MØTEINNKALLING Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset : 27.04.2015 Tid: 10.00 Medlemene vert med dette innkalla til møtet. Evt. forfall må meldast til kommunen v/sekretariatet, tlf. 57 68 55 00 Varamedlemer får særskilt innkalling dersom nokon melder forfall. SAKLISTE Sak Tittel 4/15 Saksprotokoll: Godkjenning av møtebok og referat/orienteringssaker - Saker frå fellesmøtet. 5/15 Saksprotokoll: Utvida dag- og aktivitetstilbod i eit førebyggjande folkehelseperspektiv. 6/15 Saksprotokoll: Undersøkingane for "utskrivingsklare" pasientar i fylket. 7/15 Saksprotokoll: Samhandlingsbarometeret. 8/15 Saksprotokoll: Ymse LUSTER KOMMUNE Gaupne, 06.05.2015 Jostein Melheim Leiar Politisk sekretariat
Sak 4/15 4/15 Brukarutval for samhandlingsreforma 27.04.2015 Saksprotokoll: Godkjenning av møtebok og referat/orienteringssaker - Saker frå fellesmøtet. 15/1138 Rådmannen si tilråding: Orienteringssaker i fellesmøtet: Orienteringssaker i fellesmøtet: Status pleie- og omsorg. Sjukeheimane: Pr. i dag er det fullt på Hafslo sjukeheim, med 12 plassar + 1 avlastning. Gaupne har 20 faste langtidsplassar. Det er stort trykk på plassane i Gaupne. KA avdelinga i Gaupne med plass til 8 har no vore fullt, med 2-4 ekstra pasientar. Luster har pr. i dag 23 pasientar, med ein ledig plass. Nytt sentralkjøkken. Arbeidet har gått etter planen. Litt meir utstyr må på plass. Det gjeld også gruppekjøkkenet i Luster. Dato for første utkøyring av mat er 15. mai. Då får sjukeheimane mat for ei veke. Det får og dei som ynskjer matlevering heim til seg. Heimetenesta tek kontakt med kvar enkelt for å få til ei ordning med evt. hjelp til oppvarming og lagring av maten. (mikrobølgeomn, kjøleskåp) Bemanning: Det er ei utfordring no med å sikre personale til sommaren. Det gjeld både sjukeheimstenesta og heimetenesta. Det trengst fleire fagfolk, sjukepleiarar og hjelpepleiarar, spesielt i helgane. Bruk av vikarbyrå vert truleg nødvendig for å greie sommarferien. Utviklingsarbeid pleie og omsorg I budsjettet er det vedteke ein gjennomgang av det samla tilbodet i pleie og omsorg og der er lagt inn innsparingar i økonomien i økonomiplanperioden. Det er oppnemnd ei administrativ prosjektgruppe for dette arbeidet, men formannskapet som styringsgruppe. Det må takast stilling til korleis tilbodet skal bli i framtida, korleis skal «pleie og omsorgstrappa» dimensjonerast og utformast i. Målsetjinga og trend er at alle som ynskjer det skal få bu lengs mogeleg i eigen heim, og få den hjelp dei treng for å kunne det. Kommunal plan for trafikktrygging 2012 2023.
