Løyving Lokal Agenda 21 midlar våren 2011 Søkt om: Løyvd: Biologisk Mangfald i grunnskolen (100 000,-) 80 000,- Miljønettkampanje (24 000,-) 20 000,- Vernetavle (15 000,-) 15 000,- Gangsti til sentrum (30 000,-) 30 000,- Verktøy for berekraftig stadutvikling (60 000,-) 50 000,- Dyrebar mat (65 000,-) 55 000,- Gi naturen tilbake ein eigenverdi (60 000,-) 30 000,- Bakgrunn Tilskotsmidlane for Lokal Agenda 21 2011 vart i januar lyst ut til alle relevante aktørar i fylket. Med bakgrunn i vedteken Fylkesplan, Fylkesdelplan for klima og miljø og Fredrikstad-erklæringa vil fylkeskommunen i år løyva kr 500.000 til Lokal Agenda 21-arbeid. Fylkeskommunen har som mål at desse midlane skal stimulera til engasjement og samarbeid om Lokal Agenda 21-arbeid rundt om i kommunar og lokalsamfunn. Målgruppa er kommunar og kommunale institusjonar (med særleg vekt på grunnskulen) og lag / organisasjonar. Det har i tidligare år vert løyva 300 000 kr i Lokal Agenda 21 midlar. I 2010 vart potten auka til 500 000. Aukinga vart gjort med grunnlag i eit ønskje om sterkare oppfylging av Fylkesdelplan for klima og miljø. Sogn og Fjordane fylkeskommune har motteke 10 søknadar på Lokal Agenda 21 midlar for 2011. Tre av søknadane var meir relevante i høve friluftslivsmidlar og vart difor flytta over for å bli vurdert under friluftslivsmidlane. Dette gjeld søknadane Fiskecamp i Markane, OPPTUR: Jenter, jakt og fiske og Felles natur- og kulturtur 19.-21. august i samarbeid med Lars Finden og Nils Kvamme. tur. Ein søknad vart flytta over frå tilskotsordninga for allment kulturarbeid til Lokal Agenda 21, fordi den var meir aktuell i høve Lokal Agenda 21 midlar. Dette var søknaden Dyrebar mat. Søknadane som vert behandla under Lokal Agenda 21 midlar har til saman søkt på tilskotsmidlar for kroner 434 000.-. Det vert løyva til kroner 280 000,- våren 2011. Lokal Agenda 21 midlane vart lyst ut tidligare enn vanleg dette året, for å samkøyra desse midlane med andre midlar fylkeskommunen disponerar, m.a. innanfor folkehelse, friluftsliv og kultur. Det er sannsynleg at endra ulysingsdato er årsaka til at det har komt inn færre søknadar enn vanleg. Det vert difor ei ny utlysing av dei resterande LA 21 midlane hausten 2011. I samsvar med tildelingskriteria i utlysinga prioriterast søknadar som har tiltak i skulane og tiltak for/av barn/ungdom og/eller søknadar som kan knytast opp mot Fylkesdelplan for klima og miljø. Samarbeid er også vektlagd. Vilkår, logo, oppstartsskjema og rapporteringsskjema ligg vedlagt dette brevet. Det er utarbeida ei oversikt som viser alle dei ulike søknadane og vurderingane av desse. Denne oversikta visar også kva søknadar som får løyving og kva søknadar som ikkje får løyving våren 2011.
