Undervisningsbasar 980m 2 (basert på Sagvåg skule som har 160 elevar) Bakken/Alvheim skule har i skuleåret 2008/2009 eit elevgrunnlag på 8-18 elevar/klasse per år. Prognose for dei neste åra syner ei elevtalsutvikling i nedgang. I skuleåret 2008/2009 er det 104 elevar ved Alvheim/Bakken skule. For dei neste åra er prognosen: Skuleåret 2009/2010 : 101 elevar Skuleåret 2010/2011 : 104 elevar Skuleåret 2011/2012 : 102 elevar Skuleåret 2012/2013 : 96 elevar Skuleåret 2013/2014 : 90 elevar Skuleåret 2014/2015 : 89 elevar. Med auka bygging i nordre del av Øygarden, kan det verta ein auke i elevtalet i dette området dei neste åra. Plannemnda har lagt til grunn ein 7-delt skule med eit elevtal på 20 elevar/klasse. Til samanlikning visar elevprognosen at det i skuleåret 2012/2013 er eit snitt på 14 elevar/klasse. Plannemnda si tilråding er at Sagvåg-modellen vert lagt til grunn for detaljprosjektering av ein ny skule på Tjeldstø. Med denne modellen vil brutto/netto-faktoren kunne reduserast til ned mot 1,0, etter som gongareal er nytta som undervisningsareal. Undervisning foregår i 2 baser (1-4 klasse inkludert SFO og 5-7 klasse). Base 1 for 1-4 klasse inkludert SFO har eit areal på omlag 520m 2 og base 2 for 5-7 klasse har eit areal på omlag 390 m 2. Garderobar og toalett er medrekna i areala. Mellom dei to basane ligg eit fellesareal på omlag 70 m 2. Ved oppdeling av rom er det i stor grad nytta glasvegger. Veggene er plassert slik at heile basen kan nyttast som undervisningsareal (ingen korridorar). Dette gir både store opne areal, rom med normal klasseromstoleik og rom med mindre areal (grupperom). Plannemnda legg til grunn at det vert sambruk mellom SFO og basen til 1-4 klasse.
Vestibyle/bibliotek/mediatek/møterom 180m 2 Plannemnda ser for seg eit sentralt areal som kommuniserer med dei ulike fløyane i skulen. På Sagvåg var undervisningsfløyar og administrasjon fysisk avstengt etter skuletid, medan vestibyle, gymsal, musikkrom, bibliotek og kjøken hadde tilgjenge for leigetakarar etter avtale. Møtestad for ung og gamal på veg til/frå ulike aktivitetar i bygget. Amfi med plass til 160 elevar. Bibliotek oppe. Glasvegg mellom vestibyle og kjøken Bibliotek på øvre nivå i vestibyle Inngong til vestibyle
Musikkrom 120m 2 Musikkrom for øving og opptreden kan ligge inntil vestibyle slik at vestibylen kan nyttast som plass for tilskodarar ved konsertar og andre arrangement. Mindre øvingsrom for ein-til-ein undervisning eller øving i små grupper. Lager for musikkinstrument og fast oppkopla instrument er viktig. Musikkrom Sagvåg skule. Foldevegg opnar mot amfi. Bak spegelvegg ligg 2 mindre øvingsrom. Musikkrom sett frå spegelvegg. Foldevegg mot vestibyle Lagerplass for musikkinstrument er viktig!
Kreative rom:170 Rom for handverk og formingsfag. Eit eller fleire rom. På Sagvåg skule var sløyd og andre forming/handarbeidsaktivitetar samla i eit stort rom. Alle elektriske verktøy var samla i eit eige rom. Her hadde elevane ikkje tilgong. På Sagvåg skule var det delte meiningar om sløydsal skulle vore skild frå annan undervisning. Formingsromma vart og nytta til annan undervisning, og areala var utleigd til lag/organisasjonar utanom skuletida. Plannemnda vil sjå på oppdeling av romma med vegg/glasvegg i detaljplanleggingsfasen Sløydavdeling Maskinrom bak glasvegg
Skulekjøken 100m 2 Plannemnda ser for seg at skulekjøkenet og kan nyttast av bygda i samband med ulike arrangement. Kjøkenet må vere tilrettelagt for at skulen i framtida kan servere skulefrukost og varme måltid. Kjøkenet må vere lagt til rette for at bygda kan bruke kjøkenet i samband med små og store arrangement. Kjøken med matsal sett frå vestibyle Glasvegg/dør mellom kjøken og matsal, og mellom matsal og vestibyle.
Administrasjon 370m 2 Eige kontor for rektor, inspektør, helsesøster og sekretær. Eigne arbeidskontor for lærarar med Team-møterom for kvar base i nærhet til kontora. Pauserom, konferanserom, garderobar og personaltoalett. Felles lærararbeidsplass for Team 1. Felles lærararbeidsplass for Team 2. Kopirom mellom kontor for Team 1 og Team 2. Kontor for helsesøster. (Rommet vart og brukt som eit stillerom for tilsette.
Gymnastikksal 490 m 2 I den overordna kulturplanen for Øygarden kommune, er det ikkje planlagt bygging av hall i Tjeldstø-området. Det kan derfor ikkje søkjast om spelemidlar for ein ny hall før neste rullering av kulturplanen. Plannemnda legg til grunn at det vert bygd ein gymnastikksal med storleik 300m 2 med 2 garderobar og lager. Til samanlikning har har Toftøy skule ein gymnastikksal på 200m 2, og Blomvåg skule har ein gymnastikksal på om lag 150 m 2. For skulebruk er det nok med 2 garderobar. Minimum 20m 2 /garderobe.totalt garderobeareal 40m 2. Dusjrom minimum 15m 2 /garderobe. Totalt dusjareal: 30m 2. I tillegg kjem gongareal, barfotareal, dusj/garderobe/toalett for lærar og elevtoalett. Totalt areal 70m 2. Areal for lager 50m 2. Ribbevegg kan fellast ned og brukast som scene
Vaktmester og Reingjering 60 m 2 Kontor og lagerfunksjon for vaktmeister. Reingjeringssentral, bøttekott og lager/garderobe for reingjeringspersonale. Tekniske rom 130m 2 Tekniske rom for ventilasjonsanlegg, varmeanlegg og sprinklersentral Uterom og levegger vert tilpassa når utforming av skulebygget og plassering av bygget på tomta er bestemt. SUM ALLE AREAL : 2600m 2