Planprogram. Utarbeiding av kulturminneplan. Vedteke av Balestrand kommunestyre Belehaugane i Balestrand
|
|
- Elias Isaksen
- 9 år siden
- Visninger:
Transkript
1 Planprogram Utarbeiding av kulturminneplan Belehaugane i Balestrand Vedteke av Balestrand kommunestyre
2 Innhald 1. Innleiing Bakgrunn og føremål Generelt om bakgrunn for planarbeidet Føremålet med planarbeidet Forskrift om konsekvensutgreiing Føremål med planprogrammet Planområde, avgrensing Kva er viktige kulturminne? Ulike tema under kulturminneomgrepet Prioriterte område / områder (satsingsområde) i Balestrand Planprosessen -deltakarar, medverknad og tidsfristar Organisering av planarbeidet Deltakarar Opplegg for gjennomføring av planarbeidet Verkty/ hjelpemiddel Tidsplan
3 1. Innleiing I brev frå Riksantikvaren, datert , inviterte Riksantikvaren fylkeskommunane til samarbeid, for å styrke kommunal kulturminneforvaltning. Der står det mellom anna: God kulturminneforvaltning i kommunene krever kunnskap og oversikt over lokalhistorien og kulturminnene. Det er behov for styrket kulturminnekompetanse i mange kommuner, og det mangeler gode oversikter over kulturminnene. Miljøverndepartementet og Riksantikvaren arbeider med et mål om kunnskpsløft for kulturminneforvaltning og har en satsing på dette som skal gå frem til Et viktig tiltak er å legge til rette for, og stimulere kommunene til å utarbeide kulturminneplaner. Kommunedelplaner for kulturminnene er gode verktøy for forvaltning av kulturminnene og vil samtidig auke oppmerksomheten og kunnskapen om dem. Riksantikvaren oppfordrer kommunene til å sette kulturminneplaner på dagsorden ved bl.a. registrering og planlegging. Sogn og Fjordane fylkeskommune utlyste midlar til utarbeiding av lokal kulturminneplan og registreringsarbeid. Balestrand kommune har i «Kommunal planstrategi» vedteke å utarbeide ein kulturminneplan i Balestrand, og kommunen har fått tildelt midlar til arbeidet. Vilkåra for tildeling seier fylgjande; Det skal ligge føre tidfesta plan for gjennomføring av registreringar og utarbeiding av kulturminneplan. Det skal ligge føre politisk vedtak om utarbeiding av kulturminneplan. Kulturminna som vert registrert skal leggjast inn i kulturminnesøk eller andre baser som kan utveksle data med kulturminnesøk. Det skal utarbeidast korte statusrapportar om framdrift som skal sendast til fylkeskommunen to gongar årleg inntil arbeidet er sluttført. 2. Bakgrunn og føremål 2.1. Generelt om bakgrunn for planarbeidet Alle har eit felles ansvar for å ta vare på kulturminne, kulturmiljø og landskap for kommande generasjonar. Den offentlege forvaltninga har eit særskilt ansvar for å sikre at dei nasjonale måla for kulturminneforvaltning vert oppfylt. Gjennom bruk av plan og bygningslova blir kommunane heilt sentrale i dette arbeidet. Det er ei forventning frå Staten at kommunane registrerer og verdiset kulturminne og kulturmiljø som har lokal verdi og arbeider inn desse i planar etter plan- og bygningslova. Ein Kulturminneplanvil vere eit godt verkty og gje eit solid grunnlag for arbeidet. Kommunedelplanen for kulturminne vil sette temaet på den politiske dagsorden og innarbeide det i delar av kommunen si verksemd. Ein ynskjer og at planen skal ha som mål å formidle kunnskap om kulturminne og verdien av desse til kommunen sine innbyggjarar. Planen vil også vere viktig for eigarar av kulturminne. Eit kulturminne si forankring i planen er viktig med tanke på stønadsordning og tilgang på rettleiing i 3
4 bruk og vedlikehald. Både skulevesen, næringsliv og kultursektor kan nytte kulturminna til å skape høg kompetanse og gode opplevingar. I forvaltninga innan areal-, plan-, og byggjesaker vil ein lettare kunne ta omsyn til kulturminneverdiane og gje ei meir effektiv handsaming. I planen ynskjer ein å utgreie kva kulturminne som skal dokumenterast/registrerast for ettertida før dei går tapt, kva kulturminne som skal takast vare på, kva tiltak som må i verk settast for at ein skal ta vare på kulturminna. I forvaltninga innan areal-, plan- og byggesaker vil ein lettare kunne ta omsyn til kulturminneverdiane og gje ei meir effektiv sakshandsaming. Kulturminneplanen er eit viktig dokument som er styrande for kommunen si sakshandsaming av kulturminne Føremålet med planarbeidet Arbeidet med kulturminneegistrering og kulturminneplan skal bidra til: 1. auka kunnskap og medvit om kulturminneverdiane i kommunen 2. oversyn og verdisetting av viktige kulturminne, kulturmiljø og landskap 3. at dei nasjonale databasane Askeladden og Kulturminnesøk til ei kvar tid er oppdaterte 4. betre forvaltning av kulturminne blant anna gjennom bruk av plan- og bygningslova 5. at det vert utvikla eit godt samarbeid mellom ulike aktørar 6. at samarbeidsmodellane med lokale kunnskapsmiljø er gode på lang sikt Forskrift om konsekvensutgreiing Forskrift om konsekvensutgreiing er ikkje relevant for denne planen Føremål med planprogrammet Gjennom arbeidet med planprogrammet skal det avklarast korleis den tematiske kommunedelplan skal innrettast, samt omfang og innhald. Arbeidet med planprogrammet er også ein prosess der kommunen kjem fram til kva som er dei viktigaste problemstillingane knytt til kulturminne og kulturmiljø og kva som skal vere målet med planarbeidet. Ein skal og kome fram til prioriterte satsingsområd/-er innan kulturminne. Planprogrammet er eit fleksibelt verktøy for den tidlege fasen av planarbeidet og skal tilpassast den konkrete plansituasjonen og planbehovet. Som eit minimum skal planprogrammet gjere greie for formålet med planarbeidet, planprosess og medverknad. 4