skal utarbeida kommunal plan for trafikktrygging. I samsvar med Plan- og bygningslova 4-1 er det utarbeidd planprogram for planarbeid. Planen har to deler; Del 1 er den langsiktige hovudplanen som skal reviderast eller stadfestast kvart 4. år. Del 2 er handlingsprogrammet som kan rullerast årleg. Begge deler skal reviderast i år. Planområdet Gjeld heile, både fylkesvegar og kommunale vegar. Føremålet med planen skal vera ein trygg kommune å bu i. Me skal systematisk og målretta arbeide for å få betre trafikktryggleik i kommunen. Me skal redusere talet på trafikkulykker i kommunen. Me må ha eit planverktøy med eit overordna fokus på trafikktryggleik for vidare planlegging i kommunen. Det er no innspelsrunde til planen der det spesielt vert spurt etter aktuelle tiltak. Utvida dag-, og aktivitetstilbod i eit førebyggjande folkehelseperspektiv. Forstudie. I lys av samhandlingsreforma og oppgåve i budsjettet er ein starta på eit utgreiingsarbeid. Jostein Melheim har utarbeidd ein rapport, ein forstudie for arbeidet. Jostein Melheim har i sitt arbeid vore i kontakt med mange aktørar og alle desse, og andre som har interesse av arbeidet, får no høve til å kome med merknader og utfyllande kommentarar/synspunkt. I utgreiingsarbeidet har Jostein Melheim kome fram til at det mest sentrale vil bli å kunne samle dei fleste tilboda under eitt og same tak i yrkesskulebygget. Høyringsfristen er fredag 8. mai Årsrapport for 2014. Årsrapporten vart lagt fram for medlemane i møtet. Rådmannen orienterte. Rådmannen tok m.a. fram tenesteområda sine styringsmål kor bra me nådde måla i 2014. Det økonomiske resultat er noko betre enn budsjettet, men noko svakare enn ynskjeleg har god økonomisk styring, og økonomiske reservar, men det er målsetjing om betre resultat for å sikre økonomi til utviklingsarbeid og investeringar. Kommunen brukar mykje pengar på skule, pleie og omsorg samanlikna med andre kommunar. Ei hovudforklaring på dette er den strukturen me har for desse tenestene. Framlagde skriv til møtet: Kopi av brev frå rådmannen v/planavdelinga Kommuneplanen sin arealdel 2015 2026. Kunngjering av vedtak. Samhandlingsnytt for mars og april 2015. Møteboka frå møte den 17.02.2015 vart godkjend. Olav Moe vart vald til å skriva under på protokollen. Utvalet vil også få gje uttrykk for at desse fellesmøta er svært nyttige, og dei fungerer godt.
Brukarutval for samhandlingsreforma 27.04.2015 Sak : 4/15 Handsaming: Orienteringssaker i fellesmøtet: Status pleie- og omsorg. Sjukeheimane: Pr. i dag er det fullt på Hafslo sjukeheim, med 12 plassar + 1 avlastning. Gaupne har 20 faste langtidsplassar. Det er stort trykk på plassane i Gaupne. KA avdelinga i Gaupne med plass til 8 har no vore fullt, med 2-4 ekstra pasientar. Luster har pr. i dag 23 pasientar, med ein ledig plass. Nytt sentralkjøkken. Arbeidet har gått etter planen. Litt meir utstyr må på plass. Det gjeld også gruppekjøkkenet i Luster. Dato for første utkøyring av mat er 15. mai. Då får sjukeheimane mat for ei veke. Det får og dei som ynskjer matlevering heim til seg. Heimetenesta tek kontakt med kvar enkelt for å få til ei ordning med evt. hjelp til oppvarming og lagring av maten. (mikrobølgeomn, kjøleskåp) Bemanning: Det er ei utfordring no med å sikre personale til sommaren. Det gjeld både sjukeheimstenesta og heimetenesta. Det trengst fleire fagfolk, sjukepleiarar og hjelpepleiarar, spesielt i helgane. Bruk av vikarbyrå vert truleg nødvendig for å greie sommarferien. Utviklingsarbeid pleie og omsorg I budsjettet er det vedteke ein gjennomgang av det samla tilbodet i pleie og omsorg og der er lagt inn innsparingar i økonomien i økonomiplanperioden. Det er oppnemnd ei administrativ prosjektgruppe for dette arbeidet, men formannskapet som styringsgruppe. Det må takast stilling til korleis tilbodet skal bli i framtida, korleis skal «pleie og omsorgstrappa» dimensjonerast og utformast i. Målsetjinga og trend er at alle som ynskjer det skal få bu lengs mogeleg i eigen heim, og få den hjelp dei treng for å kunne det. Kommunal plan for trafikktrygging 2012 2023. skal utarbeida kommunal plan for trafikktrygging. I samsvar med Plan- og bygningslova 4-1 er det utarbeidd planprogram for planarbeid. Planen har to deler; Del 1 er den langsiktige hovudplanen som skal reviderast eller stadfestast kvart 4. år. Del 2 er handlingsprogrammet som kan rullerast årleg. Begge deler skal reviderast i år. Planområdet Gjeld heile, både fylkesvegar og kommunale vegar. Føremålet med planen skal vera ein trygg kommune å bu i. Me skal systematisk og målretta arbeide for å få betre trafikktryggleik i kommunen. Me skal redusere talet på trafikkulykker i kommunen.