Søknadar som får løyving gjennom Lokal Agenda 21 midlar våren 2011. Biologisk Mangfald i grunnskolen Saksnr: 10/6383-3 Prosjektet er eit samarbeid mellom Søkjar: Florafauna. Miljøagentene Sogn og Fjordane, Norges Monicha Naturvernforbund (sentralt), lokallaget i Landøy. Florø, lokallaget Indre Sunnfjord. Barne og ungdomsskular i Førde, Florø, Naustdal, Vevring og Gaular. Kommunane Førde, Florø, Naustdal, Gaular. Søknadssum: Kr. 100 000 Totalbudsjett Kr. 168 000 Kr. 80 000 Prosjektet vil formidla ulike tema knytt til naturmangfald/ biologisk mangfald og vern av mangfald generelt. Bevaring av trua områder lokalt, lokalt trua biotopar eller lokalt trua arter i nærområdet til den enkelte skule, eventuelt sett i en global klimasamanheng. Målgruppa for dette pilotprosjektet er barn og unge, noko som passar bra med vilkåra for Lokal Agenda 21 midlar. Det er også lagt opp til eit bredt samarbeid mellom frivillige organisasjonar og offentlege etatar. Støtter samarbeid, skular, lag, forståing Søkar om midlar til et pilotprosjekt med å få Vandreutstillingen for biologisk mangfold direkte inn i enkelte skular/ klassar. Det blir laga til oppgåver, film, lærarmanual og den enkelte klasselærar kan tilpassa undervisninga til de ulike alderstrinn, til læreplanen og til det pensum elevane jobbar med når utstillinga kjem til skulen. Miljønettkampanje Saksnr: 10/6383-4 Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane vil Søkjar: Naturvernfor ha arrangement for bevisstgjering av bundet i forbrukaren til bruk av Miljønett og andre miljøsparande tiltak. Sogn og Fjordane Søknadssum: Kr. 24 000 Totalbudsjett Kr. 32 000 Kr. 20 000 Gjennom Lokal Agenda midlar har naturvernforbundet produsert ein klimafolder og eit økologiske bærenett, og dei ynskjer å arrangere lokale arrangement gjennom lokallaga i Florø, Sogndal, Førde og på Eid, med utgangspunkt i miljønetta og dagens bruk av plastposar. Dei vil også ha fokus på rettferdig handel, svanemerke og servera økologisk kaffi og økologisk frukt. Dette er eit tiltak som vil setta eit overordna fokus på klima og forbruk, noko som er i tråd med kriteria for LA 21 midlane. Tiltaket (a) vil aktivt engasjera lokalmiljøet. Tiltaket vil også dra nytte av tidligare produsert materiale. Målet er å nå ut til forbrukaren med miljøprofil, og bidra til økt merksemd kring forbruk og val, og bidra til meir miljøvenlege forbrukarar.
Vernetavle Saksnr: 10/6383-6 Produksjon og oppsetting av Søkjar: Naturvernfor informasjonstavle om viktige bundet i Indre naturkvalitetar i elvedeltaområda ved Jølstra og Løken i Førde Sunnfjord Søknadssum: Kr. 15 000 Totalbudsjett Kr. 25 000 Kr. 15 000 Med utgangspunkt i naturkvalitetane som er registrert i Naturbase som nasjonalt svært viktige, ynskjer Naturvernforbundet i Indre Sunnfjord å laga ei informasjonstavle, som kan settast opp i området for å opplysa lokalbefolkninga om de svært sjeldne og trua artane som er å finna i området Prosjektet med oppretting av Vernetavle er viktig for å gjera lokalbefolking og besøkande merksame på sjeldne dyreartar. Dette gjer eit styrka fokus på naturen rundt nærmiljøet. Eit godt informasjonstiltak som passar godt med berekraftsperspektivet i Lokal Agenda 21. Gangsti til sentrum Saksnr: 10/6383-7 Stryn KFUK- KFUM vil samarbeida med Søkjar: Stryn kommunen om å opprusta ein mykje brukt KFUK- gangsti mellom byggjefelta og Stryn sentrum. Tiltaket har eit allmennyttig føremål i tillegg KFUM til å bevisstgjera unge speidarar om at det Søknadssum: Kr. 30 000 nyttar å engasjera seg for ei berekraftig Totalbudsjett Kr. 40 000 utvikling i samfunnet. Prosjektet er til nytte for alle som vil gå istandanfor å bruka bil mellom byggjefelta og sentrum. Kr. 30 000 Prosjektet vert utført i samarbeid med Stryn kommune. Eit godt tiltak som engasjerer barn og unge i å ta vare på lokalsamfunnet og