5 3. Planområde avgrensing 3.1. Kva er viktige kulturminne? Kulturminne og kulturmiljø er viktige ressursar og verdiar i lokalsamfunnet. Kulturminne kan ha verdi som kjelde til kunnskap og opplevingar, og som bruksverdi. Kva kunnskap kan kulturminnet gje oss? Kva opplevingar kan kulturminnet gje oss? Og Kva kan vi bruke kulturminnet til? Det er opp til kommunane å avgjere kva som er viktige kulturminne i kommunen, og som skal omhandlast i kulturminneplanen. Utover det kan kulturminnet også ha regional eller nasjonal verdi. I nokre tilfelle kan kulturminneverdiane også vere på eit internasjonalt nivå, som våre verdsarvobjekt Ulike tema under kulturminneomgrepet: Ein må gå igjennom eksisterande kunnskap, vurder om det må føretakast kontrollregistreringar, eller om det skal registrerast på andre måtar enn det er registert i dag. Gjev kulturminna som alt er registrert eit godt og dekkande bilde av dei lokalhistoriske forholda? I kulturminneplanen vil ein lage ei kort skildring av Balestrand si historie og oversikt av ulike kulturminne. Avgrensing er ikkje gjort men aktuelle tema for denne delen er: Vår eldste historie Kyrkjer, kyrkjegardar, gravplassar, Jordbruk, næring og industri Vegar, Ferdselsårar Samfunnsinstitusjonar Reiseliv Busetnadar og bustadtypar/ bygningar Mat og drikketradisjonar Lokal litteratur og forteljing/segn/historie/overtru knytt til stadar i bygda Gamle handverktradisjonar Lause gjenstandar Skulehistorie Stølsmiljø Stadnamn Kjende kunsthandverkarar /kunst lokalt, nasjonalt, internasjonalt 3.3. Prioriterte område / områder (satsingsområde) i Balestrand Kulturminnefeltet er stort, og no i planprogramfasen skal ein kome fram til område/-er som er særmerkte og viktige for Balestrand. Det vil kanskje også verte naudsynt å gjere avgrensingar innanfor satsingsområder. Det vi endar opp med som dei viktigaste kulturminna, som fortel om og representerer det særmerkte innan Balestrand sin kultur og identitet skal registrerast, verdivurderast og leggast inn i ein handlingsplan som skal opp til politisk handsaming kvart 4. år. Prosjektgruppa for kulturminneplanen har føreslege 2 hovudpunkt som satsingsområde, og ynskjer at innbyggjarar i Balestrand tek stilling til om dette er våre viktigaste kulturminne, det særmerkte som fortel om bygda sin kultur og identitet. Eit val av satsingsområder inneber at ein i denne omgang vel vekk andre område. Dei vil få ei kort omtale i kulturminneplanen, men vert ikkje tekne inn i handlingsdelen. Ved seinare politisk handsaming er det likevel mogeleg å få inn andre kulturminne i handlingsplanar. Vi ynskjer og at innbyggjarar brukar registreringsverktyet og databasen kulturminnesøk og registrerer kulturminne både innan og utanfor satsingsområde. Dei to hovudpunkta ein føreslår er: 5
6 1. Fortidsminne Balestrand er rik på fortidsminne. Busetnader og gravminner er registrerte og kan finnast i Kulturminnesok.no. På Bala har me Belehaugane som er godt kjende og er litt av Balestrand sin identitet. Bala har vore eit betydeleg gardssamfunn med opp til 7 gravhaugar frå eldre jernalder og jernalder som var utgravne i Funna i desse gravene er no på Museum i Bergen. Arkeologisk utgraving på Bala i 2012 viser busetjing som er Ca 4000 år gamal. Det kan og nemnast litteratur og sagnforteljingar om Kong Bele og Fritjov den frøkne i samband med Bala. (Immateriellt) Gravminner andre stader er på Målsnes 6 gravminne frå jernalder-bronsealder, Dragsvik 5 gravminner frå jernalder-bronsealder, Tjugum 1 busetjing frå steinalder og 1 gravminne jernalder-bronsealder, Sværafjorden 2 gravminne frå jernalder, Torsnes 1 busetjing frå steinalder, Meland 1 busetjingsområde frå steinalder, Nessane 2 gravminner og 1 gravfelt frå bronsealder-jernalder, Sæle 3 gravminner frå jernalder-bronsealder, Linde 3 gravminner frå jernalder-bronsealder, Saganeset (nedafor Skaret) 3 gravminner frå jernalder-bronsealder, Dannaneset 3 gravminner jernalder-bronsealder, Kvamsøy 8 gravminner frå jernalder-bronsealder, Holmen 1 busetjingsområde frå eldre jernalder og Askelund med funn av våpen og reiskap. Til saman 46 gravminner og busetjingar frå steinalder, jernalder og bronsealder på strekninga Nessane Vetlefjorden. Lunde har ingen fortidsminner, men namnet Lunde peikar på ein stad knytt til offerstad ( ein Lund) Det bør kanskje lagast ein «visningsstad» for fortidsminner i Balestrand. 2. Bygningsmiljø Bygningsmiljøet i Balestrand kommune er mangearta og viser eit mangfald i både funksjon og arkitektur. Mest synleg er nok bygningsmiljøet frå slutten av 1800-talet med dei mange kunstnarvillaer langs med sjøen. «Nordens lys» tiltrekte kunstnarar frå Europa og fekk dei til å slå seg ned bl.a. i Balestrand. Andre særmerkte hus er Askelund futegard. Andre private hus i Holmen har også særmerkt arkitektur og det har vore fleire kafèbygningar i sentrum og utetter langs stranda. Den eldste bygningen er likevel Kvamsøy steinkyrkje frå ca Dei andre kyrkjene er også kulturminner med Tjugum kyrkje frå 1863 og Sæle kyrkje frå Kvikne hotell som vart bygd frå 1877 til 1913 er eit fyrtårn i bygningsmiljøet i Balestrand. Bedehusa er kulturminner frå byrjinga av 1900-talet. Landhandelsbutikkar var det mange av frå slutten av 1800-talet i mest alle grender. Likeins skulehusa. I Lånefjorden er skulehuset framleis intakt. Innan jordbruksmiljøet er det stover, løer, kvernhus smier og stølar som er verdifulle kulturminner og som dekkjer ein lang tidsperiode i Balestrand. Andrinastova i Sværefjorden er teken godt vare på av bygdekvinnelaget der. I Nessedalen er det ei tømmerløe frå talet som trengs å takast vare på. Frå nyare tid kan me sjå byggjefelt i Lærargata og Øvre Sande i Holmen frå åra. 6
