Kulturminneplan for Gjemnes kommune Planprogram for kommunedelplan 1 Innleiing Kulturminne og kulturmiljø er spor vi menneske har sett etter oss, og kulturlandskap er alt landskap som er påverka av menneske. Gamle hus, gravhaugar og slåtteenger er alle eksempel på dette. Dei kan fortelje oss om menneska sine liv gjennom tidene. Riksantikvaren har i brev til Møre og Romsdal fylkeskommune av 26.03.-15 lagt inn følgjande målformulering for kommunale kulturminneplaner: Arbeidet med kommunale kulturminneplaner skal vere eit middel for å setje kulturminn på den lokalpolitiske dagsorden og etablere ein større grad av lokal forankring og medverknad i utvalet av viktige kulturminne som skal takast vare på. Kommunale kulturminneplanar skal styrke kunnskapsgrunnlaget for politiske og administrative avgjerder i kommunen, skape føreseielege vilkår for forvaltning, eigarar og utbyggarar og vere ein reiskap for å synliggjere kulturarven som ressurs. Riksantikvaren har lagt følgjande vilkår for plan og planarbeidet Kommunen har ein prosjektplan (tidsplan) for arbeidet fram til vedteken plan. Det skal være politisk vedtak om å utarbeide ein kommunedelplan for kulturminner. At verneverdige kulturminner blir lagt inn i databasen Askeladden Kommunen skal rapportere til fylkeskommunen om framdrifta. 2. Bakgrunn og føremål 2.1. Generelt om bakgrunn for planarbeidet Alle har eit felles ansvar for å ta vare på kulturminne, kulturmiljø og landskap for kommande generasjonar. Den offentlege forvaltninga har eit særskilt ansvar for å sikre at dei nasjonale måla for kulturminneforvaltning vert oppfylt. Gjennom bruk av plan og bygningslova blir kommunane heilt sentrale i dette arbeidet. Det er ei forventning frå Staten at kommunane registrerer og verdiset kulturminne og kulturmiljø som har lokal verdi og arbeider inn desse i planar etter plan- og bygningslova. Ein Kulturminneplan vil vere eit godt verkty og gje eit solid grunnlag for arbeidet. Kommunedelplanen for kulturminne vil sette temaet på den politiske dagsorden og innarbeide det i delar av kommunen si verksemd. Ein ynskjer og at planen skal ha som mål å formidle kunnskap om kulturminne og verdien av desse til kommunen sine innbyggjarar. Planen vil også vere viktig for eigarar av kulturminne. Eit kulturminne si forankring i planen er viktig med tanke på stønadsordning og tilgang på rettleiing i bruk og vedlikehald. 1
Både skulevesen, næringsliv og kultursektor kan nytte kulturminna til å skape høg kompetanse og gode opplevingar. I forvaltninga innan areal-, plan-, og byggjesaker vil ein lettare kunne ta omsyn til kulturminneverdiane og gje ei meir effektiv handsaming. I planen ynskjer ein å utgreie kva kulturminne som skal dokumenterast/registrerast for ettertida. kva kulturminne som skal takast vare på, kva tiltak som må settast i verk for at ein skal ta vare på kulturminna. I forvaltninga innan areal-, plan- og byggesaker vil ein lettare kunne ta omsyn til kulturminneverdiane og gje ei meir effektiv sakshandsaming. Kulturminneplanen er eit viktig dokument som er styrande for kommunen si sakshandsaming av kulturminne. 2.2. Føremålet med planarbeidet og planprogram Hovudmål Målet med lokal kulturminneplan er å auke kunnskapen om, og bevisstgjeringa av lokale kulturminner i Gjemnes, og å etablere grunnlag for god kulturminneforvaltning. Dette skal oppnåast gjennom: Registrering av faste kulturminne Foreta verdivurdering av registrerte objekt. Utarbeide forvaltningsplan/handlingsplan for utvalde kulturminner. Gjennom arbeidet med planprogrammet skal det avklarast korleis den tematiske kommunedelplana skal innrettast, samt omfang og innhald. Arbeidet med planprogrammet skal også være ein prosess der kommunen kjem fram til kva som er dei viktigaste problemstillingane knytt til kulturminne og kulturmiljø og kva som skal vere målet med planarbeidet. Ein skal og koma fram til prioriterte satsingsområder innan kulturminne. Planprogrammet er eit fleksibelt verktøy for den tidlege fasen av planarbeidet og skal tilpassast den konkrete plansituasjonen og planbehovet. Som eit minimum skal planprogrammet gjere greie for formålet med planarbeidet, planprosessen og medverknad. 3. Planområde avgrensing 3.1. Kva er viktige kulturminne? Kulturminne og kulturmiljø er viktige ressursar og verdiar i lokalsamfunnet. Kulturminne kan ha verdi som kjelde til kunnskap og opplevingar, og som bruksverdi. Kva kunnskap kan kulturminnet gje oss? Kva opplevingar kan kulturminnet gje oss? Og kva kan vi bruke kulturminnet til? 2
