Vedtaksprotokoll Masfjorden formannskap Møte nr 1, den 15.01.2013 Side 1 av 11 MASFJORDEN KOMMUNE Vedtaksprotokoll for Formannskapet Den 15.01.2013 kl 14:00 19.15, heldt Formannskapet møte på Matre Einekavane. Følgjande saksnummer vart handsama i møtet: 001/13-006/13 Innkalling til møtet var sendt ut den: 09.01.2013. Møtet er eit fellesmøte mellom formannskapet og styret i Einekavane AS. Desse møtte: Arbeiderpartiet: Høgre: Senterpartiet: Arthur Reidar Sjursen Karstein Totland, ordførar Lene Hansen Kvamsdal FORFALL: FORFALL: FORFALL: Kristeleg Folkeparti: Framstegspartiet: Venstre: Marit Steinestø, varaordførar Egil Kvingedal FORFALL: FORFALL: FORFALL: Frå administrasjonen møtte: Rådmann Svein Helge Hofslundsengen som førte møteboka Aina Isdal Haugland Ugilde Sak Følgjande varamedl. møtte Møteleiar: Utlevert i møtet: Orientering: Sp.mål/interpell.: Synfaring: Diverse: Ordførar Karstein Totland Bjørnar Vik og Hans Henrik Fanebust møtte for å informera om utbygging av Stordalen fjellstove. Informasjon var sendt ut på e-post på førehand Innkallinga vart godkjent. Sakslista vart godkjent.
Vedtaksprotokoll Masfjorden formannskap Møte nr 1, den 15.01.2013 Side 2 av 11 Møtet starta med eit fellesmøte mellom formannskapet og styret i Einekavane AS. EINEKAVANE AS MØTE MED STYRE I EINEKAVANE & FORMANNSKAPET Gjennomgang av vedteken Strategiplan 2013 2016. Med særlig vekt på punkta under. Kva områder ynskjer ein å forsterka i verksemda. Oppgåver i eigarkommunen det er ynskjeleg å bruka verksemda sin kompetanse og resursar for å løysa kommersielle vilkår. Kva som er aktuelt ut frå verksemda sine vedtekter, forretningside og økonomiske føresetnader. Endringar i rammevilkår for verksemda, ny samarbeidsavtale NAV. Utfordringar & mulegheiter; Finansieringsordning og omlegging frå NAV si side (1.7.2012), frå forskott for eit ½ år til etterskot pr. mnd., og reelt trekk om ein ikkje fyller opp VTA plassane. Likviditetsutfordringar og resultatkonsekvens dersom ein ikkje fyller opp VTA plassane Nye oppdrag, m.a. inne med anbod utbyggingsplanar BKK, kantinedrift Leggje opp til bruk av offentlige anskaffelser (FOA) som trådde i kraft 1. januar 2007, 3-12- Reserverte kontraktar og sak politisk handsaming i februar. Sp.mål frå Einekavane, tilbod tilrettelagt for yngre v/sjukeheimen noko oppgåver for Einekavane her? Vert sjekka ut. Budsjett 2013 på 4,6 mill.kr., førebels rekneskap 2012 tilseier eit overskot i storleiken 150 200.000,-. Fellesmøte formannskap og styret i Einekavane avslutta 15.15 Behandling av sakene, ca. 15.15 fram til 16.15 og deretter frå kl. 17 ca. 19.15
Vedtaksprotokoll Masfjorden formannskap Møte nr 1, den 15.01.2013 Side 3 av 11 Kl. 16.15 17 INFORMASJON KRING UTBYGGINGSPLANANE VED STORDALEN FJELLSTOVE Informasjon til formannskapet 15.01.13. Det har siste 4 åra vore jobba med planar for ei utbygging av Fjellstova. Ei arbeidsgruppe beståande av eigaren Hans Henrik Fanebust, Steinar Østerbø og Bjørnar Vik har vurdert fleire alternative løysingar. Øystein Bjørnsen har siste 12 åra leigd fjellstova, og stått for drifta i eigen regi. Etter at Øystein gav seg i mai, vart det frå 01.07.12 etablert eit nytt driftsselskap, Stordalen Oppleving AS. Aksjonærar i dette selskapet er Manger Holding AS, Stordalen Tomteselskap AS, Berg Fritid, og Øystein Bjørnsen. Det er 2,2 faste årsverk i selskapet, i tillegg kjem ekstrahjelper etter behov. Det synes klart at for å få ei vidare utvikling ved fjellstova, så er det nødvendig med ei utviding. Det vil no i første omgang bli satsa på ei utviding av spisesalen, med tilsvarande utviding av underetasjen. Vi vil då i tillegg til større kapasitet i spisesalen få gode lokaler i underetasje for konferanserom, møtelokaler, samt betre plass for pub og danseplass. Vi vil med dette lage grunnlag for ei satsing på bedriftsmarknaden, med tanke på konferansar og møteverksemnd. Lokalitetane vil også bli veleigna til forsamlingar som bryllaup osv. Vidare tenker vi oss på sikt ei utbygging for å etablere fleire overnattingsrom. Ei utbygging vil kreve store investeringar. Det vil no skje ei endring i eigartilhøva, ved at Sætrelaks Eigedom AS og Stordalen Tomteselskap AS går inn på eigarsida saman med Manger Holding AS i eit nytt eigedomsselskap, Stordalen Fjellstove AS. Selskapet skal tilførast 3.000.000.- i ny aksjekapital. Ei satsing vil vere avhengig av at Masfjorden kommune legg til rette for desse tiltaka: 1. Kommunevegen fram til fjellstova må rustast opp i 2013. 2. Vi er heilt avhengig av steinmassar til 3 ting: Utfylling mellom fjellstova og parkeringsplassen for areal tilbygg Utviding av parkeringsplass Opparbeiding av traktorveg til Bukkedalsvatnet. I vegen skal nedgravast ny nødvendig vassleidning til fjellstova. Dagens vassforsyning er for dårleg både med kapasitet og kvalitet. Vi må få løyve til uttak stein i tipp Litlekupa eller tipp ved kraftstasjonen. 3. Kommunen må snarast ferdigbehandle reguleringsplan for Rørdalen, då sal av tomtar her er ein viktig del av finansiering utbygging Vidare ber vi vurdert mogelegheitene for støtte / lån frå kommunalt kraftfond. Stordalen Fjellstove er einaste i sitt slag mellom Sogneforden Bergen Voss, ei snart 65 år gammal fjellstove. Fjellstova har vore og vil bli ein møteplass som gjer Stordalsområdet meir kjent, og som også er med å marknadsføre Masfjorden kommune på ein framifrå måte. Manger Holding AS Sætrelaks Eigedom AS Stordalen Tomteselskap AS
Vedtaksprotokoll Masfjorden formannskap Møte nr 1, den 15.01.2013 Side 4 av 11 Sakliste 001/13 13/24 Godkjenning av møteprotokoll 5 002/13 12/699 Samarbeidsavtale mellom Idrettsrådet i Masfjorden og 6 Masfjorden kommune 003/13 12/784 Interkommunal nemnd for idrettsanlegg 7 004/13 12/435 Kraftspela 2012, evaluering 9 005/13 13/22 Delegerte vedtak 10 006/13 13/23 Skriv og meldingar 11
Vedtaksprotokoll Masfjorden formannskap Møte nr 1, den 15.01.2013 Side 5 av 11 SAK 001/13 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL Møteprotokollen frå formannskapet den 04.12.2012 vert godkjent slik han ligg føre. FS-001/13 VEDTAK: Møteprotokollen frå formannskapet den 04.12.2012 vert godkjent slik han ligg føre. Framlegg til vedtak var samrøystes vedteke.
Vedtaksprotokoll Masfjorden formannskap Møte nr 1, den 15.01.2013 Side 6 av 11 SAK 002/13 SAMARBEIDSAVTALE MELLOM IDRETTSRÅDET I MASFJORDEN OG MASFJORDEN KOMMUNE Kommunestyret godkjenner samarbeidsavtalen mellom idrettsrådet i Masfjorden og Masfjorden kommune slik han ligg føre. Finansiering Har ikkje budsjettkonsekvensar Heimel FS-002/13 TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET: Formannskapet godkjenner samarbeidsavtalen mellom idrettsrådet i Masfjorden og Masfjorden kommune slik han ligg føre. Saka vart drøfta. Framlegg til endring side 5 c i sjølve avtalen: Inn med som sorterer under idrettsråde under søknader om tilskot, som under tilrådingar. Rådmannen si tilråding med endringa gjort i møtet vart samrøystes vedteke.
Vedtaksprotokoll Masfjorden formannskap Møte nr 1, den 15.01.2013 Side 7 av 11 SAK 003/13 INTERKOMMUNAL NEMND FOR IDRETTSANLEGG Det vert sett ned ei interkommunal nemnd med to politisk valde medlemmer frå kvar av kommunane Gulen og Masfjorden. Nemnda får i oppdrag i nært samarbeid med idretten i kommunane å kartlegga trongen for idrettsanlegg i dei to kommunane med utgangspunkt i dei vedtekne kommunale anleggsplanane. Nemnda må vera ferdig med arbeidet sitt innan utgangen av februar 2013. Som representantar frå Masfjorden kommune vert valde: Finansiering Eventuelle kostnader vert å koma attende til i samband med budsjettsalderinga Heimel FS-003/13 VEDTAK : Det vert sett ned ei interkommunal nemnd med to politisk valde medlemmer frå kvar av kommunane Gulen og Masfjorden. Nemnda får i oppdrag i nært samarbeid med idretten i kommunane å kartlegga trongen for idrettsanlegg i dei to kommunane med utgangspunkt i dei vedtekne kommunale anleggsplanane. Viktig oppdrag for nemnda er å få på plass samarbeidsavtalar på idrettsanlegg mellom kommunane som gjev høve til å auka finansiering gjennom tippemidlar. Nemnda må vera ferdig med arbeidet sitt innan utgangen av april 2013 Som representantar frå Masfjorden kommune vert valde: 1. Frode Langhelle 2. Ragnvald Tangedal Vara: 1. Tove Kristin Sleire Tistel 2. Lillian Andvik Saka vart drøfta.
Vedtaksprotokoll Masfjorden formannskap Møte nr 1, den 15.01.2013 Side 8 av 11 A Ordinære anlegg 1. Matre symjebasseng 2. Kunstgras på idrettsbana på Matre 3. Lysløype/turveg på Sleire 4. Turveg Amundsbotn Sandnes barnehage 5. Turveg Haugsvær Matre 6. Kunstdekke på løpebane Nordbygda 7. Vidare utbygging alpinalegg Stordalen, klubbhus 8. Fleirbrukshall Føremålet er å få på plass samarbeidsavtalar mellom kommunane som gjer at ein har høve til å søkje om auka tilskot/tippemidlar. Formannskapsmedlemane kom med framlegg til representantar i interkommunal nemnd. Kjønnsfordeling i arbeidsnemnda vart drøfta. Gulen har vald flg. til nemnda.: 1. Øyvind Bøe 2. Johnny Langvatn Nemnda rapporterer til Kommunestyre 30.4. for Masfjorden sin del. Framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke.
Vedtaksprotokoll Masfjorden formannskap Møte nr 1, den 15.01.2013 Side 9 av 11 SAK 004/13 KRAFTSPELA 2012, EVALUERING Saka vert lagt fram utan framlegg til vedtak. Finansiering Heimel FS-004/13 VEDTAK : 1. Formannskapet ønskjer at kraftspela vert vidareført, og arrangert 16.-18.august 2013 2. Intensjonen med kraftspela vert lagt til grunn, side 4 historisk Ideen bak arrangementet var å få til eit arrangement i Masfjorden som: hadde storleik og trekkplaster som kunne samla masfjordingane og vera attraktivt for publikum utanfor kommunen. marknadsføra Masfjorden som ein god stad å bu, der det også skjedde noko. kunne visa både kulturkrefter i Masfjorden og artistar og kulturkrefter utanfrå- og gjerne eit samspel mellom desse. ha ein marknad der næringslivet i kommunen kunne bli synleg. ha ein aktivitetsprofil basert på naturen, idretts- og friluftslivet i kommunen vår. 3. Økonomisk og ressursmessig risiko reduserast. 4. Rådmann set ned arbeidsgruppe for kraftspela 2013 5. Evaluering av kraftspela 2013 i formannskapet til hausten, med tanke på opplegg 2014 og framover. Saka vart grundig drøfta. Formannskapet kom etter drøfting fram til vedtaket som vart samrøystes vedteke.
Vedtaksprotokoll Masfjorden formannskap Møte nr 1, den 15.01.2013 Side 10 av 11 SAK 005/13 DELEGERTE VEDTAK Delegerte saker vert tekne til orientering slik dei ligg føre. FS-005/13 VEDTAK: Delegerte saker vert tekne til orientering slik dei ligg føre. Delegerte saker vart samrøystes teke til orientering.
Vedtaksprotokoll Masfjorden formannskap Møte nr 1, den 15.01.2013 Side 11 av 11 SAK 006/13 SKRIV OG MELDINGAR Meldingane vert tekne til orientering slik dei ligg føre. FS-006/13 VEDTAK: Meldingane vert tekne til orientering slik dei ligg føre. Det var gjennomgang av alle skriva + tileggsskriv/info om diverse forhold; Skriv 7, Tangerås vedk. tilbakekjøp av tomt Skriv 8, invitasjon til kronprinsen til Bjørn West-marsjen Skriv 9, brumøte 9. jan og div. oppfølging i etterkant av dette møte div. andre info og referatsaker. Til drøfting: Planlegging av aktivitetar i 2013 og strategi og utviklingsarbeid. (jfr. sist formannskapsmøte) ny utsetjing, til neste møte. Skriv og meldingar var samrøystes teke til orientering. Rett utskrift av møteprotokoll frå formannskapsmøte den 15.01.2013 vert vitna: Karstein Totland Ordførar Marit Steinestø Varaordførar