STRATEGI- OG TILTAKSPLAN FOR REGIONALT KOMPETANSESENTER FOR HABILITERING OG REHABILITERING 2013 2016 Godkjent i Styringsgruppe 15.1.2013 1
INNLEIING Ambisjon Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering har ambisjon om å vere ein kompetent, oppdatert og løysingsorientert bidragsyter innan kunnskapsutvikling, nettverksbygging, undervisning, koordinering, informasjonsverksemd og forbetring av tenestar innan habilitering og rehabilitering i Helseregion Vest. Hovudoppgåver Kompetansesenteret har fem hovudoppgåver; Forsking og fagutvikling, Nettverksbygging, Undervisning, funksjon som Regional koordinerande eining (RKE) og Regional vurderingseining for rehabilitering (Vurderingseininga). Målsetting Etablering av kompetansesenteret (2007) er ledd i ei langsiktig strategisk satsing på habilitering og rehabiliteringsfelta i regionen. Målsettinga er å styrkje kunnskapsgrunnlaget for vidareutvikling av felta, og å etablere strukturar og arenaer for samarbeid mellom aktørane på tvers av føretaksgrenser og med samarbeidspartnere utanfor spesialisthelsetenesta. Styrande dokumentar Mandat frå Helse Vest RHF (2006, rev. 2010), Regional plan for habilitering og rehabilitering (2006), Helse 2020 og Strategiplan for Helse Bergen HF (2012 2016). Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator legg føringar for oppgåver ved RKE. Forankring Kompetansesenteret er organisert som eigen eining ved ReHabiliteringsklinikken i Helse Bergen HF. Senteret har regionalt arbeidsområde og ein regional referansegruppe med representantar frå sjukehus, kommunar, private rehabiliteringsinstitusjonar, private sjukehus, høgskolar, universitet og Regionalt brukarutval i Helse Vest RHF. Aktuell bakgrunn for strategiperioden Kompetansesenteret har igangsatt og fulgt opp storparten av dei planlagde tiltak frå første strategiperiode 2008 2012. Arbeidet med å leggje til rette for utvikling og implementering av eit regionalt forskingsprogram innan rehabilitering har ein ikkje kome i mål med. Senteret har innleia og vil vidareføre samarbeid med Universitetet i Bergen for fremtidig forskingssatsing innan rehabilitering. Arbeidet med forskingssatsing innan habilitering har likevel medverka til utvikling av kontaktar mot forskingsmiljø, også innan rehabilitering. I tillegg kjem viktig kunnskapsutvikling og samling av erfaringar som angår tilrettelegging for forsking. 2
Den regionale koordinerande eininga er nettverksorganisert med bindeleddstillingar til koordinerande eining i alle helseføretaka i regionen. Gjennom denne strukturen har kompetansesenteret utvikla eit breitt kontakt- og samhandlingsnettverk innanfor habilitering- og rehabiliteringsfelta i regionen og utanfor. Senteret har også opparbeidd betydeleg oversikt over habiliterings- og rehabiliteringstilbod, og fått innblikk i faglege og strukturelle utfordringar i felta, innanfor både sjukehus, private institusjonar og i kommunane. I regi av senteret er det skapt møteplassar og faglege nettverk innan habilitering og rehabilitering, lokalt i føretaksområda og mot heile regionen. Samhandlingsreformen, iverksatt frå 2012, angår kompetansesenteret sine arbeidsområder i betydeleg grad. Reformen sine strategier, mål og tilhørende lov- og forskriftsendringar vil formodentlig fortsette å påverke senteret sine satsingar og prioriteringar i åra fremover. Ikkje minst vil det gjelde etablering og vidareutvikling av tverrfaglege nettverk som ledd i gjensidig kunnskapsutveksling mellom sjukehus og kommunane. Gjennom behandling av tilvisingar og samling av data og erfaringar ved Vurderingseininga, sidan august 2010, har senteret fått nærmare innblikk i og oversikt over pasientar/brukarar i regionen som treng rehabilitering, både innan spesialisthelsetenesta og i kommunane. I kommande strategiperiode vil ein søkje å trekke ut viktig kunnskap frå desse data. Strategi- og tiltaksplan 2013 2016 I perioden vil tiltak innan kunnskapsutvikling, erfaringsutveksling og