Statusrapport for etablering av regional park for HAFSkommunane

Like dokumenter
Frå Kystarv til Kystpark - nyskapande næringsutvikling på naturen og lokalsamfunnet sine premissar. v/ Ole Gunnar Krakhellen, ordførar i Solund

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

Hyllestadseminaret 2017 Korleis ville ein Geopark passe inn i distriktsutviklinga i HAFS?

STRATEGIPLAN

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

PROSJEKTDIREKTIV. Om prosjektet

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Prosjektplan Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune. Utkast for drøfting

Utviklingsavtale for 2014 og mellom. Sogn og Fjordane fylkeskommune og HAFS regionråd

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Frå flyktning til arbeidstakar meir arbeid og betre norsk i introduksjonsprogrammet

Saman for framtida (Ref # )

Søknadsnr Søknadsår 2012 Arkivsak Støtteordning Bolyst 2012 Fjellfolk, havfolk og byfolk

FORSLAG TIL HANDLINGSPROGRAM OPPFØLGING AV REGIONALPLAN SJØAREAL HAVBRUK

Saman for framtida (Ref # )

SØKNAD OM TILSKOT, «FÅRESTILLING» - NASJONALT SENTER FOR ULL OG FÅR.

Løypemelding kommunestrukturarbeid Torsdag 24. oktober Rune Heradstveit Nordhordland Utviklingsselskap IKS

Avtale mellom.kommune og Flora kommune

Prosjektplan. Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Høyring- revidering av forskrift om hausting av tare i Sogn og Fjordane

Kontrollutvalet. Målet i dag

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Dialogmøte Hafs. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Kommuneretta næringsutvikling - statusrapport, evaluering og vidare arbeid

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Fjordkysten Friluftsråd

Innkalling av Administrasjonsutvalet

Dialogmøte. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Strategisk plan for kystensamling. Prosjektleiar Arne Kringlen Norconsult AS

HALLINGDAL 2020, REGIONAL POSISJONERING, HOVUDPROSJEKT

SAMARBEIDSFORUM I SUNNFJORD. Årsrapport Jølster Naustdal Flora - Gaular Førde

FELLES UTVIKLINGSORGANISASJON I HAFS REGIONEN

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

SEKOM-sekretariat Arbeidsplan Styret si handsaming: Dato: Saksnummer: 12/17 Referanse: 17/1228

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

INTERNASJONAL STRATEGI

Strategisk plan - eit vik0g verktøy for regionalt samarbeid? Knut Arne Gurigard Dagleg leiar Regionrådet for Hallingdal

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Kommunal medfinanisering av samhandlingsprosjekt og felles ordningar

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

MØTEBOK. Fylkeshuset - møterom Sygna. Møtedato Kl

Kvam herad. Arkiv: N-031 Objekt: SATS- prosjekt i Kvam - Samordning A-etat, Trygd- og Sosialkontor - P19031

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Kontrollutvalet SEKOM-sekretariat

PARKER I NORGE OG I UTLANDET En modell med framtidsutsikter? Kristian Bjørnstad Sekretariatsleder Norske Parker

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Visit Sognefjord AS søkjer om tilskot på kr ,- i 2018 til forprosjekt for «Sognefjorden Bike & Hike».

Kommunereforma - prosessvedtak med tidsplan for Vestnes kommune. Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Bodø 4. november 2015 Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Program Opplevingsnæringar Sogn og Fjordane. Retningslinjer for søknad om tilskot frå programmet 2009.

Landskapskartlegging av kysten i Sogn og Fjordane. Lars A. Uttakleiv. Aurland Naturverkstad AS

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Kommunestruktur i Sogn og Fjordane Fylkesmannen si tilråding

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 056 A20 Arkivsaksnr.: 11/682-3

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen

SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnummer Formannskap /13 Kommunestyre /13

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Dialogmøte med kommunane i Sunnfjord

Landskapspark, kva kan det tyde for Myrkdalen?

