Sogndal Studentbarnehage Dalavegen 10 6856 SOGNDAL Tlf. 5763500/ 57673501/ 57673502 E-post: karin.uglum@sisof.no



Like dokumenter
Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf / / E-post:

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf / / E-post:

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf. Kontor: Måne: Sol/ Stjerne: E-post:

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf. Kontor: Måne: Sol/ Stjerne: E-post:

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Studentbarnavisa. Nr /2017. Teikning av barn 3 år på avdeling Måne (sol og ballong)

Månadsbrev for Rosa september 2014

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Hei alle sjøstjerneforeldre

Månadsplan for Hare November

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Plassebakken Barnehage

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Kontor: Måne: Sol/ Stjerne:

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Studentbarnavisa Nr /2018 Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Kontor: Måne: Sol/ Stjerne:

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Ta kontakt de som ønskjer å ha avisa i papir

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Velkomen til Mork barnehage

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar

Plassebakken Barnehage

Sandeid skule SFO Årsplan

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf / 01/ 02 E-post:

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Månedsbrev april 2015

ENTREPRENØRSKAP OG REAL I BARNEHAGEN. Ivar Offerdal Eivind Rogne Britt GlomnesWillumsen Sylvi Aarland

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, Våren 2015

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

Månedsbrev Bikuben oktober 2016

Veke Fredag Offentleg høgtidsdag. 18 Barnehagen er stengd. Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

MÅNADSPLAN GRANAT- oktober 2019

Då har august månad fyke forbi i stor fart med tilvenning av nye barn, og for dei barna som har gått her før. Etter ein lang sommarferie så treng dei

Leikande, glade barn og natur hand i hand

Halvårsrapport lyseblå haust 2017

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018

Til deg som bur i fosterheim år

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Del 2 ÅRSPLAN FOR SKORGEN BARNEHAGE 2012/2013. BARNEHAGENS VISJON: Trygghet og trivsel.

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Månadsbrev for juni avdeling Glimmer

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2017

MÅNEDSPLAN FEBRUAR ANSTENS 2018

Studentbarnavisa Nr /2019 Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Kontor: Måne: Sol/ Stjerne:

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Minnebok. Minnebok NYNORSK

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Tilbakeblikk på mars:

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE,

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Kontor: Måne: Sol/ Stjerne:

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE. september 2018 ********************************************************************************************************

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år

OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE

Trudvang skule og fysisk aktivitet

Periodeplan For Solstrålen

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016

Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

Tema august: Tilvenning, bli kjent med alle i barnehagen, dagsrytmen og rutinar.

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

Samansette tekster og Sjanger og stil

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Bjørnehiet SFO - informasjon

Transkript:

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen 10 6856 SOGNDAL Tlf. 5763500/ 57673501/ 57673502 E-post: karin.uglum@sisof.no

Då er vi komne godt i gang med eit nytt barnehage år og ønskjer alle gamle og nye barn og deira føresette hjarteleg velkommen. Dersom det er noko de lurer på eller vil forandre på eller rett og slett har ønskjer om aktivitetar for dykkar barn, så kan de kome til oss vaksne og seie ifrå. Sogndal Studentbarnehage er ein privat barnehage drifta av Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane. Det er 44 plassar i barnehagen, og plassane blir i hovudsak nytta av studentar og tilsette i SISOF/ HiSF. Barnehagen har samordna opptak med Sogndal kommune. Ved lediggang kan vi tilby plassar til barn med foreldre som ikkje er studentar eller er tilsette i SISOF eller HiSF. Barnehagen lagar ei avis kalla Studentbarnavisa. Denne blir lagt ut på våre nettsider sisof.no - barnehage. Om nokon vil ha den i papir, kontakt styrar på kontoret. I avisa vil du få informasjon frå styrar, frå foreldrerådsutvalet, samarbeidsutvalet, evaluering av arbeid på avdelingane, samt oversikt over planar framover. Innhaldet vil variere frå periode til periode, og avisa kjem ut 5 gonger i året, (september, november, januar, mars, og siste avisa kjem ut i mai). Det er styrar saman med dei pedagogiske leiarane som har ansvar for avisa. Alle avdelingar har eigne tavler der foreldra kan sjå oppslag over veka, samt anna informasjon som vedkjem deira barn. På Sisof sine nettsider www.sisof.no ligg ein del generell informasjon. T.d. rammeplan, årsplan, Studentbarnavisa, vedtekter, song-perm, smittevern og lus informasjon, m.m. Den daglege kontakten og kommunikasjonen med dykk foreldre er veldig viktig for oss. Om det er noko, smått eller stort, så vil vi gjerne at de snakkar med oss om det. Då kan vi få til ein barnehage som er god for alle. Barnehage freista ta individuelle hensyn så langt det let seg gjere.