7 4. Planprosessen - deltakarar, medverknad og tidsfristar 4.1 Organisering av planarbeidet Formannskapet er kommunen sitt «faste utval for plansaker» og styringsgruppe for denne planprosessen. Overordna ansvar for kulturminneplanen ligg til kommunalsjef for oppvekst. Det vert oppnemnd prosjektansvarleg for kvart hovudtema, lokal person med interesse for kulturminneområdet. Det er nedsett styringsgruppe beståande av kommunalsjef for oppvekst, kommunalsjef for tekniske tenester, politikar og lokal historikar (medlem av sogelaget). Fylkeskommunen ved prosjektleiar for lokale kulturminneplanar deltek i prosjektgruppa som observatør og rådgjevar etter trong. 4.2 Deltakarar Følgjande aktørar vert tilsendt planprogram og planutkast (kan bli supplert); Offentlege planinstansar Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Andre aktørar Balestrand Sogelag Tjugum og Esefjorden Grendalag Fjordane Grendalag Nessane Grendalag Kvamsøy Grendalag Grunneigarar som vert direkte berørte av tiltak Personar med interesse for kulturminne Skulane Barnehagane 4.3 Opplegg for gjennomføring av planarbeidet I samband med utarbeiding av plan har kommunen fått tilskot frå Riksantikvaren til å registrere kulturminne. Kommunen står fritt til bestemme kva for type kulturminne vi ynskjer å registrere og det er heller ikkje lagt opp til at dei som registrerer skal ha spesielle forkunnskapar for å utføre registrering. Riksantikvaren har utarbeidd registreringsskjema og ei registreringshandbok som gjev rettleiing i korleis registrere kulturminne. Riksantikvaren har også utvikla «Kulturminnesøk.no» som er ein ny nasjonal publikumsportal som formidlar alle registrerte kulturminne. Gjennom å motta tilskotet har kommunen også forplikta seg til at kulturminne som blir registrert og blir registrert på denne portalen. Fylkeskommunen er til hjelp med å arrangere kurs i registrering og kulturminnesøk og elles fagleg rådgjeving undervegs i registreringsprosessen Inspirasjonssamling vart gjennomført mai Registreringskurs er planlagt gjennomført i starten av september Planprogrammet blir då vedteke samstundes som registreringsarbeidet vert oppstarta. Truleg vil ein måtte arrangere fleire opplæringskurs i registrering og bistå med 7
8 rettleiing og hjelp til registrering. I kommunen skal det lagast eit lokalt arkiv for registreringar som er grundigare enn den delen av registreringane som blir lagt ut på kulturminnesøk. Det vil bli forsøkt sett ned arbeidsgrupper med ein ansvarleg koordinator som tek føre seg registreringar innanfor dei to satsingsområda som blir valt ut i planprogramfasen. Dette vil vere personar med kunnskap og/ eller interesser innanfor dei ulike felta. Under, og etter, registreringsperioden vil det bli arbeidd med kulturminneplanen sitt innhald. Styringsgruppa skal saman sette opp forslag til handlingsplan med naudsynte opplysningar om forventa kostnadar. 4.4 Verkty/ hjelpemiddel Følgjande dokument vil kunne vere til hjelp i planarbeidet: 1. Registrering av kulturminne og kommunedelplan for kulturminne Håndbok for lokale registreringer Riksantikvaren har laga ei handbok for gjennomføring av lokale registreringer av kulturminne på internett. Handboka kan lastast ned frå Riksantikvaren si nettside. Målet med handboka er todelt, det eine målet er å styrke kunnskapen om kulturminne. Det andre er å få oversikter over kulturminneverdiane for å gjere rette val i forvaltninga av kulturarven. 2. Landskaps- og stadanalyser. Riksantikvaren har laga metodar for landskapsanalyser i lag med Direktoratet for naturforvaltning og for kulturhistorisk stadanalyse (DIVE-metoden). Desse metodane ynskje ein vert nytta for å betre kunnskapsgrunnlaget for planvedtak i kommunane. 3. Kulturminne i kommunen Kulturminneplaner Utgjeve i november 2013 av Riksantikvaren. Dette er ein kulturminneplanrettleiar som er eit bidrag til kommunen sitt arbeid med kommunedelplaner for kulturminne og kulturmiljø. Målgruppa er kommunar som skal i gang med, eller har starta arbeidet. 4. Tidlegare registreringar i Balestrand kommune Det er gjennomført mange kulturminneregistreringar i Balestrand. Desse skal nyttast i som grunnlag for planarbeidet. Døme er: Sefrak - register: Eldre bygningar og andre kulturminne (landsdekkande) Askeladden register: Offisiell database over freda kulturminne og kulturmiljø i Noreg. Stadnamn i Balestrand kommune, fylkesarkivet1995 Registrering av eldre hus og bygningsmiljø i Balestrand, Balestrand kommune 1983 Fylkesatlas (nettstad) Geoatlas (nettstad) 8
9 4.5 Tidsplan Planarbeidet skal som utgangspunkt ha slik framdriftsplan: Hovudfasar og milepelar Ansvar Dato (mnd.år) Oppstart, Planprogram Utarbeiding av forslag til Planprogram SG/RM Vedtak om oppstart av planarbeid og planprogram F Planprogram på høyring/off. ettersyn fram til RM Vedtak av planprogram F/K Gjennomføring av planutarbeiding og handsaming Utarbeiding av planforslag SG Vedtak om høyring/off. ettersyn av planforslag F Planutkast på høyring/off ettersyn fram til RM Slutthandsaming (med eventuell avklaring/mekling) F Vedtak av kommuneplanen K SG Styringsgruppe, RM Rådmann, F Formannskap, K - Kommunestyret 9
Kulturminneplan for Gjemnes kommune
Kulturminneplan for Gjemnes kommune Planprogram for kommunedelplan 1 Innleiing Kulturminne og kulturmiljø er spor vi menneske har sett etter oss, og kulturlandskap er alt landskap som er påverka av menneske.
DetaljerSellevåg treskofabrikk. Foto: Ove Losnegård
Sellevåg treskofabrikk Foto: Ove Losnegård Framlegg til offentleg ettersyn Gulen kommune 23.05.2014 Innhold 1. Bakgrunn og mål... 3 1.1. Bakgrunn... 3 1.2. Mål... 4 2. Problemstillingar... 5 3. Mandatet...