Det er opp til kommunen å avgjere kva som er viktige kulturminne og kva som skal omhandlast i kulturminneplana. 3.2. Ulike tema Kulturminneplana for Gjemnes kommune bør vere ei kort skildring av kommunen si historie og oversikt over ulike kulturminne i kommunen innan for desse tema: Vår eldste historie Automatisk freda kulturminne Gravplassar, kyrkjer, kyrkjegardar Primærnæringar Industri og handverk Samferdsel og kommunikasjon Bustadar og bustadtypar/bygningar Skulehistorie Setermiljø/kulturlandskap Frivillig lag og lagshus. Friluftsliv jakt og fiske 3.3. Prioriterte område/satsingsområde i Gjemnes Kulturminnefeltet er svært omfattande og det vil være nødvendig å gjera avgrensingar. Dei satsingsområda vi må velje ut, bør representere det særeigne med Gjemnes sin kultur og identitet. Ut i frå dei vurderingane vi så langt har gjort legg vi opp til 3 hovudsatsingsområder. Ved seinare politisk handsamling er det likevel mogeleg å få inn andre kulturminn i handlingsplana. Dei to hovudsatsingsområda vi foreslår er: 3.3.1. Fortidsminner Vi har mange fortidsminner i kommunen. Busetnader og gravminner er registeret og finns i www.kulturminnesok.no. I alt 90 ulike arkeologiske kulturminne i Gjemnes er registrert her. Det er særleg langs strandlinja ved fjordane våre vi finn gravminna. På Ikornneset ligg det ca. 10 gravrøyser, enkelte små røyser, åkerreiner og gardfar. Gravrøyseine er typiske kystrøyser av varierande storleik, som er bygde av rullestein. Dei to største har ein imponerande storleik med eit tverrmål på omlag 15 meter og ei høgd på 2 meter. Det er usikkert kor gamle gravrøysene er, men ting kan tyde på at dei stammar frå eldre jarnalder og mest sannsynleg frå perioden år 0 til ca. 600 e.kr. Elles er det registert gravminner og busetting mellom anna på Bergsøya, Astad, Torvikbukt, Kvalvåg og Flemma. 3.3.2. Bygningsmiljø Bygningsmiljø og enkeltbygningar er mangearta i Gjemnes. Diverre har vi eit klima som har gjort at mykje av det forfell fort. Det er derfor ikkje så mykje av eldre dato som er synleg 3
lengre. Men frå slutten av 1800 talet og framover har vi mykje. Det meste av dette er registrert i SEFRAK. Etter som Gjemnes er ein landbrukskommune, må vi få med utviklinga innan landbruk og primærnæringar. Her under seterdrift og fjordfiske. 3.3.3. Samferdsel og kommunikasjon Gjemnes har gjennom år-hundre vore eit knutepunkt i samferdsel og kommunikasjon. Vi kan nemne Postvegen over Osmarka, vegfar og vegar over Fursetfjellet, bruer, fergeleie og kaier. Kyrkjevegen frå Osmarka til Øre. Frå hesteskyss til buss. TV masta på Reinsfjellet 4. Planprosess deltakarar, medverknad og tidsfristar 4.1. Organisering av planarbeidet. Formannskapet er styringsgruppe for denne planprosessen. Planarbeidet blir samkøyrd med kommuneplana for kommune. Det overordna ansvaret for kulturminneplana ligg hjå kulturleiare. Det blir nedsett arbeidsgruppe som består av kulturleiar, avdelingsleiar for areal og drift, politikar, representant frå Gjemnes historie- og museumslag. Fylkeskommunen ved prosjektleiar for lokale kulturminneplaner deltek i prosjektgruppa som observatør og rådgjevar etter behov. 4.2. Opplegg for gjennomføring av planarbeidet Kommunen har fått tilskot frå Riksantikvaren til å registrere kulturminne og utarbeide kulturminneplan. Men kommunen står fritt til å bestemme kva for type kulturminne vi ynskjer å registrere og ta med i plana. Riksantikvaren har utvikla «Kulturminnesøk» som ein nasjonal publikumsportal som formidlar alle registrerte kulturminne. Gjennom å motta tilskot har kommune forplikta seg til at kulturminne som blir registert også blir registrert i denne portalen. Det vil bli lagt opp til kurs i registrering der alle som ynskjer det kan delta. Det vil bli forsøkt sett ned arbeidsgrupper med ein ansvarleg koordinator som tek føre seg registreringsarbeidet. Under, og etter registreringsperioden vil det bli arbeidd med kulturminneplana sitt innhald. Styringsgruppa skal saman sette opp forslag til handlingsplan med naudsynte opplysningar om forventa kostnader. 4.3. Verkty/hjelpemiddel Det finns fleire hjelpemiddel som vil være til nytte i arbeidet. Her kan nemnast: SEFRAK registeret. Eldre bygningar og andre kulturminne Askeladden Offentleg database over freda kulturminne og kulturmiljø i Norge. Stadnamn i Gjemnes Ca 3500 stadnamn er registrert og delvis kartfesta i kommunen Fotoarkiv meir enn 1100 foto frå Gjemnes er registrert i Fylkesfotoarkivet 4
Gards- og ættesoge for Gjemnes Gjemnes Minne lokalhistorisk årbok. Regional delplan for kulturminne Møre og Romsdal 4.4. Tidsplan Plan skal som utgangspunkt ha slik framdriftsplan Hovudfase og milepelar Ansvar (mnd.år) Oppstart planprogram Utarbeiding av forslag til planprogram Rådmann 06.15 Vedtak om oppstart av planarbeid og planprogram Formannskap 06.15 Planprogram på høyring/off. ettersyn til Rådmann 09.15 Vedtak av planprogram Formannskap/ kommunestyre 10.15 Gjennomføring av planarbeid og handsaming Utarbeiding av planforslag arbeidsgruppa 03.16 Vedtak om høyring/off. ettersyn av planforslag Formannskap 04.16 Planutkast på høyring/off. ettersyn fram til Rådmann 06.16 Slutthandsaming Formannskap 06.16 Vedtak av kommunedelplan kulturminner Kommunestyret 06.16 5