Barnehagen opnar 7.30 og stenger 16.15. Kjernetida i barnehagen er frå kl. 9.30 til kl. 14.00. Dersom barnet tek fri eller om barnet er sjuk, er det fint om de ringer om morgonen. Tal barn som er i barnehagen er ofte avgjerande for korleis vi legg opp dagen. Tlf.nr. står på framsida, men barnehagen har ikkje sentral. Får de ikkje svar på eit nummer, må de ringe ein av dei andre. Barnehagen har fått ny/ gammal dokkestove. Dette er kjempestas, og vi vil no framover innreie denne slik at den blir fin å leike i. Det neste som då står på plakaten er å få ferdig taket på den nye terrassen til småbarnsavdelinga Stjerne. I løpet av hausten vil lavoen bak sykkelskuret ta form. Vi har ønskje om å få asfaltert litt meir av ute plassen,(mellom båten og sandkassa), men dette vil nok ikkje skje før til våren/sommaren 2014. Alt arbeid blir gjort av våre vaktmeistarar. Derfor vil prosessane gå litt i rykk og napp, men dei ønskjer slik som oss å få det ferdig så raskt som mogleg. Fotograf frå Fovea kjem i barnehagen 24. september. Dei vil då ta gruppe- og portrettbilete av barna. Det har gått ut lister der de har skrive dykk på, og de vil få beskjed når tida nærmar seg. Det blir arrangert foreldremøte 24. () og 25. september (Sol/ Stjerne) frå kl. 16.30 18.00. På møte får de kort informasjon om SISOF/ Studentbarnehagen, om kvardagen i barnehagen, og om det pedagogiske arbeidet. Det blir val til samarbeidsutvalet, og ein post der de kan komme med det de har på hjarte. Vi tilbyr barnepass til dei av dykk som treng det. Dette er eit tilbod først og fremst til dei som er aleine med barnet sitt her i Sogndal. Det blir hengt opp påmeldingsliste på avdelingane, som dei som treng dette skriv seg på. Sogndal Studentbarnehage var for nokre år sidan med i eit prosjekt kalla entreprenørskap i barnehagen. I den forbindelse oppretta vi ein Kafé i barnehagen. Det er dei eldste barna i barnehagen som driftar kafeen. Kafégjengen er med i heile prosessen. Det er dei som inviterer til arrangement i barnehagen Dei lagar handleliste, handlar på butikken, lagar invitasjon på plakat og lagar maten o.a. Dei yngre barna og småbarnsavdelingane får tildelt oppgåver frå kafé-gjengen om det er noko dei treng hjelp til. Bli kjent middag er kafégjengen sitt første arrangement. Føresette, søsken og venner/ besteforeldre blir invitert til middag i barnehagen. Personalet opplever dette som ein veldig hyggeleg ettermiddag, takkar alle for at dei bidreg til ei så fin stund. Slike tilstellingar vil det verte meir av, det er ikkje sikkert at de har moglegheit til å vere med på alle. Då gjev de beskjed til oss, så er barnet dykk saman med ein av dei vaksne i barnehagen i denne tida.

