Hyllestad kommune Planprogram Utarbeiding av lokal kulturminneplan Frå Hyllestadvikja Foto: Sigrid Solberg Hyllestad mars 2015
1 Innleiing Det er Sogn og Fjordane fylkeskommune si satsing på lokale kulturminneplanar som er bakgrunn for at dette arbeidet er sett i gong. Målet med fylkeskommunen si satsing er å styrke kommunane i deira operative rolle på kulturminnefeltet. Fylkeskommunen lyste ut midlar til utarbeiding av lokal kulturminneplan og registreringsarbeid. «Kommunal planstrategi» vart vedteke den 20.2.2014, og å utarbeide ein kulturminneplan for Hyllestad kommune er ein del av denne strategien. Kommunen har fått tildelt midlar frå Riksantikvaren og Sogn og Fjordane fylkeskommune til arbeidet. Vilkåra for tildeling seier følgjande: - Det skal ligge føre tidfesta plan for gjennomføring av registreringar og utarbeiding av kulturminneplan. - Det skal ligge føre politisk vedtak om utarbeding av kulturminneplan. - Kulturminna som vert registrert skal leggjast inn i kulturminnesøk eller andre basar som kan utveksle data med kulturminnesøk. - Det skal utarbeidast korte statusrapportar om framdrift som skal sendast til fylkeskommunen to gonger årleg inntil arbeidet er sluttført. 2. Bakgrunn og føremål 2.1 Generelt om bakgrunn for planarbeidet Me har alle eit felles ansvar for å ta vare på kulturminne, kulturmiljø og landskap for komande generasjonar. Den offentlege forvaltinga har eit særskilt ansvar for å sikre at dei nasjonale måla for kulturminneforvalting vert oppfylt. Kulturminneplanar vil vere eit viktig verkty for kommunen innan mange fagfelt: I forvaltninga innan areal-, plan-, og byggjesak, vil ein lettare kunne ta omsyn til kulturminneverdiane og gje ei meir effektiv handsaming. Dette vil også vere viktig for eigarar av kulturminne. Eit kulturminne si forankring i ein kulturminneplan er viktig med tanke på stønadsordningar og tilgong på rettleiing i bruk og vedlikehald. Planen vil også vere nyttig verkty i det lokale utviklingsarbeidet. Både skulevesen, næringsliv og kultursektor kan nytte kulturminna til å skape høg kompetanse og gode opplevingar. Utarbeiding av lokale kulturminneplanar vil gje kommunar og innbyggjarar eit betre oversyn over kva som finst av kulturminne i eige lokalmiljø. I planen ynskjer ein å utgreie: Kva kulturminne som skal dokumenterast/registrerast for ettertida før dei går tapt. Kva kulturminne det skal takast vare på. Kva tiltak som må setjast i verk for at ein skal ta vare på kulturminna. Kva kulturminne som er viktige for Hyllestad må representere og fortelje om Hyllestad kommune sin kulturarv og identitet.
Dei mest kjende kulturminna vi har i Hyllestad er kvernsteinsbrota, som er nominert til Unesco si verdsarv liste. I kulturminneplanen ynskjer vi å få fram ein del av dei mange andre kulturminna i kommunen vår. 2.2. Føremål og målsetjing med planarbeidet Arbeidet med kulturminneregistrering og kulturminneplan skal bidra til: 1. auka kunnskap og medvit om kulturminneverdiane i kommunen 2. oversyn og verdisetjing av viktige kulturminne, kulturmiljø og landskap 3. at dei nasjonale databasane Askeladden og Kulturminnesøk til ei kvar tid er oppdaterte 4. betre forvalting av kulturminne blant anna gjennom bruk av plan- og bygningslova Målsetjing: Kulturminneplanen skal vere ein reiskap for å sikre at eit mangfald av representative kulturminne i Hyllestad, blir gjort kjent og ivaretatt. Kulturhistoria vår i eldre og nyare tid, skal vere ei kjelde til kunnskap, oppleving og verdiskaping, og på denne måten vere med å danne grunnlag for ei positiv identitetskjensle til Hyllestad. 2.3 Forskrift om konsekvensutgreiing Forskrift om konsekvensutgreiing er ikkje relevant for denne planen. 2.4 Føremål med planprogrammet Gjennom arbeidet med planprogrammet skal det avklarast korleis ein skal dele inn den tematiske kommunedelplanen. Arbeidet med planprogramet er også ein prosess der Hyllestad kommune skal kome fram til kva som er dei viktigaste problemstillingane knytt til kulturminne og kulturmiljø, og kva som skal vere målet med planarbeidet. Ein skal og komme fram til prioriterte satsingsområde/r for kulturminna. Planprogrammet er eit fleksibelt verktøy for den tidlege fasen av planarbeidet. Programmet skal tilpassast den konkrete plansituasjonen og planbehovet. Som eit minimum skal planprogrammet gjere greie for formålet med planarbeidet, planprosess og medverknad. 3. PLANOMRÅDE AVGRENSING 3.1 Kva er eit kulturminne? I Lov om kulturminne vert kulturminne definert slik: 2.Kulturminner og kulturmiljøer - definisjoner. Med kulturminner menes alle spor etter menneskelig virksomhet i vårt fysiske miljø, herunder lokaliteter det knytter seg historiske hendelser, tro eller tradisjon til.
