Handlingsplan for elevane sitt psykososiale skulemiljø Meling skule 11.09.2014 Revidert i S.U.13.09.2016
1.Forord Me har ein visjon: Meling skule skal vera ein god stad å læra og ein god stad å vera. Dette er viktige ord for oss og me vil at dei skal ligga som eit bakteppe for det me gjer ved skulen vår. Det er mykje som skal lærast på skulen frå ein startar som spent førsteklassing til ein skal over som elev til ungdomsskulen. Men alle veit at det er vanskeleg å læra noko som helst når ein har det vondt inni seg. Difor må Meling skule og vera ein god stad å vera. Denne handlingsplanen er utarbeidd av ei arbeidsgruppe med representantar frå skuleleiing, personalet, foreldre og elevar. Han gjeld for både skule og SFO, for alle elevar og tilsette. Me ønsker at dette skal vera ein levande plan som alle kjenner til, slik at han er med og sikrar at Meling skule er ein god stad å læra og ein god stad å vera. Elevarbeid frå vennskapsdagen 2014 Meling skule Christin Klubben
2. Føremål Opplæringslova Kapittel 9a omhandlar elevane sitt skulemiljø. 9a-1 Alle elevar i grunnskolar og videregåande skolar har rett til et godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Med psykososialt miljø meiner ein dei mellommenneskelege tilhøva på skulen, det sosiale miljøet og korleis elevane og personalet opplever dette. Det psykososiale miljøet skal verke positivt på elevane si helse, trivsel og læring, trygghet og sosial tilhøyrsle. Skulen er plikta til å jobba systematisk med det psykososiale miljø. Me veit at barn lærer best når dei er trygge og kjenner seg sett, inkludert og forstått. Det er viktig at skulen til ei kvar tid har dette på dagsorden og jobbar med haldningar og har handlingsverktøy til å møte både dei som vert dårleg behandla og dei som behandlar andre dårleg. Vaksne er førebilete og rollemodellar og elevane lærer mykje av dei. Barn som er trygge på seg sjølv, veit kven dei er og tek seg sjølv på alvor, har meir ressursar til å læra fagleg. Ingen barn er like og på Meling skule skal det vera rom for å vera seg sjølv. 3. Definisjonar Følgjande definisjonar er henta frå Utdanningsdirektoratet sitt regelverk: Krenkende atferd: Krenkende atferd er en fellesbetegnelse på alle former for atferd som uoverlagt eller tilsiktet rammer andre mennesker fysisk eller psykisk. Krenkende atferd kan skje som enkelthandling eller gjentatt. Krenkende atferd er handling som utføres uten respekt for andres integritet. Mobbing er gjentatt negativ eller ondsinnet atferd fra en eller flere rettet mot en elev som har vansker for å forsvare seg. Gjentatt erting på en ubehagelig og sårende måte er også mobbing. Atferden må finne sted 2 eller3 ganger i måneden eller oftere for å defineres som mobbing. Utestenging betyr at noen blir holdt utenfor en gruppe eller klasse. Vold innebærer at noen bruker fysisk makt for å skade andre. Rasisme innebærer at noen blir forskjellsbehandlet eller plaget, for eksempel fordi de har en annen hudfarge eller snakker et annet språk. Diskriminering betyr at en person blir dårligere behandlet eller trakassert, for eksempel på grunn av kjønn, funksjonsevne, tro, hudfarge eller opprinnelse. Digital krenkelse betyr at noen bruker internett, mobil eller e-post for å sende og spre ondsinnede meldinger eller bilder av en person/situasjon.