DetaljerVågsøy kommune Saks nr:11/1727
Vågsøy kommune 08.05.2014 Saks nr:11/1727 Innhald 1. BAKGRUNN OG MÅL...3 1.1 BAKGRUNN...3 1.2 MÅL...4 1.3 PROBLEMSTILLINGAR...4 1.4 MANDATET...5 1.5 VERKTY OG HJELPEMIDDEL...5 2. ORGANISERING...6 2.1 ORGANISASJONSPLAN...6
DetaljerHyllestad kommune. Planprogram Utarbeiding av lokal kulturminneplan
Hyllestad kommune Planprogram Utarbeiding av lokal kulturminneplan Frå Hyllestadvikja Foto: Sigrid Solberg Hyllestad mars 2015 1 Innleiing Det er Sogn og Fjordane fylkeskommune si satsing på lokale kulturminneplanar
DetaljerPlanprogram. Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Balestrand «Saman er vi sterke og får til det vi vil»
Planprogram Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet «Saman er vi sterke og får til det vi vil» Balestrand 10.06.15 1 Innhald 1. Innleiing... 3 2. Føremål og bakgrunn med planarbeidet. 4 2.1. Føremål
DetaljerPlanprogram Kulturminneplan for Tingvoll kommune
Planprogram Kulturminneplan for Tingvoll kommune 1 Innledning Kulturminne og kulturmiljø er spor vi menneske har satt etter oss, og kulturlandskap er alt landskap som er påvirket av mennesker. Gamle hus,
DetaljerPlanprogram for kommunedelplan for kulturminne Framlegg til offentleg ettersyn
Planprogram for kommunedelplan for kulturminne 2015-2027 Framlegg til offentleg ettersyn Vedteke: Saks nr: 14/1065 Dato: 10.06.2014 Innhald 1. Innleiing... 2 2. Bakgrunn for planarbeidet... 2 3. Mål for
DetaljerPlanprogram Kulturminneplan
Planprogram Kulturminneplan Revidering av kommunedelplan for kulturminne 2015-2018 Skjåk kommune 1. Bakgrunn og føremål 1.1. Generelt om bakgrunn for planarbeidet 3 1.2. Føremålet med planprogrammet 3
DetaljerPlanprogram for kommunedelplan for kulturminne
Planprogram for kommunedelplan for kulturminne 2015-2027 Vedteke: 18.10.2014 i F-sak 163/14 Saks nr: 14/1065 Dato: 17.10.2014 Innhald 1. Innleiing... 2 2. Bakgrunn for planarbeidet... 2 3. Mål for planarbeidet...
DetaljerKOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG
KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG PLANPROGRAM Dette bildet av ein del av Sjøholt sentrum er teke i slutten av 1860-åra INNHALDSLISTE 1. INNLEIING... 3 2. BAKGRUNN FOR KULTURMINNEPLANEN... 4 3. FØRINGAR,
DetaljerTEMAPLAN FOR KULTURMINNE I ASKVOLL
FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM TEMAPLAN FOR KULTURMINNE I ASKVOLL 2018-2021 1 Innhaldsliste 1. Innleiing 3 2. Bakgrunn og føremål 4 2.1 GENERELT OM BAKGRUNN FOR ARBEIDET MED KULTURMINNEPLAN 5 2.2. Førema let
DetaljerKommunedelplan for kulturminne. Framlegg til planprogram
Kommunedelplan for kulturminne Framlegg til planprogram Innhald Innleiing og bakgrunn for planarbeidet 3 Føremål 3 Føringar 4 Kulturarv 4 Nasjonale føringar 5 Regionale føringar 5 Planprosess 6 Organisering
DetaljerKulturminne og kulturmiljø
Kulturminne og kulturmiljø TEMATISK KOMMUNEDELPLAN Foto: Steinar Bleken Planprogram MÅLSETJINGAR FOR PLANARBEIDET Hovudmål Betre forvaltning og bruk av kulturminna i kommunen. Delmål Auka kunnskap om og
DetaljerPLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune
PLANPROGRAM Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse 2019-2022 Balestrand kommune Leikanger kommune FØREORD Balestrand, Leikanger og startar med dette opp arbeidet med å lage til felles
DetaljerBykle kommune -Bykle ser langt. Planprogram for kulturminneplan
Bykle kommune -Bykle ser langt Planprogram for kulturminneplan 2016-2026 Høyringsutkast med frist for innspel 20.11.2015 1 Innhald: 1. Innleiing 2. Bakgrunn for kulturminneplanen 3. Føringar, rammer og
DetaljerKulturminneplan - Framlegg til planprogram
Kulturminneplan - Framlegg til planprogram Bakgrunn Både Riksantikvaren og Hordaland fylkeskommune oppmodar kommunane til å utarbeide kulturminneplanar, og har også lyst ut tilskot til utarbeiding av planar
DetaljerFramlegg til offentleg ettersyn. Gaular kommune
Framlegg til offentleg ettersyn Gaular kommune Dato: 30.01.2019 1 Innhald Bakgrunn og mål... 3 Bakgrunn for kulturminneplan... 3 Bakgrunn... 4 Formål... 5 Kvifor lage ein kulturminneplan?... 6 Innhaldet
DetaljerPlanprogram. Revisjon av Kommuneplanen for Balestrand kommune. Balestrand kommunestyre 16.10.14. Sognebåten i Balestrand
Planprogram Revisjon av Kommuneplanen for Balestrand kommune Sognebåten i Balestrand Balestrand kommunestyre 16.10.14 1 Innhald 1. Føremål med planarbeidet... 3 1.1 Grunnlag i Kommunal planstrategi 3 1.2
DetaljerPlanprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet 2009-2021. Sund kommune
Planprogram Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet 2009-2021 Sund kommune Innhald 1. Innleiing... 3 1.1 Bakgrunn... 3 1.2 Rammer... 4 1.2.1 Nasjonale føringar... 4 1.2.2 Regional plan... 5 2. Formål...
DetaljerKva er ein god kulturminneplan? Arbeidseminar, Bergen, 14 oktober 2013 - Elizabeth Warren, Hordaland fylkeskommune
Kva er ein god kulturminneplan? Arbeidseminar, Bergen, 14 oktober 2013 - Elizabeth Warren, Hordaland fylkeskommune Ein plan for alle i kommunen Grunneigar, innbyggar får kunnskap om kulturminne og hjelp
DetaljerLeikanger kommune Lokal kulturminneplan for Leikanger kommune - planprogram. Utgåve: 2 Dato:
Lokal kulturminneplan for - planprogram Utgåve: 2 Dato: 2015-02-17 Lokal kulturminneplan for - planprogram 2 DOKUMENTINFORMASJON Rapportnamn: Lokal kulturminneplan for - planprogram Utgåve/dato: 2 / 2015-02-17
DetaljerVik kommune. Planprogram. Tematisk kommunedelplan for grunnskulen 2015 2019
Vik kommune Planprogram Tematisk kommunedelplan for grunnskulen 2015 2019 Planprogrammet tek føre seg mandat, framdriftsplan, føringar, målsetjingar, tema, organisering og medverknad i planprosessen. 1
DetaljerFylkesmannen har løyvd kr 1 040 000 av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.
