Reguleringsføresegner for Avstjønna hytteområde (Vedteke av Nord-Fron kommunestyre 23.06.2010, sak 11/10.) 1. INNLEIING 1.1 Plangrunnlag Denne reguleringsplanen har grunnlag i reguleringsplan for Avstjønn av 10.11.1994 og avløyser denne. Planen regulerer i tillegg eit større område og omfattar nå alle fritidsbustadene ved og omkring Avstjønna. 1.2 Avgrensing og virkeområde for planen og føresegnene Planområdet er avgrensa slik det går fram av reguleringsplankartet i målestokk 1 : 2000 (målestokk 1 : 5000 i A3-format). 1.3 Reguleringsformål Området er regulert til desse formåla : Byggjeområde. Landbruksområde Spesialområde Fellesområde 2. BYGGJEOMRÅDE - FRITIDSBUSTADER 2.1 Hytteområde Dei områda der det kan byggjast fritidsbustader er regulert som hytteområde. I plankartet er kvar tomt avmerkt med eit sirkelsymbol. Tomtene skal avmerkast i terrenget med ein merkepel. Endeleg utstikking av tomtene skal skje ved bortfesting. Det er markert ei byggjegrense på kvar enkelt tomt. Alle bygningane skal plasserast innafor denne byggjegrensa 2.2 Tal hyttetomter I planområdet kan det byggjast fritidsbustader på inntil 57 tomter. 2.3 Tomteutnytting Bruksarealet pr tomt skal ikkje vera over 110 m² (BRA=110 m²), medrekna 30 m² ikkje overbygd parkeringsareal. Utbygginga kan skje ved at det blir bygd ei hytte på maks 60 m² og eitt eller fleire mindre bygg, som til saman er 80 m². Ingen av dei mindre bygga kan vera meir enn 30 m². Dersom det blir bygd to eller tre bygningar skal desse plasserast i tunform med maks. 8 m mellom kvar bygning. Eventuelt anneks kan fungere som eit utvida opphaldsrom i samband med bruken av 1
hytta, men skal ikkje innreiast med kjøken eller andre rom som kan gjera annekset til ei sjølvstendig hytteeining. Dei hyttene som ligg nærare strandlina enn 50 meter skal ikkje kunne byggjast ut på ein slik måte at den nye bygningsdelen kjem nærare strandlina enn den eksisterande hytta. 2.4 Bevaring av naturpreget Bygningane skal mest mogleg underordne seg naturpreget i området, og terrenget rundt bygningane skal i størst mogleg grad behalde karakteren av utmark. Hovudmøneretninga skal følgje terrengkotene. Lengda på bygningane skal ikkje vera over tre gonger eller under to gonger breidda. 2.5 Byggjestilen på tomta Bygging av fritidshus, uthus og anneks skal tilpassast ein tradisjonell byggjestil m.o.t. takform (saltak), takvinkel (min. 22, maks 27 grader ), materialbruk og farge. Bygningane skal målast/beisast i mørke og matte fargar. Taktekkingsmaterialar skal vera i torv, tre eller skifer. Bygg kan berre byggjast med ein etasje. Grunnmuren skal ikkje vera over 1,0 m over opphavleg terreng. Det kan byggjast med ei gesimshøgde på maks 3,3 m. Total mønehøgde kan vera inntil 4,6 m. Høgdene er rekna frå gjennomsnittsnivået på det planerte terrenget omkring bygningen. Uthus/anneks eller andre mindre bygg kan ha tilsvarande mønehøgde på maks. 4,3 m og gesimshøgde på maks. 3,3 m. Uthus/anneks eller andre mindre bygg skal innafor ramma av tillate mønehøgde, ikkje ha mønehøgde på meir enn to gonger breidda på gavlveggen. Av omsyn til beitedyr skal høgda frå bakkenivået og opp på hustaket vera minst 1,2 m. Opningar under garasjedører, grinder eller liknande skal ikkje vera over 10 cm. Opningar i grunnmur og opningar under hytter og verandaer som står på pilarar, må sikrast med stengsel. Opningane skal ikkje vera over 10 cm. 2.6 Terrasse Terrasse reknast som alle former for innhegning med rekkverk, som er naturleg kopla til ein bygning på tomta (veranda, balkong). Alle terrassar skal