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

1. Ressurs til arbeidslivskontakt vert vidareført på skular med yrkesfaglege utdanningsprogram.

Innovasjonsmetoden vår

REKNESKAPSÅRET Rådet si årsmelding Alden hamneområde er eit samarbeidsprosjekt mellom kyst- og fjordkommunar

STRATEGISK FORVALTNINGSPLAN RV7 OG RV52

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap post 71)

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: G21 Arkivsaksnr.: 14/745-7

Stryn kommune 1

Kartlegging og samanstilling av arbeidet med regionalparkar Kva er oppnådd og kva er meirverdien?

DET KONGELIGE MILJ ØVERNDEPARTEMENT. Invitasjon til å delta i verdiskapingsprogram på kulturminneområdet

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Dialogmøte med kommunane i Nordfjord

Strategisk plan for kystensamling. Prosjektleiar Arne Kringlen Norconsult AS

Dialogbasert arealutvikling og deltakande demokrati på Jæren. Byregionprogrammet fase 2

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Status for kommunane 2015 Revidert nasjonalbudsjett 2016 Kommuneproposisjon 2017 og nytt inntektssystem.

Kartlegging av regionalparkar. Kva er oppnådd? kva er meirverdien?

REGIONALT UTVIKLINGSPROGRAM FOR HORDALAND 2007 TILSEGN OM TILSKOT INNTIL KR 1,2 mill, TIL PROSJEKT Tiltaksprosjekt i Tysnes TILSEGN 40-07ON

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Tilskotsordningar for 2016 Klima- og miljødepartementet

Å leve og bu på kysten av Sogn og Fjordane.

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 038/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS

Nasjonalparksenter for Jotunheimen og Reinheimen

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 026/15 Bystyret PS

Arbeidsgjevarkontrollen i Sogn skattekontorets observasjonar og tilrådingar. v/ seniorskattejurist Torill Hauken-Johnstad

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Dialogmøte. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Saksbehandlarar: Trond Sundby, Plan- og samfunnsavdelinga, Lena Søderholm, Næringsavdelinga Sak nr.: 14/1672-7

Duett eller duell? Verdien av samarbeid og nettverk eks. regionalpark 11. november 2014

VR-sak 17/14: OPPFØLGING AV MARIN STRATEGI FOR VESTLANDET

Historikk. Sogn og Fjordane Ungdomslag (SOFUL) Ca 45 SOFUL-lag 30 av desse eig bygg

FLEIRE MED SAMAN FOR LOKALSAMFUNNET FRIVILLIGSTRATEGI HJELMELAND KOMMUNE. Vedteken i kommunestyret , sak 78/

SEKOM-sekretariat Arbeidsplan 2017 og 2018

Regionalplan for Sogn regionråd Utviklingstrekk og scenario Oppsummering etter møta Prosess og framdrift Innspel til vidare arbeid

Samhandlingsreforma i Sogn

PARTNARSKAP FOR KARRIERERETTLEIING SOGN OG FJORDANE

Transkript:

Statusrapport for etablering av regional park for HAFSkommunane (01.02.15) Bakgrunn: I søknaden om forprosjekt inngår utgreiing av regional park som eit av tre delprosjekt: DELPROSJEKT 1 : Undersøke muligheten for utvidelse til regionalpark langs kysten Solund er et lite samfunn, og ser styrken i å samarbeide med andre. Forprosjektet har allerede gjort sonderinger i forhold til å tenke en regionalpark i området, og har fått signaler fra Fylkeskommunen om at de vil støtte en slik utvikling av parken. Prosjektledelsen er invitert til å være med på regionrådsmøte i HAFS i oktober. Ettersom arbeidsgruppemøter, analyser og dialog med ulike forvaltningsinstanser har vært en del av prosessen i arbeidet med mulighetsanalysen for Solund Kulturlandskapspark, har det også tydelig kommet fram at en større regional parksatsing kan være en vei å følge. Nettopp derfor tar prosessen for seg konklusjoner om at fundamentet for en videre utvikling er regionale fellestrekk og områder som kan få felles tilslutning på regionalt nivå. Definerte områder er kystkultur, samt integrasjon og videreføring av lokale og regionale utviklingsprogrammer. I korte trekk kan dette beskrives som: Kystkulturen, en felles arv, historie, landskap, natur og kulturverdier Utviklingsprogrammer, næringsstrategier, forvaltning, plan og samfunn Begge disse retningene tar hensyn til å skape bærekraftig verdiskapning basert på natur og kulturressurser. I HAFS Regionråd har prosjektet vore drøfta både som løyvingssaker og som meir strategisk satsing: Løyvingsvedtak for 2013: HAFS Regionråd set av kr. 80.000,- av regionen sine RUP-midlar i 2013 til delfinansiering av ei skissert muligheitsanalyse for etablering av ein regional kultur- og naturpark i HAFS.

Regionrådet vil vurdere ei ny løyving frå dei regionale RUP-midlane i 2014 når det ligg føre eit justert kostnadsoverslag og ein justert aktivitetsplan frå Norsk Kystkulturakademi AS. Regionrådet ber også om å få framlagt ein statusrapport for Geologiprosjektet i HAFS og ei vurdering av om dette i framtida kan integrerast i ein evt. regional kultur- og naturpark. Løyvingsvedtak 2014: HAFS Regionråd støttar arbeidet med Kystparken inkludert utgreiing av ein regional kultur- og naturpark i HAFS med kr. 100.000,- for 2014. Tilskotet kan utbetalast til Norsk Kystkulturakademi mot ein delrapport som viser framdrifta i arbeidet i søknadsåret. Samarbeidsavtalen melom HAFS Regionråd of Sogn og Fjordane Fylkeskommune for 2013 og 2014 (eit av 4 prioriterte satsingsområde) Auka verdiskaping av felles kultur- og naturarv 2013 er siste prosjektår for Kystarven som har vore del av ei 5-årig nasjonal satsing på Naturarven som verdiskapar. Vi er også inne i 3. prosjektår for Geologiprosjektet som vert gjennomført i tett samarbeid med næringsliv, skuleverk og NGU i Trondheim. Tiltak i 2013 og 2014 vil vere: Sluttføre Kystarvprosjektet med forankring av resultat og oppstarta tiltak Samarbeide med Norsk Kystkulturakademi i Solund om å utgreie etableringa av ein regional kultur- og naturpark i HAFS Denne satsinga vert også vidareført for 2015.

Rammevilkår for arbeidet: For å få ei mest mogeleg konkret tilnærming til etablering av den regionale parken, er det viktig å få avklara kva rammer som gjeld: Det vert i dette forprosjektet arbeidd med dei fem HAFS-kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Gulen For kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund er det i januar 2015 etablert eit eige næringsutviklingsselskap HAFS Utvikling AS. Kystparken må kunne arbeide parallelt med dette selskapet og tilsvarande selskap i Gulen (Gulen og Masfjorden Utvikling AS) Det vert då føresett at ein har ulike arbeidsområde, men at det også kan etablerast samarbeidsprosjekt der utviklingsselskapet medverkar til gjennomføring av konkrete fellestiltak. Ut frå statsbudsjettet for 2015 ser det på kort sikt ikkje ut til å vere rom for direkte støtte til regionalt parkarbeid i noko større skala. Vi innser difor at den regionale parken må starte i det små og ha eit langsiktig perspektiv på oppbygginga. Intensjonen er at den regionale parken skal skipast gjennom ein parkavtale mellom dei samarbeidande kommunane og partnerskapsavtale med bygdelag, frivillige organisasjonar og næringslivet. Dette gjev handlingsrom for langsiktig oppbygging av parken og stabile rammer for eit langsiktig og føreseieleg samarbeid mellom kommunal sektor, frivillig arbeid og privat næringsliv. Konkrete arbeidsområde: Ut frå desse rammevilkåra og lokale samarbeidsprosjekt som har vore gjennomført i regionen, har arbeidsgruppa plukka ut nokre konkrete innsatsområde som det skal arbeidast vidare med:

1) Etablering av regionalt friluftsråd på kysten av Sogn og Fjordane Dette er eit av dei 3 delprosjekta i det samla forprosjektet. Målet er å eit friluftsråd for kommunane i HAFS pluss Flora og Bremanger. Vi reknar då med at Måløy og Selje vil høyre til eit evt. nytt friluftsråd for Nordfjord. På nokre område vil nok eit ferdig etablert friluftsråd og ein regional Kystpark overlappe kvarandre. I første omgang vil Kystparken si rolle vere å vere pådrivar i etableringa. I neste fase må det så gjerast ei heilt konkret arbeidsdeling mellom parken og rådet. Status Prosjektskisse for etableringa av friluftsråd er utarbeidd. Denne vert teken opp til drøfting i Solund kommune i februar 2015. Solund vil ha ei nøkkelrolle i arbeidet med å legge det interkommunale fundamentet som må ligge i botn for eit friluftsråd. 2) Rydding av marint søppel langs kysten Marint herrelaust søppel er eit veksande problem langs kysten vår. Det grisar til strendene både innanfor og utanfor sjøfuglreservata. For sjøfugl som samlar opp plastavfall i magesekken er dette søppelet direkte livstruande. Reinhald av strender har her til lands vorte oppfatta som dugnadsarbeid gjerne for ungar. Dei mest brukte strendene har vorte rydda, men ein har ikkje teke problemet ved rota. I det 5-årige Kystarvprosjektet testa ein ut ein modell for lokal rydding av verneområde i Sørværet på Værlandet. Konklusjonane er eintydige det er stor tilvekst av søppel kvart år på dei mest eksponerte strendene langs kysten. Lokalsamfunna kan gjere ryddejobben dersom denne vert godt organisert og storsamfunnet vil betale litt for ein reinare kyst. På Værlandet er det samla erfaring og søppelstatistikk. Ryddemodellen frå Sørværet kan vidareførast i heile kystparkområdet dersom ein klarar å forhandle seg fram til ei ryddegodtgjersle med miljøstyresmaktene. Resultatet vil verte ein reinare kyst, inntekter til frivillige lag og større miljøkunnskap- og medvit i lokalsamfunna. Ryddegjengar i lokalsamfunna kan autoriserast gjennom partnerskapsavtale med Kystparken.

3 Striprosjektet Kystarven gjennomførte eit stiprosjekt med etablering av 20 merka, skilta og rydda turstiar i HAFS-kommunane. I tillegg vart det etablert eit profilprosjekt i kvar kommune. Stiprosjektet var mange stader særs vellukka, og mange bygdelag/idrettslag har i ettertid arbeidd vidare ut frå det stinettet som vart etablert i Kystarvprosjektet. Kystparken kan vere ei god ramme for vedlikehald av stiar og vidareføring av stiprosjektet. Ein kan då tenkje seg at lag og organisasjonar som vil arbeide vidare med stimerking og tilrettelegging i regionen, inngår ein partnerskapsavtale med Kystparken. Kulturmedarbeidarane i HAFS-kommunane har frå Kystarvprosjektet eit etablert samarbeid om desse stiane. Dette må vidareførast i Kystparken og partnerskapsavtalar med stiryddarane. Kystparken kan då ta seg av dei oppgåvene som treng samordning, og det kan leggast til rette både felles arrangement, felles oppdatering av kart mm. 4 Lokal forvaltning av verneområde HAFS-regionen har mange verneområde. Det meste av dette er hekkeplassar og leveområde for sjøfugl, men også andre verneføremål er representerte. På kysten er dette som oftast gammalt kulturlandskap og ikkje urørt natur. Områda endrar seg difor med ny bruk, og tiltak må kanskje settast i verk for å ta vare på fugleliv, flora og fauna. Attgroing er i denne samanheng eit stikkord. Vernestyresmaktene set fleire stader langs kysten i gang med rydding av skog i sjøfuglområda. Dette kan med fordel utførast av lokale krefter, men i eit tett fagleg samarbeid med vernestyresmaktene. Kystparken kan her vere koordinator. Kystparken kan i samarbeid med lokale institusjonar som Norsk Kystkulturakademi, Norsk Sjøfuglsenter ol både lage utgreiingar for (t.d. fugleteljing) og iverksette planlagde tiltak for å gjennomføre forvaltningsplanar i verneområda. Slikt arbeid har allereie vore testa ut mellom lokale bidragsytarar og fylkesmannen si miljøvernavdeling.

