HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Seksjon for drift og utvikling Arkivsak 201112362-3 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Møtedato Hordaland fagskulestyre 27.01.2012 VALORDNING FOR STUDENT- OG TILSETTREPRESENTANT I HORDALAND FAGSKULESTYRE SAMANDRAG Av di det ikkje har vore utarbeida retningsliner for val av student- og tilsettrepresentant tidlegare, vil administrasjonen tilrå retningsliner som vert gjeldande frå og med neste student- og tilsettval til Hordaland fagskulstyre. Neste studentval er hausten 2012, og neste tilsettval er vinteren 2013. FORSLAG TIL VEDTAK Hordaland fagskulestyre vedtek retningsliner for val student- og tilsettrepresentant til Hordaland fagskulestyre: Retningsliner for val av student- og tilsettrepresentant til Hordaland fagskulestyre Både val av studentrepresentant og val av tilsetterepresentant vert gjennomført i to omgangar. Fyrst vel kvar av dei 7 fagskulane ein lokal representant ved si fagskule. Deretter vert det gjennomført eit felles val, kor alle studentane eller tilsette ved fagskulane i Hordaland skal velje ein av dei 7 lokale representantane til å vere medlem i Hordaland fagskulestyre. Retningsliner for val av studentrepresentant til Hordaland fagskulestyre: - Kvar fagskule skal velje ein studentrepresentant som representerar sin fagskule og som skal vere representant i felles studentråd for fagskulane i Hordaland. - Kandidatar som stiller til val som lokal studentrepresentant ved ein fagskule kan reservera seg mot å sitja i fagskulestyret. Dette skal vere kjent for studentane før valet. - Blant dei 7 lokale studentrepresentantane ved fagskulane skal det veljast ein studentrepresentant som skal representere alle fagskulestudentane og vere eit fullverdig styremedlem i Hordaland fagskulestyre. - Studentrepresentant skal veljast av og blant studentane.
av studentrepresentant som skal vere styremedlem. - Valet skal administrerast gjennom it s learning og skal vere ope for studentane i ei veke. - Det er kandidaten med flest stemmer totalt som vert valt som studentrepresentant, og Retningsliner for val av tilsetterepresentant til Hordaland fagskulestyre: - Kvar fagskule skal velje ein tilsettrepresentant som representerar sin fagskule. - Kandidatar som stiller til val som lokal tilsetterepresentant ved ein fagskule kan reservera seg mot å sitja i fagskulestyret. Dette skal vere kjent for dei tilsette før valet. - Blant dei 7 lokale tilsetterepresentantane ved fagskulane skal det veljast ein tilsetterepresentant som skal representere alle tilsette ved fagskulane i Hordaland og vere eit fullverdig styremedlem i Hordaland fagskulestyre. - Tilsetterepresentant veljast av og blant dei tilsette. av tilsetterepresentant som skal vere styremedlem. - Valet skal administrerast gjennom it s learning og skal vere ope for dei tilsette i ei veke. - Det er kandidaten med flest stemmer totalt som vert valt som tilsetterepresentant, og Retningslinene er vedteke 27.01.2011. Inger Øvsthus Tønder opplæringsdirektør e.f. Birthe Andersen Haugen leiar seksjon for drift og utvikling Vedlegg: Vedtekter for Hordaland fagskulestyre 2
FYLKESRÅDMANNEN, 08.01.2012: Val av student- og tilsetterepresentant er no gjennomført. Rune Ervik frå Bergen maritime fagskole vart valt som studentrepresentant, medan Anne Mette Rambjørg frå Bergen tekniske fagskole vart valt som vararepresentant. Studentrepresentantane vert valt for eit år av gangen. Toril Flatebø frå Bergen tekniske fagskole vart valt som tilsettrepresentant, medan Per Aasmundseth frå Bergen maritime fagskole vart valt som vararepresentant for dei tilsette. Tilsettrepresentantane vert valt for to år av gangen. Under valet for både student- og tilsettrepresentant har det vorte klaga på korleis valet vert gjennomført. Studentane som fremja klage meinte at slik valordninga er i dag, ville det ikkje vere mogleg for ein student frå ein av dei mindre skulane å bli valt inn i styret fordi studentane ofte har ein tendens til å velje representant frå eigen skule i fellesvalet. Soleis vert ofte berre den største fagskulen representert i styret. Valet blei likevel gjennomført som vanleg fordi administrasjonen betraktar studentrepresentanten som ein representant for alle fagskulestudentane, og ikkje ein representant for sin eigen fagskule. Samtidig ser administrasjonen at det gjerne vil verta slik at den skulen som har studentrepresentant lettare får fremja sine saker til styret. Grunnen til det er at det i dag ikkje er oppretta eit felles studentråd for fagskulane i Hordaland. Administrasjonen ønskjer å leggje til rette for, og initiera oppretting av eit slikt studentorgan. Tidlegare tilsetterepresentant Arne Aasen har på vegne av dei tilsette meldt inn misnøye med valordinga av tilsetterepresentant og har bede administrasjonen stogga valet. Grunnen til dette er at det ikkje ligg føre vedtekne retningsliner for valet og fordi valet vert gjennomført med fyrst eit lokalval og så eit felles val blant alle fagskulane. Dette gjer at det ikkje vert mogleg for ein tilsett å stille til val blant alle tilsette i dei 7 fagskulane utan å vere valt som lokal representant først. Som ved studentvalet gjekk også tilsettevalet som vanleg. Administrasjonen saman med styreleiar valde å ikkje stogga valet fordi valordninga som vert nytta er den