GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK Møtedato: 24.11.2016 Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00 Gloppen kommune 21. november 2016 Bernt Reed utvalsleiar Per Arne Strand Oppvekstsjef SAKLISTE: Sak nr. Sakstittel 045/16 Ressursar til arbeid med minoritetsspråklege i barnehagane
GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Oppvekstutvalet 24.11.2016 045/16 Formannskapet 28.11.2016 Kommunestyret 19.12.2016 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Per Arne Strand Objekt: Arkiv: A11 &71 Arkivsaknr.: 16/1115-2 Ressursar til arbeid med minoritetsspråklege i barnehagane Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 282154 Auka ressursar til minoritetsspråkleg arbeid Bakgrunn for saka: Vi har dei siste åra hatt ein vesentleg auke i busette flyktningar i Gloppen. Som ein følgje av det har vi sett utfordringar i å ta i mot dei og kunne hjelpe dei til rette i barnehagen, det gjeld både barna sjølve og foreldra. Dei aller fleste minoritetsspråklege barn har hatt barnehageplass i Mona barnehage. Styrar i Mona barnehage har laga eit notat som ligg ved saka. Klubben av Utdanningsforbundet i Mona barnehage har og sendt eit brev til oppvekstutvalet om situasjonen. Saksutgreiing: Busetjinga av flyktningar har dei siste åra vore ein sterk medverkande årsak til folketalsauken i Gloppen. Kommunen har hatt ein politikk om å busetje flyktningane i sentrumsområdet av Sandane. Då har Mona barnehage vore den naturlege barnehagen for barna. Det har med avstandar og transport å gjere. Dei færraste disponerer bil og er avhengige av å kunne gå til barnehagen. Dei andre barnehagane ligg lenger vekk, med unntak av Nygård som er innanfor gåavstand for enkelte familiar. Mona barnehage har i dag 26 av 72 barn med minoritetsspråkleg bakgrunn, dvs nærare 40 % av barna i barnehagen. Dei vaksne i barnehagen er viktige i mottak av barn frå andre land. Ein skal vere tett på i fht bl.a tryggheit, språklæring og foreldrekontakt. Språkutfordringar gjer at oppstart i barnehagen tek lenger tid enn med norskspråklege. Dialog med føresette er viktig for alle barnehagebarn, men med føresette med anna morsmål, er dette ei meir ressurskrevjande oppgåve for barnehagen. Føresette treng ofte rettleiing og forklaring i fht til rutinar i barnehagekvardagen og i barnehagen sine skriftlege planar. Det vert ofte nytta telefontolk i samtalar. Minoritetsspråklege barn treng vaksne som er tett på, slik at dei kan få hjelp til å setje ord på ting og opplevingar. Det vert i teorien (Sandvik og Spurkeland, 2009) lagt vekt på at det er viktig å formidle litteratur og få til gode samtalar i små grupper for 2-4 barn. Med tanke på at det i ei barnegruppe på 3-5 år er 1 vaksen pr 6 barn, seier det seg sjølv at vi med dagens grunnbemanning ikkje kan klare å følgje opp det som vert anbefalt. Jo tidlegare vi kan hjelpe desse barna, både språkleg og sosialt, jo betre rusta er dei til å læring og sosialisering på skule og fritid.
I samband med auke tal minoritetsspråklege, kan vi og sjå ei auke i styrkingstiltak. Dette krev nesten utan unntak eit tverrfagleg samarbeid, der fleire instansar er involvert. Dette gjev oss større møteverksemd og pedagogar må frigjerast til deltaking på ulike samarbeidsmøte. Dette krev auka bruk av vikar. Alternativet er at vaksentettleiken i gruppa vert mindre den tida pedagogen er på samarbeidsmøte. Det er ulik praksis på korleis andre kommunar løyser dette for sine barnehagar. Det vanlege er å gje ein ressurs pr. barn som er i barnehagen. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Dette er noko som vil koste kommunen pengar. Avhengig av kva modell vi landar på så vil det krevje ressursar og det krev ressursar i dag. I dag rapporterer barnehagane inn sine tal i i eit system som heiter BASIL som er utdanningsdirektoratet og myndigheteten sitt system for å få data om barnehagen og som er grunnlag for dei midlane som kjem til kommunen gjennom statsbudsjettet. Her er det knytt pengar til dei som vert rapportert som minoritetsspråklege. Årssatsen pr. barn varierer år for år, men i 2016 var den på kroner 3.218,-. Totalt fekk Gloppen utbetalt kr 106.203,- i 2016. Dette er midlar som vil vere med å finansiere ei slik ordning. Ein time per veke med pedagog kostar oss kr 360,- Eit barnehage år vert rekna til 48 veker. Vi har i dag i overkant av 30 minoritetsspråklege barn i barnehagane i Gloppen. Ser vi på kostnaden vil ein modell med: 1 time per veke koste (1t x360,- x 48v) = 17.280,- pr. barn 2 timar per veke koste (2t x 360,- x 48v) = 34.560,- pr. barn 3 timar per veke koste (3t x 360,- x 48v) = 51.840,- pr. barn Kostnaden for ein modell med 2 timar per veke er i stor grad innarbeidd i årsbudsjett for 2017 og vi skal klare det innafor framlagde ramme for årsbudsjett for 2017. Rådmannen si vurdering: Rådmannen meiner at vi i Gloppen må lage oss eit system for å motta og inkludere busette flyktningar i barnehagane. Det går på at vi har rutiner og retningslinjer for korleis vi møter og hjelper både barn og foreldre inn i barnehagen. Det handlar om at vi har kompetanse bland dei tilsette til å møte dei minoritetsspråklege. Det handlar først og fremst er behovet er å ha litt ekstra tid tilgjengeleg slik at det ikkje går utover pedagogtettleiken til dei andre barna i barnehagen. Tida vil gå både til å hjelpe ungen på plass i barnehagekvardagen, språklæring, kontakt med foreldre ofte med hjelp av tolk og ekstra møteaktivitet knytt til barna. Det bør vere eit system der dei tilsette i barnehagen får tid til å rette ekstra merksemd mot dei minoritetsspråklege uavhengig av andre vedtak som er knytt til barnet. Det vi kan håpe på er at ein modell med fast ressurs knytt til kvart minoritetsspråkleg barn vil redusere behovet for anna hjelp i barnehagen. Hjelp i barnehagen skjer etter to vedtak, det er spesialpedagogisk hjelp og det andre er styrkingstiltak etter barnehagelova. Målet må vere at behovet for sakkunnig utgreiing og vedtak med påfølgjande ressursar vil gå noko ned. Får vi inkludert barna på ein god måte i barnehagen og har ei god utvikling der vil overgangen til læring og sosialisering på skule og fritid gå lettare og truleg krevje mindre ressursar seinare. Ein felles modell for dette vil og gjere tilbodet mellom barnehagane likare med omsyn til ressursar.
Rådmannen legg opp til ein modell der kvart barn med minoritetsspråkleg bakgrunn får 2 timar per veke ekstra hjelp dei to første åra barnet er i barnehage. Etter to år i barnehage vil mykje av det som tek tid i starten ha gått seg til. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Gloppen kommunestyre innfører ein modell der kvart barn med minoritetsspråkleg bakgrunn får 2 timar per veke ekstra ressurs, dei to første åra barnet er i barnehage. Dette vil gjelde alle barnehagane i Gloppen. Dette gjer vi i ein prøveperiode på to år, barnehageåret 2017/2018 og 2018/2019. Ordninga vert evaluert våren 2019 med tanke på om ein skal gjere det til ein permanent modell.
Side 1 av5