I samband med FN dagen vil vi ha ei markering i barnehagen Tysdag 15. oktober. Vi har basar der vi sel pølse m/brød og loddar ut gevinstar. Gevinstane er gåver vi har fått av våre samarbeids partnarar, - og mykje sjølvlaga flotte gevinstar. Sjå etter plakat på døra når tida nærmar seg. Det kjem studentar i barnehagen i perioden vi no går i møte. Bodil på, Renate på Sol og Ingvild på Stjerne skal ha 3F student med overtakingspraksis frå v. 40-44. (Frå 2. oktober). Studentane heiter Espen, Christer og Alexandra. Sjå etter nærare presentasjon på døra når tida nærmar seg. Det er planleggingsdag i barnehagen 7. oktober. Barnehagen er då stengt. Om nokon har eksamen denne dagen og ikkje får barnepass til barnet sitt, så ta kontakt med styrar. Det vil bli foreldresamtalar med alle nye barn i løpet av hausten. Dei andre får samtaler etter nyttår. Gi beskjed om de ønskjer samtale før denne tid. Foreldre kan låne barnehagen gratis. Kontakt styrar for å låne nøkkel. Barnehagen har vore brukt til bursdagsfeiring, barnedåp, konfirmasjon t.d. De kan og få låne den bare for å vere der å leike ein ettermiddag/helgedagar. Dersom det er noko de vil snakke med meg om, kom inn på kontoret eller ring. Ingen saker er for store, ingen saker er for små. NB! Porten må alltid takas igjen både med kjetting og lås. La ikkje bilen gå på tomgang ved henting og bringing i barnehagen. Det er berre anledning å parkere bilane for av og på stigning, ingen langtidsparkering. Helsing Styrar Karin Uglum

Nå er august månad forbi og kvardagen i barnehagen byrja å ta form. Vi har i heile august jobba med tryggleik og tilvenning av nye barn og barn som har gått her før. På Sol har dei nå full barnegruppe, medan vi på Stjerne har ein ledig plass. Alle barna begynnar no å bli trygge i barnehagen og personalet tykkjer at tilvenningsperioden har gått fint. Å starte opp i barnehagen er nytt for både barn og foreldre, og ved at vi alle kommuniserer godt i lag, samarbeider, utvekslar idear og nødvendige opplysningar ligg alle føresetnader til rette for at alle skal trives og finne seg godt til rette i barnehagen. Det vi har lagt vekt på denne månaden er å prøve å fylgja dagsrytmen best mogeleg, slik at barna kan få tryggleik i at ting skjer til faste tider. Alle barna har fått sin stol og faste plass ved bordet, dette for å skape tryggleik hos barna. Vi vil også nå i september ha god tid til å leggja til rette for at alle skal bli trygge og kjende med dei ulike rutinesituasjonane i barnehagen, og me skal jobba med å finna gode rutinar som passar for alle. Har starta opp songstund før frukt kl. 9.30. Her brukar vi enkle songar med bevegelse som barna lett kan kjenna att og navnesongar. Kvar song har sitt bilde, noko som hjelper barna til å kjenne att songen frå dag til dag. Viktig å gi merksemd til den enkelte, og skape tilhøyre og vi føling i barnegruppa. I august har me feira Julian, Johanna og Leah Celine. Dei fire største barna på Stjerne var med avdeling på blåbærtur. Dette var ei fin oppleving! Nå i oppstarten av barnehageåret er det viktig å fokusere på kvart enkelt barn og framheva barnet på ein positiv måte overfor dei andre i gruppa. På denne måten lærer barna seg sjølv og dei andre å kjenne. Det er naturleg for alle barn å bruke kroppen for å bli bevisst seg sjølv. Difor har vi valt å bruke ein del songar som me kan bevega oss etter, og songar som går på kroppen. Me vil også ha formingsaktivitetar som går på dette temaet. Gjennom dette barnehageåret vil vi saman med dei andre barnehagane i Sogndal kommune ha fokus på mangfald. Barnehagen skal være et miljø hvor ulike individer og ulike kuturelle ytringar møtes i respekt for det som er forskjellig. Å belyse ulikhetene og det som er felles kan gi grunnlag for forståelse og innsikt (Kunnskapsdepartemanget 2006a:18) Barnehagen skal formidle grunnleggande verdiar som fellesskap, omsorg og medansvar. Barnehagen skal representere eit miljø som bygger opp om respekt for menneskeverd og retten til å være forskjellig. Gjennomgåande i kvardagen har vi stort fokus på sosial kompetanse, og viktige omgrep her er empati, sjølvhevding, sjølvkontroll, prososiale handlingar, leik glede og humor. Leken skal ha en framtredende plass i barnas liv i barnehagen. (Rammeplan s. 25) Ein viktig del i barnehagen er at barna skal kunne leika med andre barn under trygge forhold. Leiken er viktig for barna sin utvikling og læring. Gjennom leiken brukar barna kroppen sin, og får slik motorisk trening og kunnskap om korleis kroppen fungerar.

