100 GODE GRUNNAR TIL Å RØYSTE SENTERPARTIET



Like dokumenter
100 GODE GRUNNER TIL Å STEMME SENTERPARTIET

folk først Britt Giske Andersen andrekandidat for Venstre i Møre og Romsdal Olbjørn Kvernberg tredjekandidat for Pål Farstad førstekandidat for

Program OSTERØY HØGRE

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

Menneske er viktigare enn system. Difor set Venstre folk først.

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

Valprogram Viken SV Sosialistisk Venstreparti

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Ei god framtid for alle!

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

MASFJORDEN. Foto: Gettyimages. Kommunen og innbyggjarane våre

Vår politikk vil du kjenne att i tre hovudemne:

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

Program for Masfjorden Venstre

Politisk program for Jølster KrF

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt.

PROGRAMMET VÅRT Suldal Arbeidarparti

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Utkast til program Meland Høgre 2015

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

VALPROGRAM LEIKANGER SENTERPARTI

Vi må ta vare på matjorda. Om jordvern og eigedomspolitikk

Til veljarane i Tysnes

Høyanger KrF. Menneskeverd i sentrum

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Ål Venstre. Ål Venstre

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

[Skriv her] Program Hjartdal SP HEILE HJARTDAL. sp.no/hjartdal. sp.no/hjartdal

Kommunestyrevalget i Tysvær 2003

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

Frå Fylkesårsmøte i Senterpartiet i Sogn og Fjordane. Til Samferdsledepartementet v/statsråden Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget

Velferd i fellesskap. Stig Holmstrøm. Ordførarkandidat

billeg mat har ein høg pris

Program for. Årdal Venstre

Hemsedal KRF Program

Frivilligpolitisk plattform

Trygg og god oppvekst i Hjelmeland.

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

MELAND SENTERPARTI Arbeidsprogram

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2015

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Eit trygt og godt lokalsamfunn

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Bilde: Colorbox. Bokn KrF Menneskeverd i sentrum INFORMASJON

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Pedagogisk plattform

FUSA UNGDOMSRÅD. Interimsstyre frå 2006 Fast ordning frå 2007

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

SULDAL VENSTRE. Ulike menneske treng ulike løysingar for å ha eit godt liv. Venstre tenkjer FOLK FØRST.

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

ETNE VENSTRE

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Fylkeskommunen etter forvaltningsreforma Sykkelby Nettverkssamling Region midt. Hilde Johanne Svendsen, Samferdselsavdelinga 21.

Program for. Seljord Venstre

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Miljøvenlege byar. Politisk rådgjevar Erik Lahnstein. Innlegg på Bykonferansen Framtidens byer, Oslo

kommunevalprogram for nesset venstre i perioden Venstre setter deg og dine behov i sentrum. Sammen bygger vi Nesset.

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

Kommunedelplan for oppvekst

Næringspolitikk for auka nyskaping og betre konkurranseevne

Resept for eit sunnare FørdeF

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Til deg som bur i fosterheim år

For å nå dette må tiltak, verkemedel og tenester organiserast slik at dei fremmer dette og motverkar segregering og stigmatisering.

Os KrF INFORMASJON // Foto: Øyvind Ganesh Eknes, Jakob Enerhaug


FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

Program Årdal AP

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Eit levande folkestyre og gode lokalsamfunn skal gjera folk trygge og styrka tilhøyrsle og identitet.

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Dette vil vi arbeide for i Bremanger AP

Kommunestyrevalet Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF

BÆREKRAFTIG UTVIKLING

Spelet varer om lag ein dobbeltime og kan enkelt setjast opp i klasserommet. Talet på spelarar bør vere minst ti elevar.

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Kommunevalprogram. Vik Senterparti

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Å FORME DEN NYE KOMMUNEN DIN?

LINDÅS. Framtida i fokus

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Frank Willy Djuvik. Kor mykje makt har partiet? Partiet er [x] i regjering [] i opposisjon.

Dei andre områda me satsar på vil gå fram av programmet vårt.