Elevane i 5.-7.klasse deltek i Elevundersøkinga ein gong i året. Der vert mobbing definert slik: Negativ eller «vondsinna» åtferd gong på gong frå ein eller fleire retta mot ein elev som har vanskeleg for å forsvare seg. Erting gong på gong på ein ubehageleg og sårande måte er også mobbing. Viser og til Bømlo kommune si forskrift for ordensreglement og Meling skule sine ordensreglar. 4. Førebyggjande arbeid ved skulen: 9a-3: «Skolen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosial tilhøyrsle.» Ved Meling skule har me mange førebyggjande tiltak for eit godt psykososialt elevmiljø: På skulenivå: Kva Innhald Når Ansvar Tydeleg klasseleiing Styrke læraren som klassen sin leiar Heile året Alle tilsette Trivselsleiarprogrammet Elevane vel eigne trivselsleiarar som leiar positiv aktivitet i friminutt. Matfriminutt gjennom heile året Administrasjon Lærar med TL-ansvar Inspeksjon Synlege vaksne med vestar i friminutt med faste områder Alle friminutt og pausar Tilsette Elevrådsarbeid Faste møter med elevrådet, der dei har medverknad og uttalerett i saker som vedkjem elevmiljø Heile året Lærar med ansvar for elevråd Samarbeid med rådsorgan Tett kontakt med brukarorgan, helsesøster, FAU og skulemiljøutval (SMU) Oppsett møteplan Felles samlingar på tvers av trinna Sosiale møtepunkt for elevane, alt frå felles turar til aktivitetsdagar Heile året, sjå eigen aktivitetsplan Alle tilsette
Fag på tvers av trinn Blanda grupper i KuHa 5.-7.klasse Vekentleg Lærarar i storskulen Spes.ped team/ressursteam Tidleg innsats: Førebyggje, teste, gje råd og rettleiing Jamnlege møter heile året Skuleleiing og ressurspersonar i personalet Friminuttsreglar Felles for alle Alle friminutt Elevråd Samarbeid heim-skule Sjå punkt 8. Utviklingsplan Samarbeid sett i system og elevinvolvering er satsingsområder Heile året /alle tilsette Sosiallærar Ressurs i førebyggande arbeid og støtte for kontaktlærar Heile året /sosiallærar På klassenivå: Kva Innhald Når Ansvar Klassereglar ( Ut frå ordensreglar) Elevane er med og utformer eigne klassereglar. Positivt formulert, få og konkrete. Skulestart Kontaktlærar Eiga undersøking Modell: Zero. Evaluering i fellesskap. Spekter brukt der mobbing vert avdekka Haust / kontaktlærar Klassemøter Handlingsplan og psykososialt skulemiljø, positivt fokus Månadleg Kontaktlærar og elevrådsrep. Morgonsamling/ adventssamling Førebu og gjennomføre morgonsamling Oppsett plan Kontaktlærar
Julefest 2. og 6.klasse Førebu og gjennomføre framsyning Desember Kontaktlærarar Klassekontaktar Aktivt samarbeid Etter behov Kontaktlærar På elevnivå: Kva Innhald Når Ansvar Elevsamtale Elevsamtalen skal omhandle trivsel og eleven sitt psykososiale skulemiljø Etter plan Kontaktlærar 7.klasse Positive rollemodellar, samtale med rektor Tidleg haust rektor Utviklingssamtalar Samtale om eleven si faglege og sosiale utvikling med føresette/elev Haust og vår Kontaktlærer Fadderordning 5.klasse er fadrar for 1.klasse, ordninga held fram vidare i skuleløpet Ved skulestart og jamnleg utover året. Lærarane 1. og 5. trinn Læringsven Elevinvolvering gjennom bruk av læringsven Systematisk i undervisninga Lærarane 5. Avdekking 9a-3: «Dersom nokon som er tilsett ved skulen, får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkomande snarast undersøkje saka og varsle skuleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogleg, sjølv gripe direkte inn.»
Alle tilsette ved skulen har ei handlingsplikt som inneber at dei skal gripe inn i situasjonar, gjere undersøkingar og varsle skuleleiinga ved bruk av meldeskjema (vedlegg 1). Barn er sårbare og ulike. Enkelte elevar kan vera trygge og godt rusta i samhandling og kommunikasjon mellom vaksne - elev og elev elev, andre ikkje. Det er eleven sjølv som sit med svaret på om dei opplever eit godt psykososialt miljø på skulen sin. Difor skal skulen sikre at eleven si subjektive oppleving kjem fram, og at eventuelle tiltak vert sett i gong så raskt som mogleg. Dette må dokumenterast ved bruk av enkeltvedtak som vert registrert i eleven si mappe i saksarkivet (Ephorte). Skulen sitt system for avdekking: Oppgåve Ansvar for oppfølging Eleven sitt psykososiale miljø er tema på elev/utviklingsamtalane. Kontaktlærar fangar opp og melder frå til rektor Elevundersøking 5.-7.trinn Kontaktlærar/rektor Kontaktlærar/rektor Dagleg inspeksjon og anna observasjon der alle har handlingsplikt Bruk av meldeskjema (vedlegg 1) Tema på storforeldremøte, klasseforeldremøte, elevråd og skulemiljøutval Skulehelsetenesta Alle tilsette Alle tilsette, kontaktlærar og lærar med ansvar for elevråd Helsesøster/rektor 6. Handtering og fasar for problemløysing 9a-3 Det psykososiale miljøet, 3. avsnitt: Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet, deriblant tiltak mot krenkjande åtferd som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal skulen snarast mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Om skulen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil det likevel kunne klagast etter føresegnene i forvaltningslova som om det var gjort enkeltvedtak. Ved Meling skule skal alle elevar og føresette oppleva å bli tatt på alvor om dei kjem til skulen med bekymring om at ein elev blir utsett for krenkande ord og handlingar. Det kan og vera at ein kjenner til at andre elevar ikkje har det så bra. Skulen tek ansvar og initiativ for å stoppe slik åtferd, og ser til at slik åtferd ikkje startar opp att etter at tiltak har blitt satt i verk. Me viser og til Mobbeplan som gjeld konkrete mobbesaker.
Når elev, føresette eller tilsette ved skulen har avdekka at elevar blir utsett for krenkande ord og handlingar, skal skulen sikre ei sakshandsaming og oppfølging i tråd med lover og forskrifter. Viser og til forvaltningslova. har det overordna ansvaret for at skulen føl opp saker som gjeld det psykososiale miljøet og som eventuelt fører til enkeltvedtak. Det er rektor som skriv enkeltvedtak. Enkeltvedtak: - Munnleg eller skriftleg henvendig frå elevar og føresette om forhold knytt til skulemiljøet, skal svarast med eit enkeltvedtak. Ved ei henvending skal føresette få informasjon om sin rett til å få enkeltvedtak når dei ber om tiltak. - Ved varsling frå tilsette om kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkande ord og handlingar skal rektor etter undersøking avgjere om det skal fattast eit enkeltvedtak. Dersom det blir sett inn tiltak som er inngripande for den eleven det gjeld, må føresette kontaktast og det skal fattast enkeltvedtak. Det er likevel eit viktig prinsipp for handtering at problem vert løyst på lågast mogleg nivå så tidleg som mogleg. Dei tilsette veit når saker skal meldast vidare (meldeskjema). Meldeskjema skal leverast til skuleleiinga. Dei tilsette veit til kven og korleis dei skal vende seg til når problema ikkje kan løysast på deira nivå. Fasar for problemløysing: Oppgåve Ansvar Dokumentasjon 1 Observere og undersøke straks /tilsette Meldeskjema 2 Samtale med utsett elev. Skulen skal sikre og leggje vekt på eleven si subjektive meining. Har elev forslag til løysing? 3 Samtale med føresette. Skulen er ansvarleg for eit godt samarbeid. 4 Samtale med elev som krenker. Dersom det er fleire elevar, skal det vera samtale med ein og ein. Mål: stoppe åtferd straks. Gjere avtalar om oppfølging. 5 Samtale med føresette til elev som krenker. Skulen er ansvarleg for eit godt samarbeid. /tilsette /tilsette /tilsette /tilsette Logg Logg Logg Logg
