Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Like dokumenter
Månadsbrev Januar 2017

Månadsbrev for Rosa september 2014

Nyttar høve til å minna om at de ringer barnehagen dersom barnet dykkar har fri, er sjuk eller kjem seint i barnehagen. Ring då seinast kl

Neste månad vil me retta fokus mot høgtlesing og språkstimulerande aktivitetar, men dreg sjølvsagt fokus frå denne månaden med oss vidare.

MÅNADSBREV FOR SEPTEMBER:

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Månadsbrev Januar `18

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Bjørnehiet SFO - informasjon

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Veslefrikk. Mai Helsing Oddbjørg, Vibeke, Gunn-Iren og Elida

Studentinformasjon Maurtuå Barnehage 2018/19

6-åringar på skuleveg

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Me har og gjennomført foreldresamtalar denne månaden, og har fått to nye barn på gruppa vår; VELKOMEN TIL LARS OG MUSTAFA!!

Til deg som bur i fosterheim år

Tilbakeblikk på mars:

MÅNADSPLAN GRANAT- oktober 2019

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

VESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Då har august månad fyke forbi i stor fart med tilvenning av nye barn, og for dei barna som har gått her før. Etter ein lang sommarferie så treng dei

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

Månedsbrev for April

Du må tru det for å sjå det

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Februar. Oranje gruppe Jobbar vidare med «spinnerane» sine og det som skal bli ei utstilling. Grøn og oransje. Skogatufto barnehage

Månadsbrev for Februar

Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Informasjon til foreldre

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Trivsel og vekstvilkår

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS.

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Månedsbrev Bikuben oktober 2016

Plassebakken Barnehage

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Hei alle sjøstjerneforeldre

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

LEIRELVAPOSTEN SEPTEMBER 2014

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Månedsbrev april 2015

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

MÅNADSBREV FOR OKTOBER AVD GLIMMER

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn

Plassebakken Barnehage

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Elevundersøkinga 2016

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Månadsbrev for Blå, april 2016

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

Informasjonshefte Tuv barnehage

Sandeid skule SFO Årsplan

MAI. Månadsskriv for Nøtteliten. Tilbakeblikk på april:

BARNEVERNET. Til beste for barnet

KOMPETANSE FOR MANGFALD ENGESET BARNEHAGE SIN PRESENTASJON AV UTVIKLINGSARBEIDET HAUSTEN 2016

SJUKE BARN I BARNEHAGEN

MARS. Grøn og oransje. Skogatufto barnehage

Refleksjon og skriving

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Halvtårsrapport grøn gruppe haust 2017

Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage.

Rutinar for Overgang barnehage - skule

ANSVAR OMSORG - GLEDE

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar

Slik vil vi ved Vigra skule skape eit trygt og dynamisk, skulemiljø.

Veke Fredag Offentleg høgtidsdag. 18 Barnehagen er stengd. Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag

SAMARBEIDSRUTINER FOR OVERGANG HEIM- BARNEHAGE I SKODJE KOMMUNE

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Pedagogiske rom UTVIKLINGSPLAN Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne

MEDVERKNAD FOR BARN. Nokre funn frå ein kvalitativ studie

Transkript:

I november har me hatt fokus på språk og språkleik. Mykje av barna si språklæring går føre seg i dei kvardagslege samtalane våre, men ved å nytta nokre konkrete leikar, samt bilde og objekt å undre seg kring, så kan dette også bidra til stimulering av språket. Det skal jo vera morosamt å lære språk, og motivasjonen er på topp. Dagane vart plutseleg kalde etter ein heller varm haust, men gleda ved å ferdast ute på tur og i uteleiken er framleis stor. Det er viktig med varme og gode klede og sko framover no. Dagen vert ikkje heilt den same dersom kalde nevar tek over for gleda av å vera ute Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna. I desember vil me sette fokus på ro det å seinke tempo i ein elles så travel månad. Samstundes skal me øve oss på å kvile inne på madrasser, det vert spanande! Det nermar seg jo flytting, så me må vera best mogleg budd, både store og små. I desember vert det også adventsamling kvar morgon etter frukost. Då er det fint om alle barna er på plass til denne. Dei likar godt samlingsstundene, og det er ikkje alltid like enkelt å komme inn i noko som allereie er i gong. Samstundes så kan dette uroe dei barna som allereie har komen på plass. Ber difor om at de tek omsyn til dette. Skulle de vera seint ute så lever så roleg som mogleg utan for mange beskjedar osv.

Snakke om og utforske fargar på same tid. Kven seier at språkleik treng vera keisamt?

+ =

«Bokstaven min» Som del av språkleiken laga me ein sirkel av bilde av alle barna med bokstaven deira på. Denne sirkelen vart nytta til mykje undring og glede både med og utan dei vaksne. Sirkelen vart etter kvart også utvida med fleire element å undre seg kring og snakke om, som t.d dyr. Me leikar og snakkar mykje kring dette. Samanliknar bokstavar, finn namn på ulike dyr, me har funne mange spanande variantar på leik i denne sirkelen. KJEMPEGØY!!