behandlast av kommunen i søknad/melding, jf. 86a og 93 i plan- og bygningslova. Terrassen skal vera vesentleg mindre i areal og volum enn hytta, skal tilpassast hytta sin byggjestil og skal framstå som ei naturleg tilkopla løysing til hytta eller evt. andre sekundære bygningar på eigedommen. Terrassen kan maksimalt utgjera 1/3 av arealet på hovudhytta, og skal ikkje vera over 20 m2. Han skal ikkje ha meir enn tre m breidde ut frå veggen, og kan ikkje gå rundt meir enn halve bygningen sin omkrets. Fundamenta må ikkje på nokon plass vera høgare enn 1 m. Høgda på rekkverket skal vera mellom 0,5 og 1,1 m, målt innvendig, vera solid og utforma i tråd med løysingar i teknisk føresegn. 2
2.7 Gjerde og flagstong eller liknande Det er forbode å setja opp gjerde, portar, flagstenger eller liknande på hyttetomtene. 2.8 Situasjonsplan for tomteutnyttinga Situasjonsplan med fotomontasje av omsøkte bygg skal sendast saman med byggjesøknaden, og skal vise omsøkte og evt. framtidige byggjetrinn. 2.9 Vatn og avlaup Det kan leggjast inn vatn i hyttene dersom det er etablert anlegg i samsvar med ein heilheitleg vatn- og avlaupsplan, jf. kommunens lokale forskrift om utslepp av avlaupsvatn frå mindre avlaupsanlegg av 24.04.2008. 3. LANDBRUKSOMRÅDE Innanfor dei områda som er regulert til landbruksføremål skal grunnen nyttast til tradisjonell jord- og skogbruksdrift. Her skal 9 og 12 i jordlova gjelde. 4. SPESIALOMRÅDE 4. 1 Private vegar og parkering Det kan opparbeidast sommarveg fram til alle hyttene i planområdet. Vegane skal opparbeidast slik det er vist i plankartet. Parkering skal derfor skje ved kvar hytte. Det skal opparbeidast to parkeringsplassar ved kvar hytte, jf. pkt. 2.3 ovanfor. Vegane innafor området er planlagt med ei køyrebreidde på fire meter, mens vegen gjennom området er planlagt med ei køyrebreidde på fem meter. Totalt regulert vegareal med skuldrer og grøfter er 10 m. For mest mogleg å skjerme terrenget, skal det i minst mogleg grad brukast skjeringar og fyllingar. 4.2 Friluftsområde Alle vatn i planområdet og eit belte rundt desse på 50 m er regulert som friluftsområde, S-FV og S-F. Desse områda skal kunne nyttast til allment friluftsliv som fiske, turar, bading og liknande. I desse områda er det særleg viktig å ta vare på vegetasjonen. Gamle vegar, stiar og råk skal haldast vedlike og må ikkje stengjast. Dei viktigaste av desse er vist på plankartet. Dersom dei skal leggjast om skal dette skje i samråd med kommunen. Langs Avstjønna er det nokre naust. Desse kan haldast ved like, men ikkje byggjast ut. Nye naust kan ikkje byggjast. På grunnlag av søknad kan kommunen gje løyve til å opparbeide felles båtplass i området. I austre del av planområdet er det markert eit større friluftsområde som S-FB. Området skal kunne nyttast til allment friluftsliv som bading og liknande. Dette området kan på ein enkel måte leggjast til rette med sti, raste- og badeplass med bord, benk eller liknande. I tilknyting til denne plassen kan det opparbeidast ein parkeringsplass ved Per Gynt seterveg, jf. pkt. 5.2. 4.3 Friluftsområde skiløype/transportløype I planen er det vist trasear for skiløyper. Desse kan med heimel i motorferdsellova og den til kvar tid gjeldande skiløypeplanen for Nord-Fron kommune opparbeidast med 3