For å kunne legge opp til aktivitetar som passer dei forskjellige alder og modningsnivå, vil vi dele opp litt etter alder. Eksempel på dette kan vere at dei eldste barna er på tur, og dei yngste er inne. Eller dei eldste er inne og har formingsopplegg, mens dei yngste er ute. Utover hausten vil vi etter kvart ha grupper på tvers mellom avdelingane, tema her vil vera musikk, haust og fysisk aktivitet. Naturen gir rom for et mangfald av opplevingar og aktivitetar til alle årstider og i all slags vær. (Rammeplan s.38) For små barn opplever vi det er nærliggande å bruke dei ulike årstidene som tema. Det er konkret og noko som i seg sjølv gir grunnlag for gode opplevingar og læring. Hausten står for tur, og me vil bruke denne tida til å sjå på endringane i naturen, og gi barna erfaring med denne årstida. Me vil ta med oss barna ut i naturen.( stien mot Trudvang skule, gammen på Rutlin og elvebakken) sjå på det me finn event. ta det med i barnehagen og bruke det til formingsmateriell, lage haustbilde. Me brukar haustfargar og syng haustsongar. Tek med eit utval av songar som vi nyttar knytt til tema meg sjølv og haust. Teksten på songane finn dykk på nettsida til barnehagen. www.sisof.no Bevegelse sangar: God morgen alle sammen. Hokus og pokus.. Oppe på fjellet... Lille petter edderkopp.. Lillegutt kan tromme... Hjulene på bussem.. Hode skulder kne og tå.. Så klappa me på.. Hendene våre spelar vi med.. Tommelfinger, tommelfinger.. Haust sangar: Epler og pærer.. Blada faller ned.. Hausten kommer.. Epler pærer plommer..

SEPTEMBER 2013 SOL OG STJERNE Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag 36 37 38 39 2 TEMA: MEG SJØLV 9 TURDAG FOR 2 -ÅRINGANE 16 TURDAG FOR 2 -ÅRINGANE 23 TURDAG FOR 2 -ÅRINGANE 3 4 5 6 Lapskaus 10 5 stk BLU studentar på observasjondsdag Stjerne 17 Stjerne 24 FOTOGRAF- ERING I BARNEHAGEN Stjerne 11 FORMINGS- AKTIVITET Sol 18 FORMINGS- AKTIVITET Sol 25 FORMINGS- AKTIVITET Foreldremøte på Sol og Stjerne Sol 12 19 26 Feire Hilde 2 år 13 Skinke, pasta og saus Feire Eskil 1 år 20 Pølse m/ potetstappe og grønnsaker Kevin Andre 2 år 27 Graut Jenny Sofie 1år Feire Gunnar 1år

OKTOBER 2013 SOL OG STJERNE Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag 40 30 TEMA: HAUST 1 2 3 F Studentar på alle avdelingane 3 4 Fiskekarbonader m/ pasta og grønnsaker 2-åringane på epleplukking Bake eplekake til utlodding på basaren Feire Seline 1 år 41 7 PLANLEGGINGS- DAG. BARNEHAGEN ER STENGT 8 9 Formingsaktivitet, lage fellesbilde 10 11 Lapskaus Sofie 1 år 42 14 15 FN BASAR (sjå oppslag på døra) Stjerne 16 FORMINGS- AKTIVITET Sol 17 18 Pølse m/ potetstappe 21 22 23 FORMINGS- AKTIVITET 24 25 Graut 43 Stjerne Sol 28 Oley Sofie 2 år 29 30 31 1 Skinke, pasta og saus 44 Stjerne Sol Siste dagen til 3 F studentane