Leiken i stadig utvikling. Denne månaden har me hatt fokus på språkleiken, men ein anna leik har også byrja gjera seg meir gjeldande, og det er symbol-leiken (late som om leiken). Denne leiken er i stor grad inspirert av kvardagen til barna og dei opplevingane og erfaringane dei gjer seg i det daglege. Her kan mykje prøvast ut! Barna stimulerer kvarandre sin leik ved at den eine ser kva den andre gjer osv.

Me øvar på å gå sjølv. Då kan det vera greitt å ha eit leie-tau. Me må jo gå fint når me skal gå i nærleiken av bilvegen. Kald dag, og det var IS på dammane! Det må sjølvsagt utforskast.

Å ligge på bakken under eit tre å sjå blada dale og kanskje treffe deg på tunga. Barna skal få oppleve glede ved det å bevege seg utanføre barnehagen sitt område, og få høve til å oppleve mangfaldet i naturen, og undring kring dette (i.h.t Årsplan 2016/2017, natur, miljø og teknikk).

Tur til Landåsen. Hærleg å leike og ha pause på eit «vegg til vegg teppe» av mose. Berre sitte å ta inn lydar og inntrykk saman.

Handhygiene er viktig når me er så mange saman til ei kvar tid. Barna har vorten gode på dette no. Vatn er jo uansett morosamt Det å stå i kø og vente på tur er også viktig del av deira sosiale utviklig. Det er ikkje berre «meg» som gjeld, eg lyt også ta omsyn til andre. Sjølv om me ser at barna er på god veg i høve til å utvikle si eiga sjølvstende, så treng dei framleis mykje kontakt og omsorg. Me ser at dei no lever meir i ei slags pendeltilvære der dei sjølv vil ut å undersøke verda for så å komme tilbake for tryggleik, rettleiing, varme og trøst.

Dei fleste barna hjå oss har no komen dit at dei har vorten bevist sitt eige «eg». Med dette veks også sjølvstendet og eiga vilje. fram Dette kan vera ein krevjande periode for både barn og vaksne. Hjå oss er me medviten denne perioden, og veit at den er ein naturleg og viktig del av barna si utvikling. Me støtter barna ved å rettleie og vera til stades for dei, syner dei kva valalternativ dei har osv. Seier me nei til noko, kan me føreslå noko anna. Barn som har tydelege grenser å forhalda seg til er trygge barn. Barna treng også øving i å bestemme sjølv, men samstudes treng dei å læra at dei ikkje alltid kan gjer som det sjølv vil. Dette er viktig læring i høve til at dei skal kunna leva i eit gjensidig forhold til andre menneske (Sosial utvikling). Me kan også bidra til å gjere denne utviklinga til ei betre oppleving ved å legge til rette for leik som krev at barna lyt ta omsyn til kvarandre, må lytte, sjå og vente på tur osv. (dele ut matboksar til kvarandre, stå i kø på badet, vente på frukt, leike tøffe tøffe toget der det ikkje er stolar til alle og ein lyt vente på tur m.m.)

Me lagar «snø» av balsam, potetemjøl og glitter Spanande med nye material og konsistensar. Det er ikkje alltid berre å kaste seg i gong med det. Nokon gongar kan det vera greitt å gå forsiktig fram, pirke litt i det, sjå på dei andre før ein prøver ut sjølv.

Gullhår og dei tre bjørnane Det var en gang tre bjørner som bodde i et hus langt inne i skogen. Den ene var en stor svær pappabjørn,... Med språket i fokus har det vorte lagt til rette for at barna skal få byrjande kjennskap til eventyret om Gullhår og dei tre bjørnane. Eventyret har vorten presentert på fleire ulike vis: Eventyrkuffert med konkretar Snakkepakken med konkretar Dramatisering Høgtlesing

Det er spanande når mjølkebilen kjem!

Lykteverkstad 23. november Som barnehage har me ei unik sjanse til å legge til rette for at barn, foreldre og andre kring dei kan møtast og få positive opplevingar saman, samt danne kjennskap, på tvers av familiar, land og kulturar. Dei uformelle møta mellom barnehage og heim er og ei viktig styrking av vårt høve til eit godt og utfyllande samarbeid kring barna i kvardagen. Veldig kjekt at så mange fekk til å koma

Vinteren er gjerne den tida på året der barna vert sjuke eller kan få nedsett allmenntilstand i større grad en elles. Me vil med dette nytta høve til å minne om at: Barn som har hatt feber på natta skal vera heime frå barnehagen påfølgjande dag. Barn som får feber i barnehagen vert sendt heim. Barn med nedsett allmenntilstand vert sendt heim, sjølv om ikkje feber. Barn med diarè eller oppkast skal ikkje vera i barnehagen før det har gått minst 24 timar sidan siste bleie/oppkast. Barn med augebetennelse kan vera i barnehagen når ein har byrja behandling (vaske med kokt vatn eller fått salve/dråpar hjå lege) Barn med brannkoppar skal ikkje vera i barnehagen før brannkoppane har fått behandling og / eller er dekka til eller er tørre. Barn med vannkoppar skal ikkje vera i barnehagen før vannkoppane har vorten tørre (ikkje væskar). Barna har travle dagar i barnehagen, dei fleste har ein heil arbeidsdag her; nokre enno lenger. Barna treng innimellom å få høve til ein kviledag heime, eller gjerne berre ein kortare dag innimellom om det let seg gjere. Akkurat sånn som oss vaksne.