VESTNES KOMMUNE Rådet for funksjonshemma Innkalling til møte i Rådet for funksjonshemma Møtestad: Dato: Møterom ved kantina, Rådhuset, 01.03.2011 Kl.14:00 Dei som er inhabile i ei sak vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemar kan bli innkalla, - jf. 8, 3. ledd i forvaltningslova. Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte. Saksdokumenta ligg frå i dag til gjennomsyn i servicekontoret, biblioteket og på heimesidene til kommunen. Dersom du ikkje kan møte på grunn av lovleg forfall må du snarast melde frå til politisk sekretariat på e-post gunn.westnes@vestnes.kommune.no,tlf.: 71 18 40 12 eller til servicekontoret på e-post servicekontoret@vestnes.kommune.no, tlf.: 71 18 40 05. Ev. spørsmål til saksutgreiinga kan rettast til administrasjonssjefen v/ Odd Jarle Talberg før møtet enten på e-post:odd.jarle.talberg@vestnes.kommune.no, eller tlf. 71184097. Side 1
Referatsak: RS 1/2011 Bulyst 2011-47 millionar til gode prosjekt Saksliste Saksnr Innhald Lukka PA 8/2011 PA 9/2011 RS 1/2011 PA 10/2011 PA 11/2011 PA 12/2011 PA 13/2011 Godkjenning av innkalling Godkjenning av protokoll frå siste møte Bulyst 2011-47 millionar til gode prosjekt Årsmelding for 2010 - Rådet for funksjonshemma Årets ros frå Rådet for funksjonshemma Kråkvika Friluftsområde og Universell Utforming. Oppfølging i 2011 Parkeringsplassar ved forsamlingshus i kommunen Side 2
PA 8/2011 Godkjenning av innkalling PA 9/2011 Godkjenning av protokoll frå siste møte Side 3
Kommunane i Møre og Romsdal Lag og organisasjonar Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 5781/2011/223 Eivind Vartdal Ryste, 71 25 80 23 01.02.2011 - Bulyst 2011-47 millionar til prosjekt som kan gje attraktive lokalsamfunn i distrikta Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) lyser no ut inntil 47 millioner kroner til bulystprosjekt i 2011. Kommunar og lag og organisasjonar er velkomne til å søke. Søknadane skal innan 01. april 2011 sendast til Møre og Romsdal fylkeskommune, som etter prioritering og behandling av spørsmål om medfinansiering, skal sende søknadane vidare til Kommunal og regionaldepartementet innan 18. mai 2011. Bakgrunn Eit viktig mål i distrikts- og regionalpolitikken er at alle skal ha reell fridom til å busetje seg der dei vil. Gjennom å finansiere pilotprosjekt ønsker Kommunal- og regionaldepartementet å utvikle ny kunnskap om korleis distriktskommunar kan bli meir attraktive for busetjing. Les meir om dette i kapittel 3 i stortingsmeldinga Lokal vekstkraft og framtidstru fra 2008. Hovudmål Delmål: Å legge til rette for at kommunar innan det distriktspolitiske virkeområdet vert meir attraktive å bu i og flytte til. Å støtte opp om lokale, regionale og nasjonale pilotprosjekt som skal fremje attraktive lokalsamfunn, og som har stor overføringsverdi for andre som driv denne typen arbeid. Å samle og formidle kunnskap fra pilotprosjekter om kva som påvirker valg av bosted. Kven kan søke? Alle offentlege og private aktørar og verksemder med konkrete prosjekt som kan bidra til bulyst kan søke, for eksempel fylkeskommunar, kommunar og organisasjonar. Kva tema kan pilotprosjekta handle om? Ein rekkje ulike faktorar, og kombinasjonar av faktorar, gjer at folk får lyst til å bu på eller flytte til ein stad. Følgande tema vil bli prioritert ved utval av pilotprosjekt i 2011: Inkludering av innvandrarar og andre tilflyttarar i distriktsområde Kulturbasert stads- og næringsutvikling Utviklingsprosjekt retta mot ungdom Pilotprosjekt for å utvikle nye løysingar for offentlege tenestefunksjonar og arbeidsplassar i distriktsområde Omdømmearbeid Postadresse: Fylkeshuset, 6404 Molde Besøksadresse: Fylkeshuset Telefon: 71 25 81 80 Telefaks: 71 25 81 67 e-post: post@mrfylke.no www.mrfylke.no Side 4