Vi er enno i ein bli kjent fase der vi lærer barna å kjenne, og dei lærer kvarandre, personalet og avdelinga sin dagsrytme å kjenne. Tryggleik er noko som er i fokus og som legg grunnsteinane i arbeidet framover. I gangen vil det kvar veke henge ein vekeplan slik at de kan følgje med litt på kva som skal skje frå dag til dag (endringar på planar kan skje undervegs). Ca annakvar fredag vil vi prøve å henge opp ein fotoreportasje der vi viser litt av det vi har gjort dei siste to vekene (vekerapport). Hausten er på veg og den gir oss muligheit både til sansing og smaking. Vi har allereie vore på små turar i mindre grupper i nærmiljøet og til Kaupanger på blåbærplukking. Barna fekk vera med å lage blåbærsyltetøy, noko som smakte kjempe godt på nysteikte pannekaker. Og vi har vore i grønsaksåkeren vår og teke opp poteter. Entreprenørane våre har starta opp med kafé- drift, dei har vore med på førebuing og gjennomføring av Bli kjent- middag. Spennande og kjekt å få vera med i kafé- gjengen. (Dei eldste i barnehagen). Barna gjorde ein flott innsats til Bli kjent- middagen, neste prosjekt blir den årlege FN -basaren vår i oktober. Tre dagar i veka delte vi barnegruppa i blå og raud gruppe i samling. Vi trakk kalenderen og vi la opp samlinga etter barnas alder og modning. (Gruppeinndelinga heng på oppslagstavla.) I august har me feira Emilie 5 år, hurra!

Barn er skapt for å vere i rørsle. Fysisk aktivitet er ei kjelde til glede, velvere og mestringskjensle. Ein aktiv kvardag har mange gode verknader på kroppen vår. Fysisk aktivitet har også positiv verknad på barns mentale helse, emne til sosialt samspel, emne til å konsentrere seg og lære, og såleis gjere at barn trivst betre. Vi vil auke barn si forståing av seg sjølv og kroppen sin. Fokus på mestringsglede hos det enkelte barnet. Kva kan vi bruke kroppen vår til, hoppe, springe, danse m.m. Kva kler vi på oss? Kva farge har vi på auge og hår? Fokus på at vi alle er litt ulike. Vi ser på bilde av korleis vi ser ut når vi er glade, sinte, lei oss. Barna lagar hand og fot avtrykk og vi vil bruke sanseboksar. Songar er; "Hode, skulder kne og tå", "Vi har to øyner", "Hvis dine ører henger ned", Fingrene våre spiller vi med" og "Buggi, buggi". I veke 38 er det nasjonal brannvernveke noko vi og markerar i barnehagen. Barna får lytte til brannalarmen i barnehagen og vera med på brannøving. Vi snakkar om brannvern med barna ved hjelp av bilde og handdokkene Vanja og Eldar. (På laurdag 21/9 er det open dag på Brannstasjonen i Sogndal for barn og foreldre. Sjå oppslag i barnehagen). Vi ser på haustfargar og at naturen forandrar seg. Naturen er ein ynda stad for å fokusere på sansane. Her kan vi undre oss over mangfalde i naturen ved å sjå, lytte, smake, føle og bevege oss. Med endringar i årstider og skiftande vær kan kvar tur bli ei heilt ny oppleving. Barna malar og haustbilde og vi skal ha ei epleveke i oktober der barna bl.a. lagar epletrykk og eplemos. Tema mangfald er forankra i Sogndal kommune sin Strategiplan dette året og er noko vi vil jobbe med heile året. Barnehagen skal formidle grunnleggande verdiar som fellesskap, omsorg og medansvar og representere eit miljø som byggjer opp om respekt for menneskeverd og retten til å vera forskjellige. For oss blir det viktig å jobbe med sosial kompetanse gjennom heile året. Elles i september vil vi snakke om kor barna på avdelinga kjem frå. Barna vil bli kjent med både norges kartet og verdens kartet. Snakke med barna om kva FN-dagen er. Vi får ein del materiale frå Forut som fortel litt om landet vi skal samle inn pengar til. Vi lagar og eigne gevinstar som vi skal lodde ut på basaren.