5 Ungdomsutveksling Kulturlandskapet i Kystparken er som ei lærebok i naturbruk. Gjennom å studere landskapet nøye kan ein avdekke gamle næringsvegar og måtar å overleve på langs kysten. I denne samanheng er kysten vår ein del av ei større historie som strekkjer seg frå Portugal i sør til Lofoten i Nord. Under eit parkbesøk som leiaren for The Europark Federation, Carol Ritchie, gjorde i Solund i oktober 2014, kom det opp tankar om internasjonal ungdomsutvikling mellom parkar. Gjennom opphald i ulike landskap kan ungdommar lære europeisk næringsog kulturhistorie i ein praktisk kontekst. Frå før finst det erfaring med EU-basert ungdomsutveksling i HAFS. En anna tanke er etablering av Kystparkvoluntørarar gjennom EU sitt voluntørprogram. Kystparken er invitert til å lage ei skisse til eit ungdomsutviklingsprogram med park(ar) i Skottland. Norske Parkar ynskjer å hjelpe til med dette. Voluntørplassar (1-2) kan etablerast så snart Kystparken får etablert ein fast og stor nok stillingsressurs. Lokalt næringsliv bør koplast aktivt opp til dette programmet. 6 Geologiprosjektet Geologiprosjektet i HAFS er inne i ein avslutningsfase. Prosjektet har fått fram nye geologiske kart, etablering av to geologiløyper og utsetting av panoramatavler med geologisk informasjon i terrenget. Prosjektet sit med mykje grunnlagsmateriale som lett kan gjerast om til formidlingstiltak i terrenget og på anna vis (t.d. geologibok for HAFS) NGU i Trondheim er framleis trufast samarbeidspart. Det har vore kontakt med NGU i Trondheim og Norsk Kvernsteinssenter i Hyllestad om korleis prosjektet kan vidareførast. Dette er enno ikkje endeleg avklara, men både NGU og Norsk Kvernsteinssenter vil vere aktuelle partnerar i ein Kystpark.

Andre delprosjekt som det vert arbeidd med etter same lest som ovanfor Kystpilgrimsleia, Norsk Sjøfuglsenter på Værlandet, Gulatingstaden i Gulen, Jensbua Kystkultursenter i Fjaler og Norsk Kystkulturakademi i Solund er alle institusjonar som det vil vere naturleg å inngå partnerskapsavtalar med. Prosessen vidare Forankring i kommunane vil vere heilt avgjerande for å få etablert prosjektet. Det er difor planlagt ein totrinns prosess no på etterjulsvinteren der vi først møter kommuneleiing og større institusjonelle partnerar i kvar kommune, og deretter legg opp til opne kommunemøte der vi inviterer grendalag, bedrifter og frivillige lag og organisasjonar til opne drøftingar om kva ein parkorganisasjon kan bety for kvar einskild. Prosessen er starta med kommunemøte og ope møte i Solund og vil verte gjennomført i februar mars i dei andre HAFS-kommunane. Dale 05.02.15 Per Arne Tveit Delprosjektleiar Regional Park