SAK SF RAM L E G G Sakshandsamar: Ivar Kvalen Arkiv: X30 &13 Arkivsaksnr.: 16 / 3860 Nærpolitireforma - uttale frå Luster kommune Ordførar si tilråding: Luster kommune er sterkt kritiske til ei ytterlegare sentralisering av viktige offentlege tenester. Luster kommune er oppteken av at politireforma frå Stortinget si side er ei nærpolitireform som skal sikra tilgjengeleg og synleg politi, kort responstid, god førebygging og polititilsette som arbeider og bur i folk sitt nærmiljø. Politireforma må ikkje gå inn i ei rekkje av reformer som «flyttar» allereie knappe resursar inn mot sentrale strøk. Føresetnadene frå Stortinget om eit sterkare nærpoliti må fylgjast opp. Lensmannskontora våre er viktige i høve: vold og narkotika, n til innbyggjarane våre og der lokalkunnskapen deira er svært viktig og ofte avgjerande. Luster kommune har eit klart ønske om å oppretthalda og styrkja dagens struktur. Derfor ynskjer kommunen primært at dagens tenestestad med lensmanns kontor i Gaupne vert oppretthalden. Luster kommune vil vidare påpeike at dei økonomiske resursane til beredskap, vaktordning og generelt politiarbeid i Sogn i dag er lang t ifrå tilfredsstillande. K ommun en og regionen er eit stort geografisk område med store avstandar. Dei geografiske omsyna i Sogn understrekar trongen for styrka økonomiske ressursar. Dette uavhengig av kva politimeistaren konkluderer med i høve nærpolitireforma. Luster kommune meiner at det bør vere 3 geografiske driftseiningar i Sog n og Fjordane, og at Sogn bør inngå i Vest politidistrikt som eigen geografisk driftseining.
Saksutgreiing: Prenta vedlegg: Høyringsdokumenta Uprenta vedlegg : Samandrag: Utval som har vedtaksmynde: Kommunestyret Fakta: Kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane er invitert til høyring om politimeisteren sitt forslag til endring av tenestestad - og tenesteeiningsstruktur i Vest politidistrik t. Politimeisteren skal innhente synspunkt frå kommunane før tilråding sendast til Politidirektoratet for avgjerd. Mål for Nærpolitireforma ; - Eit politi som er meir tilgjengeleg og til stade med god lokal forankring og samhandling - Eit meir einsarta polit i som leverer like polititenester med betre kvalitet i heile landet - Eit politi med meir målretta innsats på førebygging, etterforsking og beredskap - Eit politi med betre kompetanse og kapasitet, som deler kunnskap og lærer av erfaringar - Eit politi som sk apar betre resultat i ein kultur prega av openheit og tillit gjennom god leiing og aktivt medarbeidarskap - Eit politi som arbeider meir effektivt ved å ta i bruk betre metodar og ny teknologi Bakgrunn for endringar i politiet ; Gjørv - kommisjonen peikte p å mykje som ikkje fungerte godt nok i politiet. Politianalysen ( N OU 2013: 9 Eitt politi rusta til å møte framtida sine utfordringar, levert 19.juni 2013) bygde vidare på dette og framheva at økonomiske ressursar ikkje vart nytta effektivt. Desse utgreiingane leia vidare til Prop. 61 LS (2014-2015) om endringar i politilova mv. (tryggleik i kvardagen nærpolitireforma) som var ei tilråding frå Justis og beredskaps - departementet 6. mars 2015, godkjend i statsråd same dag og Innst. 306 S (2014-2015), som er innstillinga til Stortinget frå justiskomitéen. Hovuddelen av forliket mellom Arbeiderpartiet, Høyre, Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti og Venstre omhandlar nærpolitiet, lokal struktur med lokal forankring og kultur og leiing, der regjeringa får klare føringar for både prosessen og resultatet fleirtalet på Stortinget forventar a v nærpolitirerforma. I vedtaket vart Sogn og Fjordane, Sogn og Luster del av det nye Vest politidistrikt. I Vest politidistrikt har ei arbeidsgruppe få tt mandat om å utarbeida minst to forslag til organisering av tenestestader, tenesteiningar og geografiske driftseiningar. Politimeisteren har hatt eit fellesmøte med kommunane 24.8.16. Kommunane har vore invitert inn i styringsgruppa som har hatt to møte r, 5.9.16 og 5.10.16. Arbeidsgruppa leverte sin rapport 3.10.16. Rapporten blei behandla i styringsgruppa med kommunale representantar 5.10.16. Ordføraren har delteke i dette arbeidet. Nokre definisjonar og sentrale fø r esetnader; Tenestetilbodet ved tenestestadene(dei lokale lensmannskontora,) Ta imot meldingar, søknader og andre førespurnader, samt gje publikum rettleiing om politiets tenestetilbod.
