Del I Praktikum- hevd Oppgåva reiser sentrale problemstillingar innanfor hevd. Temaet er handsama i Falkanger og Falkanger (2013) på s. 323-367, og har vore tema for førelesing og arbeidsgruppeoppgåve. Studentane må sjå både på kva for reglar som gjeld for startstidspunkt for hevd, hevdstid, god tru, tålt bruk, «fast tilstelling» og «naudsynt veg». Oppgåva har neppe så høg vanskegrad, men kan nok vere vanskeleg å disponere. Det må her vere rom for fleire ulike vegval. Dei som har god oversikt, vil kunne reflektere dette i ein fruktbar disposisjon. Hevdtid for bruksrett «som ikkje viser seg som ei fast tilstelling», er 50 år, jf. 8. Mange vil nok ta utgangspunkt i denne føresetnaden, som også passar i høve til rekkjefølgja på argumentasjonen frå begge partane. Ved eit slikt utgangspunkt kan det vere naturleg å først vurdere om vilkåra for hevd ligg føre for Olsen senior. I samband med dette må det slåast fast at fleire personar si råderettstid kan leggjast saman, jf. 3. Dette er for så vidt ikkje er omstridt mellom partane. Det første som må drøftast er starttidspunktet for hevd. Studentane bør sjå at det neppe kan vere tale om bruk i strid med rett før 1962. «Den som har rett til å sitje med tingen», kan ikkje hevde, jf. 5. Den eventuelle hevdsbruken startar dermed ved opphøyr av brønnretten. Dette er i dag over 50 år sidan, og ein må vurdere om vilkåra for hevd har gjort seg gjeldande i heile denne perioden. Det må drøftast om Olsen senior er i aktsam god tru, jf. 4. Det meste i faktum talar nok for at han ikkje er i god tru. Her er det fleire moment som kan trekkjast fram. For det første vil nok planen om å utbetre «Poststien» trekkje i retning av at Olsen visste at han ikkje eigde. Dette er likevel ikkje heilt opplagt. Det kan vere at Olsen berre søkte å formidle til Kirkerud at han ønska seg bilveg heilt fram til eigedomen, og at dette i så fall måtte skje ved utbetring av «Poststien». Det avgjerande bør vere at Olsen senior levde i den tida brønnretten framleis eksisterte, og at det også var senior som hadde lagt heller for å lette ferdsle fram til brønnen. Dette talar i seg sjølv for at Olsen viste at den retten han hadde var ein rett til å hente vatn, eller i alle fall burde ha sjekka stiftingsgrunnlaget, eller seinare skylddelingar, for å få ei avklaring på innhaldet i bruksretten. Studentar som kjem til at Olsen senior ikkje er i god tru, bør drøfte kravet til intensitet over ei samanhengande periode, subsidiært. Dei siste åra av livet hadde Olsen senior berre brukt Poststien. Spørsmålet er om dette stoggar hevden. Dess tynnare bruken er, dess mindre opphald må aksepterast. Om ein 1
ser det slik at Kirkerud burde gripe inn, kan det vere eit moment som talar for at ein må akseptere eit lengre avbrot i kontinuiteten, men neppe så lenge som 5 år. Dei fleste vil nok kome til at vilkåra for hevd for Olsen senior ikkje er innfridd. Spørsmålet er så om det er tilstrekkeleg at brørne er i god tru i hevdstid. For bruk som viser seg av ei «fast tilstelling» er hevdstida 20 år, jf. 8. Det same gjeld for rett til «naudsynt veg». Regelen om hevdstid er desse tilfella det same som ved eigedomshevd. Det er to gangstiar frå bruket og opp til hovudvegen, men ingen kjørevegar. Det kan dermed vanskeleg seiast at den eine gangvegen ut i frå føremålet er meir «naudsynt» enn den andre. Sjå Rt. 1951 s. 217. Det går tydeleg fram at den kommunale stien er open for alle, og gjerne eit alternativ som ein må kunne stole på også for framtida. Alle bør sjå at det argumentet som gjerast gjeldande kortaste veg ikkje er