Sogn regionråd FELLES UTGREIING OM KOMMUNEREFORMA - STATUS Kommunane i Sogn regionråd gjennomfører ei felles utgreiing som skal gje kommunane eit grunnlag for å ta stilling til ev. kommunesamanslåing med
DetaljerVINDAFJORD KOMMUNE SAKSPAPIR
VINDAFJORD KOMMUNE SAKSPAPIR Saksnummer Utval Vedtaksdato 038/17 Utval for drift, utvikling og kultur 04.09.2017 070/17 Formannskapet 05.09.2017 Saksbehandlar: Møllerhaug, Eva E. Sak - journalpost: 11/686-2017010059
DetaljerPLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND
PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND 2016-2028 Vedteke: Saks nr: Dato: 04.06.2015 Innhold 1 Innleiing... 2 2 Bakgrunn for planarbeidet... 2 2.1 Krav til planlegging av tenesteområdet... 2 3 Mål
DetaljerStyresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012
Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte
DetaljerAKTIVITET OG FRILUFTSLIV I SUNNFJORD KOMMUNE
KOMMUNAL PLAN FOR IDRETT, FYSISK AKTIVITET OG FRILUFTSLIV I SUNNFJORD KOMMUNE PLANPROGRAM Illustrasjon: Gregory Idehen FØREORD Naustdal, Gaular, Førde og Jølster kommune starta med dette opp arbeidet med
DetaljerKommunal plan for idrett og fysisk aktivitet 2015-2019 høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM
Lærdal kommune PLANPROGRAM Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet 2015-2019 Innhald Innhald... 1 1 Innleiing... 2 2 Overordna føringar og rammer for planarbeidet... 3 2.1 Nasjonale føringar... 3
DetaljerPLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE
PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen
DetaljerSakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN
Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Åse Aleheim N - 101 16/153 Saksnr Utval Type Dato 040/16 Hovudutval teknisk/næring PS 05.09.2016 031/16 Hovudutval oppvekst/kultur PS 05.09.2016 099/16 Formannskapet
DetaljerMØTEPROTOKOLL. Formannskapet. Møtestad: Rådhuset Møtedato: 08.05.2014 Kl: 10.00-13.45
MØTEPROTOKOLL Formannskapet Møtestad: Rådhuset Møtedato: 08.05.2014 Kl: 10.00-13.45 Medlemmer: Forfall: Varamedlemmer: Frå adm. (evt. andre): Dato for innkalling: Merknader: Saker som vart handsama Harald
DetaljerArkiv FE-140. Kommuneplan Planprogram arealdel - Offentleg ettersyn
SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Kommunestyret Eldrerådet 08.12.2014 014/14 Råd for menneske med nedsett funksjonsevne 08.12.2014 013/14 Formannskapet 11.12.2014 108/14 Sakshandsamar
DetaljerFUNKSJONSEVNE 18/004 ELDRERÅDET
NAUSTDAL KOMMUNE Arkiv: K2 - C50 JournalpostID: 17/5143 Sakshandsamar: Ørjan Stubhaug Dato: 27.02.2018 Saksframlegg Saksnr. utval Utval Møtedato 18/004 KOMITE FOR OPPVEKST OG KULTUR 08.03.2018 18/012 KOMMUNESTYRET
DetaljerAustevoll kommune TILEGGSINNKALLING SAKLISTE
Austevoll kommune TILEGGSINNKALLING Utval: UTVAL FOR OPPVEKST OG KULTUR Møtestad: Selbjørn skule, møterom administrasjonsavdelinga Møtedato: 11.02.2014 Kl. 16:00 Eventuelt forfall skal meldast til tlf.
DetaljerSakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015
Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Ingvild Hjelmtveit FE - 002 15/709 Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Kommunestruktur - oppstart reelle drøftingar Vedlegg: Etablering
DetaljerMasfjorden kommune FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM KULTURMINNEPLAN FOR MASFJORDEN KOMMUNE OKTOBER 2017
Masfjorden kommune FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM KULTURMINNEPLAN FOR MASFJORDEN KOMMUNE OKTOBER 2017 Innhald 1. Kvifor kulturminneplan?... 3 2. Bakgrunn for planarbeidet... 3 3. Mål med kulturminneplanen...
DetaljerPlanprogram. Interkommunal kommunedelplan for kulturminner Bø og Sauherad kommunar
1 Innhald 1. Innleiing... 3 1.1 Lovgrunnlaget... 4 1.2 Plangrunnlag... 4 2 Vern gjennom forsvarleg bruk... 5 2 Kulturminner i Bø og Sauherad... 6 4 Utvikling og endring Bø og Sauherad si historie... 6
DetaljerPlan for utvikling av barnehage og skule i Balestrand kommune Planprogram 2016-2020
Plan for utvikling av barnehage og skule i Balestrand kommune Planprogram 2016-2020 0 Innhald Bakgrunn for planarbeidet...2 Planprogram...2 Føremål...3 Mandat...3 Føringar og referansar for planarbeidet
DetaljerKommunedelplan. for fysisk aktivitet Planprogram - Høyringsutgåve
Kommunedelplan for fysisk aktivitet 2018-2029 Planprogram - Høyringsutgåve INNLEIING Bakgrunn for revisjon av planen Klepp kommune skal i tråd med planstrategien 2016-2019 revidera kommunedelplanen for
DetaljerKommunedelplan for naturmangfald. Etnedal kommune. Planprogram
Etna- varig verna vassdrag Foto: Privat Kommunedelplan for naturmangfald Etnedal kommune Planprogram 10.10.2017 Etnedal kommune PLANPROGRAM KOMMUNEDELPLAN FOR NATURMANGFALD Godkjent av Kommunestyret 12.10.2017
Detaljer- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD
- Tilleggsakliste Kultur- og ressursutvalet Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD TILLEGGSAKLISTE - Kultur- og ressursutvalet... 2 Tilskot til utgreiing av lokalisering av Hordaland
DetaljerHøyringsutkast: Kommunedelplan for kulturminne Forslag til planprogram
Høyringsutkast: Kommunedelplan for kulturminne Forslag til planprogram Foto: Kåre Eik Frist for innspel til planen og merknader til planprogrammet 15. januar 2016 Kultur og Fritid Innhold 1 Innleiing...
DetaljerGjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:
Prosjektplan: Mål for skuleutvikling i Lærdal kommune 1. Bakgrunn og føringar Lærdal kommune har delteke i organisasjonsutviklingsprogramma SKUP 1 og 2, som Utdanningsdirektoratet inviterte kommunar med
DetaljerSkodje kommune Teknisk avdeling
Skodje kommune Teknisk avdeling Sak 63/15 Arkivsak nr: 14/445 Arkiv: Sakshandsamar: Ingunn Stette Sak nr Utval Møtedato 105/15 Formannskapet 01.09.2015 63/15 Kommunestyret 22.09.2015 FORSLAG TIL KOMMUNEPLAN
DetaljerKOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016
KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG 2017-2027 FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016 Innhald 1. Bakgrunn for planarbeidet 2. Føremål 3. Føringar for planarbeidet 4. Mål 5. Tema og avgrensing
DetaljerHovden del2 reguleringsplan frå 1997
Hovden del2 reguleringsplan frå 1997 Kvifor Utgangspunktet var behovet for revisjon av Hovden del 2 (1997) Målsetting for planarbeidet. Føremålet med planen er å disponere areal og ressursar på Hovden
DetaljerRULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART
Saksnr Utval Møtedato Saksbeh. Utval for plan og miljø OHA Råd for seniorar og menneske med OHA nedsett funksjonsevne 012/14 Ungdomsrådet 08.04.2014 OHA Sakshandsamer: Øystein Havsgård Arkivsaknr 13/1119
DetaljerKulturminnearbeid i Asplan Viak. Eit fagfelt dekka av Asplan Viak
arbeid i Asplan Viak Eit fagfelt dekka av Asplan Viak 2 Nye kvalitetsplaner Fagfeltet kulturminnevern Eit eige forretningsområde i AV brei kulturminnefagleg kompetanse. Overordna analysar (t.d KVU) KU
DetaljerKOMMUNEDELPLAN FOR OPPVEKST FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM 25. AUGUST 2015
KOMMUNEDELPLAN FOR OPPVEKST 2016-2019 FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM 25. AUGUST 2015 Innhald 1. Bakgrunn for planarbeidet 2. Føremål 3. Føringar for planarbeidet 4. Mål 5. Tema og avgrensing av innhald 6. Planprosess
DetaljerPlanprogram for Kulturminneplan i Skodje kommune
Planprogram for Kulturminneplan i Skodje kommune «Kulturarven er vegviseren på vegen mot en ukjent framtid og referansepunktet til fortiden. Uten slike rettesnorer blir samfunnet svekket og smuldrer opp.»
DetaljerKulturminneplan for verneverdige bygningar og bygningsmiljø i Nordherad - sluttbehandling og godkjenning
Vågå kommune Arkivsak: 2013/663-23 Arkiv: C51 Saksbehandlar: Ingunn Moen Helland Utv.saksnr Utval Møtedato 49/18 Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning 31.08.2018 19/18 Hovudutval for oppvekst,
DetaljerKulturminnekompetanse i Kommunane - Kulturminneplan
Kulturminnekompetanse i Kommunane - Kulturminneplan Ein del av KiK prosjektet i regi av Hordaland fylkeskommune Kulturminneplan som verkty for prioritering av tiltak knytt til verneverdige bygg Kulturminne
DetaljerProsjektplan. Prosjektet reguleringsplan skuleområdet Husnes. gnr 145 bnr 1 m.fl. 1. Mål og rammer
Prosjektet reguleringsplan skuleområdet Husnes gnr 145 bnr 1 m.fl. Prosjektplan 1. Mål og rammer 1.1 Bakgrunn Området som er føreslege regulert, ca 300 da, inkluderar m.a. Husnes sjukeheim, omsorgsbustader
DetaljerBAKGRUNN OG FORMÅL MED EIT PLANPROGRAM...
INNHALD 1. BAKGRUNN OG FORMÅL MED EIT PLANPROGRAM... 3 1.1 BAKGRUNN OG MÅL... 3 1.2 KVA ER EIT PLANPROGRAM... 3 2. FØRINGAR... 4 2.1 KOMMUNEPLAN FOR VÅGSØY KOMMUNE 2013 2025, SAMFUNNSDELEN... 4 2.2 PLANSTRATEGI
DetaljerSØKNAD OM OPPSTART AV ARBEID MED PRIVAT DETALJREGULERINGSPLAN FØREHANDSUTFYLT INFORMASJON TIL OPPSTARTSMØTE
SØKNAD OM OPPSTART AV ARBEID MED PRIVAT DETALJREGULERINGSPLAN OG FØREHANDSUTFYLT INFORMASJON TIL OPPSTARTSMØTE Etter plan- og bygningslov av 2008, med tilhøyrande forskrifter, sist tredd i kraft 01.01.2018,
DetaljerRAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN
SOGN & FJORDANE FYLKESKOMMUNE KULTURAVDELINGA RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN I SAMARBEID MED FLORA HISTORIELAG FLORA KOMMUNE Torleif Reksten og Hermod Seim ved skiltet på rutekaia.
DetaljerVil du vera med å byggja ein ny kommune?
Vil du vera med å byggja ein ny kommune? - Skal Fjell, Sund eller Øygarden halda fram som eigne kommunar, eller skal vi saman byggja Nye Øygarden kommune? Trygg framtid... Vi håpar at du opplever det godt
DetaljerRevidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur
Revidering av kommunedelplan for oppvekst 2013-2025 - Struktur INNHOLD 1. BAKGRUNN OG MÅL... 3 1.1 BAKGRUNN... 3 1.2 MÅL... 3 2. FØRINGAR... 3 3. INNHALD... 4 3.1 FOLKETALSUTVIKLING... 4 3.2 TAL KLASSER,
DetaljerSAMLA SAKSFRAMSTILLING
Side 1 SAMLA SAKSFRAMSTILLING Arkivsak: 09/1467-19413/09 Saksbeh.: Jofrid Fagnastøl Arkivkode: PLAN soneinndeling Saksnr.: Utval Møtedato 109/09 Formannskap/ plan og økonomi 05.11.2009 SAMLA SAK - DETALJREGULERINGSPLAN
DetaljerSak XX/XX PLANPROGRAM. Kulturminneplan
Sak XX/XX PLANPROGRAM Kulturminneplan 2019 2031 INNHOLDSFORTEGNELSE 1 Innledning... 3 2 Bakgrunn og formål med planen... 3 3 Sentrale temaer og problemstillinger... 4 4 Rammer for planarbeidet... 4 5 Organisering...
DetaljerTokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar
Tokke kommune Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg 2017 2030 Framlegg 15. mai 2017 Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar Innhald 1. Bakgrunn for planarbeidet 2. Føremål 3. Føringar for planarbeidet 4.
DetaljerPLANPROGRAM - Kulturminneplan for Stranda kommune -
PLANPROGRAM - Kulturminneplan for Stranda kommune - 1 Stranda Sunnylven Geiranger Liabygda 20. desember 2017 Innhald Prosjektskildring... 3 Innleiing... 3 Tittel... 3 Forankring i kommunalt planarbeid...
DetaljerGranvin herad. Planprogram for kommunedelplan kulturminne i Granvin herad
Granvin herad Planprogram for kommunedelplan kulturminne i Granvin herad 2016 2026 1. INNLEIING Kulturminne og kulturmiljø er i dag rekna som fellesverdiar i samfunnet. Dei er kjelde til kunnskap, oppleving
DetaljerVinje kommune. Økonomi, plan og utvikling. Kommuneplanens samfunnsdel - til høyring og offentleg ettersyn
Vinje kommune Økonomi, plan og utvikling Arkiv saknr: 2013/2973 Løpenr.: 12046/2016 Arkivkode: 141 Utval Møtedato Utval Saksnr Kommunestyret 16.06.2016 16/64 Plan- og miljøutvalet 29.06.2016 16/82 Oppvekst-
DetaljerSaksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:
SAKSPAPIR Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS 07.02.2018 Saksbehandlar ArkivsakID Viviann Kjøpstad 1/171 Framlegg til konkretisering politisk medverknad i planprosessen Rådmannen sitt framlegg
DetaljerKOMMUNEDELPLAN TRAFIKKTRYGGING HERØY KOMMUNE
KOMMUNEDELPLAN TRAFIKKTRYGGING HERØY KOMMUNE 2013-2016 PLANPROGRAM Planprogram, sist revidert 24.5.2012 1. Planprogram I samsvar med plan- og bygningslova 5-1 skal dette planprogrammet vere eit verkty
DetaljerMØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00
MØTEINNKALLING Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset : 27.04.2015 Tid: 10.00 Medlemene vert med dette innkalla til møtet. Evt. forfall må meldast til kommunen v/sekretariatet, tlf.
DetaljerKommunedelplan for sti og løyper Utkast til planprogram
Kommunedelplan for sti og løyper Utkast til planprogram Innhald Bakgrunn og føremål med planarbeidet... 3 Innhald og verknad av planen... 3 Planavgrensing... 4 Planomtale... 4 Overordna føringar... 5 Organisering
DetaljerKommunedelplan for kulturminne
BØMLO KOMMUNE Kommunedelplan for kulturminne Forslag til planprogram Det gamle handelshuset i Bømlahamn foto frå billedarkivet Prosjektskildring Tittel Kommunedelplan for kulturminne (kulturminneplan)
DetaljerHareid kommune Kommunedelplan for vatn og avløp Forslag til planprogram
Hareid kommune 21.11.2017 Kommunedelplan for vatn og avløp 2018-2030 Forslag til planprogram INNHALDSLISTE 1 Kort om planprogrammet... 3 2 Formål med planarbeidet... 3 3 Rammer og føringar... 3 4 Planområde...
DetaljerPlanprogram. Revisjon av Kommuneplanen for Balestrand kommune. Sognebåten i Balestrand
Planprogram Revisjon av Kommuneplanen for Balestrand kommune Sognebåten i Balestrand Balestrand mai. 2014 1 Innhald 1. Føremål med planarbeidet... 3 1.1 Grunnlag i Kommunal planstrategi 3 1.2 Tema som
DetaljerNorddal kommune Planprogram for Kulturminneplan
Norddal kommune Planprogram for Kulturminneplan Notanaustet i Norddal 1. Prosjektskildring 1.1 Tittel Kulturminneplan 1.2 Plantype Kulturminneplanen skal ha status som temaplan, og omfatte kulturminne
DetaljerKulturminneplan for Lærdal kommune planprogram til høyring
Berge gard 1910 Kulturminneplan for Lærdal kommune 2016-20 - planprogram til høyring 2 3 Kulturminneplan for Lærdal kommune 2016-2020 Planprogram - utkast 1. Innleiing I brev frå Riksantikvaren, datert
DetaljerBERGEN KOMMUNE- FANA BYDEL- REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES - MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Strategi- og næringsavdelinga Seksjon for kommunesamarbeid Arkivsak 200407511-12 Arkivnr. 714 Saksh. Rødseth, Marit Ekerhovd, Per Morten Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet
DetaljerHøyringsbrev: Oppstart av planarbeid og utlegging av planprogram for kommunedelplan for trafikksikring 2017-2020
Fjell kommune BERGEN KOMMUNE Postboks 7700 5020 BERGEN Høyringsbrev: Oppstart av planarbeid og utlegging av planprogram for kommunedelplan for trafikksikring 2017-2020 Dokumentet følgjer vedlagt. Dokumentet
DetaljerHØRINGSUTKAST: Kommunedelplan for KULTURMINNE - Forslag til planprogram
HØRINGSUTKAST: Kommunedelplan for KULTURMINNE - Forslag til planprogram Turid Leirvoll Øverås Nesset kommune 23.08.2013 1 Innhald: side Kommunedelplan for kulturminne, planprogram 3 Om kommunedelplan,
DetaljerInnspel knytt til akvakultur (landbasert, parkeringsplassar osv) Område for tareproduksjon.
Sakshandsamar: Helle Holte Bruland Arkivsaksnr: 16/1096 Journalpostnr: 16/14573 Styre, råd, utval Sak nr Møtedato Utval for plan og miljø 070/2016 29.09.2016 Ungdomsrådet 039/2016 26.09.2016 Råd for seniorar
DetaljerUtv.saksnr.: Utval: Møtedato: 35/17 Formannskapet
Kommuneplanen sin samfunnsdel i Aukra, melding om start av planarbeid Aukra formannskap har i møte den 3. april 2017 vedtatt å melde start av planarbeid, kommuneplanen sin samfunnsdel 2017-2015, i samsvar
DetaljerF E L L E S I K T - S T R A T E G I K O M M U N A N E F Y R E S D A L, K V I T E S E I D, 2012-2015 FOR
F E L L E S I K T - S T R A T E G I FOR K O M M U N A N E F Y R E S D A L, K V I T E S E I D, N I S S E D A L, S E L J O R D, T O K K E O G V I N J E 2012-2015 30.03. 2012 - INNHALD - 1 SAMANDRAG 3 1.1
DetaljerPresentasjon av forslag til planprogram Disposisjon:
Presentasjon av forslag til planprogram Disposisjon: Regionalplan Kva er eit planprogram Føremål Bakgrunn/føringar Begrepsjungelen Tema i planarbeidet Metode Presentasjon av temakart; Biologisk leveområde
DetaljerKulturarv på kartet Registreringer i Møre og Romsdal. Fagdag, Statens Kartverk, 5.3.2013
Kulturarv på kartet Registreringer i Møre og Romsdal Fagdag, Statens Kartverk, 5.3.2013 Kulturminne kulturmiljø kulturlandskap 1. Kulturminne spor etter menneskeleg virke Endres i topp-/bunntekst 06.03.2013
DetaljerFyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.