kvalitetsforbetring ha høg prioritet. Gjennom tilsetjing av stipendiat(ar) ved kompetansesenteret vil ein søkje å bidra til å frembringe forskingsbasert kunnskap innan kjerneverksemda i rehabilitering. For vidareføring av Forskingsprogram for habilitering (2009) vil senteret også prøve å leggje til rette for eigen stipendiatstilling innan habilitering. Spreiing av kunnskap, erfaringar og utvikling innan felta vil i hovudsak skje gjennom tverrfaglege nettverk og møteplasser, eksisterande og nye, som vil bli etablert og drifta av senteret i samarbeid med aktører frå felta. Kompetansesenteret vil også følgje tett med på nasjonalt arbeid innan koding, kvalitetsindikatorer og aktivitetsregistrering, og vil fortsatt være bidragsyter i nasjonalt utviklingsarbeid innan habilitering og rehabilitering. Prosess for utvikling av denne planen startet i juni 2012 og har inkludert ansatte og bindeleddsmedarbeidere. Kvart år vil det i tillegg bli utarbeidd Årsplan som konkretiserer og tydeleggjer oppfølging av dei einskilde tiltaka i strategiplanen. Gjennom årsplanleggjing vil også nye moglegheiter og oppgåver som oppstår i strategiperioden kunne bli ivaretatt saman med naudsynte justeringar. Vi meinar denne arbeidsformen bidreg til å oppfylle senteret sin ambisjon. 3
1 Forsking og fagutvikling 1.1 Følge opp Forskingsprogram for habilitering i Helse Vest (2009) gjennom å drifte forskingsnettverk (regionalt/nasjonalt) Aktørar innan habilitering i helseføretak, høgskolar og universitet. Kommunar som deltek i/samarbeidar med X X X X føretaka om forskingsprosjekt i habilitering. Brukarrepresentantar/brukarutval. 1.2 Lyse ut/tildele korttidsstipend til ansatt ved helseføretak for planlegging av Ph.D prosjekt innan habilitering X X Helseføretak 1.3 Søkje å leggje til rette for finansiering av stipendiatstilling innan habilitering ved kompetansesenteret X X X Helse Vest RHF, Helsedirektoratet, Andre 1.4 Lyse ut/tilsetje stipendiat innan habilitering ved kompetansesenteret X Universitetet i Bergen Andre samarbeidspartnere 1.5 Være orientert om og følgje opp nasjonale planar innan dokumentasjon og registrering av aktiviteter, kodepraksis og kvalitetsindikatorer i habilitering X X X X Helsedirektoratet, Nasjonalt nettverk for regionale koordinerende enheter 4
1 Forsking og fagutvikling 1.6 Lyse ut/tilsetje stipendiat innan rehabilitering ved kompetansesenteret X X Universitetet i Bergen, Andre 1.7 Etablere og drifte Regionalt forskingsnettverk innan rehabilitering X X Universitetet i Bergen, Høgskolar, Helseføretaka, andre 1.8 Søkje å leggje til rette for finansiering av ny stipendiatstilling innan rehabilitering ved kompetansesenteret 1.9 Legge plan for vidare oppfølging av forskingssatsing innan rehabilitering ved kompetansesenteret, herunder utvikling av kvalitetsregister 1.10 Være orientert om og følgje opp nasjonale planar innan dokumentasjon og registrering av aktiviteter, kodepraksis og kvalitetsindikatorer i rehabilitering X X Helse Vest RHF X Universitetet i Bergen, Helseføretaka, private rehabiliteringsinstitusjonar, andre X X X X Helsedirektoratet, Nasjonalt nettverk for regionale koordinerende enheter, Nasjonalt nettverk for vurderingsenheter FoU eininga i Helse Bergen 5
2 Nettverksbygging 2.1 Vedlikehalde og utvikle forumet Møteplass innan habilitering og rehabilitering i kvart føretaksområde X X X X Arbeidsutvalgene (AU) for koordinerande einingar (KE)i kommunane, kontaktpersonar i helseføretaka (HF) og brukarutval i HF 2.2 Drifte Fagnettverk om psykiske lidelser og utfordrende atferd hos personar med utviklingshemning i Helse Stavanger HF område X X X X Arbeidsgruppe med representantar frå Helse Stavanger HF og kommunar i føretaksområdet, andre 2.3 Etablere og drifte tverrfaglege (lokale) nettverk innan habilitering, som ledd i gjensidig kompetanseutveksling og utvikling mellom sjukehus og kommunar i føretaksområda X X Arbeidsutvalgene (AU) for koordinerande einingar (KE) i kommunane, kontaktpersonar