tilstrekkeleg til å tilfredstille kravet til «naudsynt» veg. Noko vanskelegare vert nok vurderinga av kva som er innhaldet i kravet til «fast tilstelling». Omsyna bak denne regelen er at bruk som viser seg som ei «fast tilstelling» skal gi eigaren eit høve til å gripe inn. Det framgår av faktum at hellene er synlege, og såleis har ein slik karakter at dei isolert sett kan gi uttrykk for at det skjer ferdsle over hennar eigedom. - Så er det neppe tvilsamt at også observerer ferdsla på andre måtar. Problemet er at hellene i si tid er lagt i samband med brønnretten, og i tråd med grunnlaget for brønnretten, og såleis ved etableringa ikkje var eit signal om bruk i strid med rett. Det er m.a.o. ingen årsakssamanheng mellom den faste tilstellinga og bruksretten som er påstått hevda. Eit spørsmål er likevel om Kirkerud kan lastast for å ikkje sjølv ta initiativet til å ta bort hellene, fordi uklarheit frå hennar side kanskje kan ha medverka til den ulovlege bruken. Ein kan likevel neppe stille særlege krav til Kirkerud i denne situasjonen. Eit vilkår for hevd er vidare krav til aktsam god tru. Olsen-brørne gjer gjeldande at det har lagt føre ein avtale, og dette må nok ut i frå deira ståstad kunne reknast som eit plausibelt grunnlag. Ut i frå faktum kan ein leggje til grunn at brørne faktisk ikkje var kjent med brønnretten. Det relevante spørsmålet er dermed innhaldet i kravet til «aktsam» god tru, jf. 4 andre setning. Studentane må drøfte om situasjonen er slik at brørne burde gjort nærare undersøkingar. Frå faktum veit vi at det finnast ei skylddeling som statuerer brønnretten, og det burde neppe vere så vanskeleg for brørne å finne fram til dette via grunnboka eller Brønnøysundregisteret. Ein samtale med Kirkerud om omfanget av bruksretten, ville også klargjort dette, eller sett dei på rett spor. Studentane må bruke faktumet på ein forsvarleg måte. 2
Endeleg legg oppgåva opp til å drøfte tålt bruk. Der det er på det reine at der det er tale om tålt bruk, kan det ikkje hevdast. Dette er eit tema som er drøfta i Falkanger og Falkanger s. 347-349, som m.a. syner til ein dom frå Rt. 1929 s. 560 om gangrett over annan manns innmark. Frå den nemnte dommen siterast: «Høiesterett kommer til samme resultat som underretten og kan i det vesentlige tiltre dennes begrunnelse. Visstnok har den omhandlede gangsti, som av overretten nærmere paapekt, i lang tid vært benyttet av eieren av Rød. Men de foreliggende oplysninger synes at vise, at stien nærmest har vært benyttet som en snarvei, og det ikke bare av eierne av Rød, men ogsaa av andre for hvem det falt bekvemt. Bruken av stien fra Røds eieres side antas derfor ikke at være skjedd med bevissthet om nogen erhvervet rett dertil, men alene i kraft av en villighet fra eieren av Rostad. Forholdet i nærværende sak er nærmest av samme art som det der omhandles i Rt-1903-504, jfr. ogsaa Rt-1897-375.» Likt med vår sak er det tale om hevd av snarveg over annan manns innmark. Mykje talar nok for at dette har vore tale om tålt bruk frå Kirkerud. Konklusjon er likevel av underordna betydning, så lenge vilkåret er forstått og forsvarleg argumentert. I oppgåva er det ingen konkrete påstandar om alderstidsbruk, men dei som føretek ei kort og forsvarleg drøfting av dette, må ikkje trekkjast for dette. Studentane må i så fall sjå at ein heller med dette rettsgrunnlaget ikkje kan vinne rett i dei tilfella ein har «rett til å sitje med tingen». Brønnretten vil dermed gjere hevd gjennom alderstidsbruk vanskeleg, eller umogleg. Ei lang drøfting av alderstids bruk som går på kostnad av