Med kulturmiljøer menes områder hvor kulturminner inngår som del av en større helhet eller sammenheng. Reglene om kulturminner og kulturmiljøer gjelder så langt de passer også for botaniske, zoologiske eller geologiske forekomster som det knytter seg kulturhistoriske verdier til. Etter denne lov er det kulturhistorisk eller arkitektonisk verdifulle kulturminner og kulturmiljøer som kan vernes. Ved vurdering av verneverdier kan det i tillegg legges vekt på viktige naturverdier knyttet til kulturminnene. Det er vanleg å dela inn kulturminna i to hovudkategoriar, immaterielle og materielle. Lokale tradisjonar, segn, historiar, stadnamn, musikk og handverkstradisjonar er døme på immaterielle kulturminne. Materielle kulturminne vert delt i faste kulturminne; til dømes bygningar, gravhaugar eller bruer; samt gjenstandar (lause). Det er ikkje lett å verdsetje kulturminna. Riksantikvaren deler kulturminna inn i tre nivå; kulturminner av nasjonal, regional og lokal verdi. Ein knyter verdiane til omgrep som kunnskap, oppleving, identitet, estetikk og bruk. I tillegg vektlegg ein andre vesentlege eigenskapar ved det einskilde kulturminne, som til dømes alder, autensitet, om det er sjeldan og representativitet. 3.2 Kva er viktige kulturminne? Kulturminne og kulturmiljø er viktige ressursar og verdiar i lokalsamfunnet. Eit kulturminne kan både ha bruksverdi, men og verdi som ei kjelde til kunnskap og opplevingar. Det er vi som bur i Hyllestad kommune som må avgjere kva kulturminne som er viktig i vår kommune, og som skal omtalast i kulturminneplanen. Eit kulturminne kan også ha regional eller nasjonal verdi. Kulturminneverdien kan og vere på eit internasjonalt nivå, slik som Kvernsteinsbrota som er nominert til Unesco si verdsarvliste. 3.3 Ulike tema under kulturminneomgrepet Det må føretakast ein gjennomgang over kva som finst av kunnskap om kulturminna. Kan det vere naudsynt med kontrollregistrering? Gir desse registreringane eit godt og dekkjande bilete av dei lokalhistoriske forholda? I kulturminneplanen vil ein lage ei kort skildring av Hyllestad kommune si historie, samt ei oversikt over ulike kulturminne. Aktuelle tema for denne delen er: Hyllestad si eldste historie Kyrkjer og kyrkjegardar Fortidsminne Kvernsteinsbrota Steinkorsa
Samferdsle Mat og drikketradisjonar Segner og forteljingar Drakthistorie Song og musikktradisjon Lokalt arkivmateriale Biletsamlinga Stadnamn 3.4 Prioriterte satsingsområde i Hyllestad kommune Kulturminnefeltet er stort, og i planprogramfasen skal ein kome fram til område/-er som er særmerka og viktige for Hyllestad kommune. Det er mogleg at det og vil bli naudsynt å gjere avgresingar innanfor satsingsområda. Arbeidsgruppa for kulturminneplanen har føreslege eit par kategoriar kulturminne som ein vil starte med å registrere og seinare prioritere. Det er ynskjeleg at innbyggjarane i Hyllestad kommune tek stilling til om dette er dei viktigaste kulturminna våre; det særmerka som fortel om Hyllestad kommune sin kultur og identitet. Registrering av kulturminne vil vere ein kontinuerleg prosess. Kulturminneplanen skal rullerast på lik linje med andre kommunale planar, og ved første rullering kan ein ta inn nye kulturminne som ein ynskjer å registrere og prioritere. Steinarbeid/byggverk og produkt av naturstein Steingard, bakkemur, vegmur, bruer, rydningsrøys handverket, bruk av stein, kunnskap Fiske/sjø/båt fortøyingsboltar og blinkar (lykter) kva finst ulike båt-typar, tradisjon for båtbygging i Hyllestad nothenge/lakseverp turking av not Immatrielle kulturminne Segner og lokale historiar lokal mattradisjon dialekt, ord og utrykk, ord som blir borte stadnamn
4. Planprosessen deltakarar, medverknad og tidsfristar 4.1 Organisering av planarbeidet Formannskapet er Hyllestad kommune sitt utval for plansaker og styringsgruppe for denne planprosessen. Overordna ansvar for kulturminneplanen ligg til oppvekstsjef. Det er nedsett ei arbeidsgruppe som er samansett av oppvekstsjef, kulturkonsulent, representant frå Hyllestad sogelag, representant frå Folkeakademiet Hyllestad og representant frå Hyllestad skule. 4.2 Deltakarar Følgjande aktørar vert tilsendt planprogram og planutkast (kan verte supplert): Offentlege planinstansar Sogn og Fjordane fylkeskommune Andre aktørar: Hyllestad sogelag Folkeakademiet Hyllestad Leirvik grendalag Åfjorddalen ungdomslag Skor grendalag Hyllestad grendalag Lifjorden bygdelag Øen grendalag Skifjord grendalag Grunneigarar som vert direkte berørt av tiltak Personar med interesse for kulturminne Norsk kvernsteinsenter Hyllestad skule Hyllestad barnehage 4.3 Opplegg for gjennomføring av planarbeidet I samband med utarbeiding av kulturminneplan har Hyllestad kommune fått tilskot frå Riksantikvaren til å registrere kulturminne. Hyllestad kommune står fritt til å bestemme kva for kulturminne vi ynskjer å registrere. Det er heller ikkje lagt opp til at dei som registrerer skal ha spesielle forkunnskapar for å utføre registreringsarbeidet. Riksantikvaren har utarbeidd registreringsskjema og ei registreringshandbok som gir rettleiing i korleis ein skal registrere kulturminne. www.kulturminnesok.no er det Riksantikvaren som har utvikla. Dette er ein nasjonal publikumsportal som formidlar alle registrerte kulturminne. Kommunen har motteke tilskot frå Riksantikvaren, og har dermed forplikta seg til at alle kulturminne som ein registrerer skal registrerast i denne portalen. Kulturavdelinga til fylkeskommunen er til hjelp med å
arrangere kurs i registering og kulturminnesøk, og dei gir elles rådgjeving undervegs i denne prosessen. Det var arrangert kulturminnekveld den 30.okt der innbyggjarane i kommunen vart invitert til å kome med innspel kva kulturminne vi skal starte med å registrere i Hyllestad. Desse innspela tok arbeidsgruppa med seg, og på grunnlag av dette har ein valgt nokre tema som ein vil starte med. Det vert halde kurs i registrering 26.mars 2015. Samstundes som ein gjer registreringsarbeid vil det blir arbeidd med innhaldet i kulturminneplanen. Arbeidsgruppa set opp forslag til handlingsplan med naudsynte opplysingar om forventa kostnader. 4.4 Verktøy/hjelpemiddel Følgjande dokument vil kunne vere til hjelp i planarbeidet: 1 Registrering av kulturminne og kommunedelplan for kulturminne Håndbok for lokale registreringar 2 Kulturminne i kommunen, kulturminneplanar (Rettleiar, Riksantikvaren, 2013) 3 Tidlegare registreringar i Hyllestad kommune Det er gjennomført ulike registeringar av kulturminne i Hyllestad kommune. Desse blir nytta som grunnlag for planarbeidet. Døme: Sefrak-registeret (bygningar som er bygd før 1900) Askeladden (offisiell database over freda kulturminne og kulturmiljø i Norge) Stadnamnregisteringar Fylkesatlas Geoatlas Kulturhistorisk atlas og leksikon Fotosamlinga (www.fylkesarkiv.no og i permar på biblioteket) Registrering av draktdeler (Hyllestad og Høyanger husflidslag, 1997) Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, song- og musikkopptak 4.5 Tidsplan Hovudfasar og milepælar ansvar dato Oppstart, planprogram Utarbeiding av forslag til planprogram AG 02.15 Vedtak om oppstart av planarbeid og planprogram F 03.15 Planprogram på høyring/off. ettersyn KK 04.15 Vedtak av planprogram F/K 06.15
Gjennomføring av planutarbeiding og handsaming Utarbeiding av planforslag AG 02.16 Vedtak om høyring/off.ettersyn av planforslag F 03.16 Planutkast på høyring/off ettersyn fram til KK 05.16 Slutthandsaming (med evt avklaring/mekling) F 06.16 Vedtak av kulturminneplan K 08.16 AG=arbeidsgruppe KK=kulturkonsulent F=formannskap K=kommunestyre