Ei av dei mange hengebruene



Like dokumenter
Hallo i nedslagsfeltet!

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

mmm...med SMAK på timeplanen

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Hallo i nedslagsfeltet!

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

6. trinn. Veke 24 Navn:

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Brannsår, rus eller friheit?

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Med tre spesialitetar i kofferten

Jon Fosse. For seint. Libretto

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Til deg som bur i fosterheim år

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

Brødsbrytelsen - Nattverden

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

«Ny Giv» med gjetarhund

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Månadsbrev for Rosa september 2014

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

FANTASTISK FORTELJING

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Plassebakken Barnehage

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

1. Fritid og bibliotek Hos legen Høgtider Mattradisjonar Sunnheit og kosthald Arbeidsliv...

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Kom skal vi klippe sauen

Informasjon til elevane

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS


Månadsplan for Hare November

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Middle East Girl s Football Festival I Jordan Dei 9 dagane som gjekk så alt for fort

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Bergen CK C laget sykler Vänern rundt Av Eiliv Vinje

Brukarrettleiing E-post lesar

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen


Kva er økologisk matproduksjon?

IKT-kompetanse for øvingsskular

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Å læra mange ulike måtar å måla bilete på

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Valdres vidaregåande skule

Månedsbrev april 2015

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Plassebakken Barnehage

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Transkript:

For ei veke sidan landa eg på Gardermoen etter tre herlege veker i Himalaya og Nepal saman med folkehøgskuleklassa mi. Men det vil nok framleis ta ei lita stund før eg landar mentalt. Her kjem eit samandrag av korleis eg opplevde turen. Endeleg på veg! Den store reisa starta på Vigra, og om lag eit og eit halv døgn seinare var vi endeleg framme i Katmandu. Der handla vi inn det siste nødvendige før turen og pakka klar sekken før vi sovna spente i senga på hotellet. Etter nokre timar med søvn spratt vi opp og kjende at det kribla i heile kroppen! Og etter ein liten busstur kom vi fram til flyplassen og sette oss om bord i småflyet som skulle ta oss Lukla, verdas farligaste flyplass på 2800 moh. Dessverre var ikkje det ikkje så spanande å lande på Lukla som eg hadde førestelt meg, men gleda over å endeleg vere framme i fjella og kunne sette i gang på eventyret eg hadde sett fram til så lenge var derimot veldig stor! Flystripa i Lukla Etter ein liten matbit rusla vi i nokre timar nedover til plassen vi skulle sove på. Eg hadde brygga på ein hovudverk heile dagen, og når eg skulle sovne vart eg ein smule bekymra for om eg byrja å merka høgda allereie på 2600 moh! Det ville i så fall ha vore veldig rart, sidan eg nesten ikkje merka noko til høgda på 5895 moh på Kilimanjaro i 2010. Eg slo meg til ro med at hovudverken mest truleg kom av lite søvn siste dagane, i tillegg til at hovudet er ganske ømfintleg etter alt for mange kraftige smellar siste åra. Klokka 05.00 neste morgon var eg lys vaken og i kjempeform! Eg gjekk ut og kika på den fantastiske stjernehimmelen før dei andre sto opp, og tenkte for meg sjølv at eg ikkje kunne tenke meg å vere nokon anna stad i heile verda! 800 høgdemeter, mange trappetrinn, fleire hengebruer, mykje skravling og mange timar med sol seinare var vi framme i ein landsby der vi skulle halde til i to dagar. Her var det mange butikkar, minibank, diskotek, spa og mykje meir. Og eg fekk til og med kjøpt ein fotball!

Ei av dei mange hengebruene Den påfølgjande dagen var på mange måtar den finaste dagen på heile turen. Allereie då eg vakna om morgonen hadde eg ei kjempegod kjensle, og min eigen definisjon på lykke var veldig beskrivande for denne fine stunda: Lykke er å vakne saman med sola ein kald, frostig morgon, krype ut av den varme soveposen og vite at draumeland vil fortsetje i vaken tilstand. Etterpå gjekk vi ein akklimatiseringstur litt opp i høgda, og eg fekk for fyrste gang sjå Mount Everest med mine eigne auge! Sola steika heile dagen, og ettermiddagen vart brukt på å sole seg og spele fotball med nokre små sherpajenter. Fotballsparking på 3500 moh er veldig slitsamt, men òg veldig kjekt! Foto: Fredrik Solbrekken

Foto: Fredrik Solbrekken Verdas beste folk, verdas finaste fjell og upåklageleg vêr. Kan det bli betre? Vendepunkt Dessverre fekk turen ei ganske dramatisk vending neste dag. Heilt uventa var det tre stykk som vart dårlege og måtte spy under lunsjen. Og i løpet av dei neste timane var det 7-8 til som vart sjuke av matforgifting, og for kvar ny som måtte kaste opp, så måtte vi som var friske fordele tinga frå ryggsekkane deira i våre sekkar. Vekta på sekken min byrja derfor å nærme seg halvparten av mi eiga kroppsvekt, og mange bar mykje tyngre enn meg. Bakken vart brattare og brattare og sola steika. Eg ante ikkje kva eg kunne møte på rundt neste sving og kven som kom til å bli den neste til å kaste opp. Varmen og den tunge sekken gjorde at hovudet verka mykje meir enn det hadde gjort før, men sjølv om eg følte meg tappa for krefter var det mykje verre for dei som ikkje klarte å halde på maten, og kasta opp rundt kvar sving. Heldigvis var innsatsen frå absolutt alle i klassa heilt overveldane, og når eg endeleg kom fram følte eg verkeleg at eg hadde vore med på noko stort! Etappa som eigentleg skulle ta 4-5 timar, hadde plutseleg tatt over 10! I løpet av det neste døgnet vart eg òg sjuk, og til saman hadde heile 17 av 18 vorte matforgifta! Med ein så sjuk gjeng var det umogleg å gå vidare og vi måtte derfor legge inn to ekstra kviledagar, noko som førte til at vi kanskje ikkje ville få moglegheita til å kome fram til Everest Base Camp. Til slutt var tre stykk så utmatta og sjuke at dei ikkje hadde sjanse til å komme seg nokon veg for eiga maskin, og måtte derfor ha helikopter ned att til Katmandu. Eg hadde òg vorte ganske dårlig, sidan matforgiftinga gjorde at eg vart veldig dehydrert og fekk ganske kraftig hovudverk. Eg vart derfor anbefalt å bli med helikopteret ned att, noko som var heilt uaktuelt! Denne draumen om å nå Everest Base Camp hadde eg hatt i mange år, og om eg hadde reist ned att hadde det vore meir øydeleggjande enn å gå vidare.

Dei neste tre dagane var ufatteleg tunge, og ikkje minst vonde. Vi fekk heldigvis hjelp av nokre sherpaar til å bere dei tunge sekkane våra, men i denne høgda hadde vi ikkje moglegheit til å komme oss til hektene igjen uansett. Men motivasjonen var på topp i heile gruppa, og eg tenkte at det berre var fint at eg følte meg så dritt, for da ville mestringskjensla bli desto større. Men trass i motgangen var det absolutt mogleg å nyte desse dagane! Omgivnadane var utruleg flotte, og det same var alle menneska rundt meg. Det var ei ubeskriveleg blanding av å ha det grusamt og heilt fantastisk på same tid. Heilt utruleg vakkert! Velledalen IL fekk vere med på tur (sjå logo). Og då blir ein sjølvsagt litt ekstra kul, eller kva?