snøskuter eller prepareringsmaskin. Løypene skal ha ei maksimal breidde på fem meter. Det skal leggjast vekt på at løypene i minst mogleg grad skapar inngrep og sår i naturen som blir synlege om sommaren. I plankartet er skiløypa teikna slik at ho på ei strekning går på Per Gynt seterveg. På denne strekninga er skiløypa regulert som skiløype i perioden 01.12. 01.05. Dersom det blir behov for tømmertransport i denne perioden, slik at setervegen må brøytast, må det varslast om dette seinast ein månad før skisesongen startar. I planen er det også vist ein kombinert trase for skiløype/transportløype. Her kan det parallelt med skiløypa opparbeidast trase for transportløype for snøskuter. Transportløypa skal opparbeidast slik at ho ikkje på nokon måte blir til sjenanse for bruken av skiløypa. Maksimal breidde på denne løypa skal vera åtte meter. Snøskutertransport etter denne løypa krev løyve frå Nord-Fron kommune for leigekøyring, jf. 5a i nasjonal føresegn til motorferdsellova. Bruk av snøskuter her kan også skje dersom løyve er gitt frå kommunen til andre føremål, eller ved heimel direkte i motorferdsellova eller nasjonal føresegn. Løypa skal brukast på ein slik måte at dei ikkje fører til skade som blir synleg om sommaren. 4.4 Område for vern av kulturminne I område S 1 er det eit jarnvinningsanlegg som er freda etter lov om kulturminne 4, 6 og 8. Alle inngrep i dette spesialområdet må leggjast fram for kulturminnestyremaktene i Oppland fylkeskommune for vurdering. 5. FELLESOMRÅDE 5.1 Felles avkøyring Regulert felles avkøyring FA1 skal vera felles køyre- og gangveg for alle nye hytter i området og eksisterande hytter med fnr. 23, 24, 25, 26, 27, 47. Tilsvarande er FA2 felles avkøyring for fnr. 20 21, 22 og 16. 5.2 Felles parkering I område P1 kan det leggjast til rette for felles parkering i samband med bruk av friluftsområdet S-FB, jf. pkt. 4.2. Det kan setjast opp informasjonstavle eller liknande i området. 6. FELLESFØRESEGNER 6.1 Vegetasjon og terreng Det skal takast vare på mest mogleg av den opphavlege vegetasjonen, og alle terrenginngrep skal gjerast så skånsamt som råd. Under byggjearbeidet skal det leggjast stor vekt på å ta omsyn til terrenget og vegetasjonen. Dersom det er nødvendig å grave ut masser, skal dette gjerast på ein slik måte at det ikkje verkar skjemmande. Dei massane som blir tatt ut, skal leggjast på stader der dei ikkje verkar skjemmande. Veggrøfter/-kantar og grøfter for vatn, kloakk og kablar m.m. skal planerast og tilsåast, eller helst setjast i stand slik at den opphavlege vegetasjonen i størst mogleg grad kjem attende. Naturmark og eksisterande vegetasjon skal takast vare på og haldast i hevd slik at vegetasjonen i området i størst mogleg grad blir oppretthalde som i dag. I samband 4
med bygging skal det i størst mogleg grad leggjast vekt på å unngå inngrep i naturmarka på tomta. Inngrepsfri sone på tomta skal vera på minst 50% av tomtearealet og dette skal markerast på situasjonsplanen som skal vise all planlagd utbygging på tomta, jf. pkt. 2. 6.2 Straum og telefon Framføring av straum og telefon m.m. til bygningane innafor det regulerte området skal skje i jordkabel. 6.3 Gateljos Det er ikkje lov til å setja opp gateljos langs vegane i området. ********************************************* Opplysning i samband med gjennomføring av planen: Eventuelle funn av kulturminne Det er ikkje kjend automatisk freda kulturminne i planområdet. Dersom det ved tiltak i marka blir funne automatisk freda kulturminne, skal arbeidet straks stansast i den grad det rører ved kulturminna eller sikringssona kring dei på fem meter, jf. lov om kulturminne 8. Melding skal straks sendast til kulturstyremaktene i Oppland fylkeskommune slik at vernestyremaktene kan koma på synfaring og ta stilling til om tiltaket kan halde fram og eventuelt vilkåra for dette. 5