Punkt 1-5 er undersøkingsfase og vert gjennomført i løpet av 1-2 dagar. 6 vurderer vidare tiltak 7 Dersom eleven sin rett etter 9a-1 ikkje er oppfølgd skal det fattast enkeltvedtak som inneheld: -grunn til enkeltvedtak -forhold vedtaket bygger på -grunngjeving val av tiltak -oppfølgjing av tiltak -konklusjon -klagerett Det kan gjerast enkeltvedtak både for elev som vert krenka og for den som krenker 8 Ikkje enkeltvedtak: kan krevje dokumentasjon av eventuelle tiltak. 9 Evaluering av tiltak/enkeltvedtak: Enkeltvedtak er tidsbegrensa og må følgast opp. Det må vurderast trong for nye enkeltvedtak Enkeltvedtak Forvaltningslova Logg/referat Evt.ny undersøkelsesfase 1-5 10 Sanksjonar/konsekvens Må vera i tråd med skulen sitt ordensreglement. Bruk av sanksjonar må dokumenterast. Om sanksjonane er inngripande må skulen fatte eigne enkeltvedtak. 11 Oppfølging av involverte. Situasjonen må følgast framover 12 Dersom ein ikkje får løysing: Saka må løftast til å dra eksterne partar inn, t.d: ressursteam, PPT, barnevern, politi, konfliktråd Evt.skulebyte må avgjerast av kommunalsjef /tilsette, evt. kommunalsjef Referat/enkeltvedtak Logg/referat Referat 7. Systematisk arbeid: viser rutinar ved skulen Oppgåve Tidspunkt Ansvar 1 Personalet gjennomgår psykososial plan Ved skulestart 2 Planar og tiltak er levande verktøy i kvardagen og kjende for alle Gjennom heile skuleåret /tilsette
3 Opplæring og informasjon til alle tilsette Ved skulestart/etter behov 4 Informasjon til føresette Kvar haust /kontaktlærar 5 Skulen analyserer førebyggjande og haldningsskapande arbeid. Evaluering i personalmøter, elevråd, FAU og skulemiljøutval Kvar vår 6 Elevundersøking Haust /kontaktlærar 7 Oppsummering etter elevforeldresamtalar vert levert til rektor. Funn vert undersøkt og følgt opp. 8 Aktivitetsplan som støttar/bygger opp om eit godt psykososialt miljø 9 Elevråd jobbar aktivt med eit godt psykososialt miljø 10 Foreldreundersøking med påfølgande informasjon og etterarbeid 11 Pedagogisk årsmelding som m.a etterspør det psykososiale elevmiljøet. Haust og vår Oppstart skuleår Jamnleg Haust Vår /kontaktlærar /kontaktlærar Elevrådsleiar/lærar Fau/rektor Kommunalsjef 8. Samarbeid heim-skule: Me ønsker det skal vera låg terskel for å ta kontakt. Me vil vera lyttande og ta på alvor det som vert fortalt oss om elevane si oppleving av sitt skulemiljø. Elevane sitt psykososiale miljø er grunnleggande for trivsel og læring ved skulen og eit godt samarbeid heim skule bygger opp under dette. Alle elevar har ein kontaktlærar som er det naturlege bindeleddet mellom heim-skule. Men alle tilsette ved skulen har eit ansvar for og er oppteken av det psykososiale miljøet til elevane og me har alle ei handlingsplikt. På Meling skule snakkar me ikkje om min elev og din elev. Her er alle våre elevar. Heim og skule må samarbeide om dette. Vedlegg 2 er døme på skjema foreldre/føresette kan nytta der ein ber om at skulen set i verk tiltak for eit betre psykososialt miljø. Ei henvending kan og vera munnleg. På Utdanningsdirektoratet og Foreldreutvalget for Grunnopplæringen (FUG) sine sider kan ein finne nærare informasjon om prinsipp for samarbeid mellom heim skule, om foreldre si rolle og om skulen si rolle og ansvar: http://www.udir.no/laringsmiljo/bedre-laringsmiljo/hjem-skole-samarbeid/ http://www.fug.no/