Siste etappe mot det store målet Då vi skulle starte på siste etappa opp til Base Camp hadde eg for fyrste gong teikn på at eg var ganske påverka av høgda. Tidlegare hadde eg målt ei oksygenmetning på over 90, noko som vil seie at kroppen hadde akklimatisert bra. Slik var det også på Kilimanjaro. Men denne dagen hadde eg plutseleg ei metning på 72, med andre ord heilt på grensa til å få gå vidare med tanke på at ein eventuelt kan bli høgdesjuk. Kroppen var tydeligvis så utmatta og dehydrert at den ikkje klarte å tilpasse seg høgda. Men eg fortsette vidare mot Base Camp og skreiv Gi upp? då he du tapt! på handleddet. Kloke og motiverande ord frå Mons Konrad Brundstad, som eg såg på heile vegen opp. Motivasjonen på topp! Nokre timar seinare var endeleg ein mange år gamal draum blitt oppfylt, og eg var framme på Everest Base Camp på 5364 moh. Ei uendeleg minnerik oppleving som eg fekk dele med fine vener. Mange gode klemmar vart gitt og rundt meg var alle store smil! Eit fantastisk minne som kjem til å sete spikra på hjerneborken i lang tid framover. Denne klemmen var ekstremt god! Foto: Fredrik Solbrekken

Gjengen på Everest Base Camp 5364 moh! Foto: Fredrik Solbrekken Neste gang skal veslesyster Emma få vere med til Himalaya. Neste morgon var planen å gå på Kala Pathar, eit utkikspunkt på 5545 moh, med god utsikt til Mount Everest. Men då vi kom ned igjen frå Base Camp fekk eg beskjed av læraren min om at eg hadde overbelasta hovudet mitt alt for mykje dei siste dagane til at det var forsvarleg av meg å presse det enda meir. Sta som eg er fekk eg overtalt han til å la meg gå, men etter ei søvnlaus natt med ein hovudverk eg aldri har kjent maken til, hadde eg ikkje noko val. Både hovudet og kroppen sa fullstendig stopp. Eg var heilt dehydrert etter matforgiftinga og hovudet hadde definitivt ikkje vorte noko betre av høgda.

Same natta hadde ein annan i klassa vorte svært dårleg etter både matforgifting, kraftig forkjøling og hadde vanskeleg for å puste. Det førte til at det nok ein gong vart bestilt helikopter! Og plutseleg fekk eg beskjed om at eg såg så dårleg ut at eg også MÅTTE bli med ned til Katmandu. Der og då tok eg den beskjeden veldig tungt, og aldri har eg følt meg så nedbrote både fysisk og mentalt på same tidspunkt som akkurat då. Heldigvis var helikoperturen med utsikt over verdas vakraste fjell heilt eventyrleg! Vel nede i Katmandu venta ein ambulanse som frakta oss til sjukehuset for ein liten sjekk. Og når eg fekk nokre dagar å tenke på i Katmandu så klarte eg faktisk å konkludere med at det truleg var det beste for meg å avbryte turen tre dagar før tida. Landingsplass på over 5000 moh. Bistandsarbeid i Katmandu Når dei andre kom ned att frå fjellet venta tre dagar med oppussing av ein barneskule i Nepal. Vi lagde nye benkar og bord, og vi måla klasseromma i fine fargar. Første dagen fekk eg eit veldig uventa spørsmål om eg kunne vere engelsklærar ein time for ei klasse med 12-åringar, noko som var litt utanfor mi komfortsonen, men som eg heldigvis sa ja til. Første minutta var eg veldig skeptisk, men så fekk eg lært dei både leikar og songar. Eg lærte dei òg litt om Noreg og fortalte litt om meg sjølv. Hovud, skulder, kne og tå.

Eit av klasseromma etter oppussing. Fotballsparking med barna var noko av det kjekkaste på heile turen Kvar dag spelte vi fotball og volleyball med elevane, og siste dagen delte vi ut bøker og fargestiftar til alle saman. Skulebesøket med oppussing og kontakt med elevane var heilt klart ei veldig givande oppleving, og eit fint punktum på ein utruleg innhaldsrik og uforgløymeleg tur! - Christina