som har vore anvendt praksis tidlegare. I tillegg ser ein for seg at også dei tilsette, slik som studentane, etablerar ein felles arena for at alle tilsetterepresentantane ved dei 7 fagskulane enkelt kan fremja saker til tilsettrepresentanten som er styremedlem. Med bakgrunn i klagane som er fremja av studentane og tilsette ønskjer derfor administrasjonen for Opplæringsavdelinga å presisera kva rolle dei valde student- og tilsetterepresentantane har, og tilrå etablering av retningsliner for gjennomføring av vala. Fagskulelova 3, fjerde ledd seier fylgjande: Studenter og ansatte skal ha representanter med møte-, tale- og forslagsrett i alle tilfeller der styret behandler saker av betydning for gjennomføringen av godkjent fagskoleutdanning. Studentrepresentantene og ansatterepresentantene velges av og blant studentene og de ansatte. I høve til styret sine vedtekter skal både tilsette- og studentrepresentanten vere fullverdige styremedlemmer. Tilsette- og studentrepresentant har derfor møte-, tale-, forslags-, og stemmerett. Det er derfor forventa at student- og tilsetterepresentant opptrer på lik line med dei andre medlemmane i styret i tillegg til å vere eit talerør for studentar og tilsette ved fagskulane i Hordaland. Det er i styresamanheng soleis viktig å skilje mellom det å vere tilsettrepresentant i fagskolestyret og å vere tillitsvalt ved ein fagskule. Det kan vere same person som har begge rollane, men det er ikkje ein føresetnad. Tilsettrepresentanten i fagskolestyret skal representere både pedagogisk og administrativt personale og treng soleis ikkje ha pedagogisk bakgrunn. Fagskulelova har fylgjande ordlyd om styret sitt ansvar: 3. Organisasjon og ledelse Fagskoler skal ha et styre med minst fem medlemmer som øverste ansvarlige styringsorgan. Styret er ansvarlig for at studentene får den utdanning som er forutsatt som grunnlag for godkjenningen, at alle vilkår for eventuelle statlige tilskudd overholdes og at virksomheten for øvrig drives i samsvar med gjeldende lover og regler. Styret er ansvarlig for at de opplysninger som blir gitt godkjenningsorganet og utdanningssøkende, er korrekte og fullstendige. 3
Tilbyder skal ha en administrativ og faglig ledelse som skal stå for den daglige driften av utdanningen innenfor de retningslinjer og pålegg styret har gitt. Den administrative og faglige ledelse ansettes av styret. Studenter og ansatte skal ha representanter med møte-, tale- og forslagsrett i alle tilfeller der styret behandler saker av betydning for gjennomføringen av godkjent fagskoleutdanning. Studentrepresentantene og ansatterepresentantene velges av og blant studentene og de ansatte. Departementet kan gi forskrifter om organisering, styring og ledelse av fagskoleutdanning, herunder bestemmelser om representasjon i styrende organer. Departementet kan vedta at det kan gjøres unntak fra loven og forskriftene til loven i forbindelse med tidsavgrensede organisatoriske forsøk. Endret ved lov 29 juni 2007 nr. 90 (ikr. 1 aug 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 758). Retningsliner for val av student- og tilsettrepresentant til Hordaland fagskulestyre Både val av studentrepresentant og val av tilsetterepresentant vert gjennomført i to omgangar. Fyrst vel kvar av dei 7 fagskulane ein lokal representant ved si fagskule. Deretter vert det gjennomført eit felles val, kor alle studentane eller tilsette ved fagskulane i Hordaland skal velje ein av dei 7 lokale representantane til å vere medlem i Hordaland fagskulestyre. Retningsliner for val av studentrepresentant til Hordaland fagskulestyre: - Kvar fagskule skal velje ein studentrepresentant som representerar sin fagskule og som skal vere representant i felles studentråd for fagskulane i Hordaland. - Kandidatar som stiller til val som lokal studentrepresentant ved ein fagskule kan reservera seg mot å sitja i fagskulestyret. Dette skal vere kjent for studentane før valet. - Blant dei 7 lokale studentrepresentantane ved fagskulane skal det veljast ein studentrepresentant som skal representere alle fagskulestudentane og vere eit fullverdig styremedlem i Hordaland fagskulestyre. - Studentrepresentant skal veljast av og blant studentane. av studentrepresentant som skal vere styremedlem. - Valet skal administrerast gjennom it s learning og skal vere ope for studentane i ei veke. - Det er kandidaten med flest stemmer totalt som vert valt som studentrepresentant, og Retningsliner for val av tilsetterepresentant til Hordaland fagskulestyre: - Kvar fagskule skal velje ein tilsettrepresentant som representerar sin fagskule. - Kandidatar som stiller til val som lokal tilsetterepresentant ved ein fagskule kan reservera seg mot å sitja i fagskulestyret. Dette skal vere kjent for dei tilsette før valet. - Blant dei 7 lokale tilsetterepresentantane ved fagskulane skal det veljast ein tilsetterepresentant som skal representere alle tilsette ved fagskulane i Hordaland og vere eit fullverdig styremedlem i Hordaland fagskulestyre. - Tilsetterepresentant veljast av og blant dei tilsette. av tilsetterepresentant som skal vere styremedlem. 4
- Valet skal administrerast gjennom it s learning og skal vere ope for dei tilsette i ei veke. - Det er kandidaten med flest stemmer totalt som vert valt som tilsetterepresentant, og Retningslinene er vedteke 27.01.2011. 5