Me må ha eit planverktøy med eit overordna fokus på trafikktryggleik for vidare planlegging i kommunen. Det er no innspelsrunde til planen der det spesielt vert spurt etter aktuelle tiltak. Utvida dag-, og aktivitetstilbod i eit førebyggjande folkehelseperspektiv. Forstudie. I lys av samhandlingsreforma og oppgåve i budsjettet er ein starta på eit utgreiingsarbeid. Jostein Melheim har utarbeidd ein rapport, ein forstudie for arbeidet. Jostein Melheim har i sitt arbeid vore i kontakt med mange aktørar og alle desse, og andre som har interesse av arbeidet, får no høve til å kome med merknader og utfyllande kommentarar/synspunkt. I utgreiingsarbeidet har Jostein Melheim kome fram til at det mest sentrale vil bli å kunne samle dei fleste tilboda under eitt og same tak i yrkesskulebygget. Høyringsfristen er fredag 8. mai Årsrapport for 2014. Årsrapporten vart lagt fram for medlemane i møtet. Rådmannen orienterte. Rådmannen tok m.a. fram tenesteområda sine styringsmål kor bra me nådde måla i 2014. Det økonomiske resultat er noko betre enn budsjettet, men noko svakare enn ynskjeleg har god økonomisk styring, og økonomiske reservar, men det er målsetjing om betre resultat for å sikre økonomi til utviklingsarbeid og investeringar. Kommunen brukar mykje pengar på skule, pleie og omsorg samanlikna med andre kommunar. Ei hovudforklaring på dette er den strukturen me har for desse tenestene. Framlagde skriv til møtet: Kopi av brev frå rådmannen v/planavdelinga Kommuneplanen sin arealdel 2015 2026. Kunngjering av vedtak. Samhandlingsnytt for mars og april 2015. Vedtak: Møteboka frå møte den 17.02.2015 vart godkjend. Olav Moe vart vald til å skriva under på protokollen. Utvalet vil også få gje uttrykk for at desse fellesmøta er svært nyttige, og dei fungerer godt.
Sak 5/15 7/15 Eldrerådet 27.04.2015 6/15 Rådet for menneske med nedsatt funksjonsevne 27.04.2015 5/15 Brukarutval for samhandlingsreforma 27.04.2015 Saksprotokoll: Utvida dag- og aktivitetstilbod i eit førebyggjande folkehelseperspektiv. 15/934 Utvalet si tilråding: G10 Brukarutval for samhandlingsreforma 27.04.2015 Sak : 5/15 Handsaming: Jostein Melheim orienterte. Vedtak: Medlemane i utvalet blei oppmoda om å sende sine kommentarar til rapporten innan fristen som er 8. mai.
Sak 6/15 6/15 Brukarutval for samhandlingsreforma 27.04.2015 Saksprotokoll: Undersøkingane for "utskrivingsklare" pasientar i fylket. 15/1144 Rådmannen si tilråding: VEDTAK: Saka blei utsett av di me ikkje hadde tilgang til person som kunne gje oss informasjon om denne undersøkinga.
Sak 7/15 7/15 Brukarutval for samhandlingsreforma 27.04.2015 Saksprotokoll: Samhandlingsbarometeret. 15/1143 Utvalet si tilråding: Handsaming: Dette blei utdelt og me gjekk gjennom punkta.
Sak 8/15 8/15 Brukarutval for samhandlingsreforma 27.04.2015 Saksprotokoll: Ymse 15/1145 Utvalet si tilråding: VEDTAK: Utvalet ynskjer å få ein gjennomgang frå helsesjefen over status for den samla kommunehelsetenesta. Dette bør skje på neste møte i utvalet. Neste møte i utvalet er sett til 9. juni kl. 10.00.