi handlar og kommuniserer om vi skal nå kommunen sine overordna mål. Denne informasjonen er på Jølster kommune si heimeside. Ei kort oppfrisking får du her: Krafta til å skape er ein del av alt vi gjer gjennom heile livet. Jølster kommune sin visjon bygger på at alle har i seg ei skaparkraft og glede av å kunne skape. Krafta får fram ressursane i naturen og menneska. Skaparkrafta gir rom for nyskaping og utvikling. Jølster kommune utvikla visjonen sin gjennom omdømeprosjektet i perioden 2009-2011. Det vart også peika ut kjerneverdiar og løfte til omverda. Skaparkraft i verdas vakraste ramme Verdiar Raus Modig Inkluderande Foto: AC.Kapstad Rausheit gir liv til visjonen. Ved å vise rausheit til omverda skal Jølster verte bygda som får fram skaparkrafta i menneska. Rausheit inkluderer, på kryss av meiningar, grenser, tru og ære. Modig er den som med rausheit inkluderer alle i bygda. Modig er den som ikkje blir sittande på gjerdet, men nyttar skaparkrafta i seg til fornying og nyskaping. Desse verdiane er noko å strekke seg etter, for enkeltmenneske i Jølster, for kommunen som organisasjon og for alle andre lag og verksemder.
JØLSTER KOMMUNE SINE HOVUDMÅL i samfunnsdelen av kommuneplanen 1. I 2025 skal Jølster vere ein attraktiv arbeids- og bukommune med eit folketal på 3500. 2. I 2025 skal Jølster kommune framleis vere ein aktiv samfunnsutviklar og attraktiv arbeidsgjevar med relevant kompetanse, tilstrekkeleg kapasitet og gode tenester. 3. I 2025 skal Jølster ha eit effektivt og allsidig landbruk som nyttar ressursane godt og tek vare på natur- og kulturlandskapet på ein god måte. 4. I 2025 skal Jølster utnytte si sentrale plassering i fylket ved å utvikle eksisterande næringar og etablere nye næringar. 5. I 2025 skal Jølster vere ein av dei leiande kulturkommunane i Sogn og Fjordane. 6. I 2025 skal Jølster ha fått fram sitt potensiale som natur- og kulturbasert reisemål. EIN STRATEGI BESTÅR AV TRE HOVUDELEMENT Alle tilsette er involvert når ein strategi de skal bruke kvar dag skal lagast. Vi ber om at alle einingar på personalmøte tek ein diskusjon på spørsmåla om ligg ved. Vi ønskjer å vite kva situasjonen er i di eining i dag, kvar de ønskjer å vere og kva val de vil ta for å få det til. Ei arbeidsgruppe vil samle informasjonen som kjem inn, og utarbeide eit forslag til strategi som de får høve til å melde tilbake om er i samsvar med det de hadde tenkt. Der vi er i dag Dei vala vi må ta Mål Utgangspunkt Strategi Der vi ønskjer å vere
INNSPEL FRÅ DI EINING STEG 1 Kva er dei tre største interne og eksterne kommunikasjonsutfordringane i di eining? Med internt meinar vi både di eining spesifikt og mellom einingar i kommunen. Interne utfordringar Eksterne utfordringar 1.) 1.) 2.) 2.) 3.) 3.) STEG 2 Kva er det viktigaste for di eining å kommunisere? Internt Eksternt 1.) 1.) STEG 3 Kva må kvar tilsett, di eining som gruppe eller Jølster kommune som heilheit gjere for at di eining skal kunne kommunisere det de ønskjer slik de ønskjer? Svarfrist 26.jan.