PLANOMTALE NÆRING Sund kommune er av dei kommunar i Hordaland med færrast arbeidsplassar pr innbyggar. Ca 60 % av arbeidstakarane er dagpendlarar til nabokommunane inkludert Bergen. Næringsutvikling er svært viktig for kommunen. Det er ei målsetting at Sund kommune skal etablera seg som eit senter for marin næring, med to betydelige næringsområde. I tillegg skal det satsast på reiseliv og turisme. I gjeldande plan er det totalt ca 580 dekar som er regulert til industri/erverv i Sund kommune. Av dette er alt ca 24,7 dekar i kommunal eige (disponert av kommunen), ca 20 dekar på Høyland (ikkje regulert), 2,7 dekar på Kausland og ca 2 dekar ved kaien i Austefjorden. Saksgruppe næring og utvikling finn at det i kommande planperiode bør reserverast 1000 da til næring som har behov for djupvasskai. Området bør fortrinnsvis liggja på strekninga Skogsvåg Klokkarvik. Det har vist seg vanskelig å finna 1000 mål langs denne strekninga og Lundaneset vert derfor også sett av. Det vert også sett av eit industriområde i Austefjorden på Forland med tilkomst til sjø. Til anna industri vert det reservert ca 400 da fortrinnsvis langs hovudvegen på strekninga Eide Vorland. Industriområdet på Kausland vert utvida. Når det gjeld senterområdet i Skogsskiftet, bør det finnast plass til mjuk industri (forretningar og liknande) og bustader, slik at det vert grunnlag for forretningsdrift i næringsområdet. Området ved eksisterande motokrossbane og i krysset 555 Sangolt er omtalt i kommunedelplanen for Skogsskifte. Områda vest mot havet vert prioritert for næring som har tilknyting til reiseliv og turisme. Næring i gamle bygg Sund kommune har 494 registerte eldre naust som har vore bruk i næringssamanheng dvs fiske. Gardsbruka i Sund var kombinasjonsbruk med fiske. Til dette var det vanleg med fleire driftsbygningar, minst eit av dei naust. Det er no aksept for at løer kan innreiast og takast i bruk til gardsturisme medan dei gamle nausta står til forfall. Skal dei reddast må vi finne ordningar som opnar for bruk til reiseliv og turisme. Saman med Gode Sirklar vil vi starte opp eit pilotprosjekt innan dette feltet. 1
Det er sett av 12 nye næringsområde inkl område for turisme, friluftsliv og undervisning i arealplanen. Totalt 2.236 daa. Nemning Områdenamn Gnr Areal Merknader daa N1 Lundaneset 1 881 Loyalsenter 15 49 Omdefinere industri til kombinertområde bebyggelse og anelggsformål turisme/undervisning N2 Austefjorden 15 284 N3 Vorland 30 405 N4 Vorland 30 218 Motokrossbane evnt utviding av industriområde N5 Smånipevegen 31 Utviding av eksisterande industriområde N6 Gnr 31 bnr 3 31 14 Nytt område N7 Porsvika 33 25 + 9 Utviding av eksisterande + utviding i sjø Øvre Golta 34 18 Omdefinere industri til Kombinertområde bebyggelse og anelggsformål friluft og turisme N8 Stordalen 48 178 N9 Skaganeset 49 36 Reguleringsplan N10 Motokrossbana 50 66 Omtalt i kommunedelplan for Skogsskifte 2.236 2
N1 Lundaneset Gnr. 1 - Tyssøy Framtidig område for næring, slik det er synt på ovannemnde kart, er omlag 880 daa. Området er lett tilgjengeleg frå skipsleia, det er inga avgrensingar med tilkomst frå sjø, og sjøfronten er godt eigna til kaiutbygging. Her er gode vêrtilhøve. Vegutløysing til område bør bli ny veg og tunnel frå Tellnesområdet. Dette vil òg ha positiv verknad for Tellnes næringspark. Næringsområde ligg under kote 65 for å ta omsyn til negativ fjernverknad. Det må takast omsyn til den naurlege bergfronten mot sjø i sør, dette for å hindre innsyn frå sør. Loyalsenteret Næringsområdet er lagt utanom dei varig verna kulturminna som er registrert i området. (Busetting og aktivitetsområde, registrert i Askeladden). I samband med regulering av område må det gjerast ei utgreiing i høve til natur, vilt, raudlisteartar og tilhøva elles i naturbasen. Det er registrert dyretråkk i området, og det er registrert inngrepsfrinatur, om lag 72 daa, sør om Ressvikvatnet. 3
Gnr 15 Loyalsenter Omdefinere industri til kombinertområde bebyggelse og anelggsformål turisme/undervisning. Loyal senteret har vore planlagt ein stund. Sund kommune ønskjer å satse meir på turisme i dette område og planlagt opplevingssenter ligg innanfor målet om auka turisme. N2 Austefjorden G.nr. 15 Forland Området er om lag 284 daa, det ligg inn til eksisterande veg der det også ligg offentleg vatn og aulaup. Vêrtilhøva er gode. Planlagt ny veg til ferjeleiet og til Toftarøy vil gå gjennom område i søraust og i nordenden av industriområde. Saksgruppa meiner området er godt eigna til lett næringsverksemd. Område har vore brukt til beiteland, og det er registrert kulturminne her. I Grønevika, vika sør om næringsområdet, er det ein lokal badeplass. 4
N3 og N4 G.nr. 30 Vorland Området er om lag 405 daa. Eit felt i tillegg, i nordenden, på om lag 218 daa kan nyttast til motorkrossbane, eller inngå som ein del av næringsområde dersom motokrossbana ikkje vert plassert her. Delar av området er kartlagt av Statens vegvesen i samband med planlegging av ny veg til Austefjorden, med sideveg til Pollen, som vil gå gjennom området. Eit skogsbelte må stå att langs vegen for å hindre innsyn og støy. Det er registrert dyretråkk i området. Vi kjenner ikkje til at det er registrert kulturminne her. 5
N5 Smånipevegen G.nr. 31 Kausland utviding av eksisterande industriområde med om lag 50 daa Infrastruktur er på plass. Lett område å utvide, terrenget er småkupert med berg i dagen. Det er viktig å ikkje bevege seg for langt mot vest då der er eit stort og viktig nasjonalt og lokalt naturområde som på sikt kan bli ein stor ressurs for Sund i samanheng med friluftsliv og geoturisme. Området kjem ikkje i konflikt med nasjonalt og lokalt viktige naturområde. N6 G.nr. 31 Kausland Vi kjenner ikkje til at det er registrert kulturminne her. Dette er eit privat næringsområde. Areal om lag 14 daa. Vegen må utbetrast. Dette kan gjerast i samband med utviding og utbetring av gravplassen som ligg i nærleiken. Vatn og avlaup ligg i fylkesvegen. Området er naturleg skjerma av fjellknausar. 6
N7 Porsvika G.nr. 33 Glesnes Utviding av eksisterande industriområde I gjeldande kommuneplan var det opna for å utvide dagens næringsområde mot nord. I samband med utarbeiding av reguleringsplan for området vart det gjort funn av automatisk freda kulturminne. Området nord for vegen og vika er i framlegg til ny kommuneplan sett av til omsynssone for kulturminne. Kommunen vil i staden leggje til rette for at dei etablerte bedriftane som held til i området pr i dag har rom for å imøtekoma dei akutte behova bedriftane i området har, samt til noko framtidig utvikling. Då det alt er etablert ein veg og eit industriområde tett opp mot kulturminna nord for vegen, legg kommunen opp til ei mindre utviding mot nord, i sjølve Porsvika, men vil ikkje gjere nokon inngrep i terreng mot nord. Mot vest industriområdet utvida for å gje plass til parkering og industri som ikkje treng ligge til sjø. Slik kan ein frigjere noko plass langs sjø. Industriområdet er i tillegg utvida noko i sør med tanke på bølgjedemping for hamneområdet. Terrenget er stigande mot vest og til dels store høgdeforskjeller kan gje stor fjernverknad ved at bygg kan verte dominerande og synleg i landskapet. Reguleringsplan må ta høgd for dette. 7
G.nr. 34 Øvre Golta Omgjering av noverande industriområde til kulturpark mm Området ligg som industri i dag og det er ønskje om å nytte det som kulturpark, arena, platestudio mm. Det er i samsvar med kommunen sin intensjon om å satse på turisme i dette område, og det vert omdefinert til Bygg og anleggsområde friluftsliv og turistføremål. 8
N8 Stordalen G.nr 48 Sangolt Området er om lag 177 daa. Mesteparten av området ligg i skrånande terreng ned mot sjøen. Ved å byggja fjellhallar, er potensiale stort. Tilgangen til sjø er god, med om lag 800 m lang sjøfront. Det meste av vurderingane er avhengig av vegtraseen, som td kan gå via Laksen eller i tunnel frå Dommedalen. Område er mykje nytta til tur og friluftsliv med utgangspunkt både frå fylkesvegen i Dommedalsskogen og kommunal veg frå Sangolt og Laksen. Det er relativt godt tilrettelagt med opparbeiding av stiar og traktorvegar. I tillegg er det parkeringplass ved fylkesvegen 9
N9 Skaganeset Gnr 49 Skaga Utviding av eksisterande industriområde Gjeldande plan Ny plan I gjeldane plan var eit område på 83 daa sett av til framtidig industri. Dette er no redusert til 36 daa i samsvar tilråding frå Miljødepartementet Saka har vore til endeleg behandling i Miljødepartementet. Etter motsegn frå Riksantikvaren fatta Miljøverndepartementet den 22.10.2010 vedtak for det utvida reguleringsforslaget frå 2002. Vedtaket frå Miljødepartementet inneber redusert storleik på mogeleg industriområde. Som råd for å sluttføre reguleringssaka, tilrår Departementet at det vert sett ei ny grense for industriareala mot nordvest, mot Kvalvågen. Sikringssone kring arkeologiske funnområde vert utvida. Vegtilkomsten til Skaganeset vert og omtala. I tråd med Departementet si tilråding vil Sund kommune sluttføre arbeidet med revidert reguleringsplan for industriområdet. Areal i vest mot Kvalvågen vert teke med i reguleringsplanen for å sikre aktuelle område som LNF og spesialområde vern. N10 Motokrossbana Gnr 50 Skoge Område på 66 daa er omtalt i kommunedelplan for Skogsskifte 10