problemstillingane som er gjort gjeldande frå partane, må trekkje ned. Ideen til oppgåva er problemstillingar i LA-2008-10696, men det er gjort store endringar i faktum. Del II omskiping av servituttar Temaet for teorioppgåva er så omskiping av servituttar. Emnet er handsama i Falkanger og Falkanger på s. 228-231, og vore tema på førelesing og storgrupper. (I storgruppa såg vi på ei praktisk oppgåve med spørsmål om høve til endring frå naust til hytte). Fleire av studentane kjenner nok til LG-2004-16853, som har eit faktum som liknar på spørsmålet som var oppe på storgruppa. Kunnskapane som er erverva gjennom kurset, bør no kome godt med. Det bør ikkje vere så store vanskar med å sjå kva som er temaet oppgåva, men studentane må stå noko fritt til korleis dei konkret rammar inn oppgåvesvaret. Sjølvstende i denne samanhengen, er viktig. Det er fint om studentane kort seier noko om lova sin deklaratoriske karakter og justeringar av retten som kan skje innanfor ramma av 2, men den sentrale drøftinga må gjelde 5 og 6, og 3
samanhengen mellom 5 og 6. Det må ventast at mange vil ha eit hovudfoks på dei materielle vilkåra for omskiping, og det må vere heilt greitt. I 5 er det reglar som føreset at det kan skje endring av serviutten som ikkje er til ulempe for den andre, medan 6 opnar for omskiping i noko større utstrekning. Studentane må her gå igjennom vilkåra i lova punkt for punkt. Dei sentrale problemstillingar i 5: «er minst like god for motparten som den tidlegare» og at «omskiping etter denne paragrafen ikkje gå så langt at retten vert av eit anna slag enn før». I 6 er føresetnaden at «den nye skipnaden ikkje vert likså god for motparten som den tidlegare». I denne regelen er det heller ikkje noko krav om at ikkje skal vere «av eit anna slag enn før», jf. Justiskomitèen. Ordlyden «omskiping» set likevel visse grenser. I Falkanger og Falkanger s. 229, er der her vist til førearbeida som nemner at endring frå rett til vatn til drift av kvernhus til rett vatn til jordvatn kan vere eit døme på ei akseptable endring. Det er også vist til Rt. 1927 s. 708, om at rett til bedehustomt er av eit anna slag enn ein brønn. Det er fint om studentane hugsar dette, og bruken rettskjeldene for å konkretisere innhaldet i dei ulike vilkåra. I Rådsegn nr. 5 (s. 38) er det m.a. sagt at: «Som ovafor nemnt lyt ein rekna med at mange rettar som er gode og gagnlege på skipingstida, vert utenlege eller beint fram skadelege, når det lid av ei tid. Difor lyt reglane vera såleis at slike rettar kan verta innløyste eller om- eller avskipa når dei ikkje lenger er høvelege eller tenlege.» Det sentrale vilkåret for omskiping etter 6 er at det må vere «mykje om å gjera for ein part» og «vinninga på hans side vert monaleg større enn tapet på hi» Desse kriteria viser til ei interesseavveging. I Falkanger og Falkanger s. 230 er det også her vist til lovførearbeida som viser til ekspropriasjonsrettslege grunnsetningar. Vilkår for oreigning er også ein del av lesepensumet (F og F s. 507-512), og det må ventast at studentane kan seie noko om dette, eller i alle fall ha forståing for kva som ligg i dette. Det bør premierast til studentar som har fått med seg at «mykje om å gjere» - må tolkast objektivt, medan det som er «tapet på hi», kan sjå på både subjektive og objektive element. Momentliste: 4
Oppgåva er to-delt med ein praktikumsdel og ein teoridel (i høvetalet 2/3 og 1/3). For å få stå karakter på oppgåva, må det normalt vere ståkarakter på begge delsvara. Retningslinjer for karaktersetting følgjer elles av vedlagte standardoppsett. 5