Vi fortset å dele barnegruppa i blå og raud gruppe måndag, tysdag og onsdag i samling, men av og til også i ulike aktivitetar og inne-/ uteleik. Dette for å kunne legge opp samling og aktivitetar etter barnas alder og modning, og gi barna meir plass å boltre seg på. Dei fagområda vi har mest fokus på i september og oktober er "Kropp, bevegelse og Helse" og "Natur, miljø og teknikk"."kropp, bevegelse og helse: I løpet av småbarnsalderen tileignar barna seg grunnleggjande motoriske ferdigheiter, kroppsmeistring, fysiske eigenskapar, vanar og innsikt i korleis dei kan ivareta helse og livskvalitet. Barn er kroppsleg aktive og dei uttrykkjer seg mykje gjennom kroppen. "Natur, miljø og teknikk: Naturen gir rom for eit mangfald av opplevingar og aktivitetar til alle årstider og i all slags vêr. Naturen er ei kjelde til skjønnheitsopplevingar og gir inspirasjon til estetiske uttrykk." (Jmf rammeplanen) Vi må legge til rette for og lage rom for at barna skal få komma med sine meiningar, slik at vi kan ta deira meiningar med når vi planlegg barnehagedagen. Og de som foreldre kan og bidra til å formidle barnet sine tankar og ønskjer. Barnets synspunkter skal tillegges vekt i samsvar med dets alder og modenhet. (Barnehageloven 3 Barns rett til medvirkning) Vi er no komne til hausten og temperaturen søkk, minner difor om at de må ta med varme og gode ytterklede og skifteklede, - då vi kan ha mange våte dagar i vente. Det vil bli gjennomført foreldresamtalar for nye barn i september. Direkte tlf. nr på : 57673501 Er det noko de lurer på, så er det berre å ta kontakt PS: Vi tek turar i små grupper i nærmiljøet. For meir informasjon om grupper og ulike aktivitetar (og eventuelle endringar) sjå vekeplan. Helsing personalet på

SEPTEMBER Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag 2 3 4 5 6 36 Meg sjølv Sangar og ulike aktivitetar med tema «meg sjølv/ kroppen) Varmmat : Lapskaus 37 Meg sjølv 9 Sangar og ulike aktivitetar med tema «meg sjølv/ kroppen) 10 Studentar frå BLU (praksisdag) Emil 3 år! 11 12 13 Graut 16 17 18 19 20 38 Brannvern BRANNVERN- VEKE Barna møter handdokkene Vanja og Eldar Høyre på brannalarmen Brannøving Theo 3 år! Fiskeburger 23 24 25 26 27 39 Meg sjølv Sangar og ulike aktivitetar med tema «meg sjølv/ kroppen) Fotografering Foreldremøte Foreldremøte Sol/ Stjerne Sjå vekeplan 30 40 Haust (eple) EPLEVEKE Plukke epler

OKTOBER Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag 1 2 3 4 40 Haust (eple) EPLEVEKE Lage eplemos 3F student (praksis i 4 1/2 veke) Formingsakt: Epletrykk Sjå vekeplan 7 8 9 10 11 41 Forut FNbasar Planleggingsdag Bhg. stengt Sander 5 år! Sjå vekeplan 14 15 16 17 18 42 Forut FNbasar Kafegjengen planlegg og ordnar til FN- basaren Enni 3 år! FN- BASAR Sjå vekeplan 21 22 23 24 25 43 Haust Overtakingsveke (3F studenten går inn som ped.leiar) 28 29 30 31 Sjå vekeplan 44 Haust Lage haustbilde