Bidra til eit kvalitativt løft for etterforskingsarbeidet Tenestestadane skal ha fleksible opningstide r som gjer det mogleg å få gjort tenester hos politiet utanfor kontortid minst ein dag i veka. Tenestestadane lokaliserast slik at minst 90 % av innbyggjarane i politidistriktet har maksimalt 45 minuttar køyretid til næraste tenestestad. Leiar av tenestest ad kan vere lensmann eller politistasjonssjef. Oppgåver som ligg til tenesteeiningane.(ev fleire tenestestadar) Levere ressursar til vakt - og patruljetenesta Ha publikumsekspedisjon Kriminalitetsførebyggande arbeid Etterforske det store fleirtal av straf fesaker Ha kontakt med samarbeidspartnarar Utføre sivil rettspleie - og forvaltningsoppgåver Leiar av tenesteeining kan vere lensmann eller politistasjonssjef. Tenesteeiningane Tenesteeiningane skal samla levere tilstrekkeleg ressursar til vakt - og patruljeteneste i sitt område. Tenesteeininga skal ha fokus på kriminalitetsførebyggande arbeid, slik det er omtalt for tenestestadene. Den skal også ha kontakt med samarbeidspartnarar, og sikre god dialog og samhandling med desse. Tenesteeininga skal sam la, ved tilhøyrande tenestestader, utføre sivil rettspleie - og forvaltningsoppgåver. Ein geografisk driftseining kan innehalde fleire tenesteeiningar(ev fleire tenesteeiningar.). Det er krav om at tenestestadene i tenesteeininga er lokalisert slik at 90% av innbyggjarane i politidistriktet kan nå sin næraste tenestestad innan 45 minuttar, viss ein køyrer langs veg eller veg i kombinasjon med ferje. Vaktsamarbeid vert til vanleg organisert i eit samarbeid mellom fleire tenestestadar i same eller andr e tenesteeiningar, og vanlegvis innan same geografiske driftseining. Det er mål om å endra arbeidsmetodikk som vil vere eit viktig bidrag til å flytte fleire polititenestepersonar ut av kontora og ut i operativ patrulje - og etterforskingsteneste. Polit imeisteren sitt forslag til inndeling av Vest politidistrikt i tenesteeiningar med tilhøyrande tenestestader Politimeisteren foreslår ein struktur på tenestestadane med 28 lensmannskontor og politistasjonar med publikumsekspedisjon. Dette er ein reduksjon på 18 tenestestader. Kontora som ikkje blir ført vidare hadde sterkt redusert opningstid og hadde ikkje kapasitet til å yte dei tenestene som skal kunne ytast frå ein slik stad. Dei 28 som blir attende skal organiserast i tenesteiningar som skal ha opnin gstid ut over vanlig kontortid minst 1 dag pr. veke ved minst eitt av kontora. I Sogn er det framlegg om tenesteining Sogn med 3 tenestestadar, Sogndal, Vik og Årdal/ Lærdal. I dette framlegget så vert Luster/Gaupne som tenestestad lagt ned. Når det gjel d geografisk driftseining så ligg det føre to forslag. I det eine forslaget er tenesteeininga Sogn eigen GDE. I det andre inngår tenesteeininga Sogn i GDE Nord som då vil få tre einingar i Sogn og Fjordane Det vert elles vist til høyringsbrevet for grunngjeving mv.
Vurdering: Når ein skal gi høyringsuttale så kan ein velja ulike tilnærmingar. Eit hovudpunkt er i kor stor grad ein skal ta omsyn til overordna vedtak og festa lit til føringar for reforma. Det er vanskeleg å sjå at ikkje reforma s lik den no vert rulla ut vil verka sentraliserande fort kan svekka tenestetilbodet i kommunen. og Dersom ein vektlegg serpreg for Luster kommune med svært stort geografisk område, store fjellområde, store avstandar i ein spreiddbygd kommune, omfattande r eiselivsaktivitet og i det mykje aktivitetsbasert reiseliv så er dette etter kommunen si vurdering vektige argument for å halde oppe lokal tenestestad med lensmannskontor i Gaupne. Reisetid og responstid til/frå tenestestad i Sogndal vil og i fleire tilfel le gå utover norm. Førebyggande arbeid, der å vere tilstades er sentralt, vil lett bli skadelidande nå r lensmannskontoret vert lagt ned. På den andre sida så ser me at så mykje ressursar vert bunde opp i vakt og beredskap og at tilgjengeligheit på eit såp ass lite kontor, som ev kontor i Gaupne vil kunne bli, vert dårleg. Utan s tyrka bemanning vert opningstid avgrensa, fagmiljøet vil vere relativt smalt og kapasitet slik at ein ved hendingar må ha assistanse for å yta fullverdige tenester. Når det gjeld ge ografisk driftseining (GDE) så vil det vere ein styrke at tenesteeininga Sogn vert eigen GDE. Då vil kommune og region sine utfordringar lettare kunne fremjast og regionen er representert v ed «politimeistaren sitt bord.» A nna løysing vil medføra ytterlegar e sentralisering. Uttale; Luster kommune er sterkt kritiske til ei ytterlegare sentralisering av viktige offentlege tenester. Luster kommune er oppteken av at politireforma frå Stortinget si side er ei nærpolitireform som skal sikra tilgjengeleg og synleg politi, kort responstid, god førebygging og polititilsette som arbeider og bur i folk sitt nærmiljø. Politireforma må ikkje gå inn i ei rekkje av reformer som «flyttar» allereie knappe resursar inn mot sentrale strø k. Føresetnadene frå Stortinget om eit sterkare nærpoliti må fylgjast opp. Lensmannskontora våre er viktige i høve: vold og narkotika, en til innbyggjarane våre og der lokalkunnskapen deira er svært viktig og ofte avgjerande. Luster kommune har eit klart ønske om å oppretthalda og styrkja dagens struktur. Derfor ynskjer kommunen primært at dagens tenestestad med lensmannskontor i Gaupne vert oppretthalden. Luster kommune vil vidare påpeike at dei økonomiske resursane til beredskap, vaktordning og generelt politiarbeid i Sogn i dag er lang t ifrå tilfredsstillande. K ommun en og regionen er eit stort geografisk om råde med store avstandar. Dei geografiske omsyna i Sogn understrekar trongen for styrka økonomiske ressursar. Dette uavhengig av kva politimeistaren konkluderer med i høve nærpolitireforma. Luster kommune meiner at det bør vere 3 geografiske driftseinin gar i Sogn og Fjordane, og at Sogn bør inngå i Vest politidistrikt som eigen geografisk driftseining.
Dato: 14.11.2016 Ivar Kvalen Ordførar Særutskrift m/kopi til: skal sendast: