VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: Arkivsaksnr.: 2009/783 Saksbehandlar: Rune Håseth Dato: 17.06.2009 Rammeavtale for drift av Vestnes legesenter frå 1.juli 2009 til 30.juni 2011 Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Administrasjonssjefen si innstilling Vestnes formannskap vedtek rammeavtale for drift av Vestnes legesenter frå 1.juli 2009 til 30.juni 2010 slik den ligg føre SAKSUTGREIING: Samarbeidsutvalet for fastlegar i Vestnes har drøfta avtalen og kome med forslag til justeringar. Bakgrunn: Samarbeidsutvalet for fastlegar har hatt 1 møte om rammeavtalen. Rammeavtalen blir justert annakvart år. Vurdering: Det er endring berre i eitt pkt. frå tidlegare avtale. Endringa er listelengde for ein av legane samt at ein lege har slutta og ein ny har begynt. Særutskrift til: DNL v/ Gabriel Azour
RAMMEAVTALE mellom Allmennpraktiserande legar i fastlegeordninga i Vestnes og Vestnes Kommune Om drift av legetenesta ved Vestnes Legesenter Gjeldande frå 1. juli 2009 til 30.06.2011. Tidsrom Denne avtalen gjeld frå 01.07.2009. Avtalen kan verte reforhandla når ein av partane krev det. Slikt krav må meldast 3 månader før avtalen går ut. Avtalen går vidare dersom ikkje nokon av partane har framsett slikt krav innan fristen. Avtalepartar Det er samarbeidsutvalet for fastlegeordninga som framforhandlar forslag til avtale. Forslaget vert fremma for Vestnes formannskap som sluttfører rammeavtalen. Dei individuelle fastlegeavtalane vert inngått på basis av rammeavtalen. Det er ordførar som sluttfører den einskilde avtale med kvar lege. Avtaleområde 1. Organisering og drift av Vestnes legesenter. 1.1 Vestnes kommune tek på seg drifta av legesenteret ved å stille 1 kontor per fastlege, hjelpepersonell og nødvendig tidsmessig utstyr til rådvelde, jfr. eigne lister over utstyr, og at det er eit rom avsett som spiserom eventuelt kombinert med møte og undervisningsrom. Kommunen syter for nødvendig vedlikehald og fornying av lokaler, utstyr, og tekstiler ( arbeidstøy ) til leger og hjelpepersonell.. I dette ligg og årleg hovudreingjering i tillegg til det daglege reinhaldet. 1.2 Vestnes kommune har 6,3 legeheimlar og skal besette desse så langt som råd ved å teikne individuelle fastlegeavtalar med privatpraktiserande allmennlegar. 1.3 Vestnes kommune skal stille med 6,5 hjelpepersonell årsverk inklusiv hjelpepersonell til turnuslege. 1.4 Vestnes kommune tilset dagleg leiar for legesenteret. Dagleg leiar skal vere ein medisinsk fagleg ansvarleg person. Stillinga bør vere på 10 %.
2. Økonomisk kompensasjon for drift av legesenteret. 2.1 Legane betaler til kommunen refusjon for drifta av Vestnes legesenter som nemnd i pkt. 1.1. 2.2 Refusjon er knytt til per capita tilskotet. Refusjonen skal ta utgangspunkt i budsjettert refusjon for 2007 som er kr. 2.100.000.- og justerast med komsumprisen. Ny justeringa skal ta til å gjelde frå 01.08.2008. Seinare justeringar skal fylgje konsumprisen. 2.3 Fordelinga av beløpet: 2.3.3 Beløpet vert delt på 5,6 legeårsverk (6,1 0,5) og betalt per årsverk og berekna ut frå stillingsstorleik med vekt 60% og listelengde med vekt 40%. 2.3.4 Refusjon frå ledig legeheimel skal kommunen betale for. 2.3.5 Beløpet skal kvar einskild lege betale til kommunen sin bankkonto innan den 20de. i kvar månad. 2.4 Legane sine brutto inntekter består av utbetalt basistilskot frå kommunen slik det til ein kvar tid er fastsett i sentrale tingingar, etter legen si liste. I tillegg beheld legen eigenandelar frå pasienten og refusjon frå trygdekontoret. 2.5 Ved sjukdom hjå hjelpepersonellet som samanhengane varer over ei veke og der kommunen ikkje er i stand til å skaffe vikar, skal kommunen redusere kravet til legane med kr. 5000.-pr veke pr. stilling 3 Offentleg legearbeid. Vestnes kommune kan påleggje kvar lege inntil 7,5 timar pr. veke i offentleg legearbeid unntatt tid til vegleiing av turnuskandidat. Dette gjev 48,75 timar pr. veke Vestnes kommune har eit minimumsbehov på 32 timar per veke til offentleg legearbeid. Desse kjøper ein av fastlegane i Vestnes. Fordelinga av desse oppgåvene går fram av dei individuelle avtalane. Endring som fører til endra timetal i løpet av ein avtaleperiode kan berre gjerast når begge parter er samde i endringa. I tillegg vert det avsett midlar tilsvarande 100 timar per år som skal nyttast til førebyggande arbeid etter søknad frå ein eller fleire legar til konkrete prosjekt. Samarbeidsutvalet for fastlegeordninga får mynde til å fordele desse timane i samråd med allmennlegeutvalet. Lønna skal vere lik den avtalefesta satsen for førebyggande helsearbeid vedteke av legeforeninga. 4 Vegleiing av turnuslege Ein av legane tek på seg ansvaret med å vere vegleiar for turnuslege i 3 timar per veke. Dette kjem til frådrag frå timar pålagt under pkt. 3 ovanfor. Andre vilkår knytt til arbeidet som vegleiar vert gjort i eigen avtale jfr. Pkt. 11 i ASA 4310.
5 Kommunal legevakt Den einskilde fastlege er pålagt å delta i kommunal legevakt og øyeblikkeleg hjelp på dagtid. Det er dagleg leiar ved legesenteret, jfr. Pkt. 1.4 som har ansvar for organisering av dette. I samband med framtidige revisjonar av rammeavtalen tek ein sikte på å vurdere kompensasjon for å yte øhj, på dagtid for pasientar som ikkje er listepasientar ved legekontoret. 6 Listelengde Kvar lege med fastlegeavtale kan i utgangspunktet ha 300 innbyggjarar per praksisdag på si liste. Etter ønske frå legane gjeld desse listetaka. Jan Fjeldheim, 75 % stilling: 1 000 innbyggjarar Daniel Due-Tønnesen 75 % stilling 800 " Gitte Vinther, 80 % stilling 1 000 " Tor Arne Tande : 100 % stilling 1 150 " Irina Vadset : 80 % stilling 1 000 " Gabriel Azour 100 % stilling 1 000 Magnus Elgsaas 50 % stilling 700 " Ved 1 ledig legeheimel forutset kommunen at dei øvrige legane tek NN sine innbyggjarar inn på sine lister etter forholdsvis fordeling. Dette som ei individuell frivillig ordning. Slik fordeling må meldast til kommunen som igjen syter for rapportering til fordelingskontoret i Ørsta. Dette utløyser utbetaling av NN sitt basistilskot, då det er den faktiske listelengda som regulerer denne utbetalinga. Etter 3 månaders vakanse i stillinga vil det måtte forhandlast med legane for ei løysing på lengre sikt. Ved fleire enn 1 ledig legeheimel kan kommunen søkje om suspensjon frå fastlegeordninga. Kommunen skal ha gjort dei aktive grep som kan forventast med å ansette i ledige heimlar. Dette inneber at legane ikkje lenger har faste lister og får ikkje utbetalt basistilskot, men får utbetalt eit beløp per år etter gjeldande sats i ASA for fullt kurativt årsverk. Det er kommunen som har ansvaret for å informere innbyggjarane i kommunen om endringar som vedkjem fastlegeordninga inkludert endringar i listene.
7. Rekruttering og stabiliseringstiltak 7.1 Kommunen stiller bustad til rådvelde i samband med utlysing av legestillingar. 7.2 Som eit konkret tiltak for å sikre rekruttering skal det kvart år verte avsett 2 % av ein sum lik basistilskotet til bruk for legane til vidare- og etterutdanning. 7.3 Kommunen stiller barnehageplassar til rådvelde når dette er naudsynt for å få tilsetjing i ledige legestillingar og behalde allereie tilsette legar. 7.4 Det vert betalt lønn tilsvarande 2 timar per månad for deltaking i intern undervisning. 7.5 Det vert opna for at den einskilde legen kan inngå individuell avtale med kommunen om fleksibel arbeidstid og drøfting av stillingsstorleik i avtaleperioden. Samarbeidsutvalet får mynde til å inngå avtale om endra stillingsstorleik og fleksibel arbeidstid i avtaleperioden. 7.6 Etter særskild avtale kan det avtalast ordningar ut over det som er omtala i punkta 7.1 7.5 8. Vikarordning. Etter pkt. 14 i ASA 4310 har legen rett til å ta inn vikar ved fråvær i praksis. Dette gjeld i tilfelle nemnd i pkt. 13.2, 13.3, 13.4, 13.5 og 13.6 i ASA 4310. Inntak av vikar skal meldast til kommunen. Kommunen yter ikkje særskilt basistilskot til vikaren. Det økonomiske tilhøvet mellom legen og vikaren er kommunen uvedkomande. Ved kortare og planlagt fråvær i inntil 8 veker skal legen skaffe vikar eller dekke fråværet gjennom kollegial fråversordning. Dette under forutsetning av at alle legeheimlane er fylt opp. Legen beheld basistilskotet. Ved fråvær utover 8 veker pliktar kommunen å skaffe vikar. Basistilskotet tilfell då vikarlegen, men ikkje i fråvær nemnd under pkt. 13.2-13.6 i ASA 4310. Ved ordinær ferieavvikling kan ein ta inn vikarar i inntil 6 veker pr. år. Dette spesielt for å kunne oppretthalde vaktordning. I slike tilfelle er kommunen best tent med at legane praktiserer ordninga med å finne vikar som i dag. Kommunen betaler etter nærmare avtale utgiftene med flytting, reise, bustad og evt. leigebil under opphaldet for legen(e). Vikarlegen får i dette tilfellet ikkje utbetalt basistilskot frå kommunen og slepp å betale leige til kommunen. 9. Generelle områder Legen får eitt eksemplar av lov, forskrift og avtaleverk som regulerer fastlegeordninga. For offentleg legearbeid vert det utarbeidd eigne arbeidsavtalar som følgjer sentrale avtalar om arbeidstid og godtgjersle. Legen sine opningstider går fram av den individuelle avtalen. Kommunen skal kvart år avsette 6 % av eit beløp som tilsvarer basistilskotet til inventar og utstyr i driftsbudsjettet. Investeringar i større utstyr følgjer retningslinene og prioriteringar i investeringsbudsjettet.
Når det gjeld andre generelle vilkår i fastlegeordninga syner ein til framforhandla resultat mellom staten, KS og Den norske Lægeforening i avtalane ASA 4301, ASA 4310 og SFS 2305. Vestnes, dato 30.06.2009 Vestnes Kommune Ordførar Øyvind Uren Vestnes Legesenter For legane Gabrel Azour