Side 2 Kva kan det søkast om støtte til? Gjennomføring av hovedprosjekt. Hovedaktiviteten i pilotprosjekta skal føregå innanfor det distriktspolitiske virkeområdet. Samarbeidspartnere utanfor virkeområdet vert godtatt. Kommunal- og regionaldepartementet kan finansiere inntil 50 % av prosjektkostnadane. Arbeidsinnsats/timar (inkludert frivillig arbeid) i prosjektet kan inngå i den lokale eigenfinansieringa. Prosjekta bør ha eit visst omfang og tyngde. Dette er for å kunne sjå ein tydeligare lokal og regional effekt. Større prosjekt vil òg kunne drive erfaringsoverføring og læringsarbeid meir effektivt. KRD oppfordrar også til å søke lokalt og regionalt samarbeid om bolystprosjekt, med sikte på felles innsats. Kva kan det ikke søkes om støtte til? Gjennomføring av enkeltstående konferansar som ikkje er ein del av et større Bulyst-prosjekt. Kunstnerisk verksemd som ikkje er ein del av eit større Bolyst-prosjekt. Faste driftskostnader i verksemder eller organisasjonar. Ordinær bedriftsstøtte Kva kriteriar ligg til grunn for utvalet av pilotprosjekt? I kva grad prosjektet gjev måloppnåing. Nytenking utover den lokale samanhengen prosjektet blir gjennomført i. Klar overføringsverdi til andre aktørar. Sterk forankring lokalt og regionalt. I dette ligg det at søknadane bør være politisk forankret i lokale og/eller regionale styringsdokumenter. Klar gjennomføringsevne. I dette kan det ligge presise og realistiske mål, samsvar mellom utfordringar og føreslegne tiltak, gode skildringar av organisering og styring og metode for gjennomføring av prosjektet Plan for eventuell vidare drift ut over prosjektperioden, inkludert plan for videre finansiering når ein eventuell støtte frå KRD fell vekk. Ungdom, kvinner og innvandrarar er viktige målgrupper. Søknadsprosess Søknaden må sendast til fylkeskommunen innan 01. april 2011. Fylkeskommunen vil gå gjennom søknadane og prioritere i høve til kriterie for ordninga og lokale og regionale strategiar. Fylkeskommunal medfinansiering vil også bli vurdert før søknadane blir oversendt KRD innan 18. mai 2011. Korleis gå fram for å søke? 1. Last ned og fyll ut KRD sitt søknadsskjema word 2007 (docx) / word 1997-2003 (doc) / open-dokument (odt) 2. Send det ferdig utfylte søknadsskjemaet og eventuelle vedlegg på e-post til Møre og Romsdal fylkeskommune: post@mrfylke.no. Merk søknaden med Søknad Bolyst 2011. Søknadar som kjem inn etter fristen, eller som ikkje held krava i denne utlysninga, vil bli avvist. Side 5
Side 3 Kven kan kontaktast ved spørsmål? Møre og Romsdal fylkeskommune: Eivind Ryste, tlf. 71 25 80 23/909 92 406, eivind.vartdal.ryste@mrfylke.no Kommunal- og regionaldepartementet: - Judith Kortgård, e-post judith.kortgard@krd.dep.no, telefon 22 24 70 35 eller - Knut Ove Nordås, e-post knut-ove.nordas@krd.dep.no, telefon 22 24 70 49 Meir informasjon om distrikts- og regionalpolitikk: www.regionalpolitikk.no Det kan også være nyttig å gå inn på Distriktssenteret sine sider for å sjå nærare på dei pilotprosjekta som fekk støtte fra Bolystsatsinga i 2010, se www.distriktssenteret.no Med helsing Bergljot Landstad regional- og næringssjef Eivind Vartdal Ryste seksjonsleiar Side 6
Page 1 of 1 Til kommunane i Møre og Romsdal Bulyst 2011-47 millionar til gode prosjekt Kommunal og regionaldepartementet inviterer kommunar og lag og organisasjonar til å søke om pengar til prosjekt som skal skape bulyst i distrikta. Det skal i år konkurrerast om ein pott på 47 millionar på landsbasis. Send søknad til fylkeskommunen innan 01. april 2011. Departementet vil i år støtte gode tiltak for integrering av innflyttarar, kulturbasert stadsutvikling, ungdomstiltak, omdømmearbeid og nye løysingar for offentleg tenesteproduksjon. Det er viktig at prosjekta er forankra i lokale strategiar, og at det gjerne er samarbeid mellom fleire kommunar eller organisasjonar. Prosjekta bør ha eit visst omfang, slik at dei kan tene som regionale og nasjonale fyrtårn innan utvikling av attraktive stader. Les meir info i vedlegget, som også kjem per brev. Med helsing Eivind Ryste Gruppeleiar - Regional- og næringsavdelinga Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset 6404 Molde 71 25 80 23 / 909 92 406 eivind.vartdal.ryste@mrfylke.no www.mrfylke.no file://\\vk-sak\dokumentlager$\prod\2011\02\02\54705.html Side 7 02.02.2011
VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 033 Arkivsaksnr.: 2011/119 Saksbehandlar: Odd Jarle Talberg Dato: 21.02.2011 Årsmelding for 2010 - Rådet for funksjonshemma Utval Møtedato Utvalssak Rådet for funksjonshemma 01.03.2011 10/2011 Innstilling Årsmeldingsutkast blir lagt fram i møtet for drøfting og avgjerd SAKSUTGREIING: Bakgrunn: Rådet si årsmeldinga for 2010 vart drøfta på siste møte under sak 4/2011, og blir tatt opp att for vidare drøfting og avgjerd i møtet. Vurdering: Utkastet som var drøfta på siste møte, blir lagt fram og drøfta. Ved semje om innhald og presentasjon kan rådet drøfte og bestemme framlegging på eit av dei komande kommunestyremøta. (Mars, april, mai.) Særutskrift til: Side 8
VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 033 Arkivsaksnr.: 2011/119 Saksbehandlar: Odd Jarle Talberg Dato: 21.02.2011 Årets ros frå Rådet for funksjonshemma Utval Møtedato Utvalssak Rådet for funksjonshemma 01.03.2011 11/2011 Innstilling Oppfølging av sak 6/2011 SAKSUTGREIING: Bakgrunn: Rådet vedtok på siste møte å greie meir ut med tanke på oppretting av ein årleg pris som kan kallast Årets ros for god Universell Utforming. Vurdering: Ein eventuell pris for godt planlagde / godt gjennomførte byggeprosjekt med fokus på Universell Utforming vart fremja i siste møte av rådsleiaren. I saka var det og semje om framdrift og ansvar for oppfølgingsoppgåver til neste møte. I møtet informerer såleis leiaren om utkast til prisdiplom, og sekretæren legg fram forslag til prisretningsliner. Særutskrift til: Side 9
VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 033 Arkivsaksnr.: 2011/119 Saksbehandlar: Odd Jarle Talberg Dato: 21.02.2011 Kråkvika Friluftsområde og Universell Utforming. Oppfølging i 2011 Utval Møtedato Utvalssak Rådet for funksjonshemma 01.03.2011 12/2011 Innstilling Rådet for funksjonshemma viser til at Kråkvika friluftsområde fekk 2. plass og kr.10.000 i premie i fylkeskonkurranse for god Universell Utforming. Rådet har vore på synfaring og foreslår at pengane blir brukt til å betre tilkomsten ned til Hellandheim naustet og brygga/voren der, med tanke på betre Universell utforming og stigningsforhold. Den markerte stikkvegen ned frå turvegen må skråast meir austover, og den nye vegstubben må deretter løftast, drenerast og asfalterast. SAKSUTGREIING: Bakgrunn: I sak 41/2010 gjorde Rådet slikt vedtak: Som innspel til bruk av premien på kr.10.000 vil Rådet for funksjonshemma foreslå at tilkomsten ned til Hellandheimnaustet og brygga/voren der, blir betre Universelt utforma med tanke på stigningsforhold etc. Rådet kan ved høve bidra med eit meir detaljert forslag. Vurdering: Forslag til vedtak er ei oppfølging av sak 41/2010, og kan tene som inspirasjon i ei sak der det for tida skjer mykje god dugnad med vegetasjonsryddingsærleg ned mot vågen, samt bygging av eit nytt sanitæranlegg/toalettbygg i det nye, statleg sikra området nedanfor tidligare HH. Alt samen med hjelp frå statlege tilskotsmidlar. Det er planar om ytterlegare vidareutvikling av området også - særleg rundt HH-naustet. Særutskrift til: Side 10
VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 033 Arkivsaksnr.: 2011/119 Saksbehandlar: Odd Jarle Talberg Dato: 21.02.2011 Eventuellsak 01.03.2011 - Rådet for funksjonshemma 2011 Utval Møtedato Utvalssak Rådet for funksjonshemma 01.03.2011 13/2011 Innstilling SAKSUTGREIING: Bakgrunn: Vurdering: Særutskrift til: Side 11