Valprogram for Austevoll SV

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Transkript:

100 GODE GRUNNAR TIL Å RØYSTE SENTERPARTIET

SENTERPARTIETS VERDIGRUNNLAG Senterpartiet jobbar for eit Noreg med frie, sjølvstendige menneske som med tru på eigne evner tek ansvar for eige liv, fellesskapet, natur og miljø Vi ser heile landet: Vår politikk handlar om å skape grunnlag for gode liv og sikre deg det du treng, der du bur Vi arbeider for eigedomsrett til dei mange, for å redusere byråkrati, og for å spreie makt, kapital, produksjon og busetjing i heile Noreg I Senterpartiets miljøpolitikk står mennesket i sentrum: Vi vil ta naturen i bruk for å redde miljøet, sikre nasjonal råderett over naturressursane, og la forvaltinga av dei så langt som mogeleg bli styrt av lokale folkevalde Senterpartiet jobbar for internasjonalt samarbeid og solidaritet mellom sjølvstendige nasjonalstatar, og eit sterkt FN der demokratiska land løyser globale utfordringar i fellesskap. VÅRE HOVUDSAKER MAT OG MILJØ Senterpartiet vil ta naturen i bruk for å redde miljøet. Vi vil at Noreg skal ta ansvar for å produsere meir mat til eige folk, og stimulere norsk matproduksjon basert på norske råvarer frå sjø og landbruk. Klimakrisa er det største trugsmålet mot naturen slik vi kjenner han, og Noreg må ta vår del av det globale ansvaret. Hovuddelen av norske klimakutt skal takast innanlands. Vi vil sikre at ei storstilt utbygging av fornybar energi held fram, og satse på klimasmart teknologi som også vil gje norsk næringsliv sterkare konkurransekraft. SAMFERDSEL God samferdslepolitikk handlar om å knyte landet enda tettare saman. Med veg, bane, breiband og annan infrastruktur reduserer vi avstanden mellom folk og mellom marknader, og skaper grunnlag for enklare kvardagar, fleire arbeidsplassar og busetjing i heile landet. Opptrappinga av samferdslebudsjetta skal halde fram, gjennomføringa bli effektivisert og byggjeperiodane kutta. Slik vil vi sikre Noreg den mest trygge, effektive og miljøvennlege infrastrukturen i Europa. ELDRE Senterpartiets eldrepolitikk handlar om kvardagen, og er ein politikk for å medverke, delta og velje sjølv. Med satsing på folkehelse, rehabilitering og hjelp til sjølvhjelp kan fleire bu heime så lenge dei ønskjer, og vere aktive i lokalmiljøet. Vi vil la dei eldre ta styringa over eigen kvardag, og vi går til kamp mot einsemda. Innsatsen til dei pårørende må synleggjerast og verdsetjast sterkare enn i dag. Sjukeheimane må bli fleire, mindre og liggje der folk bur så dei kan vere livlege heimar for den einskilde og fyllast av matglede, aktivitetar og nye fagfolk. Vår eldrepolitikk handlar om liv til åra, ikkje berre år til livet.

100 GODE GRUNNAR TIL Å RØYSTE SENTERPARTIET MAT OG MILJØ 1 2 3 4 5 6 7 Norsk matproduksjon skal aukast med 20 prosent innan dei neste 20 åra, og sjølvforsyningsgraden for fôr aukast gjennom ei tiårig investeringspakke for trygg og sikker mat, landbruk over heile landet og ei berekraftig matnæring Vi vil innføre tilskot til nydyrking av jord, og grunnlovsfeste at matjorda skal forvaltast langsiktig og bli teken vare på for komande generasjonar Senterpartiet vil gje bonden betre betalt og jamne ut inntektsskilnaden mellom jordbruket og andre grupper All mat må ha forbrukarmerking med informasjon om opphavsland for råvarene, foredlingsfirma og innhald Vi vil skjerpe konkurranselovgjevinga og svekkje makta til dagligvarekjedenes til fordel for forbrukarar og matprodusentar Senterpartiet vil tryggje dyrevelferda, og sikre Mattilsynet ressursar til betre rådgjeving, hyppigare kontroll og målretta samarbeid med produksjonsnæringane Noreg skal vere ein pådrivar for ambisiøse internasjonale klimaavtaler som sikrar målet om maksimal temperaturauke på to gradar

8 9 10 11 12 13 14 15 Hovuddelen av norske klimakutt skal skje innanlands, utsleppa bli reduserte i alle sektorar og skogplanting og uttak av skog brukast som eit CO 2 -reduserande tiltak Fornybar elektrisitet må takast i bruk der han kan erstatte fossil energibruk, som til dømes i samferdslesektoren og gjennom meir elektrifisering av petroleumssektoren Vi vil sikre ei storstilt satsing på bioenergi, andregenerasjons biodrivstoff og annan fornybar energi, og fase ut bruk av oljekjelar innan 2020 Noreg må auke innsatsen for førebygging av klimaskadar, som flaum-, erosjons- og rassikring Omsynet til miljø, klima og fornybare næringar skal vege tungt når det blir tildelt nye areal til petroleumsutvinning, og Senterpartiet vil ikkje opne for petroleumsverksemd i Lofoten, Vesterålen, utanfor Senja eller på Møreblokkene Vi vil ta vare på naturressursane, det biologiske mangfaldet og ulike naturtypar gjennom berekraftig bruk, med stor grad av lokal medverknad og ansvar Senterpartiet vil ha ein rovdyrpolitikk som byggjer på regional forvalting, effektivt uttak av rovdyr med skadepotensial og erstatning for tap påført av rovdyr Vi vil at kommunane skal forvalte motorferdsel i utmark 16 17 18 19 20 21 SAMFERDSEL Senterpartiet vil ta eit nytt, stort samferdselslyft for å sikre trygg og effektiv transport av folk og varer, busetjing i heile landet og reduserte klimautslepp Vi vil byggje veg og bane raskare og meir samanhengande, gjennom nye måtar å finansiere og organisere dei største prosjekta på Vi vil prioritere opprusting av riks- og stamvegane nord-sør og aust-vest, og ha ei kraftig satsing på betre og tryggare fylkesvegar Vi skal byggje ut moderne intercity-jernbane rundt dei store byane, fjerne flaskehalsar og elektrifisere dei gjenstående dieseldrivne jernbanestrekningane Vi vil styrkje rutetilbodet på distriktsflyplassane Senterpartiet vil utvide belønningsordninga som stimulerer storbyane til å utvide kollektivtilbodet og innføre restriktive tiltak mot biltrafikk, og vi skal halde fram med den massive satsinga på gang- og sykkelvegar

22 23 24 Vi vil starte bygginga av Stad skipstunnel, sikre 20-minutts ferjeavgangar på dei gjennomgåande riksvegane og styrkje hurtigbåtsambanda mellom regionsenter og distrikt langs kysten Senterpartiet vil sikre den digitale allemannsretten: Heile landet skal ha fullverdig mobildekning og høgfartstilgang til internett Løyvingane til rassikring må aukast, og etterslepet fjernast Foto: CC-BY-SA Orcaborealis

25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 ELDRE Senterpartiet vil heve den generelle aldersgrensa i arbeidslivet og fase ut ulike særaldersgrenser Funksjonane til dei kommunale eldreråda må bli tydeleg definerte, og råda må få framleggsrett overfor kommunestyret Kommunane må sikrast midlar til fleire dagaktivitetstilbod, eldresenter og betre transporttilbod for eldre som bur heime Vi vil styrkje det lokale folkehelsearbeidet, og sikre alle eldre som blir utskrivne frå sjukehus eit individuelt rehabiliterings- og opptreningstilbod Senterpartiet vil auke tilskotet for å tilpasse bustader og for å installere heis i bygårdar der eldre bur, slik at fleire kan bu heime så lenge dei ønskjer Vi vil fase inn ei ordning som gjev deg same rett til fri med lønn når ei gamal mor eller far bryt lårhalsen som når toåringen har omgangsjuke Senterpartiet vil styrkje og forenkle omsorgslønnsordninga, og gjere ho tilgjengeleg for fleire pårørande Vi vil lovfeste dagtilbod for personar med demens i alle kommunar, og ha ei offentleg utgreiing av korleis rettstryggleik og integritet for personar med demens kan styrkjast gjennom ulike delar av sjukdomsgangen Veksten i eldreomsorga må kome i heimetenestene, og dei eldre skal ha faste pleiarar og medavgjerd over innhaldet i tilbodet Sjukeheimar og omsorgsbustader må byggjast som små, lokale einingar slik at familie, venner og nærmiljøet framleis kan medverke til sosial aktivitet Vi vil skape betre sjukeheimar ved å satse på mat og kosthald, fysisk aktivitet, kultur- og musikkopplevingar og tilgang på fagfolk som tannpleiarar, ergo-, fysio- og fotterapeutar Foto: CC by Karen Beate Nøsterud/norden.org