å stimulera til berekraftig utvikling. Speidarane har også lova å halda stien fri for søppel, noko som gjer prosjektet ein ekstra dimensjon når det gjeld å ta vare på naturen rundt seg. Verktøy for berekraftig stadutvikling Saksnr: 10/6383-12 Prosjektet er eit samarbeid mellom Aurland Søkjar: Sogn Jord- Barne- og Ungdomsskule, Aurland og Naturverkstad (UMB og Høgskulen i Sogn og Fjordane) hagebrukssk ule Søknadssum: Kr. 60 000 Totalbudsjett Kr. 180 000 Kr. 50 000 Prosjektet har ein visjon om at Campus Aurland skal vere ei drivkraft for samarbeid, utvikling, formidling og overføring av praktisk kunnskap om økologi, landskap og berekraft i kultur- og naturbaserte næringar. Det vil leggast opp til stadbasert læring og stadformidling som ein ynskjer å utvikle kvar for seg og sett i samanheng. Samarbeidspartane ser at det er mange fruktbare moglegheiter for samarbeid og Prosjektet legg opp til eitt breitt samarbeid, fokus på barn og unge og berekraftig utvikling. Det er godt i samsvart med kriteria til LA 21 midlane. LA 21 midlane vil bidra til å støtta dette prosjektet i ein oppstartsfase. Vidare er det viktig at prosjektet jobbar med ei nærmare konkretisering av kva som vil bli gjort opp
legg vekt på at ein i Aurland er komne så langt med stadbasert læring og stadformidling at dei vil leggja til rette for at dette kan formidlast til andre kommunar, skular, høgskular med lærarutdanning og liknande. mot barn og unge. M.a. korleis elevane skal få nytte av prosjektet i den praktiske undervisninga. Måla er mellom anna å: - skapa eit ope forum for utvikling og formidling av kunnskap om natur, kultur og naturbaserte næringar i regionen. - styrka og synleggjera det allsidige grøne kompetansemiljøet i Aurland og styrka og utvikla samarbeidet mellom partane. - Styrke rekrutteringa av ny arbeidskraft og kompetanse til verksemdene i Aurland. - Bidra til berekraftig utvikling innanfor natur- og kulturbaserte næringar. Den dyrebare maten Saksnr: 10/6383-13 Prosjektet skal, med grunnlag i Transplants Søkjar: Transplant hovudmålseting, studere ritual og verktøy i ulike kulturar for å bidra med nye scenario for å minimisere avfall og maksimere smak og næring. Søknadssum: Kr. 65.000 Totalbudsjett Kr. Kr. 55 000 Av all mat som blir produsert rundt om i verden blir 35% til avfall som kastes. Kvar dag settes det nye produksjonsrekordar, men samtidig settes det òg nye rekordar i sløsing og avfallsproduksjon. Stikkord for dette prosjektet er: biologisk mangfald, berekraftig jordbruk, distriktsutvikling, ta vare på handverksteknikkar og mattradisjonar. Gleda ved god mat og drikke er satt i samanheng med det å ta vare på mangfald i kornslag, buskap, matvareprodukt, berekraftig utvikling, og det å være et alternativ til intensiv/industriell matvareproduksjon. Eit tiltak som treff godt med berekraftstanken som ligg til grunn for Lokal Agenda 21 midlane Eit kunstnarisk prosjekt der ein i stor grad skal involvera lokalsamfunnet i prosjektet.
Gi naturen tilbake ein egenverdi Saksnr: 10/6383-14 Prosjektet ynskjer ei berekraftig utnytting av Søkjar: Forum for naturresursane. Målet er å unngå natur og unødvendig nedbygging av særleg verdifull natur, sant å påverka i saken for å utnytte friluftsliv mindre viktige områder betre. Søknadssum: Kr. 60 000 Totalbudsjett Kr. 180 000 Kr. 30 000 FNF meinar at alle som er glade i og brukarar av natur eller har inntekt av reiseliv sil ha nytte av arbeidet gjennom dette prosjektet. Prosjektet vert gjennomført ved gjennomgong av plansakar og utbyggingsplanar i privat og offentleg regi, og levere høyringsfråsegn på desse. Eit godt og viktig tiltak, i tråd med intensjonen for LA 21 midlane. Dette tiltaket er høvesvis likt prosjektet som fekk støtte i fjor. Eit tiltak som dette kan ikkje få støtte fleire år på rad, då dette nærmar seg ei form for driftstøtte.