SØKNAD OM MIDLAR TIL PROSJEKT FRÅ PROGRAM OPPLEVINGSNÆRINGAR 2009 Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg. A: Her skal du fylle inn nøkkeldata for søknad og søkjar. Nøkkeldata for søknad
DetaljerP.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd
P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd VISJON I arbeidet for og med dei medarbeidarane i Fjell sokn har vi utarbeida ein visjon: I Fjell sokn vil vi
DetaljerFORSLAG TIL PLANPROGRAM
Reguleringsplan Fv. 7 Lussandberget aust Planprogram FORSLAG TIL PLANPROGRAM Region vest Ressursavdelinga Planseksjonen Dato: 2011-03-19 INNHALD 1 BAKGRUNN... 4 2 FØREMÅL MED PLANEN... 4 3 PLANOMRÅDE...
DetaljerMØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: 21.05.03 Tid: 12.30-18.30
MØTEPROTOKOLL Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: 21.05.03 Tid: 12.30-18.30 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart sendt medlemene
DetaljerArbeidsprosess Kommuneplanen sin samfunnsdel
Arbeidsprosess Kommuneplanen sin samfunnsdel Til kommunestyret Innleiing I Volda kommune sin planstrategi (vedteken 29.11.2012) vart det vedteke at fullstendig revisjon av kommuneplanen skulle ha høg prioritet
DetaljerEID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 140 Objekt: Kommunedelplan for kulturminne vedtak av planprogram
EID KOMMUNE Møtebok SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Saksansv. Samfunnsutviklingsutvalet 11.09.2014 033/14 KDA Formannskapet 18.09.2014 163/14 KDA Kommunestyret 25.09.2014 CMÅ Avgjerd
DetaljerMØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE
MØTEINNKALLING Utval: UTVAL FOR OPPVEKST OG OMSORG Møtestad: Rådhuset Møtedato: 10.09.2013 Tid: 16.30 Kl. 1630-1700: Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang Varamedlemmer
DetaljerPlanprogram - kulturminneplan FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM KULTURMINNEPLAN ØYGARDEN KOMMUNE
FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM KULTURMINNEPLAN 2016 2022 ØYGARDEN KOMMUNE 1 Innhaldsforteikning 1. KVIFOR KULTURMINNEPLAN?... 3 2. BAKGRUNN FOR PLANARBEIDET 3 3. MÅL MED KULTURMINNEPLANEN.. 3 4. RAMMER OG FØRESETNADER
DetaljerSauda kommune. Planprogram Kommunedelplan for helse og omsorg i Sauda
Sauda kommune Planprogram Kommunedelplan for helse og omsorg i Sauda 2015-2025 Sauda 04.06.2014 INNHALD 1. Om planprogrammet... 3 2. Føremålet med planenprosessen... 4 3. Nasjonale, regionale og kommunale
DetaljerHORNINDAL KOMMUNE Sakspapir
HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnr.: Saksbehandlar Utval for Oppvekst og Helse 04.11.2008 037/08 MO Kommunestyret 13.11.2008 072/08 MO Saksansvarleg: Eirik Natvik
DetaljerFJORDHESTEN, VESTLENDINGEN SIN KULTURARV
GLOPPEN KOMMUNE PROSJEKTPLAN Dato: 15. august 2005 FJORDHESTEN, VESTLENDINGEN SIN KULTURARV PROSJEKTPLAN - FORPROSJEKTET Vedteken i Teknisk-, Landbruk- og Kulturutvalet 24.8.2005 Foto: Terje Rakke/Nordic
DetaljerSØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID
SAK 04/12 SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID Saksopplysning Kommunane i Hallingdal søkjer i brev dat. 2.9.2011 om tilskot til regionalt plansamarbeid. Målet er å styrke lokal plankompetanse gjennom
DetaljerEndringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015
BREV MED NYHENDE 06/02/2015 Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015 Av advokat Anders Elling Petersen Johansen Bakgrunn Regjeringa har, etter eiga utsegn, ei målsetjing om å gjere
DetaljerHyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan 2014 2015. Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon
Utviklingsplan for næringsarbeid 2014 2015 Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan 2014 2015 Innhald 1. Innleiing om planen og arbeidet 1.1 Innleiing s. 3 1.2 Historikk s. 3 2. Verdigrunnlag
DetaljerPlanprogram. Skulebruksplan Lærdal kommune
Lærdal kommune Planprogram Skulebruksplan 2014 2018 Planprogrammet tek føre seg mandat, framdriftsplan, føringar, målsetjingar, tema, organisering og medverknad i planprosessen Innhald Bakgrunn for planarbeidet...
DetaljerSakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret
Vik kommune Sakspapir «Sgr_Beskrivelse» «Spg_Beskrivelse» Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse 08.12.2014 073/14 Kommunestyret 18.12.2014 Sakshandsamar Arkiv Arkivsaksnr. Marit
DetaljerNotat Kulturminne
Notat 2-2012 Kulturminne Arlen Bidne Sogn og Fjordane fylkeskommune 1.1 Kulturminne på Ornes Ornes er rik på kulturminne frå eit stort tidsspenn. Det er gjort mange funn, undersøkingar, rapportar og forsking
DetaljerSaksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet 15.05.2012 020/12 Bystyret 07.06.2012 060/12
FLORA KOMMUNE Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet 15.05.2012 020/12 Bystyret 07.06.2012 060/12 Sakshandsamar: Margit Drivenes Kløvfjell Arkiv: K2-C00, K2-A10 Objekt: Arkivsaknr 12/848 KULTURPROGRAM
DetaljerSAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet
Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2014/2350-21542/2014 Sakshandsamar: Grethe Bergsvik Dato: 09.10.2014 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Drøftingssak - Eigarskapsmelding 2015 Samandrag
Detaljer