36 37 38 39 40 41 42 43 ARBEIDSPLASSAR DER DU BUR Senterpartiet vil føre ein aktiv næringspolitikk som sikrar livskraftige bu- og arbeidsmarknadsregionar i heile landet, sterke norske kompetanseklyngjer og betre balanse mellom regionane Vi vil gje små og mellomstore bedrifter betre vilkår og enklare rapportering for å medverke til nye arbeidsplassar i små og store lokalsamfunn Senterpartiet vil styrkje og utvide ordningar med skattefrådrag for bedrifter som investerer i forsking, utvikling og kunnskapsbygging Vi vil sikre konkurransekrafta til den landbaserte industrien gjennom rimelege kraftprisar, gjere det mogeleg for fleire å ta fagbrev og satse på entreprenørskap Senterpartiet vil auke lønnsemda og redusere kostnadene for skogbruket, treforedlingsindustrien og transportnæringa gjennom auka statleg innsats og målretta samarbeid med næringa og private eigarmiljø Vi vil satse på det natur- og kulturbaserte reiselivet i Noreg, gje reiselivsbedriftene auka tilgang på kapital gjennom såkornfond og etablere regionale charterfond for å få auka turisttrafikk frå utlandet Vi vil innføre ei arealavgift på havbruk som fullt og heilt skal tilfalle kommunane der anlegga ligg, og sørgje for at skattar og avgifter frå mineralnæringa i større grad blir tilbakeført til kommunane som set av areal Petroleumspolitikken må sørgje for at olje- og gassverksemda langs kysten stimulerer verdiskaping på land i alle regionar i Noreg, og sikre at norsk oljeindustri er verdsleiande på miljø - teknologi

44 45 46 47 48 49 FISKE, HAVBRUK OG SJØFART Foto: Mark Ledingham, Tromsø kommune Fiskeriressursane i Noreg skal framleis eigast av det norske folk i fellesskap, og fiskerettar skal ikkje kunne seljast ut av fylket der dei høyrer til Senterpartiet vil auke fiskarfrådraget, oppretthalde ein fiskareigd flåte med spreidd eigarskap og seier nei til strukturering av kystflåten under 11 meter Vi vil sikre ein desentralisert fiskemottaksstruktur og jobbe for meir lokal vidareforedling i Noreg Senterpartiet vil satse på berekraftig vekst i den lokalt forankra havbruksnæringa, og intensivere tiltak og verkemiddel for å hindre rømming og spreiing av lakselus Senterpartiet vil oppgradere og byggje ut hamner langs heile kysten og styrkje Kystvakta og kystvernebuinga, inkludert Redningsselskapet Vi vil redusere kostnadene for sjøtransportnæringa og sikre ei konkurransedyktig nettolønnsordning for norske sjøfolk slik at Noreg framleis er fremst i verda på miljø, teknologi og tryggleik i den maritime næringa 50 51 52 53 54 SKATT, AVGIFT OG SPARING Senterpartiet vil auke botnfrådraget i formuesskatten, fjerne formuesskatt på driftsmidlar og utstyr i bedriftene, og auke fribeløpet i arveavgifta Vi vil gi auka skattefrådrag til pendlarar Senterpartiet vil innføre skattefrådrag for rehabilitering, oppussing eller tilbygg på eigen bustad Vi vil styrkje BSU-ordninga slik at ungdom under 33 år kan spare minst 50 000 kroner i året og 500 000 kroner totalt Senterpartiet går inn for internasjonal skattlegging av multinasjonale selskap som etter nasjonale skattetilpassingar er nullskatteytarar

55 56 57 58 59 60 61 KUNNSKAP Senterpartiet vil styrkje kvaliteten på undervisninga framfor å utvide skuledagen, og seier nei til obligatorisk heildagsskule Vi vil utvide tilbodet om gratis leksehjelp som ein del av SFO, og sikre pedagogisk utdanna personell Senterpartiet vil betre sidemålsundervisinga, og vil halde på eigen karakter og eksamen i sidemål både i ungdomsskulen og vidaregåande skule Ungdomsskulen må framleis bli meir praktisk og relevant for arbeidslivet, og alle elevar må få høve til å delta i ungdomsbedrift Senterpartiet vil redusere rapporteringsbyrden og møteverksemda for læraren, og gje den einskilde skulen og lærar større fridom til å tilpasse undervisinga Vi vil verne om nærskulen, ønskjer ein desentralisert skulestruktur og vil ruste opp norske skulebygningar til dei er i samsvar med lovverket for inneklima og dagens krav til spesialrom og utstyr Senterpartiet vil sikre tilskotet til folkehøgskulane og verdsetje elevinnsatsen gjennom poeng ved opptak til anna utdanning, slik at folkehøgskulane kan halde på eigenarten sin med vekt på kulturformidling, personleg utvikling og fagleg fordjuping

62 63 64 Vi vil gjere undervisinga på yrkeslinene i vidaregåande skule meir arbeidslivsorientert, tilby praksisbrev som opplæringsløp i heile landet og fjerne arbeidsgjevaravgifta for lærlingar Senterpartiet vil auke stipend- og lånesatsane, og gjeninnføre fyrsteårsstønaden til studentar som tek bachelorgrad i eit ikkjevestleg land eller USA Vi vil auke grunnstønaden til høgskular og universitet, lyfte forskingsløyvingane til tre prosent av BNP, og sikre regional fordeling av forskingsmidlane 65 66 67 68 BORN, FAMILIE OG BUSTAD Senterpartiet vil innføre to barnehageopptak i året og vidareføre dagens målretta kontantstønad, men stille krav om at ein av foreldra skal vere heime med barnet i den perioden ein tek imot kontantstønaden Vi vil forenkle plan- og bygningslova, gjere færre byggjetiltak søknadspliktige og innføre elektronisk saksbehandling av alle byggjesøknader Det må byggjast langt fleire studentbustader over heile landet, og studentsamskipnadene bør få momsfritak for bygging og vedlikehald Vi vil gi fleire høve til å eige eigen bustad, og utarbeide ein heilskapleg plan for å betre situasjon for aleinebuande på bustadmarknaden

69 70 71 72 73 74 75 76 77 FOLKEHELSE OG VELFERD Senterpartiet vil gjere folkehelsearbeidet til ein naturleg del av all samfunnsplanlegging, og motarbeide sosiale helseskilnader gjennom å gjere det enklare og billigare å velje sunt Vi vil satse på tryggare skulevegar og betre helsa til barn og unge gjennom å innføre eit sunt skulemåltid, styrke symjeundervisinga og sikre elevar éin time fysisk aktivitet kvar dag Senterpartiet vil styrkje den lokale akutt- og fødevernebuinga, og ha ei geografisk definert responstid for ambulansetenester Vi vil leggje ned dei fire store helseføretaka, desentralisere styringa av sjukehusa og ha stadleg leiing med personalansvar, økonomiansvar og fagleg ansvar ved alle lokalsjukehus og større sjukehusavdelingar Senterpartiet vil prioritere opp barne- og ungdomspsykiatri, rusomsorg og rehabilitering Vi vil føre ein restriktiv bioteknologipolitikk Senterpartiet vil slå ring om sjukelønn og uføretrygd, og ikkje redusere stønadsnivået i velferdsordningane, men stille større krav om aktivitet der det er mogeleg og utforme alle ordningane slik at det lønner seg å jobbe Vi vil innføre same rett til sjukepengar for sjølvstendig næringsdrivande som for lønnsmottakarar når du er heime med sjuke born Senterpartiet vil lovfeste retten til brukarstyrt personleg assistanse, slik at fleire personar med nedsett funksjonsevne kan jobbe og leve sjølvstendige og uavhengige liv

78 79 80 81 82 83 LOV, RETT OG FORSVAR Senterpartiet vil ha ein desentralisert politistruktur, og innføre geografisk definert responstid for politiet Vi vil styrkje rettshjelpsordninga, og utvide ho til å omfatte fleire rettsområde Det beste for barnet skal bli tillagt spesiell vekt i opphaldssaker, og einslege mindreårige asylsøkjarar må følgjast opp i tråd med FNs barnekonvensjon Vi vil setje tak på tal mogelege ankar i utlendingsforvaltinga, og gjere det enklare å utvise personar som representerer ein fare for samfunnet eller enkeltpersonar Senterpartiet vil gjeninnføre forbod mot tigging Det norske forsvaret skal ha som hovudoppgåve å forsvare norsk territorium og sikre nasjonale interesser, og vere basert på kjønnsnøytral verneplikt med to ulike løp for fyrstegongsteneste, 6 og 18 månader 84 85 86 87 88 KYRKJE, KULTUR OG FRIVILLIG ARBEID Vi vil halde på ei grunnlovsforankra folkekyrkje, og sikre offentleg stønad til andre trussamfunn med eit minste tal medlemer Senterpartiet vil sikre biblioteka som gratis og oppdaterte tilbod i heile landet, og styrkje kulturskular, lokale museum, kor og korps som saman med det frivillige organisasjonslivet utgjer sjølve grunnmuren i Kultur-Noreg Vi vil auke stønaden til nærmiljøanlegg og lokal kultur, og sikre idretten ein større del av tippemidlane Vi vil vri stønaden til frivillig sektor frå prosjektstønad til grunnstønad, kutte i byråkratiet for lag og organisasjonar og sikre full momskompensasjon for frivillig innsats Senterpartiet vil gje skatte- og avgiftslettar til private eigarar av freda eigedomar, auke stønaden til vedlikehald av kyrkjebygg, og likestille andre mellomalderkyrkjer med stavkyrkjer ved tildeling av statlege midlar

Foto: CC-BY-SA Zoonabar 89 90 91 92 93 94 DEMOKRATI, UTJAMNING OG INTEGRERING Senterpartiet vil la veljarane gje personrøyster til enkeltkandi dat ar også ved stortingsval, og sikre innbyggjarar i byane større medverknad gjennom at bydelane får meir makt, innverknad og ressursar Vi vil flytte oppgåver frå statleg til kommunalt og fylkeskommunalt nivå, ha ein høg terskel for statleg lovgjeving når det gjeld rettar, øyremerking, maks- og minstenormer og ikkje slå kommunar saman med tvang Vi vil aktivt støtte det samiske sivilsamfunnet og organisasjonane til dei nasjonale minoritetane Vi vil forenkle lover, føresegner og skjema, og jobbe for meir brukartilpassa opningstider ved offentlege kontor Senterpartiet vil redusere levekårskilnader mellom ulike delar av landet gjennom skatte-, avgifts- og inntektspolitikken, og vidareføre samarbeidet med dei største bykommunane om å redusere dei store levekårskilnadene mellom ulike bydelar Vi vil jobbe for at alle kommunar lagar ein offensiv integreringsstrategi, og sikre gratis kjernetid i barnehage for alle femåringar i område med stor minoritetsdel

95 96 97 NOREG I VERDA Nordområda skal vere det viktigaste utanrikspolitiske satsingsområdet for Noreg, og dette må gjenspegle seg i nærings-, kompetanse- og samferdslepolitikken Senterpartiet er garantisten mot EU-medlemskap, og jobbar for å melde Noreg ut av Schengen-avtala og erstatte EØS-avtala med frihandelsavtaler Noreg skal støtte opp om interessene til dei fattigaste landa i WTO, og jobbe for at naturressursar, infrastruktur, kommunikasjon og sentrale offentlege tenester ikkje blir liberaliserte i eit internasjonalt handelssystem

98 99 100 Noreg i FN. Illustrasjonsfoto: Hansine Korslien/NorwayUN. Vi vil auke den delen av landbruksimporten som kjem frå dei minst utvikla landa, under føresetnad av at det styrkjer utvegane desse landa har til å mette sitt eige folk Noreg bør auke talet på kvoteflyktningar til 1 500, framleis ha et høgt nivå på utviklings- og naudhjelp og motarbeide korrupsjon, diktatur og vanstyre gjennom målretta, fagleg bistand og styrking av sivilsamfunn Noreg skal jobbe for eit internasjonalt forbod mot atomvåpen

SLIK KAN DU STØTTE SENTERPARTIETS POLITIKK Røyst på oss i val til Stortinget, fylkestinget, kommunestyret eller bydelsutvalet der du bur Bli medlem send SMS med kodeord SPmedlem til 26112 Delta aktivt i lokallaget ditt du finn kontaktinformasjon på www.sp.no Følg oss og gje innspel i sosiale medium på www.facebook.com/senterpartiet, @Senterpartiet på Twitter eller #heilenoreg på Instagram Gje eit økonomisk bidrag til å drive valkamp og spreie informasjon om Sp-politikk til konto 2085 07 13023 HER FÅR DU VITE MEIR Heile partiprogrammet finn du på www.sp.no På nettsidene våre kan du også lese om Senterpartiets politikk frå A til Å Senterpartiet sine Facebook-sider og Twitter-straum blir jamleg oppdaterte, og vi gjev respons på spørsmål og innspel Ta direkte kontakt! Vi er få tastetrykk unna på post@sp.no eller telefon 23 69 01 00