i helseføretaka (HF) og brukarutval i HF. Andre samarbeidande instansar 2.4 Etablere og drifte tverrfaglege (lokale) nettverk innan rehabilitering som ledd i gjensidig kompetanseutveksling og utvikling mellom sjukehus og kommunar i føretaksområda 2.5 Drifte Regionalt nettverk innan rehabilitering av personar med lungesjukdom X X Arbeidsutvalgene (AU) for koordinerande einingar (KE)i kommunane, kontaktpersonar i helseføretaka (HF) og brukarutval i HF. Private rehabiliteringsinstitusjonar, andre samarbeidande instansar X X X X Arbeidsgruppe med representantar frå Helse Bergen, Helse Fonna og Helse Stavanger HF. Høgskolen i Sogn og fjordane, Årdal kommune, Regionalt brukarutval 6
2 Nettverksbygging 2.6 Etablere og drifte regionale tverrfaglege nettverk innan habilitering eller rehabilitering for fagutvikling og kvalitetsforbetring X X Relevante einingar i spesialisthelsetenesta og kommunar, Regionalt brukarutval, private rehabiliteringsinstitusjonar, høgskolar, universitet, andre samarbeidande instansar 2.7 Formidle informasjon om alle nettverk som kompetansesenteret driver, på senteret si internettside X X X X Relevante 2.8 Delta i utvalgte fag- og samarbeidsnettverk (prosjekt) innan habilitering og rehabilitering; i HF områda, regionalt og nasjonalt X X X X Relevante 7
3 Undervisning 3.1 Delta i undervisning innan grunn-, vidare- og etterutdanning på høgskolar/universitet i helseregionen X X X X Høgskoler og universitet i regionen 3.2 Gi råd og fagleg støtte til samarbeidspartnarar i regionen om utvikling og spreiing av kunnskap innnan habilitering og rehabilitering X X X X Relevante 8
4 Regional koordinerande eining (RKE) 4.1 Det skal finnes en koordinerende enhet (KE) i hvert helseforetak som skal ha generell oversikt over habiliterings- og rehabiliteringstiltak i helseregionen X X X X Helse Stavanger, Helse Fonna, Helse Bergen, Helse Førde 4.2 KE skal bidra til å sikre helhetlige tilbud til pasienter med behov for sosial, psykososial eller medisinsk habilitering og rehabilitering 4.3 Ha oversikt over og nødvendig kontakt med habiliterings- og rehabiliteringsvirksomheten i kommunens helse- og omsorgstjeneste X X X x Spesialisthelsetenesta, kommunar X X X X Alle kommunari Helseregion Vest 4.4 KE skal ha overordnet ansvar for arbeid med Individuell plan og for oppnevning, opplæring og veiledning av koordinator X X X X Helse Stavanger, Helse Fonna, Helse Bergen, Helse Førde 4.5 Vedlikehalde og vidareutvikle internettside for Regional koordinerande eining X X X X Regionalt brukarutval, Kommunikasjonsavdelingane i alle HF, KE bindeleddstillingar i alle HF 9
4 Regional koordinerande eining (RKE) 4.6 Bidra i drift av nasjonal informasjonstelefon for X X X X RKE i Helse Sør-Øst, Helse Midt-Norge og Helse ReHabilitering innan Helseregion Vest Nord. 4.7 Være pådriver og koordinator for aktiviteter og markeringer i den årlige ReHabiliteringsuka i Helseregion Vest X X X X Helsedirektoratet, RKE i øvrige helseregioner, KE i kommunar og spesialisthelsetenesta i regionen, Brukarutval i HF og RHF 10
5 Regional vurderingseining for rehabilitering (Vurderingseininga) 5.1 Gjennomføre behandling og vurderinga av tilvisingar til Vurderingseininga i samsvar med i mandat frå Helse Vest RHF, lov og forskriftar og Prioriteringsveileder. X X X X Helse Vest RHF, overlege Matthias Hutler og øvrige vurderande legar ved AFMR i Helse Bergen, private rehabiliteringsinstitusjonar, Fylkesmannen i Hordaland, jurist Helse Bergen 5.2 Vidareføre og utvikle rapporteringsordning for å holde oversikt over aktivitet og pasientflyt i forbindelse med henvisninger som håndteres ved Vurderingseininga 5.3 Vidareutvikle drift og kvalitet på aktiviteter og tenestar ved Vurderingseininga i samsvar med føringar frå Helse Vest og styrande system i Helse Bergen X X X X FoU avdelingen i Helse Bergen Helse Vest RHF X X X X Helse Vest RHF, Helse Bergen Nasjonalt nettverk for vurderingsenheter private rehabiliteringsinstitusjonar 11